onsdag 11. juli 2012

Egypt: Kamp eller piruett?

Når grunnlova er borte, dansar institusjonane på bordet, heiter det ikkje i noe statsvitskaplig ordtak. Men slik er det nok i "revolusjonære" situasjonar, med eller utan hermeteikn. Gramsci sa faktisk noe om at når ei kraft berre kan gå fram og den andre ikkje kan gå tilbake, så oppstår det mange bisarre fenomen. Trotski snakka om "dobbeltmakt". Er det det vi ser i Egypt nå?

Kort repetisjon av dei siste dagars institusjonelle hendingar:
Like før presidentvalet for tre veker sidan erklærte grunnlovsdomstolen parlamentsvalet i fjor for ugyldig, ikkje på grunn av gjennomføringa, men fordi dei meinte den nye vallova var lovstridig (sidan den tillot partimedlemmer å stille til val i kretsar for "uavhengige". Dette gjaldt berre ein tredel av kretsane, resten var valt normalt ut frå partilister).
           Dagen etter oppløyste militærrådet derfor parlamentet, og tok på eiga hand over mange av fullmaktene deira, slik som lovgiving, fram til nytt val kunne haldas når ei ny grunnlov er utarbeidd, tidligast til hausten eller vinteren. Samtidig avgrensa dei kva presidenten skulle få myndigheit til.

Så, sist søndag, opphevde den nyvalde presidenten, Morsi, det siste vedtaket, altså det frå militærrådet. Han sa han respekterte det første, domstolens annulering av valet, men meinte at det sittande parlamentet skulle fungere fram til nye val vart halde, som han på samme måte som dei militære meinte måtte bli straks ei grunnlov er på plass. Militærrådet reagerte med å si at dei "la til grunn at domstolanes vedtak blir følgt", noe som teknisk sett ikkje var i strid med det Morsi hadde sagt, men reellt naturligvis var ei irettesetting.
           Parlamentetet møtte i fem minutt i går, tysdag, og diskuerte berre korleis dei skal forhalde seg til at dei var oppløyst, og vedtok å føre saka inn til appeldomstolen ("cour de cassation"), som ofte har omgjort politiske vedtak frå lågare institusjonar. Ingen frå ordensmakta prøvde å hindre dei å møte.

Eit par timar etter kom så grunnlovsdomstolen med eit nytt vedtak, som opphevde presidentens oppheving av militærrådets vedtak. Det betyr altså at domstolen ikkje godtok hans skille mellom deira eige første vedtak og militærrådets oppfølging av dette. Dei sa også at dei er høgaste domsmyndigheit, altså at appeldomstolen ikkje hadde noe med dette å gjere.

Der står vi nå. Openbart ein maktkamp, men ikkje med våpen, og det virkar ganske gemyttelig. Slik også i ordlyden, presidenten og brorskapet legg stor vekt på ikkje å kritisere domstolen (som har prinsippiell rett til å gjere sine vedtak uavhengig av politiske forhold) men berre militærrådet (som ikkje har noen slik prinsippiell rett, dei skal jo ha "gitt makta frå seg" den 30. juni).
           Ser vi på innhaldet i dette, kan det virke som om det ikkje er så stor avstand mellom posisjonane. Begge aksepterer at det skal vere nyvval til hausten (eller når grunnlova er på plass, det kan forsåvidt ta mye lenger tid). Begge aksepterer at domstolen er legitim. Dermed blir det også vanskelig for presidenten å gå utanom det siste, relativt utvetydige vedtaket til domstolen - men vi får sjå kva han gjer. Parlamentet har vist seg ganske makteslaust sidan det vart vald i fjor og har ikkje kunne utpeike regjering (det ligg nå til presidenten) eller vore i stand til å vedta lover. Slik gjer det kanskje ikkje så stor forskjell om det møter eller ei, før vi får ei grunnlov som klargjer kva fullmaktar dei skal ha?

Forskjellen ligg nok helst i resten av militærrådets vedtak, som ikkje var omtalt i grunnlovsdomstolens vedtak men var rådets eiga tolking: at dei sjøl har lovgivande makt fram til nye val, at presidentens fullmakter skal innskrenkas, osv. Det siste har naturligvis ikkje noe med evt. problem i parlamentsvalet å gjere, og det er her striden vil stå: Kva kan presidenten gjere utan at militærrådet må godta det?

Gjennom heile det siste året, har militærrådet dreve med ein slags fram- og tilbakedans: Dei har komme med utspill som styrkar dei sjøl, så har det komme protestar i gatane eller frå andre, og så har dei gått tilbake på eller svekka utspillet, før dei ei stund seinare prøver seg på noe anna. Det er altså ikkje slik at dei har kjørt hardt utan å lytte, men dei har heile tida prøvd seg. Slik kan det bli også nå, at om dei møter motstand så vil dei jenke seg og la presidenten få meir å si, men kanskje ikkje så mye som han ønsker. Presidenten kan spille på samme måten, kjøre hardt ut, for så å gå inn på kompromiss. Mange snakkar om at dette er avtalt på bakrommet på forhånd, men det kan rett og slett vere politikk: kvar prøver å finne kvar det politiske tyngdepunktet ligg.


All politikk har slike element av "piruettar", men det blir meir synlig i eit institusjonelt tomrom, der spillereglane ikkje er bestemt på forhånd. Nå er heller det ikkje sikkert, for Egypt har jo openbart ei grunnlov, frå Sadats tid i 1971, midlertidig endra på noen små punkt i fjor. Det er derfor vi har ein grunnlovsdomstol, ei vallov og ein president. Spørsmålet er derfor om vi står i ein konstitusjonell kontinuitet: alt fortsetter som før (altså som under Mubarak) fram til ein ut frå eksisterande reglar endrar lova; eller om vi står i eit tomrom, ein revolusjonær situasjon der alt er nullstilt og det ikkje er noen reglar før nye blir lagt heilt på frisk grunn (slik vi nå ser i Libya). Også dette er det usemje om, men Brorskapet og presidenten vil nok gå langt i retning av "kontinuitet" for å hindre unødig uro og styrke eigen legitimitet overfor omverda, så lenge det berre betyr at dei får reell makt. Det gir ein felles basis for spillet som nå går.

Og så er det det reint maktpolitiske: I det nåverande parlamentet har altså Brorskapet nesten reint fleirtal, stort fleirtal sammen med salafistane. Var det nyvalg i dag, viser alle målingar at dei ville miste dette, og både dei liberale "sivile" (det vil i Egypt si "sekulære" som ikkje vil bruke det ordet) og dei som støtter dei militære vil gå sterkt fram. Det forklarar også den spagaten som dei fleste liberale har satt seg i; dei er mot både militærets oppløysing av parlamentet, og Morsis annulering av oppløysinga; "pest eller kolera", seier dei, men utan å forklare om dei meiner parlamentet bør vere oppløyst eller ikkje oppløyst. Dei møter iallfall ikkje. Grunnen er naturligvis at ein president frå Brorskapet er ille ut frå deira syn; eit parlament frå Brorskapet er også ille, men begge delar samtidig er utålelig og gir ein reell fare for maktmonopol (om parlamentet då ville få reell makt i samarbeid med presidenten). Da heller nyval så fort som mulig, som kunne skape ein maktbalanse mellom islamistar og sivile krefter.

Brorskapet må på si side prøve å rette opp inntrykket av maktesløyse, om dei skal vinne seinare val. Derfor kan dei ikkje godta å berre sitte som nikkedokke for militære; ein medie-fokusert konfrontasjon med militærrådet er godt for dei. Men det er neppe institusjonell krangel som folk ventar av dei, men konkrete tiltak som angår vanlige folks kvardag. Derfor kan presidenten heller ikkje la denne striden gå for lenge eller bli for omfattande, i forhold til konkrete tiltak som syner att ute i samfunnet.

Dette liknar mye på dobbelmakt i Trotskis forstand, dei militære og presidenten har kvar sine maktposisjonar, ein ut frå det gamle militærsystemet og ein ut frå det nye parlamentariske, og berre ein av dei kan vinne på sikt. Men dei har ikkje tatt kampen ut i gatene ennå, det blir halde innanfor ein formell og institusjonell ramme. Resultatet blir til sist avgjort ved kven sine vedtak som blir lytta til og gjennomført, og kven sine som blir ignorert. Det får vi sjå vidare framover, "kampen om institusjonane" er berre såvidt begynt.

Ingen kommentarer: