Det nå avslutta 2015 var året då konsekvensane av konfliktane i Midtausten for alvor slo inn over Europa, med to terroråtak i Frankrike på under eitt år og spesielt den store tilstrauminga av flyktningar til Europa. Vi har sett to stemningsskifte i løpet av dette eine året, det første etter bildet av den døde treåringen Aylan Kurdi gav sympati og mobilisering for flyktningane som satte eigne liv i fare; det andre da terroråtaka ved Bataclan førte til frykt for at flyktningar kunne sette våre liv i fare.
IS sitt år - blir det med det eine?
Ser vi på stoda i Midtausten sjøl, må vi vel kunne seie at 2015 var IS sitt år. Dei slo gjennom i 2014 med kalifatet sitt, men har dominert nyheitsbildet også det siste året. Størst mediedekning fekk erobringa av oldtidsbyen Palmyra, men vel så viktig er kanskje framrykkinga i den meir folkerike Homs-provinsen etterpå, med fare for å kutte Syria i to.
Det viktigaste er nok likevel erkjenninga at IS nå faktisk prøver å leve opp til namnet stat, som vi antyda i
fjorårets statusoversikt og som dei fleste nå gjentar. Det har vore eit viktig rekrutteringsmiddel for IS, men det har også vore ein svakheit for dei. Eitt er reint militært: IS kan ikkje lenger operere som gerilja med "hit and run", dei må nå i større grad beskytte etablerte områder. Det gjer dei meir sårbare for konvensjonell krigføring som USA er bedre i, og amerikanarane har klart å endre sin taktikk i krigføringa med tydelig effekt, både ved Kobane i kurdisk Syria og dei siste irakiske sigrane i Ramadi.
Irakiske leiarar har triumferande sagt at snart vil Mosul og resten av Irak bli frigjort, men det er nok mest skryt. IS står ikkje foran noe sammenbrudd, og også i 2016 vil dei dominere mediebildet i Irak og Syria. Men dei sigrar ikkje lenger på alle frontar. Heller vil vi sjå at frontlinene vil bevege seg fram og tilbake, IS vil bli trengt tilbake frå noen regionar, men vil òg kunne ekspandere og ta nytt land i andre. Sidan frontane er så bevegelige og mye av området deira er øydemark gir overslaga om at "IS har mista så og så mye territorium" lita meining, men grovt sett kan det vere ei rimelig gjetning at trass i ein del tilbakeslag så vil IS om seks månadar styre over nokolunde like stort område som nå, og kanskje det samme ved neste årsskifte.
Russland og ei diplomatisk løysing
Den store endringa i Syria siste året har naturligvis vore at Russland har gått inn i konflikten, og at den dermed er blitt langt meir forvirrande. Russlands bombing har nok hatt like stor effekt som den amerikanske, men kven dei rammar er meir uklart - sjøl seier dei IS "og andre terroristar", mens vestlige kjelder seier at russarane mest bombar "the good guys", kven nå det måtte vere, heller enn IS. Som vanlig er det rette trulig litt av det eine og litt av det andre: IS er heilt klart ramma av russiske bombar, men det er nok rett at andre opprørsgrupper er vore vel så mye i bombefokuset.
Dette innslaget av storpolitisk rivalisering har ført til ein diplomatisk aktivitet og forsøk på finne ei samla løysing. Problemet er berre å bestemme
kva ein søker ei løysing på. Det er fortsatt i tåkeheimen, fordi ingen seier høgt kven dei eigentlig snakkar om. Forblomma tale er vanlig i diplomatiet, men her veit dei ulike partane kanskje ikkje sjøl kven dei vil lage krig mot og kven dei vil sette i regjering. Derfor blir den viktigaste og vanskeligaste manøveren å sette opp ei liste over kven som er invitert til dei kommande samtalane, for dei som ikkje står på den lista (som diplomatar nå "arbeider med") vil bli bombemål i staden for samtalepartnar. Enten - eller.
Vansken med denne lista er ikkje den i hovudsak vestlig-orienterte "Frie Syriske Hær" (FSA), som dei fleste vil godta, eller al-Qa'idas lokalavdeling, Nusra-fronten, som ingen vil ta i med tang. Problemet ligg i at størstedelen av opprørsgrupper i Syria ligg
mellom desse to motpolane, og ikkje minst det at alle desse samarbeider på ulikt vis - det er ikkje noen tydelig grenseoppgang mellom dei "snille" i FSA og dei "vonde" i Nusra, men eit kontinuum, ein glidande overgang politisk og ideologisk, og dei kjempar ofte sammen på bakken mot Assad-regimet, også FSA har slåss side ved side med Nusra-fronten. Om ein skal få noen av desse inn i forhandlingar, må ein altså klare å sjå grensa mellom dei innanfor og dei utanfor, og ennå verre - ein må få dei som skal komme innanfor det gode selskap til å godta at deira nåverande allierte som ikkje står på lista dermed skal bli fiendar som bekjempas.
Vi plar ofte slå desse gruppene som ligg mellom FSA og Nusra-fronten sammen under namnet
Ahrar al-Sham ("Syrias frie men"), som er den største alliansen av sjølstendige islamistiske grupper. Det er dusinvis av slike grupper i samme ideologiske landskap, men vi har ikkje plass til heile katalogen her, så la oss fokusere på Ahrar al-Sham. Dei samarbeider militært ganske tett med Nusra-fronten i ein felles militærkommando kalla Frigjeringshæren,
Jaysh al-Fatih, og dei to er trulig omlag like store, med mellom 10. og 15.000 mann kvar (IS har kanskje 30.000, mens anslaga på FSA varierer frå 7.000 til 25.000, alt etter kor mange sjølstendige grupper ein reknar under denne paraplyen - alt dette er vage anslag).
Ideologisk er dei langt meir vage enn IS, men alle (også FSA) har eit islamsk islett. Nusra-fronten er den einaste som er global-jihadistisk, sjøl om også dei har slått fast at dei ikkje har aktivitet utanfor Syria. Men dei er altså del av Qa'ida, som i høgste grad har slik aktivitet. Ahrar al-Sham er også klart salafistisk, strengt konservativt, og har tidligare insistert på at Syria må styras etter sharia, men ser ikkje ut til å vere "takfiri" som IS og Qa'ida, altså at dei reknar andre muslimar som vantru. Dei har også dempa språkbruken sin, og seier nå at dei ønsker at Syria skal vere fleir-religiøst med like rettar for alle og ikkje ein "islamsk stat", slik dei før sa. Men mistanken ligg jo der om at dette berre er retorikk for å vinne vestlig støtte. Meir tydelig er det iallfall at dei
ønsker vestlig og amerikansk støtte til sin kamp mot Assad, mens Nusra-fronten klart avviser einkvar kontakt med erkefienden.
Men kor mange av desse mellom-gruppene er med i nemninga "dei moderate kreftene", kor mange av dei er "andre terroristar", og kva meiner USA eigentlig om at Russland bombar desse? USA gjorde det sjøl i starten (Nusra, men også Ahrar al-Sham), mens det nå er Russland som først og fremst rammar dei, og USA muligens kritiserer dei for det, det er altså ikkje klart akkurat kva dei kritiserer og kva dei godtar.
Så betydninga av diplomatiet ligg nettopp her: Skal Ahrar al-Sham, som er støtta av Qatar og Saudi-Arabia, stå på lista av inviterte eller ikkje? Og vil dei i så fall delta? Både for dei, men også for FSA og dei andre er kampen mot IS viktig nok, men underordna kampen mot Assad. Dette setter dei i grunnleggande motsetning til Russland, som er der for å støtte Assad, mens USA vaklar mellom dei to, for USA er jo både Assad og Ahrar al-Sham vanskelige partnarar å ha i dialog. Så spørsmålet om diplomatiet er om ein klarer å foreine dei to, olje og vatn, regimet og opprørarane, Iran og Saudi-Arabia, rundt eitt bord, for ikkje å snakke om i ei løysing. Det blir krevande.
Libya: er samling mulig?
Eit anna diplomatisk spill for galleriet foregår i Libya. På bakken er stoda ved årsskiftet ikkje mye ulikt for eit år sida: to konkurrerande regjeringar i Tripoli og Tobruq med eit IS i framgang mellom dei. I fjor dominerte IS byen Derna, dei er nå kasta heilt eller delvis ut derfrå, men har fått ein viktigare base i den større byen Syrte i bukta av samme namn, og ser ut til å ha konsolidert seg der og prøver å bygge eit samfunn på samme måte som i Irak/Syria. Dei har vore i harde kampar med styrkar frå Tripoli-regjeringa, men har klart å bite seg fast.
|
Tobruq styrer det kremgule i aust, Tripoli det lyseblå i vest, IS det rosa i midten. |
Dermed er det internasjonale samfunnet blitt meir interessert i Libya igjen, og bombeåtaka i Tunisia viser kor farlig det er å la Libya forbli utan ei reelt fungerande regjering. FN har involvert seg tungt, og vestlige medier meldte gledesstrålande mot slutten av året at freden er komme og at dei to regjerings-rivalane er blitt samde om ei felles regjering som skal ta over på nyåret. Desverre er nok dette berre ein diplomatisk draum. Det kjem ikkje til å bli noen felles regjering, for ein gløymde å sjekke om partane på bakken faktisk stod bak forhandlingane. Det gjorde dei ikkje, i FN-sporet var det berre ein minister frå Tripoli som deltok, og han vart straks tilsidesatt av si regjering som avviste FN-avtalen. I staden sette Tripoli i gang sin eigen dialog, den fann stad samtidig i Tunis og kom også med stor glede fram til ein avtale. Men her var det den andre regjeringa i Tobruq som ikkje var blitt spurt, og følgelig heller ikkje tok noen hensyn til
den fellesavtalen.
Problemet her er at begge dei to partane i Tripoli og Tobruq er spiltta. Det finnes moderate i begge leirar, og spesielt mellom dei sivile politikarane som ser at dette er ein nytteslaus krangel og helsar eit reelt kompromiss velkommen. Men på begge sider er det militsar som ser at ein avtale vil føre til at dei mister makta, og som med hell klarer å motsette seg avtalane sidan det i siste instans er dei som sit med kvar si respektive regionale makt. Konkret er det store stridsspørsmålet rolla til Tobruq-regjeringas "hærsjef", Khalifa
Heftar, som aldri har skjult at hans mål er å nedkjempe Tripoli-gruppene militært og som Tripoli derfor forlangar må fjernas før dei vil tenke på noen avtale.
Libya har, ulikt Syria og Irak, ingen grunnleggande religiøse eller etniske skiller av betydning, sjøl om autonomi-tanken står sterkt i aust. Dei har nå ein felles fiende i IS, som strategisk har sin base midt mellom dei to rivaliserande regjeringane. Libya har derfor langt større potensiale enn Irak, Syria og Jemen for å finne ut av problema sine og samle seg for å bygge opp landet (ved å få opp att oljeeksporten) og nedkjempe IS. Men det vi
må kalle politisk-strukturell umodenheit, manglande politiske strukturar og felles arenaer, gjer at det er vanskelig å realisere desse felles interessene og personlig rivaliering og militsanes eigenmarkering blir sterkare enn det som er felles. Vi kan håpe at dette vil endre seg i året som kjem, t.d. ved at IS-problemet blir meir presserande enn i dag, men vi kan vel desverre ikkje forvente det.
Jemen: Sammenbrudd utanfor søkelyset
Det tredje store konfliktområdet, Jemen, har falle litt i skuggen av kampane i Syria. Men det er ein sammenheng. USA gjekk til bombekrig i Syria med "arabiske allierte", men i realiteten trakk desse arabarane, Saudi-Arabia og Emirata, flya sine ut av Syria ganske raskt. Dei vart i staden satt inn i sør, i eit angrep i nabolandet Jemen. Dermed var det som hadde vore ein borgaarkrig mellom to lokale partar blitt til ein regional krig, og eit nytt bevis på at Saudi-Arabia nå ønsker å vise musklar. Før nøyde dei seg med å sende dollar, nå sender dei bombefly til støtte for sine venner.
Den indre striden i Jemen var mellom to alliansar. På den eine sida står den avsatte presidenten Ali Abdullah Salih sammen med ein stammemilits frå heilt nord i landet, Houthiane. Salih ville vinne tilbake makta, houthiane ville ha meir innverknad i sitt område. Mot dei står dei fleste andre gruppene i Jemen, leia av Salihs tidligare visepresident og etterfølgar, Mansur Hadi. Han kom inn som eit kompromiss, men var tilfeldigvis den første leiaren Jemen noen gong har hatt frå sør-Jemen, nord-Jemen har alltid dominert landet. Men dette var ikkje ein nord/sør-konflikt, dei dominerande stammane i nord støtta også Hadi mot Salih og houthiane. Det var heller ikkje ein religiøs konflikt, sidan dei dominerande i nord på begge sider av denne konflikten hører til zaydi-shi'ismen.
Men med saudianes intervensjon på Hadis side, vart det til ein regional konflikt, der houthiane vart til "representant" for Iran - som tidligare hadde gitt ein del støtte til dei, mest for å terge Saudi-Arabia. Det ser ikkje ut som om Iran har involvert seg alt for tungt i denne konflikten, Jemen ligg langt borte frå dei, og dei har trulig liten sympati for Salih og ikkje så mye felles med houthiane, men for Saudi-Arabia er opplagt dette grunnen til at dei deltar. Dei har klart å trenge houthiane ut av sør-Jemen, men trass overmakt i lufta har dei ikkje vunne noen klar siger, og er trulig ikkje alt for velkomne i dette nabolandet som alltid har sett på storebror i nord med skepsis.
Mest påfallande her, som i Libya, og forsåvidt også Irak og Syria, er at ein borgarkrig alltid ser ut til å gi rom for jihadistar til å etablere seg, i opposisjon til begge stridande partar. Men i Jemen er det ikkje IS som vil rake kastanjane ut av elden (sjøl om dei også har fått noe støtte her), men den gamle gruppa, Qa'ida, noen som hugsar dei? Det interessante er at dei her ser ut til å tatt lærdom frå IS. Al-Qa'ida var under Bin Laden aldri interessert i å vinne territorium, dei ville vere globale og mobile. Å ha eit fast område med ein "stat" å styre, var IS sin ting, ikkje Qa'idas. Men her i Jemen har Qa'ida begynt med akkurat det samme. Dei har etablert seg fast i provinsen Hadramawt i søraust, og har nå i snart eit år styrt Jemens femte største by, Mukalla, i samarbeid med lokale stammer. Dei har seinare tatt fleire mindre byar i området rundt, og hadde ei tid tilmed styringa over Aden, hovdustaden i sør-Jemen, før saudiane kom og tok over. Men Qa'ida ser ut til å ville skaffe seg ein fast base i dette området, og til nå ser heller ikkje dei saudiske styrkane i området om å bry seg så mye med å rydde dei bort, så lenge dei er opptatt med å slåss mot dei "Iran-allierte" houthiane.
Lyspunkt?
Det er altså mye dårlige nyheiter frå Midtausten, som vanlig. Er det lyspunkt? Fredsprisen til Tunisia markerte jo det, og Tunisia er eit lyspunkt. Landet er blitt ramma av terror, og vi kunne frykte at dette vil rive det skjøre samarbeidet mellom dei sterkt sekulære i regjeringa og dei moderate islamistane i stykker. Men det har ikkje skjedd, i staden ser terroren ut til å ha sveisa tunisiarane sammen på tvers av desse ideologiske skilla. Det gir grunn for håp. Vi må også minne om dei landa der vi har eit slikt stabilt samarbeid, som Marokko.
Vi kan stå overfor nye utfordringar i 2016. To land, Algerie og Oman kan stå framfor skifte av statsleiar etter "naturens lover" (begge er svært sjuke), det vil vise seg om det i realiteten militærstyrte Algerie og monarkiet i Oman er solide nok til at overgangen skjer i det stille. I Egypt har regimet stramma grepet i året som gjekk, på nyåret skal det nyvalde parlamentet tre i funksjon, men få reelt opposisjonelle er blitt valde, og det er grunn til å tru at dette vil bli i beste fall ein prateklubb, og kanskje meir trulig eit sandpåstrøingsorgan slik det var under Mubarak. Men talet på dødsdommar er gått ned, få av dei er blitt utført så langt, og bortsett frå Sinai har Egypt unngått dei heilt store gerilja- eller terrorangrepa siste året. Ein må kanskje vere nøgd med dei små ting.