Spørsmålsstillinga er altså: Har konfliktane vi ser i muslimske land i dag ein sammenheng med islam, kan religionen vere ein årsak til desse konfliktane?
Sammenhengar og årsaker
Sett med ein historikars auge så er naturligvis dette to ulike spørsmål. Ein sammenheng mellom to fenomen (religiøse idear / konflikt) betyr at det er eit samband av noko slag, utan at ein seier noe om retninga: det første kan ha ført til det andre, eller det andre til det første, eller begge kan vere resultat av ein tredje faktor. Ein årsak betyr at påvirkinga går ein veg: Årsaken fører til effekten, ikkje omvendt.
At det er sammenheng med islamsk retorikk av ein særlig type (jihadisme) er openbart, det ligg jo i at dei som fører jihad meiner dette er ei religiøs handling. Sjøl om det store fleirtalet av muslimar avviser den tolkinga, er det religiøst for dei som utfører handlinga. Spørsmålet er om dette er ein årsak, slik at religionen islam i seg sjøl er ein faktor for å føre til konflikt og uro.
Skal ein drive med slik overgripande historiske forklaringar, er det viktig kva ein vel å sammenligne med. Når ein sammenligner Norge/Europa med Midtausten, er det jo svært mange forskjellar, mellom dei da altså at vi har fredelig, stabilt demokrati, og vi er stort sett ikkje muslimar. I Midtausten er det for tida lite fred og demokrati, og muslimar er i fleirtal. Men utover er det jo også så mange andre forskjellar mellom Europa og Midtausten, kva gjeld økonomisk utvikling, sosial ulikheit, historie, og så vidare, som også kan spille inn, det er vanskelig analytisk å skille ut religionen åleine frå alle desse andre forskjellane.
Det hadde vore mye bedre å kunne sammenligne i eit "historisk laboratorium", der dei øvrige faktorane var stort sett like, og berre religionen skilte - da kunne vi sjå om det var noen samvariasjon. Og vi har jo slike laboratorium. Det beste er trulig kontinentet Afrika, særlig delen sør for Sahara som har ei ganske lik historie med sjølstende for rundt femti år sidan og med relativt lik sosial og økonomisk struktur mellom landa, men som deler seg tydelig i ein del befolka av muslimar (vest, nordaust og kysten i aust) og ein av kristne (sør og sentral-Afrika, kysten i vest). Ser vi da noen systematiske forskjellar kva gjeld krig, konflikt og demokrati, som går berre langs denne religionslina, uavhengig av andre faktorar?
I land med blanda religion har vi hatt slike konfliktar begrunna i religion: Sudan, Nigeria, RCA (men ikkje i Ghana, Kenya, Etiopia). Men vi også det opne såret Kongo, tjue års borgarkrig i Mosambik, Rwanda, og tilsvarande konfliktar ut frå manglande nasjonal samkjensle utan ein einaste muslim. Vi har stabilt politisk regime i muslimske Senegal, og vi har det i kristne land. Stordelen av landa har gått gjennom periodar med sivilt styre, vekslande med militærkupp, men det er umulig å sjå at det samvarierer med religion. Med andre ord: Det er altså ikkje noen systematisk sammenheng mellom kva religion landet har og politisk stabilitet og utvikling, ein sammenheng i noen tilfelle, men ikkje ein årsak.
Asia har større sosial og økonomisk variasjon, så det er ikkje like lett å konkludere der, men bildet ser ut til å vere det samme: Indonesia, verdas største muslimske land, er nå eit fredelig demokrati (før under eit sekulært diktatur), Vietnam og Kambosja er ikkje-muslimske, og har vore rive av krig. Pakistan har sterke konfliktar knytta til religion, mens India - verdas fjerde største muslimske land, det er fleire muslimar i India enn i noe arabisk land - har det i liten grad, og iallfall ikkje drive av muslimane i landet. Så igjen, religion kan ikkje i seg vere årsaken til at noen land har konfliktar og andre ikkje. Men, naturligvis kan tolkinga av religionen drive konfliktar (det leier da til spørsmålet: kvifor har akkurat desse valt akkurat den tolkinga? Men det er eit anna og meir spissa spørsmål).
Nasjonalkjensle og religiøs tekst
Tjønn, for å komme tilbake til hans kommentar, peiker på to faktorar som kan begrunne den sammenhengen han meiner å sjå. Det eine er manglande nasjonsdanning, fordi muslimar har sterkare tilknytting til det muslimske fellesskapet, ummaen enn til nasjonen. Det andre er at islam, ulikt kristendom, legitimerer valdsbruk i si heilage tekst, og særlig da dei såkalla "sverdversa" (K9:5).
Kva gjeld manglande nasjonsdanning, så virkar det openbart i Syria, Irak og Libya. Men det er interessant, for ein generasjon sidan var det mange som såg nasjonalismen som den drivande krafta for konfliktar i verda, altså det motsatte. (I P2 i dag nemnde Tjønn Ukraina som døme - men i Russland er det jo nettopp russisk nasjonalisme som driv konflikten). Uansett, her blir også bildet annleis om ein ser på laboratoriet Afrika, for heile Afrika vart jo til ved "strekar kolonimaktene tegna opp på kartet". Likevel ser vi faktisk aukande nasjonal identitet i dei fleste afrikanske land, ghanesarar og nigerianarar er meir og meir bevisste på at dei er akkurat det.
Vi ser eigentlig det samme også i Midtausten, det eg iallfall vil kalle "patriotisme" for sitt land. Lettast er det kanskje sjå i Libanon, som vart kunstig delt frå Syria i 1920. Syrisk (altså pan-syrisk) nasjonalisme var lenge ein faktor i libanesisk politikk, ein patriotisme for Syria og avvising av libanesisk separatisme. Det er nå nesten heilt borte, kanskje frå rundt borgarkrigen i 1975, og dei syriske soldatane som okkuperte Libanon etter krigen vart heilt klart sett på som fremmende av stort sett alle libanesarar (sjøl om noen parti støtta seg politisk på storebror i Damaskus). Ein libanesisk nasjon er oppstått.
Eit vel så godt døme er islamistiske Hamas: Heilt fram til 1987 fokuserte det palestinske Muslimske brorskapet nettopp på ummaen, og avviste både militans og kampen for palestinsk sjølstende: Deira mål var å reise alle muslimar til rett religiøs praksis, ikkje kjempe mot Israel spesielt. Men under intifadaen i 1987 måtte dei, under press frå "gata", skifte linje, oppretta Hamas og endra seg til ei palestinsk nasjonalistisk rørsle i islamistisk drakt, mens ummaen vart satt på vent. Militans vart altså knytta til vendinga bort frå ummaen som ramme over til den palestinske nasjonen. Syrarar idag, uansett kven dei krigar mot og for, trur nok ikkje noe på at dei er det samme som irakarar - dei er inntrengarar. Egypt flommar i dag over av nasjonalisme og avvising av palestinarar, syrarar og andre flyktingar, for ikkje å snakke om dei vulgære "arabarane" frå Gulfen. Den globale ummaen er i beste fall eit fjernt ideal ("vi er alle i samme båt"), ikkje noe politisk prosjekt for den jamne muslim.
Når det gjeld Koranen, så er det ein velkjent debatt, der vi plar kalle denne tenkinga for "essensialisme", i dette tilfellet tanken om at ein tekst eller eit historisk føredømme må føre til at dei som reknar seg til religionen oppfører seg slik og slik. Dei fleste som studerer religion i historisk sammenheng vil nok sjå at det er tolkingane, ikkje teksten som er det viktige. Jihadistane seier "les Koranens ord!" Men det kan også dei som tolkar motsatt gjere, "les det og det verset som seier det motsette". Det blir opp til dei truande, enten kva vers dei sjøl meiner dei vil følge - eller kanskje viktigare - kva autoritet er det dei vil følge, altså kven meiner dei representerer den "riktige" islam (for dei). Og valget av autoritetar er openbart eit resultat av historiske og samfunnsmessige sammenhengar, som vi må studere og vurdere. Å lese Koranen med sine eigne briller og tru ein dermed har funne årsaken til kvifor politiske hendingar oppstår i samtid og framtid, ligg vel litt fjernt frå det vi kan kalle historisk metode.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar