onsdag 28. august 2013

Syria: Ny krig i rekka?

Det ser nå ganske klart ut til at vestmaktene (USA, Storbritannia, Frankrike?) vil gå til eit militært angrep på Syria ein av dei kommande dagane som reaksjon på gassbruken sist veke. Dermed slutter Syria seg til rekka av Irak, Libya og andre konfliktar i området der vestmaktene har gått inn med varierande grad av suksess. Blir dette eit dejà vu? Det kjem an på kva rammer dei har for inngrepet, og i kva grad det er mulig å halde intervensjonen innan dei grensene dei i utgangspunktet har stilt opp.

Bakgrunnen: Gassangrepet
Det virkar nå ganske klart at det var eit reelt og storstilt angrep med bruk av nervegass sist onsdag. Rapportar frå legar støttar videobevisa, og begge parter hevdar at det skjedde, men skuldar på kvar andre. Første punkt er altså å avgjere om det er tilstrekkelig bevist at det var regimet som stod bak.

Argument for: For det første, så er det kjent at regimet i Syria har relativt store lager av nervegass, mens det er ukjent at opprørarane skulle ha det, iallfall i det omfang som det er snakk om her.
       For det andre var angrepa jo retta mot eit opprørsstyrt område. Skulle opprørarane ha stått bak, måtte målet utelukkande ha vore å drepe tusen av sine eigne, av dei mange barn, berre for å sverte regimet. Ikkje minst ville det gi stor risiko for å slå tilbake i opinionen dersom sanninga lakk ut.
       For det tredje, vedgjekk regimet at dei gjorde eit artilleriangrep mot Ghouta onsdag morgon, men berre  med konvensjonelle våpen. Skulle opprørarane ha stått for gassen, måtte dei altså ha frakta inn og utløyst den under fiendens eksisterande angrep.
       For det fjerde, så har opprørane aldri tidligare brukt gass i kamp mot soldatar. Det har jo heller ikkje regimet, men dei har alltid hatt materiell overmakt og ikkje "trengt" gass, mens opprørane berre har relativt små våpen og er blitt trengt tilbake i fleire bitre slag i det siste. Dei skulle da hatt tilgang til eit slikt avgjerande våpen og avstått frå å bruke dei, berre for å spare dei til bruk mot sine eigne sivile?

Argument mot: Det viktigaste er det som vi drøfta sist: Det er fullstendig i strid med regimets interesser å bli gjere eit slikt angrep akkurat der og da. Det måtte nesten med nødvendigheit utløyse det som skjer nå: Vestmaktene blir meir eller mindre motstridande dratt inn militært. For Assad er det i beste fall eit skudd i foten. Opprørarane derimot jublar, for det var akkurat dette dei ønsker: Dette gassangrepet er i deira beste interesse, ikkje i regimets.
      Like viktig er det merke seg at "opprørarane" ikkje er noen felles einheit. Dei er delt i mange og rivaliserande grupper. Da er det mulig at ei gruppe har fått tilgang til gassgranatar, mens andre ikkje har hatt det (og derfor heller ikkje brukt dei ved behov), eller at ei gruppe finn det rimelig å ofre noen sivile som ikkje er "deira", slik ein nå anklagar regimet for å ha gjort. Brutaliteten er det jo ingen grunn til å tvile på på alle sider her.

Summen er likevel slik at så langt vi nå veit, veg nok argumenta for regimets ansvar tyngre, men kanskje ikkje tungt nok til å starte ein krig. I dag melder amerikanske medier at CIA skal ha overvåkingsbevis som overbeviser dei og har fått USA til å endre si line frå å vere forsiktig til pågåande, men CIA har unektelig ein veg å gå før alle er villige til å ta deira ord for pur sanning: Mange vil nok ha tydelige svar både frå FN-observatørane og evt. bekrefta og truverdig overvåkingsinformasjon før ein konkluderar.

Krig, intervensjon eller straff?
Noe militært reknar vi med vil skje. Men kva kan det bli, kva grunngiving kan det ha, og kva slags konsevensar kan det få?

Grunngivinga kan vi ta først, for det vil gjelde uansett type anslag: Det virker heilt klart at dette vil gå utanom FNs sikkerheitsråd, og at det dermed vil vere folkerettsstridig, uansett. Juristar leiter med lys og lykte, t.d. at det er brudd mot konvensjonen om kjemiske våpen, men Syria har ikkje skrive under denne. Det mest naturlige er "responsibility to protect", forsvar av sivile liv, slik som i Libya, men den er heilt klart bunde til vedtak i Sikkerheitsrådet, og umiddelbart sjølforsvar for t.d. NATO-landet Tyrkia virkar også juridisk uhaldbart. Så det blir nok eit anslag i strid med folkeretten, som i Kosovo i 1999: "illegal but legitimate", som Madeline Albright da sa.

Type og mål. Større uklarheit er det om kva slags mål anslaget skal ha. Direkte innmarsj av soldatar er utenkelig, det blir noe frå lufta. Men skal målet vere å "straffe Assad for bruken av gass" sist onsdag, skal det vere å "hindre Assad i å bruke gass seinare", eller som noen nå seier, å "tvinge Assad til forhandlingsbordet" eller i siste instans å få regimet til å falle? Det vil ha enorm forskjell når det gjeld korleis ein kan seie at "målet er oppnådd".
   
Det enklaste, som har minst konsevensar på godt og vondt, er berre å vere politimann og "straffe" Assad for eit brotsverk ein meiner er bevist. Da er målet oppnådd straks bombane har truffe bakken, og intervensjonen er avslutta der og då.

Meir krevande er å "hindre seinare bruk" av gass. Korleis skal ein vite det? Ei avkrevd erklæring frå regimet har ingen verdi, når dei jo hevdar ikkje å brukt det denne gongen heller. Kontrollørar på bakken der borgarkrigen foregår er også lite trulig, så det måtte i så fall vere enten å slå ut kapasiteten til å lagre, styre eller produsere slike våpen - noe som vil vere vanskelig å få til, vi nærmar oss da "irakiske tilstander", eller signal av typen: "ser vi noe slikt igjen, så kjem vi tilbake med meir bomber". Men i så fall med samme type, eller sterkare lut? Her ligg faren for ei eskalering av vestlig innblanding, "slippery slope" og "mission creep", vi må snart lage norske ord for desse vendingane om korleis ein kan bli dratt inn i ein krig utan kanskje egentlig å ville det.
 
Enda verre vil det vere å tru at ein kan bombe Assad til forhandlingsbordet. Tvert om vil det kommande angrepet avskjære slike muligheiter ganske definitivt: Reelle forhandlingar vil kreve Russland (og trulig Iran) med på laget, og Russland vil naturligvis fryse all kontakt med Vesten over Syria-spørsmålet. Utan Russland blir "forhandlingsbordet" det samme som ein kapitulasjon for Assad, regimeskifte, og det er jo alle klare på ikkje kan vere målet: Da må heilt andre militære middel til, og ein er jo ikkje spesielt glad for dei som da vil kunne komme til makta.

Konsekvensar. Det umiddelbare er altså diplomatisk: Heile poenget med å gå utanom Sikkerheitsrådet er å hindre Russland i å påvirke politikken overfor Syria - slik vil iallfall Russland sjå det, og vi vil nok gå inn i ein diplomatisk fryseboks, kanskje så lenge Putin sit ved makta.
   
For vestmaktene og dei som deltar, er det store spørsmålet om dette som ein nå planlegg vil gå over terskelen til å "få eigarskap" til konflikten, altså om vestmaktene vil bli dratt inn for å skaffe fram ei løysing, i det minste utanfrå (som i Libya: flya kunne ikkje dras tilbake før det var klart at opprørane skulle vinne - elles var det jo ingen hensikt med å starte flykrigen). Det er i dag ingen klar utgang eller løysing på krigen i Syria, eit begrensa flyangrep vil ikkje endre det, og dersom bordet begynner å fange for vestmaktene, at dei "har sagt A, så må dei si B", til det er blitt fred og slutt på myrderiar og massakrar, så vil dei måtte vere innblanda i lang tid.

Det ønsker dei heilt klart ikkje, og kjem også til å si det. Men forventningane både hos opprørarane, og hos dei som støttar opposisjonen i utlandet, vil vere der: Er dette nok? Nå har de bomba litt, men så skal de ikkje gjere meir? Barn dør fortsatt? Det er dette politiske presset som kan bli vanskelig å motstå når ein først har trådt over ein terskel og blanda seg inn.

Derfor har det ein del å si kor langt ein går over terskelen. Blir det berre eit cruise-angrep på ein handfull mål, så kan det vere mulig å sette streken der, utan å skli utfor den glatte bakken ned til full deltaking i krigen. Men om det blir meir omfattande, som å slå ut Syrias luftvåpen og luftvern (altså vestlig bruk av jager- og bombefly i større skala), kan det bli verre å stanse glideflukten. Og, Vestmaktene er altså ikkje i stand til løyse denne konflikten militært uansett kor hardt og langt dei går inn, ein fullstendig intervensjon på bakken vil føre til ein langvarig trefrontskrig der både regimet og viktige delar av opprørarne (dei radikale islamistane) vil kjempe mot utlendingane, ein ny Irak-krig med store tap og små håp om suksess trass i stor materiell overmakt.

Sjøl om gassbruk er opplagt eit brotsverk mot menneska, så er det altså grunn til å tenke seg om både tre og fire gonger før ein bestemmer seg for korleis ein best vil reagere på det utan å gjere vondt verre.

fredag 23. august 2013

Syria: Kva?

Det er ikkje uvanlig, i desse tider, at både observatørar og aktørar blir tatt på senga av plutselige omskifte i det som skjer i Midtausten. Men sjeldan har den universelle overraskinga vore så påtagelig som etter onsdagens hending i Syria. Vi får kalle det for eit kollektivt "What the ...?" med spørreteikn over i stort sett alle aviser og observatørar verda over.

Logikken
Det som har skapt denne allmenne forvirringa er ikkje at Assad-regimet skal ha brukt brutal undertrykking mot motstandarar og andre innbyggarar. Heller ikkje at dei kan ha nytta kjemiske våpen, for vi har rimelig truverdige bevis frå tidligare på at slike våpentypar kan ha blitt brukt. Det er omstenda, tidspunktet og staden som virker fullstendig ulogisk.

For: Regimet er altså skulda for å ha brukt kjemiske våpen i mindre sammentreff i vår, samtidig som dei sjøl hevdar at det er opprørarane som har brukt dei. Fleire journalistar, mellom dei frå Le Monde og også britiske, fekk tak i prøver som viser seg å innehalde små element av den dødelige sarin-gassen. Det er komme fleire slike påstandar, men i alle fall er det berre snakk om noen få drepte, og det er mulig det ikkje er rein sarin, men ei eksperimentell blanding av slike gassar med meir ufarlig tåregass.

Ut frå dette lar derfor Syria seg presse til å godta noen FN-observatørar, som har eit så smalt og svakt mandat at dei berre skal sjå det regimet vil vise dei - dei ville altså mest trulig rapportere at dei ikkje har sett noen ting, og at ingenting er bevist. Mistanken vil forbli, men den diplomatiske faren avverga.

Så skulle da regimet, samme dag som observatørane er komme for "bekrefte at ingen gass er brukt", ha satt inn eit massivt gass-angrep med hundrer drepte. Og ikkje langt avstad i ein fjern fjelldal, nei i Damaskus, noen få kilometer frå der observatørane bur. I eit omfang der observatørane faktisk ville kunne finne bevis på bruk av gass, og naturligvis vil forlange å dra dit. Så må regimet nekte dei det, og alle vil ta det som bevis på at det var regimets gass. Går det an å gjere meir skade på seg sjøl, utan direkte å gassangripe det hotellet FN-folka bur i?

Er regimet så desperat at dei ikkje bryr seg, men slår vilt i alle kantar? Men regimet er slett ikkje desperat, tvert imot har det vunne klare (om enn små) seire, og føler seg klart i støtet. Om det er noen som har problem, så er det opprørarane som ikkje berre har mista noen områder, men også har meir og meir komme i indre klammeri, ikkje berre er islamistar og sekulære, og islamister seg i mellom vore i kampar med kvarandre, men nå sist har det vore relativt alvorlige konfliktar mellom kurdarar og islamistar. Alt dette er strålande nytt for regimet. Og så saboterer dei det heile ved å nær sagt invitere USA og vesten til å blande seg inn, ved sin gass-bruk. Akkurat nå på det verst tenkelige tidspunktet.

Bevisa
Slik vil rein logikk tilsi at dette må vere ubekrefta påstand, falskneri, eller oppspinn frå opprørane som jo nettopp "treng" eit slikt bevis på det dei lenge har påstatt. Umiddelbar skepsis. Men så var det berre det med bevisa. Rett nok har ingen journalistar eller andre vore på staden og rapportert uhilda, alle videoar og vitnesbyrd kjem frå opprørssida. Men det er så mange av dei, og dei virker både talande og overbevisande. Det er ikkje som før berre ein enkelt påstand eller eit uklart foto, men over hundre uavhengige videoar som gir eit samstemt bilde, og ei svært stor samling vitnesbyrd frå augevitne (om enn altså formidla av opprørsvennlige kjelder).

Ikkje alle desse viser like klart bruken av gass; men det er klart at det onsdag var eit stort rakettangrep mot Ghouta, området aust for Damaskus sentrum som opprørarane har halde lenge, regimet har også vedgått at det var eit rakettangrep. Fagfolk som har analysert videoane seier også at indikasjonane frå mange av dei fotograferte offera viser klart at dei er døde av gass, ting som blåfarge, fråde, osv. og at dei ikkje ser ut til å ha annan (skudd-)skade. Derimot er det fleire som meiner at dette ikkje har vore sarin eller VX, dei to gasstypane Syria er mest kjent for å ha, fordi denne gassen spreier seg også etter at offera er døde, slik at også hjelparane og sjukepleiarar ville vist symptom, noe som tydelig ikkje er tilfelle. Det kan altså vere ein annan gass, noe nyutvikla. Noen nemner også teoretisk at det kan ha vore tåregass som kan vere dødelig dersom det blir t.d. skutt inn i eit avstengt bomberom eller liknande fullt med folk (jf. dei tretti som vart drept av tåregass i ein fangebil i Egypt nylig). Men omfanget seier mest trulig ein annan type rakett-spreidd gass, like dødelig som sarin.

Korleis kan vi kople dette? Når bevisa så overbevisande seier ja, så bør vi godta det (heilt til det motsatte evt. er bevist), sjøl om logikken seier nei ("humla flyg, sjøl om det er logisk umulig"). Så, ut frå det, kva kan logikken vere?

Eit typisk konspiratorisk svar er at det er opprørarane sjøl som regissert dette: Falske døde, falske kulissar. Ingen uavhengige har vore der. Litt som at Neil Armstrong aldri var på Månen. Men her er det ikkje berre éin regi, det er altså hundre videoar, og hundrevis av menneske på dei, heilt tydelig ramma av eit rakettangrep. Lite trulig med noe falskneri.
        Neste, vanlig teori: Det var opprørarane som sjøl skaut rakettane. Men, reint bortsett frå at dei dermed skulle ha drept hundre, kanskje hundrevis av sine eigne - ubegrensa kynisme - så er det ingenting som tyder på at opprørane har kjemiske våpen i eit slikt omfang. Hadde dei hatt det, ville dei vel ha brukt dei mot regimets soldatar, spesielt der dei nå blir drive på defensiven.
       Noen aviser spekulerer på om dette er videoar frå eit tidligare regime-angrep, så altså at regimet står bak, men ikkje akkurat nå. Men også det virker svært pussig, at dersom opprørane sat på tydelige bevis for eit stort kjemisk angrep, så skulle dei legge dette på is og halde det skjult heilt til nå, berre for å kople det til "feil" angrep. Det høres både urimelig og like ulogisk ut. Dessutan ville det uansett vere bevis for at regimet brukar kjemiske våpen.

Det mest tilrådelige er å vente med å prøve å løyse denne logiske knuten. Kanskje får vi vite meir. Men om vi skulle tippe og spekulere heilt fritt, kunne det kanskje gå noe i retning med uklare kommandoliner eller indre usemje mellom ulike nivå eller tilmed ulike retningar innan regimet. Dei som har ansvaret for angrepet har enten ikkje hatt oversikt over "regimets logikk" eller ikkje brydd seg, eller - og nå går vi også litt for langt i frie spekulasjonar - kan ha prøvd å provosere fram ei bestemt, meir aggessiv line i kampen der alle våpen ein har skal vere tillatt. Men slike ting veit vi ingen ting om, så det får vi berre skrive oss bak øret til eller om vi får vite meir kva som kan ligge bak.

torsdag 15. august 2013

Egypt: mot grøfta eller tilbake på vegen?

Så kom da den venta stormen. Tapstala aukar, og nyheitene framover vil vise om protestane veks utover landet eller om det nye styret vinn fram med å halde dei nede. Opp i dette, vil det bli stilt mange spørsmål rundt to aksar: Korleis kom vi hit, og kva kan skje framover?

Revolusjon i ny fase eller kontra-revolusjon?
Det er to store "fortellingar" om det som skjer. Det eine er at vi har nå fått tilbake Mubarak-regimet med eit nytt ansikt, dei militære har tatt tilbake makta dei har hatt siden 1952. Avgjerda om å slå til var tatt av dei militære åleine og den mest tydelige sivile leiaren, visepresident ElBaradei, gjekk altså av i protest. Retorikken mot Brorskapet som "terroristar" liknar på den under Mubarak og peiker fram mot eit forsøk på å forby eller undertrykke rørsla, som under det gamle styret. Dei forhatte unntakslovene er tilbake, og mange av fullmaktene som Mubarak-styret brukte til å halde opposisjon nede. Ennå klarare er utnemninga av nye guvernørar i Egypts mange provinsar i forgårs. Alle islamistane vart naturligvis fjerna, men i staden kom det berre militære, mange generalar, og fleire som hadde hatt liknande postar under Mubarak. Dei sivile som overgangsstyret skulle fremme, fekk ingen plass.

Den andre fortellinga er at dette korkje er kupp eller kontrarevolusjon, men tvert om ei sikring av revolusjonen frå 2011. Brorskapet hadde kuppa revolusjonen og kjørt den i grøfta, Mursi var blitt ein diktator kanskje verre enn Mubarak - det var fleire rettssakar for "fornærming av presidenten" i Mursis eine år enn i heile Mubarak-perioden. Brorskapet var i ferd med å ta over staten. Mubarak-Mursi samme sak; ein folkelig protest med millionar i gatene hadde tvunge Mubarak ut, ein like stor folkelig protest med millionar i ryggen hadde fått Mursi ut. Dei militære hadde i begge tilfelle berre utført folkets krav. Nå kan revolusjonen fortsette slik den var i gang i 2011.


Brorskaps-styret: vanstyre eller diktatur?
Kven av desse har rett? Dels vil det vise seg ut frå kva dei militære nå gjer på sikt framover. Men det er også eit spørsmål om korleis ein vurderer Mursis år ved makta. Det er brei semje om at det var mislykka, og "vanstyre" vil dei fleste utanom Brorskapet sjøl kalle det for. Men kor langt kan ein trekke det? Det vil sikkert både historikarar og statsvitarar skrive mange bøker om framover, men vi kan prøve å trekke fram noen moment til ei meir kjølig vurdering.

Økonomi
Det viktigaste ankepunktet mellom folk flest var økonomisk krise og nedgang. På dette feltet kan ein nok si at alle regjeringar ville ha skuffa: Folks forventningar var urealistiske, sidan mange meinte det var Mubarak-klikkens personlige korrupsjon som var problemet. Men Egypts økonomiske problem gjekk openbart mye djupare og ville kreve langvarige reformar og ei sakte gjenoppbygging over mange år.
       Når det er sagt, så meiner vel likevel dei fleste observatørar at Mursi ikkje gjorde mye for å ta tak i problema. Det einaste konkrete resultatet var ei opprydding hos bakarane for å heve kornkvaliteten hos egyptaranes livsviktige og subsidierte aysh-brød. Men elles svikta dei, mange meiner dei hadde interessa vendt i andre retningar. Om det er rett er det klart alvorlig, sidan dette openbart var Egypts mest akutte problem og ein hovudårsak til revolusjonen.

Den "djupe staten" og rettsvesenet
Mursi-tilhengarar meiner derimot at problemet var sabotasje frå gamle Mubarak-folk, som skal ha halde tilbake livsviktige varer enten for å skape problem for Mursi eller for å tvinge prisane opp (noe det ofte var mistanke om i Mubarak-tida). Berre sjå: før kuppet var det umulig å få kjøpt bensin, noe som var med å utløyse protestbølga - dagen etter så rann plutselig alle bensinpumpar over.
      Ikkje alle kjøper denne konspirasjonstanken, men det er klart at Brorskapsstyret hadde problem med å få gjennomført sin politikk, sidan ikkje minst statsapparatet som skulle tene dei var fylt med folk frå det gamle styret som såg islamistane som fiendar og i beste fall ville gjere alt "som i gamle dagar", og ofte prøvde å legge kjelker i vegen for dei. Det er dette Brorskapet kalte den "djupe staten". At den finnes er nok rett, kor viktig ein slik motvilje faktisk var er noe som ein må studere konkret for å svare godt på.

Konflikten mellom statsapparatet og det nye styret var openbar i rettsvesenet. Mest øydeleggande for Egypt var det at politiet forsvann frå gatene, lovløyse og sosialt kaos begynte å spre seg i landet. Kairo var alltid ein trygg by for ein metropol som husar mange millionar fattige. I det siste året har byen blitt ganske utrygg, og mye av grunnen ligg nok i at politiet nær sagt gjekk i hi. Igjen, straks etter kuppet var dei vanlige kvit- og svartkledde politifolka i gatene som om ingenting hadde skjedd. "Sabotasje!" roper Mursi-tilhengarane. Tja, det er klart at politiet har større sympati med det nåverande styret enn det avsatte. Men det var ikkje då Mursi kom til makta at dei gjorde seg usynlige, det skjedde alt straks etter revolusjonen året før, da det ikkje var noen å sabotere. Grunnen var nok like mye at politiet da hadde skjemt seg så mye ut som brutale bøller at dei rett og slett ikkje turde eller ville fylle sine vanlige oppgåver i den politisk usikre situasjonen som rådde.

Grunnlovsdomstolen, om dei ikkje akkurat ville "beskytte Mubarak-styret" som Mursi-folka hevda, tok ei tydelig politisk rolle i å ville begrense Mursis makt. Ikkje minst nekta dei konsekvent å godkjenne nye vallover som kunne få den politiske utviklinga tilbake på sporet gjennom eit ordinært parlamentsval - enten det nå var i frykt for at Brorskapet også skulle vinne desse vala (lite trulig så upoplære dei etterkvart vart) eller av andre grunnar. Rettsvesenet framstilte seg som heva over politikken, men var i realiteten ein viktig politisk aktør.

Politisk samarbeidsevne
Slik hadde altså Mursi ein "sticky wicket", reelle problem. Men hans forsøk på å løyse dei viste seg å vere skjebnesvangre og gjorde problema langt verre. Det viktigaste gjekk på forholdet mellom Brorskapet og dei andre politiske kreftene i landet.

Det starta bra: Ein samla front på Tahrir, dei "liberale" (la oss bruke det namnet på dei som ikkje reknas til islamismen) støtta kravet om at Brorskapet måtte bli tillatt, og Brorskapet lovde å ikkje bruke sitt "forsprang" (at dei hadde ein landsomfattande og sterk organisasjon, ulikt alle liberale) til å prøve å monopolisere makta: Dei ville ikkje stille i meir enn ein tredel eller halvdelen av kretsane til parlamentet, dei ville ikkje stille eigen presidentkandidat. Da låg det an til eit samarbeid mellom dei moderate islamistane i Brorskapet og  iallfall delar av dei liberale, slik som i Tunisia, mens institusjonane vart bygd opp.
       Men så begynte det å skjere seg. Først stilte Brorskapet opp i fleire valkretsar enn dei hadde lovd. Men verre var det at det ikkje vart noen balanse mellom Brorskapet og dei liberale, det var salafistane som raska til seg dei fleste andre setene, mens dei liberale berre klarte å vinne ein handfull. Det forrykka balansen og gjorde dei liberale meir skeptiske til å bli overkjørt av Brorskapet. Så til presidentvalet såg det brått ut som om salafisten Hazem Abu Ismail vart ein favoritt, ein "verre" islamist enn Brorskapet. Om det var grunnen til at Brorskapet stilte eller ei, så var frykta for å bli utflanka av salafistane trulig eit motiv for at dei kasta over bord løftene om å legge begrensingar på seg sjøl.

Dette var den store strategiske feilen Brorskapet gjorde: I staden for å sjå at ei stabil framtid berre kunne skapas i ein balanse mellom islamistar og ikkje-religiøse, såg dei meir og meir mot salafistane, og kom til å bygge på det som vart ein reint islamistisk allianse mellom seg og salafistane. Dette skauv dei liberale lenger unna, og også dei gjorde taktiske feil ved å avvise dei invittane til samarbeid som kom. Men Brorskapet, som valvinnar, må ta det tyngste ansvaret.

Det er ofte sagt, og sikkert med rette, at mye her kom av Brorskapets indre struktur og historie. Som undergrunnsrørsle hadde leiarane vore nesten manisk besatt på indre disiplin, hierarki og å beskytte rørsla, og dei endra seg ikkje da dei kom ut i det opne rom. Dermed vart dei sjølopptatte, og med makt betydde det at dei var overlag sjølgode. Dei liberale tok til å angripe Mursi for berre å styre for Brorskapet og ikkje Egypt, berre sette inn sine folk og aldri andre, og å prøve å infiltrere staten og gjere Egypt til eit "brorskapsland". Igjen må empiriske studiar vise kor mye hald det er i dette; to valsigrar gav openbart Brorskapet mandat til å fremme sin politikk, og motstanden i staten kan også ha gitt reelle problem som rivalane ikkje vil vedgå. Men Brorskapet erkjente openbart ikkje at Egypt var i ein oppbyggings- og overgangsfase, og at det var sentralt å trekke alle politiske krefter med, også dei i mindretall. Alliansen med salafistane, som gav dei eit stort styringsfleirtal, men også trakk dei politisk bort frå sentrum i moralske og religiøse spørsmål, vart skjebnesvangert.

Vi veit ikkje nok til å kalle Mursi for diktator, det som er kjent offentlig gir ikkje grunnlag for ein så sterk karakteristikk (og dermed rettferdiggjere kuppet). Det store "beviset", at Mursi i november 2012 erklærte at hans vedtak ikkje kunne omstøtas av Grunnlovsdomstolen, var berre satt til å gjelde i to veker fram til folkerøystinga om grunnlova og den trådte i kraft, og tydelig gjort i frykt av at domstolen skulle underkjenne folkerøystinga og slik stanse grunnlova. Det gjorde han ikkje til diktator. Men det var ein enorm taktisk blunder som han lir under fortsatt i dag, det skapte inntrykket av "den eineveldige Mursi".
      Sjølve grunnlovsprosessen var også mangelfull, ei grunnlov må ha breiare basis enn vanlige lover, og folkerøystinga var nærast ein parodi, utkastet vart kjent berre to veker før røystinga og dei fleste hadde ikkje sjanse til å lese, langt mindre diskutere, det dei røysta over. I staden vart det, mest frå salafistar men også Brorskapet, argumentert om dette var "for eller mot Islam" eller shari'a, noe som hadde lite med realitetane å gjere. Grunnlova kan slik knapt seias å ha legitimitet.

Islamisering og minoritetane
Også i mange praktisk-politiske tiltak var Brorskapet alt for villig til å fremme sin eigen agenda på ein måte som skapte frykt. Noe var meir symbolsk og kanskje uviktig, som å lovfeste at butikkar måtte stenge kl 22 - ikkje så dramatisk, men grunngivinga at "folk måtte vere oppvakte til morgonbønna ved soloppgang" fekk egyptarane mest til å le. Det var nok ikkje noen gjennomgåande "islamisering", men for dei liberale peikte dette i feil retning.

Meir dramatisk var kanskje forholdet til dei religiøse minoritetane. I sine program og teori, stod Brorskapet på eit skille mellom nasjonale rettar og religion, og å forsvare den kristne minoriteten, mens salafistane hyste mye meir anti-kristne haldningar. Særlig i dei siste månadane fall også mange i Brorskapet ned i den retninga, og etter kuppet blir den kristne minoriteten, heilt utan skuld, tatt for å vere støttespillarar for kuppmakarne og har fått gjennomgå både retorisk frå Brorskapets leiarar og talsmenn, og ved angrep på kyrkjer. Den samme stigande intoleransen rettar seg mot islamske minoritetar, spesielt shiaene (som er ein dråpe i havet i Egypt, noen få tusen). Også her er det salafistane som set retninga, men Brorskapet har følgt på, og det har også meir ordinære sunniske autoritetar som al-Azhar. Sammen med ein stigande tendens til å identifsere seg sjøl med "islam" og politiske motstandarar i innland og utland som "vantru", har Brorskapet heilt tydelig bevega seg i illiberal retning og mot å ligne meir og meir på skremmebildet av seg sjøl.

Vegen framover
Korleis det går framover, får vi komme tilbake til etter kvart som utviklinga skjer. Men om vi kort kan stille opp noen mulige politiske konstellasjonar, kan det tenke oss noen slike scenarier:

Nytt militærstyre. Hærsjef Sisi etablerer seg som Egypts reelle herskar: Brorskapet blir slått ned, unntakstilstanden blir forlenga, og Sisi stiller som president og blir valgt som ein ny "sterk mann". Dei sivile liberale får valget mellom å delta i hans team eller å bli irrelevante. Dei liberale deler seg. Dette ser ut som den mest trulige framtida akkurat nå. Men dess meir Sisi begynner å ligne på ein "ny Mubarak", dess meir kan ein liknande motstand reise seg mot han, om han ikkje klarer løyse Egypts mange problem.

Demokratisk utvikling utan Brorskapet. Brorskapet blir slått ned og forbudt som "terroristar", men Sisi held seg i bakgrunnen. Ein sivil president og regjering blir utnemnt. Ønskesituasjonen for dei liberale, men trua på at "egyptarane seier nå nei til ein religiøs politikk" kan få ein kalddusj dersom islamske parti, salafistar eller "liberal-islamistar" igjen får stor velgaroppslutning, noe som er realistisk. Og eit val utan den fortsatt største politiske rørsla i landet kan mangle legitimitet.

Demokratisk utvikling med Brorskapet. Når freden har senka seg, kanskje om noen år, blir Brorskapet, svekka av utviklinga nå framover, tillatt å stille opp (og seier seg villig til det). Dermed er alle politiske krefter på plass - men vil vi da vere tilbake der vi var i 2012, slik at islamistar av ulik avskygging igjen er det som får folkelig fleirtal? Vil salafistane ha styrka seg mens Brorskapet ligg nede? Vil dei da ha blitt radikalisert, eller moderert?

Alle desse scenariene forutsetter at den nåverande uroa kan overvinnas, og ein eller annan form for politisk prosess kjem i gang igjen. Dit kan det bli eit godt stykke, og utviklinga av konflikten vil heilt sikkert påvirke kva slags muligheiter ein vil ha etterpå, så historia kan endre kurs før vi kjem dit.