Det konkrete var, som vi har sett i nyheitsmediene, at to framståande kandidatar vart nekta å stille i presidentvalet 14. juni: den tidligare presidenten Ali Akbar Rafsanjani, og presidentens stabssjef Esfandiar Mashaei. Begge har altså hatt høge postar i ayatollah-regimet, og står nær maktas sentrum. Men ikkje ein gong det var godt nok for Voktarrådet, som har makta til å godkjenne eller avvise kandidatar til president- og parlamentsvala.
Kven er da desse to, og kvifor vart dei stengt ute? Rådet grunngir ikkje vedtaka sine, men det siste er lettast å svare på, dei to stod i fare for å kunne vinne valet. Rådet godkjente kandidaturet til ein langt meir reformistisk kandidat, Muhammad-Reza Aref, men han er relativt ukjent og upopulær og utgjer liten fare for å bli velgarmagnet. Rafsanjani og Mashaei er også knapt noen store folketribunar som vekker massanes begeistring, men dei er iallfall så kjente at dei kunne bli fokus for ein reell valkamp som sist gong i 2009. Styret brente seg den gongen på dei store demonstrasjonane som satte Tehran i brann, og vil ha eit "kjedelig" val som ikkje fører til uro. Der ein av deira to-tre konservative favorittar tar seieren.
Ali Akbar Rafsanjani |
Kandidaten, den tolvte imam og Dommedag
Den andre uteslutta kandidaten, Esfandiar Mashaei (uttalas Mashâ-e-î med to lange vokalar), er meir ukjent i utlandet, men langt meir interessant i styrets indre gemakkar. Han er politisk parhest med avgåande president Ahmadinejad, og det var presidenten som pusha på for å få Mashaei som sin etterfølgar. Dette viser altså splittinga inne i det som vi har kalla "regimet" i Tehran, ei splitting mellom presidenten og "leiaren", Khamene'i, som har vart i fleire år nå, trass i at det var Khamene'i som pressa igjennom gjenvalget av Ahmadinejad i 2009. Så kva går det ut på?
Esfandiar Mashaei |
Dette setter dei straks i motstrid til dei tradisjonelle lærde. Men det virkar som det går mye lenger, sjøl om ein må bruke noe kjeldeskepsis: det er fare for å bygge for mye på negative tolkingar i iranske medier. I alle fall skal dei to høre til ei spesiell "låg-kyrkjelig" [låg-moskeelig?] og sterkt eskatologisk retning i shiismen, altså ei retning som meiner at Dommedag er nær foreståande, og med det er shiaenes skjulte 12. imam på veg. Enn meir, dei arbeider for å fremme imamens komme (og dermed Dommedag), og Mashaei skal hevde å vere i direkte kommunikasjon med den skjulte imamen, noe som er reint kjetteri etter shiisk teologi, imamen er skjult for alle. Men dette skal også vere grunnen til Ahmadinejad støttar så kraftig opp om Mashaei, det er slik ikkje klart kven som er leiar og følgar av dei to. At Mashaei skal ha sagt at "israelarane er våre venner [berre ikkje det fæle styret]" er meir skjellsord frå motstandarane enn signal om reell endring. Det samme er vel at to dusin i kretsen rundt han vart fengsla for "hekseri" for to år sidan.
Vi kunne altså knapt vente oss liberal reform frå den kanten, men det kunne kanskje ført til redusert spenning mot omverda. Uansett, det blir det altså ikkje noe av, når dei begge to er ute. I teorien kan Khamene'i omgjere utestenginga, men sidan alle jo reknar med at det er han som har gitt ordren om det, er det meir teoretisk.
Kvifor meiner så Monde at dette vedtaket er så dramatisk, Voktarrådet har jo luka ut reformistar frå kandidatlistane mange gonger før? Det er likevel mulig at balansen i styret nå har endra seg.
Slutt på dobbelmakta?
I omtale av den spesielle iranske styringsforma, har eg gjerne kalla det ei form for dobbelmakt. Khomeini lagde ikkje noe "prestestyre" i den forstand at den shiiske moskeen tok over som stat - dei høgaste lærde utanom Khomeini heldt seg, eller vart haldne, utanfor makta. I staden oppretta han to "maktpyramidar", ein ordinær og sekulær, med valgt parlament og valgt president, og ein religiøs og utpeikt mellom kvalifiserte lærde, ikkje valgt, med eit Voktarråd fylt av tradisjonelle ulama (ofte meir tradisjonelle enn Khomeini sjøl), og seg sjøl som Leiar (rahbar) på toppen. Dei skulle balansere kvarandre, slik at den ordinære stod for statsstyret, mens den religiøse heldt overoppsyn og sørga for at alt var i tråd med revolusjonstanken og korrekt islam.
Begrepet "dobbelmakt" er problematisk, for det stammar frå situasjonen i Russland etter bosjevik-revolusjonen, der ein valgt Duma (parlament) i ein periode styrte parallelt med dei nye statsorgana, sovjetane, som bolsjevikane stilte opp. Ei slik dobbelmakt er ei ustabil overgangsordning etter ein revolusjon, enten det gamle eller det nye systemet må vinne og bli det som styrer landet; i Sovjet vart altså dumaen oppløyst etter kort tid. Bruker vi samme ordet på den iranske revolusjonen, så er altså problemet at dobbelmakta vart permanent, den er her fortsatt over tretti år etter.
Det som ein nå kan spørre seg, er altså om "strukturen" likevel er i ferd med å hente seg inn igjen, og at dobbelmakta i Iran er i ferd med å bli ei enkeltmakt, der Leiaren tar meir og meir over direkte styring og parlamentet i større grad skal bli eit instrument i hans og Voktarrådets hender. I den retning kan peike mistanken om at Khamene'i ønsker å avskaffe presidentvervet og slik bli utvetydig statsoverhovud sjøl (med ein statsminister under seg?). At valet i år skal bli så "kjedelig" kan altså vere del av ein plan for å gjere både valet og stillinga irrelevant og dermed lett å avskaffe.
Men det er ikkje opplagt at det er mulig. Khamene'i kan nok bli statsleiar, men han må ha eit apparat for å styre landet. Voktarrådet er openbart ikkje kapabelt til det, det er eit sensurorgan og ikkje eit styringsorgan. Skal Khamene'i samle makta inn i éin pyramide, må han altså arbeide direkte med parlamentet, og meir og meir fungere som ein president sjøl, berre ein som ikkje er vald. Teknisk sett er han faktisk også sjøl vald, men av ei særlig valforsamling dominert av Voktarrådet, som han sjøl i hovudsak peiker ut, så det er ein grei sirkel. Men kva når tida og naturen tvinger fram eit skifte i Leiarstolen (Khamene'i er 74), vil da den neste bli meir og meir som ein ordinær president likevel?
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar