Når spørsmålet har komme opp det siste året, "vil Assad-regimet falle, eller vil det vinne?", har svaret mitt ofte vore: Sjå mot Aleppo. Dersom det er rolig der, kan Assad sitte trygt. Spreier opprøret seg dit, har han problem.
Vel, etter over eit år ser det faktisk ut som om det er det som har skjedd. I denne nest største byen i landet, og økonomiske kraftsenteret, har det vore heilt stille og tydeligvis brei støtte til regimet, ulikt dei mindre byane rundt om. Middelklassen har enten støtta regimet, eller iallfall frykta alternativet, ei uklar framtid med internt stridande fraksjonar. Men i dei siste dagane har det løsna, utløyst igjen av regimets eigen brutalitet: Etter eit raid på universitetet i byen der fire studentar vart drept, gjekk fleire tusen ut i gatene i Aleppo i protest mot regimet, slik vi har sett så mange stader i landet, og responsen har vore den samme: regimet retta våpna mot demonstrantane. Det er ikkje rapportert om store tap, men når mange som gjekk i gatene sa dei egentlig støtta Assad og berre ville protestere mot valdsbruken, er det eit merkbart skifte.
Skal vi derfor stå ved det vi sa, at dette betyr Assad-regimet står i fare for å falle? Vel, får dette følger vidare, om vi ser ei opptrapping av demonstrasjonar og protestar også frå den velståande middelklassen som har vore nøytral eller regime-positiv, så kan ting endre seg. Men kanskje er det for seint; dette går egentlig i motsatt retning av det som ser ut til å festne seg som inntrykket i Syria: Regimet ser ut til å ha fått overtaket. Protestane, og valden, vil halde fram og kanskje lenge ennå, mange kan fortsatt miste livet. Men opprøret har mista initiativet og ser ikkje ut til å ha noen klar eller vellykka strategi for å presse styret frå makta.
Omskiftet var kanskje da Baba Amr, opprøraranes bydel i Homs, fall midt i mars. Der hadde opprørane hatt ein base, dei hadde relativt open tilgang til den libanesiske grensa like ved (sjøl om Libanon ikkje støtta opprøret), og dei hadde eit håp om å opprette ein frisone som dei kunne utvide og trekke andre til seg. Da Baba Amr fall, forsvann også dei andre styrkepunkta som opprøret hadde momentant.
Problemet deira har i stor grad vore at dei har vore så fragmentert. I utlandet har vi fokusert på eit organ, det Syriske Nasjonalrådet, og "den Frie Syriske Hæren" (begge basert i eksil i Tyrkia), men Nasjonalrådet var stadig utfordra av andre krefter innan opprøret (og skulda for å stå Det muslimske brorskapet for nære), medan den Frie hæren aldri var noen hær, berre eit begrep, eit namn som eit utal sjølstendige og tildels rivaliserande militsgrupper tok til seg, men utan å følge noen felles leiing.
Dei var også uenige om grunnleggande strategi, spesielt om fredelig eller væpna opprør, og om å be om internasjonal intervensjon eller ikkje. Etter kvart så tok den væpna lina meir og meir over, men for mange var det ei "dødsline", opprørane kunne ikkje vinne over regimets overlegne styrkar på eiga hand. Derfor førte denne væpna lina meir og meir til at ein måtte be om militær støtte frå andre land. Dette kom da ikkje på tale, delvis på grunn av erfaringane frå Libya-krigen, delvis av frykt for konsekvensane av kaos etter eit kanskje mislykka felttog à la Irak i Syria, var det aldri aktuell politikk frå dei store vestmaktene. I staden fekk vi "FN-sporet", til glede for vestlige liberale, med observatørar og tilmed ein norsk leiar på plass i Syria.
Dei kan nok ikkje gjere så mye frå eller til, dersom ikkje partane sjøl er villige til å legge ned våpena, dei er trass alt berre ein handfull og utan maktmiddel. Regimet tok derfor imot dei, og for styret ville dette dels vere for å tekkas omverda (ikkje minst Russland, som står på FN-sporet), dels eit håp om å få stadfesta at ting "er tilbake til det normale", at staten fortsatt / igjen har kontroll og autoritet i landet. Ut frå det kan dei rettferdiggjere vidare valdsbruk som "opprydding" etter "kriminelle". For opposisjonen utgjer FN-sporet eit langt meir vanskelig dilemma. Dei hadde håpa det kunne gi dei rom for "normal politisk aktivitet", altså rett til demonstrasjonar. Til ein viss grad gjorde det også det, men det rommet var lite, regimesoldatar har ikkje halde seg for gode til å mishandle demonstrantar rett foran augene til observatørar. Verre var det at ved gå inn i FN-sporet så må opprørarane slå over igjen frå den "væpna" til den "fredelige" linja. Det ville vere katastrofalt politisk om opprørane kom i konflikt med FN-folka, eller truga deira sikkerheit; det vil vere langt større belastning for dei enn for regimet å opent bryte med FNs krav om våpenkvile, fordi FN-observatørane til stor grad jo er der for å beskytte deira rettar. Men etter eit år med væpna opprør er det liten plass for at partane skal sette seg ned i fredelig dialog. Dette setter derfor opprørane delvis i ei strategisk klemme, som dei ikkje har noen gode svar på. Den "frie hæren" har ikkje full kontroll over sine, og fleire og fleire spenningar har oppstått innan den sivile opposisjonen, både Nasjonalrådets leiar Ghalioun og Rådet i seg sjøl blir utfordra frå ulike kantar.
I det siste har så valdsbruken tatt ei ny form, med fleire store eksplosjonar retta delvis mot FN-observatørane, delvis mot sivile (eller blanda sivile og militære) mål. Ei ukjent islamsk gruppe har tatt på seg ansvaret, utan at vi veit om det er reellt. Regimet skuldar på opprørarane, opprørane på regimet; ingen veit egentlig kven som står bak. Men det som nok er rimelig sikkert er at målet er å sabotere FN-sporet, å hindre ei mulig fredelig utvikling (som uansett var ganske fjern), og kanskje å gjere situasjonen så ille at omverda likevel finn det nødvendig å intervenere militært. Dei fleste teikna er nok på at det korkje er dei organiserte opprørarne eller regimet som står bak, men eigne grupper med sin eigen agenda. Ikkje akkurat al-Qa'ida - som mange peiker på i rein ryggmargsrefleks - men kanskje andre jihadistiske grupper, spesielt peiker dei som har erfaring med slike metodar frå Irak-krigen seg ut. Samtidig har konflikten spreidd seg til nabolandet Libanon, med kampar i den nordlige byen Tripoli, i hovudsak ut frå kjente sekteriske grenser, sunniar mot shiaer.
Dette vil uansett ikkje gjere løysinga noe lettare, men kanskje heller ikkje vanskeligare, sidan den er uansett like vanskelig å sjå som før. Skal opprøret kunne tene på dette nye sinnet i Aleppo, som kanskje kan reflektere at fleire som sat på gjerdet begynner å rette kritikken mot den overdrivne valdsbruken til regimet, så må dei vere i stand til å samle seg og presentere ein strategi som kan trekke desse "midt-på-vegen"-folka til seg. Dei må kunne dempe frykta for kaos, frykta for den radikale islamismen (som er rimelig vidspreidd i Syria) og for at "sunni-arabarane vil ta all makt til seg og hevne seg på alle andre", og vise at dei står for eit klart og fredelig alternativ som kan få økonomi og samfunn på fote att. Dét vil også omverda sette meir pris på. Men det kan ta tid før dei klarer å skape eit slikt overbevisande alternativ.
2 kommentarer:
Hva er vidspredd: Frykta for radikal islamisme eller radikal islamisme? Eller begge deler?
Og hva betyr radikal islamisme i denne sammenheng? Kalifat og ikke demokrati likevel? Men med hvem på toppen? Demokrati hvor bare menn kan stemme? Forbud mot å se på TV og så videre? Både blant shia og sunni? Og det hadde vært veldig interessant om du skrev mer om disse underlige alawittene som tror på reinkarnasjon?
Toove
Syria har vore styrt sekulært i over ein generasjon, og svært mange ønsker å fortsette slik, mens det opplagt også fins islamistiske trendar. Spørsmålet om kor stor rolle det Muslimske Brorskapet skal ha, har splitta opprørsrørsla, og var ein av grunnane til at Nasjonalrådets leiar Ghalioun gjekk av for noen dagar sidan. I sum, ser det ut til at Brorskapet har tyngde i eksil-delen, men ikkje i særlig grad i dei lokale opprørsråda inne i landet; men samtidig er det nok fleire aktivistar som kjemper for "sunnisk islam", og spesielt mot alawittane.
Men så ser det ut til at det finnes eigne grupper som kjemper på sida av opprørsrådet, og har sin eigen agenda. Fleire av dei kjem frå Irak, der slike gruppar har nå fått lang erfaring, og det er ikkje urimelig å tru at det er slike grupper som har stått bak bombeaksjonane i seinare tida; dei ønsker å sabotere einkvar fredsløysing. Kva dei egentlig står for, veit vi ikkje anna enn vi kan anta det er det samme som "jihadistiske" grupper i andre land. Altså ganske fjernt frå fleirtalet i den velkjente opposisjonen, som altså er mye godt sekulære med noen innslag frå Brorskapet.
Det er få "egentlige" shiaer i Syria. Alawittane er "offisielt" godtatt som ei shia-retning, men har gjennom hundreåra fjerna seg så langt frå shiismen at dei (og druzarane, som står i samme stilling) helst på sjåas på som ei heilt sjølstendig retning. Men det er viktig å hugse på at Assad-regimet ikkje er religiøst; dei er sekulære og prøver så langt dei kan å unngå å blande religion inn - naturligvis fordi alawittane er eit lite mindretall og berre vil tape på eit slikt fokus. Det er bedre å sjå dei som ei etnisk gruppe, basert i nord-vest; det er først og fremst dei som er frå samme område (slekt osv.) som har tent på regimet, ikkje alle alawittar. Men i dag kan dei alle bli plasert i samme bås, og vi kan få ein rein etnisk borgarkrig.
I dag, søndag, er elles alt fokus på den forferdelige massakren i Houla, der over tretti små barn vart massakrert, tildels med kniv. Alt tyder på at dette var eit bevisst massedrap utført av regimets "shabiha"-bandar, og har sjokkert verda i ein slik grad at det kan få storpolitiske følger. Det setter heilt klart dette "FN-sporet" i stor fare, og tener berre dei som ønsker internasjonal intervensjon i landet. Internt er det ein skarp vridning av voldsspiralen.
Legg inn en kommentar