torsdag 12. september 2013

Syria: Det minste ondet?

Som vi har sagt før her, så går det an å bli overraska. Verdspolitikken, derimellom USAs utanrikspolitikk, har ofte hatt preg av "gresk tragedie": alt som skjer er forhåndsbestemt idet dramaet startar. Når ein part seier eller gjer ein ting, så må den andre gjere akkurat det og det (for "ikkje å vise seg svak", f.eks.). Når den andre slik responderer, så har den første ikkje noe reelt politisk alternativ enn å svare slik og slik, og så vidare, sjøl om alle ser at ingen ting av dette fører noen stad hen. Når ein først trykker på knappen, så er maskineriet i gang, knappen kan ikkje av-trykkas.

Men nå ser det altså ut som vi kan få eit unikt eksempel på at knappen - her da knappen for USAs intervensjon i Syria - kan "trykkas ut att". Det "normale" ville vere at USA begynte å rasle med truslar mot den onde Assad, så kom rivalen Russland med protestar og krav om ei freds- og forhandlingsline, så vil USA si at dette er berre uthalingstaktikk fordi Russland støtter den onde parten og "han har fått nok sjansar til å gjere som vi krever", så vil Russland klage USA for krigshissing, og så sender USA dei rakettane dei vil sende (eller fly eller troppar eller kva som er planen i kvart tilfelle).

Nå stansa altså denne faste prosedyren etter fase to: Russland kom med sitt forhandlingsmotsvar - og sa USA: OK, la oss prøve. Full forvirring på alle kantar.

Inspeksjonar: ei løysing?
Det har ikkje mangla på åtvaringar mot dette utspillet. Dette er faktisk berre uthaling, seier dei: Assad seier kva som helst, men kjem aldri til å følge opp. Russland vil berre markere seg, og vil ikkje reelt hjelpe til med noe som svekker deira nære allierte Assad. Og desse våpena vil berre bli flytta på og gjømt. Og i krigstid, mye av dette i kampsoner? Det er heilt uråd å få til korkje kontroll eller destruksjon av dei kjemiske våpena, iallfall ikkje før på mange år.

Og alt dette er ganske trulig riktig - denne inspeksjonsvegen vil ikkje kunne fjerne dei kjemiske våpena. Når det gjeld Assads villigheit, må vi hugse forskjellen på "den politiske leiinga", derav Bashar sjøl, som kanskje er meir lydhør for Russland (og Russland har nå faktisk press på seg til å levere, elles blir dei sittande med skjegget i postkassa), og den militære leiinga. Mange av desse våpena ser ut til å vere kontrollert av hæravdelingar styrt av Bashars bror al-Maher, som har stor personlig autoritet kanskje også over broren, og kan godt komme til å ville sabotere dei diplomatiske forsøka - om noen i toppleiinga autoriserte det første kjemiske angrepet (vi veit jo lite om kva som skjedde) kan det ha vore Maher, som dermed starta heile kjøret.

Men, for verdssamfunnet, derimellom USA, så er problemet at alternativet heller ikkje ville kunne fjerne dei kjemiske våpna. Det var aldri snakk om å bombe våpenlagra sjøl, fordi det kunne føre til katastrofe (rett nok er sarin og VX "to-komponent-gassar", der to element må blandas ved bruk for å bli aktiv, men ved eit bombeangrep kan ein aldri vite kva som vil skje på bakken, så faren ville vere for stor). Det som kunne bombas var slike ting som rakettrampar, kommando-sentralar, osv.,  men slike kan også godt flyttas og kamufleras, kjemiske våpen kan brukas frå artilleri like vel som rakettar. Så heller ikkje bombevegen vil kunne hindre Assad fysisk frå å bruke gass seinare. Ein kan like gjerne si at kvart enkelt lager evt. inspektørar klarer å finne og plombere, er eitt lager av kjemiske våpen meir enn det bombane kunne fått fjerna.

Kva seinare
Det kan altså bli spørsmål ikkje om kva som er "best" eller kan nå det illusoriske målet om å stanse krigen (eller fjerne alle kjemiske våpen), men om kva som er det minste ondet. Og her kjem naturligvis også den antatte kostnaden ved bombing: "mission creep", at USA og Vesten blir motvillig dratt lenger inn i krigen enn dei ønskar. Det er ikkje minst det som gjer at nesten alle nå drar eit lettelsens sukk over at bremsene kvinte til like før avgrunnen. Men berre nesten alle, for opprørane og deira sympatisørar er jo openbart skuffa og ropar rimeligvis på svik frå omverda, nå igjen. Men dei hadde nok blitt skuffa uansett, fordi dei forventar full vestlig intervensjon for å bli kvitt Assad, og det var aldri meininga frå Obamas side, sjøl om det altså kunne bli resultatet av "mission creep" om den greske tragedien hadde fått spilt seg ut etter vanlig mønster.

Nå får vi nok likevel sjå om dette i det heile kjem på plass - sidan dette er så nytt og uprøvd er det mange skjær i sjøen. Frankrike prøvde seg i går, ved å knytte inspeksjonar til FN-sanksjonert våpenbruk: Sikkerheitsrådet skulle alt nå gi grønt lys til bombing dersom Assad ikkje "oppfylte sin del", noe som det jo da ville vere opp til USA og Frankrike å bestemme (det var omlag slik Libya-resolusjonen vart utvida). Det var rimeligvis uakseptabelt for Russland, og om USA stiller samme type krav, så stansar "den diplomatiske vegen" der. Men så langt har USA ikkje konkretisert noe. Men det er mange mange ting som kan legge kjelker i vegen for at denne tentative forhandlingsvegen skal kunne lykkas, både krigen i landet og mistanke og motvilje i eit verdssamfunn som ikkje akkurat har vore vant til å løyse internasjonale konfliktar på denne måten. Eg ville ikkje i dag tatt opp eit veddemål på om dette vil føre fram eller ikkje.

På den andre sida er det jo også spørsmål om det vil vere mulig for Obama å "trykke knappen ned att", altså å gå tilbake til Kongressen med eit forslag om bombing dersom inspeksjonsløysinga skulle strande på noen av dei mange skjær som er i den sjøen. Styrken i motstanden mot å "blande seg inn" i Syria berre veks i USA og i Kongressen, og den moralske harmen til Kerry som fekk noen til å vakle, blir openbart vanskelig å bygge opp igjen når ein først har stansa opp og sagt at det var kanskje ikkje så viktig å starte krig likevel. Men dette veit vi jo ikkje. Det blir spennande å sjå.

Ma'loula
Elles er det mange studentar frå Bergen og andre turistar som vart spesielt oppmerksomme sist veke da byen (eller landsbyen) Ma'loula litt nord for Damaskus kom på førstesidene sist veke. Det er altså ein kristen landsby vi har pleid å besøke, spesielt kjent fordi det er ein av få stadar i verda der arameisk fortsatt blir talt, og ein svært pittoresk liten by som klamrar seg til fjellsida med fleire kyrkjer og kloster frå oldtida. Den kom altså under opprøraranes kontroll i noen dagar, det er fortsatt uklart om og kor mye av dei historiske minnesmerka som vart øydelagt (mange av innbyggarane flykta unna). Regjeringsstyrkane er visstnok nå tilbake i kontroll, og her er det altså dei som er "the good guys", som beskyttar innbyggarane, mens opprørane reknar dei kristne automatisk som fiendar fordi dei er kristne (landsbyen ser ikkje faktisk ut til å spilt noen aktiv rolle i konflikten).

Interessant - og denne gongen faktisk observert av utanlandske journalistar - er sammensettinga av opprørarane: Det var ei blanding av styrkar frå den frie syriske hæren og jihadist-gruppa Jabhat al-Nusra. Eit døme på at dei altså kan koordinere angrep, og også at Nusra faktisk er sterkt tilstades også her sør nær Damaskus, og ikkje berre i nord, der dei tidligare har vore kjent som sterke.

Ingen kommentarer: