Umayyade-moskeen før og etter: finn ein feil |
Gass eller ikkje gass
Syria er elles i nyheitene desse dagane med eit meir flyktig stoff: Er det brukt gass eller ikkje, og i så fall av kven? Det mest rimelige er nok å følge Jan Egeland frå Human Rights Watch: Det finnes ikkje noe bevis for noen ting, frå noen kant. Ingen har handfaste prov, berre vitnemål ofte av relativ upresis art eller uklare bilder som kan tolkas på ulikt vis. Det kjem også ulike fortellingar frå ekspertar i Vesten. Britiske kjelder meiner dei har bevis for bruk, og Obama har komme ut og sagt det motsatte av Egeland: vi veit det er brukt gass, vi veit berre ikkje av kven og i kva omfang. Det er da også komme meir enn berre ein slik påstand, i dei siste par vekene er det rapportert opp mot eit tital ulike tilfelle av noe som minner om gass brukt mot enkeltpersonar, både frå sør og nord i Syria. Bilder viser fråde og andre tegn på kjemiske agentar.
Franske eksperter er likevel meir skeptiske, og peiker på at dei gassane vi snakkar om, sennepsgass og sarin, er vanskelige å kontrollere og spreier seg lett. Om dei faktisk er brukt, vil dei mest trulig ramme langt fleire enn dei to-tre ofra som er rapportert frå kvar stad. Dei symptoma som vi har sett kan heller tyde på at styresmaktene eksperimenterer med å legge ekstra kjemiske stoff i f.eks. tåregass for å bedøve og kontollere heller enn å drepe. Sjøl om det er "kjemisk" - det er vel tåregass i seg sjøl - så vil det ikkje kvalifisere til "masseødeleggingsvåpen", meiner franskmennene som nå er meir tilbakehaldande enn britane.
Vi utan spesialkunnskap kan ikkje avgjere, i slike tilfeller flyt "ekspertisen" lett rundt på alle kantar. Men vi ser jo at dette er politikk, og dét er det mulig å observere. Grunnlaget for alt dette er naturligvis Obamas "raude line", som han nok angrar på at han formulerte. Det opnar for spekulasjonar om politiske motiv for kvar part for å bruke eller ikkje bruke gass.
For opprørane, som jaktar på internasjonal støtte særlig frå USA, vil det slik få store positive ringverknader om Obamas raude gass-line blir overtrådt. Regimet skuldar dei derfor for å ha arrangert gass-episodane. Det treng dei ikkje ha gjort, men det er rimelig å rekne med at dei er meir ivrige i å rapportere om akkurat dette, dei har mye å tene på det dersom det skulle vere sant og få USA til å gå inn.
For regimet er det omvendt, dei har mye å tape på amerikansk intervensjon, og ein ville derfor vente at dei nettopp ville respektere denne "raude lina" (det er jo derfor Obama kom med den advarselen). Kan dei likevel ha trådt på eller over lina? Noen spekulerer i om dette kan vere "brinkmanship", at Assad trur at USA ikkje vil gå inn uansett - det er jo openbart at det er ganske liten entusiasme både hos Obama og hos amerikanarane for eit nytt Midtausten-eventyr. Assad kan derfor ha prøvd å stresse grensene for å sjå kor langt han kan gå, og kanskje påvise at USA er ein "papirtiger" utan tenner. Men alt altså berre dersom det faktisk er noko hald i gass-skyene.
al-Qa'ida i Syria?
Mens gass er opprørets retoriske trumfkort mot regimet, har regimet fått ei gladmelding frå opposisjonen: den irakiske al-Qa'ida-gruppa erklærte at opprørsgruppa Nusra-fronten nå var underlagt dei og al-Qa'ida. Er det noe Vesten frykter meir enn gass, så er det al-Qa'ida. Der ser de, kroar regimet: vi hadde rett heile tida. Dette "opprøret" er berre utanlandske jihadist-terroristar.
Nå gjekk leiaren av Nusra-fronten raskt ut og bad irakarane ta det med ro i bakkane: Dei hadde slett ikkje tenkt å legge seg under noen irakisk sentral, dei har sin eigen kamp i Syria. Men noe realitet er det jo i dette likevel.
Opprøret i Syria har alltid vore sammensatt av mange ulike og sjølstendige grupper, og det er ganske uoversiktelig utanfrå. Men det ser ut til at vi kan snakke om (minst?) tre kategorier grupper mellom dei som kjemper:
- For det første, den mest kjente alliansen av militsar som reknar seg som del av den "Frie Syriske Hæren" (FSA på engelsk). Det er dei som blir kalla "opprørane" i vestlige medier, og dei er openbart ein viktig, kanskje den viktigaste kompontenten. Den er på ingen måte samla, og uttaler frå "leiarar" i FSA må tas med ei klype salt, dei fleste av militsane der er enten heilt autonome eller samarbeider først og fremst lokalt. Politisk spenner dei frå liberale og sekulære til islam-orienterte grupper, mange er tiltrukke av det Muslimske Brorskapet i Syria, som var fråverande inne i Syria under Assads hardstyre, men nok har klart å få noen basis i landet nå. Dei fleste er nok likevel lokale utan noen klar ideologisk profil bortsett frå ei meir eller mindre vag tilslutning til islam.
- Mange islamistiske militsgrupper rekner seg ikkje som del av FSA, og avviser både eksilleiinga i det Syriske Nasjonalrådet (og tildels også den større Koalisjonen, som nå ser ut til å vere dominert av Nasjonalrådet igjen). Mange av dei blir finansiert av Qatar og Saudi-Arabia (som også finansierer FSA-grupper?), og politisk blir dei gjerne rekna som salafistar, altså strengare enn "Brorskaps-islamismen" vi finn i FSA, og kanskje også enn dei meir spontane islam-orienterte militsane - men dette må ein nesten vere på bakken for å få klar oversikt over.
Og så har vi altså den største og viktigaste salafistgruppa, som er Jabhat al-Nusra (eig. "Støttefronten", men namnet spiller trulig på støtte til eller frå Gud). Så langt vi kan sjå, så er det rett at initiativet til fronten kom frå Irak og gruppa "Den islamske staten Irak", som er namnet på irakisk al-Qa'ida. Dei vart da også kjent med samme type aktivitet som al-Qa'ida i Irak, med bombeangrep i Damaskus som også ramma sivile i regjeringskontrollerte områder. Men gruppa har endra strategi til å bli ei regulær militsgruppe som kjemper på samme måte som FSA og andre for å vinne og utvide kontroll over områder i ulike delar av Syria. Dei har hatt stor suksess, og kan trulig måle seg med FSA i styrke og er langt bedre strukturert og organisert. Ikkje minst blir dei kreditert med den viktige seieren i byen Raqqa i Eufrat-dalen aust i landet for noen månader sidan. Slik sett har Nusra vokse seg til å bli noe anna og meir enn sitt irakiske opphav, og er i dag langt sterkare og viktigare enn den irakiske Qa'ida-gruppa. Når dei siste nå prøvde å hevde sin opphavsrett, vart det nok derfor ikkje minst oppfatta som veslebror som ville ta styring med sin mektigare og viktigare storebror.
Ideologisk er det likevel ingen og liten forskjell: Nusra ser ut til å stå på Qa'idas ideologiske grunnlag, slik som irakarane, og dei erkjenner Ayman al-Zawahiri (som sit isolert kvar han no er i Afghanistan eller Pakistan) som sin inspirator. Men i strategi har denne syriske gruppa slått inn på ei heilt anna line. Mens Qa'ida i Irak sloss like mye mot rivalar som mot amerikanarne, er Nusra-fronten heilt klar på at våpna berre rettas mot regimet, og dei kjemper side med side med, og ikkje mot, FSA og dei andre militsane. Derfor, og på grunn av sine klare sigrar, har dei stor respekt hos opprørane. Dette har ført til at mange aktivistar er trukke til Nusra, og det har nok igjen endra fronten og gjort den breiare og meir "nasjonal" (det har også trukke utlendingar, ikkje berre Qa'ida-sympatisørar men også andre "aksjon-hungrige" nettopp til Nusra, derimellom norske, og det ser ut til at Nusra har klart å absorbere og organisere dette internasjonale innslaget). Nusra virker slik strategisk som meir moden enn andre Qa'ida-avleggarar, og kan såleis bli både viktigare og potensielt farligare enn dei andre fragmenta av denne jihadismen - men så langt ser det altså ut som om Nusra, ulikt Qa'ida sentralt, er heilt fokusert på den nasjonale syriske kampen og ikkje på den globale jihad.
Mareritt for USA: Alternativet til Assad kan bli eit regime dominert av Qa'ida (eller sympatisørar). Men kor stor fare er det for det? Vel, for det første ser det ikkje til å vere noen ende på krigen; om noe har regimet hatt noe framgang i dei siste vekene og står slett ikkje foran undergangen - intet nytt frå Vestfronten virker meir som ein historisk parallel. Men la oss si at Assad-regimet plutselig forsvinn, kva skjer da?
Nå har forholdet til FSA og andre har slett ikkje vore utan gnissingar. I dei områda der Nusra har kontroll, har dei prøvd å sette sitt merke med sine litt sære tolkingar både av politikk og shari'a, som har vekt motstand. Spesielt har kampen om flagget ført til protestar og nesten trefningar: Nusra vedkjenner seg ikkje det kjente grønne, kvite og svarte opprørsflagget som FSA og andre brukar. Dei vil ha eit islamsk kalifat, med eit reint svart flagg. Derfor har Nusra-folk rive ned FSAs syriske flagg og heist sitt eige, mens dei andre har gjort det motsatte. Det har også vore rapportar om krangel og slåssing rundt tiltak Nusra har prøvd å gjennomføre. Dette er urovekkande for den breiare opposisjonen, sjøl om dei offisielt prøver å halde samla front og kan kritisere Nusra for ekstreme kampmåtar (sjølmordsbombar) men like fullt erkjenner dei som ein sentral del av motstanden. Det er likevel relativt tydelig at det berre er kampen mot Assad som held dei to frå å barke sammen. Skulle dette også vere situasjonen når Assad evt. fell, er det liten tvil om at vi vil umiddelbart få ein borgarkrig mellom Nusra og FSA (og deira støtter), sidan deira mål for Syria kan ikkje foreinas sjøl på kort sikt. På den andre sida; kampen forandrar også aktørane. Som nemnt har Nusra trukke til seg mange ut frå sin effektivitet mot Assad. Vil desse også bli "sosialisert" til å bli fullblods jihadistar i kamp mot rivaliserande islam-orienterte og islamistiske grupper i FSA? Eller vil Nusra over tid bli "nasjonalisert" og miste sitt jihad-revolusjonære preg (slik ein kan si Hizballah gjorde på 1990-tallet)? Eller vil tvert om salafistar utanfor Nusra og kanskje tilmed innanfor FSA trekke i motsatt retning, slik at dei blir til ein dominerande salafist-koalisjon (med eller utan Qa'ida-stempel) som vil overdøve både brorskapsfolk og gjenverande sekulære i FSA? Dette er det alt for tidlig å svare på, men det blir viktig å følge med. Og da har eg ikkje nemnt Israels angrep, som blir eit "side-show" til det som elles foregår i Syria: "Vi fordømmer den sionistiske krigserklæringa mot vårt land, men beklagar at vi er opptatt på anna hald akkurat nå og håpar vi kan komme tilbake til dette seinare".
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar