Vi kan lettast prøve å sjå på kva punktar som har ført til størst debatt. Denne grunnlova bygger i hovudsak på den førre grunnlova frå 1971 (med seinare endringar), som igjen bygger på eldre grunnlovstekster, og så vidare bakover til 1920-talet. Størst fokus er derfor på dei paragrafane som er blitt endra. Debatten her har naturligvis gått på mange forskjellige element, ikkje berre dei religiøse, slik som t.d. kva statsmakt som skal ha størst vekt, presidenten (som i Frankrike og USA) eller parlamentet (som i Norge og Tyskland); på sensur og ytringsfridom, og så vidare. Men la oss her fokusere på dei paragrafane som nemner islams rolle. Det er ikkje så mange, men dei er sterkt i fokus.
Paragraf 2: Sharia uendra
Den sentrale paragrafen her har sidan 1971 vore grunnlovas paragraf 2, som lydde:
Islam er statens religion og arabisk det offisielle språket. Prinsippa i den islamske Shari'aen er hovudkjelda til lovgivinga.
Formuleringa vart angrepe frå begge kantar; sekularistar ville ha bort referansane til religionen (eller heile paragrafen), dei kristne ville ha inn eit tillegg som nemnde deira rettar alt her, mens salafistane ville endre "prinsippa" til "reglane". Alle desse endringane vart avvist i kommisjonen, og paragrafen vart ståande uendra i utkastet til ny lov.
Paragraf 3: Kristne og jødar
For minoritetane er det komme inn ein ny paragraf:
Dei juridiske prinsippa (mabâdi' sharâ'î) til dei egyptiske kristne og jødar er hovudkjelda for lovgiving for deira lover for personlig status [dvs. familielova], religiøse forhold og valet av deira åndelige leiarar.
Dette reflekterer status idag, at kristne (og jødar) har sine eigne familielover, men er jo mislikt av sekularistar som ønsker religionsfrie lover. Som kjent trakk den koptiske kyrkja seg frå grunnlovskommisjonen, men ser kanskje velvillig på at deira lovgivande rolle overfor dei kristne her er slått fast.
Paragraf 4: al-Azhar som lovtolkar
Langt meir kontroversiell er den nye paragraf 4, som svarer på eit sentralt spørsmål etter §2: Kven er det som bestemmer kva som er "prinsippa" i Shari'aen? Før gav dette seg sjøl: Det var ei oppgåve for grunnlovsdomstolen; det er jo naturligvis det dei er til for, å tolke grunnlova. Denne paragraf 2 har nemlig aldri, sidan den kom i 1971, noen gong ført til at noen egyptisk lov er blitt endra, paragrafen har aldri hatt noen effekt. Det betyr ikkje at den har vore sovande; domstolen har behandla fleire lover mot §2, men (forutan først å slå fast at den ikkje hadde tilbakevirkande kraft), tolka "prinsipp" til å bety allminnelige rettsprinsipp som rettferd og velferd i si mest generelle form, og aldri funne noe lovforslag som har stridd mot desse.
Den nye paragrafen flyttar denne tolkingsretten ut av rettssystemet og til ein religiøs autoritet: til Azhar-universitetet, som er rekna som den mest autoritative teologiske institusjonen i den sunni-islamske verda. Paragrafen lyder slik:
Al-Azhar er ein overgripande og uavhengig islamsk institusjon, som sjøl styrer alle sine saker, med ansvar for å spreie kunnskap og vitskap om islam og det arabiske språket i Egypt og i verda [utanfor]. Synet til kollegiet av høgre lærde ved Azhar skal bli tatt i spørsmål forbunde med den islamske Shari'aen [yu'akhadh ra'y hay'at kubbâr al-'ulamâ' bi'l-Azhar al-sharîf fî 'l-shu'ûn al-muta'allaqa bi'l-Sharî'a al-islâmiyya].
Også Azhars representant trakk seg frå kommisjonen, men neppe over denne paragrafen. Kritikarane reagerer sterkt på at jurdiske spørsmål skal avgjeras utanfor det juridiske systemet, av ein uavhengig institusjon. Det var salafistane som kom med dette forslaget, og altså fekk Brorskapet med seg på det. Det pussige er jo kvifor salafistane skulle peike akkurat på Azhar, som jo er sterkt anti-salafistisk i sine islam-tolkingar. Heilt sidan Nasser har Azhar vore rekna for å vere "statens propaganda-arm i det islamske", og har stort sett alltid støtte det som statsmakta har bedt om, det vere seg fred med Israel (eller krig, når det passa), åtak på islamistar, eller anna. (Staten har også eit anna tilsvarande "statlig tolkingsapparat", Dâr al-iftâ', eller fatwa-rådet; som ikkje er nemnt her. Det er interessant, og tyder på at dette, som ofte har rekruttert leiarar til Azhar, nå er blitt irrelevant).
Svaret ligg trulig i andre del av paragrafen (etter ein del om at staten skal finansiere Azhar):
Shaykh al-Azhar [rektor] er uavhengig og kan ikkje avsettas. Lova for måten å velge han mellom medlemmene i kollegiet av høgre lærde blir fastsatt.
Dette gjer Azhar meir sjølstendig frå staten, sjøl om det ennå ikkje er fastsatt om rektor skal utpeikas av regjeringa eller av rådet av Azhar's lærde, så legg dei fleste til grunn at det siste blir realiteten. Han sit uansett på livstid, kva han enn måtte meine og lovtolkingar han måtte komme med. Dette kan koplas med meldingar om aukande motsetningar mellom dei lærde der, og at det skal vere sterke grupper som sympatiserer med salafistane som har latt høre frå seg. Spesielt Brorskapet kan jo også legge til grunn at det er dei som iallfall nå er "staten" og blir dei som skal utpeike Azhars rektor - om dei da held fram med å sitte med regjeringsmakt.
Paragraf 219
Para 4 seier berre at Azhars meining skal "høras", ikkje korleis den skal behandle saker. Men i tillegg vart det, mot slutten av lova, satt til ein paragraf som presiserer korleis ein skal tolke Shari'aen i §2. Denne er svært tung, skrive i teologisk og ikkje juridisk språk (ulikt resten av lova), og ser ut til å vere resultat av kompromiss mellom dei som ville ha ei stram lovtolking og dei som vil la det stå meir opent. For å trenge gjennom til innhaldet, må vi derfor først gå den arabiske opphavsteksten (og her brukar eg fulle diakritika, som eg håpar blir leselig for alle):
Mabādiʾ al-Sharīʿa al-islāmiyya tashmal adillatahā al-kulliyya, wa-qawāʿidahā al-uṣūliyya wa'l-fiqhiyya, wa-maṣādirahā al-muʿtabara fī madhāhib ahl al-sunna wa'l-jamāʿa.
I omsettinga til Masri al-yawm gir dei denne formuleringa til engelsk:
"The principles of Islamic Sharia include general evidence, foundational rules, rules of jurisprudence, and credible sources accepted in Sunni doctrines and by the larger community."
Det fører oss ikkje så mye lenger i forståing av dei tekniske begrepa tatt frå islamsk jus. Vi får heller sette opp ei ordliste:
- adilla (frå dalīl) er "indikasjonar", eller bevis for at ei tolking er rett, normalt eit argument funne i openbaringsteksta
- kullī er total, allmenn. Første element i tolkinga som juristane (Azhar) skal gjere, er altså å etablere dei allmenne indikasjonane i Koranen og sunnaen på det spørsmålet som er oppe: "Prinsippa i den islamske Shari'aen omfattar [lovas] allmenne bevisgrunnlag [i Koranen og Sunnaen], ..."
- qawāʿid betyr "fundament", den basisen som ligg under eit hus eller ein ide (ja, det er fleirtal av qāʿida). I jusen blir det brukt om dei allment abstraherte prinsippa som ligg under lovsystemet totalt, av typen "ei handling må vurderas ut frå sin intensjon".
- uṣūl betyr også prinsipp, men her meinas det "metode". Islamsk jus er delt i to, uṣūl al-fiqh (juridisk metode, prinsippa for lovtolking) og furūʿ al-fiqh (juridisk innhald, dei konkrete lovreglane og utleiinga av dei). Her brukar dei uṣūlī og fiqhī som begrepspar i staden for uṣūlī og farʿī (furūʿī), men det går trulig på samme todelinga: Etter å ha etablert Openbaringsteksta skal ein altså gå til grunnprinsippa i islamsk jus, i metode og innhald, "... dei metodiske og juridiske grunnreglane hennar, ...". Dette kan jo gå i mange retningar, så derfor da den siste og viktigaste delen:
"og kjeldene til ho slik dei er anerkjent i lovskulane til "sunnaens og samfunnets folk".
Det siste uttrykket viser ganske klart til sunnismen; altså ei utestenging av shi'iske tolkingar. Dette er symbolsk, og koplas til det vi tidligare har omtalt som veksande anti-shi'isme i Egypt. Juridisk har det lite å si, sidan shi'ismen ikkje er til stades i Egypt, og shi'isk jus i stor grad liknar på sunnisk i sine fire lovskular. Det som er påfallande er at teksten her nemner dei sunniske lovskulane, men ikkje rangerer dei. Det er altså ingen direkte styring for juristane, så lenge dei finn ei tolking som kan rettferdiggjeras på ein eller annan måte i ein sunnisk lovskule. Reint teknisk er det altså ikkje reglane til lovskulen som får autoritet, men dei kjeldene (masâdir) til lova som lovskulane godtar. Dette kan lesas til å peike på dei reint allmenne rettsprinsippa (som "samfunnsnytten", maslaha, som blir anerkjent som masdar), men det kan også, ved at lovskulene er nemnt, bli brukt i meir konkrete og avgrensande betydning av tolkingar anerkjent som "etablert jus" i lovskulane.
I seg sjøl er altså ikkje dette så dramatisk; mange andre muslimske land presiserer også dei islamske lovskulane som "rettskjelder", og gjerne med klarare rangering enn her. Tolka opent har sekulære lovgivarar nesten alltid klart å finne ei tolking av ein eller annan lovskule som støttar det dei har villa gjennomføre. Men det er nytt i moderne egyptisk rett; sjøl om familielova har bygd på shari'a-reglane, har autoriteten alltid vore staten og det verdslige rettsapparatet. Denne paragrafen, og spesielt siste setninga, gjer det derfor mye vanskeligare å komme med dei ganske almenne fortolkingane om at "alt som er godt og rettferdig er Shari'a og OK", som grunnlovsdomstolen før la til grunn. Nå må det, dersom konkrete lover faktisk blir forelagt Azhar, argumenteras langt klarare på ein islamsk lov-faglig grunn for kvifor lova er akseptabel. Koplar vi dette til ein tanke om eit sjølstendig Azhar meir dominert av konservativ lovtolking, kan vi godt forstå at dette vekker uro hos liberale og sekulære krefter.
Familien og religionsfridom
Eitpar andre paragrafar reflekterer også religiøse tankar. I paragraf 10 står det, "Familien er grunnlaget for samfunnet og er basert på religion, moral og fedrelandstru", i følgande paragraf 11, "Staten skal ... fremme eit høgt utdanningsnivå i religiøse og patriotiske verdiar, vitskaplig tenking, arabisk kultur, og folkets historiske og kulturelle arv". Begge desse kjem frå 1971-lova, som også hadde ein eigen paragraf om religiøs utdanning som nå er tatt bort.
Det var stor strid om ein paragraf om kvinnerettar, der det var lagt til "så sant det ikkje er i strid med Shari'aen", men denne passusen var også avskrift frå 1971-lova. Resultatet vart iallfall at heile den paragrafen vart tatt, både kvinnerettar (omtalt annan stad) og sharia-reservasjonen.
Paragrafar 43-46 dreier seg om fridom for tru, tanke, oppfatningar, informasjon og skapande verksemd (sensur blir t.d. forbudt i fredstid). Her er komme inn ein paragraf 44, som går indirekte på islam:
Å fornærme eller fornedre alle religiøse sendebod og profetar er forbudt.
Dette fører altså blasfemi inn i grunnlova, men medfører neppe stor forskjell frå praksis i dag. Som ein kan vente, er berre dei tre "abrahamiske" (samâwiyya) religionane beskytta.
Islamsk stat?
Desse paragrafane, som er dei einaste som nemner "islam", "shari'a" eller "religion" er i seg sjøl ikkje nok til å seie at den nye grunnlova gjer Egypt til ein islamsk stat, og at det er Shari'aen som nå blir lov i Egypt. Det blir den ikkje, sjøl om det er akkurat det salafistar (og brorskapsfolk?) har ropt i demonstrasjonane. "Islamiseringa" av Egypt, om det blir noen, vil komme gjennom konkrete lover og vedtak som styresmaktene kan sette i verk - dei treng ikkje noen ny grunnlov for å forby alkohol og stenge nattklubbar. Det som det er snakk om i §2 og §219 er jo ankemuligheiter mot lover som ei seinare liberal statsmakt ville ønske å sette i verk. Her kunne domstolane stenge dei ned (men gjorde det ikkje), mens det nå blir Azhar-leiinga som kan gjere det.
Det er heilt klart eit steg i feil retning, om ein ønskar at Egypt skal gå mot dei liberale verdiar vi hos oss reknar som naturlige, men vi veit ikkje heilt kva den konkrete effekten vil bli. Det vil heilt sikkert bli eit stridsspørsmål seinare å prøve å fjerne §219, eller modifisere den - den er jo nå så teknisk at berre islam-juristar sikkert kan forstå kva det skal bety. Å fjerne sjølve ordet "Shari'a" eller "islam" frå grunnlova er neppe politisk mulig, men utan §4 og §219 og spesielt den siste setninga der blir det øvrige relativt symbolsk.
Det er derfor grunn til å sjå nøye på dei debattane som vil komme, og i kva grad det opnas for modifisering av denne spesielle paragrafen i lova.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar