Etter det store angrepet sist veke kom på ny meldinga frå alle kommentatorar i kor med opposisjonen og vestlige politikarar: Nå er det like før; Assad må gå nå, ja, kanskje han har flykta til Lattakia og alt raknar for han? Men så var han fortsatt i Damskus, krigen heldt fram og scenene frå Homs i fjor gjentok seg i Damaskus: Hard artilleribruk, mange drepte, men til slutt klarte regimet å drive opprørarane ut frå områda sine og ser ut til å sitte igjen på ruinane åleine. Likevel: Det er opplagt at konflikten har skifta karakter. Regimet har fortsatt overlegen styrke, men ikkje så overlegent som før. Det blir trengt tilbake, og opprørarane har opplagt framgang. Så er det eit endgame vi står overfor likevel?
Det er naturligvis alltid farlig å spå. Dersom eit regime av denne typen raknar, så raknar det fort - på eit par dagar kan det gå frå å virke urørlig til å vere borte. Det kan skje her også. Men akkurat nå er det få tegn som tyder på at noe slikt er nær foreståande. Den viktigaste avskallinga er (forutan ein ambassadør) ein general, Manaf Tlass, som har stått Assad nær, men var komme i unåde og forlot skuta. Han ser i eksil ut til å søke ein overgangsrolle, men opposisjonen vil ikkje ta i han, han stod for nær Assad. Men den indre kjernen ser fortsatt ut både til å vere samla og til å ha full kontroll over dei væpna styrkane. Så alt tyder på at kampane vil fortsette, i overskuelig framtid.
Kva er det som har skjedd, kva er tegna på ei endring inne i landet?
For det første, Aleppo. Vi har heile tida sagt, på denne plassen og andre: Watch Aleppo. Den nest største byen og økonomiske sentrum i Syria, langt større betydning sjøl enn knutepunkt Homs, og med ein tradisjon for opposisjon mot Damaskus. Så lenge det er stille der, så sitter Assad trygt, sa vi: sluttar dei seg til opprøret, så kan vi snakke om endring. Vel, det har vore stille der heilt fram til førre veke. Men nå i dag er dei i sentrum for opprøret; fleire sentrale bydelar er p.t. kontrollert av opprørsstyrkar, og regimet har problem med å drive dei ut. Dei klarer det nok over tid, men dersom dette betyr at befolkinga i Aleppo (eller viktige delar av ho) nå er gått aktivt på opprøraranes side - og tegn tyder på det, sjøl om opprørssoldatane nok kom utanfrå - så er det eit nytt og viktig tegn mot regimets posisjon.
For det andre så ser opprørane ut til å ha fått vedvarande kontroll over ein del områder, spesielt i nord og nordvest, der dei kan bevege seg uhindra. Regimet ser ut til å ha trukke seg tilbake frå desse landområda, men held fast posisjonen i byane. Det endrar karakteren til konflikten, det er eit viktig kriterium på "borgarkrig", som vi altså da kan snakke om i Syria. Det medfører også frontliner og meir konvensjonelle fram- og tilbakerykkingar; ein kan måle krigens gang på områder kontrollert og ikkje berre på talet på drepte. Blir dette permanent, gjer det at opprøret også kan bli permanent og desto verre for regimet å drive ut.
Korleis har dette skjedd? Først og fremst er det opprørarane som har styrka seg, meir enn regimet som er blitt svakare. Opprøret har fortsatt berre små våpen, opp til anti-tank-rakettar ser det ut til (men ikkje våpen mot dei helikoptera som regimet har satt inn), men dei har rikelig av dei, og dei er moderne - iallfall dei gruppene som har kontakt med omverda og får våpen, først og fremst frå Gulfstatane Qatar og Saudi-Arabia. Noen grupper klager over at "dei andre der borte" får moderne våpen, mens dei sjøl må nøye seg med det dei erobrar, så det tyder på at ikkje alle er like vel furnert, men openbart mange nok.
Like viktig er det nok at opprøret er blitt bedre strukturert og fått skikkelig strategisk leiing. Det ser vi på at dei klarer å slå til frå ulike kantar samtidig og klarer å flytte seg smidig frå ein bydel til ein annan, og på samme måte i Aleppo som Damaskus. Dette er noe anna enn spontane smågruppene vi såg før. Noen rapportar (spesielt i Le Monde) peiker på at dette har sammenheng med ei splitting mellom den "ytre" hærleiinga i Tyrkia, dei som har snakka i namnet til den "Frie Syriske Hæren" (under leiing av Riyad Asa'ad); og dei kjempande inne i landet. Dei tar ikkje lengre imot ordre frå den ytre leiinga, men har klart å strukturere og samle seg som ein indre front (og blir altså væpna frå Gulfen). Dette har vore ein nøkkel for framgangen, men betyr også ein fare for ytterligare spenningar innan opprørsfronten. Slik gav Asa'ad ordre om å følge FNs oppmoding om våpenkvile i vår, men den indre leiinga overhørte det og fortsatte kampane på eiga hand - det var da delinga oppstod, og det var også omtrent da framgangen deira tok til. Sidan Asa'ad og den ytre FSA-leiinga er dei som har stått i kontakt med dei viktigaste politiske organa, fremst det Syriske Nasjonalrådet (som også støtta våpenkvila), kan dette gjere den faktiske opprørshæren inne i landet til ein meir vanskelig og ustyrlig faktor dersom det skal bli snakk om forhandlingar seinare, enn si organisering av landet dersom regimet faktisk fell (vi tenker, ikkje berre på Libya nå, men ennå meir på Algerie i 1962, da seieren over Franrike vart avløyst av ein, rett nok kort, borgarkrig mellom den "indre" og "ytre" opprørsleiinga, og dei militære endte opp med makta). Vi er ikkje der, kanskje finn dei sammen igjen, men det politiske tyngdepunktet i opprøret kan også ha forskjøve seg til "innenlandske krefter".
Det har også komme ulike meldingar om dei kurdiske områda i grensetraktene i nord og nordaust. I norske media vart det meldt at "regimet hadde overlatt dei kurdiske områda" til PKK, den tyrkisk-kurdiske geriljagruppa, og det vart spekulert i kvifor. Men det ser ut til å vere omvendt: Dei kurdiske organisasjonane har vore splitta, noen for og noen mot opprøret. Den irakisk-kurdiske leiaren Barzani samla dei nylig til eit møte hos seg, og dei vart der einige om ein felles strategi: å lage sitt eige opprør. PKK, som har størst militær styrke, jaga derfor dei syriske regimesoldatane bort og har, med støtte frå lokale organisasjonar, kontrollen over ein del av småbyane i området, men (ennå?) ikkje i den største byen Qimishli, så vidt vi forstår. Dei er altså mot regimet, men potensielt også eit problem for opprørarane. Inntil vidare kan dei oversjå det, og berre håpe at regimet sender soldatar til å vinne dei kurdiske områda tilbake, så blir det mindre igjen der dei sjøl kjempar.
Når kjem så "the endgame"? Det blir altså spåmannskunst, så det får vi sjå. Opprøret ikkje ennå har krefter til eigentlig å utfordre regimet militært - dei vil kanskje ikkje bruke flyvåpen slik som i Hama, i frykt for å utløyse utanlandsk "flyforbud", altså intervensjon, som i Libya, men helikoptera deira er fortsatt farlige, så lenge ikkje opprørane får bakke-til-luft-rakettar. Men regimet klarer trass dette ikkje å få overtaket på opprøret, og det peiker i feil retning for dei. Dess fleire månader det går med ein langsom konflikt som denne, dess mindre blir muligheita for Assad til å overleve, om ikkje den grensa alt er nådd. Han må vise evne til å få kontroll over landet om han skal behalde den samla fronten han har. Tippepunktet vil komme når mange nok i kretsen rundt regimet anser Syria som "uregjerlig" på varig basis. Da vil dei søke andre løysingar. Problemet deira er trulig at da er konflikten blitt så bitter, og ikkje minst hatet mot alle alawiaer, uansett kva posisjon dei måtte ha hatt, så inngrodd, at alle mellomløysingar er umulige; eit nederlag for regimet vil bety blodig hevn overfor alawiaene, nå meir og meir identifisert med dei morderiske "shabiha". Det vil gjere konflikten meir innbitt også på deira side, det er ikkje snakk om å finne den mest rasjonelle løysinga, men om frykta for å bli massakrert. Ei slikt frykt gir sterk sement til bunkersen.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar