Mens vi ventar på andre valomgang (om to veker frå i dag), kan vi begynne å fordøye det overraskande resultatet frå første valomgang. Noen av kandidatane har klaga på uregelmessigheiter i valet, men trass i noen mindre overtramp har dei fleste observatørar utanfrå erkjent at resultatet reflekterte folkets val.
Korleis kunne det ha seg at det rimte så dårlig med forhåndstipsa? Desse var i stor grad basert på dei ganske mange meiningsmålingane som vart utført, og i eit heilt nytt demokrati og med relativt svak infrastruktur, er det rimelig at dei var lite presise (som dei forsiktige også tok forbehold om). Men den store framgangen til Ahmad Shafiq, som kom på andre plass, var faktisk registrert i målingane den siste veka før valet, og i mindre grad også at Muhammad Mursi gjekk fram, likeeins hadde noen heilt dei siste par dagane registert ein auke for nasseristen Hamdin Sabbahi, som kneip tredjeplassen. Slik sett virker det ikkje som om det var så mye at meiningsmålingane tok feil (sjøl om ingen vel registrerte det kraftige fallet til favoritten Amr Moussa), men heller at det var eit markert skifte i opinionen dei siste to vekene, til fordel for dei tre som kom først.
At Mursi frå Det muslimske brorskapet til sist klarte å kapre 25 prosent er i og for seg ikkje så overraskande, det var heller dei svake tala frå starten av valkampen som var uventa her. Brorskapet har trass alt det største og mest velsmurte partiapparatet i landet. Dei trong berre tida på å mobilisere rundt den mindre kjente Mursi. Når han gjekk forbi sin rival Abd al-Mun'im Abu 'l-Futuh, er dette tildels blitt forklart med at Abu 'l-Futuh prøvde å gape for breitt politisk. Da han fekk støtte frå dei store salafistpartia og begynte å bruke ord som "sharia" og "islamsk politikk" meir for å halde på denne velgargruppa, skremte han bort mange av dei liberale velgarane som tidligare hadde sett han som den beste "revolusjonskandidaten". Her finn vi nok også noe av forklaringa på at nasseristen Sabbahi klarte å fange fleire av desse liberale, pro-Tahrir-stemmene, nedturen for Abu 'l-Futuh og oppturen for Sabbahi heng nok sammen. Men ingen av desse går altså vidare til andre omgang.
Men korleis kunne den heller lite kjende Shafiq nå så langt? Noen observatørar meiner å ha sett ein grunn. Vi skreiv her for eit år sidan at dei to einaste fungerande partiapparata utover landet var Brorskapet og Mubaraks parti NDP (Det nasjonaldemokratiske partiet). Det siste vart forbudt og oppløyst i fjor sommar. Men folka som styrte det partiet lokalt er jo fortsatt der. Det virker som om dei, eller mange av dei, samla seg om Shafiq og begynte å ta dette sovande partiapparatet i bruk igjen for noen veker sidan. Mange av dei gamle NDP-leiarane begynte å agitere lokalt for Shafiq, lojalitetsband vart dratt fram og ressursar som dei hadde til rådvelde gjorde han til kandidaten til eit "post-NDP" som slik tok til å røre på seg att. Nå kan nok desse observasjonane vere agitasjon frå anti-Shafiq-kretsar som vil prøve å ramme han med å klistre han til det gamle regimet (som han insisterer på å ta avstand frå) og som også ser militærets hand bak det heile. Men det er ikkje heilt urimelig å tru at det kan ligge noe i det. Det er klart at NDP hadde eit velfungerande system for å fremme sine kandidatar under det gamle styret, og det er ingen grunn til ikkje å tru at det, eller iallfall delar av det, kan ha samla seg og gått i bresjen for den kandidaten som utan tvil stod dei nærast. Apparatet teller, og mange folks ønske om at "nok er nok", og at Egypt må gjenvinne stabilitet under ein erfaren politikar kan gjere resten.
Når det gjeld kvifor ingen liberal eller sekulær "revolusjonskandidat" vann fram, må nok mye av det leggas på overdriven sjøltillit hos dei liberale. Dei delte seg mellom ein handfull kandidatar, fordi dei meinte at dei hadde så stor oppslutning at iallfall ein av desse måtte gå vidare til andre omgang, og så kunne dei andre liberale samle seg rundt den fremste av dei da. Personlig og politiske rivalisering og ambisjonar spilte også inn; fleire forsøk på å samle seg rundt ein kandidat vart mislykka fordi ingen ville gi opp "sin" sjanse om å bli president. Men dei var rett og slett ikkje mange nok til å kunne bruke første valomgang til ein slags nominasjonsstrid. Det kjem naturligvis også an på om ein kan rekne stemmene til Abu 'l-Futuh, med sine salafist-støtter, og Amr Moussa, med si bakgrunn frå det gamle regimet, til ein slik liberal "pool". Men om dei sekulære og liberale som stemte på desse to, altså berre ein del av deira tilsammen tretti prosent, hadde samla seg med dei som stemte på utvetydig sekulær-liberale kandidatar, mellom dei Sabbahis 21 prosent, hadde deira kandidat klart gått vidare. Dei er altså (iallfall i dette valet) ei langt frå ubetydelig stemmegruppe. Også det er interessant, når ein i det vidare kjem berre til å fokusere på kampen mellom Brorskapet og arvingane frå Mubaraks styre.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar