Eitt spørsmål er om historiske debattar bør vedtas juridisk eller politisk. I Frankrike er det straffbart å ha ein bestemt analyse av hendingane (å meine det ikkje kvalifiserer til begrepet "folkemord"), og anerkjente historikarar på perioden, som nå avdøde Giles Veinstein og Bernard Lewis er blitt dømt til bøter for å hevde dette. Lewis er politisk aktiv og kontroversiell, men akkurat dette, moderne tyrkisk historie er faktisk det han har forskingsbakgrunn i. Historias domstol bør bemannas av historikarar, ikkje av juristar, og eg ser heller ikkje kvifor statar som Norge eller andre skal politisk "vedta" ein slik historisk konklusjon.
Folkemord
Når det er sagt, så ser eg heller ikkje noe problem historisk sett med å karakterisere det som eit "folkemord". Før 1915 fans det ei ganske stor armensk folkegruppe i Anatolia (sentralområda av det osmanske riket). I 1918 fans det ikkje ei slik gruppe. Det kvalifiserer først til begrepet etnisk reinsing. I tillegg veit vi at store delar av folkegruppa ikkje berre vart fordrive, men drept, i systematiske og omfattande massakrar over lang tid, til synes på ganske lik måte i alle landsdelar: kvinner og barn vart marsjert til deportasjon, mennene vart tatt til sides og skotne. Mange og truverdige vitnesbyrd viser også at sjølve fordrivinga hadde karakter av dødsmarsjar, der målet var at dei fordrivne skulle døy på vegen. Vi kan knapt ha noen definisjon av folkemord som ikkje omfattar slike hendingar. Målet var at armenarane skulle opphøre å eksistere, og middelet var drap.
Debatten om dette er riktig ordbruk går da også på jus, ikkje på historie: om når definisjonen vart juridisk verksam og så vidare, og det kan vi godt overlate til juristane. Eit drap er eit drap sjøl om det ikkje kan pådømmas "etter bevisets stilling". Det historiske elementet i den debatten er om massedrapa på armenarane var sentralt planlagt av myndigheitene eller ei. Og her når vi eit felt der eg ikkje kan påberope meg særlig kunnskap, utover nettopp dette tydelige at drapa og massakrane var så omfattande, og metodane såpass like at det verkar vanskelig å forstå at dei ikkje var koordinert på noen måte. Eg tar sjansen her på å bygge på Eugene Rogan (han med Araberne) si nylig utkomne bok, The Fall of the Ottomans: The Great War in the Middle East. Han skriv, på basis av vitnemål i rettssakene som kom etter verdskrigen, at det var ei gruppe i toppleiinga av ungtyrkarane i Istanbul rundt Talat Pasha som planla den systematiske utryddinga. Men ordrane vart formidla muntlig til offiserskorpset, slik at vi ikkje vil finne noen skriftlige dokument. Debatten kan kanskje stå om desse vitnemåla frå 1918 utgjer "a smoking gun", men denne framstillinga virkar iallfall såpass logisk ut frå dei ubestridte resultata at ei slik forklaring godt kan forklare systematikken i massedrapa.
Politiske og religiøse motiv

Men kvifor? Tyrkarane peiker på at hendingane var eit resultat av verdskrigen som raste. Det er opplagt rett, osmanane var på defensiven, men det er ikkje heile svaret. Armenarane hadde vore utsatt for massakrar også før krigen, på 1890-talet. Vi må heller sjå osmananes reaksjon i perspektiv av at riket gjennom heile hundreåret følte seg pressa av Russland i nord. Russarane framstilte seg som dei kristnes bergingsmenn, og sultanen var redd russarane skulle ekspandere vidare sørover mot dei armenske områda i aust-Anatolia. Armenarane reagerte naturligvis på desse pogromane, og mange kom til å vente på berging frå dei framrykkande europeiske maktene. Då dei allierte stod ved Gallipoli, var det armenske gledesdemonstrasjonar i Istanbul. Dette styrka igjen mistanken hos ungtyrkarane, som Rogan seier hadde ein nesten paranoid frykt for at armenaranes opposisjon skulle føre til ei oppdeling av riket - det var trass alt berre eit mindretal av armenarane som var politisk aktive. Men dermed starta deportasjonane og massakrane, og det utløyste igjen ein armensk oppstand, der opprørarar tok kontroll over byen Var heilt aust i Anatolia. Russiske styrkar rykte så fram dit og tok byen.
Det var altså reelle kampar der armenarar tok til våpen, så langt skiller seg dette frå det seinare jødiske holocaust. Men dette hadde openbart ikkje eit omfang eller oppslutning at det kan forklare (enn si rettferdiggjere!) intensiteten i å ville utrydde eit heilt folk. Den armenske motstanden var heller utløyst av dei første massakrane og massedrapa som dei vart utsett for. Folkemordet må meir enn krigshandlingar sjåas som eit endelig oppgjer som har djupare røtter.
Og her kan ein ikkje unngå å sjå ein religiøs dimensjon. Ikkje berre religiøs, for også den store greske folkegruppa var kristen, og også den vart fordriven. Men det utløyste ikkje samme typen massedrap, dei vart berre bortvist til Hellas, sidan det altså fans eit land å vise dei ut til. Armenarane hadde ikkje det, og måtte da døy. Det samme gjaldt andre grupper som også vart utsett for massedrap på samme tid, som 250 000 assyriske kristne (som gjerne blir oversett i skuggen av dei langt fleire armenske offera) som også vart massakrert.
Men når dei tyrkiske (og kurdiske!) bødlane forklarte og forsvarte morda overfor sine eigne og til offera, fortel vitnesbyrda om at dei brukte ein reint religiøs tankegang: dei kristne fortente å utryddas, og muslimane måtte overta den plassen dei hadde. Russarar og andre fiendar brukte jo også religiøse argument for sin kamp mot tyrkarane, men likevel må det armenske folkemordet sjåas som trulig den største religiøse og anti-kristne pogromen i heile islams historie - iallfall i omfang, kanskje også i villskap og systematikk. IS blir småguttar i sammenligning, og vi kan knapt finne make i dei harde stridene i tidlig tid eller korsfarartida, sjøl om brutale massedrap nok ikkje var uvanlig den gongen heller. Men halvannan million er eit stort tall, også i det lange perspektivet.

Dette er tungt å høre for tyrkarane, som det sikkert også er for andre muslimar å erkjenne at denne svarte historia hører til islams historie. Men eit hundreårsskifte er eit høvelig tidspunkt for å overføre denne historia nettopp til historia, å godta ei utsoning og så gå vidare. Men før ein kan gjere det må denne generasjonen fri seg frå skulda ved å erkjenne den. Det har det offisielle Tyrkia ikkje vore villige til. Optimistisk blir det rapportert at fleire yngre tyrkarar og kurdarar er meir villig til å ta det steget. Vi får håpe det etter kvart også kan bli fleirtallets syn, det er ikkje viktig berre overfor dagens armenarar (og kanskje opne opp for samtalar om det som i dag er eit reelt problem mellom dei, Nagorno-Karabakh), men også for å kunne ta ei open og avpolitisert haldning til si historieskriving generelt.