torsdag 28. juni 2012

Egypt: President Mursi


Sist søndag vart det klart at det Muslimske brorskapets kandidat, Muhammad Mursi, vann presidentvalet i Egypt. Betyr det at islamsk styre blir innført i Egypt, at det vil gå samme vegen som Iran etter den islamske revolusjonen i 1979? Er det ein Pyrrhos-siger for demokratiet, eit valg og så bort med det?

Det er to måtar å svare på det. Det eine er å sjå på den politiske stoda i Egypt i dag. Sjøl om Brorskapet fekk presidentvervet, etter ein smal, men etter alt å dømme rettferdig, valsiger, betyr ikkje det at dei tatt over makta i landet. Tvert om står vi framfor ein maktkamp mellom presidenten og dei militære som har hatt makta i Egypt sidan 1952, og ikkje vil gi frå seg meir makt enn dei er nødt til. I beste fall kan det bli ein balanse mellom dei religiøse og dei sekulære kreftene i landet som hindrer ekstremisme frå begge kantar å utvikle seg. I verste fall fører det til handlingslamming og at begge bruker tida til å legge kjelker i vegen for den andre.

Kva av dei det blir, må vi berre vente og sjå. Dei militære hindra at Brorskapet fekk maktmonopol da dei (det vil si forfatningsdomstolen som stod dei nær) oppløyste det islamist-dominerte parlamentet i førre veke. Landet manglar grunnlov, så vi veit heller ikkje kva fullmakter den nye presidenten skal få. Det nå oppløyste parlamentet hadde langt om lenge nedsatt ein kommisjon til å skrive ny grunnlov, men mange meinte islamistane fekk for mye plass i denne. Det er ennå ikkje klart om Militærrådet vil la kommisjonen arbeide eller vil oppløyse også den (som det feilaktig først vart meldt), men dei har uansett gitt både seg sjøl, presidenten, og domstolane vetorett overfor det forslaget som kommisjonen til slutt kjem fram til. Så enten blir dei einige om noe begge kan godta, eller så blir det ein fastlåst kamp og ingen grunnlov.

Den andre måten å svare på er å sjå på Brorskapet sjøl og deira historie. Dei har jo aldri hatt eller vore nær politisk makt, så kva kan vi vente av dei? Mange er uroa: Både observatørar og forskarar har understreka kor "moderate" Brorskapet er, men kan vi stole på det? Khomeini presenterte seg også som demokrat før revolusjonen i Iran, men det kvarv fort da han kom til makta. Vil det samme skje nå? Er vi for naive?

Brorskapet og deira politikk er nok langt meir kjent enn Khomeinis var den gongen. Sjøl utan makt har dei vore ei leiande opposisjonskraft i to generasjonar nå, og har sitte i parlamentet og brukt det som talarstol. Dei har bygd sin velgarstøtte på denne historia, og vi kan i hovudsak rekne med at dei ikkje vil avvike dramatisk frå det som dei har stått for. Men samtidig utviklar historia seg framover og ikkje bakover; ting endrar seg ut frå nye omstende. Eit slikt er framveksten av politisk salafisme, som vi har skrive om før her i Aftenbladet. Det kan vere med å trekke Brorskapet i meir konservativ retning. I motsatt retning kan framveksten av ein meir liberal islamisme både innanfor og utanfor Brorskapet trekke dei mot sentrum. Dagspolitikk kan komme til å avgjere her.

Noe det viktigaste ein må merke seg med det Muslimske brorskapets politikk er at det er først og fremt eit partiapparat. Det har ein svært sterk organisasjon, og dei er intenst opptatt av å bevare denne organisasjonen. Det som betyr noe framfor alt er lojalitet til partiapparatetet. Derfor har fleire islamistar blitt skjøve ut i kulda det siste året når dei, på den eine eller andre måten, har brote med partidisiplinen. I dag sit det eit relativt konservativt leiarskap i toppen av organisasjon, og dei vil hindre utbrudd både i liberal og konservativ retning; men dei vil også snu kappa etter vinden for å hindre fraksjonar i Brorskapet i å bryte ut. Ettersom fleire liberale i byane har gått sine eigne vegar, kan det bety at meir konservative krefter, som er sterke i partiavdelingane på landsbygda, kan få meir tyngde.

Vi treng neppe frykte at Egypt blir noe nytt Iran. Brorskapet er i dag nok heilt innretta på demokratisk makt innanfor dei institusjonane vi har, og med dei militære på vakt ville dei uansett ikkje hatt noen sjanse til å skiple det. Derimot er dei som alle politiske parti gjerne villige til å få fleirtal alle stader dei går til val - på samme måte som da Arbeiderpartiet styrte Norge etter krigen; dei hadde langt på veg eit maktmonopol i mange år, men vi vart ikkje noe sosialistisk diktatur av den grunn. Men dei tunisiske islamistane da dei vann valet sitt i fjor, var nok meir forutsjåande da dei sørga for ei organisert maktdeling med det største sekulære partiet, i denne overgangsfasen ville nok eit nasjonalt kompromiss vore med på å roe gemytta.

Derimot må ikkje tru at Brorskapet er eit sosialdemokratisk parti slik Arbeidarpartiet eller for den del slik som Kristelig Folkeparti. Det er eit, etter vår målestokk, svært kulturkonservativt og moralistisk parti. Det ligg langt til høgre for det vi er vant med kva gjeld personlig og offentlig moral og "moralsk opprusning". Vi vil sikkert komme til å høre at "utuktige" vestlige filmar og bøker får problem - det har dei forresten alt som det er; det var Mubarak-styret som ville forby 1001 natt på grunn av umoralen i fortellingane. Brorskapet støtta dette, og vil kunne foreslå liknande ting. Alkoholen flyt ikkje fritt som det er, og vil heller ikkje gjere det. Slike vedtak vil komme, velgarane forventar det. Men noe hijab-påbud i gatene får vi ikkje. Det velgarane først og fremst vil ha, er økonomisk betring, og det er nok også her den nye presidenten må og vil sette inn kreftene sine.

Denne teksten vart opphavlig skriven som manus til ei spalte i dagspressa, 24. juni.

Ingen kommentarer: