lørdag 16. juli 2016

Syria: Samordning USA og Russland?

Dramatiske dagar både i Frankrike og Tyrkia, vi ventar på å høyre meir om kva som ligg bak. Men i tillegg til det har det også komme signal om at det kan skje dramatiske endringar i Syria. Rett nok nektar USAs Kerry å komme med detaljar om det som blir drøfta mellom han og Russlands utanriksminister, men om rapportane om eit samarbeid mellom dei to i Syria slår til, kan det få store konsekvensar, og kanskje også skvulpe over til Norge.

Kor sterk samordning?
Det står mye att å greie ut, seier Kerry. Men det som ser ut til å vere intensjonen bak, er ei eller anna form for samordning av luftåtaka på IS og på Nusra-fronten, som er Qa'idas avdeling i Syria. Det høres jo både logisk og fornuftig ut å samsnakkas sidan begge kjempar mot desse to terror-organisasjonane, og dei fleste vil nok sjå det som svært positivt å bekjempe både IS og Qa'ida - sjøl om ein meiner at ein også må bekjempe årsakane til at dei to oppstår.

Men går vi nærare inn i detaljane, kan det bli meir problematisk, fordi situasjonen i Syria er så komplisert som den er. Det er først og fremst to spørsmål som reiser seg.

Det første gjeld Nusra-fronten og dei andre opprørsgruppene. Å slå til mot IS er ikkje noe stort problem der, for alle dei andre er mot IS og ser gjerne at dei blir knust. Men Nusra-fronten har eit mye meir innvikla forhold til dei andre. Og her får vi ta dei enkeltvis:

  • Tettast på Nusra står gruppa Ahrar Sham, som er ei stor og effektiv islamistisk opprørsgruppe. Før 2011 hadde fleire av leiarane god kontakt med Qa'ida, men dei har moderert seg kraftig i ideologi, og står nå heller for ein nasjonal sterkt konservativ islamisme. Dei vil ikkje lenger innføre shari'a i landet og godtar fulle rettar til religiøse minoritetar, har dei iallfall sagt. Meir viktig nå er at dei aktivt søker støtte frå Vesten og USA, mens Nusra meiner det motsatte på alle desse punkta. Ahrar er heilt imot terroraksjonar utanfor Syria, slik Qa'ida driv med (Nusra sjøl er ikkje aktive utanfor Syria).
    Ikkje desto mindre har Ahrar og Nusra tett taktisk samarbeid på bakken, dei har ein felles militær front kalla Frigjeringshæren (Jaysh Fatih), og langt på veg styrer dei sine område i fellesskap. Rett nok er Ahrar sterkare i noen område (Aleppo) og Nusra i andre (Idlib), og dei kan vere usamde, Ahrar kritiserte Nusras taktikk i Aleppo nylig, men det blir vanskelig å skille dei frå kvarandre. 
  • Det finnes også andre konservative islamistar (salafistar) som ligg Ahrar nær, men utan å delta i Jaysh Fatih, slik som gruppa Jaysh al-Islam nær Damskus. Både Ahrar og Jaysh al-Islam er tunge deltakarar på opprørssida i dei forhandlingane som ikkje lenger foregår i Geneve. 
  • Dei "moderate" i den Frie Syriske Hæren (FSA) er ei sammensatt gruppe. Mange sekulære deltar der, men også islamistar frå Det muslimske brorskapet. Dei har til tider vore i konflikt med Nusra, men samarbeider også med dei taktisk, dei har til tider også styrt frigjorte område sammen med Nusra. I dei siste daganes kampar i Aleppo kjemper grupper frå Nusra og Brorskapet sammen mot regimet. 
  • Utanfor desse, har vi kurdarane som nå i hovudsak arbeider innanfor ein USA-støtta allianse kalla Syrian Defence Forces på engelsk. Alle dei ovanfor nemnte er i konflkt med kurdarane, fordi dei alle insisterer på eit foreint Syria i framtida, mot kurdaranes forsøk på autonomi. Dei har alle, men spesielt Nusra og Ahrar, angripe den kurdiske regionen tidligare i borgarkrigen, sjøl om FSA sendte noen soldatar til forsvaret av Kobane mot IS. 
  • Og så har vi USAs nye gruppe, den som også Norge deltar i opptreninga av, optimistisk kalla New Syrian Army. Dei er dermed mot IS, men er eit ubeskrive blad overfor dei andre gruppene - og overfor regimet. 
Problema er altså størst på toppen av denne lista. Russland insisterer på at Ahrar, som samarbeider med Nusra, må derfor terrorlistas slik som Nusra er det, og må bombas som dei. USA har så langt nekta, fordi det ville svekke kampen mot Assad kraftig også å rette våpena mot Ahrar. Da vil heilt sikkert også andre islamistgrupper, men trulig også FSA og dei andre større gruppene snu seg mot utlendingane. USA vil da bli ståande att med kurdarane i SDF, og kanskje sine eigen vesle New Syrian Army, om dei kan kontrolleras. Meir konkret: Det vil dermed opne for bombing av det aller meste av dei områda som er halde av opprørane, der enten Nusra sjøl eller noen av dei andre er til stades, og dermed bli det samme som Russland alt er: Flystøtte til Assad-regimet mot opprørarne. 

USA må derfor bestemme seg. Det taktisk beste ville vere å bryte alliansen mellom Ahrar og Nusra, slik at ein fekk reine liner: Nusra for seg (bombas), og Ahrar, FSA og dei andre for seg (ikkje bombas). Dette er ikkje heilt umulig: Ahrar har begynt å sjå kva veg det går, og det er tydelige signal derfrå nå om å markere større avstand til Nusra. Det ville heller ikkje vere vanskelig for dei ideologisk. Men det vil ta tid, så sammenvikla som dei nå er på bakken.

Kven skal ta over?
Det andre spørsmålet er jo naturligvis kva som skjer dersom Russland / USA vinn fram med målet sitt og IS blir kasta ut av sine områder. Dei er jo alt svekka, så dette er ikkje berre ønskedrømmar, sjøl om det kan ta tid før ein kjem så langt. Kven skal komme i staden? Det står fullstendig opent. Russland vil naturligvis meine at syriske regjeringsstyrkar skal ta over, slik dei gjorde i Palmyra. USA veit ikkje heilt. Ikkje Assad, iallfall, men dei støtter altså nå to grupper, SDF og kurdarane i nord, og New Syrian Army i sør og aust. SDF har openbare begrensingar, kurdarane kan ikkje og vil ikkje gå særlig utover sin avgrensa region, og dei arabarane som er med i SDF er få og svake. Den andre, NSA, viste musklar nylig da dei gjorde eit framstøyt mot ein grenseby sør for storbyen Deir ez-Zour, men vart kjapt drive tilbake av IS-styrkar. Vi veit altså ikkje kven desse NSA er, kva dei vil, kven dei vil samarbeide med. Men dei må trulig vere alt for svake på eiga hand til å vere kandidat til å ta over styringa av dei store områda IS nå har, og dei vil heilt sikkert ikkje kunne møte Assad-styrkane åleine i ein kamp om desse områda.

Det kan altså bli eit kappløp og ein kamp mellom tre-fire partar: Assad-styrkane, opprørsstyrkane med eller utan Nusra (om dei ikkje er nedkjempa), og NSA. Og da er spørsmålet om kva Kerry og Ivanov vil komme fram til korleis dei har tenkt å takle det, når dei støttar ulike krefter på bakken. For USA opent å skifte side og akseptere at Assad nedkjempar opprørane, med dei brutale metodane som han har brukt og ein kan rekne med han vil bruke, vil vere svært vanskelig for USA å svelge. Det er derfor ikkje rart at Kerry treng noe betenkningstid for å finne ut kva USA eigentlig skal ha for strategi framover i Syria.

søndag 10. juli 2016

Irak: Kva om det ikkje hadde vore noen krig?

Chilcot-rapporten har satt invasjonen i Irak i 2003 i søkelyset igjen. Blair orsakar seg med at det var umulig å vite kva som ville skje, men nesten alt som følgde invasjonen var forutsagt på forhånd. Eg kan hente fram mine eigne observasjonar, og eg var ikkje spesielt profetisk. Sunni/shi’a-konflikten kom raskare og sterkare enn eg trudde, men resten var på plass: At dei ikkje ville finne masseøydingsvåpen (eller ikkje så mye at det var ein trussel, sa eg forsiktigare), at det ville føre til oppblomstring av Qa’ida, som da ikkje fantes i Irak, at det måtte bli varig politisk kaos. Einaste håp for stabilitet var ein ny autoritær leiar frå den einaste faste strukturen i landet, hæren, skreiv eg - men så oppløyste altså amerikanarane hæren, så dermed var det ute.

Kva om?
Men kva om vi snur denne spåmannskunsten på hodet? Korleis ville Midtausten ha sett ut i dag om Bush og Blair ikkje hadde invadert Irak? Historikarar som meg er generelt skeptiske til slik ”kontrafaktisk” historie, for i den røynelige historia er så mange faktorar vevd sammen, så vi veit ikkje kva vi skal forandre og kva som skal stå - om Hitler hadde døydd i 1925, ville ein annan høgre-nasjonalist rusta Tyskland opp til krig likevel?

Men her er det likevel relativt enkelt, sidan Bush sitt ønske om å invadere hadde så lite med den faktiske situasjonen i Irak å gjere. Vi kan lett fjerne denne variabelen, invasjonen, frå tankekartet og sjå kva som da ville skjedd frå 2003 og framover - og kva som ikkje ville skjedd.

Jihadisme, men ikkje IS
IS hadde ikkje eksistert. Det er eit ektefødt barn av Irak-krigen. Vi ville jo fortsatt hatt jihadisme rundt om, Qa’ida eksisterte i Pakistan, i Jemen, Somalia (Shabab) og andre stader. Men dei hadde vore svakare utan den oksygen-tilførselen som Irak-krigen gav dei, og utan det territoriet som dei fekk i Irak. Dei ville fortsatt hatt sympatisørar i Vesten, og dei sosiale og identitets-problema som gir næring til ”fremmedkrigarar” ville ikkje vore annleis. Men utan oksygenet frå Irak-krigen, hadde mange av desse kanskje fortsatt drive med tradisjonell kriminalitet heller enn massemord, eller hatt ein ideologi som ikkje heilt tok steget over i praksis. Det ville fortsatt vore terror i Europa, men kanskje meir sporadisk enn det vart.

Konfliktane mellom sunniar og shiaer i vår tid ser ut til å stamme frå Afghanistan-krigen, og får næring av rivaliseringa mellom Iran og Saudi-Arabia. Begge desse er uavhengig av Irak. Men vi har aldri sett maken til den borgarkrigen mellom sunniar og shiaer som oppstod der frå 2005, påtent av Qa’ida/IS-leiaren Zarqawi. Vi kan godt tenke oss at utan Irak-krigen, og dermed utan Zarqawi og IS, så ville rivaliseringa mellom dei to islam-retningane vore mildare enn den er i dag. Utan eit shia-styre i Irak (om enn demokratisk rettferdig!) så ville Saudi i langt mindre grad kjent seg omringa av stadig fleire Iran-allierte statar. Gulfen hadde i større grad vore balansert mellom tre makter: Saudi-Arabia, Iran og Saddams Irak, i staden for to.

Saddam og regionale konfliktar
Spenningsnivået mellom Irak og dei andre arabiske landa i Gulfen var elles ganske lågt i 2003. Kuwait-krigen låg over eit tiår bak i tid, og Irak var i ferd med å bygge bru til Gulflanda. Det var forhandlingar om handel og anna samarbeid. Dette ville trulig ha halde fram. Saddam var sakte på veg inn i varmen. Irak var ikkje lenger sett på som farlig i regionen, og var da ein naturlig alliert mot rivalen Iran. Så lenge Saddams ambisjonar var under kontroll, var det i alles interesse å halde dette fram.

Men - og her kjem trulig det einaste rasjonelle argumentet som kan føras på Bush-Blairs side: Saddam var ikkje blitt snill. Ikkje berre var Irak fortsatt eit hardt diktatur, men det var nok ikkje etter eige ønske at Saddam mangla kjemiske og biologiske våpen (mens atomvåpen-faren var nok berre skremsel frå Bush). Det var fordi dei svært strenge FN-sanksjonane var effektive: Dei hindra Irak i å få tak i noe av den teknologien og råvarane som skulle til. Sanksjonane fungerte altså. Men dei gjekk også hardt ut over sivilbefolkinga i Irak, som vart ramma både økonomisk og i dagliglivet. Det kunne altså bli spørsmål om desse sanksjonane kunne haldas oppe i ubegrensa tid, om Russland og Kina t.d. ville få ”sanction fatigue”, og om protestane i Vesten (frå dei samme som vart krigsmotstandarar) ville vinne fram. Kunne eit mulig slakkare sanksjonsregime gitt Saddam muligheiter til igjen bygge opp eit kjemisk arsenal? Det vil vi altså ikkje få vite.

Saddam i den arabiske våren
Så langt kan vi altså rimelig trygt skrive situasjonen i 2003 framover i tid, i eit lite tiår. Men slik kontrafaktisk historie har problemet at det nettopp ser for seg ei stabil utvikling, kanskje ingen utvikling i det heile, etter “kva-om”-øyeblikket. I verkelig historie skjer det uventa og brå hendingar som kan snu utviklinga i uforutsigbare retningar. Eit slikt kom i 2011, med den arabiske våren. Dersom Saddam fortsatt hadde sitte trygt, utan noen invasjon, i 2011, kva hadde da skjedd?

Vi kan rimelig gå ut frå at Våren hadde komme uansett. Den starta i Tunisia og Egypt, langt frå Irak, og hadde i liten grad bakgrunn i internasjonale konfliktar av typen Irak. Opprøret som spreidde seg til Libya, Syria og Jemen hadde nesten heilt sikkert også ført til tilsvarande protestar i Irak, for motiva bak opprøret - økonomisk nedgang, det langvarige diktatoriske styret, og diktatorens forsøk på å gjere eigne sønner til arvingar - var alle til stades like sterkt i Irak som i dei andre landa. Vi kan også rekne med at dette opprøret ville da blitt slått ned vel så blodig og komplett i Irak som i det, komparativt sett, mindre brutale regimet i Syria. Kva ville så skjedd?

Da blir det så mange variablar i spill at vi ikkje lenger driv med “alternativ historie” men med science fiction, vi må gjette eller lage oss scenarier. Vi må t.d. tenke oss når opprøret i Irak starta, og ikkje minst kvar, i sunni-dominerte Bagdad eller shia-dominerte Basra. Ville represjonen ha ramma shiaene spesielt, og dermed utløyst eit særlig opprør hos dei, eller - som i Syria - starta som eit breitt generelt politisk opprør mot diktaturet, og ville dette ha splitta seg sekterisk (som i Syria) eller halde seg samla mot regimet? Gjetningar.

Men vi kan iallfall tenke oss to mulige hovudutganger av ein slik arabisk vår i Saddams Irak:
  • Det eine er at Saddams erfaring og kapasitet med å undertrykke protest var nok til at han klarte det Assad og Qadhafi feila i, å knuse opprøret før det fekk utvikla seg. Kurdarane ville nok da ha halde seg i ro i nord, og om det hadde blitt eit breiare shia-opprør vil altså avhenge av kor protestane først fekk sitt tyngdepunkt. Det ville da kunne få ein smitteeffekt mot Syria og andre opprørsland, dersom dette skjedde tidlig i fasen, det ville kunne demotivert dei som da enda ikkje hadde utvikla protestane til revolusjon.
  • Det andre er at Saddams interne regime da, etter nok eit tiår med sanksjonar var blitt så svakt at han ikkje fekk bukt med opprøret, spesielt ikkje om eit breiare shi’isk opprør hadde oppstått i sør, med eller utan støtte frå Iran. Dette hadde blitt ein vel så bitter og blodig strid som i Syria, kurdarane hadde etter kvart kunne blitt involvert, og ikkje minst: USA, som i dette scenariet ikkje hadde gått gjennom den lutringa den “røynelige” Irak-krigen påførte dei, hadde nå mest trulig gått inn på opprøraranes side. 

    Dermed kunne vi fått samme situasjon i 2011 som vi faktisk fekk i 2003, med ein amerikansk invasjon som hadde som mål å fjerne Saddam, og som hadde klart det. Men dei samme tinga som gjorde politisk kaos uunngåelig i 2003 ville vore til stades. Sjøl om USA nå ville hatt eit faktisk opprør å støtte, er det vanskelig å tru at ei slik anti-Saddam-rørsle ville hatt meir å samle seg om etter at diktatoren var borte enn dei hadde i det homogene Libya. Og med USA-troppar på bakken var vegen igjen open for Qa'ida til å mobilisere, både mot utlendingar og eventuelt mot shiaer.


    Men noen ting ville vore annleis: Saudi-Arabia ville i denne situasjonen mest trulig vore solidarisk med sunnien Saddam i frykta for iransk innverknad, meir enn i 2003, og dermed kritisk til eller aktivt mot invasjonen. Om Iran hadde nærma seg USA meir enn dei faktisk gjorde etter 2003 - da dei jo, utan å snakke sammen, var felles gudfedre til regimet i Bagdad - veit vi ikkje, det blir for mange variablar. Da ville også opprøret i Syria fått ein annan valør; vi hadde altså ikkje hatt IS der, Qa’ida hadde nok vore der, men ikkje så sterke, mens USA da kanskje også her ville gått direkte inn på opprøraranes side, meir enn dei gjorde i den faktiske historia.

Så langt science fiction og “kva om”. Det kan altså vere slik at historia hadde blitt ikkje så forskjellig frå den vi faktisk har sett, berre med Irak-krigen av 2011 i staden for av 2003. Det ville støtte opp om eit historiesyn om at “det er drivkreftene som styrer historia, enkelt-hendingar og personar bestemmer berre formen, ikkje innhaldet i utviklinga”. Men det kan også vere at summen av desse forskjellane mellom det som faktisk hendte og det som kunne ha hendt, summerer seg opp til noe som ville blitt grunnleggande annleis enn det vi faktisk fekk av historie.

søndag 31. januar 2016

Syria: Fred i sikte?

På fredag starta dei nye fredsforhandlingane for Syria i Geneve. Eller, starta og starta, den eine parten var der, den andre var ikkje sikker på om dei var der eller ikkje. Eller forhandlingar, dei skal berre kvar for seg snakke med FNs representant, ikkje forhandle med kvarandre. Eller fred, tja, er det dette dei har som mål?

Det er altså mye som er uklart. Men det er iallfall eit framskritt at dei har tatt turen. Om ikkje anna, gir det oss muligheit til å sortere litt mellom kven som sit og ikkje sit ved bordet, og dermed kanskje få litt oversikt over kva media snakkar om.

Det er altså snakk om forhandlingar mellom regimet og opposisjonen i Syria. Den eine sida er grei, Assad-regimet deltar med sine vanlige diplomatar. Det er på den andre sida vi treng litt rydding og katalogisering. Kven er det som med på denne sida?

Dét er altså ikkje heilt krystallklart, men litt meir ser vi nå. For det første må vi skille mellom dei som er invitert og stiller i Geneve, og dei som ikkje gjer det.

Er ikkje invitert
IS er naturligvis ikkje invitert, målet med freden er jo eigentlig å kunne lage ein samla front mot IS. Det er heller ikkje overraskande at Nusra-fronten, den syriske filialen til al-Qa'ida ikkje er med. Ingen har komme på tanken å invitere dei, sjøl om dei ofte samarbeider med grupper som nå er på besøk i Geneve. Men Nusra-fronten har også sjøl prinsippielt avvist tanken om forhandlingar og ser jo på alle dei involverte stormaktene som sin fiendar, så dei har skarpt kritisert dei gruppene som deltar.

På andre kanten deltar heller ikkje kurdarane i PYD. Det er jo dei som best har klart å kjempe mot IS, men ved fleire høve har det vore i samforstand med regimestyrkar. Det er likevel ikkje opprørarane, men Tyrkia som har satt foten ned og klart å forhindre at PYD skal delta i Geneve.

Inviterte
Dei som er invitert, kan vi rekne i to grupper, ei stor og vesentlig, ei mindre og kontroversiell.
Den store er ei usedvanlig heterogen samling av opposisjonelle og opprørsgrupper som Saudi-Arabia klarte å samle til ein konferanse i Riyad før jul. Dei oppretta der den "Høge Forhandlingskomiteen", High Negotiations Committee eller HCN. Det er denne som i hovudsak kjem til å føre ordet for opposisjonen i Geneve. HCN samlar litt over 100 grupper og personar frå heile spekteret av opposisjon, frå sivile pasifistar, nasseristar og kommunistar, over store delar av den Frie syriske hæren FSA, til salafistar og påståtte jihadistar som Ahrar al-Sham og Jaysh al-Islam. 

Dette har ikkje skjedd utan bruduljar. HCN oppnemnte Muhammad Alloush frå Jaysh al-Islam som leiar for delegasjonen. Russland og regimet protesterte mot dette sidan dei reknar denne gruppa, som er sterke i området rundt Damaskus, for Qaida-liknande terroristar, og hadde nylig drept broren Zahran Alloush, leiaren i Jaysh al-Islam, i eit bombeåtak.

Den største av opprørsgruppene er trulig Ahrar al-Sham og dei har vore sterkt tvilande til å delta, dei har fleire gonger meldt dei ikkje vil vere der. Det er tydelig spenningar i gruppa mellom meir forhandlingsvillige røyster og dei som vil satse på kamp, og det vart beskrive som eit kupp frå dei førstnemnde at Ahrar til sist skreiv under på å delta. Dei ser nå ut til å vere med fortsatt, men det skal openbart ikkje mye til før dei hoppar av. I alt har HCN sendt ein delegasjon på 34 medlemmer til Geneve, av desse kjem 11 frå opprørsgrupper, resten frå eksil-opposisjonen (Nasjonal-koalisjonen) og sivile grupper. Men det er klart at det er desse elleve som må overbevisas til å legge ned våpna om ei våpenkvile skal ha noen meining.

Grunnen til at dei deltar trass sin skepsis, er openbart at Saudi-Arabia har lagt sterkt press på dei til å vere med, enten av eiga overbevisning eller fordi USA legg stor vekt på denne prosessen. Alle desse, også Ahrar og Jaysh al-Islam, får støtte frå Saudi-Arabia og er derfor påvirkelige frå dei, men tar openbart ikkje ordre frå dei og kan berre pressas så langt.

Ein ting dei har måtte godta, er at også den sivile, eller "patriotiske" opposisjonen blir invitert, etter at Russland insisterte på det. Dette er grupper som er kritiske til Assad, men også til opprøret og som held til i Damaskus, i ein viss grad tolerert av regimet. Opprørsgruppene stilte lenge som krav at desse ikkje skulle bli invitert, "iallfall ikkje på denne sida av bordet", som dei sa, mens Russland forlangte at både dei og kurdarane skulle delta. Sidan kurdarane var blokkert av Tyrkia, godtok derfor vertskapet FN som kompromiss at den patriotiske opposisjonen skulle få komme. Så får vi sjå korleis HCN taklar det, når samtalane skal komme i gang. At HCN er nesten reint arabisk, med berre ein handfull medlemmer frå dei mange etniske og religiøse minoritetane i landet, kan også bli problematisk på sikt.

Tema
Inntil vidare er det altså ikkje forhandlingar, berre parallele samtalar med FNs utsending, svensken Steffen de Mistura. Målet er likevel å få til forhandlingar på to spor, først ei våpenkvile, og så samtalar om politiske løysingar for landet. Alle medlemmene i HCN, også salafistane, har skrive under på ei målsetting om eit pluralistisk og demokratisk Syria for alle religiøse og etniske grupper. Men det kan jo bety så mangt. Noen grupper har også rapportert at Kerry frå USA har lagt press på dei for å godta at Assad blir sittande under denne første fasen med våpenkvile, noe Kerry nektar for å ha sagt, men det setter jo forholdet mellom "kort sikt" og "lang sikt" på prøve.

Noen har også likna dette med metoden til Oslo-prosessen, at ein først løyser det presserande (våpenkvile), og så skyver grunnproblema framover til "tilliten er oppnådd". Det er jo ikkje noen god presedens, men det går an å argumentere for at delmålet å få slutt på kampane ville vere ei stor vinning i seg sjøl, sjøl om det ville føre til ei meir eller mindre permanent fastfrysing av dagens frontliner og eit varig disfunksjonelt lappeteppe av grupper som vaktar på kvarandre med argusauge og evig mistenksomheit. 

Sjøl om ein skulle oppnå dette, som altså vil vere den ultimate seieren for Geneve-konferansen, så gjenstår det da spørsmålet kva ein skulle gjere med dei som da blir ståande utanfor, Nusra og IS. Det er ingen som kan tvinge Nusras 10.000 soldatar til å akseptere ei Geneve-løysing, så dei vil fortsette kampen mot Assad, kanskje i allianse med IS, dersom IS viser seg fleksibel nok til å ta i mot dei. Det vil ikkje vere noen god ting. Men ein større fare er at dersom dei områda som nå er i opprør er eller blir misnøgd med resultatet, f.eks. fordi det ser ut som om Assad har vunne og opprøret er nedlagt, så vil IS / Nusra fortsatt vere der som ein magnet for å ta imot unge og frustrerte soldatar til å halde oppe kampen. Berre ei varig løysing som folk kan tru på, kan hindre det, og den ser altså knapt ut til å vere på trappene i Geneve.

Likevel, får dei til ei våpenkvile, blir det iallfall eit velkomment pusterom. Men forhandlingane i Geneve heng i så mange tynne trådar at ein kanskje ikkje skal satse for store pengesummar på at den kjem ut av startgropa, i det minste med heile det spekteret av deltakarar som er der i dag (i den grad dei har bestemt seg for at dei er der).

fredag 1. januar 2016

2016: Status

Det nå avslutta 2015 var året då konsekvensane av konfliktane i Midtausten for alvor slo inn over Europa, med to terroråtak i Frankrike på under eitt år og spesielt den store tilstrauminga av flyktningar til Europa. Vi har sett to stemningsskifte i løpet av dette eine året, det første etter bildet av den døde treåringen Aylan Kurdi gav sympati og mobilisering for flyktningane som satte eigne liv i fare; det andre da terroråtaka ved Bataclan førte til frykt for at flyktningar kunne sette våre liv i fare. 

IS sitt år - blir det med det eine?
Ser vi på stoda i Midtausten sjøl, må vi vel kunne seie at 2015 var IS sitt år. Dei slo gjennom i 2014 med kalifatet sitt, men har dominert nyheitsbildet også det siste året. Størst mediedekning fekk erobringa av oldtidsbyen Palmyra, men vel så viktig er kanskje framrykkinga i den meir folkerike Homs-provinsen etterpå, med fare for å kutte Syria i to. 

Det viktigaste er nok likevel erkjenninga at IS nå faktisk prøver å leve opp til namnet stat, som vi antyda i fjorårets statusoversikt og som dei fleste nå gjentar. Det har vore eit viktig rekrutteringsmiddel for IS, men det har også vore ein svakheit for dei. Eitt er reint militært: IS kan ikkje lenger operere som gerilja med "hit and run", dei må nå i større grad beskytte etablerte områder. Det gjer dei meir sårbare for konvensjonell krigføring som USA er bedre i, og amerikanarane har klart å endre sin taktikk i krigføringa med tydelig effekt, både ved Kobane i kurdisk Syria og dei siste irakiske sigrane i Ramadi.

Irakiske leiarar har triumferande sagt at snart vil Mosul og resten av Irak bli frigjort, men det er nok mest skryt. IS står ikkje foran noe sammenbrudd, og også i 2016 vil dei dominere mediebildet i Irak og Syria. Men dei sigrar ikkje lenger på alle frontar. Heller vil vi sjå at frontlinene vil bevege seg fram og tilbake, IS vil bli trengt tilbake frå noen regionar, men vil òg kunne ekspandere og ta nytt land i andre. Sidan frontane er så bevegelige og mye av området deira er øydemark gir overslaga om at "IS har mista så og så mye territorium" lita meining, men grovt sett kan det vere ei rimelig gjetning at trass i ein del tilbakeslag så vil IS om seks månadar styre over nokolunde like stort område som nå, og kanskje det samme ved neste årsskifte.

Russland og ei diplomatisk løysing
Den store endringa i Syria siste året har naturligvis vore at Russland har gått inn i konflikten, og at den dermed er blitt langt meir forvirrande. Russlands bombing har nok hatt like stor effekt som den amerikanske, men kven dei rammar er meir uklart - sjøl seier dei IS "og andre terroristar", mens vestlige kjelder seier at russarane mest bombar "the good guys", kven nå det måtte vere, heller enn IS. Som vanlig er det rette trulig litt av det eine og litt av det andre: IS er heilt klart ramma av russiske bombar, men det er nok rett at andre opprørsgrupper er vore vel så mye i bombefokuset. 

Dette innslaget av storpolitisk rivalisering har ført til ein diplomatisk aktivitet og forsøk på finne ei samla løysing. Problemet er berre å bestemme kva ein søker ei løysing på. Det er fortsatt i tåkeheimen, fordi ingen seier høgt kven dei eigentlig snakkar om. Forblomma tale er vanlig i diplomatiet, men her veit dei ulike partane kanskje ikkje sjøl kven dei vil lage krig mot og kven dei vil sette i regjering. Derfor blir den viktigaste og vanskeligaste manøveren å sette opp ei liste over kven som er invitert til dei kommande samtalane, for dei som ikkje står på den lista (som diplomatar nå "arbeider med") vil bli bombemål i staden for samtalepartnar. Enten - eller.

Vansken med denne lista er ikkje den i hovudsak vestlig-orienterte "Frie Syriske Hær" (FSA), som dei fleste vil godta, eller al-Qa'idas lokalavdeling, Nusra-fronten, som ingen vil ta i med tang. Problemet ligg i at størstedelen av opprørsgrupper i Syria ligg mellom desse to motpolane, og ikkje minst det at alle desse samarbeider på ulikt vis - det er ikkje noen tydelig grenseoppgang mellom dei "snille" i FSA og dei "vonde" i Nusra, men eit kontinuum, ein glidande overgang politisk og ideologisk, og dei kjempar ofte sammen på bakken mot Assad-regimet, også FSA har slåss side ved side med Nusra-fronten. Om ein skal få noen av desse inn i forhandlingar, må ein altså klare å sjå grensa mellom dei innanfor og dei utanfor, og ennå verre - ein må få dei som skal komme innanfor det gode selskap til å godta at deira nåverande allierte som ikkje står på lista dermed skal bli fiendar som bekjempas.

Vi plar ofte slå desse gruppene som ligg mellom FSA og Nusra-fronten sammen under namnet Ahrar al-Sham ("Syrias frie men"), som er den største alliansen av sjølstendige islamistiske grupper. Det er dusinvis av slike grupper i samme ideologiske landskap, men vi har ikkje plass til heile katalogen her, så la oss fokusere på Ahrar al-Sham. Dei samarbeider militært ganske tett med Nusra-fronten i ein felles militærkommando kalla Frigjeringshæren, Jaysh al-Fatih, og dei to er trulig omlag like store, med mellom 10. og 15.000 mann kvar (IS har kanskje 30.000, mens anslaga på FSA varierer frå 7.000 til 25.000, alt etter kor mange sjølstendige grupper ein reknar under denne paraplyen - alt dette er vage anslag).

Ideologisk er dei langt meir vage enn IS, men alle (også FSA) har eit islamsk islett. Nusra-fronten er den einaste som er global-jihadistisk, sjøl om også dei har slått fast at dei ikkje har aktivitet utanfor Syria. Men dei er altså del av Qa'ida, som i høgste grad har slik aktivitet. Ahrar al-Sham er også klart salafistisk, strengt konservativt, og har tidligare insistert på at Syria må styras etter sharia, men ser ikkje ut til å vere "takfiri" som IS og Qa'ida, altså at dei reknar andre muslimar som vantru. Dei har også dempa språkbruken sin, og seier nå at dei ønsker at Syria skal vere fleir-religiøst med like rettar for alle og ikkje ein "islamsk stat", slik dei før sa. Men mistanken ligg jo der om at dette berre er retorikk for å vinne vestlig støtte. Meir tydelig er det iallfall at dei ønsker vestlig og amerikansk støtte til sin kamp mot Assad, mens Nusra-fronten klart avviser einkvar kontakt med erkefienden.

Men kor mange av desse mellom-gruppene er med i nemninga "dei moderate kreftene", kor mange av dei er "andre terroristar", og kva meiner USA eigentlig om at Russland bombar desse? USA gjorde det sjøl i starten (Nusra, men også Ahrar al-Sham), mens det nå er Russland som først og fremst rammar dei, og USA muligens kritiserer dei for det, det er altså ikkje klart akkurat kva dei kritiserer og kva dei godtar.

Så betydninga av diplomatiet ligg nettopp her: Skal Ahrar al-Sham, som er støtta av Qatar og Saudi-Arabia, stå på lista av inviterte eller ikkje? Og vil dei i så fall delta? Både for dei, men også for FSA og dei andre er kampen mot IS viktig nok, men underordna kampen mot Assad. Dette setter dei i grunnleggande motsetning til Russland, som er der for å støtte Assad, mens USA vaklar mellom dei to, for USA er jo både Assad og Ahrar al-Sham vanskelige partnarar å ha i dialog. Så spørsmålet om diplomatiet er om ein klarer å foreine dei to, olje og vatn, regimet og opprørarane, Iran og Saudi-Arabia, rundt eitt bord, for ikkje å snakke om i ei løysing. Det blir krevande.

Libya: er samling mulig?
Eit anna diplomatisk spill for galleriet foregår i Libya. På bakken er stoda ved årsskiftet ikkje mye ulikt for eit år sida: to konkurrerande regjeringar i Tripoli og Tobruq med eit IS i framgang mellom dei. I fjor dominerte IS byen Derna, dei er nå kasta heilt eller delvis ut derfrå, men har fått ein viktigare base i den større byen Syrte i bukta av samme namn, og ser ut til å ha konsolidert seg der og prøver å bygge eit samfunn på samme måte som i Irak/Syria. Dei har vore i harde kampar med styrkar frå Tripoli-regjeringa, men har klart å bite seg fast. 

Tobruq styrer det kremgule i aust,
Tripoli det lyseblå i vest, IS det rosa
i midten.  
Dermed er det internasjonale samfunnet blitt meir interessert i Libya igjen, og bombeåtaka i Tunisia viser kor farlig det er å la Libya forbli utan ei reelt fungerande regjering. FN har involvert seg tungt, og vestlige medier meldte gledesstrålande mot slutten av året at freden er komme og at dei to regjerings-rivalane er blitt samde om ei felles regjering som skal ta over på nyåret. Desverre er nok dette berre ein diplomatisk draum. Det kjem ikkje til å bli noen felles regjering, for ein gløymde å sjekke om partane på bakken faktisk stod bak forhandlingane. Det gjorde dei ikkje, i FN-sporet var det berre ein minister frå Tripoli som deltok, og han vart straks tilsidesatt av si regjering som avviste FN-avtalen. I staden sette Tripoli i gang sin eigen dialog, den fann stad samtidig i Tunis og kom også med stor glede fram til ein avtale. Men her var det den andre regjeringa i Tobruq som ikkje var blitt spurt, og følgelig heller ikkje tok noen hensyn til den fellesavtalen.

Problemet her er at begge dei to partane i Tripoli og Tobruq er spiltta. Det finnes moderate i begge leirar, og spesielt mellom dei sivile politikarane som ser at dette er ein nytteslaus krangel og helsar eit reelt kompromiss velkommen. Men på begge sider er det militsar som ser at ein avtale vil føre til at dei mister makta, og som med hell klarer å motsette seg avtalane sidan det i siste instans er dei som sit med kvar si respektive regionale makt. Konkret er det store stridsspørsmålet rolla til Tobruq-regjeringas "hærsjef", Khalifa Heftar, som aldri har skjult at hans mål er å nedkjempe Tripoli-gruppene militært og som Tripoli derfor forlangar må fjernas før dei vil tenke på noen avtale.

Libya har, ulikt Syria og Irak, ingen grunnleggande religiøse eller etniske skiller av betydning, sjøl om autonomi-tanken står sterkt i aust. Dei har nå ein felles fiende i IS, som strategisk har sin base midt mellom dei to rivaliserande regjeringane. Libya har derfor langt større potensiale enn Irak, Syria og Jemen for å finne ut av problema sine og samle seg for å bygge opp landet (ved å få opp att oljeeksporten) og nedkjempe IS. Men det vi må kalle politisk-strukturell umodenheit, manglande politiske strukturar og felles arenaer, gjer at det er vanskelig å realisere desse felles interessene og personlig rivaliering og militsanes eigenmarkering blir sterkare enn det som er felles. Vi kan håpe at dette vil endre seg i året som kjem, t.d. ved at IS-problemet blir meir presserande enn i dag, men vi kan vel desverre ikkje forvente det. 

Jemen: Sammenbrudd utanfor søkelyset
Det tredje store konfliktområdet, Jemen, har falle litt i skuggen av kampane i Syria. Men det er ein sammenheng. USA gjekk til bombekrig i Syria med "arabiske allierte", men i realiteten trakk desse arabarane, Saudi-Arabia og Emirata, flya sine ut av Syria ganske raskt. Dei vart i staden satt inn i sør, i eit angrep i nabolandet Jemen. Dermed var det som hadde vore ein borgaarkrig mellom to lokale partar blitt til ein regional krig, og eit nytt bevis på at Saudi-Arabia nå ønsker å vise musklar. Før nøyde dei seg med å sende dollar, nå sender dei bombefly til støtte for sine venner. 

Den indre striden i Jemen var mellom to alliansar. På den eine sida står den avsatte presidenten Ali Abdullah Salih sammen med ein stammemilits frå heilt nord i landet, Houthiane. Salih ville vinne tilbake makta, houthiane ville ha meir innverknad i sitt område. Mot dei står dei fleste andre gruppene i Jemen, leia av Salihs tidligare visepresident og etterfølgar, Mansur Hadi. Han kom inn som eit kompromiss, men var tilfeldigvis den første leiaren Jemen noen gong har hatt frå sør-Jemen, nord-Jemen har alltid dominert landet. Men dette var ikkje ein nord/sør-konflikt, dei dominerande stammane i nord støtta også Hadi mot Salih og houthiane. Det var heller ikkje ein religiøs konflikt, sidan dei dominerande i nord på begge sider av denne konflikten hører til zaydi-shi'ismen.

Men med saudianes intervensjon på Hadis side, vart det til ein regional konflikt, der houthiane vart til "representant" for Iran - som tidligare hadde gitt ein del støtte til dei, mest for å terge Saudi-Arabia. Det ser ikkje ut som om Iran har involvert seg alt for tungt i denne konflikten, Jemen ligg langt borte frå dei, og dei har trulig liten sympati for Salih og ikkje så mye felles med houthiane, men for Saudi-Arabia er opplagt dette grunnen til at dei deltar. Dei har klart å trenge houthiane ut av sør-Jemen, men trass overmakt i lufta har dei ikkje vunne noen klar siger, og er trulig ikkje alt for velkomne i dette nabolandet som alltid har sett på storebror i nord med skepsis.

Mest påfallande her, som i Libya, og forsåvidt også Irak og Syria, er at ein borgarkrig alltid ser ut til å gi rom for jihadistar til å etablere seg, i opposisjon til begge stridande partar. Men i Jemen er det ikkje IS som vil rake kastanjane ut av elden (sjøl om dei også har fått noe støtte her), men den gamle gruppa, Qa'ida, noen som hugsar dei? Det interessante er at dei her ser ut til å tatt lærdom frå IS. Al-Qa'ida var under Bin Laden aldri interessert i å vinne territorium, dei ville vere globale og mobile. Å ha eit fast område med ein "stat" å styre, var IS sin ting, ikkje Qa'idas. Men her i Jemen har Qa'ida begynt med akkurat det samme. Dei har etablert seg fast i provinsen Hadramawt i søraust, og har nå i snart eit år styrt Jemens femte største by, Mukalla, i samarbeid med lokale stammer. Dei har seinare tatt fleire mindre byar i området rundt, og hadde ei tid tilmed styringa over Aden, hovdustaden i sør-Jemen, før saudiane kom og tok over. Men Qa'ida ser ut til å ville skaffe seg ein fast base i dette området, og til nå ser heller ikkje dei saudiske styrkane i området om å bry seg så mye med å rydde dei bort, så lenge dei er opptatt med å slåss mot dei "Iran-allierte" houthiane.

Lyspunkt?
Det er altså mye dårlige nyheiter frå Midtausten, som vanlig. Er det lyspunkt? Fredsprisen til Tunisia markerte jo det, og Tunisia er eit lyspunkt. Landet er blitt ramma av terror, og vi kunne frykte at dette vil rive det skjøre samarbeidet mellom dei sterkt sekulære i regjeringa og dei moderate islamistane i stykker. Men det har ikkje skjedd, i staden ser terroren ut til å ha sveisa tunisiarane sammen på tvers av desse ideologiske skilla. Det gir grunn for håp. Vi må også minne om dei landa der vi har eit slikt stabilt samarbeid, som Marokko. 

Vi kan stå overfor nye utfordringar i 2016. To land, Algerie og Oman kan stå framfor skifte av statsleiar etter "naturens lover" (begge er svært sjuke), det vil vise seg om det i realiteten militærstyrte Algerie og monarkiet i Oman er solide nok til at overgangen skjer i det stille. I Egypt har regimet stramma grepet i året som gjekk, på nyåret skal det nyvalde parlamentet tre i funksjon, men få reelt opposisjonelle er blitt valde, og det er grunn til å tru at dette vil bli i beste fall ein prateklubb, og kanskje meir trulig eit sandpåstrøingsorgan slik det var under Mubarak. Men talet på dødsdommar er gått ned, få av dei er blitt utført så langt, og bortsett frå Sinai har Egypt unngått dei heilt store gerilja- eller terrorangrepa siste året. Ein må kanskje vere nøgd med dei små ting.

mandag 7. september 2015

Saudi-Arabia: Omprioritering av fiendar?

Kong Salman
Etter at Saudi-Arabia fekk ny konge sist vinter, fokuserte dei fleste kommentarane på kontinuiteten, mens ein ventar på at "neste generasjon" skulle ta over etter den nåverande kong Salman, trulig den siste av landsfader Ibn Sa'uds sønner som blir konge. Kontinuitet er absolutt ein sikker måte å beskrive saudisk politikk på; ro, orden og stabilitet er alltid det saudiane ønskar i sin region.

Politisk rivalisering: Ringen rundt Saudi-Arabia
Likevel virkar det som om det nye styret har gjort noen ganske klare endringar i kursen. Saudi-Arabia har dei siste åra forkusert på to hovudfiendar som dei har bekjempa på alle måtar dei kunne. Den eine er Iran. Motviljen mot Iran blir begrunna religiøst - sunni mot shi'a - og kan også vere kopla til at Saudi-Arabia sjøl har ein merkbart stor shi'isk minoritet aust på halvøya, altså i dei områda som har størst økonomisk olje-aktivitet. Men styresmaktene har god kontroll over denne minoriteten, og det har aldri blitt til meir enn spreidde protestar mellom shi'iane i landet. Det er liten grunn til å tru at den shi'iske minoriteten er stor nok, eller har nok gjennomslagskraft mellom andre saudiar, til å vere noen alvorlig trussel mot regimet i Saudi-Arabia.

Motsetninga mot Iran er nok heller ei regional rivalisering mellom to stormakter i regionen. Iran er i folketal og økonomisk utvikling i ein klasse for seg mellom landa i dette området, og Saudi-Arabia, stort og rikt, men langt mindre i folketal og med ein smalare økonomisk basis, fryktar for at deira petro-makt skal komme i skyggen av rivalen. Når Iran så har funne seg strategiske allierte i Irak, i Syria, i Libanon der deira allierte Hizballah har stor påverknad, og så i tillegg gjer sine hoser grønne hos opprørarane i Jemen, begynte saudiane å kjenne seg omringa. Dei ser ein shi'isk ring rundt seg (sjøl om Syria og Jemen knapt er shi'iske i iransk forstand), men det er innringa og alliansen av rivalar som er problemet, meir enn kva som er grunnlaget for denne alliansen.

Ideologisk rivalisering: Det muslimske brorskapet 
Det andre konfliktlina er derimot religiøs og ideologisk: Saudi-Arabias til tider voldsomme motstand mot Det muslimske brorskapet i Egypt og overalt elles. Det har ført til undring, sidan begge to må reknas til islamismen eller "politisk islam", om enn til ulike tradisjonar under denne paraplyen. Tradisjonelt har Saudi-Arabia også vore sympatiske til Brorskapet, det var her dei egyptiske Brorskapsmedlemmene kunne søke asyl under Nassers undertrykking på 1950- og 1960-talet, og dei kunne arbeide og spreie sine tankar i fred her.

Men desse gjesteopphalda førte til at det fall noen skall frå ulike auger. Brorskapsfolka som budde i Saudi-Arabia i denne perioden vart meir og meir kritiske til den olje-rike og tradisjonalistisk konservative ideologien til saudiane. Dei meinte at styresmaktene ofra islamistiske ideal på alteret til olje-borgarskapets økonomiske og politiske interesser. Saudiane vart på si side meir irritert over at Brorskapsfolka ikkje hadde nok vørdnad for grunnleggaren av deira ideologi, Muhammad ibn Abd al-Wahhab (d. 1792) som rettesnor for rett islam. Men det verste var at unge saudiarar, spesielt slike som hadde hatt opphald i utlandet, i Egypt eller lenger bort, fekk meir og meir sympati for Brorskapets noe meir moderne variant av islamismen og tok til å kritisere kongefamilien og wahhabismen. Denne kritikk-rørsla fekk på 1980-talet namnet "sahwa-rørsla", oppvakninga, og vart ein intellektuell torn i sida på styresmaktene. Ikkje alle i rørsla følgte Brorskapets line, og dei fleste av dei var heller ikkje påtrengande revolusjonære. Utover tiåret fekk styresmaktene da også rimelig kontroll over kritikarane, ikkje minst ved å tilby mange av dei godt betalte jobbar i administrasjonen. Dermed roa også dette seg, men styresmaktene kom likevel til å sjå Brorskapet som ei mulig farlig kraft på det ideologiske området, ei retning som var i stand til å reise kritikk mot styret frå ein islamsk synsstad og slik true stabiliteten i landet.

Då den arabiske våren kom i 2011 med nettopp uro og ustabilitet, det verste saudiane visste, og Brorskapet kom til makta i Egypt, Tunisia og andre land, gjekk det derfor for langt. Brorskapet vart ein farlig rival. Saudiane satsa alt på å bekjempe deira stilling i den arabiske verda. I Palestina slo dei handa av Hamas, som var utgått frå Brorskapet der. I Egypt avslo dei å gi økonomisk hjelp til landet under Brorskaps-president Morsi, men støtta i staden opp under, og dytta det dei kunne på, militærkuppet til Sisi i 2013. I Libya greip dei inn med støtte til anti-Brorskaps-general Heftar. Då Brorskaps-parti frå 2013 fall frå makta i dei fleste landa der dei hadde komme opp året før, var Saudi-Arabia ein viktig og ofte avgjerande faktor for dette. Nesten alt var til synes bedre enn Brorskapet, ei gruppe som dei følgde Sisi i å kalle for "terroristar" (utan spesiell grunngiving). Regionalt følgte Bahrain og Emirata lojalt opp om saudianes anti-Brorskapspolitikk, mens Qatar, som  lenge hadde leikt seg med å slå den store naboen over snuten, vart til Brorskapets siste forsvararar i området.

Men så: omskiftet
To konfliktar, altså, mot det som i 2012 var dei største maktene i regionen, Iran og Morsis Egypt, og med seier mot den siste året etter. Det var rett nok litt meir problematisk å halde styr på dette i Syria. Saudiane støtta naturligvis opprøret mot Iran-allierte Assad. Men i dette opprøret stod det syriske Brorskapet sterkt, spesielt i det eksil-baserte Syriske Nasjonalrådet (som Vesten anerkjente), noe mindre også i deira Frie Syriske Hær. Saudiane var derfor lunkne til desse gruppene, og støtta heller uavhengige islamistiske militsar, gjerne kalla "salafistar", slik som Dei frie syrarane og andre, men saudisk støtte til den syriske motstanden har alltid vore litt vanskelig å få oversikt over, og Saudi og Qatar støtta gjerne konkurrerande rivalar innanfor motstanden.

Men nå dei siste månadane, er det mange tegn på at den nye kongen og hans leiargruppe har ombestemt seg. Dei har nå sortert fiendebilda sine, og komme fram til at nå, etter Morsis fall og Brorskapets nederlag i Egypt, er ikkje lenger desse noen viktig fiende og rival. Iran gjenstår og nå skal fokus vere på Iran og "omringinga". Brorskapet kan kanskje vere til nytte her, for dei er heller ikkje noe spesielt glade i Iran, Morsi gav jo kraftig støtte til opprøret mot Assad.

Nye venner: Salman og Meshal, juli 2015
Det krystalliserte seg i at Khalid Meshal, leiar i Hamas (Det palestinske brorskapet!) er blitt tatt mot som ein venn og alliert i Riyad, etter at dei før berre har møtt ein kald skulder. Rivaliseringa med Qatar er dempa ned eller borte, det var nettopp haldninga til Brorskapet som skilte dei. Fleire andre signal er også sendt at, sjøl om saudiane nok fortsatt ikkje er glad i Brorskapet (dei er formelt fortsatt rekna som terroristar, iallfall dei i Egypt), så kan saudiane nå komme overeins med dei. Å vise motstand mot dei er mindre viktig i saudisk politikk enn det var.

Samtidig har Saudi-Arabia altså tatt ei mye meir opent aggressiv haldning i den regionale politikken enn før. Det ser ein spesielt i Jemen, der saudiane har kasta inn eigne soldatar og fly mot opprørarane. Det er ein kamp mot "iransk innverknad" (sjøl om Iran nok berre er ein flyktig alliert for houthiane). Men også i Syria har saudiane brukt eigne fly mot IS, i allianse med USA. Begge desse er relativt uvanlig, Saudi plar vere meir komfortabel med å sitte i kulissane og signere sjekkar enn å delta aktivt og opent i militær konflikt, spesielt utanfor den arabiske halvøya. Dette viser nok at Saudi spiller med meir opne kort som kandidat til å vere regional stormakt på eigne vegner, og ikkje berre gjennom å støtte allierte rundt om. Og det er kanskje også det som gjer at dei tillet seg å vere meir avslappa mot den slagne fienden Brorskapet, som dei ikkje ser som noen vesentlig rival lenger, og som det er viktig å halde borte frå noe vennskap med Iran (slik Hamas tidligare hadde, til Syria-konflikten skilte dei).

Den som kanskje der blir sittande med skjegget i postkassa er Sisi, som ikkje følger med på dette lineskiftet og fortsatt har hatet mot Brorskapet og kampen for å knuse dei som si politiske hovudline. Han kan nok fortsatt rekne med økonomisk støtte frå saudiane - for det fortsatt i deira interesse at Brorskapet er kua i sitt heimland - men det blir kanskje likevel ikkje så lett for aktørar i regionen å vifte med kampen mot Brorskapet som pass og inngangsbillett til dei indre gemakkar i Riyad.

fredag 3. juli 2015

Egypt: Mot ein meir valdelig konflikt?

Det er i dag årsdagen for militærkuppet i Egypt i 2013, og opptrappinga mot dagen er blitt markert med harde kampar i Sinai, og med drapet på riksadvokaten i Egypt, som har stått i spissen for å trekke opposisjonelle for retten. Spørsmålet om dette berre er ei krise rundt årsdagen, eller om det markerer ein tendens mot ein sterkare valdelig konflikt i Egypt.

Vi har naturligvis ikkje full oversikt over kven som står bak desse angrepa. Men mest trulig må vi sjå dette som to ulike tendensar. Den eine på Sinai, der det har vore ei lang, nær kontinuerlig rekke med åtak, spesielt på politi og militære, sidan 2011. Det andre i Kairo og andre delar av det "folkerike Egypt", der det også har vore angrep tidligare, men langt meir sporadisk.

Sinai: Beduinane mot sentralmakta
På Sinai er opprørsgruppa rimelig godt kjent. Dei kalla seg "Ansar bayt al-maqdis", dei som hjelper den heilage byen [Jerusalem], sjøl om aktiviteten deira har vore mest retta mot Egypt, ikkje Palestina. I fjor erklærte dei [eller stordelen av dei] lojalitet til IS, og tok namnet "Wilayat Sina'", provinsen Sinai, altså provins i kalifatet.

Det sentrale her er at dette opprøret bygger på ein generasjonar lang konflikt mellom beduinane i Sinai, særlig det  nordlige Sinai, og styresmaktene i Egypt. Beduinane har alltid følt seg marginalisert, hundsa, og mistenkeliggjort, ikkje minst etter åra under israelsk okkupasjon 1967-1982, da beduinane av nødvendigheit hadde kontakt med israelarane. Motviljen mot sentralmaktene i landet førte til mange lokale konfliktar, som også anti-israelske jihadistar kunne dra på i fleire angrep på israelske turistar i Sinai på 1990- og 2000-talet. Ansar bayt al-maqdis bygger trulig vidare på denne motviljen, utan at vi veit kor stor del av beduinane som opplever dei, og nå IS, som allierte eller som radikale fusentastar. Men det store omfanget i angrepa dei siste dagane, med 50-100 beduinar involvert, kan tyde på at betydelige delar av beduin-befolkinga kan stå med dei. I så fall kan det vere ein farlig strategi for styresmaktene å prøve å "utrydde" motstandarane, dersom dei dermed går generelt på dei stammene som har hatt kontakt med IS. Som alltid, politiske rørsler kjem og går, dei kan ein overvinne, men stammane blir verande, dei kan ein ikkje utrydde eller nedkjempe. 

Ei radikalisering av Brorskapsungdom?
Denne konflikten er altså spesiell for Sinai, og har lite å gjere med åtaka i Kairo. Det kan likevel vere grupper som er knytta til Ansar, eller nå IS, som står bak dei, eller det kan vere ad hoc-grupper som kvar for seg eller organisert vil slå til mot regimet. At det var riksadvokaten som var målet, peiker kanskje meir på grupper knytta til dei han har fengsla, og som nå er dødsdømt i hundretal, heller enn på IS, som ikkje har noen særlig sympati for Muslimbrødrene, Mursi, eller andre "sekulære og slike som arbeider for demokrati". 

Det store spørsmålet er om desse angrepa faktisk kan vere knytta til Brorskapet, slik styresmaktene heile tida har hevda. Vi har her heile tida hevda at det er mest trulig at Brorskapets leiing vil halde på ei relativt fredelig masseline, altså med demonstrasjonar og uro, men ikkje direkte valdelige aksjonar - men også at deira autoritet er svekka. Sjølve argumentet om at ein fredelig veg er mulig vart jo også svekka av kuppet i 2013 og undertrykkinga deretter. Dette kan, sa vi, opne for at yngre og meir radikale krefter snur seg bort frå denne førti år gamle fredelige masse-lina og blir trukke mot meir aktivistisk vald. 

Det er noen, inntil vidare ubekrefta, rapportar som nå peiker på at dette kan vere på veg. Ein kongress eller fellesmøte av unge Brorskapsfolk som fortsatt er på frifot, skal ha vedtatt kritikk av den gamle leiarskapen, som nå sit i fengsel, og gått inn for eit lineskifte mot ei aktivistisk opprørsline. Det er likevel understreka at dette ikkje skal vere terror eller angrep på sivile - kritikken mot, og avstanden til, al-Qa'ida og IS vart understreka, og kulturforskjellane mellom Brorskapet og jihadistane er nok så store at det ikkje vil bli noe snakk om noen samling den vegen. Men, trass i protestar og formaningar om måtehald frå dei tidligare leiarane, er det ikkje utenkelig at grupper frå Brorskapet kan opne for angrep på politi, militære og så vidare. Det har skjedd før når Brorskapet er undertrykt, på 1950- og første del av 1960-talet, og seinare i Syria. Det har stort sett ikkje enda godt, og dei eldre hugsar det.

Enten dette skjer eller ikkje, er det uansett ei valdelig opptrapping på veg mellom staten og Brorskapet. For to dagar sidan braut politiet seg inn i ei leiligheit og drepte tretten medlemmer av Brorskapet som hadde møte der, mellom dei eit tidligare parlamentsmedlem. Dei påstod at dei fann våpen der, noe Brorskapet nektar for. Brorskapet kaller som svar til "opprør", kva dei nå meiner med det, kanskje berre skarpe protestar. Men dersom staten - som jo insisterer på ikkje å sjå forskjell på Brorskapet og terroristar - held fram med å bekjempe Brorskaps-tilhengarar med våpenmakt, er det vel liten grunn til å tru anna enn at dei, eller noen av dei, vil finne til våpen for slåss tilbake. På 1990-talet klarte staten på denne måten å reellt sett utrydde dei jihadist-gruppene som då dreiv på i Egypt. Men dei hadde ein heilt marginal oppslutnad i forhold til Brorskapet i dag. Samtidig som folk etter kvart begynner å forlange at Sisi skal levere på det sosiale og økonomiske området, og han også har gjort store delar av dei liberale til fiendar ved å slå ned på all opposisjon, vil ei slik militarisering av konflikten med Brorskapet ikkje føre Egypt på ein positiv veg. Men enn så lenge er dette berre tendensar, vi får håpe at det blir med det, og at den politiske striden i Egypt forblir politisk og så lite valdelig som råd.

tirsdag 2. juni 2015

Libya: Mønsteret raknar ennå meir

Det har vore to markerte nyheiter frå Libya sist veke: For det første eit attentatforsøk mot den internasjonalt anerkjente statsministeren, den liberale Abdallah al-Thinni, i Tobruk sist veke, og for det andre at IS har festa grepet i Syrte, ved å erobre flyplassen ved byen. Så er vel dette begge bevis på at i striden mellom dei to regjeringane i Tripoli og Tobruk, så har islamistane i Tripoli vorte meir pågåande? Men nei, det er ikkje dette som har skjedd. Det er heller bevis på at det mønsteret vi har prøvd å forstå Libya-konflikten etter, raknar ytterligare opp.

Indre strid i Tobruk
Det er ikkje klart kor alvorlig angrepet mot statsminister Thinni var. Det var ein protest utanfor parlamentet retta mot hans vanstyre og stillstand, og i det han forlot møtet vart det avfyrt noen skudd mot bilen, der ein vakt vart såra. Det var altså heller ein indre strid som kom til uttrykk her. Den ansvarlige er ikkje blitt funne, regjeringa anklagar "korrupte stammeleiarar", men mange peikar på ein styrtrik forretningsmann som har finansiert Tobruk-regjeringa lenge, Hassan Tatanaki. Han prøvde å få kontroll over eit leiande oljeselskap, men Thinni hadde forhindra dette, og Tatanaki satte derfor igang ein mediekampanje mot Thinni og hans styre (han eig fleire aviser og TV-stasjonar).

Khalifa Heftar
Men det er også rapportert om aukande spenning mellom regjeringa og den "grå eminensen" i Tobruk, hærsjefen Khalifa Heftar, som sjøl oppfattar seg som leiar for styret her, og som også faktisk held det i live militært. Han har heile tida stått for ei bastant militær løysing på konflikten, og har motsatt seg politiske kontaktar med motstandaren, som fleire i regjeringa har vore inne på tanken om. Det kan altså vere eit oppgjer mellom hardliners og meir forsonlige, og eit forsøk frå ein av dei to rivalane på å få Thinni til å tre tilbake - det har han gjort før, men komme i posisjon igjen.

Misrata-militsen og Tripoli
I vest er det greiare å sjå kven som slåss, men meir komplisert å vite kvifor. Den viktigaste makta der er regjeringa i Tripoli, som altså er i opposisjon til Tobruk-regjeringa (Tobruk-gruppa - som kallar seg Karama, "Verdigheit" - vann siste val, men flykta for overmakta i Tripoli, som da oppretta si eiga regjering - dei brukar namnet Fajr Libya, "Libyas daggry"). Maktbasisen bak Tripoli-regjeringa er militsen som kom frå byen Misrata, og som har sin hovudbase der. Det var dermed Misrata-militsen som hadde kontroll over byen Syrte (Surt på kartet), Qadhafis gamle fødeby. Men jihadist-gruppa Ansar al-Shari'a hadde også etablert seg der, og hadde styring over delar av byen. Så kom da IS, som ei tredje ennå meir ekstrem jihad-gruppe, og slo seg ned i fjor - det var ved Syrte at dei halshogde 21 egyptiske fremmedarbeidarar i fjor.

Misrata-militsen har slik komme i hard strid med IS. Kampane mellom dei har vart i fleire månadar, og det er altså mot dei at IS nå tok kontroll over flyplassen der. Da er vi altså komme til tre partar i denne borgarkrigen: Tobruk-regjeringa med sine interne motsetningar, Tripoli-regjeringa med Misrata-militsen som sin hær, og IS som er mot alle dei andre. Det kan vi vikle hovudet vårt rundt. Men så er det altså noen fleire forviklingar.

For det første er Misrata-militsen begynt å bli grundig lei politikarane i Tripoli, altså sine eigne, og dei andre mindre militsane som held til der. Det går på forsvaret av Syrte, Misrata ba om forsterkingar frå Tripoli, men fekk det ikkje, og meiner dei vart ståande åleine og defor tapte. Som namnet antydar, er Misrata-militsen eigentlig mest interessert i interessene til sin eigen by, som dei meiner er eller bør vere dominerande i landet, og Misrata ligg jo mellom Syrte og Tripoli, som vi ser av kartet, det er ikkje lang veg mellom Syrte og heimbyen deira. Men når det gjeld kva politikken i dette er, er rapportane motstridande.

FNs fredsforsøk
Dels kan det gå på det samme som i Tobruk, hardliners mot forsonlige. FNs utsending Bernardino Leon har i mange månadar prøvd å få til fredssamtalar mellom dei to regjeringane, og har støtte frå vestlige regjeringar i dette (mens nabolandet Egypt og andre arabiske land står hardt bak Heftars militære line om å "knuse" Tripoli-gruppa). I begge leirar er det politikarar som er sympatiske til dette, det er openbart at konflikten skadar begge partar, ikkje minst sidan den heilt viktige olje-eksporten har nesten stansa opp. Men på begge sider er desse forsøka blitt sabotert av militsane, i aust av Heftar, i vest har det vore Misrata-militsen som har vore rekna som dei mest harde.

Men nå får vi rapportar om det motsette. Kampen mot IS har satt Misrata-gruppa på ei hard prøve, og dei har faktisk bedt om, og fått våpenkvile frå sine andre motstandarar, både på fronten mot aust, og frå Tobruks allierte militsar i vest (dei fins også), for å kunne samle seg om å slå IS. Slik skal Misrata (nå?) vere villige til å støtte ein fredsframstøyt overfor Tobruk-alliansen, mens det skal vere meir ideologisk "harde islamistar" i Tripoli som motsetter seg det - altså, politikarar og ikkje militsane slik vi først hørte.

Islamistane
Og her er det altså også forvirrande kva rolle islamistar spiller i dette. Heftar spesielt og Tobruk generelt er klare sekulære, og reknar alle på motsatt side som islamistiske terroristar utan noen gradsforskjell - noe som må gjere kampane i Syrte vanskelige å forklare. Men det er klart at Tripoli-regjeringa brukar islamistisk retorikk, og må reknas som i hovuddraga islamistar, sjøl om det nok også fins meir sekulære straumdrag der, og dei bør reknas mellom dei meir moderate islamistane. Kor mye innverknad Det muslimske brorskapet i Libya har i dag er uklart, men dei er iallfall med i Tripoli-alliansen "Libyas daggry".

Misrata-militsen arbeider altså primært for sin eigen by, men har vore med på det islamistiske kjøret. Men dei skal altså begynne å meine at nok er nok, og markere avstand til meir ideologiske grupper i hovudstaden.

Men så har vi jokaren, som vi ikkje har sett korleis dei har stilt seg i Syrte: Den andre, og større jihadist-gruppa Ansar al-Shari'a. Det var dei som slapp IS inn, det er dei som først og fremst kjemper mot Heftars hær i Benghazi, og dei skal ha band til al-Qa'ida (IS sin rival), men det er uklart kor stramme linene der er. Men dei har også band til Tripoli-regjeringa. Igjen uklart kor sterke band - dei står jo ideologisk for eit langt hardare jihadist-syn. Det kan vere berre rein arbeidsdeling: felles fiende i Heftar, der Ansar tar seg "Benghazi-fronten" mens Fajr Libiya tar seg av kampane i vest. Uansett har det vore kontakt og kanskje også samarbeid. Men forholdet til IS og Syrte kan altså tvinge fram at dei må ta stilling mellom IS og Tripoli.

Mye av dette er uklart rett og slett fordi vi ikkje får gode rapportar ut av landet, bedre førstehandskunnskap hadde kunne skilt gjetning frå analyse. Men det kan også vere fordi frontane faktisk er uklare, og idelogiane er mindre viktige enn vi trur, at det er maktkamp og strategi på bakken som teller, ikkje parolar om islamsk styre. Iallfall: Større internt kaos både i aust og vest ser det uansett ut til å vere. Men at det fins krefter, kanskje sterke krefter både i aust og vest som faktisk ser for seg ei samling av gode krefter i begge landslutar, og signala om at ein våpenkvile mot felles fiende i IS faktisk har funne stad, er lyspunkt som optimistar kan feste auga på.