torsdag 12. september 2013

Syria: Det minste ondet?

Som vi har sagt før her, så går det an å bli overraska. Verdspolitikken, derimellom USAs utanrikspolitikk, har ofte hatt preg av "gresk tragedie": alt som skjer er forhåndsbestemt idet dramaet startar. Når ein part seier eller gjer ein ting, så må den andre gjere akkurat det og det (for "ikkje å vise seg svak", f.eks.). Når den andre slik responderer, så har den første ikkje noe reelt politisk alternativ enn å svare slik og slik, og så vidare, sjøl om alle ser at ingen ting av dette fører noen stad hen. Når ein først trykker på knappen, så er maskineriet i gang, knappen kan ikkje av-trykkas.

Men nå ser det altså ut som vi kan få eit unikt eksempel på at knappen - her da knappen for USAs intervensjon i Syria - kan "trykkas ut att". Det "normale" ville vere at USA begynte å rasle med truslar mot den onde Assad, så kom rivalen Russland med protestar og krav om ei freds- og forhandlingsline, så vil USA si at dette er berre uthalingstaktikk fordi Russland støtter den onde parten og "han har fått nok sjansar til å gjere som vi krever", så vil Russland klage USA for krigshissing, og så sender USA dei rakettane dei vil sende (eller fly eller troppar eller kva som er planen i kvart tilfelle).

Nå stansa altså denne faste prosedyren etter fase to: Russland kom med sitt forhandlingsmotsvar - og sa USA: OK, la oss prøve. Full forvirring på alle kantar.

Inspeksjonar: ei løysing?
Det har ikkje mangla på åtvaringar mot dette utspillet. Dette er faktisk berre uthaling, seier dei: Assad seier kva som helst, men kjem aldri til å følge opp. Russland vil berre markere seg, og vil ikkje reelt hjelpe til med noe som svekker deira nære allierte Assad. Og desse våpena vil berre bli flytta på og gjømt. Og i krigstid, mye av dette i kampsoner? Det er heilt uråd å få til korkje kontroll eller destruksjon av dei kjemiske våpena, iallfall ikkje før på mange år.

Og alt dette er ganske trulig riktig - denne inspeksjonsvegen vil ikkje kunne fjerne dei kjemiske våpena. Når det gjeld Assads villigheit, må vi hugse forskjellen på "den politiske leiinga", derav Bashar sjøl, som kanskje er meir lydhør for Russland (og Russland har nå faktisk press på seg til å levere, elles blir dei sittande med skjegget i postkassa), og den militære leiinga. Mange av desse våpena ser ut til å vere kontrollert av hæravdelingar styrt av Bashars bror al-Maher, som har stor personlig autoritet kanskje også over broren, og kan godt komme til å ville sabotere dei diplomatiske forsøka - om noen i toppleiinga autoriserte det første kjemiske angrepet (vi veit jo lite om kva som skjedde) kan det ha vore Maher, som dermed starta heile kjøret.

Men, for verdssamfunnet, derimellom USA, så er problemet at alternativet heller ikkje ville kunne fjerne dei kjemiske våpna. Det var aldri snakk om å bombe våpenlagra sjøl, fordi det kunne føre til katastrofe (rett nok er sarin og VX "to-komponent-gassar", der to element må blandas ved bruk for å bli aktiv, men ved eit bombeangrep kan ein aldri vite kva som vil skje på bakken, så faren ville vere for stor). Det som kunne bombas var slike ting som rakettrampar, kommando-sentralar, osv.,  men slike kan også godt flyttas og kamufleras, kjemiske våpen kan brukas frå artilleri like vel som rakettar. Så heller ikkje bombevegen vil kunne hindre Assad fysisk frå å bruke gass seinare. Ein kan like gjerne si at kvart enkelt lager evt. inspektørar klarer å finne og plombere, er eitt lager av kjemiske våpen meir enn det bombane kunne fått fjerna.

Kva seinare
Det kan altså bli spørsmål ikkje om kva som er "best" eller kan nå det illusoriske målet om å stanse krigen (eller fjerne alle kjemiske våpen), men om kva som er det minste ondet. Og her kjem naturligvis også den antatte kostnaden ved bombing: "mission creep", at USA og Vesten blir motvillig dratt lenger inn i krigen enn dei ønskar. Det er ikkje minst det som gjer at nesten alle nå drar eit lettelsens sukk over at bremsene kvinte til like før avgrunnen. Men berre nesten alle, for opprørane og deira sympatisørar er jo openbart skuffa og ropar rimeligvis på svik frå omverda, nå igjen. Men dei hadde nok blitt skuffa uansett, fordi dei forventar full vestlig intervensjon for å bli kvitt Assad, og det var aldri meininga frå Obamas side, sjøl om det altså kunne bli resultatet av "mission creep" om den greske tragedien hadde fått spilt seg ut etter vanlig mønster.

Nå får vi nok likevel sjå om dette i det heile kjem på plass - sidan dette er så nytt og uprøvd er det mange skjær i sjøen. Frankrike prøvde seg i går, ved å knytte inspeksjonar til FN-sanksjonert våpenbruk: Sikkerheitsrådet skulle alt nå gi grønt lys til bombing dersom Assad ikkje "oppfylte sin del", noe som det jo da ville vere opp til USA og Frankrike å bestemme (det var omlag slik Libya-resolusjonen vart utvida). Det var rimeligvis uakseptabelt for Russland, og om USA stiller samme type krav, så stansar "den diplomatiske vegen" der. Men så langt har USA ikkje konkretisert noe. Men det er mange mange ting som kan legge kjelker i vegen for at denne tentative forhandlingsvegen skal kunne lykkas, både krigen i landet og mistanke og motvilje i eit verdssamfunn som ikkje akkurat har vore vant til å løyse internasjonale konfliktar på denne måten. Eg ville ikkje i dag tatt opp eit veddemål på om dette vil føre fram eller ikkje.

På den andre sida er det jo også spørsmål om det vil vere mulig for Obama å "trykke knappen ned att", altså å gå tilbake til Kongressen med eit forslag om bombing dersom inspeksjonsløysinga skulle strande på noen av dei mange skjær som er i den sjøen. Styrken i motstanden mot å "blande seg inn" i Syria berre veks i USA og i Kongressen, og den moralske harmen til Kerry som fekk noen til å vakle, blir openbart vanskelig å bygge opp igjen når ein først har stansa opp og sagt at det var kanskje ikkje så viktig å starte krig likevel. Men dette veit vi jo ikkje. Det blir spennande å sjå.

Ma'loula
Elles er det mange studentar frå Bergen og andre turistar som vart spesielt oppmerksomme sist veke da byen (eller landsbyen) Ma'loula litt nord for Damaskus kom på førstesidene sist veke. Det er altså ein kristen landsby vi har pleid å besøke, spesielt kjent fordi det er ein av få stadar i verda der arameisk fortsatt blir talt, og ein svært pittoresk liten by som klamrar seg til fjellsida med fleire kyrkjer og kloster frå oldtida. Den kom altså under opprøraranes kontroll i noen dagar, det er fortsatt uklart om og kor mye av dei historiske minnesmerka som vart øydelagt (mange av innbyggarane flykta unna). Regjeringsstyrkane er visstnok nå tilbake i kontroll, og her er det altså dei som er "the good guys", som beskyttar innbyggarane, mens opprørane reknar dei kristne automatisk som fiendar fordi dei er kristne (landsbyen ser ikkje faktisk ut til å spilt noen aktiv rolle i konflikten).

Interessant - og denne gongen faktisk observert av utanlandske journalistar - er sammensettinga av opprørarane: Det var ei blanding av styrkar frå den frie syriske hæren og jihadist-gruppa Jabhat al-Nusra. Eit døme på at dei altså kan koordinere angrep, og også at Nusra faktisk er sterkt tilstades også her sør nær Damaskus, og ikkje berre i nord, der dei tidligare har vore kjent som sterke.

fredag 6. september 2013

Syria: Avgjerdsler

Kommande måndag er ein dag for avgjerder på fleire ulike felt. I Norge er det valdag, og i USA startar Kongressen debatten om Syria. Mens vi ventar på det, kan vi kanskje gå litt ut over vårt vanlige distanserte syn og ta ein time-out med meiningar.

For det første, stortingsvalet. Er det rett, i ein blogg som er semi-faglig og analyserande av meg å tone flagg, ja rett ut komme med ei røyste-oppmoding? Kanskje noen finn det støtande, men det er jo min blogg, og eg skriv her til høgre at den er kanskje ikkje nøytral, så eg lar det stå til. Men dette er altså eit unntak frå det sobre faglige.

Midtausten i norsk valkamp
<partipolitisk farge: på>Nå er jo lesarane av denne bloggen sikkert oppvakte og politisk interesserte mennesker som har gjort seg opp si eiga meining og ikkje lar seg påvirke av andre. Men om det skulle vere noen der ute som nå, like før valet, fortsatt vaklar, så er altså dette mi tilråding: Å stemme SV, for å sikre at dei kjem inn på Stortinget med ei rimelig stor gruppe over sperregrensa.

Så er det sagt og ute i det opne. Men kvifor? Nå er jo dette ei "heilheitsvurdering", der mange ting slår inn, men i denne sammenhengen, kva, om noe, er det frå Midtausten-synspunkt som skulle påvirke oss til å stemme SV?

Det beste svaret har eg frå då vi var med ei gruppe studentar på ekskursjon til Syria i 2007. Ein dag kom guiden inn på bussen smilande frå øre til øre, tok mikrofonen og sa han ville gratulere og takke. Dagen før hadde den norske regjeringa anerkjent den nye palestinske samlingsregjeringa som var blitt danna etter vala der noen månader før. USA gjorde det ikkje, EU gjorde det ikkje, fordi det var Hamas som hadde vunne vala. Men Norge gjorde det, som einaste land i Vest-Europa. Ikkje fordi Norge, regjeringa, SV (eller eg for den del) sympatiserte med det politiske synet til Hamas. Men fordi når ein går inn for demokrati, så skal ein akseptere resultatet sjøl om ein ikkje likar det. USA og EU bestod ikkje den testen, men Norge gjorde det.

Nå var det den raud-grøne fellesregjeringa som stod samla om dette vedtaket, men det er vanskelig ikkje å sjå betydninga av eit SV i denne regjeringa for ein så klar avstand til USA/EUs standpunkt (det vart nok meir vagt etter kvart, og den palestinske regjeringa heldt heller ikkje, men det er ei anna sak). Både fordi SV, sammen med Sp (og KrF?) sørger for at vi blir ståande utanfor EU og dermed har muligheit til å ha ei eiga sjølstendig røyst i slike saker, men fordi SV (meir enn Sp og KrF!) er det partiet som vil bruke denne røysta til å ta standpunkt ut frå realitetane i kvar sak, i staden for å skjele til kva USA og NATO måtte ha for taktiske og strategiske interesser. På samme måte må vi slik sjå dagens klare standpunkt mot Syria-krig utan FN-mandat, når vi ser kontrasten til Danmark. Dei har også ei raud-grøn regjering, men kasta seg straks på tanken om å gå utanom FN, men Norge gjorde det motsette. Igjen var det ein politikk alle (utanom Venstre og Frp) slutta opp om, men det er opplagt at eit SV med innverknad har trekt sterkt i denne FN-vennlige og meir sjølstendige politikken på Midtausten.

Rett nok støtta SV krigen mot Libya, noe eg var imot, og partiet vart nok også noe meir betenkt etter kvart som krigen utvikla seg og dei prøvde å trekke Norge ut. Eg vil tru at eit SV utanfor regjering (slik som ser ut til å bli tilfellet) vil ta eit klarare standpunkt i tilsvarande forhold i framtida. Partiet Rødt prøver å bruke Libya-standpunktet til å presentere seg som det einaste klare fredspartiet i Norge, men - uansett kva svin Rødt evt. måtte ha i sin eigen skog - så har dei ingen reell sjanse til å bli ei sterk politisk kraft til venstre for Ap. Berre SV har muligheita til det, men da må dei som fortsatt ikkje har bestemt seg, men som meiner at det er viktig at Norge har ei sjølstendig røyst og brukar den uavhengig av NATO og andre utanforomsyn, å sørge for at SV kjem seg over sperregrensa og blir ei kraftfull røyst mot det som kan bli Europas mest høgreorienterte regjering etter valet. <//partipolitisk farge: av>

Syria i amerikansk politikk
Nå, ferdig med denne syndige norske partipolitikken, og tilbake til det meir analyserande. Det er fortsatt i det blå kva Kongressen landar på, sjøl om det gir lågast odds at Obama trekker det i land. Men det er interessant å sjå kva slags argument som blir brukt.

Den republikanske kritikken mot Obama går i tre motsatte retningar, reint bortsett frå dei som hatar Obama så mye at dei ville stemt for eit atomangrep på Washington om Obama hadde foreslått det motsatte. Den eine er kritikken om at Obama ikkje går langt nok og vil svekke Assad så mye at regimet hans fell. Det er John "Bomb Bomb Bomb Iran" McCains standpunkt, og han vil nok få inn endringar som går noe lenger i å ville svekke Assad reellt militært, og gi noe støtte til utvalgte opprørsgrupper. Det andre er at USA ikkje skal bruke pengar på den slags tøv utenlands så lenge USA ikkje sjøl er truga, som er Tea-Partyrørslas standpunkt. Det tredje er direkte motsatt av McCain, og spør, er det i det heile i vår interesse at Assad fell?

Det siste har fått gjenklang i Israel, der ein også har to standpunkt. Det eine er, igjen: Assad er vår fiende, og han støttar den einaste rørsla som er i reell aktiv konflikt med og kan skade Israel, Hizbullah. Assad bort, Hizbullah svekka eller borte. Det andre, som ser ut til å vinne meir gehør, er at alle partar i konflikten er til skade for Israel: Assad, ja Hizbullah er ille: han bør ikkje vinne. Jihadistar og Qa'ida: dei må ikkje komme til makta i vårt naboland. Dei andre opprørarane: Ingen av dei er meir vennlige, og dei omfattar både islamistar og andre fiendtlige. Ingen av dei bør vinne, tvert om er det i Israels interesse at denne konflikten varer så lenge som mulig og blir så blodig som mulig: La dei forblø, blir det sagt rett ut: Dette er nok kynisk og inhumant, seier dei, men det er dette som er i Israels interesse, at syrarane er opptatt med indre konflikt så lenge som mulig, og vil vere så svekt når krigen ein gong er over at dei ikkje vil kunne skade Israel.

Dette høres sjokkerande, men også i USA er det kommentarar som seier akkurat det samme: Det er ikkje i USAs interesse korkje at Assad vinn eller at opposisjonen vinn, fordi alle dei potensielle seierherrane vil vere motstandarar av USA. Status Quo, altså fortsatt borgarkrig, er det einaste som er i USAs interesse. McCain og hans folk (og også demokratar som støttar intervensjon) snakkar om å "skape" (eller bygge opp) ein demokratisk, sekulær, og altså USA-vennlig opprørsgruppe. Men dei er også klar over at dette må meir eller mindre konstrueras frå grunnen - tiltrua til den "moderate" Syriske Nasjonalkoalisjonen og deira Frie Syriske Hær er ganske begrensa, islamist-dominert som den langt på veg også er.

Kynisk som slike standpunkt er, kan ein ikkje komme unna at ei "fredsline", altså å gå mot militært angrep utanfrå, har samme konsekvens: Det blir ikkje fred, borgarkrigen ville halde fram. Forskjellen er kanskje at ei slik fredsline ikkje ser dette som eit val mellom "å gå inn og velte Assad" eller "å ikkje gjere noen og ha ansvar for at krigen held fram" - Ein trur rett og slett ikkje at ein utanlandsk intervensjon vil kunne gjere slutt på borgarkrigen, og iallfall ikkje utan "troppar på bakken", som fører til eit "nytt Irak", altså ei forlenging av det som da vil bli ein trefrontskrig (minst) mellom utlendingar, Assad-lojale, og opprørarar som kjemper mot utlendingane. Det er altså heller ei realisering av eigen avmakt enn eit rasjonelt valt mellom alternativ. Å agitere for ei "forhandslingsløysing" er for så vidt rett, men det forutset at dei stridande partane (begge to, eller alle fire-fem i dette tilfellet) innser at ei slik løysing er nødvendig, og det kan bli lenge til.

Skal ei fredsline kallas ei "fredsline", må den trulig ha andre komponentar med som kan tene til å svekke og ikkje forlenge konflikten. Den einaste som kan vere i syne, måtte vere eit diplomatisk arbeid for å innføre ein effektiv våpenembargo. Det stansar ikkje den kampen som er der nå (med dei våpen, kjemiske og andre, som alt er på plass), men kan strype den på lengre sikt. Og her er det verdssamfunnet som har ansvaret: Det er rivaliseringa mellom USA og Russland, mellom Saudi-Arabia, Qatar og Iran og andre som held "våpenkapplaupet" i Syria i live. Ei slik internasjonal semje og embargo er nok ganske utopisk, desverre. Men skal vi (med vår sjølstendige stemme!) halde noen til ansvar, kan vi jo seie at om ein vil sløkke bålet, kan ein iallfall la vere å helle bensin over det.