torsdag 1. januar 2026

2026: Status

Dette er fjortande året vi har markert nyttårsdagen med ei oppsummering av status for Midtausten ved årsskiftet. I fjor var den gode nyheita regimeskiftet med håpet om fred i Syria, den vonde at Gaza-krigen fortsatte med ein stadig aukande villskap alle utanom Israels næraste vennar og konfliktsky politikarar erkjente var vår tids folkemord. Årets oppsummering blir vel meir på det jamne: I all hovudsak ei stillstand med tendensar av fastfrysing av konfliktar i dei landa som hadde slike i fjor. I ein væpna konflikt er det som kjent tre mulige resultat: 

  • (1) At den eine parten vinn og den andre må motvillig akseptere nederlaget; 
  • (2) At partane innser at ingen av dei kan vinne meir enn dei har oppnådd, så dei kjem fram til eit varig kompromiss som held,
  • (3) At ingen klarer å vinne men ein eller begge har håp om å komme fram til enten resultat (1) eller resultat (2). I det tilfellet kan konflikten låse seg fast, på høg eller låg intensitet til ein permanent krig utan håp om noka løysing. I fleire av konfliktane vi ser i dag, i Gaza, Jemen og Sudan er det denne tredje situasjonen som nå rår, ingen av dei ser ut til å ha noen klar veg fram til avslutning. I det fjerde landet, Syria, var vi på veg til løysing nr 1, men det er fortsatt fastlåste motsetningar som kan truge dette resultatet. 

Gaza: Redusert krig men inga løysing

Vi må nok rekne Gaza til den positive sida av årets utviklingar, sammenlikna med det helvetet som rådde for eit år sidan. Den "våpenkvila" som svært motvillig vart underteikna i haust, fortener å settas i hermeteikn, sidan Israel har fortsatt bombetokta jamnlig, minst fire hundre palestinarar er drept etter at "våpna har fått kvile", som det heiter - det har dei altså ikkje. Men det er slutt på det intense bomberegnet Gaza vart utsett for sidan 2022, og det er bra for dei som nå kan puste litt lettare. Den reine utsultinga - det som kanskje meir enn noe kvalifiserte krigen som "folkemord", eit forsøk på ramme folket og ikkje berre dei som sloss - er erstatta med av ei meir relativ strangulering: det kjem nå inn mat og medisinar, men langt mindre enn det som trengs, og mat blir fortsatt brukt som politisk pressmiddel frå israelarane. 

Det som likevel gjer at Gaza må plasseras i kategori 3, ein potensiell fastlåst og evigvarande konflikt der det ikkje er håp om løysing, er den totale mangelen på ei realistisk løysing eller kompromiss av vår type (1) eller (2). 

Stoda er altså at Gaza er i dag delt i to soner, delt av ei "gul line". Etter avtalen Trump fekk i stand, skal israelske styrkar i denne omgang trekke seg aust for denne lina, altså til området mellom lina og Israel. Det utgjer i underkant av 60 prosent av Gaza, mens dei største byane, Gaza "City" og Khan Younis i hovudsak ligg i den "indre sona", dit også storparten av innbyggarane i stripa har flykta (den tredje største byen, Rafah på den egyptiske grensa, ligg i den israel-styrte sona. Dei austlige delane av Gaza City og Khan Younis ligg også bak den gule lina). På kartet ser vi også ei raud line lenger bak, dit Israel skal etter planen trekke seg tilbake når "andre fase" av planen blir sett i verk, og vi ser også buffersona som Israel skal ha permanent. Men ingen av dei to ser ut til å ha noen realitet, situasjonen er heller at israelske styrkar utan særlige hemningar går over den gule streken og slåss mot det dei kan finne av fiendar (eller andre) i den indre sona. 

Grunngivinga er naturligvis at det ikkje er noen anerkjent autoritet som styrer over denne indre sona. Planen er at det skal komme ein eller annan slags internasjonal styrke, i hovudsak sett sammen av andre arabiske land - kanskje også av palestinske politistyrkar - men ingen arabiske land har sagt seg villige til å delta i noen slik styrke. Det ville også vere eit mareritt for dei som skulle prøve, så lenge Hamas av alle blir oppfatta som ein paria som "ein ikkje kan snakke med", samtidig som Hamas, i mangel av noen andre, har tatt slik kontroll det er mulig å ha i den indre sona. Hamas skal etter planen avvæpnas, men oppfattar denne planlagte Trump-inspirerte styrken som marionettar for Israel og vil ikkje frivillig overgi seg - og provinsen - til eit slikt styre. Faren er jo at sjøl om Hamas blir faktisk avvæpna og nøytralisert, vil også folk flest i Gaza oppfatte denne amerikansk-inspirerte (og kanskje tilmed amerikansk-dominerte) internasjonale styrken på samme måte. Og det er jo naturligvis også derfor Israel ikkje har skote ned denne planen; dels fordi den neppe kjem til å bli realisert noen gong, men også fordi dei vil sitte med bukta og begge endane om den faktisk skulle komme.

Men ut over at dei vil behalde kontrollen med Gaza-stripa, er det vanskelig å sjå kva som eigentlig er Israels planar for ho. Dei ytterliggåande er jo greie nok, dei vil ha alle palestinarane ut og fylle ut Gaza med jødiske busettingar. Men kor langt inn i realismens verd går desse vyane? Gaza har gjennomgått ei "desimering" i ordets eigentlige forstand (i den romerske hæren: etter eit nederlag vart kvar tiande soldat henretta som straff): Omlag kvar tiande Gaza-buar er enten drept (rundt 3-5 prosent av det totale folketalet) eller såra. Men det er att rundt to millionar. Skal dei fordrivas, må dei jo fordrivas til ein stad. Så lenge Egypt klarer å hindre ei storskala fordriving på bakken mot Sinai (og Golf-landa vil nok heller ikkje kunne godta det, derfor kjem USA neppe til å akseptere ein folkemarsj mot Sinai med bajonettar i ryggen), så må dei fordrivas med fly. Tjue tusen flygingar, om alle skal ut. Og kvar helst? Og her går det nå kaldt nedover ryggen på dei mest pessimistiske: Israel anerkjente i jula Somaliland som eigen republikk. 

Ein somalisk draum?


Somaliland er den nordligaste delen av Somalia, den biten som har kyst mot Raudehavet. Det var ein britisk koloni fram til 1960 (mens den større delen i sør var italiensk). Dei hører klart sammen med somalisk som språk, så dei to koloniane gjekk sammen til republikken Somalia ved sjølstendet. Men då Somalia braut saman i borgarkrig i 1991, reiv denne nordlige delen seg laus og erklærte seg sjølstendig. Ingen land i verda har anerkjent denne staten, ut frå prinsippet om at grensene etter kolonitida skulle vere urørlige. Men staten ligg der, og m.a. prøvde Norge å erklære Somaliland for "trygt" og sende somaliske flyktningar dit for noen år sidan. Det første flyet med norsk politi og flyktningar kom så langt som innflygning til flyplassen i hovudstaden Hargeisa då det kom under kraftig eld frå militsar og måtte gjere vendereis tilbake til Norge. Så Somaliland var nok ikkje så trygt likevel. For tre år sidan mista dei ein større del av landet til ein pro-somalisk milits (altså tilhengarar av union med resten av Somalia), og det er stadig uro mellom ulike grupper i landet. 

Men Israel har altså nemnt Somaliland som eit av dei landa som kan vere aktuelle mottakarar av palestinarar frå Gaza. Som vi kan forstå, er dette eit utfattig land, det har fjerde lågaste GDP pr innbyggar i verda, og har omlag seks millionar innbyggarar. At dei skulle vere villig til å ta imot to millionar flyktningar frå Gaza - eller ein gong ein vesentlig del av desse - forstår vi raskt ikkje går. Landet har ingen særlige naturlige ressursar, det lever i hovudsak på tilskot frå emigrantar. Tanken skulle kanskje vere at dei "overførte" flyktningane skulle bli finansiert internasjonalt, men det er jo berre Israel som har anerkjent Somaliland, og Israel betaler ikkje for palestinarar i utlegd. Ikkje USA heller. Og, vi kan nok også legge Golf-landa til dei som vil betakke seg. Så sjøl om Somaliland er jo glad for at dei for første gong bryt ut av diplomatisk isolasjon (til eit anna ganske isolert land), så vil nok ikkje denne våte draumen til det israelske ytre høgre kunne bli noen realitet. 

Har Israel ein plan?

I mangel av ein internasjonal styrke (som Israel aldri har akseptert før, kor pro-amerikansk denne styrken enn måtte vere) og i mangel av ein ekte palestinsk representasjon - der Israel ikkje ein gong vil godta myndigheitene i Ramallah, PA som palestinarar flest ser som Israels handlangarar og som Israel formelt samarbeider med - så er det vanskelig å sjå kven israelarane skal snu seg til. Dei med meir kaldt hovud i det israelske militæret vil heilt sikkert minst av alt bli ståande som ein permanent okkupasjonshær, det vere seg på den eine eller begge sider av den gule lina. Dei veit at dette vil føre til evige krigshandlingar med stadige tap. Det er tydelig at Netanyahu gjerne vil ha evig krig, iallfall fram til neste valg men gjerne lenger. Men for dei militære, som ser både materielle tap og drepte soldatar, kan ikkje det vere ei løysing på lengre sikt. Forsøket på å mobilisere opp lokale palestinske militsar eller "klanar", i stor grad tidligare kriminelle gjengar, ser ikkje til å vere meir enn eit fikenblad, dei kan ikkje erstatte den israelske hæren i den okkuperte sona. Derfor ser det ut som om vi står i ein fastlåst situasjon utan noen klare og logiske valg framover. At Israel berre skulle gi seg og trekke seg ut, utan noen stabil kraft i Gaza, kan vi sjå bort frå. Og sjøl om Hamas mot formodning skulle bli endelig nedkjempa - etter f.eks. ein ny israelsk bakkeinvasjon inn i den "indre sona" - så vil dei heilt sikkert bli erstatta av andre motstandsgrupper, slik vi såg tendensar til på Vestbreidda for tre-fire år sidan. Det er vanskelig å sjå for seg korkje utfall (1) eller utfall (2) slik situasjonen på bakken i Gaza nå er. Størst fare er det vel for at krigen utvidar seg til ein tilsvarande situasjon på Vestbreidda, men heller ikkje der er det lett å sjå korleis det vil føre til ei realistisk løysing. 


Sudan: Mot deling av landet?

Den andre krigen som har ført til forferdelige øydeleggingar dei siste to åra, er borgarkrigen i Sudan. Her har det som måtte vere av forsøk på forhandlingar stranda, mens frontlinene har flytta på seg fram og tilbake. Nå ved årsskiftet ser det ut som vi kan få noe som liknar på ei deling av landet. Sudan har jo vore i krig mange gonger før, men i alle tidligare krigar har kjerneområdet i landet, den sentrale Nildalen med hovudstaden Khartoum (der det meste av den politiske og sosiale eliten kjem frå) vore relativt skåna frå aktive kampar. Akkurat dette var det som gjekk tapt da konflikten mellom dei hærane, regjeringshæren og militsen Rapid Support Forces (RSF) kom i kamp i 2023. Da var det nettopp i Khartoum dei verste kampane foregjekk, og store delar av byen vart lagt i ruinar. Regjeringa trakk seg tilbake til Port Sudan på kysten, mens alle som kunne av Khartoums innbyggarar flykta, mange til Egypt eller til fjernare land. 

I fjor såg det ut til at RSF hadde festa grepet om Khartoum i tillegg til sin historiske base vest i landet. Det vart snakk om at kanskje dei ville gå seirande ut, og deira leiar "Hemedti" Dagalo såg seg kanskje som Sudan neste leiar. Men i 2025 samla regjeringshæren seg til motangrep, og har nå kontroll over både hovudstaden og det meste av Nildalen. Mot slutten av året slo RSF tilbake og tok hovudstaden i den vestlige provinsen Darfur, El Fasher, etter harde kampar og meldingar om grove massakrar mot sivile. Det er elles ikkje nytt for denne herja provinsen, ikkje minst frå RSFs forgjengar for tjue år sidan, Janjaweed-militsen. Regjeringa har fortsatt noen områder i vest, men kartet ser nå noe meir klart ut, med RSF i stor grad i kontroll i den vestlige delen av landet, mens regjeringshæren styrer i det meir folkerike og ressursrike området i Nildalen og aust i landet. 

RSF i det oransje feltet
Dette skiftet har nok også noe med den internasjonale innbladinga i krigen å gjere. Alle observatørar er klare på at RSF i all hovudsak er støtta både med pengar, men ikkje minst med militært utstyr, frå Emirata. Dei har også hatt støtte frå Russland og andre, og betalingsmiddelet skal vere gull som RSF kontrollerer og formidlar til sine støttespelarar. Regjeringshæren ha på si side alltid hatt klar støtte frå nabolandet Egypt, men denne har ikkje hatt samme betydning som Emiratas pengestraum. I det siste året har derimot hæren fått styrka sine tilskott utanfrå, ikkje minst frå Tyrkia, som alltid ser Emirata som ein rival i regionen. I det siste har også Saudi-Arabia falle ned på regjeringas side og begynt å furnere dei med ressursar. Tilsammen har dette vore med på jamne ut balansen av internasjonal støtte til krigen. Men det betyr jo også at det ikkje er noen særlig tyngde frå desse landa på å avslutte krigen, støtten fører jo berre til at kampane held fram.

Det er over hundre år sidan Darfur-provinsen vart endelig innlemma i det som da var anglo-egyptisk Sudan (i 1916). Regionen har alltid vore ein utkant med sin eigen identitet. Kan vi tenke oss at Sudan kan bli delt i to, etter at det i 2006 mista den sørlige delen av landet til republikken Sør-Sudan? Det er for tidlig å tenke seg dit, frontlinene er fortsatt i rørsle, og det som er tapt i går kan bli vunne i morgon. Kordofan, som tilhører vest-Sudan historisk sett, er delt på midten mellom dei to hærane. Men først fremst er det tvilsamt om Darfur kjenner seg representert av RSF og deira ex-Janjaweed-militsar. Konflikten for tjue år sidan dreide seg om ressursar, og i ein autonom RSF-styrt region i vest vil denne konflikten, og dei såra som drap og undertrykking nå fører til, gjere at eit slikt styre ikkje vil kunne vere stabilt. Så, sjøl om delinga av Sudan i vest og aust skulle skje, så vil nok det også bli eit resultat av type (3), varig konflikt og ikkje (2), varig kompromiss.   


Vil Sør-Jemen gjenoppstå?

Ein liknande fastfrosen konflikt er den i Jemen. De facto er landet nå delt i hovudsak etter dei grensene som eksisterte i kolonitida fram til 1969 og vidare fram til Nord- og Sør-Jemen vart samla i 1990. Det vi kallar "Houthi-militsen" har nå etablert seg som ein eigen stat og styrer det meste av det gamle Nord-Jemen, med unntak av Marib, eit område som ligg rett aust for det Houthi-styrte fjell-landskapet og er kontrollert av den internasjonalt anerkjente regjeringa. Houthiane har sin basis heilt nord i landet, men styrer også i det meste av kystområdet i vest (det blå området på kartet). Frontlina mellom Houthiane og regjeringshæren har vore relativt rolig i dei siste åra. 

Derimot har det skjedd ting i sør. Her har den saudi-støtta og internasjonalt anerkjente regjeringa hatt ein ustødig allianse med krefter som heller vil gjenopprette den gamle republikken Sør-Jemen. Desse har heile tida hatt støtte frå Dei foreinte arabiske emirata, som dermed stadig meir framstår som rival til Saudi-Arabia (slik vi også såg i Sudan). I byrjinga av desember tok dette "Sørlige overgangsrådet" makta i heile sør-Jemen og skauv nasjonal-regjeringa til sides. Denne har nå kontroll berre i det vesle området Marib i nord. Nå var Emiratas deltaking heilt openlys, sjøl om dei kan ha blitt tatt på senga av omfanget av offensiven. Sentralt her er det tørre området Hadramaut i aust, som gjennom borgarkrigen stort sett har halde seg unna kamphandlingar. Gjennom alliansar med stammane i området fekk overgangsrådet også dette området med i sine planar. Heilt sist i desember tok Saudi-Arabia bladet frå munnen og bomba havnebyen Mukalla i Hadramaut, som altså var halden av det som til nylig var deira allierte. Emirata har gjort avbikt, og seier nå dei vil trekke seg ut av Jemen. Men det har dei sagt før. 


Det er eit religiøst-politisk aspekt ved dette, som kan komplisere. Houthiane hører til ei retning som kallas Zaydi-islam (ein variant av sjiisme, men ulik den i Iran). I politikken i Jemen før borgarkrigen var det viktigaste religiøse partiet Islah, eit sammensatt parti der sunniske grupper som stod nær Det muslimske brorskapet i Egypt var sterke (men ikkje einerådande). Dei støtta den internasjonalt anerkjente regjeringa, den som Saudi-Arabia og Emirata førte krig på vegner av mot Houthiane. Men både Emirata og Saudi-Arabia er som vi veit sterkt mot Brorskapet, som dei ser som ein fare for sine regime. Dette kan ha bidratt til at Emirata støtta det (relativt sekulære) opprøret i sør mot regjeringa. Mens Saudi-Arabia altså gav si støtte til denne og samarbeidde tydeligvis nært med Islah. 

Dette er altså ei heilt ny utvikling. Realiteten kan altså bli at felles-republikken frå 1990 blir oppløyst, dersom Houthiane gir opp eventuelle ambisjonar om å styre i sør (som ligg langt unna deira kjerneområde), og dei som nå styrer i sør - som aldri har hatt ønske om å styre i nord - klarer å få Saudi-Arabia, og med dei verda rundt, til å anerkjenne sin sør-republikk. Men inntil vidare er dette så ferskt, at situasjonen kan vere endra i det dette blir lest. I så fall vil Jemen kunne falle over i den positive kategorien (2), eit de facto kompromiss med fred, men enn å lenge må vi nok rekne også dette landet til (3), land med pågåande konflikt utan openbar løysing i sikte. 


Kva skjer i Syria?

Der har vi altså tre land; Gaza, Sudan og Jemen, der det er vanskelig å sjå ei løysing. Men kva med Syria, som altså var det landet der vi såg ei dramatisk endring i fredelig retning: eit regimeskifte der den nye leiarskapen ikkje berre påstod, men langt på veg vart trudd på at han ønska ei gjennoppbygging av landet der alle skulle vere med. Korleis har det gått?

Dette er litt omstridt; noen peiker på dei kampane som har vore i landet i året som gjekk og advarer mot å gi for mye tiltru til den gamle Qa'ida-tilknytta jihadisten Ahmad al-Sharaa. Andre, og ikkje minst mellom dei den uberegenlige ny-gamle presidenten i USA, vil gi Sharaa ein sjanse. At den lokale leiaren av terrorist-gruppa Nusra-fronten, al-Qa'idas avdeling i Syria, skulle bli tatt imot i Det kvite huset av ein reaksjonær president - og ikkje mindre at han sjøl var villig til å besøke Babylons horer - fell absolutt inn i kategorien "hadde noen sagt før så ville eg tru han var gal". Men slik vart det. 

Er det rettast å vere skeptisk eller optimist? Litt begge delar. Dei skeptiske peiker på kampane som har vore i det siste året mellom dei nye herrane og to minoritetsgrupper, alawiane i nord og druzarane i sør, og meiner dette viser regimets sanne ansikt. Trulig er det rettare å sjå dette som vokstersmerter som det, kanskje litt kynisk vurdert, ville vere urealistisk å vente vi kunne unngå. Det gamle regimet fall så fort at det måtte hekte igjen problem som ville utløyse konflikt i eit land med ein blodig borgarkrig, ikkje minst langs etniske skilleliner, i over ti år. 

Ser vi på dei to, så er dei litt ulike, men har dei felles at dei oppstod begge i kjerneområda til ei av etniske gruppene i Syria. Lattakia-provinsen i nordvest er der alawiane har sin basis. Ikkje alle alawiaer stod bak president Assad, men dei fleste kjente seg uthengt som regime-støtter, sidan regimet hadde blitt identifisert med denne minoriteten. Dei lokale alawi-militsane i denne provinsen fall derfor ikkje i grus slik regime-styrkane gjorde i resten av landet. Derimot begynte dei utover våren å prøve hevde seg mot det nye styret, som var tynne på bakken - det var ein eigentlig liten styrke som skulle ta kontrollen over eit stort land. Det nye regimet til Sharaa hadde ikkje eigne soldatar å sette inn, og ba derfor ein alliert milits frå Idlib i nabolaget å prøve få kontroll. Desse var i staden ute etter hemn, men også alawiane hadde sitt å hemne. Dermed byrja begge grupper å massakrere sivile frå den andre sida. Politistyrkar i regionen prøvde å gå i mellom, men vart raskt skove til sides. Først etter ei tid klarte regjeringa å få kontroll over situasjonen. Men i ettertid vart det lokalt klaga over at dei "regjeringstru" militsane ikkje vart stilt til ansvar for det dei hadde gjort. 

I sør hadde Assad-regimet og opprørarane komme fram til eit modus vivendi i løpet av borgarkrigen. Opprørarane gav frå seg dei tyngre våpena, men fekk behalde lette våpen og vart i praksis latt i fred av regimet, så lenge dei ikkje gjekk utover sitt eige område. Dei fekk altså i praksis autonomi i sine byar, regimet var opptatt med krigføring i andre delar av Syria og kunne ikkje bry seg. Då regimet fall, vart dei lokale naturlig nok uroa for at dette lokale sjølstyret skulle gå tapt med ei ny sentralregjering. Sharaa var faktisk opptatt av å hindre at landet fall ned i stridande småsamfunn med sine eigne militsar og hærar, og forlangte at alle lokale militsar måtte gå opp i ein felles nasjonal hær. Under Sharaa og hans HTS-milits sin kontroll, svarte då dei i sør; ikkje aktuelt. Forhandlingar vart ført, og eit kompromiss vart likevel funne. 

Men ikkje alle var samde i det, og nå kom Israel inn. Mens USA såg med velvilje på ei normalisering i Syria, såg Israel det som ein sjanse til ekspansjon. Dei gjekk derfor over grensa og tok kontroll over nye område, utan at Sharaa kunne gjere noe med det, og gjekk til allianse men ein druzar-leiar i sør for å bekjempe den nye regjeringa. Andre druzar-leiarar tok avstand, men det kom til kampar. Igjen gjekk Sharaa til ei lokal gruppe for å få kontroll på situasjonen, og igjen gjorde desse, arabiske beduinar, vondt verre. Dei gjekk til allmenne åtak på den druziske minoriteten, som svarte og igjen vart det kampar med sivile tap. 

Det er lett å sjå begge desse lokale konfliktane som eit resultat av det nye regimets svake posisjon på bakken. HTS var aldri meir enn ein lokal milits i Idlib, og når den vann så lett over Assad-hæren, så var det fordi denne kollapsa. Men for å få styring over heile Syria måtte Sharaa bygge på gamle allierte og andre som han kunne gi lokal kontroll. Openbart var ikkje alle av desse heilt med på Sharaas "alle skal med"-politikk og hadde ting dei skulle hemne, og på den andre sida var det altså ikkje alle som var villig til å gi opp utan kamp det dei hadde hatt under Assad. Dette er ikkje meir enn vi måtte forvente (og vi spådde vel at noe slikt ville skje).

Ahmad al-Sharaa

Det er vanskelig å sjå Sharaas eigne handlingar som meir enn seriøse forsøk på å sette gjenoppbygging av landet i fokus. Utviklinga av demokratisk styre går sakte, det er HTS og Sharaa som bestemmer. Men igjen, slik må det nesten vere slik situasjonen var etter krigen. Det kan fortsett vise seg at Sharaa faktisk vil bli ein diktator, eller han kan bli ein autoritær "landsfader" med støtte i befolkinga som blir gjenvalgt til han dør. Eller han kan faktisk opne vegen for reelt demokrati. Det veit vi ikkje ennå. Demokrati kjem ikkje av seg sjøl, og Syria manglar mange av dei viktigaste komponentane vi vel treng for å få reelt demokrati. Men ein "landsfader" som faktisk gjenoppbygger landet utan å undertrykke minoritetar og andre, ein syrisk Nasser eller Atatürk vil kanskje ikkje vere det verste. 

Vel, Atatürk undertrykte faktisk minoritetar, spesielt kurdarane. Og dette er, meir enn alawiar og druzarar, det farlige spenningsfeltet i Syria. Også her har Sharaa forlangt integrasjon, ikkje minst av den kurdisk-dominerte militsen SDF, inn i hæren, mens dei insisterer på å vere ei eiga eining, både i staten Syria og i hæren. Forskjellen er at ulikt druzarane kontrollerer kurdarane ein stor del av Syria, rundt ein firedel og med oljeressursar. Sharaa vil nok måtte godta ei form for autonomi for "Rojava", anten det blir alt land aust for Eufrat (inkludert oljefelta), eller berre den stripa i nord som er det faktiske Rojava, området der kurdarane er i fleirtal eller stort mindretal. Men ein eigen kurdisk militær styrke er langt vanskeligare. På den andre sida har han ikkje noe særlig valg, å gå til krig mot kurdarane er trulig ikkje eit alternativ å tenke på, det vil rive grunnen under gjenreisinga av Syria. Da heller trulig eit sakte arbeid for å trekke arabiske stammar i nord-aust nærmare regjeringa og ut av alliansen med kurdarane. 

Kurdarane er heller ikkje i noen god posisjon. Regjeringa i Damaskus har godt samband med Tyrkia, kurdaranes arge motstandar, og kurdar-leiar Öcalans forslag om fredsløysing for kurdarane i Tyrkia føreset konsesjonar for dei syriske kurdarane. Kanskje mest avgjerande for kurdarane er den, igjen uforutsigbare, presidenten i USA. Han har lenge snakka om å avslutte USAs støtte til kurdarane, og ser nå ut til å slutte rekkene med det nye styret i Damaskus. USA bomba nylig ein IS-base i Syria, og her var det Damaskus og ikkje kurdarane som amerikanarane samarbeidde med. Utan det som er att av amerikansk nærvær på bakken i Rojava, kan det blir kritisk for den kurdiske autonomien.

Denne uløyste konflikten med kurdarane er altså det som kan bli den vanskeligaste utfordringa til det nye styret i Damaskus. Vi må håpe at kjølige hoder der - og så langt har dei vore ganske kjølige - innser at denne ikkje kan løysas med væpna kamp, så vi kan få eit kompromiss alle kan godta, men sprengstoffet ligg der. 


Nord-Afrika: stillstand og autoritære regime

Lenger vest i Nord-Afrika har året i hovudsak vore prega av konsolidering og stillstand. I krigsherja Libya er situasjonen meir og meir etablert nå med to regjeringar, ein FN-støtta i Tripoli, og ein sjøloppretta under marskalk Khalifa Heftar i Benghazi i aust. Den siste ser meir og meir ut til å vere eit einmanns-show frå Heftar, sjøl om han har eit parlament i ryggen. Dette viste seg ved at han i haust utnemnde sonen Saddam Heftar til etterfølgar, i ein alder av 82 år ville han sikre arverekkefølga, ulikt det Mu'ammar Qaddafi gjorde i si tid. Heftar har elles merka seg ut som ein viktig part i borgarkrigen i Sudan. Han er ein sentral støttespillar for opprørsgeneralen der, Hemedti og RSF i Darfur. Heftars aust-Libya er både kanal for våpen (ikkje minst frå Emirata) inn til RSF, og det er også rapportar om at han har sendt soldatar til støtte for kollegaen. 

Den autoritære presidenten i Tunisia, Kais Saied, som vart gjenvalgt utan opposisjon i 2024, har stramma til styret med stadig sterkare kontroll over retts- og maktapparatet. Han har fengsla fleire opposisjonelle som er dømd til lange straffer. Sjøl om Tunisia alltid har vore nær knytt til Europa, er Saied blitt meir og meir EU-fiendtleg og isolasjonistisk. Tunisia har omfattande handel med EU, og er som kjent eitt av landa EU trur dei skal kunne utplassere flyktningemottak. Ikkje desto mindre blir Saied stadig skarpare i tonen mot "europeisk innblanding" i Tunisias eigne affærar. 

I Algerie er det på overflata rolig under militærstyret som har hatt makta sidan det for tidlig avslutta opprøret i 2019. Rapportar fortel om rivningar mellom fraksjonar innanfor militæret, men det ser ikkje ut til å hindre at regimet sit trygt, først og fremst i mangel på ein klar opposisjon som kan utfordre dei. 

For styret i Marokko har nok dette vore eit godt år, trass i ein del ungdsomopptøyer frå "Generasjon Z". Men dei har funne ein ven i Det kvite hus, og med solid press frå USA vedtok Sikkherheitsrådet i FN i november at Marokkos plan om "autonomi" under marokkansk styre var den "mest realistiske" utvegen for Vest-Sahara. Etter at FN i alle år har krevd folkerøysting for avgjere spørsmålet om Vest-Sahara, er altså dette eit nederlag for dei som arbeider for sjølstende for regionen, og trulig også for Algerie som i større eller mindre grad har støtta dette kravet. 

Ingen kommentarer: