fredag 11. mai 2012

Egypt: Førvalstid

Det stundar mot presidentval i Egypt, og nesten kvar dag fører med seg nye omkast, kven veit kva meir som vil skje fram til første valomgang den 23. mai.

1. Utreinskinga
Men la oss ta hovudpunkta: Det stilte først 23 kandidatar, av dei kanskje halvparten kjente namn. Så kom det ein runde med utreinsking, på tre ulike grunnlag: Det første var at ein kandidat ikkje berre måtte ha egyptisk statsborgarskap, han kunne heller ikkje ha noe anna i tillegg (nei til dobbelt statsborgarskap); ja, ikkje berre han, men heller ikkje hans ektefelle eller foreldre kunne ha noe anna i tillegg til det egyptiske. Denne regelen, som vart innført i fjor og openbart var retta mot den sekulære ElBaradei (som til slutt ikkje stilte opp), ut frå påstandar om at han skulle vere svensk statsborgar!, vart overraskande brukt mot den salafistiske og svært populære kandidaten Hazem Abu Ismail, sidan hans nå avdøde mor visstnok skulle fått eit amerikansk pass da ho besøkte dattera der for noen år sidan. "Misbruk, falskneri", ropte Abu Ismails tilhengere, og raseriet over denne utestenginga fører fortsatt til uro i Kairo, i denne veka vart fleire drept i kampar mellom Abu Ismails tilhengarar og politiet. Det kan da også sjå ut som ein merkelig kriterium for å kunne bli president, kva foreldra har av ekstra pass, men regelen hadde folkelig og patriotisk støtte da den vart innført i fjor, og blir nok vanskelig å fjerne.

Den andre regelen heng derimot att frå Mubaraks tid og var vanskeligare å forsvare: Ein kandidat kunne ikkje ha ein dom bak seg. Sidan mange i opposisjonen har vore politiske fangar, skulle ein tru at deira "dommar" vart sletta etter revolusjonen, men slik var det ikkje. Eller kanskje. Noen fekk amnesti, men det var ikkje godt nok for valkommisjonen, og både den liberale og sekulære Ayman Nour og den fremste islamistkandidaten, Brorskapets Khairat al-Shatir vart utestengt på grunn av sine politiske fengselsopphald, og trass i at dommane deira var oppheva av andre instansar. Dette førte ikkje til så store opptøyer som Abu Ismails, fordi både dei liberale og Brorskapet hadde alternative kandidatar dei kunne overføre støtten sin til, mens Abu Ismail var den einaste salafisten som hadde stilt opp, så den retninga vart dermed utan kandidat.

Så var det eit tredje utspill frå det nyvalde parlamentet, som gjekk i motsatt retning: Dei som hadde gjort teneste under Mubarak dei siste ti åra måtte stengas ut. Det ramma ikkje frontkandidat Amr Moussa, for det er elleve år sidan han var utanriksminister, men fleire andre regimekandidatar, spesielt den siste statsministren Ahmad Shafiq (den langt meir populære ex-visepresidenten Umar Sulayman vart stengt ute fordi han hadde for få underskrifter, noe han godtok utan vidare). Men der satte valkommisjonen seg imot, så Shafiq fekk likevel stille. Få reknar likevel med at han får stor nok oppslutning til å gå vidare.


2. Kandidatane som stiller
Etter at ti kandidatar slik vart sjalta ut, gjenstår altså tretten, der fleire er relativt ukjente (fleire frå ulike liberale eller sosialistiske parti). Dei fremste som står att, og har sjanser om å gå vidare til andre valomgang den 17 juni (dei to fremste går vidare) er:

- Amr Moussa. Langt den mest kjente kandidaten frå før revolusjonen, balanserer han mellom å vere knytta til det gamle regimet og å bli godtatt som "revolusjonær". Det tok litt tid før han slutta seg til kravet om at Mubarak måtte gå i fjor vinter, men han stilte til slutt på Tahrir-plassen og vart omslutta som tilhengar av opprøret. Noen av dei revolusjonære godtar han, for andre representerer han for mye av det gamle. Han er klart den einaste av kandidatane som har styringserfaring, både som minister og internasjonalt som leiar av den Arabiske liga, og han har stor popularitet ute på landsbygda både sør og nord i Egypt - han er den typen politikar egyptarane er vand med kan styre landet, ein "notabel". Dette er hans styrke, men også hans svakheit i forhold dei som vil ha noe nytt.

- Abd al-Mun'im Abu 'l-Futuh. Dette er den mest spennande kandidaten, og derfor den mediene skriv mest om. Han leia den liberale retninga av Brorskapet, men vart kasta ut av leiinga i 2009, og vart ekskludert av organisasjonen i fjor da han erklærte han ville stille som president. Brorskapet er nå bittert imot han - ikkje så mye på grunn av politikken, sjøl om han er nå ennå tydeligare liberal enn han var som medlem, men fordi han braut med disiplinen. Det må straffas, og det skal mye til at Brorskapet vil godta Abu 'l-Futuh. Derfor blir det spennande kva dei seier om det blir han og Moussa som går vidare til andre omgang: Klarer dei å bite i seg sinnet og støtte den kandidaten som trass alt ligg dei nærast politisk, eller blir det "kven som helst utanom Abu 'l-Futuh"? Men Abu 'l-Futuh har overraska med den breie støtta han har fått, heilt frå konservative islamistar til dei mest markerte liberalane; spesielt merka ein seg at revolusjonshelten Wael Ghonim har støtta han. Abu 'l-Futuh var da også heilhjerta med i revolusjonen frå dag ein.

- Muhammad Mursi. Brorskapet var klar over at deira kandidat al-Shatir stod i fare, og nominerte for sikkerheits skuld to kandidatar, så Mursi er "reserven". Han er likevel ingen kven som helst, han er leiar av deira parti "Fridom og Rettferd", og var leiar for deira parlamentsgruppe i fem år, så han har politisk erfaring. Men han er langt frå så karismatisk som al-Shatir, og har politisk nå gått langt i konservativ retning for å fiske opp salafist-stemmer etter at deira kandidat forsvant. Meiningsmålingane - i den grad dei er til å stole på - tyder på at han styrker sin stilling, men han ser likevel ut til å ligge klart bak dei to før nemnde.

- Ahmad Shafiq var eit relativt ubeskrive blad før Mubarak gjorde han til statsminister kort før han gjekk av, og samlar først og fremst støtte blant dei som fortsatt ser tilbake til det gamle regimet, eller fryktar revolusjonen. Mange av desse vil nok likevel gå til Moussa, som har langt større sjanse, så Shafiq står i fare for å bli ein "also ran", om ikkje motstanden mot revolusjonen er større enn vi er klar over.

- Salim al-Awwa vil nok også ha problem med å komme opp i tosifra tall; han har ein profil omtrent som Abu 'l-Futuh; sentrumsorientert islamist, men gjekk ut av brorskapet for mange år sidan og var meir knytt til partiet al-Wasat (som nå støtter Abu 'l-Futuh), derfor har Brorskapet eit mindre anstrengt forhold til han, men han blir trulig overskygga av den meir karismatiske og populære Abu 'l-Futuh.

Dei andre kandidatane er i hovudsak sekulære og liberale: både nasseristane, sosialdemokratane og sosialistane har sine kandidatar framme. Dei er stort sett lite kjente og vil ha problem med å slå gjennom utanfor sine eigne kjernegrupper, men kan splitte den sekulære liberale røysteflokken i første valomgang.


3. Kven får stemmene?
Det blir gjort meiningsmålingar, men det er jo begrensa verdi i eit samfunn som det egyptiske (dei fleste er gjort over telefon, som det ikkje finnes så mange av ute i landsbyane...). Dei spriker da også, men eit allmennt inntrykk er nok at i første omgang er Moussa godt foran dei andre, fleire gir han rundt 40 pst. av stemmene. Abu 'l-Futuh ligg like stødig på plassen bak han, med rundt 20, mens Mursi, den tredje aktuelle kandidaten strevar med å komme over ti-tallet. Dei andre får i målingane opp til 3-4, men noen målingar gir Shafiq opp mot 10 prosent.

Dette er jo ganske andre tall enn i parlamentsvalet, der Brorskapet fekk 35 pst og salafistane rundt 25, og viser (om dei slår til) at vala i Egypt er personorientert meir enn ideologisk forankra. Folk trur at den og den er best egna til å leie landet, eller sitte i parlamentet, og da er det personligheita og ikkje nødvendigvis politikken som avgjer, iallfall for svært mange. Ingen av dei to første-kandidatane har jo partigrupper eller presise ideologiske retningar bak seg.

Det viser dermed også at Brorskapet, sjøl om dei kan openbart mobilisere opp store folkemassar, ikkje "eig" desse eller kan kommandere dei; det er fullt mulig å gå ut i gatene og demonstrere for Brorskapets krav, men likevel meine at ex-medlemmet Abu 'l-Futuh (eller kanskje tilmed den erfarne Moussa) er bedre eigna til å få gjennom desse krava, enn han som partiet deira har utpeikt. Tilmed noen tillitsvalde i Brorskapet har sagt det samme offentlig og støtta Abu 'l-Futuh som den mest realistiske kandidaten, nok eit tegn på sviktande disiplin.

Ennå meir interessant er salafistanes oppførsel. Dei er opplagt inga samla gruppe. Mange kjempar altså fortsatt for Abu Ismails kandidatur, og vil nok ikkje røyste på noen andre. Men Nur-partiet, som er det største salafistpartiet, var ikkje klart på Abu Ismails side ein gong da han var offisiell kandidat, partileiaren gjekk da ut med støtte til Brorskapets al-Shatir (mens nok dei fleste i partiet støtta Abu Ismail). Nå, etter utreinskinga, gjer dei derimot det stikk motsatte, og i staden for Mursi, som politisk altså har lagt seg nær opp til salafistanes hovudkrav, støttar dei den liberale islamisten Abu 'l-Futuh (som i eit svar til deira spørsmål stort sett repeterte sine primærstandpunkt at "det må vere fridom i religionen, både for salafistar og andre", men ikkje kvir seg for å nemne "sharia" frå tid til annan). Grunnen deira var at "Brorskapet bør ikkje få monopolisere all makt, både president og parlament", men det er kanskje ein meir praktisk tanke at det er bedre å støtte kandidaten som har sjanse om å vinne. Det samme seier for øvrig det ennå meir konservative al-Gama'at al-Islamiyya, også dei støttar Abu 'l-Futuh framfor Morsi.

Kven vil da vinne andre valomgang? Det er fortsatt spennande. Etter tallas tale, skulle nok pengane settas på Moussa. Får han 40 pst i første omgang, bør han kunne fange inn ytterligare ti prosent frå dei som fryktar alle islamistar, også det vennlige ansiktet til Abu 'l-Futuh. Men den eksponeringa som den siste da vil få, kan også gjere at han klarer å samle islamiststemmene rundt seg, som i tillegg til alle dei revolusjonære som ser på Moussa som "den gamle tids mann" kan bli nok til å vinne fram. Egypt vil utan tvil bli meir spennande med han som leiar, med Moussa kan vi nok lettare forutsi korleis politikken blir.

Derfor heiar nok både dei militære, USA og Israel på Moussa, uansett kor radikal ordbruk han nå vil legge seg på. Men det er nok også rimelig at dei alle vil vere i stand til å avfinne seg med den andre kandidaten, om han skulle vinne. Dei militære har altså sagt dei trer tilbake når valet er over. Men "dra seg tilbake" kan bety så mangt. Og grunnlova som viser kor mye makt presidenten skal få, er ikkje klar. Kanskje dei tinga også vil avhenge av kven det er som trekk det lengste strået i presidentvalet. Spennande blir det iallfall i dei kommande to månadene.

Ingen kommentarer: