Men det er altså gått ni år, og konteksten rundt er i utgangspunktet annleis. Den gongen, midt i Bush sin krig i Irak, var det stor oppøsing i muslimske land mot karikaturane som eit "angrep på islam og muslimar", både hos meinigmann og mellom styresmakter som enten var unnfallande eller støtta protestane. I dag er det berre jihadistar av klaraste merke som støtter angrepet på Charlie Hebdo. Både islamistar og styresmakter fordømmer, ja tilmed Iran har offisielt fordømt angrepet. Konteksten i dag er IS, al-Qa'ida og deira kamp for ein jihad-stat, og her er skillelinene ganske annleis enn den gongen då det var Bush mot "muslimane" som var forklaringsmodellen for mange i regionen. Dette kan jo endre seg, om heile saka om "krenking av Profeten" igjen blir til eit hovudfokus, men så lenge fokuset er på at det her er snakk om ein terroraksjon mot journalistar, så vil sjølve "karikatur-spørsmålet" kunne bli ei sak som dominerer meir i media i Vesten enn mellom muslimane.
Det vil jo vise seg, og vi vil også etter kvart kanskje få vite om dette var ein aksjon dei to mistenkte brødrene i Paris hadde klekka ut på eiga hand, eller om det var meir organisert frå al-Qa'ida sentralt eller andre. Det vi veit i dag (fredag) kan peike i begge retningar. Det avgjer også om dette er del av ein trend (av mange små spontane aksjonar, som vi har sett nå dei siste månadene), eller om del av ein plan for eit større formål. Begge delar er urovekkande, men altså på ulikt vis. Innanfor det jihadistiske er kanskje meldingane frå Nigeria i det siste vel så urovekkande, at den vel så bisarre gruppa Boko Haram faktisk ser ut til å ha etablert seg som ein varig maktfaktor.
Ikkje Muhammad |
Rettar og grenser
Men utanom denne spesielle situasjonen, er altså debatten om ytringsfriheita har grenser. Nei, seier mange - gjerne med stor patos; ja, seier andre. Dette kan diskuteras på mange plan, men om vi skal prøve å formulere, kan vi seie at det vi kallar menneskerettane (derimellom ytring) er absolutte i den forstand at dei ikkje bygger på andre prinsipp, dei er rettar i kraft av seg sjøl. Vi er ikkje for ytringsfriheit på grunn av ein kontekst (eit mål for noe anna), men fordi friheita i seg sjøl er grunnlaget for eit godt samfunn. Men alle rettar har avgrensingar, fordi dei ulike menneskerettane kan komme i konflikt med kvarandre. Retten til liv er kanskje den ytterste menneskeretten, og dersom ytringsfriheita kan sette retten til andres liv i fare, kan vi godta å begrense ytringsfriheita (f.eks. sensur i krigstid). Ja, retten til liv er sjøl heller ikkje uavgrensa: Vi har og godtar verneplikt, der staten kan forlange at menn og kvinner risikerer og mister livet i krig, fordi soldatens rett til liv blir underordna andre rettar, som samfunnets rett til friheit og sjølstende, og forsåvidt alle andre behov vi har lagt til dei styresmaktene som (legitimt) har rett til å sende soldatar i krig. Også "lågare" rettar, som retten til skjerma privatliv, eller retten til verdigheit [mot injuriar], kan vi godta å overstyre den totale ytringsfriheita.
Spørsmålet her er dermed om religionsfriheit og ytringsfriheit er to rettar som kan komme i konflikt. Det kan dei openbart, som alle andre. Eit springande punkt her er kva "religionsfriheit" betyr. Sett bort frå kva som definerer ein "religion" (og kven som skal gjere det), er det spørsmål om retten også omfattar å praktisere religionen, og om kva slags begrensingar samfunnet kan legge på religionsutøving samfunnet meiner er uakseptabel (kyrkjeklokker, niqab, enkebrenning). For noen betyr det "friheit frå religion", altså sekularisme, som for dei fleste er det motsette av retten til å praktisere religion (utan å måtte skjule det). Andre, og dette er altså det springande punktet her, meiner det også betyr beskyttelse av religionane, da også frå hån Umiddelbart er det ingen sammenheng her, friheit og beskyttelse er to ulike begrep: du kan ha rett til å praktisere samtidig som eg har rett til å håne praksisen - så lenge hånen ikkje hindrar praksisen. Spørsmålet er altså om hånen er slik at den hindrar dei religiøse å praktisere sin religion slik samfunnet ønsker at dei bør kunne gjere det.
Da er vi over i den samfunnsmessige sammenhengen igjen: Kan satiriske eller andre angrep på religionen få ein slik art at det truar muslimar, som personar eller som utøvarar av sin religion? Det vi kallar ordinær religionskritikk (kva no det måtte vere) gjer ikkje det: Ingen ville vel meine at Øverlands tordentale mot kristendommen hindra dei kristne i å praktisere sin religion. Men om utsegner om muslimar (eller andre minoritetar, religiøse eller andre) får ein slik karakter, eller står i ein slik historisk sammenheng, at dei gjer det vanskelig eller umulig for desse minoritetane å leve i landet, eller å praktisere sin religion på ein normal og akseptabel måte, kan desse to rettane komme i konflikt. Da må ein vurdere dei samfunnsmessige sammenhengane, og konsekvensane av dei, for å sjå kva for ein av dei to stridane rettane som må vike. Det er ikkje noe fasitsvar på det - utover at det beste for samfunnet er at det ikkje oppstår slike konfliktar mellom religionar og folkegrupper at dette blir ei aktuell problemstilling.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar