fredag 1. januar 2016

2016: Status

Det nå avslutta 2015 var året då konsekvensane av konfliktane i Midtausten for alvor slo inn over Europa, med to terroråtak i Frankrike på under eitt år og spesielt den store tilstrauminga av flyktningar til Europa. Vi har sett to stemningsskifte i løpet av dette eine året, det første etter bildet av den døde treåringen Aylan Kurdi gav sympati og mobilisering for flyktningane som satte eigne liv i fare; det andre da terroråtaka ved Bataclan førte til frykt for at flyktningar kunne sette våre liv i fare. 

IS sitt år - blir det med det eine?
Ser vi på stoda i Midtausten sjøl, må vi vel kunne seie at 2015 var IS sitt år. Dei slo gjennom i 2014 med kalifatet sitt, men har dominert nyheitsbildet også det siste året. Størst mediedekning fekk erobringa av oldtidsbyen Palmyra, men vel så viktig er kanskje framrykkinga i den meir folkerike Homs-provinsen etterpå, med fare for å kutte Syria i to. 

Det viktigaste er nok likevel erkjenninga at IS nå faktisk prøver å leve opp til namnet stat, som vi antyda i fjorårets statusoversikt og som dei fleste nå gjentar. Det har vore eit viktig rekrutteringsmiddel for IS, men det har også vore ein svakheit for dei. Eitt er reint militært: IS kan ikkje lenger operere som gerilja med "hit and run", dei må nå i større grad beskytte etablerte områder. Det gjer dei meir sårbare for konvensjonell krigføring som USA er bedre i, og amerikanarane har klart å endre sin taktikk i krigføringa med tydelig effekt, både ved Kobane i kurdisk Syria og dei siste irakiske sigrane i Ramadi.

Irakiske leiarar har triumferande sagt at snart vil Mosul og resten av Irak bli frigjort, men det er nok mest skryt. IS står ikkje foran noe sammenbrudd, og også i 2016 vil dei dominere mediebildet i Irak og Syria. Men dei sigrar ikkje lenger på alle frontar. Heller vil vi sjå at frontlinene vil bevege seg fram og tilbake, IS vil bli trengt tilbake frå noen regionar, men vil òg kunne ekspandere og ta nytt land i andre. Sidan frontane er så bevegelige og mye av området deira er øydemark gir overslaga om at "IS har mista så og så mye territorium" lita meining, men grovt sett kan det vere ei rimelig gjetning at trass i ein del tilbakeslag så vil IS om seks månadar styre over nokolunde like stort område som nå, og kanskje det samme ved neste årsskifte.

Russland og ei diplomatisk løysing
Den store endringa i Syria siste året har naturligvis vore at Russland har gått inn i konflikten, og at den dermed er blitt langt meir forvirrande. Russlands bombing har nok hatt like stor effekt som den amerikanske, men kven dei rammar er meir uklart - sjøl seier dei IS "og andre terroristar", mens vestlige kjelder seier at russarane mest bombar "the good guys", kven nå det måtte vere, heller enn IS. Som vanlig er det rette trulig litt av det eine og litt av det andre: IS er heilt klart ramma av russiske bombar, men det er nok rett at andre opprørsgrupper er vore vel så mye i bombefokuset. 

Dette innslaget av storpolitisk rivalisering har ført til ein diplomatisk aktivitet og forsøk på finne ei samla løysing. Problemet er berre å bestemme kva ein søker ei løysing på. Det er fortsatt i tåkeheimen, fordi ingen seier høgt kven dei eigentlig snakkar om. Forblomma tale er vanlig i diplomatiet, men her veit dei ulike partane kanskje ikkje sjøl kven dei vil lage krig mot og kven dei vil sette i regjering. Derfor blir den viktigaste og vanskeligaste manøveren å sette opp ei liste over kven som er invitert til dei kommande samtalane, for dei som ikkje står på den lista (som diplomatar nå "arbeider med") vil bli bombemål i staden for samtalepartnar. Enten - eller.

Vansken med denne lista er ikkje den i hovudsak vestlig-orienterte "Frie Syriske Hær" (FSA), som dei fleste vil godta, eller al-Qa'idas lokalavdeling, Nusra-fronten, som ingen vil ta i med tang. Problemet ligg i at størstedelen av opprørsgrupper i Syria ligg mellom desse to motpolane, og ikkje minst det at alle desse samarbeider på ulikt vis - det er ikkje noen tydelig grenseoppgang mellom dei "snille" i FSA og dei "vonde" i Nusra, men eit kontinuum, ein glidande overgang politisk og ideologisk, og dei kjempar ofte sammen på bakken mot Assad-regimet, også FSA har slåss side ved side med Nusra-fronten. Om ein skal få noen av desse inn i forhandlingar, må ein altså klare å sjå grensa mellom dei innanfor og dei utanfor, og ennå verre - ein må få dei som skal komme innanfor det gode selskap til å godta at deira nåverande allierte som ikkje står på lista dermed skal bli fiendar som bekjempas.

Vi plar ofte slå desse gruppene som ligg mellom FSA og Nusra-fronten sammen under namnet Ahrar al-Sham ("Syrias frie men"), som er den største alliansen av sjølstendige islamistiske grupper. Det er dusinvis av slike grupper i samme ideologiske landskap, men vi har ikkje plass til heile katalogen her, så la oss fokusere på Ahrar al-Sham. Dei samarbeider militært ganske tett med Nusra-fronten i ein felles militærkommando kalla Frigjeringshæren, Jaysh al-Fatih, og dei to er trulig omlag like store, med mellom 10. og 15.000 mann kvar (IS har kanskje 30.000, mens anslaga på FSA varierer frå 7.000 til 25.000, alt etter kor mange sjølstendige grupper ein reknar under denne paraplyen - alt dette er vage anslag).

Ideologisk er dei langt meir vage enn IS, men alle (også FSA) har eit islamsk islett. Nusra-fronten er den einaste som er global-jihadistisk, sjøl om også dei har slått fast at dei ikkje har aktivitet utanfor Syria. Men dei er altså del av Qa'ida, som i høgste grad har slik aktivitet. Ahrar al-Sham er også klart salafistisk, strengt konservativt, og har tidligare insistert på at Syria må styras etter sharia, men ser ikkje ut til å vere "takfiri" som IS og Qa'ida, altså at dei reknar andre muslimar som vantru. Dei har også dempa språkbruken sin, og seier nå at dei ønsker at Syria skal vere fleir-religiøst med like rettar for alle og ikkje ein "islamsk stat", slik dei før sa. Men mistanken ligg jo der om at dette berre er retorikk for å vinne vestlig støtte. Meir tydelig er det iallfall at dei ønsker vestlig og amerikansk støtte til sin kamp mot Assad, mens Nusra-fronten klart avviser einkvar kontakt med erkefienden.

Men kor mange av desse mellom-gruppene er med i nemninga "dei moderate kreftene", kor mange av dei er "andre terroristar", og kva meiner USA eigentlig om at Russland bombar desse? USA gjorde det sjøl i starten (Nusra, men også Ahrar al-Sham), mens det nå er Russland som først og fremst rammar dei, og USA muligens kritiserer dei for det, det er altså ikkje klart akkurat kva dei kritiserer og kva dei godtar.

Så betydninga av diplomatiet ligg nettopp her: Skal Ahrar al-Sham, som er støtta av Qatar og Saudi-Arabia, stå på lista av inviterte eller ikkje? Og vil dei i så fall delta? Både for dei, men også for FSA og dei andre er kampen mot IS viktig nok, men underordna kampen mot Assad. Dette setter dei i grunnleggande motsetning til Russland, som er der for å støtte Assad, mens USA vaklar mellom dei to, for USA er jo både Assad og Ahrar al-Sham vanskelige partnarar å ha i dialog. Så spørsmålet om diplomatiet er om ein klarer å foreine dei to, olje og vatn, regimet og opprørarane, Iran og Saudi-Arabia, rundt eitt bord, for ikkje å snakke om i ei løysing. Det blir krevande.

Libya: er samling mulig?
Eit anna diplomatisk spill for galleriet foregår i Libya. På bakken er stoda ved årsskiftet ikkje mye ulikt for eit år sida: to konkurrerande regjeringar i Tripoli og Tobruq med eit IS i framgang mellom dei. I fjor dominerte IS byen Derna, dei er nå kasta heilt eller delvis ut derfrå, men har fått ein viktigare base i den større byen Syrte i bukta av samme namn, og ser ut til å ha konsolidert seg der og prøver å bygge eit samfunn på samme måte som i Irak/Syria. Dei har vore i harde kampar med styrkar frå Tripoli-regjeringa, men har klart å bite seg fast. 

Tobruq styrer det kremgule i aust,
Tripoli det lyseblå i vest, IS det rosa
i midten.  
Dermed er det internasjonale samfunnet blitt meir interessert i Libya igjen, og bombeåtaka i Tunisia viser kor farlig det er å la Libya forbli utan ei reelt fungerande regjering. FN har involvert seg tungt, og vestlige medier meldte gledesstrålande mot slutten av året at freden er komme og at dei to regjerings-rivalane er blitt samde om ei felles regjering som skal ta over på nyåret. Desverre er nok dette berre ein diplomatisk draum. Det kjem ikkje til å bli noen felles regjering, for ein gløymde å sjekke om partane på bakken faktisk stod bak forhandlingane. Det gjorde dei ikkje, i FN-sporet var det berre ein minister frå Tripoli som deltok, og han vart straks tilsidesatt av si regjering som avviste FN-avtalen. I staden sette Tripoli i gang sin eigen dialog, den fann stad samtidig i Tunis og kom også med stor glede fram til ein avtale. Men her var det den andre regjeringa i Tobruq som ikkje var blitt spurt, og følgelig heller ikkje tok noen hensyn til den fellesavtalen.

Problemet her er at begge dei to partane i Tripoli og Tobruq er spiltta. Det finnes moderate i begge leirar, og spesielt mellom dei sivile politikarane som ser at dette er ein nytteslaus krangel og helsar eit reelt kompromiss velkommen. Men på begge sider er det militsar som ser at ein avtale vil føre til at dei mister makta, og som med hell klarer å motsette seg avtalane sidan det i siste instans er dei som sit med kvar si respektive regionale makt. Konkret er det store stridsspørsmålet rolla til Tobruq-regjeringas "hærsjef", Khalifa Heftar, som aldri har skjult at hans mål er å nedkjempe Tripoli-gruppene militært og som Tripoli derfor forlangar må fjernas før dei vil tenke på noen avtale.

Libya har, ulikt Syria og Irak, ingen grunnleggande religiøse eller etniske skiller av betydning, sjøl om autonomi-tanken står sterkt i aust. Dei har nå ein felles fiende i IS, som strategisk har sin base midt mellom dei to rivaliserande regjeringane. Libya har derfor langt større potensiale enn Irak, Syria og Jemen for å finne ut av problema sine og samle seg for å bygge opp landet (ved å få opp att oljeeksporten) og nedkjempe IS. Men det vi må kalle politisk-strukturell umodenheit, manglande politiske strukturar og felles arenaer, gjer at det er vanskelig å realisere desse felles interessene og personlig rivaliering og militsanes eigenmarkering blir sterkare enn det som er felles. Vi kan håpe at dette vil endre seg i året som kjem, t.d. ved at IS-problemet blir meir presserande enn i dag, men vi kan vel desverre ikkje forvente det. 

Jemen: Sammenbrudd utanfor søkelyset
Det tredje store konfliktområdet, Jemen, har falle litt i skuggen av kampane i Syria. Men det er ein sammenheng. USA gjekk til bombekrig i Syria med "arabiske allierte", men i realiteten trakk desse arabarane, Saudi-Arabia og Emirata, flya sine ut av Syria ganske raskt. Dei vart i staden satt inn i sør, i eit angrep i nabolandet Jemen. Dermed var det som hadde vore ein borgaarkrig mellom to lokale partar blitt til ein regional krig, og eit nytt bevis på at Saudi-Arabia nå ønsker å vise musklar. Før nøyde dei seg med å sende dollar, nå sender dei bombefly til støtte for sine venner. 

Den indre striden i Jemen var mellom to alliansar. På den eine sida står den avsatte presidenten Ali Abdullah Salih sammen med ein stammemilits frå heilt nord i landet, Houthiane. Salih ville vinne tilbake makta, houthiane ville ha meir innverknad i sitt område. Mot dei står dei fleste andre gruppene i Jemen, leia av Salihs tidligare visepresident og etterfølgar, Mansur Hadi. Han kom inn som eit kompromiss, men var tilfeldigvis den første leiaren Jemen noen gong har hatt frå sør-Jemen, nord-Jemen har alltid dominert landet. Men dette var ikkje ein nord/sør-konflikt, dei dominerande stammane i nord støtta også Hadi mot Salih og houthiane. Det var heller ikkje ein religiøs konflikt, sidan dei dominerande i nord på begge sider av denne konflikten hører til zaydi-shi'ismen.

Men med saudianes intervensjon på Hadis side, vart det til ein regional konflikt, der houthiane vart til "representant" for Iran - som tidligare hadde gitt ein del støtte til dei, mest for å terge Saudi-Arabia. Det ser ikkje ut som om Iran har involvert seg alt for tungt i denne konflikten, Jemen ligg langt borte frå dei, og dei har trulig liten sympati for Salih og ikkje så mye felles med houthiane, men for Saudi-Arabia er opplagt dette grunnen til at dei deltar. Dei har klart å trenge houthiane ut av sør-Jemen, men trass overmakt i lufta har dei ikkje vunne noen klar siger, og er trulig ikkje alt for velkomne i dette nabolandet som alltid har sett på storebror i nord med skepsis.

Mest påfallande her, som i Libya, og forsåvidt også Irak og Syria, er at ein borgarkrig alltid ser ut til å gi rom for jihadistar til å etablere seg, i opposisjon til begge stridande partar. Men i Jemen er det ikkje IS som vil rake kastanjane ut av elden (sjøl om dei også har fått noe støtte her), men den gamle gruppa, Qa'ida, noen som hugsar dei? Det interessante er at dei her ser ut til å tatt lærdom frå IS. Al-Qa'ida var under Bin Laden aldri interessert i å vinne territorium, dei ville vere globale og mobile. Å ha eit fast område med ein "stat" å styre, var IS sin ting, ikkje Qa'idas. Men her i Jemen har Qa'ida begynt med akkurat det samme. Dei har etablert seg fast i provinsen Hadramawt i søraust, og har nå i snart eit år styrt Jemens femte største by, Mukalla, i samarbeid med lokale stammer. Dei har seinare tatt fleire mindre byar i området rundt, og hadde ei tid tilmed styringa over Aden, hovdustaden i sør-Jemen, før saudiane kom og tok over. Men Qa'ida ser ut til å ville skaffe seg ein fast base i dette området, og til nå ser heller ikkje dei saudiske styrkane i området om å bry seg så mye med å rydde dei bort, så lenge dei er opptatt med å slåss mot dei "Iran-allierte" houthiane.

Lyspunkt?
Det er altså mye dårlige nyheiter frå Midtausten, som vanlig. Er det lyspunkt? Fredsprisen til Tunisia markerte jo det, og Tunisia er eit lyspunkt. Landet er blitt ramma av terror, og vi kunne frykte at dette vil rive det skjøre samarbeidet mellom dei sterkt sekulære i regjeringa og dei moderate islamistane i stykker. Men det har ikkje skjedd, i staden ser terroren ut til å ha sveisa tunisiarane sammen på tvers av desse ideologiske skilla. Det gir grunn for håp. Vi må også minne om dei landa der vi har eit slikt stabilt samarbeid, som Marokko. 

Vi kan stå overfor nye utfordringar i 2016. To land, Algerie og Oman kan stå framfor skifte av statsleiar etter "naturens lover" (begge er svært sjuke), det vil vise seg om det i realiteten militærstyrte Algerie og monarkiet i Oman er solide nok til at overgangen skjer i det stille. I Egypt har regimet stramma grepet i året som gjekk, på nyåret skal det nyvalde parlamentet tre i funksjon, men få reelt opposisjonelle er blitt valde, og det er grunn til å tru at dette vil bli i beste fall ein prateklubb, og kanskje meir trulig eit sandpåstrøingsorgan slik det var under Mubarak. Men talet på dødsdommar er gått ned, få av dei er blitt utført så langt, og bortsett frå Sinai har Egypt unngått dei heilt store gerilja- eller terrorangrepa siste året. Ein må kanskje vere nøgd med dei små ting.

mandag 7. september 2015

Saudi-Arabia: Omprioritering av fiendar?

Kong Salman
Etter at Saudi-Arabia fekk ny konge sist vinter, fokuserte dei fleste kommentarane på kontinuiteten, mens ein ventar på at "neste generasjon" skulle ta over etter den nåverande kong Salman, trulig den siste av landsfader Ibn Sa'uds sønner som blir konge. Kontinuitet er absolutt ein sikker måte å beskrive saudisk politikk på; ro, orden og stabilitet er alltid det saudiane ønskar i sin region.

Politisk rivalisering: Ringen rundt Saudi-Arabia
Likevel virkar det som om det nye styret har gjort noen ganske klare endringar i kursen. Saudi-Arabia har dei siste åra forkusert på to hovudfiendar som dei har bekjempa på alle måtar dei kunne. Den eine er Iran. Motviljen mot Iran blir begrunna religiøst - sunni mot shi'a - og kan også vere kopla til at Saudi-Arabia sjøl har ein merkbart stor shi'isk minoritet aust på halvøya, altså i dei områda som har størst økonomisk olje-aktivitet. Men styresmaktene har god kontroll over denne minoriteten, og det har aldri blitt til meir enn spreidde protestar mellom shi'iane i landet. Det er liten grunn til å tru at den shi'iske minoriteten er stor nok, eller har nok gjennomslagskraft mellom andre saudiar, til å vere noen alvorlig trussel mot regimet i Saudi-Arabia.

Motsetninga mot Iran er nok heller ei regional rivalisering mellom to stormakter i regionen. Iran er i folketal og økonomisk utvikling i ein klasse for seg mellom landa i dette området, og Saudi-Arabia, stort og rikt, men langt mindre i folketal og med ein smalare økonomisk basis, fryktar for at deira petro-makt skal komme i skyggen av rivalen. Når Iran så har funne seg strategiske allierte i Irak, i Syria, i Libanon der deira allierte Hizballah har stor påverknad, og så i tillegg gjer sine hoser grønne hos opprørarane i Jemen, begynte saudiane å kjenne seg omringa. Dei ser ein shi'isk ring rundt seg (sjøl om Syria og Jemen knapt er shi'iske i iransk forstand), men det er innringa og alliansen av rivalar som er problemet, meir enn kva som er grunnlaget for denne alliansen.

Ideologisk rivalisering: Det muslimske brorskapet 
Det andre konfliktlina er derimot religiøs og ideologisk: Saudi-Arabias til tider voldsomme motstand mot Det muslimske brorskapet i Egypt og overalt elles. Det har ført til undring, sidan begge to må reknas til islamismen eller "politisk islam", om enn til ulike tradisjonar under denne paraplyen. Tradisjonelt har Saudi-Arabia også vore sympatiske til Brorskapet, det var her dei egyptiske Brorskapsmedlemmene kunne søke asyl under Nassers undertrykking på 1950- og 1960-talet, og dei kunne arbeide og spreie sine tankar i fred her.

Men desse gjesteopphalda førte til at det fall noen skall frå ulike auger. Brorskapsfolka som budde i Saudi-Arabia i denne perioden vart meir og meir kritiske til den olje-rike og tradisjonalistisk konservative ideologien til saudiane. Dei meinte at styresmaktene ofra islamistiske ideal på alteret til olje-borgarskapets økonomiske og politiske interesser. Saudiane vart på si side meir irritert over at Brorskapsfolka ikkje hadde nok vørdnad for grunnleggaren av deira ideologi, Muhammad ibn Abd al-Wahhab (d. 1792) som rettesnor for rett islam. Men det verste var at unge saudiarar, spesielt slike som hadde hatt opphald i utlandet, i Egypt eller lenger bort, fekk meir og meir sympati for Brorskapets noe meir moderne variant av islamismen og tok til å kritisere kongefamilien og wahhabismen. Denne kritikk-rørsla fekk på 1980-talet namnet "sahwa-rørsla", oppvakninga, og vart ein intellektuell torn i sida på styresmaktene. Ikkje alle i rørsla følgte Brorskapets line, og dei fleste av dei var heller ikkje påtrengande revolusjonære. Utover tiåret fekk styresmaktene da også rimelig kontroll over kritikarane, ikkje minst ved å tilby mange av dei godt betalte jobbar i administrasjonen. Dermed roa også dette seg, men styresmaktene kom likevel til å sjå Brorskapet som ei mulig farlig kraft på det ideologiske området, ei retning som var i stand til å reise kritikk mot styret frå ein islamsk synsstad og slik true stabiliteten i landet.

Då den arabiske våren kom i 2011 med nettopp uro og ustabilitet, det verste saudiane visste, og Brorskapet kom til makta i Egypt, Tunisia og andre land, gjekk det derfor for langt. Brorskapet vart ein farlig rival. Saudiane satsa alt på å bekjempe deira stilling i den arabiske verda. I Palestina slo dei handa av Hamas, som var utgått frå Brorskapet der. I Egypt avslo dei å gi økonomisk hjelp til landet under Brorskaps-president Morsi, men støtta i staden opp under, og dytta det dei kunne på, militærkuppet til Sisi i 2013. I Libya greip dei inn med støtte til anti-Brorskaps-general Heftar. Då Brorskaps-parti frå 2013 fall frå makta i dei fleste landa der dei hadde komme opp året før, var Saudi-Arabia ein viktig og ofte avgjerande faktor for dette. Nesten alt var til synes bedre enn Brorskapet, ei gruppe som dei følgde Sisi i å kalle for "terroristar" (utan spesiell grunngiving). Regionalt følgte Bahrain og Emirata lojalt opp om saudianes anti-Brorskapspolitikk, mens Qatar, som  lenge hadde leikt seg med å slå den store naboen over snuten, vart til Brorskapets siste forsvararar i området.

Men så: omskiftet
To konfliktar, altså, mot det som i 2012 var dei største maktene i regionen, Iran og Morsis Egypt, og med seier mot den siste året etter. Det var rett nok litt meir problematisk å halde styr på dette i Syria. Saudiane støtta naturligvis opprøret mot Iran-allierte Assad. Men i dette opprøret stod det syriske Brorskapet sterkt, spesielt i det eksil-baserte Syriske Nasjonalrådet (som Vesten anerkjente), noe mindre også i deira Frie Syriske Hær. Saudiane var derfor lunkne til desse gruppene, og støtta heller uavhengige islamistiske militsar, gjerne kalla "salafistar", slik som Dei frie syrarane og andre, men saudisk støtte til den syriske motstanden har alltid vore litt vanskelig å få oversikt over, og Saudi og Qatar støtta gjerne konkurrerande rivalar innanfor motstanden.

Men nå dei siste månadane, er det mange tegn på at den nye kongen og hans leiargruppe har ombestemt seg. Dei har nå sortert fiendebilda sine, og komme fram til at nå, etter Morsis fall og Brorskapets nederlag i Egypt, er ikkje lenger desse noen viktig fiende og rival. Iran gjenstår og nå skal fokus vere på Iran og "omringinga". Brorskapet kan kanskje vere til nytte her, for dei er heller ikkje noe spesielt glade i Iran, Morsi gav jo kraftig støtte til opprøret mot Assad.

Nye venner: Salman og Meshal, juli 2015
Det krystalliserte seg i at Khalid Meshal, leiar i Hamas (Det palestinske brorskapet!) er blitt tatt mot som ein venn og alliert i Riyad, etter at dei før berre har møtt ein kald skulder. Rivaliseringa med Qatar er dempa ned eller borte, det var nettopp haldninga til Brorskapet som skilte dei. Fleire andre signal er også sendt at, sjøl om saudiane nok fortsatt ikkje er glad i Brorskapet (dei er formelt fortsatt rekna som terroristar, iallfall dei i Egypt), så kan saudiane nå komme overeins med dei. Å vise motstand mot dei er mindre viktig i saudisk politikk enn det var.

Samtidig har Saudi-Arabia altså tatt ei mye meir opent aggressiv haldning i den regionale politikken enn før. Det ser ein spesielt i Jemen, der saudiane har kasta inn eigne soldatar og fly mot opprørarane. Det er ein kamp mot "iransk innverknad" (sjøl om Iran nok berre er ein flyktig alliert for houthiane). Men også i Syria har saudiane brukt eigne fly mot IS, i allianse med USA. Begge desse er relativt uvanlig, Saudi plar vere meir komfortabel med å sitte i kulissane og signere sjekkar enn å delta aktivt og opent i militær konflikt, spesielt utanfor den arabiske halvøya. Dette viser nok at Saudi spiller med meir opne kort som kandidat til å vere regional stormakt på eigne vegner, og ikkje berre gjennom å støtte allierte rundt om. Og det er kanskje også det som gjer at dei tillet seg å vere meir avslappa mot den slagne fienden Brorskapet, som dei ikkje ser som noen vesentlig rival lenger, og som det er viktig å halde borte frå noe vennskap med Iran (slik Hamas tidligare hadde, til Syria-konflikten skilte dei).

Den som kanskje der blir sittande med skjegget i postkassa er Sisi, som ikkje følger med på dette lineskiftet og fortsatt har hatet mot Brorskapet og kampen for å knuse dei som si politiske hovudline. Han kan nok fortsatt rekne med økonomisk støtte frå saudiane - for det fortsatt i deira interesse at Brorskapet er kua i sitt heimland - men det blir kanskje likevel ikkje så lett for aktørar i regionen å vifte med kampen mot Brorskapet som pass og inngangsbillett til dei indre gemakkar i Riyad.

fredag 3. juli 2015

Egypt: Mot ein meir valdelig konflikt?

Det er i dag årsdagen for militærkuppet i Egypt i 2013, og opptrappinga mot dagen er blitt markert med harde kampar i Sinai, og med drapet på riksadvokaten i Egypt, som har stått i spissen for å trekke opposisjonelle for retten. Spørsmålet om dette berre er ei krise rundt årsdagen, eller om det markerer ein tendens mot ein sterkare valdelig konflikt i Egypt.

Vi har naturligvis ikkje full oversikt over kven som står bak desse angrepa. Men mest trulig må vi sjå dette som to ulike tendensar. Den eine på Sinai, der det har vore ei lang, nær kontinuerlig rekke med åtak, spesielt på politi og militære, sidan 2011. Det andre i Kairo og andre delar av det "folkerike Egypt", der det også har vore angrep tidligare, men langt meir sporadisk.

Sinai: Beduinane mot sentralmakta
På Sinai er opprørsgruppa rimelig godt kjent. Dei kalla seg "Ansar bayt al-maqdis", dei som hjelper den heilage byen [Jerusalem], sjøl om aktiviteten deira har vore mest retta mot Egypt, ikkje Palestina. I fjor erklærte dei [eller stordelen av dei] lojalitet til IS, og tok namnet "Wilayat Sina'", provinsen Sinai, altså provins i kalifatet.

Det sentrale her er at dette opprøret bygger på ein generasjonar lang konflikt mellom beduinane i Sinai, særlig det  nordlige Sinai, og styresmaktene i Egypt. Beduinane har alltid følt seg marginalisert, hundsa, og mistenkeliggjort, ikkje minst etter åra under israelsk okkupasjon 1967-1982, da beduinane av nødvendigheit hadde kontakt med israelarane. Motviljen mot sentralmaktene i landet førte til mange lokale konfliktar, som også anti-israelske jihadistar kunne dra på i fleire angrep på israelske turistar i Sinai på 1990- og 2000-talet. Ansar bayt al-maqdis bygger trulig vidare på denne motviljen, utan at vi veit kor stor del av beduinane som opplever dei, og nå IS, som allierte eller som radikale fusentastar. Men det store omfanget i angrepa dei siste dagane, med 50-100 beduinar involvert, kan tyde på at betydelige delar av beduin-befolkinga kan stå med dei. I så fall kan det vere ein farlig strategi for styresmaktene å prøve å "utrydde" motstandarane, dersom dei dermed går generelt på dei stammene som har hatt kontakt med IS. Som alltid, politiske rørsler kjem og går, dei kan ein overvinne, men stammane blir verande, dei kan ein ikkje utrydde eller nedkjempe. 

Ei radikalisering av Brorskapsungdom?
Denne konflikten er altså spesiell for Sinai, og har lite å gjere med åtaka i Kairo. Det kan likevel vere grupper som er knytta til Ansar, eller nå IS, som står bak dei, eller det kan vere ad hoc-grupper som kvar for seg eller organisert vil slå til mot regimet. At det var riksadvokaten som var målet, peiker kanskje meir på grupper knytta til dei han har fengsla, og som nå er dødsdømt i hundretal, heller enn på IS, som ikkje har noen særlig sympati for Muslimbrødrene, Mursi, eller andre "sekulære og slike som arbeider for demokrati". 

Det store spørsmålet er om desse angrepa faktisk kan vere knytta til Brorskapet, slik styresmaktene heile tida har hevda. Vi har her heile tida hevda at det er mest trulig at Brorskapets leiing vil halde på ei relativt fredelig masseline, altså med demonstrasjonar og uro, men ikkje direkte valdelige aksjonar - men også at deira autoritet er svekka. Sjølve argumentet om at ein fredelig veg er mulig vart jo også svekka av kuppet i 2013 og undertrykkinga deretter. Dette kan, sa vi, opne for at yngre og meir radikale krefter snur seg bort frå denne førti år gamle fredelige masse-lina og blir trukke mot meir aktivistisk vald. 

Det er noen, inntil vidare ubekrefta, rapportar som nå peiker på at dette kan vere på veg. Ein kongress eller fellesmøte av unge Brorskapsfolk som fortsatt er på frifot, skal ha vedtatt kritikk av den gamle leiarskapen, som nå sit i fengsel, og gått inn for eit lineskifte mot ei aktivistisk opprørsline. Det er likevel understreka at dette ikkje skal vere terror eller angrep på sivile - kritikken mot, og avstanden til, al-Qa'ida og IS vart understreka, og kulturforskjellane mellom Brorskapet og jihadistane er nok så store at det ikkje vil bli noe snakk om noen samling den vegen. Men, trass i protestar og formaningar om måtehald frå dei tidligare leiarane, er det ikkje utenkelig at grupper frå Brorskapet kan opne for angrep på politi, militære og så vidare. Det har skjedd før når Brorskapet er undertrykt, på 1950- og første del av 1960-talet, og seinare i Syria. Det har stort sett ikkje enda godt, og dei eldre hugsar det.

Enten dette skjer eller ikkje, er det uansett ei valdelig opptrapping på veg mellom staten og Brorskapet. For to dagar sidan braut politiet seg inn i ei leiligheit og drepte tretten medlemmer av Brorskapet som hadde møte der, mellom dei eit tidligare parlamentsmedlem. Dei påstod at dei fann våpen der, noe Brorskapet nektar for. Brorskapet kaller som svar til "opprør", kva dei nå meiner med det, kanskje berre skarpe protestar. Men dersom staten - som jo insisterer på ikkje å sjå forskjell på Brorskapet og terroristar - held fram med å bekjempe Brorskaps-tilhengarar med våpenmakt, er det vel liten grunn til å tru anna enn at dei, eller noen av dei, vil finne til våpen for slåss tilbake. På 1990-talet klarte staten på denne måten å reellt sett utrydde dei jihadist-gruppene som då dreiv på i Egypt. Men dei hadde ein heilt marginal oppslutnad i forhold til Brorskapet i dag. Samtidig som folk etter kvart begynner å forlange at Sisi skal levere på det sosiale og økonomiske området, og han også har gjort store delar av dei liberale til fiendar ved å slå ned på all opposisjon, vil ei slik militarisering av konflikten med Brorskapet ikkje føre Egypt på ein positiv veg. Men enn så lenge er dette berre tendensar, vi får håpe at det blir med det, og at den politiske striden i Egypt forblir politisk og så lite valdelig som råd.

tirsdag 2. juni 2015

Libya: Mønsteret raknar ennå meir

Det har vore to markerte nyheiter frå Libya sist veke: For det første eit attentatforsøk mot den internasjonalt anerkjente statsministeren, den liberale Abdallah al-Thinni, i Tobruk sist veke, og for det andre at IS har festa grepet i Syrte, ved å erobre flyplassen ved byen. Så er vel dette begge bevis på at i striden mellom dei to regjeringane i Tripoli og Tobruk, så har islamistane i Tripoli vorte meir pågåande? Men nei, det er ikkje dette som har skjedd. Det er heller bevis på at det mønsteret vi har prøvd å forstå Libya-konflikten etter, raknar ytterligare opp.

Indre strid i Tobruk
Det er ikkje klart kor alvorlig angrepet mot statsminister Thinni var. Det var ein protest utanfor parlamentet retta mot hans vanstyre og stillstand, og i det han forlot møtet vart det avfyrt noen skudd mot bilen, der ein vakt vart såra. Det var altså heller ein indre strid som kom til uttrykk her. Den ansvarlige er ikkje blitt funne, regjeringa anklagar "korrupte stammeleiarar", men mange peikar på ein styrtrik forretningsmann som har finansiert Tobruk-regjeringa lenge, Hassan Tatanaki. Han prøvde å få kontroll over eit leiande oljeselskap, men Thinni hadde forhindra dette, og Tatanaki satte derfor igang ein mediekampanje mot Thinni og hans styre (han eig fleire aviser og TV-stasjonar).

Khalifa Heftar
Men det er også rapportert om aukande spenning mellom regjeringa og den "grå eminensen" i Tobruk, hærsjefen Khalifa Heftar, som sjøl oppfattar seg som leiar for styret her, og som også faktisk held det i live militært. Han har heile tida stått for ei bastant militær løysing på konflikten, og har motsatt seg politiske kontaktar med motstandaren, som fleire i regjeringa har vore inne på tanken om. Det kan altså vere eit oppgjer mellom hardliners og meir forsonlige, og eit forsøk frå ein av dei to rivalane på å få Thinni til å tre tilbake - det har han gjort før, men komme i posisjon igjen.

Misrata-militsen og Tripoli
I vest er det greiare å sjå kven som slåss, men meir komplisert å vite kvifor. Den viktigaste makta der er regjeringa i Tripoli, som altså er i opposisjon til Tobruk-regjeringa (Tobruk-gruppa - som kallar seg Karama, "Verdigheit" - vann siste val, men flykta for overmakta i Tripoli, som da oppretta si eiga regjering - dei brukar namnet Fajr Libya, "Libyas daggry"). Maktbasisen bak Tripoli-regjeringa er militsen som kom frå byen Misrata, og som har sin hovudbase der. Det var dermed Misrata-militsen som hadde kontroll over byen Syrte (Surt på kartet), Qadhafis gamle fødeby. Men jihadist-gruppa Ansar al-Shari'a hadde også etablert seg der, og hadde styring over delar av byen. Så kom da IS, som ei tredje ennå meir ekstrem jihad-gruppe, og slo seg ned i fjor - det var ved Syrte at dei halshogde 21 egyptiske fremmedarbeidarar i fjor.

Misrata-militsen har slik komme i hard strid med IS. Kampane mellom dei har vart i fleire månadar, og det er altså mot dei at IS nå tok kontroll over flyplassen der. Da er vi altså komme til tre partar i denne borgarkrigen: Tobruk-regjeringa med sine interne motsetningar, Tripoli-regjeringa med Misrata-militsen som sin hær, og IS som er mot alle dei andre. Det kan vi vikle hovudet vårt rundt. Men så er det altså noen fleire forviklingar.

For det første er Misrata-militsen begynt å bli grundig lei politikarane i Tripoli, altså sine eigne, og dei andre mindre militsane som held til der. Det går på forsvaret av Syrte, Misrata ba om forsterkingar frå Tripoli, men fekk det ikkje, og meiner dei vart ståande åleine og defor tapte. Som namnet antydar, er Misrata-militsen eigentlig mest interessert i interessene til sin eigen by, som dei meiner er eller bør vere dominerande i landet, og Misrata ligg jo mellom Syrte og Tripoli, som vi ser av kartet, det er ikkje lang veg mellom Syrte og heimbyen deira. Men når det gjeld kva politikken i dette er, er rapportane motstridande.

FNs fredsforsøk
Dels kan det gå på det samme som i Tobruk, hardliners mot forsonlige. FNs utsending Bernardino Leon har i mange månadar prøvd å få til fredssamtalar mellom dei to regjeringane, og har støtte frå vestlige regjeringar i dette (mens nabolandet Egypt og andre arabiske land står hardt bak Heftars militære line om å "knuse" Tripoli-gruppa). I begge leirar er det politikarar som er sympatiske til dette, det er openbart at konflikten skadar begge partar, ikkje minst sidan den heilt viktige olje-eksporten har nesten stansa opp. Men på begge sider er desse forsøka blitt sabotert av militsane, i aust av Heftar, i vest har det vore Misrata-militsen som har vore rekna som dei mest harde.

Men nå får vi rapportar om det motsette. Kampen mot IS har satt Misrata-gruppa på ei hard prøve, og dei har faktisk bedt om, og fått våpenkvile frå sine andre motstandarar, både på fronten mot aust, og frå Tobruks allierte militsar i vest (dei fins også), for å kunne samle seg om å slå IS. Slik skal Misrata (nå?) vere villige til å støtte ein fredsframstøyt overfor Tobruk-alliansen, mens det skal vere meir ideologisk "harde islamistar" i Tripoli som motsetter seg det - altså, politikarar og ikkje militsane slik vi først hørte.

Islamistane
Og her er det altså også forvirrande kva rolle islamistar spiller i dette. Heftar spesielt og Tobruk generelt er klare sekulære, og reknar alle på motsatt side som islamistiske terroristar utan noen gradsforskjell - noe som må gjere kampane i Syrte vanskelige å forklare. Men det er klart at Tripoli-regjeringa brukar islamistisk retorikk, og må reknas som i hovuddraga islamistar, sjøl om det nok også fins meir sekulære straumdrag der, og dei bør reknas mellom dei meir moderate islamistane. Kor mye innverknad Det muslimske brorskapet i Libya har i dag er uklart, men dei er iallfall med i Tripoli-alliansen "Libyas daggry".

Misrata-militsen arbeider altså primært for sin eigen by, men har vore med på det islamistiske kjøret. Men dei skal altså begynne å meine at nok er nok, og markere avstand til meir ideologiske grupper i hovudstaden.

Men så har vi jokaren, som vi ikkje har sett korleis dei har stilt seg i Syrte: Den andre, og større jihadist-gruppa Ansar al-Shari'a. Det var dei som slapp IS inn, det er dei som først og fremst kjemper mot Heftars hær i Benghazi, og dei skal ha band til al-Qa'ida (IS sin rival), men det er uklart kor stramme linene der er. Men dei har også band til Tripoli-regjeringa. Igjen uklart kor sterke band - dei står jo ideologisk for eit langt hardare jihadist-syn. Det kan vere berre rein arbeidsdeling: felles fiende i Heftar, der Ansar tar seg "Benghazi-fronten" mens Fajr Libiya tar seg av kampane i vest. Uansett har det vore kontakt og kanskje også samarbeid. Men forholdet til IS og Syrte kan altså tvinge fram at dei må ta stilling mellom IS og Tripoli.

Mye av dette er uklart rett og slett fordi vi ikkje får gode rapportar ut av landet, bedre førstehandskunnskap hadde kunne skilt gjetning frå analyse. Men det kan også vere fordi frontane faktisk er uklare, og idelogiane er mindre viktige enn vi trur, at det er maktkamp og strategi på bakken som teller, ikkje parolar om islamsk styre. Iallfall: Større internt kaos både i aust og vest ser det uansett ut til å vere. Men at det fins krefter, kanskje sterke krefter både i aust og vest som faktisk ser for seg ei samling av gode krefter i begge landslutar, og signala om at ein våpenkvile mot felles fiende i IS faktisk har funne stad, er lyspunkt som optimistar kan feste auga på.

fredag 24. april 2015

Armenia 1915

I dag, 24. april er hundreårsminnet for starten på massedrapa på armenarane i Det osmanske riket. Det har starta opp att debatten om korleis ein skal karakterisere desse hendingane. På ein historisk orientert blogg er det vel naturlig også å kommentere det, sjøl om eg ikkje skal påstå meg noen spesialkompetanse på akkurat denne perioden.

Eitt spørsmål er om historiske debattar bør vedtas juridisk eller politisk. I Frankrike er det straffbart å ha ein bestemt analyse av hendingane (å meine det ikkje kvalifiserer til begrepet "folkemord"), og anerkjente historikarar på perioden, som nå avdøde Giles Veinstein og Bernard Lewis er blitt dømt til bøter for å hevde dette. Lewis er politisk aktiv og kontroversiell, men akkurat dette, moderne tyrkisk historie er faktisk det han har forskingsbakgrunn i. Historias domstol bør bemannas av historikarar, ikkje av juristar, og eg ser heller ikkje kvifor statar som Norge eller andre skal politisk "vedta" ein slik historisk konklusjon.

Folkemord
Når det er sagt, så ser eg heller ikkje noe problem historisk sett med å karakterisere det som eit "folkemord". Før 1915 fans det ei ganske stor armensk folkegruppe i Anatolia (sentralområda av det osmanske riket). I 1918 fans det ikkje ei slik gruppe. Det kvalifiserer først til begrepet etnisk reinsing. I tillegg veit vi at store delar av folkegruppa ikkje berre vart fordrive, men drept, i systematiske og omfattande massakrar over lang tid, til synes på ganske lik måte i alle landsdelar: kvinner og barn vart marsjert til deportasjon, mennene vart tatt til sides og skotne. Mange og truverdige vitnesbyrd viser også at sjølve fordrivinga hadde karakter av dødsmarsjar, der målet var at dei fordrivne skulle døy på vegen. Vi kan knapt ha noen definisjon av folkemord som ikkje omfattar slike hendingar. Målet var at armenarane skulle opphøre å eksistere, og middelet var drap.

Debatten om dette er riktig ordbruk går da også på jus, ikkje på historie: om når definisjonen vart juridisk verksam og så vidare, og det kan vi godt overlate til juristane. Eit drap er eit drap sjøl om det ikkje kan pådømmas "etter bevisets stilling". Det historiske elementet i den debatten er om massedrapa på armenarane var sentralt planlagt av myndigheitene eller ei. Og her når vi eit felt der eg ikkje kan påberope meg særlig kunnskap, utover nettopp dette tydelige at drapa og massakrane var så omfattande, og metodane såpass like at det verkar vanskelig å forstå at dei ikkje var koordinert på noen måte. Eg tar sjansen her på å bygge på Eugene Rogan (han med Araberne) si nylig utkomne bok, The Fall of the Ottomans: The Great War in the Middle East. Han skriv, på basis av vitnemål i rettssakene som kom etter verdskrigen, at det var ei gruppe i toppleiinga av ungtyrkarane i Istanbul rundt Talat Pasha som planla den systematiske utryddinga. Men ordrane vart formidla muntlig til offiserskorpset, slik at vi ikkje vil finne noen skriftlige dokument. Debatten kan kanskje stå om desse vitnemåla frå 1918 utgjer "a smoking gun", men denne framstillinga virkar iallfall såpass logisk ut frå dei ubestridte resultata at ei slik forklaring godt kan forklare systematikken i massedrapa.

Politiske og religiøse motiv
Men kvifor? Tyrkarane peiker på at hendingane var eit resultat av verdskrigen som raste. Det er opplagt rett, osmanane var på defensiven, men det er ikkje heile svaret. Armenarane hadde vore utsatt for massakrar også før krigen, på 1890-talet. Vi må heller sjå osmananes reaksjon i perspektiv av at riket gjennom heile hundreåret følte seg pressa av Russland i nord. Russarane framstilte seg som dei kristnes bergingsmenn, og sultanen var redd russarane skulle ekspandere vidare sørover mot dei armenske områda i aust-Anatolia. Armenarane reagerte naturligvis på desse pogromane, og mange kom til å vente på berging frå dei framrykkande europeiske maktene. Då dei allierte stod ved Gallipoli, var det armenske gledesdemonstrasjonar i Istanbul. Dette styrka igjen mistanken hos ungtyrkarane, som Rogan seier hadde ein nesten paranoid frykt for at armenaranes opposisjon skulle føre til ei oppdeling av riket - det var trass alt berre eit mindretal av armenarane som var politisk aktive. Men dermed starta deportasjonane og massakrane, og det utløyste igjen ein armensk oppstand, der opprørarar tok kontroll over byen Var heilt aust i Anatolia. Russiske styrkar rykte så fram dit og tok byen.

Det var altså reelle kampar der armenarar tok til våpen, så langt skiller seg dette frå det seinare jødiske holocaust. Men dette hadde openbart ikkje eit omfang eller oppslutning at det kan forklare (enn si rettferdiggjere!) intensiteten i å ville utrydde eit heilt folk. Den armenske motstanden var heller utløyst av dei første massakrane og massedrapa som dei vart utsett for. Folkemordet må meir enn krigshandlingar sjåas som eit endelig oppgjer som har djupare røtter.

Og her kan ein ikkje unngå å sjå ein religiøs dimensjon. Ikkje berre religiøs, for også den store greske folkegruppa var kristen, og også den vart fordriven. Men det utløyste ikkje samme typen massedrap, dei vart berre bortvist til Hellas, sidan det altså fans eit land å vise dei ut til. Armenarane hadde ikkje det, og måtte da døy. Det samme gjaldt andre grupper som også vart utsett for massedrap på samme tid, som 250 000 assyriske kristne (som gjerne blir oversett i skuggen av dei langt fleire armenske offera) som også vart massakrert.

Men når dei tyrkiske (og kurdiske!) bødlane forklarte og forsvarte morda overfor sine eigne og til offera, fortel vitnesbyrda om at dei brukte ein reint religiøs tankegang: dei kristne fortente å utryddas, og muslimane måtte overta den plassen dei hadde. Russarar og andre fiendar brukte jo også religiøse argument for sin kamp mot tyrkarane, men likevel må det armenske folkemordet sjåas som trulig den største religiøse og anti-kristne pogromen i heile islams historie - iallfall i omfang, kanskje også i villskap og systematikk. IS blir småguttar i sammenligning, og vi kan knapt finne make i dei harde stridene i tidlig tid eller korsfarartida, sjøl om brutale massedrap nok ikkje var uvanlig den gongen heller. Men halvannan million er eit stort tall, også i det lange perspektivet. 

Dette er tungt å høre for tyrkarane, som det sikkert også er for andre muslimar å erkjenne at denne svarte historia hører til islams historie. Men eit hundreårsskifte er eit høvelig tidspunkt for å overføre denne historia nettopp til historia, å godta ei utsoning og så gå vidare. Men før ein kan gjere det må denne generasjonen fri seg frå skulda ved å erkjenne den. Det har det offisielle Tyrkia ikkje vore villige til. Optimistisk blir det rapportert at fleire yngre tyrkarar og kurdarar er meir villig til å ta det steget. Vi får håpe det etter kvart også kan bli fleirtallets syn, det er ikkje viktig berre overfor dagens armenarar (og kanskje opne opp for samtalar om det som i dag er eit reelt problem mellom dei, Nagorno-Karabakh), men også for å kunne ta ei open og avpolitisert haldning til si historieskriving generelt.

onsdag 22. april 2015

Jemen, Qa'ida, IS: Territorie og stat?

Siste frå Jemen er altså at Saudi-Arabia med allierte har gitt opp bombeangrepa mot Houthi-styrkane. Kvifor er ikkje klart ennå, men New York Times melder at USA har lagt press på Saudi for dette, og ønskar ei forhandlingsløysing. Saudi har også lova Jemen stor midlar om dei får til ei forhandlingsløysing.

Under dekke av denne store konflikten mellom houthiar og Saudi, så er det ei heilt anna utvikling som har gått noe uforvarande forbi: For tre veker sidan tok styrkar frå al-Qa'ida (AQAP, som den lokale greina blir kalla på engelsk) over havnebyen Mukalla. Dei skal ha vore allierte med lokale stammestyrkar, mens andre stammar i området har fleire gonger prøvd å ta byen tilbake, men utan å lykkas. Tvert om har Qa'ida konsolidert seg ved også å ta styring med ei mindre oljehamn fem mil lenger aust, al-Shihr.

Kva er så spesielt med det, i det jemenske kaoset? Vel, i oppsummeringa mi over konflikten i Jemen for tre veker sidan, gjekk eg kjapt over Sør-Jemen, som om det var eit samla land. Det er det ikkje, også denne tidligare republikken er delt i (minst) tre ganske ulike regionar: For det første Aden, som er ein gammel havneby velkjent av sjøfolk og prega av britisk styre, så landområda rundt - viktigast er Abyan og Lahj, som også er prega av det britiske kolonistyret.


Aust for dette ligg det store området Hadramawt - som egentlig stikker nord om "Nord-Jemen" - som alltid har vore marginalt, i stor grad ørken eller ødemark. Det vil si, marginalt i forhold til Jemen, men eit viktig handelssentrum med intense nettverk over heile det indiske hav. Men det er ei anna historie. I forhold til konfliktane i det øvrige Jemen både nå og tidligare, har Hadramawt stort sett halde seg på fornem avstand og blanda seg så lite som mulig, og i stor grad også fått vere i fred. Til nå. For Mukalla er altså den største byen i Hadramawt, og den femte største i Jemen.

Det viser altså at Qa'ida har vore i stand til å styrke og spreie seg i Jemen. Deira base før har vore i Abyan, vest i sør-Jemen. Tidligare vart også anti-houthi-militsar i Marib lenger nord kopla til al-Qa'ida, men dei ser nå ut til primært å vere lokale stammar.

Jihadistiske territoriar
Men det at AQAP nå faktisk kontrollerer ein by av ein viss størrelse er påfallande, det har dei ikkje gjort før, og det er ganske nytt i Qa'ida i det heile (om vi ser bort frå Shabab i Somalia, som slutta seg til Qa'ida under kampen sin). Det er spørsmål om dette er ein strategi frå Qa'ida, som jo er i hard rivalisering med IS. Her kan nettopp spørsmål om territorium komme til å bli det viktigaste området for rivalisering, meir enn kven som kunne lage store spektakulære terrorangrep i Vesten, som jo ikkje IS har markert seg så sterkt på. I staden ber dei sympatisørar "komme for å bygge opp det ekte muslimske samfunnet" i Irak og Syia.

Om Qa'ida nå prøver å kontre dette med å lage sitt eige "idealsamfunn" i Jemen eller andre stader, gjenstår å sjå. Dei første rapportane frå Mukalla tyder eigentlig ikkje på det, dei ser ut til å ha overlatt til dei allierte lokale stammane å styre byen, og held sjøl ein låg profil og står for ytre forsvar. Men det samme sa dei første rapportane frå Mosul etter at IS tok den byen, så det kan vere ein overgang. Dersom Qa'ida-folka i Mukalla kjem frå stammar frå Abyan eller andre regionar, og det er det vel trulig dei gjer, vil dei nok bli oppfatta som fremmede i Hadramawt, ei "innflyttarplage" som vil styre over oss lokale, så dersom dei har langsiktige planar i området vil dei kanskje først rekruttere lokale tilhengarar som kan stå i kontakt med dei lokale.

Idealstat?
Dette bringer da opp kva denne evt. nye strategien frå jihadist-gruppene står for. Fleire forfattarar har lagt vekt på at vi må ta alvorlig dette med "stat" i IS sitt nå ganske omfattande og etablerte territorium, spesielt den italienske journalisten Loretta Napoleoni, som har skrive ei bok om dette. Hennar poeng er at IS nå må betraktas som ein fungerande, moderne stat uavhengig av deira unektelig barbariske ideologi og praksis. Dei har store inntekter, dei tar opp skatt av sine innbyggarar, dei fører rekneskap og opprettar statlige strukturar: deira prosjekt må reknas som nasjonsbygging rundt sitt kalifat, noe som er heilt ukjent i forhold til tidligare jihadist-grupper, og meir systematisk enn t.d. Taliban som jo også styrte ein stat, men etter stamme-modellen.

Dette blir følgt opp i ein artikkel av Andrew March og Mara Revkin i Foreign Affairs sist veke. Dei meiner IS ønsker å bygge ein rettsbasert stat. Vi må haste med å legge til: ikkje det vi normalt vil rekne som rett, menneskerettar, men ein religiøs rett, ein sharia-rett ut frå salafismens ideal om Profetens eksempel. Poenget deira er at IS tar dette alvorlig, og at deira hardhendte metodar ikkje er vilkårlig vald, men basert på rammer frå den klassiske shariaen. Den er da heilt fråkopla seinare jus, slik at for dei er t.d. slaveri ein uproblematisk juridisk kategori, sidan det var det på Profetens tid og seinare i middelalderen. Men slaveriet må haldas innanfor dei juridiske rammene som shariaen på den tid stilte opp.

Forfattarane vil derfor neppe godtas Napoleonis begrep "nasjons-bygging", sidan det ikkje er ein nasjonalstat, men eit faktisk kalifat IS prøver å bygge opp. Dei avviser derfor kodifisering av sharia-lovene sine, og overlet utlegning av desse til dommarane, altså "qadiens ijtihad", som det heiter teknisk. Dette er i parantes bemerka også offisiell jus i wahhabisk (saudisk) tenking, saudiane er ikkje bunde av hanbalisk lov slik det ofte blir sagt, dommarane kan fritt gå til openbaringskjeldene - men endar i realiteten nesten alltid på hanbali-skulens konklusjonar. Og IS har altså eit rettsapparat, i følge forfattarane: dei skiller på klassisk vis mellom shari'a-domstolar (qadi-domstolar) og statsdomstolar (mazalim) som styrer etter siyasa shar'iya, statens rett til å dømme i tråd med samfunnets velferd. Dei kan dømme ikkje berre dei sivile innbyggarane, også IS sine eigne soldatar kan straffas av desse domstolane for overgrep mot sivile. Også når det gjeld jord og territorium, så legg IS stor vekt på å bygge opp juridiske rammer for når dei tar over lokalt land, ut frå samme (før-moderne) shari'a-basis.

Dette, meiner forfattarane, er grunnlaget IS rekrutterer tilhengarar på: Eit klart, religiøst og velordna alternativ, modellen for det gode islamske samfunnet som alternativ til det rotlause livet rekruttane lever under i sine nåverande land.

Dette gir interessante innblikk i korleis IS tenker og presenterer seg, men det er fortsatt uklart i kva grad dette er idealisert propaganda og i kva grad dei faktisk prøver og er i stand til å realisere denne sharia-drømmen. Det er ikkje vanskelig å finne klare eksempel på IS-brutalitet som dei skryter av og propaganderar, som ikkje bygger på noen slags sharia-behandling, men er reint vilkårlig. Noen slike har også ført til indre strid mellom dei som tar sharia-tanken alvorlig, og dei meir brutale - mest tydelig hevndrapet på den jordanske piloten, som fleire i IS skal ha protestert på og blitt henretta av den grunn. I slike ueinigheiter ser det generelt ut til å vere dei brutale "opportunistane" som vinn og dei som tar ideologien alvorlig som tapar. Mange avhopparar fortel også om det dei føler som svik mot dei ideala som tiltrakk dei, og at ikkje minst brutale "fremmedkrigarar", mange av dei med kriminell bakgrunn, kjem i konflikt både med lokale folk, og med IS sin propaganda. Men samtidig må ein rekne med at denne propagandaen er tiltrekkande både på dei som kan tenke seg å reise, og dei som blir verande i "staten" og ikkje opplever slike svik. Derfor er det nok grunn til å ta dette alvorlig, ikkje berre avvise det som "middelaldersk barbari", men prøve å vise tvilarar kvifor det ikkje fungerer eller kan fungere, og kva som er det bedre alternativet.

søndag 19. april 2015

Islam og venstresida igjen

Først må vi uttrykke lettelse for at vår kollega Raymond Lidal, som tidligare har bidratt på denne bloggen, nå er sikkert ute av fangenskap. Han vil sikkert, når den tid kjem, kunne gi viktige bidrag til vår kunnskap om Jemen.

Så til dagens tema. Utanriksforskaren Atle Toje avlegg i ein gjestekommentar i Bergens Tidende i dag, "Vi som hatet Vesten", ein visitt til: "Hvorfor har så mange islameksperter politisk tilhørighet på den politiske venstresiden?" Han nemner to som viser "en manglende skepsis mot islamisme som har behov for å bli forklart". Ei litt kronglete formulering, men han meiner vel at islamforskarar burde vere skeptiske mot islamisme, og at ein må jakte på grunnar til at dei ikkje ser ut til å vere det.

Han går seinare over til å snakke om den politiske venstresida generelt og "norsk bistandstenkning" og forlater det akademiske. Men dette blir jo hevda med jamne mellomrom, spesielt frå det ein kan kalle islamkritiske kretsar, så det kan vere grunn til å reflektere litt over det.

Venstre- og høgreforsking?
Først dette med venstresida og islamforsking. Vi hører det i litt ulike avtapningar, også at norske samfunnsforskarar generelt og f.eks. norske journalistar, skal vere dominert av folk som stemmer til venstre. Eg har ikkje tatt noen gallup hos mine kollegaer, men legg til grunn at vi har folk både frå det politiske sentrum og til høgre mellom dei, sjøl om det nok kan vere truverdig at, som hos journalistar, så står venstresida sterkare enn høgresida. Spørsmålet - som Toje ser ut til å ta for gitt, overraskande for ein utanriksforskar - er om dette da betyr at vi er politikarar i vår forsking, at vår forsking og resultata av dei er dirigert av kvart vårt politiske ståstad, og ikkje omvendt eller at dei to livsområda er autonome frå kvarandre.

Dersom det er slik at det i det heile finnes forskarar frå sentrum eller høgresida i Norge, så ville vi da få ei politisk delt forsking: Dei på venstresida driv venstrepolitisk forsking, dei på høgresida driv høgrepolitisk. Det har eg vanskelig å få auge på hos dei som driv med islam og Midtausten. Når vi samtalar over kaffen, kan nok ulike politiske oppfatningar komme til uttrykk, men i vår forsking og publikasjonar virkar vi ganske samstemte. Det finnes unntak, Lars Gule er t.d. ein filosof som har markert ein klart alternativ ståstad. Men han reknar seg nok til venstresida, blir angripe i islamkritiske fora, og har stilt seg avvisande til den typen generell kritikk som Toje framfører mot fagmiljøet: Han klarer å skille mellom forskinga og dei politiske konklusjonane ein trekker av den.

Faglige og normative utsegner
Det samme ville eg gjere. Toje trekker fram at Sveriges utanriksminister skal ha sagt at sharia-lovenes straffer "har ingen ting med islam å gjøre". Dét ville vore ein oppsiktsvekkande påstand, som må i så fall reknas som ein forsnakkelse eller kunnskapsløyse. Men vi hører ofte frå muslimar at IS sin brutale praksis er i strid med islam. Dette er normative utsegner som må forståas som at "eg ønsker ikkje at islam skal inkludere den typen brutalitet". Men det er openbart ikkje noen faglig påstand, og det er opplagt at IS sin ideologi og praksis "har med islam å gjere". Det faglige ligg her i å motsi påstanden om at islam må vere slik, at det er ein uomgjengelig voldelig essens i islam, islam utan vold er ikkje islam. Det er ein faglig debatt om essensialisme og grensene for kva ein kan kalle "islam". Noen kollegaer kan formulere det meir normativt som at IS driver "misbruk" av islam, eg vil nøye meg med å si at det er bruk av islam. Her kan det ligge ein nyanse. Men eg ser ikkje noen venstre-høgre-dimensjon i den nyansen.

Liknande nyansar kan det vere i synet på t.d. den parlamentariske islamismen (Brorskaps-tradisjonen). Eg prøver nok sterkare å få fram at innhaldet i denne tradisjonen ikkje er liberal, men kjønna (skilte kvinne- og mannsroller), moralsk kritikk av liberale kulturformer osv., slik at dei ikkje kan settas likt europeiske kristendemokratar i politisk innhald, sjøl om dei har akseptert det parlamentariske systemet. Dette er det nok semje om mellom forskarane, men noen kan vektlegge det litt annleis i formidlinga, og prioritere å motvirke uempiriske skremselsbilder, noe som også er viktig å få fram - ikkje eit skille i forståing, men i vektlegging og formidling. Eg brukar sjøl ikkje begrepet "islamofobi", men forstår kva andre forskarar legg i det, og ser at slike overdrivent negative syn på islam faktisk finnes i samfunnet.

Globale motsetningar eller lokal empiri
Heng noe av dette sammen med politisk venstreside? Som sagt, eg kan ikkje sjå det i vår faktiske forsking. Men det er jo riktig t.d. at i ein generasjon, på 1970-tallet, så var det mange som fekk interesse for Midtausten på grunn av Palestina-spørsmålet (min eigen generasjon er noe eldre, og kom til området via Afrika). I Palestina-spørsmålet var det derfor lenge ein klar og lett forståelig forskjell mellom Midtausten-forskarar og det allmenne politiske miljøet. Men her har altså den allmenne politikken svingt i dei tiåra som har gått, slik at forskarane nok ikkje skiller seg så mye ut lenger. Og dette ser ikkje ut til å ha vesentlig betydning for synet på islamisme. Om det er ein slik rekrutteringssak til islamforsking i vår generasjon, kunne det kanskje vere forholdet til innvandrarane, og som vi veit går ikkje dette langs den tradisjonelle venstre-høgre-aksen, sjøl om det jo er eit høgre-element også her, som i Palestina-spørsmålet.

Det som skiller forskarane ut, er nok heller lokal empirisme, at vi tar utgangspunkt i situasjonen i området meir enn i store overgripande ideologiar.

Og her kan eg slutte meg heilt til Tojes kritikk av venstresida: Tanken om at det alltid er USA sin feil. Det er det ikkje - heller ikkje nødvendigvis USAs forteneste om det går bra. Det er ein sterk tendens for alle som primært tenker politisk, og ganske tydelig på venstresida, til å sjå lokale konfliktar gjennom globale brilleglas: Dersom USA er involvert, så er det dei som bestemmer alt som skjer - og det er følgelig deira feil når ting går skeis. (Og om dei ikkje er involvert, så er ein heller ikkje spesielt interessert i konflikten.) Store gobale makter har openbart betydning, men i ein lokal kontekst som dei oftast ikkje kontrollerer og som overstyrer resultatet. USAs vilje til inngrep bør heller sjåas på som ein ressurs som lokale krefter kan bruke som best dei kan. Det er ikkje alltid olje som ligg bak. Det er mye oftare maktkamp mellom lokale krefter som er det avgjerande. Dette er også ofte ein grunn til å vere skeptisk til utanlandsk inngriping i ein lokal konflikt: Deira evne til å påvirke det endelige resultatet er ofte langt mindre enn dei ambisjonane dei kjem med. 

Men her er det nettopp islam- og Midtaustensforskaranes perspektiv som kan leggas til grunn og forklare kva rammer politikarane realistisk kan ha.