Kor sterk samordning?
Det står mye att å greie ut, seier Kerry. Men det som ser ut til å vere intensjonen bak, er ei eller anna form for samordning av luftåtaka på IS og på Nusra-fronten, som er Qa'idas avdeling i Syria. Det høres jo både logisk og fornuftig ut å samsnakkas sidan begge kjempar mot desse to terror-organisasjonane, og dei fleste vil nok sjå det som svært positivt å bekjempe både IS og Qa'ida - sjøl om ein meiner at ein også må bekjempe årsakane til at dei to oppstår.
Men går vi nærare inn i detaljane, kan det bli meir problematisk, fordi situasjonen i Syria er så komplisert som den er. Det er først og fremst to spørsmål som reiser seg.
Det første gjeld Nusra-fronten og dei andre opprørsgruppene. Å slå til mot IS er ikkje noe stort problem der, for alle dei andre er mot IS og ser gjerne at dei blir knust. Men Nusra-fronten har eit mye meir innvikla forhold til dei andre. Og her får vi ta dei enkeltvis:
- Tettast på Nusra står gruppa Ahrar Sham, som er ei stor og effektiv islamistisk opprørsgruppe. Før 2011 hadde fleire av leiarane god kontakt med Qa'ida, men dei har moderert seg kraftig i ideologi, og står nå heller for ein nasjonal sterkt konservativ islamisme. Dei vil ikkje lenger innføre shari'a i landet og godtar fulle rettar til religiøse minoritetar, har dei iallfall sagt. Meir viktig nå er at dei aktivt søker støtte frå Vesten og USA, mens Nusra meiner det motsatte på alle desse punkta. Ahrar er heilt imot terroraksjonar utanfor Syria, slik Qa'ida driv med (Nusra sjøl er ikkje aktive utanfor Syria).
Ikkje desto mindre har Ahrar og Nusra tett taktisk samarbeid på bakken, dei har ein felles militær front kalla Frigjeringshæren (Jaysh Fatih), og langt på veg styrer dei sine område i fellesskap. Rett nok er Ahrar sterkare i noen område (Aleppo) og Nusra i andre (Idlib), og dei kan vere usamde, Ahrar kritiserte Nusras taktikk i Aleppo nylig, men det blir vanskelig å skille dei frå kvarandre. - Det finnes også andre konservative islamistar (salafistar) som ligg Ahrar nær, men utan å delta i Jaysh Fatih, slik som gruppa Jaysh al-Islam nær Damskus. Både Ahrar og Jaysh al-Islam er tunge deltakarar på opprørssida i dei forhandlingane som ikkje lenger foregår i Geneve.
- Dei "moderate" i den Frie Syriske Hæren (FSA) er ei sammensatt gruppe. Mange sekulære deltar der, men også islamistar frå Det muslimske brorskapet. Dei har til tider vore i konflikt med Nusra, men samarbeider også med dei taktisk, dei har til tider også styrt frigjorte område sammen med Nusra. I dei siste daganes kampar i Aleppo kjemper grupper frå Nusra og Brorskapet sammen mot regimet.
- Utanfor desse, har vi kurdarane som nå i hovudsak arbeider innanfor ein USA-støtta allianse kalla Syrian Defence Forces på engelsk. Alle dei ovanfor nemnte er i konflkt med kurdarane, fordi dei alle insisterer på eit foreint Syria i framtida, mot kurdaranes forsøk på autonomi. Dei har alle, men spesielt Nusra og Ahrar, angripe den kurdiske regionen tidligare i borgarkrigen, sjøl om FSA sendte noen soldatar til forsvaret av Kobane mot IS.
- Og så har vi USAs nye gruppe, den som også Norge deltar i opptreninga av, optimistisk kalla New Syrian Army. Dei er dermed mot IS, men er eit ubeskrive blad overfor dei andre gruppene - og overfor regimet.
USA må derfor bestemme seg. Det taktisk beste ville vere å bryte alliansen mellom Ahrar og Nusra, slik at ein fekk reine liner: Nusra for seg (bombas), og Ahrar, FSA og dei andre for seg (ikkje bombas). Dette er ikkje heilt umulig: Ahrar har begynt å sjå kva veg det går, og det er tydelige signal derfrå nå om å markere større avstand til Nusra. Det ville heller ikkje vere vanskelig for dei ideologisk. Men det vil ta tid, så sammenvikla som dei nå er på bakken.
Kven skal ta over?
Det andre spørsmålet er jo naturligvis kva som skjer dersom Russland / USA vinn fram med målet sitt og IS blir kasta ut av sine områder. Dei er jo alt svekka, så dette er ikkje berre ønskedrømmar, sjøl om det kan ta tid før ein kjem så langt. Kven skal komme i staden? Det står fullstendig opent. Russland vil naturligvis meine at syriske regjeringsstyrkar skal ta over, slik dei gjorde i Palmyra. USA veit ikkje heilt. Ikkje Assad, iallfall, men dei støtter altså nå to grupper, SDF og kurdarane i nord, og New Syrian Army i sør og aust. SDF har openbare begrensingar, kurdarane kan ikkje og vil ikkje gå særlig utover sin avgrensa region, og dei arabarane som er med i SDF er få og svake. Den andre, NSA, viste musklar nylig da dei gjorde eit framstøyt mot ein grenseby sør for storbyen Deir ez-Zour, men vart kjapt drive tilbake av IS-styrkar. Vi veit altså ikkje kven desse NSA er, kva dei vil, kven dei vil samarbeide med. Men dei må trulig vere alt for svake på eiga hand til å vere kandidat til å ta over styringa av dei store områda IS nå har, og dei vil heilt sikkert ikkje kunne møte Assad-styrkane åleine i ein kamp om desse områda.
Det kan altså bli eit kappløp og ein kamp mellom tre-fire partar: Assad-styrkane, opprørsstyrkane med eller utan Nusra (om dei ikkje er nedkjempa), og NSA. Og da er spørsmålet om kva Kerry og Ivanov vil komme fram til korleis dei har tenkt å takle det, når dei støttar ulike krefter på bakken. For USA opent å skifte side og akseptere at Assad nedkjempar opprørane, med dei brutale metodane som han har brukt og ein kan rekne med han vil bruke, vil vere svært vanskelig for USA å svelge. Det er derfor ikkje rart at Kerry treng noe betenkningstid for å finne ut kva USA eigentlig skal ha for strategi framover i Syria.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar