søndag 1. januar 2012

2012 - Statusmelding

Dette er første årsskiftet sidan denne bloggen vart oppretta, og det er kanskje på tide å etablere noen tradisjonar. Det er jo tida for oppsummeringar av det som har skjedd og gjetningar for det kommande året. I år er jo vår arabiske del av verda med i alle slike oppsummeringar, og på ein positiv måte: Vi kan faktisk "lære noe av den arabiske verda", trass i Ola Borten Moe, og dei har gjort det både på Wall Street og i Moskva. Men vi kan jo også frå vår synsstad prøve å gjere ei statusoversikt over korleis det ser ut ved årsskiftet i ulike sentrale land.

Tunisia
Akkurat nå ser det ganske positivt ut i det første landet som gjorde opprør: Vi har fått ei samlingsregjering som ser ut til å fungere, mellom islamistane i al-Nahda og liberale sekulære. Nahda har tatt alle dei tunge postane, men er avhengig av liberal støtte. Den store prøvesteinen no er økonomien: Nå som opposisjonen har fått ansvaret, må dei også levere: Folk forventar reelle endringar, betra levevilkår. Regimeendringa vil i seg sjøl ikkje gi noen svar på dette, ikkje minst etter at mye av det siste året var prega av stillstand og beslutningsvegring frå det midlertidige styret. Det nye styret har nok fått ei nådetid, men om ikkje lenge må dei vere i stand til å fylle folks økonomiske forventningar. Klarer dei det ikkje, kan dei møte nye protestar. Heldigvis ser det også ut til at dei er klar over dette, og setter fokus her, heller enn å bruke tida på kulturelle og sosiale "islamske" symbolmarkeringar.
        Det einaste som vekker noe uro nå, er at det har vakse fram ei ny, og relativt aggressiv, salafistisk retning, spesielt på universitet og skular. Dei er nok relativt få så langt, men går til angrep på Tunisias sekulære tradisjonar, spesielt kva gjeld kvinner. Det har ført til noen sammenstøt på tilsynelatande enkle krav, som retten til å bære niqab på universitetet. Men deira vidare ønsker vil nok vere langt meir radikale, trulig også meir radikale enn tunisiarar flest, som har levd med dei nåverande sekulære lovene i over femti år, vil vere villige til å lytte til.

Egypt
I Egypt er vi komme kortare, det gamle og det nye heng i ein balanse, men eg vil likevel vere relativt optimistisk. Eg skreiv tidligare i år at det gamle styret ikkje ville avskaffe seg sjøl og sine privilegiar utan vidare - det viste seg å vere rett - og at vegen framover avhang av om dei revolusjonære var villige, ikkje berre til å halde demonstrasjonane gåande, men også å komme tilbake fleire gonger og ta opp igjen kampen for å "berge sin revolusjon". Det viste seg i november at dei var villige til det.
         Militærstyret har ikkje gått frivillig, men det vi ser er ein drakamp fram og tilbake: Styret kastar fram eit framlegg som vil befeste deira posisjonar og begrense demokratiet; det fører til protestar og demonstrasjonar, og så trekker regimet framlegget eller modifiserer det. Så går det litt tid, så kjem dei med eit nytt framlegg, nye protestar, og nytt tilbaketog. Slik vil det trulig halde fram, til det nye styresystemet er på plass.
        Det som er blitt etablert så langt, kan nok ikkje fjernas utan ved eit reint militærkupp, som sit langt inne. Og det som er etablert er eit reellt politisk sivilsamfunn, det vil si parti og fri presse, om enn umodent og innramma av tunge byråkratiske institusjonar som fortsatt hindrar t.d. fri partidanning. Det er uunngåelig (utan altså ved eit reint kupp) at det Muslimske brorskapet blir den dominerande politiske krafta i Egypt, iallfall i det kommande halve eller heile tiåret. Men så langt har dei ikkje villa stille eigen presidentkandidat, og om Egypt fortsatt blir eit president-dominert styre (noe som kanskje er nødvendig i eit såvidt ungt demokrati), vil det bety svært mye kven dei vel å støtte, og dermed samarbeide med: Blir det ein liberal islamist som Salim al-Awwa, blir det ein liberalar som ElBaradei, ein tidligare regimemann som Amr Moussa, eller tilmed ein som står militærstyret nær som Ahmed Shafiq? Den Brorskapet peiker på, blir nok valgt. Om dei vel eit av dei siste alternativa, vil det vise at dei ønsker ein allianse (lik den tunisiske) med den eine eller andre delen av det politiske spekteret.
       Den store overraskinga var naturligvis ikkje støtten til Brorskapet, som fall omlag på dei 35-40 prosent alle hadde forventa, men at det i tillegg vart gitt opp mot 25 prosent stemmer til dei heilt nye salafistpartia. For eitt år sidan var ingen av dei med i politikken, dei fleste støtta Mubarak fordi "det er ikkje lov å gjere opprør": Dei ekte truande måtte berre misjonere for den personlige moralen til kvar muslim. Når dei kasta seg inn i politikken, gjorde dei det rotete og usystematisk, men har klart å samle seg i eitt parti, al-Nur, som tydelig har ambisjonar om å bli eit seriøst politisk parti. Dei har derfor komme med mange avdempande utsegner, som at fredsavtalen med Israel ligg fast, at dei ikkje vil påby hijab eller andre dramatiske endringar. Men samtidig har dei måtta avkrefte og ta avstand frå sine eigne meir utålmodige talsmenn som har komme med det eine utspillet meir spinnvilt enn det førre, slik som å tildekke sfinxen i Gaza fordi den er eit "avgudsbilde". Dette er tydelige tegn på politisk umodenheit, også i Egypt samlar fjøslykter i natta til seg mye rart.
       Men kvifor fekk dei da så vid støtte? Er egyptarane så konservative? Mange er nok kanskje det, men mye dreier seg nok også om gjenkjennelseseffekt: Folk stemmer på personar, ikkje ideologiar (ikkje minst sidan valsystemet var så komplisert at det mest berre var ansikta til kandidatane folk kunne kjenne igjen). Mange av salafistanes kandidatar var kjent som fromme og usjølviske, og stod i maksimal kontrast til det gamle styrets menn. Også meir enn Brorskapets kandidatar, som presenterte seg i dress og slips, mens salafistane går kledd på sin eigen "islamske" maner, lett gjenkjennelig på alle bilder. Det kan derfor vere ein effekt som vil forta seg over tid, spesielt dersom al-Nur verkelig, med si nåverande tyngde, blir dratt med i det politiske spillet og blir meir "som dei andre".
       Tipset for Egypt er altså at den demokratiske prosessen vil gå vidare; vi vil mest trulig få ei kompromissløysing der Brorskapet blir den dominerande krafta i styret, i samarbeid med noen sekulære krefter, men der det meste av dei militæres økonomiske privilegier blir bevart og dei vil fungere som eit reellt eller potensielt "ris bak speilet". Ikkje minst USA kan godt leve med det, og Egypts leiarar må leve med USA. Men vi må nok gjennom fleire rundar med opptøyer på Tahrir, protestar og kriser, før vi kjem dit. Så blir det, som i Tunisia, ei oppgåve for det nye styret å stette folks høge forventningar om ein raskt bedra økonomisk situasjon. Det kan bli vanskeligare i Egypt enn i Tunisia, sjøl om Wall Street Journal (som vel har greie på slikt) nylig peikte på at Egypt faktisk hadde ei positiv økonomisk utvikling med høg vekstrate før opprøret tok til. Folk kjente det opplagt ikkje slik på kroppen, og i det siste året har jo alt stansa opp. Så om det nye styret mislykkas, kan folket vende seg til dei som er blitt ståande utanfor makta og ikkje har noe ansvar. Slik som salafistane.

Jemen
Går han eller går han ikkje, spurte vi for litt sidan. President Salih går visst ikkje likevel, er det aller siste. Han stod på nippet til å reise til USA, men da dei nølte med å ta imot han, lot han det vere, og ser ut til å heller å ville kjempe for å bevare si reelle makt i landet. Dermed er vi der vi var. Men i avtalen han signerte, er det innebygd fleire val, så får vi sjå om han klarer å sabotere dei, eller om han vil heller ta ein "Medvedev", stille opp ein stråmann som han kan styre gjennom, for så å sette sin eigen arvtakar (sonen) inn i neste omgang.
      Det "positive" i det, er at da har iallfall opposisjonen fortsatt ein felles motstandar å samle seg mot, så kan dei utsette den interne maktkampen seg imellom litt til. Kampane mellom Houthiar og salafistar heilt nord i landet, lovar ikkje godt, og i sør har "Ansar al-Sharia" (som i følge al-Qa'ida er tilknytta deira nettverk) bitt seg fast i Zinjibar og området rundt, noen mil aust for Aden. Men i første omgang blir spørsmålet kva som skjer i sentrum, i San'a' og Ta'izz. Dersom det blir reelle val (og da må nok omverda, dvs. Saudi-Arabia, bestemme seg for at dei vil presse det gjennom), klarer dei å stille ein samlande kandidat, eller vil det bli høvet til å ta alvorlig spørsmålet om "kva skal egentlig komme etter Salih?"
     Men, som sagt, så lenge Salih sit der som ein propp i prosessen, kan dei utsette det ubehagelige spørsmålet.

Syria
Om det er vanskelig å spå i Jemen, så er Syria som å kaste pinner opp i lufta og sjå kvar dei fell. Vil Assad fortsatt sitte der om eit år? I Damaskus er nok stemninga at regimet vil klare å ri dette av, ved hard represjon, og kanskje litt konsesjonar til dei som har halde seg på sidelina under opprøret. I omverda meiner dei det motsatt, ikkje minst ville nok ikkje den arabiske ligaen gått så høgt opp på banen om dei ikkje hadde reellt meint at regimet står for fall, og dei ville vere med å bestemme kven som kom etterpå. Kven av dei som har rett, er det heilt umulig å svare på i dag.
      Vi har tidligare sagt, "sjå til Aleppo". Blir det opptøyar der, så har regimet problem. Er det stille, så kan dei ri det av. Vel, det har vore stille i Aleppo. Heilt til nå, det vart rapportert om demonstrasjonar der i førre veke i samband med dei arabiske observatøranes besøk, men tydeligvis ikkje omfattande. Tingen ser ut til å vere at store delar av det syriske folket er i opprør og vil ha regimet og Assad bort. Men ikkje heile folket. Vi må hugse på at sjøl om Syria var og er eit diktatur, så var det på ein heilt annan måte enn Qaddafis Libya og Saddams Irak eit levelig diktatur, for dei som ikkje var i aktiv opposisjon. For svært mange var det bedre enn alternativet, som er borgarkrig og kaos. Men dersom dei opplever at det valet ikkje er der, at regimet må bort for at dei skal komme tilbake til eit normalt liv (og business), så kan dei komme ned av gjerdet på opprøranes side. Det er det som vi ventar på, kven klarer å framstille seg som den kortaste vegen til sosial fred.
     Opposisjonen har vore splitta i fleire "råd", men den indre og ytre opposisjonen skal nå ha samla seg, sjøl om vi ikkje veit kor sameint dei er. Usemja har gått på viktige ting som utanlandsk intervensjon (det nye samla rådet seier nei), og om opprøret skal vere fredelig eller valdelig. For tida, mens dei arabiske observatørane reiser rundt, er alle samla på fredelige demonstrasjonar. Men opprøret har opplagt heile tida, frå i vår, hatt ei væpna side i noen områder, og dette har blitt meir og meir markert mot slutten av året, med heile (om enn små) avdelingar i den "Frie Syriske Hæren", som er meir eller mindre trente desertørar, i kamp med regimehæren. Problemet er berre at desertørane teller kanskje rundt 20.000 mann, mange av dei halde tilbake i Tyrkia, mens den syriske hæren er på rundt 500.000, med tungt om enn gammalt materiell. Dei frie kan for tida ikkje gjere meir enn symbolske nålestikks-aksjonar, dei er ingen militær utfordring til regimet, og ingen ser fortsatt noe til korkje massive deserteringar (som i Libya) eller indre splitting som kunne peike mot eit statskupp. Men det siste er fortsatt ei teoretisk muligheit, og kanskje den einaste måten vi kan nå sjå at Assad skulle tvingas frå makta. Og dermed er vi tilbake til "Kan ha ri det av?" Dersom oppfatninga er ja, så kan det gå troll i ord. Skifter det til "nei", så kan det hende noen i det militæret utanfor Assad-familien begynner å tenke nytt.

Libya
Mest dramatisk, og blodig, har altså skiftet vore i Libya, med norsk bidrag til ein krig som fjerna Qaddafi og satte i staden noe ingen fortsatt veit kva er, korkje vi eller libyarane sjølve. Det første spørsmålet blir, "vil det finnas ein libyisk stat om eitt, to, eller fem år?" Akkurat nå er det berre ein skinn-stat, knapt nok eit reisverk. Overgangsstyret har knapt noen politisk tyngde, og prøver å overleve ved å balansere dei ulike maktsentraene etter krigen så godt dei kan. Slik har dei, t.d. annonsert at regjeringa ikkje skal sitte samla i ein by, Tripoli, men skal fordelas med noen ministerier her og noen der. Tunge økonomiske departement skal sitte i Benghazi, og kulturdepartement i den vesle byen Derna, heilt i aust, som er mest kjent for å vere styrt av ein islamistisk råd.
         Det er altså "kampen mellom byane" som dominerer bildet nå; kvar by - eller rettare kvar bys milits - står på for sin eigen makt og sine eigne rettar. Det var ikkje "opprørarane" som tok Sayf al-Islam Qaddafi til fange, det var Zintan-militsen (som styrer ikkje berre den vesle småbyen Zintan, men store delar av sørvest-Libya; det området militsen har tatt seg fram). Og fangen sit fortsatt i deira varetekt i Zintan, sjøl om regjeringa har forlangt han utlevert til seg i Tripoli. Hovudstaden er i det heile den tapande parten; dei var "representert" med militsen til islamist-leiaren Abd al-Hakim Belhadj, sjøl om Tripoli slett ikkje var utprega islamistisk, men det var han som hadde organisert opprøret der. Tidligare i haust vart han presentert rundt i verda som ein moderat og avslappa person ein kunne gjere business med. Det kan det godt hende han er, men vi fekk ikkje sjansen: Tripoli var ut og Zintan var inn. Belhadj kom ikkje med i regjeringa, hans plass vart fylt av Zintan-leiaren Osama al-Juwayli. Dels fordi deira milits er sterkare, dels fordi Belhadj vart oppfatta som stråmann for Qatar, og motviljen mot Qatars innflytelse har auka. Trass i at det var Qatar som langt på veg både finansierte og skaffa våpen til opprørets siste suksessfulle framstøyt mot Tripoli som avslutta krigen.
        Det er for øvrig den andre store overraskinga dette året, Qatars forsøk på spille ei stormaktsrolle både i Libya, i Syria, og i den arabiske liga. Det kan vi komme til å sjå meir til, så får vi sjå kor langt fellen rekk. Men viljen til å fri seg frå qatarisk, og dermed utanlandsk arabisk, innverknad i Libya er interessant. Qatar blir oppfatta som for "islamsk" og gulf-shaykh-arabisk, for Libya. Men vi har også hatt noe forvirrande utsegner frå den sekulære delen av regjeringa om "sharia", og CNN melder at noen Qaida-aktivistar skal nå ha tatt seg inn i landet og rekruttert ein liten flokk heilt i aust, i så fall blir deira første reelle tilstadevære i Libya. Men kor stor tiltrekking dei har blant alle dei andre alternativa som fins, veit vi ikkje ennå.
        Uansett, er maktkampen mellom militsane (som har ført til noen få væpna sammenstøyt, men ikkje større kampar) berre rivalisering mellom regionar, stammar, tendensar, byar, med tanke på den kommande maktbalansen i ei samla og fungerande libyisk statsmakt, eller det første steget mot oppløysing i noen slags føderal stat eller reint kaos? Det veit vi ikkje. Men dei byane som nå rivaliserer danner ingen naturlige geografiske område eller tyngdepunkt som kan danne grunnlag for føderative einingar; dei ligg nesten alle ganske tett på kvarandre i nordvest-Libya. Deira nåverande makt er basert på tilfeldige organiseringar under krigen, noe som vil forta seg ganske raskt over dei kommande par-tre åra. Enten må dei omforme seg til større samla regionar, eller så vil alternativa trulig bli enten ein svak sentralstat som får problem med å styre landet, eller nye konfliktar som så vil leie fram til eit nytt system vi ikkje ser ennå i dag (men der t.d. Tripoli, med si folkemessige tyngde, vil måtte igjen bli eit, eller det dominerande senteret i Libya.)

2 kommentarer:

Torgeir Salih Holgersen sa...

Hva tenker du om meldingene om at qadhafilojalister har heist det grønne flagget i Bani Walid?

Knut S. sa...

Det er fortsatt uklart; lokale folk seier at det var 100-150 Qadhafi-lojale som kom inn og tok over byen, mens det i Tripoli blir sagt det motsatte, at dette var ein lokal krangel rundt ein arrestasjon som utarta. Usikkert kva som er rett, det er openbart ein grei måte å mobilisere støtte til seg sjøl å påstå at motparten er qadhafist (og det er da også nye militssoldatar på veg til byen).

Men uansett understreker det ustabile ved den politiske situasjonen, ingen store kampar, men fleire små trefningar her og der mellom militsar av ulikt slag, og openbart eit svakt sentralstyre, også det demonstrert ved at nestleiar Ghoga måtte trekke seg etter demonstrasjonar, i Benghazi av alle stader, for noen dagar sidan. Det er neppe positivt om det er militsane som faktisk kjem til å styre landet, kvart område for seg.