fredag 9. januar 2015

Ytringar og religion

Åtaket på Charlie Hebdo onsdag kom som eit sjokk. Fire av Frankrikes mest kjente teiknarar er borte, namn som alle franskmenn var fortrulige med og enten var forarga over eller lo av, eller begge delar. Her heime har det også brakt fram att debatten om "karikaturane", ni år etterpå. Mange tar opp att tråden frå sist, med krav om unnskyldning for det som vart sagt sist, og gallupar over "bør norske aviser trykke karikaturane".

Men det er altså gått ni år, og konteksten rundt er i utgangspunktet annleis. Den gongen, midt i Bush sin krig i Irak, var det stor oppøsing i muslimske land mot karikaturane som eit "angrep på islam og muslimar", både hos meinigmann og mellom styresmakter som enten var unnfallande eller støtta protestane. I dag er det berre jihadistar av klaraste merke som støtter angrepet på Charlie Hebdo. Både islamistar og styresmakter fordømmer, ja tilmed Iran har offisielt fordømt angrepet. Konteksten i dag er IS, al-Qa'ida og deira kamp for ein jihad-stat, og her er skillelinene ganske annleis enn den gongen då det var Bush mot "muslimane" som var forklaringsmodellen for mange i regionen. Dette kan jo endre seg, om heile saka om "krenking av Profeten" igjen blir til eit hovudfokus, men så lenge fokuset er på at det her er snakk om ein terroraksjon mot journalistar, så vil sjølve "karikatur-spørsmålet" kunne bli ei sak som dominerer meir i media i Vesten enn mellom muslimane.

Det vil jo vise seg, og vi vil også etter kvart kanskje få vite om dette var ein aksjon dei to mistenkte brødrene i Paris hadde klekka ut på eiga hand, eller om det var meir organisert frå al-Qa'ida sentralt eller andre. Det vi veit i dag (fredag) kan peike i begge retningar. Det avgjer også om dette er del av ein trend (av mange små spontane aksjonar, som vi har sett nå dei siste månadene), eller om del av ein plan for eit større formål. Begge delar er urovekkande, men altså på ulikt vis. Innanfor det jihadistiske er kanskje meldingane frå Nigeria i det siste vel så urovekkande, at den vel så bisarre gruppa Boko Haram faktisk ser ut til å ha etablert seg som ein varig maktfaktor.

Ikkje Muhammad
Men til vi veit meir om det, kan vi jo gå litt inn i reprisesendingane på debatten frå 2006. NRK spurte i dag folket om "norske aviser bør trykke karikaturane". Spørsmålet er kanskje uklart, for det kan lesas på to vis: "bør aviser kunne trykke dei", og "bør aviser faktisk trykke dei". Svaret på det første må jo vere ja, for det går på ytringsfriheit - ingen (statsmakt) skal hindre aviser frå å trykke frimodige ytringar. Svaret på det andre må det derimot vere opp til redaktørane sjøl å vurdere, det kan bli ja eller nei ut frå dei kriterier som redaktøren stiller opp: kvalitet, nyheitsverdi, o.s.v. Akkurat i dag tenker ein gjerne på det som ei markering av solidaritet, "vi er alle Charlie" - men til vanlig er jo dei fleste aviser slett ikkje satireorgan "bête et méchant", som dei seier på fransk. Det går dermed under "nyheitsverdi" og symbolikk, markert ved at dei fleste som nå gjer det gjengir ein del forsider frå Charlie, utan omsetting av tekstane (som jo er på fransk, eit språk få lesarar beherskar godt). Bergens Tidende toppa det i dag ved å legge inn den siste forsida med satire over den høgreorienterte islamkritikaren Michel Houellebecq, med teksta at det "har utløst voldsom harme" mellom muslimar. Det trur eg knapt. (Her får eg da sjøl forklare teikninga: Houellebecq har akkurat gitt ut ei dyster bok om korleis muslimane vil ta over Frankrike, og at i 2022 får eit islamsk parti presidentvervet. Charlies kommentar: "Spåmannen Houllebecqs forutsigelsar: -I 2015 mister eg tennene mine. I 2022 kjem eg til å gjere Ramadan-faste."

Rettar og grenser
Men utanom denne spesielle situasjonen, er altså debatten om ytringsfriheita har grenser. Nei, seier mange - gjerne med stor patos; ja, seier andre. Dette kan diskuteras på mange plan, men om vi skal prøve å formulere, kan vi seie at det vi kallar menneskerettane (derimellom ytring) er absolutte i den forstand at dei ikkje bygger på andre prinsipp, dei er rettar i kraft av seg sjøl. Vi er ikkje for ytringsfriheit på grunn av ein kontekst (eit mål for noe anna), men fordi friheita i seg sjøl er grunnlaget for eit godt samfunn.  Men alle rettar har avgrensingar, fordi dei ulike menneskerettane kan komme i konflikt med kvarandre. Retten til liv er kanskje den ytterste menneskeretten, og dersom ytringsfriheita kan sette retten til andres liv i fare, kan vi godta å begrense ytringsfriheita (f.eks. sensur i krigstid). Ja, retten til liv er sjøl heller ikkje uavgrensa: Vi har og godtar verneplikt, der staten kan forlange at menn og kvinner risikerer og mister livet i krig, fordi soldatens rett til liv blir underordna andre rettar, som samfunnets rett til friheit og sjølstende, og forsåvidt alle andre behov vi har lagt til dei styresmaktene som (legitimt) har rett til å sende soldatar i krig. Også "lågare" rettar, som retten til skjerma privatliv, eller retten til verdigheit [mot injuriar], kan vi godta å overstyre den totale ytringsfriheita.

Spørsmålet her er dermed om religionsfriheit og ytringsfriheit er to rettar som kan komme i konflikt. Det kan dei openbart, som alle andre. Eit springande punkt her er kva "religionsfriheit" betyr. Sett bort frå kva som definerer ein "religion" (og kven som skal gjere det), er det spørsmål om retten også omfattar å praktisere religionen, og om kva slags begrensingar samfunnet kan legge på religionsutøving samfunnet meiner er uakseptabel (kyrkjeklokker, niqab, enkebrenning). For noen betyr det "friheit frå religion", altså sekularisme, som for dei fleste er det motsette av retten til å praktisere religion (utan å måtte skjule det). Andre, og dette er altså det springande punktet her, meiner det også betyr beskyttelse av religionane, da også frå hån Umiddelbart er det ingen sammenheng her, friheit og beskyttelse er to ulike begrep: du kan ha rett til å praktisere samtidig som eg har rett til å håne praksisen - så lenge hånen ikkje hindrar praksisen. Spørsmålet er altså om hånen er slik at den hindrar dei religiøse å praktisere sin religion slik samfunnet ønsker at dei bør kunne gjere det.

Da er vi over i den samfunnsmessige sammenhengen igjen: Kan satiriske eller andre angrep på religionen få ein slik art at det truar muslimar, som personar eller som utøvarar av sin religion? Det vi kallar ordinær religionskritikk (kva no det måtte vere) gjer ikkje det: Ingen ville vel meine at Øverlands tordentale mot kristendommen hindra dei kristne i å praktisere sin religion. Men om utsegner om muslimar (eller andre minoritetar, religiøse eller andre) får ein slik karakter, eller står i ein slik historisk sammenheng, at dei gjer det vanskelig eller umulig for desse minoritetane å leve i landet, eller å praktisere sin religion på ein normal og akseptabel måte, kan desse to rettane komme i konflikt. Da må ein vurdere dei samfunnsmessige sammenhengane, og konsekvensane av dei, for å sjå kva for ein av dei to stridane rettane som må vike. Det er ikkje noe fasitsvar på det - utover at det beste for samfunnet er at det ikkje oppstår slike konfliktar mellom religionar og folkegrupper at dette blir ei aktuell problemstilling.

torsdag 1. januar 2015

2015: Status

Nytt år, og tradisjonen tru ei oppsummering over kva som har skjedd i "vår" del av verda siste året og status ved årsskiftet.

Den arabiske vårens død?
I løpet av året er det vel blitt eit munnhell at den arabiske våren, den demokratiske revolusjonen eller kva ein skal kalle det, leid nederlag. Det hadde kanskje vore betre om dei ikkje hadde prøvd? Kaos, krig, massakrar og undertrykking vart resultatet. "Fremmedkrigar" er blitt årets nyord. Norge er nå med i ein ny krig i Midtausten, berre marginalt rett nok, men nordmenn kjemper på minst to, kanskje tre sider i Irak og Syria. Frå vondt til verre, er oppsummeringa.

Vel, noen lyspunkt finst det. Det landet der "våren" starta, Tunisia, har gjennomført både parlaments- og presidentval på ein fredelig og ordinær måte. Vala førte til maktskifte, alliansen mellom moderate islamistar og liberale vart avløyst av eit skarpare sekulært fleirtal. Noen er uroa over at "det gamle regimets menn", dei som styrte under Ben Ali også har flokka seg til det nye regjeringspartiet. At samme parti vann begge vala gir også noen uro for nytt eitpartistyre. Men så langt ser det rolig ut. Ikkje noe parti har reint fleirtal i parlamentet, og presidenten har - trass retorikken i valkampen - opna for samarbeid også med islamistane i al-Nahda, som er det nest største partiet. Det kan nok bli med talemåtane når det gjeld dette - veljarane ville nettopp ha Nahda bort frå makta, men heile stoda virker normal, slik ein venter at eit maktskifte og politisk usemje skal fungere. Ikkje alt er perfekt i det tunisiske demokratiet og samfunnet, men det er likevel gått så bra at vi må utrope det som ein suksess for den arabiske våren.

I Marokko sit fortsatt eit moderat islamistparti med statsminister, under kongens overoppsyn, nok eit resultat av våren. Nabolandet Algerie hadde ingen revolusjon, og der er det også ved det gamle. Den sittande presidenten er så gammal og sjuk etter eit slag at han ikkje viste seg i den siste presidentvalkampen, men vart likevel attvald på rein rutine. Militæret styrer som før, men det er iallfall rolig. Slik er det trass alt også i mange andre land i Midtausten, mange held seg ved det gamle. Men mange land har også gått feil veg, og vi må nok bruke ordet borgarkrig om fleire land enn for eit år sidan.

Libya: To parlament, to regjeringar
Ved siste årsskiftet hadde Libya ei regjering som var makteslaus, mens det var av og til trefningar mellom rivaliserande militsar. I år har vi to regjeringar som begge er makteslause, og kampen mellom militsane er blitt kontinuerlig, i det siste er også fly blitt satt inn denne borgarkrigen. 
        Raskt oppsummert: Etter krigen i 2011 vart det halde val til ei nasjonalforsamling som fekk namnet "Generalkongressen". Den skulle nedsette ein grunnlovskommisjon, det klarte den ikkje, og den hadde ingen reell innverknad på det som skjedde i landet. Dei ulike militsane som hadde kjempa sammen mot Qadhafi delte landet seg imellom, men vart rivalar. Det var to hovudproblem: Det eine var kven som skulle ha makta over Tripoli. Dei to største militsane, frå byane Zintan og Misurata sloss om kontrollen her. Det var rein maktkamp, men Misurata-militsen knytta band til ein fraksjon i generalkongressen, mellom dei noen islamistiske grupper, men Zintan profilerte seg meir og meir som anti-islamistisk. Dette vart mye meir tydelig etter militærkuppet i Egypt i juli 2013, sidan Zintan-alliansen dermed kunne søke støtte i Kairo for ein felles "kamp mot Det muslimske brorskapet". Brorskapet stod nok eigentlig ikkje så sterkt i Misurata-flokken, men denne ordbruken kom til å gå troll i ord. Misurata-gruppa har søkt meir og meir tydelig støtte i islamistiske grupper, i ein front dei kallar "Fajr Libiya", Libyas soloppgang. Dei skuldar på si side Zintan-gruppa for å knytte til seg tidligare Qadhafi-støtter.

I aust dreide det seg om to ting. For det første ønsker dei seg større sjølstende frå Tripoli, helst ein laus føderasjon der aust-delen (Cyrenaica) kan styre seg sjøl mest mulig. For det andre stod jihadistane mye sterkare her, spesielt i Benghazi, der radikale grupper som Ansar al-Shari'a dominerte byen. Motstandaren var ein eks-general, Khalifa Heftar, som oppretta ein stor-milits han kalte ein hær, og proklamerte seg som redningsmann mot islamismen. I det tok han med både Ansar og Brorskapet i Tripoli (som han påstod samarbeidde), og kunne dermed oppnå støtte hos sine militære kollegaer i Kairo. Men han er også sterk føderalist og vil lausrive Cyrenaica så langt mulig.

I sommar var det så val på dette makteslause parlamentet. Men sidan generalkongressen var så deskreditert, kalte dei den nye forsamlinga for "deputerforsamlinga". Vala var på personar, ikkje parti, men resultatet vart rekna som eit klart nederlag for Brorskapet. På bakken, derimot klarte deira allierte i Fajr Libiya endelig å kaste Zintan-gruppa ut frå Tripoli. Fleirtalet i den nyvalde deputerforsamlinga flykta derfor frå byen. I Benghazi var det jihadistane som styrte, så dei samla seg i ein liten by heilt i aust, Tobruk, og utnemnde regjeringa si der. Mindretalet (dei som støtta Brorskapet, m.a.) godtok ikkje dette, og erklærte at den gamle generalkongressen fortsatt gjaldt, med si eiga regjering. Tobruk-regjeringa har nå internasjonal støtte (sidan dei faktisk vant siste valet), men det som måtte vere av statsapparat og administrasjon sit i Tripoli, og blir styrt av regjeringa der. 

Tobruk-regjeringa har dermed lite å gå på (ein stor del av parlamentsmedlemmene har også reist heim). Dette gav Heftar ein sjanse, og han er nå blitt Tobruk-regjeringas beskyttar, og dei har utnemnt han til hærsjef - hans milits, som også har noen fly, er dermed blitt "Libyas hær". Men dette kom ikkje gratis, Heftar står fast på sine føderalistiske krav om sjølstyre for Cyrenaica, og regjeringa blir nødt til å lytte til det, sjøl om dei i prinsippet var sterkt mot tanken før dei søkte seg under hans vinger.

I dag er det altså mange maktsenter i Libya. Dei mest folkerika områda i vest er styrt av Fajr Libiya-militsen og Tripoli-regjeringa, men Zintan-gruppa har fortsatt styring i sine kjerneområder i nord-vest. Benghazi er i hovudsak kontrollert av jihadistar alliert med Ansar al-Shari'a, mens andre islamistar i den mindre byen Derna aust for Benghazi har slutta seg til IS. Det er uklart om Ansar også har gitt sin lojalitet til kalifatet IS, men så langt ser det ikkje ut til å ha skjedd - og vi veit heller ikkje om det er samarbeid, og i så fall kva slag, mellom desse tre islamist-retningane i Derna, Benghazi og Tripoli. Trulig er det kontaktar, men kvar vil styre seg sjøl. Så, i aust har vi altså Tobruk-regjeringa med Heftar-hæren, som også kjemper rundt Benghazi for å prøve å vinne byen tilbake. Nå altså med flybombing.

I "sør", som er det meste av Libya på kartet, ser det ut til å vere reine stammekrigar, både mellom etniske grupper (svarte Teda/Tebu, tuaregar og arabarar), og mellom stammar. Fleire oljeanlegg er råka. Dette ser ikkje ut til å vere knytt til den ideologiske maktkampen i nord, men reine interne strider om innverknad og kontroll over oasar og ørkenområde - slik vi hadde det før den libyiske staten oppstod i førre hundreår.

Egypt
Verknadane av kuppet i Egypt merkas altså i alle naboland, og da spesielt militærstyrets hat mot Det muslimske brorskapet. I Egypt er det nå tydelig at "det gamle regimet" er tilbake, med ny bemanning, men med samme politikk, sterk nasjonalisme, og undertrykking ikkje berre av all islamisme men også av andre opposisjonelle, spesielt er kritikk av dei militære ikkje tolerert. Det er fortsatt ei sjølstendig presse, men den arbeider under verre vilkår enn i Mubaraks siste år, og underlegger seg sjølsensur. Den viktigaste forskjellen er at, i motsetning til under Mubarak, er det likevel stor folkelig oppslutning rundt president Sisi, ikkje minst gjennom ei sterk nasjonalistisk bølge retta mot alle som er kritiske til utviklinga i Egypt. Brorskapet er fortsatt nede for telling, dei opne protestane har stilna bort. Deira sympatisørar er nok fortsatt til stades, men det er for farlig å komme opent fram med slike idear. Organisasjonen må trulig byggas opp att frå grunnen, og regimet vil gjere kva dei kan for å hindre det.
         Det har vore jamnlige bombeangrep i landet i protest, men mest på Sinai-halvøya, elles berre noen få mot politistasjonar og liknande. Det har ikkje vore noen stor opptrapping av dette det siste året. Enn så lenge har dermed regimet kontroll over situasjonen.

Palestina
Ved sida av Egypt sjøl, så er det nok Palestina som er mest berørt av maktskiftet i Egypt. Hamas står høgt på hatlista i Kairo, og dei står nå uten vener i arabarverda. Brorskapstyret i Egypt tok stilling mot Assad (og dermed Iran og Hizballah), og Hamas satsa på dei og braut banda til sine tidligare allierte i Syria og Iran. Nå prøver dei å bygge opp att brende bruer, men korkje Damaskus eller Tehran er villig til å gløyme så fort. Berre vesle Qatar er på deira sida, men dei er pressa av sine Brorskaps-fiendtlige naboar i Saudi og Emirata, og setter grenser for si støtte til Hamas.
         I sommar stod Hamas på eit politisk lågpunkt, og PLO var på nippet til å få dei til å gå med på eit samarbeid der PLO igjen skulle på innverknad i Gaza. Men så kom Israel med sin jamlig to-årige krig mot Gaza. Det førte som vi veit til stadig verre lidingar for folket i Gaza, som knapt har tid til å bygge opp før det blir bomba ned att, men politisk vart det ei pusteboble for Hamas. Sinnet til folk flest - og oppmerksomheita til verda rundt - fokuserte nå på Israel istaden for Hamas, som igjen kunne presentere seg som den faste motstandsrørsla mot Israel. PLO vart ståande i knipe igjen, og har igjen tapt oppslutning mellom palestinarane. Dei siste forsøka på å vinne fram diplomatisk har ikkje ført til noen endring her, og valet i Israel i vår kjem neppe til å føre til fleire løysingsforsøk. 

Jemen
Konflikten i Jemen har stått i skuggen av dei store stridane lenger nord, men også her har det skjedd overraskande ting siste året. I fjor dominerte den "nasjonale dialogen", der dei mange regionale kreftene som hadde vore i kampar sidan 2011 skulle finne fram til ei felles løysing. Ulike forslag, derimellom ein føderasjon, var på bordet. Men så, heilt plutselig, tok ei av desse brått over halve landet, dei litt mystiske Houthiane. Dei blir i media kalla "shia'er", noe som er rett - dei er zaydi-shia'er, slik noe under halvdelen av Jemen er det (særlig i nord og i høglanda, mens sør og kystområdet er sunnisk). Men det er ikkje så spesielt, zaydiar har alltid dominert Jemens politikk, også dei tidligare leiarane så vel som dei store stammane som stod mot dei, var zaydiar.
       Houthiane (oppkalt etter deira første leiar) har sterke radikale parolar mot USA og Israel, og snakkar også islam, men er først og fremst basert i ei stammerørsle i grenseområdet i nord, som ville ha sterkare innverknad for sin region, overfor styresmaktane i hovudstaden San'a. Det som skjedde i haust var at Houthiane, som hadde halde seg i sin region, plutselig marsjerte inn til San'a og tok styringa der, avsatte statsministeren og skauv dei andre stammene til sides. Dei har nå kontroll over det meste av nord-Jemen, og har også trengt seg inn i sunniske områder som Ibb og lenger sørover - ikkje minst har dei slik komme i direkte kontakt og konflikt med Qa'ida-grupper, som jo hatar all form for shi'isme, også zaydiane, og som hadde ein basis heilt sør i landet. Dei har slik vore i noen trefningar, mens dei øvrige politiske retningane prøver å finne ut av den nye maktbalansen og held seg avventande. Ikkje borgarkrig ennå, altså, men ein spent situasjon som kan gå i mange retningar. 

Irak og Syria
Og så til den store omveltinga i året som gjekk: Kalifatet. For eit år sidan skreiv vi at det var uklart kven av jihadist-rivalane, Nusra-fronten og ISIS som ville trekke det lengste strået. Nå har vi svaret. ISIS er blitt til IS, som igjen er blitt til "kalifatet", det er visst namnet dei helst vil bruke nå. Mange vil ikkje bruke forkortinga IS, fordi det "ikkje er islamsk og ikkje er noen stat". Reint bortsett frå at orda "islamsk stat" går igjen i alle alternativa (ISIS, ISIL, Da'ish), så er det ikkje sikkert argumentet er rett. Om det er islamsk eller ikkje kan vi la ligge til ein annan gong, men det virkar tydelig at dei prøver å bli ein stat, i ordets vanlige betydning. Rett nok ikkje med klare grenser - kalifatet skal ekspandere - men dei prøver å fylle fleire og fleire ordinære statsoppgåver: skaffe mat og ressursar til innbyggarane, administrere byane dei kontrollerer, ein hær har dei jo, og ein økonomi skaffar dei seg ved å selje olje og samle inn skattar. Det er ein skakkjørt "stat", dei som kjem på kanten med den får ofte kort prosess, men for dei som har levd med krig i mange år kan faktisk IS-staten opplevas som ein like bra stat som det dei har opplevd før. Dette tosidige: at noen blir fråstøtt og vil bort, mens andre aksepterer IS-styret som eit styre utan å dele deira ideologiske basis, er noe vi må ta inn over oss.

"Fremmedkrigarane", dei som kjem utanfrå av ideologiske grunnar har likevel ofte ein blanda bakgrunn, gjerne meir eller mindre små-kriminelle blanda med hyper-ideologiske skylappar, og kan nok ofte vere dei som skapar størst problem for IS internt (slik vestlige Qa'ida-idealistar lagde bråk for Taliban-stammefolk i Afghanistan på 1990-talet). Dei siste historiane om indre utreinskingar i IS kan vere tegn på slike spenningar, men det vil vise seg om leiarane klarer å få styr på sine rekruttar eller om vi kan begynne å sjå indre fragmentering. Det andre viktige punktet i Syria er også om rivalane, slik som Nusra og Ahrar Sham (i alliansen "Den islamske fronten") bestemmer seg for å slutte seg til IS mot den vestlige krigføringa, eller til slutt vender seg mot IS. I dag gjer dei begge delar (og det er uklart kor svekka dei før så sterke Ahrar Sham er etter kraftige angrep). I Irak dreier det også om kva dei "andre", altså dei sunniske stammane som er rivalar til IS, gjer. Det er lite håp om reell reform i Bagdad, og dei sunniske anti-IS-stammene blir meir og meir desillusjonert, og dermed passivisert. Mange lir store tap mot IS.

Berre hos kurdarane ser det ut til at dei har fått rydda litt opp i politikken. Også der var det eit problem at dei vest-vennlige peshmerga-soldatane vart tatt på senga av IS i sommar og mista glansen av å vere uovervinnelige. Det var i staden soldatar frå PKK frå tyrkisk Kurdistan som i første omgang redda vegen inn til dei beleira Sinjar-fjella. Men PKK kunne ikkje USA godta, sidan dei offisielt er merka "terroristar" (av omsyn til Tyrkia). Nå er dette blitt rydda opp, slik at det er peshmerga frå irakisk-kurdiske KDP som har kontrollen inn til Sinjar, og Tyrkia har også sterkt motstrebande gått med på at PKK-soldatar skulle få komme kurdiske Kobane i Syria til unnsetning. Men Tyrkia har store problem her, og mange skuldar Tyrkia for aktivt å sabotere den hjelpa til Kobane som alle, både i Vesten og kurdarane, håpar på. Men Tyrkia arbeider også (langsomt) med tanken om ei løysing på PKK-konflikten, og her kan det vere håp om eit håp. Kobane held iallfall fortsatt ut, og yazidiane i Sinjar ser ut til å vere redda, dei som kom seg unna IS-soldatane. Dette er iallfall to små lyspunkt i eit elles relativt mørkt område.

Året 2014 var altså eit ganske svart år for Midtausten, ein kan ikkje sjå det annleis. Kan ein vere håpefull for at 2015 blir bedre? Lyspunktet er altså Tunisia. Når det gjeld Egypt, ser regimet til å sitte trygt i salen, mens det nok er vel optimistisk å håpe på noen rask endring i positiv retning i IS-krigen, dei ser fortsatt ganske trygge og sjølsikre ut. Libya kan komme ut i full krig, kanskje tilmed utanlandsk innblanding som ikkje vil vere til noen nytte (sidan ein ikkje vil anerkjenne at dette er ein region-strid som må løysas slik at begge partar føler dei har fått noe, ikkje ein "vinnar tek alt"). Jemen kan tippe feil veg, og vi har ikkje nemnt at dødsfall av hhv. sultan og president kan føre til alvorlige politiske kriser både i Oman og i Algerie i året som kjem. Så nei, vi vil nok ha ting å skrive om i året som kjem også.