torsdag 31. mai 2012

Syria: Houla - regimets ansvar?


Eg fekk nylig ein epost frå ein Syria-kjennar som spurte om vi egentlig veit kven som står bak Houla-massakren. Det virkar heilt urimelig at regimet sjøl skulle stå bak ei hending som berre rammar dei sjøl, og isolerer dei ytterligare? Det er openbart at det er delar av opprørarane prøver å pushe på for internasjonal intervensjon, og om det er noe hendinga i Houla fører til, så er det nettopp press for dette. Kan det vere meir komplisert enn det "opplagte" mediebildet vi får presentert, der alle automatisk går ut frå at regimet står bak alt som er vondt og gale? spurte den som skreiv.

Eg trur nok også at vi, og media, har lett på å hoppe på "opplagte sanningar", og at sannheita ofte er meir komplisert, derfor prøver eg også å vere forsiktig med å "snakke opp" ting som virker sjølsagte i øyeblikket. Men i dette tilfellet så trur eg nok likevel at dei indikasjonane vi har fått av det som hendte i Houla er så klare at det er rimelig å legge til grunn i det minste ei ramme for hendingane, omlag slik:

***

Det nye når det gjeld dekning er at vi har fått FN, som vi rekne som rimelig nøytrale observatørar. Dei ser naturligvis berre resultata, ikkje kven som har gjort det, og er forsiktige med å fordele skuld. Men vi kan iallfall legge noe til grunn. Ser vi på det som er komme fram så langt, så ser dette ut til å vere klart:

- Dei drepte var sunniar, men ikkje nødvendigvis innblanda i opprøret, jf. dei i BT i dag som seier at dei trudde dei var trygge, sidan ein av deiras slekt var i hæren. Eg ser ikkje grunn til å tvile på dei. I noen rapportar står det at det skal ha vore konflikt med noen alawi-landsbyar i nærheita, det kan vere reellt eller "overfortolking", vi må kjenne byen for å vite kor skarpt etnisk delt den var. Men det er heilt klart at dersom det var alawiar og ikkje sunniar som var drept, og altså sekteriske drap frå opprøraranes side, så ville vi ikkje kunne hatt det mediebildet vi har; det ville kreve for stor konspirasjon (bytte ut "reelle alawittiske overlevande" med "falske, sunniske overlevande").

- Det var ikkje regulære hæravdelingar, men noen slags paramilitære som drap. Organisert, pga av omfang, og brutaliteten, med massakrar må reknas som bevist (bekrefta av FN). Mao. det vi kallar "shabiha", som eg altså ser på meir som ein kategori som vi ikkje veit meir om; i kva grad dette er organiserte og styrt av noen i regimet, eller om det er meir eller mindre fanatiske sjølstyrte grupper. Men om dette heng sammen med snipers, som jo er ein viktig del av bykrigen også i Syria, så opnar det iallfall for mulige koplingar, snipers må koordinere med regulær hær.

- Når det gjeld regimets ansvar, så går ikkje det nødvendigvis på at dei har visst om og planlagt akkurat denne massakren, eller omfanget, det trur eg heller ikkje; og "regimet" er ikkje noen enkeltperson, det kan vere ulike aktørar der. Men når det gjeld shahiba-kategorien, som heilt openbart er reell og har stått for overgrep, så har ikkje dei kunne operert utan at "regimet" i vid forstand har hatt samforstand; den øvste leiinga ville kunne stansa dei eller fått dei under kontroll om dei ønskte. Derfor er det rimelig å legge dette ved deira dør.

Når eg kommenterer, prøver eg alltid å bygge på realisme og pragmatisme, uansett kva eg sjøl ønsker burde skje. Eg håpar også at ei fredelig løysing kan stå fram, fordi alle andre tiltak fører til noe som er ennå verre enn i dag. Men samtidig er det tydelig at det ikkje er noe ønske om, og liten realisme i dialog og forhandling slik utviklinga er. Og Houla-massakren står nok også i ei slik særstilling, bevisste og individuelle drap på barn i førskolealder, at ein kan ikkje unngå å ta den reaksjonen med i betraktninga. Eg trur, heldigvis, likevel ikkje at det vil føre til noen internasjonal intervensjon, fordi dei store grunnane til at maktene ikkje ønsker det fortsatt er der, men det er eit push i feil veg.

Knut

Ingen kommentarer: