Ei av dei mest brukte overskriftene i media den siste veka, har vore "Who are the Yezidis?" Svara har vore ganske samstemte: Ei lite kjent religiøs gruppe av kurdarar i Irak, med element av både kristendom, islam, zoroastrianisme og folkereligion, av muslimar ofte kalt "djelvedyrkarar". Det er stort sett det vi får vite, nok grunna at dette er ei svært lukka gruppe som ikkje nett har vore aktive i å spreie kunnskapen om sin religion. Derfor er det også noe vanskelig å skille klart mellom fortellingar, rykter og faktisk kunnskap om denne religionen. Men vi kan prøve å dra fram noe av det vi veit om dei.
To hypotesar om opphav
Eit problem er at religionen deira bygde berre på muntlige overlevering fram til det siste hundreåret, først nå er deira heilage tekster blitt skriftfest. Derfor har vi ikkje klar kunnskap om opphavet deira. Men vi kan sjå to framstillingar: Det eine er at dei var ein eigen religion heilt frå før-islamsk og kanskje før-kristen tid, men som over tid har blitt noe påverka av desse to store religionane. Den andre er at det er ei opphavlig muslimsk gruppe som sprang ut av ein sufi-orden (sunnisk mystikk) trulig på 1100-talet, og som så under påverknad av kristendom og zoroiastriansme endra seg så langt at vi knapt kan sjå det islamske opphavet lenger. Trulig er det beste svaret ei blanding av dei to hypotesane. Problemet er at det får enorme konsekvensar for muslimars oppfatning, om dei oppstod før islam (og i form av ei "bok" eller "bodskap" frå Gud, likt jødar og kristne), eller om den oppstod etter islam, og som eit kjetteri frå den islamske læra. I det første tilfellet kan dei få samme aksepterte status som kristne og jødar, i det siste er dei fråfalne og har ingen plass i samfunnet. IS meiner openbart det siste, og handlar deretter.
Gud og engelen Malak Tawuse
I dag er dei iallfall klart å rekne som ein eigen religion, teologien ligg ikkje nærare islam enn den gjer zoroastrianisme eller kristendom, snarare tvert om. Det kan likne noe på gnostisisme, med to nivå i det guddommelige. Yazidiane har éin gud, Xodé (samme ordet som persisk Khod og europeisk God/Gud) som er ein god men fjern gud utan spesiell interesse for skaparverket og oss. Det blir tatt vare på av hans fem (eller sju) tenarar som blir kalla "englar", men som har status nær ein guddom og er dei som dei truande mest konkret tilber. Den fremste av dei blir kalla "Malak Tawuse" (i ulike stavemåtar), eller "påfugl-engelen". Kor mange andre slike erkeenglar som finnes og namna deira varierer, men Isa (Jesus) og Ezrail eller Cabrail (Gabriel) er ofte blant dei. Også Shaykh Hadi, som vi kjem tilbake til under.
Desse, og spesielt Malak Tawuse står i kontakt med vår verd, og kjem kvart tusenår for å gi oss guddommelige reglar. Jesus har også ein særlig plass, i at han skal ved endetida leia dei truande til frelsen. Isa/Jesus blir på kurdisk gjerne til Êzi, og han har også namnet Yazîd, som altså har gitt namnet til religionen. Kvifor er ikkje klart, sjøl seier dei at Êzid / Yezdan er eit namn på Gud, men det er tydelig også kopla til den historiske personen Yazid ibn Mu'awiya, den andre umayyade-kalifen (styrte 680-685 e.Kr.) som opptrer i yazidisk mytologi. Han har eit kanskje ufortent dårlig rykte, siden det var han som slo ned opprøret der Profetens barnebarn Husayn, shi'aenes store martyr, mista livet ved Kerbala. Yazid er derfor eit spesielt dårlig namn hos shia'ene, men tildels også mellom sunni-muslimar.
Det er likevel ikkje herfrå ryktet om "djevledyrking" kjem frå, det er ikkje Yazid som noen muslimar påstår er djevelen, men hovudengelen Malak Tawuse. Da Gud skapte Adam, samla han alle englane (og jinnane) og bad dei bøye seg og lyde Adam. Alle gjorde det, utan ein engel (jinn) som nekta og sa "eg er bedre enn han". Denne historia er felles i kristendom og islam: Det var Iblis som nekta, og han vart for sitt opprør mot Gud støytt ut og vart til Shaytan, Satan. Yazidiane har samme historia, med Malak Tawuse som den opprørske. Men hos dei bifalt Gud dette svaret: Det var ei prøve som han hadde gitt englane, og berre Malak Tawuse bestod prøva ved å svare nei. Gud satte han derfor til ansvar overfor menneska, i si godheit.
Denne koplinga mellom Malak Tawuse og Iblis sine historiar er det som gjer at muslimar påstår at yazidiane "eigentlig" tilber Satan. Det hjelper heller ikkje at Tawuse betyr "påfugl" og har denne fuglen som symbol, påfuglen er den verste av fuglar i islamsk mytologi, og den første skapninga som vart jaga frå Paradis.
Yazidisme, islam og sufisme
I ritualer og høgtider har yazidiane element både frå kristendom og islam; dei ber fem gonger for dagen, høgtidar påske (Ida Isa), Ramadan og Id, men ikkje på samme måte eller heilt til samme tid som muslimar eller kristne, og naturligvis den kurdiske og nærorientalske Nowruz. Yazidiane har også, som muslimar og jødar, sine særtrekk når det gjeld religiøse kles- og matreglar: Dei skal ikkje kle seg i blå klede, det er tillatt å drikke alkohol, men forbudt å ete salat (og blomkål etter noen kjelder), også kylling er frårådd. Som i andre religionar er det ingen eigentlig grunngiving for slike reglar anna enn at Gud / englane har innstifta dei.
Derimot er den muslimske påverknaden frå sufismen heilt tydelig når det gjeld organisering av religionen. Ein yazidi skal ha ein åndelig rettleiar kalla shaykh eller pir. Dei aktive kan bli ein faqir eller murid som skylder absolutt lydnad til sin pir. Piren leier dei på etappar i åndelig vekst, og dei truande gjer pilegrimsreiser, ziyaret, og lytter til resitasjon qawal. Alt dette, både namn og innhald er likt den islamske sufismen, og det er i det minste opplagt at yazidiane har lånt ideane om religiøs organisering frå sufi-ordnar i området.
Spørsmålet er altså om det er ein sterkare skyldnad. Og her har vi altså lite med skriftlige kjelder innanfrå, vi må gå til hos muslimske historikarar. Dei presenterer yazidiane som eit esoterisk avvik, ghulât, som oppstod på line andre slike retningar: druzarar, alawiyaer, og andre, omlag samtidig på 1000- og 1100-talet, men desse her altså innanfor sunnisk sufisme og ikkje shi'isme som dei andre. Slik blir det presentert i muslimsk historiografi:
Etter at abbasidane knuste umayyade-kalifatet i 750, var det fortsatt att grupper som forsvarte det gamle umayyade-styret. Dei trakk seg på 1000-talet tilbake til dei kurdiske områda, og meinte kalifen Yazid var den rette imam (herskaren), ein finn slike yazîdîs omtalt av reisande på 1000-talet. Hos dei etablerte shaykh Adî b. Musâfir (d. ca. 1075) ein sufi-orden, Adawiyya. Ved hans død delte denne seg i to, ein beheldt den sunniske teologien, den andre gjekk i meir og meir esoterisk retning og fjerna seg frå islamsk tenkning. Det var denne retninga den kjente teologen Ibn Taymiyya skal ha angripe i ei bok, Kitab al-radd 'ala al-Rafida wa'l-Yazidiyya: "Ei avvising av shi'ismen og yazidismen, motstandarane av det islamske samfunnet".(*) Dette er naturligvis svært aktuelt, sidan Ibn Taymiyya er insiprator for dagens jihadistar, IS og andre, og dei kallar nettopp shia'ene for dette gamle namnet "Rafida" [fornektarane]. Så her finn vi grunngiving god nok for å angripe nettopp desse to gruppene. Namnet og koplinga til kjetteri er dermed klart iallfall frå 1300-talet, sjøl om Ibn Taymiyya ikkje seier mye om eller virkar godt informert om den faktiske trua til gruppa på denne tida.
Over tid utvikla så denne avgreininga av Adawiyya-ordenen seg meir og meir til å bli den yazidismen som vi kjenner i vår tid, utan at vi klarar å følge den i detalj, dei muslimske kjeldene fokuserer mest på dei ulike konfliktane mellom yazidiar og muslimske herskarar eller andre grupper. For det virkar heilt gjennomgåande at historia til yazidismen er ei historie om kontinuerlig konflikt og undertrykking. Dette gjeld rett nok alle kurdiske grupper, og vi veit ikkje i kva grad det var den religiøse forskjellen eller den evige konflikten mellom kurdiske nomadar og fjellfolk og eikvar statsmakt som spilte størst rolle. Men konfliktane, undertrykkinga og tidvise massakrar ser vi (og naturligvis også at yazdiane sjøl kunne slå tilbake og angripe lokale kurdiske eller andre rivalar, når dei hadde styrke til det).
Vi har ikkje plass til å følge den historia, men er det ein historisk realitet i denne koplinga mellom yazidiane og ei sunnisk æring av kalifen Yazid? Yazidiane sjøl i dag avviser ei slik kopling, men dei fleste historikarane ser ut til å akseptere både Yazid-lenka og rolla til sufien Shaykh Adi - han finn vi jo også igjen som ein av englane, "Shaykh Hadi" i teologien, og yazidiane ærar han. Tidfestinga av namnet "yazidi" til iallfall 1000-1300 virker også klar av kjeldene. Samtidig er teologien altså så fjern at ein vanskelig kan tenke seg ei endring frå vanlig sufisme til trua på Malak Tawus berre på eit hundreår. Mest trulig har det derfor skjedd ei form for sammensmelting mellom etablerte eksisterande trusoppfatningar avleidd frå zoroastrianisme (som fantes i området) og kanskje gnostisisme; og den organiserte (post-)sufiske rørsla. Korleis og kor lang tid dette tok, når "dagens" yazidisme framstod, blir mest spekulasjonar, i mangel av andre kjelder.
Sosial organisering
Talet på yazidiar i verda er også svært varierande, mellom 200.000 til over 600.000 er brukt, det høgare tallet er mest trulig. Dei er altså fokusert i to område i Irak: Sinjar som vi nettopp har hørt om på grensa mot Syria, og Shaykhan aust for Mosul. Det er også eit yazidi-område i syrisk Kurdistan, og grupper i Kaukasus og ein stor diaspora i Vesten, særlig i Tyskland der det skal bu 60.000 av dei. Diasporaen vil da trulig auke kraftig etter den siste utdrivinga. Yazidiane er sterkt endogame, giftar seg berre innan gruppa (tradisjonelt, iallfall) og til dels også berre innanfor si eiga grein av gruppa. Dei misjonerer ikkje, det går ikkje an å bli yazidi utan å bli født til det. Slik kan dei få eit etnisk særpreg, men dei snakkar vanlig nord-kurdisk (Kurmanji), og er ganske klare på at dei er kurdarar. Dette blir berre styrka av at noen fiendtlige muslimske kurdarar har prøvd å slå frampå om at yazidiane ikkje er "ekte kurdarar" men noe anna. Alle yazidiar snakkar kurdisk, ulikt t.d. andre religiøse retningar i området - kristne, aleviar m.m. - som spenner over etniske grenser mellom kurdarar og ararabar eller tyrkarar, og der noen grupper gjerne vil skille seg ut frå det kurdiske. Det ser ikkje ut til å vere tilfelle for yazidiane.
Kjeldetilvising: Mye av dette er bygd på Roger Lescot, Enquête sur les Yezidis de Syrie et du Djebel Sindjar, 1975.
(*) Brockelmann tilskriver denne tittelen til ein Abu Firash ibn Shibl i 1325, som stadfester at namnet var kjent på 1300-talet, men fører under Ibn Taymiyya opp al-Risala al-Adawiyya "an die Yazidis", som kan vere del av samme verk.
***
Adresse til bloggen
Elles ei teknisk ting: Eg har nå somla meg til å registerere denne bloggen, slik at den får ei litt meir kortare adresse enn den har hatt. Du finn den på under lenka
shubbak.no (evt. www.shubbak.no)
Den gamle adressa med knutsvblogg.blogspot.com virker fortsatt (og er den "eigentlige" adressa).
2 kommentarer:
Hei, takk for en flott og opplysende artikkel! Jeg ser du skriver om historien om Iblis som skulle bøye seg for mennesket. Jeg har bare vært kjent med at dette er en historie i Islam, men ser at du mener dette er felles for de to. Kan du vise til en kilde for at denne historien også brukes i kristen sammenheng? Mvh Iren (jeg skrev først en kommentar på religioner.no, men siden dette er din blogg tenkte jeg det er større sjans for å få svar her, beklager spamminga ;) )
Eg kjenner best til islamsk tradisjon (der Iblis var ein jinn, ikkje ein engel, og derfor hadde fri vilje til å protestere). I kristen tradisjon har Satans/Lucifers opprør mot Gud ei litt anna form, Gud beordrar Lucifer å tene og rettleie Adam, men Lucifer ser Adam som ein rival og forbryter seg mot Gud ved å friste Eva til syndefallet. Sjå t.d.
http://www.unification.org/ucbooks/ICC/ICC-09.htm
(Eg kjenner ikkje kristen teologi godt nok til å vite kor utbreidd eller akseptert denne framstillinga er.)
Ein kjapp google gir også noen andre lenkar som spiller på det samme f.eks.
http://www.messagesfromspiritworld.info/Lucifer/011.html
http://en.wikipedia.org/wiki/The_Tragedy_of_Man (eit skuespill, men har samme tema)
https://answers.yahoo.com/question/index?qid=20111105122004AAPS55g
(denne siste er nok påvirka av den islamske fortellinga, slik noen i tråden seier, men det er interessant at den blir plassert i kristen sammenheng)
Legg inn en kommentar