fredag 11. juli 2014

Gaza: Be kind rewind?

Ved eit tilfelle, mens eg rydda opp i gamle notat i sommarstilla, kom eg over merknader til konflikten i Gaza i november 2012. Samtidig kom det meldingar om ein ny konflikt i samme området. Dei to er så like at det ikkje berre er dejà vu, men direkte vanskelig å halde frå kvarandre kva som var forløpet den gongen og nå.

I skrivande stund er vi fortsatt på eit stadium der Hamas sender rakettar det dei kan inn over Israel, mens Israel svarar med bombar og rakettar mot det dei hevdar er Hamas-mål i Gaza, men som openbart også drep sivile. Dette har altså skjedd før, og for utviklinga vidare har vi to mulige tidligare modellar vi kan sjå etter:
           Enten krigen i desember 2008-januar 2009, da Israel sendte inn bakkestyrkar, med resultat ca. 1500 drepne palestinarar og 13 israelarar. Den konflikten varte i rundt tre veker, og vart avslutta med ei einsidig våpenkvile frå Israel, som vart følgt opp av Hamas.
            Eller konflikten i november 2012, da Israel nøyde seg med å bruke luftvåpen og rakettar i ein konflikt som varte litt over ei veke, med resultat vel 130 drepne palestinarar og seks israelarar.

Så langt har konflikten, som har vart i rundt fem dagar, større likheit med 2012, i skrivande stund skal palestinske tap ligge på rundt 80, utan noen israelske tap så langt. Oppmarsjen til denne konflikten har heller ikkje vore så skarp som i 2008, og det er fortsatt grunn til å håpe at det blir nokolunde med dette, altså at ein unngår ein bakkeinvasjon som vil føre til langt større tap, på begge sider men i hovudsak mellom palestinske sivile.

Fleire har påpeikt at desse stadig gjentatte konfliktane mot Gaza er ulogiske, og kan ikkje føre til noe anna enn at kvar part ønsker å hevne det motparten har gjort, i ein krangel om "kven som begynte", som om det gjaldt eit slagsmål i ein skulegard, som Le Monde skreiv på leiarplass i går. For Israel må det vere openbart at dei ikkje kan "knekke" Hamas med eller utan invasjon, berre svekke dei midlertidig. Om to år er dei tilbake der dei var og må ta ein ny konflikt. Og Hamas veit jo at deira rakettar ikkje utgjer noen reell militær fare for fienden, ikkje minst fordi dei aller fleste som kjem inn mot bebudde eller strategiske mål blir skotne ned av Israels ganske effektive "Iron Dome" anti-rakettsystem, rett nok til ein prislapp på $90.000 per rakett. Men Israel står nok i den prisen - det er verre med Hamas, som etter å ha brutt med både Syria og Iran over borgarkrigen i Syria, kanskje nå bruker opp det meste av arsenalet sitt med små sjansar om snarlig påfyll, og til ingen militær nytte. 

Men det er jo alltid ein logikk som ligg bak, sjøl om det kan vere ein forvirra og motstridande logikk. Kva element er det som har ført til denne brå konflikten?

På palestinsk side er det trulig mest markering. Israel oppfatta drapet på dei tre israelske ungdommane i Hebron som ei krigshandling, og reagerte med både å drepe fleire palestinarar på Vestbreidda under jakta, og å bombe mål i Gaza. Hevndrapet på den palestinske ungdommen vart derimot oppfatta som ei vanlig kriminalsak, og etter palestinsk oppfatning forsøkt dyssa ned, med stor folkelig oppøsing som resultat. Sidan israelarane kopla dette til Hamas, såg dei trulig det som nødvendig å "markere seg" ved å skyte rakettar mot Israel, for å vise palestinarane at dei reagerte på fiendens provokasjonar.

På israelsk side var det eit meir openbart motiv: Sist søndag gjekk regjeringa egentlig i oppløysing, fordi det høgreorienterte partiet Yisrael Beiteinu (med utanriksminister Libermann) sa dei trakk seg i protest mot at Netanyahu ikkje slo hardare til mot Hamas i Gaza. Dagen etter begynte Netanyahu å slå hardare til mot Hamas i Gaza, og Libermann sitt enn så lenge fortsatt i regjeringa og skaffar fleirtal. Det er rimelig å sjå ein sammenheng her.

Men utover det så føler Israel seg trua av den nye samarbeidet, eller i det minste avspenninga, mellom Hamas og PLO på palestinsk side. Denne nye tonen (som nok kjem med tenners gnissel og utan noen garanti om lang levetid), er openbart også eit resultat av Hamas sin svekka posisjon etter skiftet i kurs i Egypt etter kuppet der. Dei satsa på ein hest som forsvann i tom luft, og prøver fortvila å finne tilbake til gamle venner, men Damaskus er opptatt med andre ting, og tar det neppe vennlig opp at Hamas svikta (og gjekk over til opprørsvennlige Qatar) da det stod på som verst. Så Hamas, låst inne på alle kantar, med eit fiendtlig Egypt og ei befolking som i stadig større grad bebreider Hamas for manglande evne til å løyse dagliglivets problem, har lite anna å gjere enn å bite i det sure eplet. Korleis skulle dei kunne gjenvinne noe politisk støtte heime og ute? Jo, ved igjen å bli både offer (for Israels bombar) og "spydspiss", den einaste som kan og vil påføre fienden noen slag, altså igjen bli Motstandsrørsla med stor M. I denne konflikten som nå går vil dei ta tap, Israel har openbart evner til faktisk å ramme Hamas sine militære ressursar, men dei kan vinne politisk. 

Dermed kan både Israel og Hamas vere tent med auka konfliktnivå: Ved å få Hamas igjen til å fokusere på sin militære kamp, kan Israel klare å drive ein ny kile mellom dei og det forhandlingsvillige PLO (som treng eit minimum av samarbeid med Israel for å kunne styre i sitt område i Vestbreidda), og Hamas tener politisk på at folk igjen kan forbinde dei med motstandsvilje og sumud, og ikkje med kaos og fattigdom i eit dagligliv som blir stadig meir umulig. Nå er det Israels skuld, og ikkje Hamas sin, at ting bryter sammen. 

Men, får vi håpe, desse politiske motiva treng ikkje meir enn denne markeringa på "2012-nivå", utveksling av rakettar og israelsk demonstrasjon av si overlegenheit (og reduksjon av Hamas si kampkraft, om enn midlertidig). Å trappe det opp til "2008-nivå"; altså bakkeinvasjon vil neppe gi meir politisk uttelling, men kan føre til langt større tap og skader enn vi har sett til nå. Så vi kan vere optimistar og tru at denne konflikten vil gå over etter ei veke eller kanskje to, når begge partar har "fått sitt", og gjerne som i 2012 gjennom forhandlingar med Egypt og kanskje USA, som begge har tilbudt seg, som mellommenn. 

onsdag 9. juli 2014

Kalifatet

Etter at "kalif Ibrahim" erklærte at "kalifatet er komme tilbake", har media kasta seg over dette begrepet og historia til det. I denne fjerde, og kanskje i denne omgang siste, historiske refleksjonen over hendingane i Irak, kan vi oppsummere litt korleis dette ordet er blitt brukt. For dei som har tatt innføring i Midtausten-historie, blir det litt repetisjon, men det kan vere greitt å få det samla.

Kva betyr det?
Ordet kalif, arabisk khalifa, kjem frå eit verb for å "følge etter", og betyr slik "etterfølger" etter profeten Muhammad, men kan også ha meining "å stå i staden for", altså "representant". Verbet khalafa er dagligspråk, "eg følgte etter han inn i huset", og mens khalifa stort sett viser til vår "kalif", herskar, så kan det også brukas meir nøytralt om ein mellomleiar, altså "stadfortredar", i ein religiøs organisasjon, slik har mange sufi-brorskap ein eller mange khalifaer, som da berre betyr at vedkommande leiar ei grein av brorskapet. Men den vanligaste bruken er jo den vi kjenner, som vår kalif.

Kor lenge varte kalifatet i historia?
Her finn ein mange variantar i dagens kjappe "fakta-rubrikkar" i avisene: frå 630 til 1250, eller til 1517, eller til 1924, fritt val. Alle desse kan vere "rett" eller "feil"; alt etter som kva ein legg i det. Vi bør derfor sjå det litt i faser, sidan uttrykket vart brukt på ulik måte opp gjennom tidene.

Første fase: kalifen som reell herskar over eit samla muslimsk rike
Dette var den første og opprinnelige betydninga av ordet: Pofeten Muhammad var ved sin død i 632 politisk leiar for ein stat i full ekspansjon. Dei leiande i samfunnet utnemnte raskt ein av hans medarbeidarar til khalifa for å ta over styringa av denne nye staten. Etter kvart vart skillet mellom religiøs og politisk autoritet også ganske klart: Kalifen hadde arva Profetens rolle som statsleiar, men ikkje hans teologiske autoritet: Kalifen skulle ikkje bli noen pave som fastsatte teologien, det gjorde dei lærde uavhengig av han.
       Kalifatet gjekk gjennom fleire dynastiskifte, og hovudstaden flytte seg frå Medina over Kufa og Damaskus til Bagdad, men sjølve institusjonen var den samme: Det var éitt samla muslimsk rike, og kalifen var herskaren over dette. Rett nok var det stadig opprør, og i utkantane av riket (særlig Nordafrika og al-Andalus, dagens Spania) reiv utgrupper seg fri frå kalifens autoritet, men prinsippet om eitt rike og ein kalif heldt stand, heilt til indre rivningar gjorde at både einskapen i riket og kalifens makt gjekk i oppløysing. Slutten kom i 936, då kalifen gav frå seg makta i Bagdad til ein general som ikkje hadde ambisjon om å styre meir enn nærområdet i det sentrale Irak. Resten av den muslimske verda var oppdelt i sjølstendige muslimske småstatar, som kvar var styrt av ein sultan

Andre fase: kalifen som formelt, men ikkje reellt overhode
Sultan betyr berre herskar, det vere seg over eit stort eller lite område. Mens det i teorien berre kunne vere ein kalif i verda, kunne mange sultanar herske ved sidan av kvar andre. Dei var eigenrådige, og erobra kvarandres byar og riker med stort gjennomtrekk. Men sidan deira legitimitet berre var fysisk makt, søkte dei fleste støtte ved å skrive til kalifen, som fortsatt satt makteslaus i sitt palass i Bagdad, og be om at han skulle "utnemne" dei til sin mann i det området dei styrte. Det gjorde kalifen, så hadde også han ein funksjon, det hadde ikkje gjort noen forskjell om han hadde nekta. Slik kunne ein fiksjon om at kalifen fortsatt spilte ei rolle over eit muslimsk rike bli oppretthalde. Men det var berre i ein kort periode på 1100-talet at ein aktiv kalif prøvde å tilta seg reell politisk makt igjen, og da berre i Irak rundt Bagdad. Perioden da vi fortsatt hadde ein kalif som var allmennt anerkjent som del av det gamle abbaside-dynastiet men utan makt, varte slik frå 936 fram til Bagdad vart rasert av dei heidenske mongolane i 1256.

Tredje fase: kalifen som formell figur i Kairo, berre for Egypt
Då mongolane herja, var det berre Egypt, da styrt av dei såkalla "mamluk-sultanane" som stod i mot og forsvarte islam. Der dukka det opp ein mann som påstod seg å vere slektning av den siste abbaside-kalifen, og dermed rette arvtakaren til kalif-vervet. Det passa sultanen godt, og han installerte denne fyren som kalif i Kairo, med samme oppgåve som før: å formelt utnemne sultanen som "sin tenar". Dette var altså eit framhald av rolla frå Bagdad, men med den forskjellen at ingen utanfor Egypt godtok denne "kalifen" som arving av Bagdad-kalifen, han var ikkje lenger noen "universell leiar" for alle sultanar i den muslimske verda, berre lokalt for mamluk-herskarane. 

Fjerde fase: mange "kalifar" men utan innhald
Dermed var tittelen kalif blitt "ledig på markedet", og fleire sultanar begynte å ta i bruk tittelen på seg sjøl rundt om. Dette hadde skjedd alt på 900-talet: Dei sjølstendige herskarane i al-Andalus hadde i den første tida berre kalla seg emir (kommandant) for ikkje å rokke ved ideen om eit samla islamsk rike. Men i 929 gjorde dei seg heilt sjølstendige ved å erklære seg for eit kalifat. Andre i Nordafrika følgte opp med samme tittel, og etter kvart kom det også fleire kalifar både i India (moghulane) og andre stader.
        Men innhaldet i tittelen var nå blitt utvaska, og den mista snart den betydninga den hadde hatt som arving og etterfølgar av Profeten. Kalifen i Kairo mista fleire og fleire av privilegia sine, og dei mange ulike kalifane rundt brukte nå tittelen berre som eit honnørord blant mange når dei ramsa opp alle sine bragder (den osmanske sultanen i Istanbul var m.a. også "romersk keisar"), det var sultan som nå var den viktige tittelen som viste at dei styrte, og da berre over sitt eige område, ikkje meir. Nå kunne det altså godt vere mange kalifar ved sida av kvarandre, kvar i sin stat.
       Slik vart også osman-sultanen alt på 1300-talet kalt "kalif" som ein tom ærestittel som dei ikkje la noe vekt på. Då dei i 1517 tok Kairo og fann "kalifen" som mamlukane hadde sittande der tok dei han  til fange, sette han i fengsel i Istanbul og avskaffa i realiteten hans embete. Det var altså ingen overføring av formell eller reell legitimitet frå denne skygge-kalifen til den osmanske sultanen - den opprinnelige meininga hadde på den tid blitt irrelevant og forsvann heilt med dette. 

Femte fase: Den osmanske sultanen vekker tittelen til live
Først 250 år seinare dukkar ideen om ein samla kalif opp igjen. Og nå er det den osmanske sultanen som pussar støv av den, med seg sjøl i rolla. Vi ser tittelen begynner å dukke opp i osmansk diplomati seint på 1700-talet, men sterkast i siste del av 1800-talet. Dei meiner at dei heile tida jo har vore "kalifar" - samtidig som keisar og prins og så mye anna - men dei påstod også at ein tidligare sultans mor hadde nedstamma frå dei "ekte" abbaside-kalifane i Bagdad, og at dei dermed også hadde stamtavla i orden. Hensikta var å kreve på autoritet ikkje berre over sitt eige store område, men at dei nå kunne, i kraft av kalif, snakke på vegner av alle verdas muslimar.
             Samtidig dukkar ein teori opp, trulig lånt frå europeisk konstitusjonell tenking, om eit skille mellom ei verdslig makt - som låg i sultan-tittelen, og ei åndelig makt, som da skulle ligge i kalif-tittelen. Dette har ingen bakgrunn i reell historie, som nemnt var den tidlige kalifen nettopp ein politisk leiar utan religiøs autoritet, men nå sa den osmanske sultanen at han som sultan styrte over sin eigen stat, men som kalif var han leiar for muslimane også i alle andre land. Slik gjekk kalif-tittelen frå å vere ein gløymt og innhaldslaus ærestittel til å bli eit separat embete, atskilt frå sultan-vervet men samla i samme person.

Sjette og siste fase: Den osmanske kalifens fall
På 1800-talet var dette kravet først og fremst brukt diplomatisk overfor europearane, og med eit visst hell: Då Austerrike t.d. erobra Bosnia i 1878, fekk sultanen likevel behalde "religiøs autoritet" over muslimane der i kraft av "kalif", det samme skjedde i noen koloniar. Men mye meir realitet enn dette og som argument i sultanens mislykka forsøk på ei "pan-islamistisk" reising, var det ikkje. 
        Slutten kom da også kort tid etter, da det osmanske riket fall sammen etter første verdskrig. Atatürk skilte likevel også mellom dei to embeta: Mens sultanen vart avsatt som sultan i 1922, vart kalifatet avskaffa ved tyrkisk vedtak først i februar 1924.
       Sjøl om dette "kalifatet" altså berre var lokalt osmansk, og knapt hadde eksistert i to generasjonar, førte likevel sjølve idéen om at "kalifatet" nå var borte til uro også hos muslimar langt utanfor deira område, "evig eies kun det tapte", om det så var for tusen år sidan. Fleire forslag om å la muslimske kongar eller leiarar ta over tittelen kalif, førte likevel ikkje fram. Men det var altså eit svært kortvarig kalifat som her forsvann, å trekke dette tilbake til profeten Muhammads tid er like rimelig som å seie at Romarriket varte fram til 1806 (da det "heilage romerske riket" vart til keisarriket Austerrike) eller heilt til første verdskrigen, sidan den osmanske sultanen jo også hadde påstått seg å arve tittelen "romersk keisar" frå bysantinarane.

Ny fase i vår tid?
I islamistisk propaganda har begrepet kalif ofte spilt ei rolle, men ganske vag. Også parlamentarisk orienterte islamistar, som Det muslimske brorskapet, kan til tider snakke om "kalifatet" som ein slags framtidig ideal-tilstand, sjøl om dei også samtidig snakkar om moderne republikkar bygd på folkesuverenitet. Dette siste er altså ei uklarheit, kanskje bevisst, kanskje uttrykk for ulike retningar innanfor desse gruppene, men mest trulig rett og slett at dei ikkje har utvikla noen klar statsteori. For dei fleste er derfor "kalifatet" ikkje noe presist mål eller styringsform, men berre eit symbolsk og retorisk begrep for ein tilstand der religiøs moral har avgjerande innverknad i samfunnet, og spesielt: der den islamske verda står samla på ein eller annan måte.
        Slik har også al-Qa'ida og meir radikale grupper brukt begrepet, men dei legg naturligvis langt meir strenge oppfatningar, dei ville ikkje lefle med "folkesuverenitet"; for dei er det Guds styre (hakimiyya, eit moderne begrep) som skal ligge bak. Men ikkje meir konkret enn det. Berre éi gruppe, Hizb al-Tahrir, som oppstod i Palestina og Egypt på 1940-talet, fokuserte på dette og sa at samlinga av alle muslimar i eit felles kalifat måtte komme først, før all annan kamp for islamsk styre. Denne gruppa har slik vakla mellom å vere fredelig (ingen jihad før kalifatet er på plass), og noen stader å lefle med meire militante metodar.
        Så altså nå da IS, som hermed påstår at nå er kalifatet her: ved at alle andre "ekte" muslimar aksepterer deira kalif Ibrahim. Sjøl om dei snakkar om 1924, så er det naturligvis den første fasen etter Profeten dei tenker på, med kalifen som reell og eineveldig herskar, men der andre jihadist-leiarar kan få arbeide vidare på eiga hand, om dei berre godtar Ibrahim som sin over-herre. Det er eit høgt spel. Noen grupper har slutta seg til dette, og begynner å kalle seg for "IS i det og det området", men fleire av dei viktigare jihadist-gruppene har fordømt IS, fordi dei seier at forholda ennå ikkje er komme så langt at dette er rett: Ein kan ikkje kalle seg for "kalif" berre fordi ein tatt styring med eit mindre område i to land. Samlinga av muslimane til eitt rike ligg ennå langt fram i tida, ser også dei. Så dei vil avvise dette kravet.

Idéen om ein mektig kalif som styrer over eit stort og utvikla muslimsk rike er eit sterkt retorisk verkemiddel. Men ser vi på historia, så har det altså i størstedelen av tida - faktisk spesielt også i den såkalla "arabiske gullalderen" mellom 900 og 1200 - vore ein fiksjon. Slik vil det nok også forbli, og dei fleste muslimar, radikale som moderate, ser nok også at kalifatets tid ikkje er nå.

onsdag 2. juli 2014

Irak: Kalifar og sufiar til sammen?

Den smule debatt vi har starta om rette namnet på opprørarne i Irak er ISIS eller Isil, vart altså raskt forelda, nesten før vi kom i gang. Nå er dei korkje det eine eller andre, men berre al-Dawla al-islamiyya, eller "Den islamske staten". Som da må forkortas med IS. Dette namnet er iallfall for oss litt eldre alt forbunde med Internasjonale Sosialistar, ei trotskist-gruppe som vel også kjempar for ein verdsrevolusjon for sine idear, om enn med heilt andre middel. Og utan sammenlikning for øvrig...

Men altså, det har vore mye snakk om at IS nå har proklamert kalifatet, den store muslimske fellesstaten, med deira leiar al-Baghdadi som kalif under sitt rette namn, kalif Ibrahim. Alle ekte muslimar må underlegge seg han, seier dei. Det vil nok verdas muslimar stort sett ikkje gjere. Media har store dagar med dette, kalifatet frå 600-talet er tilbake, statsgrensene står for fall, Sykes-Picots inndeling av Midtausten i moderne statar er oppløyst etter 98 år, og så vidare. Slik er det jo ikkje. Statsgrensene ligg trygt, enn så lenge. Det vi har er eit opprør som har spreidd seg frå eitt land over grensa til nabolandet, og det er ikkje så historisk i seg sjøl. Men er denne erklæringa om kalifatet da berre eit slag i lufta, vil det ha noen betydning i det heile?

Tja. Det kjem litt an på. Utanfor opprørsrekkene har det nok ikkje noen særlig effekt. Men spørsmålet er kva det vil få å seie innanfor desse sirklane.

Det store spørsmålet er kven det eigentlig er som kjempar i Irak, og kva slags dynamikk som kampane har skapt. Vi veit at ISIS aldri var så mannsterke, iallfall ikkje nok til å ta så store områder dei nå har. Hovuddelen av dei som slåss må komme frå allierte grupper, og vi har noen indikasjonar på kven det er, sjøl om vi jo ikkje kjenner så mange detaljar. Men vi kan grovt dele dei i to (sjøl om også desse nok flyt sammen i stor grad). Den eine er lokale arabiske (sunniske) stammar i regionen, spesielt Anbar-provinsen i nord-vest. Desse stammane har i skiftande alliansar dels slåss mot amerikanarane, dels alliert seg med desse mot Qa'ida-opprørane da dei gjekk over styr. Nå er det regjeringa til Maliki, og sentralstyret i Bagdad i det heile, som dei kjempar mot, og har gått i felles front med ISIS.

Den andre komponenten, som nok også er knytta til stammeband eller lokale lojalitetar, er restar etter Saddams styre og styrkar. Det mest kjente namnet her Izzat Ibrahim al-Duri, som var minister og ei tid svigerfar til Saddams son Uday, og kjent for sitt raude hår og mustasje. Og nå blir det interessant, for den gruppa han har leia heilt sidan Saddams fall, heiter Jaysh Rijal al-Tariqa al-Naqshbandiyya, "Hæren til Naqshbandiyya-ordenens menn". Og det heiter den fordi Duri sjøl og mange av hans menn er medlemmer i Naqshbandiyya-ordenen, som står sterkt i regionen. Og kva er vel dette, om ikkje ein sufi-orden? Ja, ein sufi-orden som gjerne blir rekna med til den samme "ny-sufismen" som dei nordafrikanske brorskapa vi her i Bergen har forska så mye på? Her er det mye moro og interessant. Vi kan - og noen vil heilt sikkert - skrive ei bok om dette. Eg må halde meg i skinnet, så det får vi komme tilbake til i andre sammenhengar.

For vårt formål her, la oss berre ta hovudpunkta. Ein sufi-orden er altså ein folkelig, organisert, mystikar-tradisjon i islam. Det er ikkje ei eiga trusretning eller teologi, men ein annleis praksis, ein måte å leve islam på. Sufismen er gammal, den er fredelig, og den er i følge salafistar og islamistar av ymse slag fylt av overtru og langt ifrå ekte islam, sidan sufismen legg stor vekt på heilage menn og rituale som ikkje er nemnt korkje i Koranen eller sunnaen (her er sufiane ueinige) og derfor er ureint slagg som er blitt blanda inn i trua. Sufismen er derfor ikkje god islam i følge salafistar som ISIS. Så dei er ikkje gode venner.

Naqshbandi-ordenen stammar frå middelalderen, men fekk ei oppfrisking tidlig på 1800-talet, og vann stor oppslutning frå Balkan og Tyrkia, over Syria og Irak til Sentralasia. Som andre ordnar er den i hovudsak upolitisk, men Naqshbandi-leiarar har også til tider organisert ulike opprør, slik m.a. i Kaukasus frå shaykh Shamil fram til 1920-åra. I Tyrkia overlevde ordenen under Atatürks sufi-forbod, og fleire moderne leiarar, slik som president Turgut Özal var aktive medlemmer av ordenen. I Damaskus i Syria er den utbreidd hos intellektuelle og religiøse leiarar, og var der knytt til reformistrørsler (m.a. for tanzimat) frå sist på 1800-talet. Det er altså ein svært variert og vidspreidd orden, og sjøl om den er organisert, er den ikkje sentralstyrt kva gjeld det sosiale og politiske lokale leiarar vel å ta del i. Her, i det nordlige Irak, ser den først og fremst ut til å ha vore knytt til lokale stammeleiarar, og -medlemmer, mellom dei fleire Ba’th-folk.

Dette blir dermed litt uklart, for Ba’th er ei sekulær nasjonalistisk rørsle, og det er vanskelig å tru at sufi-mystikken lar seg lett blande med ba’th-sosialismen. Det er mest trulig heller ein indirekte sammenheng, der stamme- og regiontilhørigheit er den sammenbindande faktoren: Folk frå dette området av Irak slutta seg til Ba’th, og folk herfrå hadde bakgrunn i Naqshbandi-sufismen, utan å trekke ideologiske band mellom dei to tinga. Men dette må det forskas på...

Det som er viktig her, er jo at sjøl om denne ”Naqshbandi-hæren” er ganske vag når det gjeld ideologi, og ba’thismen vart tømt for ide-innhald i Saddams siste tiår - og stammeband bygger ikkje på religion - så er ISIS ekstremt ideologiske og opptatt av rett tru. At dei andre sluttar seg til den som har den sterkaste krafta, er greitt nok. Men at ISIS skulle vatne ut ideologien sin for å ta hensyn til noen alliansepartnarar virkar mindre trulig. Så her er det sprengstoff på gang.

Vi er ikkje dei einaste som har oppdaga dette. Men noen av stammeleiarane som nå slåss sammen med IS(IS), berre blæs av det. Dette er berre ein taktisk allianse, og det er vi som er tyngda og står for kampen, seier dei. ISIS er OK og gode soldatar, dei har ikkje gjort oss noe, men ikkje bry dykk så mye om dei. Om dei yppar seg og blir eit problem, så skal vi lett ta hand om dei.

Dette kunne vore annleis. Det finnes naturligvis stamme- og slektsband over den syrisk-irakiske grensa. Hadde ISIS vore sterkt integrert i stammestrukturen, kunne vi faktisk ha tenkt oss at deira nye "stat" kunne organisere stammar på tvers av statsgrensa, og slik danne grunnlag for ei slik ny statsdanning som media skriv om. Men her må vi ta med at ISIS, sjøl om dei internt er samordna og samkjørt, har ei heilt ulik historie i dei to landa. I Irak, har dei under namna al-Qa'ida og ISI slåss i ti år nå, og har skaffa seg fiendar, men også venner - alliansen vi ser i dag er openbart resultat av ti års kampfellesskap mot Bagdad-styret (og USA bak dei). I Syria er dei resultat av ei splitting med resten av Qa'dia, og dei har bevisst fått alle andre grupper og stammar mot seg. Ein stor front av opprørarar, mange av dei salafistar som ISIS sjøl i ideologi, slåss nå i open krig mot ISIS. Så i Syria står dei heilt åleine, og kan ikkje bygge noen slik større allianse: Også ISIS si politiske rolle følger statsgrensa, uansett kva dei sjøl seier.

I så fall, har ikkje ”kalifatet” så stor betydning. Men så er det spørsmål om dynamikken, da. ISIS frontar openbart opprøret utover, men også innover: Dei, det ekte, indre ISIS; har faktisk stor kamperfaring og er gode til å slåss, men ikkje minst fekk dei ei kraftig vitamininnsprøyting med dei amerikanske våpna regjeringsstyrkane let etter seg i Mosul. Amerikanske Humvees gjorde heile forskjellen då ISIS nå brøyta seg gjennom den syriske Eufrat-dalen, og deira rivalar i Nusra-fronten, måtte berre strekke våpen og ”slutte seg til” den nye maktfaktoren. Enn så lenge har dette ikkje fått betydning i andre delar av Syria. Men det er ingen ting som rekrutterer slik som suksess, og inntrykket av at ISIS (IS, nå da) stormar gjennom heile Midtausten gjer at dei kan tippe balansen - det som var pragmatisk allierte kan bli vekt ideologisk og ta til seg ideologien til IS (det var det som skjedde med Haqqani-gruppene i Afghanistan). Dei kan slik komme til å  sjå "kalifen", ikkje sine eigne stammeleiarar, som den dei kjemper for, og dermed kan det vere fare for at troll går i ord: ved å presentere opprøret i Irak som eit reint IS-opprør kan ein skape eit inntrykk berre IS sjøl tener på. 

Her kjem da også den interne betydninga av tittelen "kalif" opp. Qa'ida brukte det aldri: Dei rekna Afghanistan som eit "islamisk emirat", ein lågare tittel (emir betyr kommandant) som vart gitt til Talibans leiar Mulla Muhammad Umar, så Bin Laden rekna formelt Mulla Umar som sitt "islamske overhode", sjøl om det berre var formelt. Ved å gjere krav på kalif-tittelen, stiller "kalif Ibrahim" alle andre jihadistar overfor eit val: Enten godta ei (formell) underordning av sitt "kalifat", eller å bryte banda og erklære Ibrahim og IS for vranglærarar. Han kan vinne noe oppslutning på dette, nettopp fordi han ser ut til å vere ein vinnar på slagmarka, men det er eit høgt spel også internt.

Så, korleis går det i dei nyvunne områda i Irak? Litt forskjellig, etter dei få rapportane som er komme til nå. I Mosul vart det sagt at ISIS erobra byen, men så berre fortsatte vidare på sin sigersferd sørover, og overlot Mosul til andre allierte. Dei ”som ikkje hadde skjegg”, altså ikkje-salafistar, tok over administrasjonen av byen, og ingen middelalderske reglar er blitt påtvungne noen, sa noen rapportar. Frå andre erobra byar har vi derimot hørt det motsatte, med innføring av harde religiøse reglar og henretting av rivalar frå andre grupper og av sivile. Det kan nok vere her vi bør følge med kva som skjer: kva for ein av desse to måtane å styre områda på kjem til å vinne fram? Held alliansen, eller vil det bli intern rivalisering og strider, og kven er da sterkast, det velutrusta IS, eller dei lokalt forankra stammane?

Det er altså mulig å vere pessimistisk, og tru at IS sin framgang vil skape ein dynamikk der deira samfunssyn vinn større oppslutning. At dei klarar å bite seg fast både oppe i Eufrat-dalen (Syria) og lenger nede i dalen (Irak nord for Bagdad). Men vel så trulig er det at dette ikkje kan halde. Den ideologiske spenninga er for stor. IS kan nok ikkje la vere å prøve å påtvinge sitt samfunnssyn på sine strategiske allierte, og mest trulig vil dei, eller iallfall mange av dei, avvise dette, og så får vi sjå kva følger det kan få. Og kva med Naqshbandi-hæren? Kor lenge kan IS tåle å kjempe sammen med noen som har eit namn dei reknar som det skire kjetteri?