Regjeringa har i dag erkjent den nye opposisjonsalliansen, "Nasjonalkoalisjonen for syriske revolusjonære og opposisjonsgrupper", som den legitime representanten for det syriske folket, slik også fleire andre vestlige land har gjort i dei siste vekene. Er dette for tidlig, eller er det nå på tide å erkjenne at det er her Syrias framtid ligg?
Samlinga i denne Nasjonalkoalisjonen kom som eit resultat av sterkt press frå det internasjonale samfunnet, både frå Vesten og frå Gulfen - dei to viktigaste aktørane på opposisjonen si side - for å få til ei breiare samling enn det gamle Nasjonalrådet. Det nye organet strekker nok også klart breiare, og har fått tilslutning frå fleire militsar som ikkje ville vite av Nasjonalrådet. Det har fått ein leiar, ein moderat religiøs lærd med godt rennomé, som ser ut til å ha god legitimitet inne i landet. Men det er nok likevel spørsmål om ikkje samlinga er blitt til "ovanfrå", fordi omverda forlangte det, og ikkje "innanfrå" opposisjonen sjøl. Den viktigaste grunnen opprørarane har til å følge dei ønska omverda kom med, er naturligvis eit desperat behov for internasjonal materiell støtte, og spesielt våpen som dei treng for å kjempe mot regimet. Da kan dei ete kamelar av ulik størrelse for å få det til. Men det betyr ikkje at dei motsetningane som låg til grunn før er borte, dei er berre i beste fall satt til sides for nå.
Slik har det alt begynt å knake i denne Nasjonalkoalisjonen, ikkje minst har det gamle Nasjonalrådet vore misnøgd med at dei fekk for liten representasjon i det nye. Men dei vart langt på veg lagt døde i internasjonalt diplomati da Hilary Clinton slo handa av dei, og dei er relativt lite populære mellom dei aktive opprørarane inne i landet. Enn så lenge kan nok derfor den samla fronten haldas oppe.
Viktigare er det om Nasjonalkoalisjonen faktisk klarar å opprette noen autoritet over dei mange militsane som er i kamp. Det er ikkje opplagt, fordi dette fortsatt er ein politisk front basert i utlandet. Dei har nylig snakka om å prøve opprette ei felles militær leiing, men det gjorde også Nasjonalrådet fleire gonger, utan at det kom noe ut av det, og det er ikkje nok å få støtteerklæringar frå den "Frie Syriske Hæren", som altså fortsatt ikkje er noen samstyrt hær, men ei rad militisar og opprørsgrupper. Først når vi ser at Koalisjonen lager ein felles militær strategi, og dei aktive militsane faktisk følger denne strategien fordi dei underlegger seg ei felles leiing, og ikkje berre fordi dei har lyst den dagen, så kan vi si at Koalisjonen reellt representerer ei samla opprørsleiing. Vi er klart ikkje der nå.
Frigjorte områder
Når det er sagt, så er det også klart at utviklinga på bakken går opprøraranes veg. Det er relativt betydelige område, særlig i nord, som nå ser ut til å stå permanent under opprøraranes kontroll, altså tilnærmar seg "frigjorte områder". Det som trugar dei, er luftangrep som dei ikkje kan verge seg mot, så det som militært vil gjere den store forskjellen her, er nok effektivt luftvern i desse områda. Men elles ser dei ikkje ut til å trenge frykte offensivar på bakken frå regimet. Det er klart ei endring frå tilfellet for noen månader sidan, da det var meir ein geriljakrig også i nord, der opprørane tok noen område "om natta" men måtte vike når regimet satt inn motkreftene.
I andre delar av landet har regimet enten rimelig god kontroll (særlig i nordvest), eller områda er omstridt på bakken, der regimet held alle dei større byane, mens opprørane held noen mindre byar, landsbyar og (over kortare eller lenger tid) landområdet mellom byane. Det er altså område av Syria der det ikkje er aktive kampar, men overalt pregar krigen landet, ved at økonomi og infrastruktur er i ferd med å bryte sammen.
Kurdarar og salafistar
I dei områda der regimet er borte, kan andre motsetningar begynne å spille inn. Nå er det spesielt forholdet mellom kurdarane og (resten av) opprørane som mest spent. Det har vore ganske harde sammenstøytar mellom kurdiske opprørsgrupper og arabiske, og opprørsleiinga er ikkje sikker på kva side desse kurdarane står på. Kurdarane er naturligvis delt, mange deltar i det felles opprøret, men andre blir skulda for å stå på regimets side ved å slåss mot FSA. Rettare er nok at dei prøver å halde avstand til begge to for å skaffe seg mest mulig rom for eit kurdisk autonomt område. Her spiller kurdiske grupper i begge nabolanda, Tyrkia og Irakisk Kurdistan, klart ei rolle, og gjer dette til eit regionalt problem vel så mye som eit lokalt nord-syrisk. Vi har også sett at kristne bydelar eller område har på samme måte oppretta eigne (små og svake) militsar for å prøve å verge seg mot begge partar, både mot regimet og mot opprørane, og halde dei begge ute frå sitt område. Med vekslande taktikk og vekslande hell.
I tillegg har vi også dei salafistiske eller andre radikale islamistiske grupper som blir uglesett av dei vestlige maktene, og også rivaliserer med dei liberale. Men her er det glidande overgangar som gjer det vanskelig å få oversikt. Av dei reine jihadistgruppene er Jabhat al-Nusra den mest kjente og etablerte, og er blitt knytta til "Den islamske staten i Irak", ein jihadist-koalisjon der al-Qaida i Irak er ein viktig del, dei har tatt på seg ansvaret for ulike bombeangrep i Damaskus og andre byar, men også avretting av tilfangetatte regimesoldatar. Openbart er dei heilt uspiselige for liberale i Syria og utanfor, og Nasjonalkoalisjonen har markert seg klart frå dei. Men ikkje alle er samde i det. Nusra har, ulikt Qai'da/Irak, unngått å angripe rivaliserande grupper, og noen andre opprørsgrupper ser dei som slagkraftige, kanskje nødvendige, allierte meir enn som motstandarar. Andre grupper som blir rekna som salafistar får klart også våpenstøtte frå Qatar, noe som bekymrar spesielt USA som helst ikkje ser at avanserte våpen kjem på mulig avveg i framtida (dei peiker spesielt på det som skjer i Mali nå, der våpen Qatar ga til libyiske grupper er komme i hendene på opprørane i nord-Mali). Det er mulig at leiinga diplomatisk og i utlandet, overfor donorane, trekker klare grenser mellom "gode" og "dårlige" opprørsgrupper, grenser som kan vere meir flytande på bakken i Syria. Men det kan også vere at slike, eller andre, forskjellar tvert om kan vekse seg meir påtrengande ettersom regimet svekkas og blir ein mindre farlig trussel.
Regimet som milits
Enn så lenge er likevel Assad-regimet hovudfienden, og er naturligvis ei dominerande kraft. I lufta har dei heilt herredømme, og også i tungt artilleri, som dei brukar med stor brutalitet. Håpet om at dei skal kunne komme på offensiven igjen må nok bli svakare også i dei kretsar, men dei har styrke nok til å halde ut lenge, ikkje minst fordi dei naturligvis har reell støtte i viktige delar av Syria, ikkje minst mellom alawiar og andre folkegrupper som fryktar opprørarane. Desse folkegruppene kjem ikkje til å forsvinne. Dersom opprørarane klarer sitt diplomatiske arbeid og t.d. får materiell som kan nøytralisere regimets luftvåpen, så kan vi komme til ein situasjon der regimet i staden for å vere den store samlande fienden, blir ein milits mellom mange, som kjemper like bittert for "sine" folkegrupper, som den nåverande opprørsfronten kjemper for sine. Det er kanskje eit vel så sannsynlig neste steg som ein "libyisk" utgang der regimet plutselig kollapsar på noen dagar, og kan bli, for å si det slik, ein ganske utfordrande situasjon.
Vi er langt unna den situasjonen ennå, den lange og vonde kampen der frontane sliter kvarandre ned ser ut til å vare lenge ennå. Men situasjonen ser ut til å vise at samtidig som vi heilt klart ser teikn til i det minste lokal og taktisk samordning mellom militsgrupper som reknar seg til FSA, så er det også klare og farlige teikn til fragmentering. Det kan da føre i to retningar: enten at opprørane, eller ei retning av dei, får hegemoniet i kampen og klarer å samle seg og enten nedkjempe eller forhandle seg fram til overtak over smågrupper i utkantane. Eller ei ytterligare fragmentering der Syria blir kamparena for eit sammensurium av militsar, der det blir vanskelig å skille frå kvarandre dei som opphavlig stod for og dei som stod mot Assad-styret. Uansett, det er i Syria og ikkje på den diplomatiske arenaen i Doha at dette vil bli avgjort.
2 kommentarer:
Veldig bra innlegg. Men hva med raket skjoldet som Tyrkia får tildelt. Er dette bare til forsvar eller? Nato endret jo sin forsvars linjer på 90 tallet.Har ikke AKP blitt litt mer agresiv i sin fremtoning. Kan det være at militæret i Tyrkia ser med stor misnøye på det som skjer mot deres grense og kan gjøre en felles fromt med AKP??Har de noe å vinne annet enn å vise den kurdiske befolkning at her er det bare å forholde seg rolig innen Tyrkias grenser? Har du noen synspunkter setter jeg pris på de.
Erdogan har jo lagt an ei patriotisk line på høgd med dei sterkaste kemalistar (forsvar Tyrkias historie osv.), så når det gjeld markering mot Syria og Assad, og å fortelle kurdarane kvar skapet skal stå, så står nok regjeringa og dei militære på samme line. I hovudsak er dei nok også på line med NATO / Vestmaktene, ved å støtte opprøret, men også prøve ha ei hand med på det rattet, at ikkje våpen kjem i "feil" hender osv. Men ulikt Vesten så vil dei altså ikkje gi noen konsesjonar til kurdarane, det ser Tyrkia som deira eigen nasjonale interesse.
Legg inn en kommentar