Kommande måndag er ein dag for avgjerder på fleire ulike felt. I Norge er det valdag, og i USA startar Kongressen debatten om Syria. Mens vi ventar på det, kan vi kanskje gå litt ut over vårt vanlige distanserte syn og ta ein time-out med meiningar.
For det første, stortingsvalet. Er det rett, i ein blogg som er semi-faglig og analyserande av meg å tone flagg, ja rett ut komme med ei røyste-oppmoding? Kanskje noen finn det støtande, men det er jo min blogg, og eg skriv her til høgre at den er kanskje ikkje nøytral, så eg lar det stå til. Men dette er altså eit unntak frå det sobre faglige.
Midtausten i norsk valkamp
<partipolitisk farge: på>Nå er jo lesarane av denne bloggen sikkert oppvakte og politisk interesserte mennesker som har gjort seg opp si eiga meining og ikkje lar seg påvirke av andre. Men om det skulle vere noen der ute som nå, like før valet, fortsatt vaklar, så er altså dette mi tilråding: Å stemme SV, for å sikre at dei kjem inn på Stortinget med ei rimelig stor gruppe over sperregrensa.
Så er det sagt og ute i det opne. Men kvifor? Nå er jo dette ei "heilheitsvurdering", der mange ting slår inn, men i denne sammenhengen, kva, om noe, er det frå Midtausten-synspunkt som skulle påvirke oss til å stemme SV?
Det beste svaret har eg frå då vi var med ei gruppe studentar på ekskursjon til Syria i 2007. Ein dag kom guiden inn på bussen smilande frå øre til øre, tok mikrofonen og sa han ville gratulere og takke. Dagen før hadde den norske regjeringa anerkjent den nye palestinske samlingsregjeringa som var blitt danna etter vala der noen månader før. USA gjorde det ikkje, EU gjorde det ikkje, fordi det var Hamas som hadde vunne vala. Men Norge gjorde det, som einaste land i Vest-Europa. Ikkje fordi Norge, regjeringa, SV (eller eg for den del) sympatiserte med det politiske synet til Hamas. Men fordi når ein går inn for demokrati, så skal ein akseptere resultatet sjøl om ein ikkje likar det. USA og EU bestod ikkje den testen, men Norge gjorde det.
Nå var det den raud-grøne fellesregjeringa som stod samla om dette vedtaket, men det er vanskelig ikkje å sjå betydninga av eit SV i denne regjeringa for ein så klar avstand til USA/EUs standpunkt (det vart nok meir vagt etter kvart, og den palestinske regjeringa heldt heller ikkje, men det er ei anna sak). Både fordi SV, sammen med Sp (og KrF?) sørger for at vi blir ståande utanfor EU og dermed har muligheit til å ha ei eiga sjølstendig røyst i slike saker, men fordi SV (meir enn Sp og KrF!) er det partiet som vil bruke denne røysta til å ta standpunkt ut frå realitetane i kvar sak, i staden for å skjele til kva USA og NATO måtte ha for taktiske og strategiske interesser. På samme måte må vi slik sjå dagens klare standpunkt mot Syria-krig utan FN-mandat, når vi ser kontrasten til Danmark. Dei har også ei raud-grøn regjering, men kasta seg straks på tanken om å gå utanom FN, men Norge gjorde det motsette. Igjen var det ein politikk alle (utanom Venstre og Frp) slutta opp om, men det er opplagt at eit SV med innverknad har trekt sterkt i denne FN-vennlige og meir sjølstendige politikken på Midtausten.
Rett nok støtta SV krigen mot Libya, noe eg var imot, og partiet vart nok også noe meir betenkt etter kvart som krigen utvikla seg og dei prøvde å trekke Norge ut. Eg vil tru at eit SV utanfor regjering (slik som ser ut til å bli tilfellet) vil ta eit klarare standpunkt i tilsvarande forhold i framtida. Partiet Rødt prøver å bruke Libya-standpunktet til å presentere seg som det einaste klare fredspartiet i Norge, men - uansett kva svin Rødt evt. måtte ha i sin eigen skog - så har dei ingen reell sjanse til å bli ei sterk politisk kraft til venstre for Ap. Berre SV har muligheita til det, men da må dei som fortsatt ikkje har bestemt seg, men som meiner at det er viktig at Norge har ei sjølstendig røyst og brukar den uavhengig av NATO og andre utanforomsyn, å sørge for at SV kjem seg over sperregrensa og blir ei kraftfull røyst mot det som kan bli Europas mest høgreorienterte regjering etter valet. <//partipolitisk farge: av>
Syria i amerikansk politikk
Nå, ferdig med denne syndige norske partipolitikken, og tilbake til det meir analyserande. Det er fortsatt i det blå kva Kongressen landar på, sjøl om det gir lågast odds at Obama trekker det i land. Men det er interessant å sjå kva slags argument som blir brukt.
Den republikanske kritikken mot Obama går i tre motsatte retningar, reint bortsett frå dei som hatar Obama så mye at dei ville stemt for eit atomangrep på Washington om Obama hadde foreslått det motsatte. Den eine er kritikken om at Obama ikkje går langt nok og vil svekke Assad så mye at regimet hans fell. Det er John "Bomb Bomb Bomb Iran" McCains standpunkt, og han vil nok få inn endringar som går noe lenger i å ville svekke Assad reellt militært, og gi noe støtte til utvalgte opprørsgrupper. Det andre er at USA ikkje skal bruke pengar på den slags tøv utenlands så lenge USA ikkje sjøl er truga, som er Tea-Partyrørslas standpunkt. Det tredje er direkte motsatt av McCain, og spør, er det i det heile i vår interesse at Assad fell?
Det siste har fått gjenklang i Israel, der ein også har to standpunkt. Det eine er, igjen: Assad er vår fiende, og han støttar den einaste rørsla som er i reell aktiv konflikt med og kan skade Israel, Hizbullah. Assad bort, Hizbullah svekka eller borte. Det andre, som ser ut til å vinne meir gehør, er at alle partar i konflikten er til skade for Israel: Assad, ja Hizbullah er ille: han bør ikkje vinne. Jihadistar og Qa'ida: dei må ikkje komme til makta i vårt naboland. Dei andre opprørarane: Ingen av dei er meir vennlige, og dei omfattar både islamistar og andre fiendtlige. Ingen av dei bør vinne, tvert om er det i Israels interesse at denne konflikten varer så lenge som mulig og blir så blodig som mulig: La dei forblø, blir det sagt rett ut: Dette er nok kynisk og inhumant, seier dei, men det er dette som er i Israels interesse, at syrarane er opptatt med indre konflikt så lenge som mulig, og vil vere så svekt når krigen ein gong er over at dei ikkje vil kunne skade Israel.
Dette høres sjokkerande, men også i USA er det kommentarar som seier akkurat det samme: Det er ikkje i USAs interesse korkje at Assad vinn eller at opposisjonen vinn, fordi alle dei potensielle seierherrane vil vere motstandarar av USA. Status Quo, altså fortsatt borgarkrig, er det einaste som er i USAs interesse. McCain og hans folk (og også demokratar som støttar intervensjon) snakkar om å "skape" (eller bygge opp) ein demokratisk, sekulær, og altså USA-vennlig opprørsgruppe. Men dei er også klar over at dette må meir eller mindre konstrueras frå grunnen - tiltrua til den "moderate" Syriske Nasjonalkoalisjonen og deira Frie Syriske Hær er ganske begrensa, islamist-dominert som den langt på veg også er.
Kynisk som slike standpunkt er, kan ein ikkje komme unna at ei "fredsline", altså å gå mot militært angrep utanfrå, har samme konsekvens: Det blir ikkje fred, borgarkrigen ville halde fram. Forskjellen er kanskje at ei slik fredsline ikkje ser dette som eit val mellom "å gå inn og velte Assad" eller "å ikkje gjere noen og ha ansvar for at krigen held fram" - Ein trur rett og slett ikkje at ein utanlandsk intervensjon vil kunne gjere slutt på borgarkrigen, og iallfall ikkje utan "troppar på bakken", som fører til eit "nytt Irak", altså ei forlenging av det som da vil bli ein trefrontskrig (minst) mellom utlendingar, Assad-lojale, og opprørarar som kjemper mot utlendingane. Det er altså heller ei realisering av eigen avmakt enn eit rasjonelt valt mellom alternativ. Å agitere for ei "forhandslingsløysing" er for så vidt rett, men det forutset at dei stridande partane (begge to, eller alle fire-fem i dette tilfellet) innser at ei slik løysing er nødvendig, og det kan bli lenge til.
Skal ei fredsline kallas ei "fredsline", må den trulig ha andre komponentar med som kan tene til å svekke og ikkje forlenge konflikten. Den einaste som kan vere i syne, måtte vere eit diplomatisk arbeid for å innføre ein effektiv våpenembargo. Det stansar ikkje den kampen som er der nå (med dei våpen, kjemiske og andre, som alt er på plass), men kan strype den på lengre sikt. Og her er det verdssamfunnet som har ansvaret: Det er rivaliseringa mellom USA og Russland, mellom Saudi-Arabia, Qatar og Iran og andre som held "våpenkapplaupet" i Syria i live. Ei slik internasjonal semje og embargo er nok ganske utopisk, desverre. Men skal vi (med vår sjølstendige stemme!) halde noen til ansvar, kan vi jo seie at om ein vil sløkke bålet, kan ein iallfall la vere å helle bensin over det.
1 kommentar:
Jeg er veldig enig i analysen din av motivene til USA og Israel her, og, vil jeg legge til, Saudi-Arabia, knytta til å holde en blodig borgerkrig ved like. Faktisk påpekte jeg dette motivet allerede for halvannet år sida, i mitt hittil siste innlegg på bloggen min (http://globalgeopolitikk.blogspot.no/), i forbindelse med vedtaket i de såkalte "Venner av Syria" om å væpne opprørsgruppene i det som den gangen fortsatt var et opprør av begrensa skala, ikke den fullskalaborgerkrigen vi ser i dag.
Jeg tror det kommende bombeangrepet (dersom det ikke blir den første krigen siden den norsk-svenske krigen av 1905 som stanses av fredsbevegelsen før den bryter ut) må sees i lys av dette, og det faktum at regimet ved hjelp av Hizbollah har hatt så store framganger de siste månedene at en militær seier for regimet eller etablering av reell forhandlingsvilje i de ikke-al-qaida-orienterte delene av opprørsgruppene kunne blitt en realitet. Et militært angrep er nå fra Vesten som reduserer regimets slagkraft er nå tvingende nødvendig for å gjenopprette balanse på slagmarken. Derfor har da også Israellobbyen i USA satt inn alle sine lobbykrefter for å få flertall for bombeaksjonen (http://www.politico.com/story/2013/09/aipac-syria-96344.html), på tross av at de av hensyn til den negative politiske effekten det vil ha i den arabiske verden om det blir overtydelig at Israel støtter opprøret mot Assad har forsøkt å unngå å komme tydelig ut tidligere.
Når det gjelder oppfordringa om å stemme SV, så vil jeg bare be velgere i Oslo reflektere over om det ikke ville vært en styrke for antikrigskreftene innad i SV om det fantes en representant for et mer konsekvent antikrigsparti på Stortinget som uansett og aldri ville vært med på den typen folkerettsstridig bombing, og ikke ville latt seg rive med av vestlig propagandamaskineri, slik vi har sett ved to tilfeller (Libya 2011 og Jugoslavia 1999) når det gjelder SV. For Rødt kan det virkelig stå på en stemme fra eller til om partiet kommer inn fra Oslo.
Legg inn en kommentar