torsdag 28. juni 2012
Egypt: President Mursi
Sist søndag vart det klart at det Muslimske brorskapets kandidat, Muhammad Mursi, vann presidentvalet i Egypt. Betyr det at islamsk styre blir innført i Egypt, at det vil gå samme vegen som Iran etter den islamske revolusjonen i 1979? Er det ein Pyrrhos-siger for demokratiet, eit valg og så bort med det?
Det er to måtar å svare på det. Det eine er å sjå på den politiske stoda i Egypt i dag. Sjøl om Brorskapet fekk presidentvervet, etter ein smal, men etter alt å dømme rettferdig, valsiger, betyr ikkje det at dei tatt over makta i landet. Tvert om står vi framfor ein maktkamp mellom presidenten og dei militære som har hatt makta i Egypt sidan 1952, og ikkje vil gi frå seg meir makt enn dei er nødt til. I beste fall kan det bli ein balanse mellom dei religiøse og dei sekulære kreftene i landet som hindrer ekstremisme frå begge kantar å utvikle seg. I verste fall fører det til handlingslamming og at begge bruker tida til å legge kjelker i vegen for den andre.
Kva av dei det blir, må vi berre vente og sjå. Dei militære hindra at Brorskapet fekk maktmonopol da dei (det vil si forfatningsdomstolen som stod dei nær) oppløyste det islamist-dominerte parlamentet i førre veke. Landet manglar grunnlov, så vi veit heller ikkje kva fullmakter den nye presidenten skal få. Det nå oppløyste parlamentet hadde langt om lenge nedsatt ein kommisjon til å skrive ny grunnlov, men mange meinte islamistane fekk for mye plass i denne. Det er ennå ikkje klart om Militærrådet vil la kommisjonen arbeide eller vil oppløyse også den (som det feilaktig først vart meldt), men dei har uansett gitt både seg sjøl, presidenten, og domstolane vetorett overfor det forslaget som kommisjonen til slutt kjem fram til. Så enten blir dei einige om noe begge kan godta, eller så blir det ein fastlåst kamp og ingen grunnlov.
Den andre måten å svare på er å sjå på Brorskapet sjøl og deira historie. Dei har jo aldri hatt eller vore nær politisk makt, så kva kan vi vente av dei? Mange er uroa: Både observatørar og forskarar har understreka kor "moderate" Brorskapet er, men kan vi stole på det? Khomeini presenterte seg også som demokrat før revolusjonen i Iran, men det kvarv fort da han kom til makta. Vil det samme skje nå? Er vi for naive?
Brorskapet og deira politikk er nok langt meir kjent enn Khomeinis var den gongen. Sjøl utan makt har dei vore ei leiande opposisjonskraft i to generasjonar nå, og har sitte i parlamentet og brukt det som talarstol. Dei har bygd sin velgarstøtte på denne historia, og vi kan i hovudsak rekne med at dei ikkje vil avvike dramatisk frå det som dei har stått for. Men samtidig utviklar historia seg framover og ikkje bakover; ting endrar seg ut frå nye omstende. Eit slikt er framveksten av politisk salafisme, som vi har skrive om før her i Aftenbladet. Det kan vere med å trekke Brorskapet i meir konservativ retning. I motsatt retning kan framveksten av ein meir liberal islamisme både innanfor og utanfor Brorskapet trekke dei mot sentrum. Dagspolitikk kan komme til å avgjere her.
Noe det viktigaste ein må merke seg med det Muslimske brorskapets politikk er at det er først og fremt eit partiapparat. Det har ein svært sterk organisasjon, og dei er intenst opptatt av å bevare denne organisasjonen. Det som betyr noe framfor alt er lojalitet til partiapparatetet. Derfor har fleire islamistar blitt skjøve ut i kulda det siste året når dei, på den eine eller andre måten, har brote med partidisiplinen. I dag sit det eit relativt konservativt leiarskap i toppen av organisasjon, og dei vil hindre utbrudd både i liberal og konservativ retning; men dei vil også snu kappa etter vinden for å hindre fraksjonar i Brorskapet i å bryte ut. Ettersom fleire liberale i byane har gått sine eigne vegar, kan det bety at meir konservative krefter, som er sterke i partiavdelingane på landsbygda, kan få meir tyngde.
Vi treng neppe frykte at Egypt blir noe nytt Iran. Brorskapet er i dag nok heilt innretta på demokratisk makt innanfor dei institusjonane vi har, og med dei militære på vakt ville dei uansett ikkje hatt noen sjanse til å skiple det. Derimot er dei som alle politiske parti gjerne villige til å få fleirtal alle stader dei går til val - på samme måte som da Arbeiderpartiet styrte Norge etter krigen; dei hadde langt på veg eit maktmonopol i mange år, men vi vart ikkje noe sosialistisk diktatur av den grunn. Men dei tunisiske islamistane da dei vann valet sitt i fjor, var nok meir forutsjåande da dei sørga for ei organisert maktdeling med det største sekulære partiet, i denne overgangsfasen ville nok eit nasjonalt kompromiss vore med på å roe gemytta.
Derimot må ikkje tru at Brorskapet er eit sosialdemokratisk parti slik Arbeidarpartiet eller for den del slik som Kristelig Folkeparti. Det er eit, etter vår målestokk, svært kulturkonservativt og moralistisk parti. Det ligg langt til høgre for det vi er vant med kva gjeld personlig og offentlig moral og "moralsk opprusning". Vi vil sikkert komme til å høre at "utuktige" vestlige filmar og bøker får problem - det har dei forresten alt som det er; det var Mubarak-styret som ville forby 1001 natt på grunn av umoralen i fortellingane. Brorskapet støtta dette, og vil kunne foreslå liknande ting. Alkoholen flyt ikkje fritt som det er, og vil heller ikkje gjere det. Slike vedtak vil komme, velgarane forventar det. Men noe hijab-påbud i gatene får vi ikkje. Det velgarane først og fremst vil ha, er økonomisk betring, og det er nok også her den nye presidenten må og vil sette inn kreftene sine.
Denne teksten vart opphavlig skriven som manus til ei spalte i dagspressa, 24. juni.
tirsdag 19. juni 2012
Egypt: Sakte statskupp?
Ein halv dag er lang tid i egyptisk politikk, blir det sagt nå. I dag feirer Brorskapets medlemmer at dei ser ut til, etter fleire uavhengige opptellingar, å ha vunne presidentvalet med rundt 3-4 prosents margin. Men det er dempa feiring; dei offisielle resultata kjem først på torsdag, og ingen er sikre på at ikkje talla kan ha blitt "forandra" til da. Men den statlige avisa al-Ahram bekrefter at Brorskapets Mursi har vunne valet og blir Egypts nye president.
Valet er likevel blitt nærmast ein biting, i forhold dramatikken i dagane før, da dei militære greip inn i politikken igjen. Mange kallar dette for ein kontrarevolusjon, eller eit nytt statskupp. Vil dei militære nå ta over makta att, og Mursis valseier bli like tom som den til Aung San Suu Kyi for tjue år sidan (då dei militære lot henne vinne valet, men ikkje av den grunn såg noen grunn til å la henne få regjeringsmakt)?
Det er det ennå for tidlig å si. Den kan vere det var det første steget i eit statskupp i fleire stadier, men det kan også vere vegen mot ein, heilt sikkert vanskelig, maktbalanse mellom dei sterke maktene i Egypt nå, "staten" (dei militære) og "sivilsamfunnet" (Brorskapet). La oss ta hendingane i rekkefølge:
Første steg låg hos den konstitusjonelle domstolen. Sist torsdag vedtok dei å oppløyse det parlamentet som vart vald i fjor, og der islamistane fekk stort fleirtal. Grunngivinga var at vallova er urettvis: Lova var både komplisert og omstridd; to tredelar av representantane vart valt i fleirmanns-kretsar etter partilister, den siste tredelen i einmannskretsar. Opphavlig kunne ikkje partia stille kandidatar i einmannskretsane, men det vart endra etter protest fordi det ville bli ei opning for dei gamle frå Mubaraks gamle parti som da kunne stille som "partilause. Det er denne endringa domstolen nå har underkjent, fordi dei kallar einmannskretsane for "reservert for uavhengige", og da blir det urettvist at partia kunne stille både i fleir- og einmannskretsane. Dermed oppløyste dei parlamentet, og med det også den grunnlovsgivande forsamlinga som parlamentet var i ferd med å opprette.
Dette må ein kalle ein urimelig respons, uansett kva ein meiner om vallova. Innvendinga var ikkje sterk nok til å underkjenne valet og la Egypt vere utan parlament. Men uansett, om det var rimelig, så måtte svaret vere straks å utlyse nytt parlamentsval; domstolen hadde jo alt vist korleis vallova skulle etter deira meining endras på det eine punktet. Eit nytt og rettvist val ville trulig ha ført til ei reduksjon av Brorskapets gruppe, sidan dei har klart mista ein del oppslutning sidan i fjor.
I staden gjekk militæret til andre steg, på laurdag (i tillegg til å plassere soldatar utanfor parlementsbygningen). Dei har avskore heile arbeidet med ny grunnlov, og har ikkje sagt noe om nytt val på parlament. I staden har dei gitt seg sjøl ei permanent rolle som lovgivar, altså satt det militære rådet (som dei tidligare sa skulle gi frå seg makta i neste månad) i staden for parlamentet på langsiktig basis.
I tillegg har dei redusert makta til den kommande presidenten. Han skal fortsatt kunne ha veto mot lovframlegg, men ikkje komme med eigne forslag. Han skal ikkje ha kommando over dei væpna styrkane (slik han elles ville hatt), og har ingen innverknad på militærets budsjett eller handlingar. Han skal kunne oppnemne regjering, men den skal altså ikkje stå til rette for noe parlament.
Dei legg altså opp til ein maktbalanse. Egypt har jo fram til nå vore sterkt presidentstyrt, frå Nasser til Mubarak. I revolusjonen var spørsmålet (som ikkje vart besvart) om dette skulle fortsette, eller vi skulle få ein balanse mellom parlament og president; interessant dersom desse kom frå ulike politiske retningar. Nå blir det altså ein balanse i staden mellom militærrådet og presidenten, og så vil det vise seg kva reell makt presidenten da faktisk vil få i denne balansen, om han skal bli ein slags "konstitusjonell president" på line med vår konstitusjonelle monark.
Er da dette eit statskupp? I forhold til parlamentet, heilt klart ja, så lenge det ikkje blir utlyst val til noen ny folkevald forsamling. Men totalt sett kan det bety ein av kanskje tre ulike ting:
- Det offisielle valresultatet torsdag viser "overraskande" at militærets favoritt Ahmed Shafiq likevel fekk fleirtal. Dei militære sit på begge kommandopostane. Det vil da vere eit vellykka statskupp, og spesielt om dette blir det siste reelle presidentvalet framover.
- Brorskapet og Mursi blir erkjent som valvinnar, inntar presidentsetet, og får lov til å ha rell innverknad innanfor militærets nye rammer. I så fall kan militæret ha sikra ein maktbalanse mellom dei "sekulære" (seg sjøl) og islamistane, og hindra Brorskapet det maktmonopolet dei ville fått med makta både i parlament og presidentstol. Men det kjem da til å bli ein bitter kompetansestrid mellom dei to framover, sidan Brorskapet ikkje anerkjenner oppløysinga av parlamentet.
- Mursi blir valvinnar og president, men blir så vingestekka på alle kantar av dei militære at han ikkje kan få muligheit til å fungere. Det kan da bli forsøk på eit "stille statskupp", at dei militære prøver å styre på tvers av ein folkevald president frå den sterkaste politiske grupperinga i landet. Det kjem ikkje til å gå bra.
Den einaste lykkelige løysinga på dette er enten at det sittande parlamentet kjem tilbake, eller at vi får eit raskt nyval. Dei to alternativa er ikkje like: Om det gamle kjem tilbake, får islamistane stor politisk makt, trulig meir enn folkefleirtalet i Egypt i dag ville gitt dei; men får også dermed ansvar i neste omgang for resultata. Om det blir nyval, vil Brorskapet altså trulig gå tilbake, det er uklart om det vil tene salafistane - som har vore noe i skyggen dei siste månadene, etter at deira presidentkandidat fall ut men det er rimelig å tru at det liberale sentrum vil styrke seg rundt personane til deira presidentkandidatar. Da ville det bli mulig med ein reell maktbalanse mellom ulike demokratiske krefter i Egypt. Men akkurat den vegen ser ikkje ut til å vere den mest trulige.
Men, altså, ein halv dag er lang tid, og vi får nå i første omgang sjå kva som skjer på torsdag. Det har jo, ikkje minst, skjedd mange gonger det siste året, at dei militære har kjørt hardt ut, og så gått tilbake på sine forslag etter folkelige protestar. Det har vore stille så langt i Kairo; folk er trøytte av å protestere, men mange venter nok også på dei offisielle resultata torsdag før dei bestemmer seg for korleis dei vil reagere. Fredag kan bli varm, dersom "feil" resultat blir det offentlige.

lørdag 2. juni 2012
Egypt: Kvifor vann desse to?
Mens vi ventar på andre valomgang (om to veker frå i dag), kan vi begynne å fordøye det overraskande resultatet frå første valomgang. Noen av kandidatane har klaga på uregelmessigheiter i valet, men trass i noen mindre overtramp har dei fleste observatørar utanfrå erkjent at resultatet reflekterte folkets val.
Korleis kunne det ha seg at det rimte så dårlig med forhåndstipsa? Desse var i stor grad basert på dei ganske mange meiningsmålingane som vart utført, og i eit heilt nytt demokrati og med relativt svak infrastruktur, er det rimelig at dei var lite presise (som dei forsiktige også tok forbehold om). Men den store framgangen til Ahmad Shafiq, som kom på andre plass, var faktisk registrert i målingane den siste veka før valet, og i mindre grad også at Muhammad Mursi gjekk fram, likeeins hadde noen heilt dei siste par dagane registert ein auke for nasseristen Hamdin Sabbahi, som kneip tredjeplassen. Slik sett virker det ikkje som om det var så mye at meiningsmålingane tok feil (sjøl om ingen vel registrerte det kraftige fallet til favoritten Amr Moussa), men heller at det var eit markert skifte i opinionen dei siste to vekene, til fordel for dei tre som kom først.
At Mursi frå Det muslimske brorskapet til sist klarte å kapre 25 prosent er i og for seg ikkje så overraskande, det var heller dei svake tala frå starten av valkampen som var uventa her. Brorskapet har trass alt det største og mest velsmurte partiapparatet i landet. Dei trong berre tida på å mobilisere rundt den mindre kjente Mursi. Når han gjekk forbi sin rival Abd al-Mun'im Abu 'l-Futuh, er dette tildels blitt forklart med at Abu 'l-Futuh prøvde å gape for breitt politisk. Da han fekk støtte frå dei store salafistpartia og begynte å bruke ord som "sharia" og "islamsk politikk" meir for å halde på denne velgargruppa, skremte han bort mange av dei liberale velgarane som tidligare hadde sett han som den beste "revolusjonskandidaten". Her finn vi nok også noe av forklaringa på at nasseristen Sabbahi klarte å fange fleire av desse liberale, pro-Tahrir-stemmene, nedturen for Abu 'l-Futuh og oppturen for Sabbahi heng nok sammen. Men ingen av desse går altså vidare til andre omgang.
Men korleis kunne den heller lite kjende Shafiq nå så langt? Noen observatørar meiner å ha sett ein grunn. Vi skreiv her for eit år sidan at dei to einaste fungerande partiapparata utover landet var Brorskapet og Mubaraks parti NDP (Det nasjonaldemokratiske partiet). Det siste vart forbudt og oppløyst i fjor sommar. Men folka som styrte det partiet lokalt er jo fortsatt der. Det virker som om dei, eller mange av dei, samla seg om Shafiq og begynte å ta dette sovande partiapparatet i bruk igjen for noen veker sidan. Mange av dei gamle NDP-leiarane begynte å agitere lokalt for Shafiq, lojalitetsband vart dratt fram og ressursar som dei hadde til rådvelde gjorde han til kandidaten til eit "post-NDP" som slik tok til å røre på seg att. Nå kan nok desse observasjonane vere agitasjon frå anti-Shafiq-kretsar som vil prøve å ramme han med å klistre han til det gamle regimet (som han insisterer på å ta avstand frå) og som også ser militærets hand bak det heile. Men det er ikkje heilt urimelig å tru at det kan ligge noe i det. Det er klart at NDP hadde eit velfungerande system for å fremme sine kandidatar under det gamle styret, og det er ingen grunn til ikkje å tru at det, eller iallfall delar av det, kan ha samla seg og gått i bresjen for den kandidaten som utan tvil stod dei nærast. Apparatet teller, og mange folks ønske om at "nok er nok", og at Egypt må gjenvinne stabilitet under ein erfaren politikar kan gjere resten.
Når det gjeld kvifor ingen liberal eller sekulær "revolusjonskandidat" vann fram, må nok mye av det leggas på overdriven sjøltillit hos dei liberale. Dei delte seg mellom ein handfull kandidatar, fordi dei meinte at dei hadde så stor oppslutning at iallfall ein av desse måtte gå vidare til andre omgang, og så kunne dei andre liberale samle seg rundt den fremste av dei da. Personlig og politiske rivalisering og ambisjonar spilte også inn; fleire forsøk på å samle seg rundt ein kandidat vart mislykka fordi ingen ville gi opp "sin" sjanse om å bli president. Men dei var rett og slett ikkje mange nok til å kunne bruke første valomgang til ein slags nominasjonsstrid. Det kjem naturligvis også an på om ein kan rekne stemmene til Abu 'l-Futuh, med sine salafist-støtter, og Amr Moussa, med si bakgrunn frå det gamle regimet, til ein slik liberal "pool". Men om dei sekulære og liberale som stemte på desse to, altså berre ein del av deira tilsammen tretti prosent, hadde samla seg med dei som stemte på utvetydig sekulær-liberale kandidatar, mellom dei Sabbahis 21 prosent, hadde deira kandidat klart gått vidare. Dei er altså (iallfall i dette valet) ei langt frå ubetydelig stemmegruppe. Også det er interessant, når ein i det vidare kjem berre til å fokusere på kampen mellom Brorskapet og arvingane frå Mubaraks styre.

torsdag 31. mai 2012
Syria: Houla - regimets ansvar?
Eg fekk nylig ein epost frå ein Syria-kjennar som spurte om vi egentlig veit kven som står bak Houla-massakren. Det virkar heilt urimelig at regimet sjøl skulle stå bak ei hending som berre rammar dei sjøl, og isolerer dei ytterligare? Det er openbart at det er delar av opprørarane prøver å pushe på for internasjonal intervensjon, og om det er noe hendinga i Houla fører til, så er det nettopp press for dette. Kan det vere meir komplisert enn det "opplagte" mediebildet vi får presentert, der alle automatisk går ut frå at regimet står bak alt som er vondt og gale? spurte den som skreiv.
Eg trur nok også at vi, og media, har lett på å hoppe på "opplagte sanningar", og at sannheita ofte er meir komplisert, derfor prøver eg også å vere forsiktig med å "snakke opp" ting som virker sjølsagte i øyeblikket. Men i dette tilfellet så trur eg nok likevel at dei indikasjonane vi har fått av det som hendte i Houla er så klare at det er rimelig å legge til grunn i det minste ei ramme for hendingane, omlag slik:
***
Det nye når det gjeld dekning er at vi har fått FN, som vi rekne som rimelig nøytrale observatørar. Dei ser naturligvis berre resultata, ikkje kven som har gjort det, og er forsiktige med å fordele skuld. Men vi kan iallfall legge noe til grunn. Ser vi på det som er komme fram så langt, så ser dette ut til å vere klart:
- Dei drepte var sunniar, men ikkje nødvendigvis innblanda i opprøret, jf. dei i BT i dag som seier at dei trudde dei var trygge, sidan ein av deiras slekt var i hæren. Eg ser ikkje grunn til å tvile på dei. I noen rapportar står det at det skal ha vore konflikt med noen alawi-landsbyar i nærheita, det kan vere reellt eller "overfortolking", vi må kjenne byen for å vite kor skarpt etnisk delt den var. Men det er heilt klart at dersom det var alawiar og ikkje sunniar som var drept, og altså sekteriske drap frå opprøraranes side, så ville vi ikkje kunne hatt det mediebildet vi har; det ville kreve for stor konspirasjon (bytte ut "reelle alawittiske overlevande" med "falske, sunniske overlevande").
- Det var ikkje regulære hæravdelingar, men noen slags paramilitære som drap. Organisert, pga av omfang, og brutaliteten, med massakrar må reknas som bevist (bekrefta av FN). Mao. det vi kallar "shabiha", som eg altså ser på meir som ein kategori som vi ikkje veit meir om; i kva grad dette er organiserte og styrt av noen i regimet, eller om det er meir eller mindre fanatiske sjølstyrte grupper. Men om dette heng sammen med snipers, som jo er ein viktig del av bykrigen også i Syria, så opnar det iallfall for mulige koplingar, snipers må koordinere med regulær hær.
- Når det gjeld regimets ansvar, så går ikkje det nødvendigvis på at dei har visst om og planlagt akkurat denne massakren, eller omfanget, det trur eg heller ikkje; og "regimet" er ikkje noen enkeltperson, det kan vere ulike aktørar der. Men når det gjeld shahiba-kategorien, som heilt openbart er reell og har stått for overgrep, så har ikkje dei kunne operert utan at "regimet" i vid forstand har hatt samforstand; den øvste leiinga ville kunne stansa dei eller fått dei under kontroll om dei ønskte. Derfor er det rimelig å legge dette ved deira dør.
Når eg kommenterer, prøver eg alltid å bygge på realisme og pragmatisme, uansett kva eg sjøl ønsker burde skje. Eg håpar også at ei fredelig løysing kan stå fram, fordi alle andre tiltak fører til noe som er ennå verre enn i dag. Men samtidig er det tydelig at det ikkje er noe ønske om, og liten realisme i dialog og forhandling slik utviklinga er. Og Houla-massakren står nok også i ei slik særstilling, bevisste og individuelle drap på barn i førskolealder, at ein kan ikkje unngå å ta den reaksjonen med i betraktninga. Eg trur, heldigvis, likevel ikkje at det vil føre til noen internasjonal intervensjon, fordi dei store grunnane til at maktene ikkje ønsker det fortsatt er der, men det er eit push i feil veg.
Knut
lørdag 26. mai 2012
Egypt: "Mareritt-resultatet"
Sjokk og skrekk. Første omgang av presidentvalet gav eit resultat ingen forestilte seg: til andre og avgjerande valomgang går det Muslimske Brorskapets kandidat, Muhammad Mursi, og Mubaraks siste statsminister, Ahmad Shafiq. Så seint som torsdag stilte the Guardian opp alle mulige resultat-kombinasjonar, og kalte denne for "the nightmare scenario", sidan det er resultatet som vil splitte Egypt maksimalt i to leirar.
Kva er det som er så spesielt med dette? Den eine kjem frå det største partiet i parlamentet, den andre er ein tidligare statsminister? Overraskinga kjem først og fremst fordi valkampen hadde tyda på noe anna. Som vi har nemnt tidligare, såg det lenge ut som opplest og vedtatt at to sentrums-orienterte kandidatar, den sekulære Amr Moussa og den liberale islamisten Abu 'l-Futuh som skulle gå vidare, og dei to var også dei einaste som fekk møtas i ein TV-debatt. Så, heilt i dei siste dagane viste fleire og fleire målingar at Shafiq, som hadde ligge på under 10 prosent, skaut fart, og det såg heilt opp til valdagen at det skulle bli to sekulære kandidatar som gjekk vidare; Moussa (fortsatt i klar leiing) og Shafiq. Det ville vore svært interessant med eit islamist-styrt parlament og ein garantert sekulær president.
Men til slutt fall altså Moussa heilt igjennom, trass i ein god valkamp; han er ikkje mellom dei fire fremste og kan lande godt ned på lista. Endelige tall kjem tysdag, men stats-media har gått ut med ei resultatliste som kanskje da kan bli omtrent svaret: Mursi såvidt foran Shafiq med litt over og under 25 prosent, tredjeplassen til den store overraskinga, nasseristen Hamdin Sabbahi som får 21 prosent, litt forbi Abu 'l-Futuh på 19.
Dei liberale utan kandidat
Kva betyr dette? For det første: Den liberale middelklassen - dei som støtta revolusjonen men ikkje Brorskapet - har ingen kandidat. Moussa, Sabbahi, Abu 'l-Futuh hadde alle vore akseptable for dei; men ikkje Shafiq - hærens og "Mubaraks" mann, og ikkje Mursi, som dei frykter vil gi Brorskapet all makt i Egypt. Dei vil sikkert også, og med noe rett, hevde at deira stemmer vart splitta mellom dei tre liberale kandidatane (det var også fleire i denne gruppa, som fekk mindre); hadde Sabbahis og Abu 'l-Futuhs tall lagt sammen, hadde dei vunne klart. Men det blir litt mye matematikk; Abu 'l-Futuh markerte seg klart både som liberalar og som islamist, og hadde støtte også frå sterkt konservative salafistiske parti (som ikkje ønska maktmonopol frå Brorskapet). Så også islamistanes stemmer var splitta; samtidig som det nok var denne støtten som fekk mange av hans liberale sympatisørar til å skifte over til Sabbahi og gav han dette siste pushet opp til tredje plass.
Mange av dei liberale og sentrumsvelgarane vil nok derfor heilt klart halde seg heime i neste omgang. Abu 'l-Futuh har nå oppmoda sine velgere om å støtte Mursi i andre omgang, og noen vil nok gjere det for å "berge revolusjonen trass alt", men Brorskapet har ikkje gjort seg særlig sympatisk for liberale velgere dei siste månadene, så om dei i dei i det heile tar turen vil sentrumsvelgarane halde seg for nasen uansett kva seddel dei legg i urna. Da bedre å avstå, vil mange av dei meine.
Kven er så desse to som kan bli president? Vi skreiv sist at dette såg ut til å bli eit personval, men det ser også ut til å ha blitt gjort til skamme, for det dei to vinnarane har felles er at dei begge er så lite karismatiske; ja reint ut dødsens kjedelige. Shafiq har ikkje gjort noe særlig av seg før i det siste, han blir oppfatta som "hærens mann", og hans mest tydelige utsagn er at "Revolusjonen er nå over", og at han ville sette inn væpna makt mot demonstrantar dersom prøvde å protestere mot valresultatet hans. Det kan tyde på at dei som stemte på han stemte for ro, stabilitet, og at hæren fortsatt skal ha autoriteten. Ikkje nødvendigvis tilbake til Mubarak, det er nok ikkje mulig, men tilbake til "det vanlige livet" slik det var før.
Kva vil det Muslimske Brorskapet?
Mursi og Brorskapet både støtta og stod bak revolusjonen, ingen tvil om det, og derfor vil mange revolusjonære likevel støtte han framfor Shafiq. Men, forutan at han var "reserve-kandidaten" da deira første val, den langt meir karismatiske al-Shatir, vart diskvalifisert har Brorskapet forspilt mye av den sympatien dei hadde på to måtar: For det første ved heile tida å endre meining i retning av å karre til seg meir makt: Dei sa først dei berre ville stille i ein tredel av valkretsane til parlamentsvalet, men gjorde det likevel i langt fleire og fekk altså den langt største gruppa, rundt 35 prosent av stemmene og 45 prosent av representantane. Dei prøvde så å nedsette ein kommisjon til å lage den nye grunnlova der dei sjølve ville bli heilt dominerande (men godtok utan vidare at konstitusjonsdomstolen underkjente dette forsøket; nå foregår det forhandlngar om kor stor del kvar gruppe skal få). Dei sa også først dei ikkje ville stille kandidat til presidentvalet, men så gjorde dei det likevel, og kan altså vinne og dermed styre både parlament og president. Vinglete er det mildaste ein kan si om denne lina.
Mursi har også vekt bekymring mellom dei liberale ved den valkampen han har ført. Etter at salafistanes kandidat også vart diskvalifisert, har han intenst prøvd å vinne deira stemmer, trass i at det store salafistpartia Nur og det mindre Gama'at al-Islamiya begge støtta Abu 'l-Futuh. Derfor har han komme med mange svært konservative utspill, om å styrke shariaens plass i samfunnet, la islam vere løysinga på alt og så vidare; mye tradisjonell Brorskaps-retorikk, men som dei har moderert i seinare år. Nå i andre omgang har han ingen til høgre for seg, så om dette berre var valtaktikk, så vil han sikkert nå snu om og legge seg inn mot sentrum igjen, for å prøve å hente inn moderate stemmer. Men mistanken vil vere vakt: Kva er det han og Brorskapet egentlig meiner?
Mursi er altså ikkje noe ubeskrive blad, han har studert til ingeniør i USA, han har sitte i parlamentet før og var leiar for Brorskapets uformelle gruppe der i fleire år; og han er organisasjonens leiar i dag. Han er altså ingen folketalar, og dei som stemte på han stemte nok mest på ideen, og på Brorskapet. Vi skreiv tidligare at meiningsmålinganes tall tyda på at "Brorskapet ikkje eig" dei stemmene som støtta dei i parlamentsvalet. Nå ser det altså ut som om dei får rundt 10 pst. mindre denne gongen enn i desember, men tilsynelatande ser dei faktisk ut til å ha god kontroll på iallfall ein firedel av stemmemassen, dersom vi legg til grunn at få stemte på Mursi ut frå hans retoriske talegaver. Det blir interessant å sjå fordelinga av stemmer på ulike landsdelar; det ser ut til at Mursi gjorde det mindre bra i dei største byane, og det kan også tyde på at det er apparatet utover landet som har klart å mobilisere.
Kven vinn i neste omgang og blir president? Ja, sidan gjetningane gjekk så skeis i første omgang, bør vi vel vere forsiktige med å spå. Dei to kandidatane står nesten heilt likt i stemmetal etter første omgang. Matematisk vil Mursi heilt klart få ein stor del av Abu 'l-Futuhs stemmer (19 pst. etter nåverande tall), og kanskje også andre revolusjonære som vil sperre vegen for at hæren skal komme tilbake. Men Shafiq vil trulig kunne ta mye, kanskje det meste av Amr Moussas stemmer, og frykta for eit Brorskapsmonopol er openbart sterk og kan mobilisere. Kan han derfor ta noen av den venstreorienterte nasseristen Sabbahis stemmer, eller vil dei likevel gå til Mursi? Svaret kan tippe balansen i ei eller anna retning, men kanskje like mye kjem an på kor mange som vil halde seg heime.
Resultatet vil iallfall ha stor betydning for Egypts vidare framtid, og det vil uansett bli bråk. Med Shafiq som president, vil dei revolusjonære vakne til live att for å hindre den militære kontrarevolusjonen; med Mursi som president vil vi få eit spent forhold mellom dei to valte organa og dei militære makthavarane, mens alle andre parti vil vakte på Brorskapet som haukar og slå ned på alle forsøk på å utnytte den dominerande posisjonen dei da får. Grunnlova vil bli uhyre viktig i begge tilfeller - og dermed vil vi kanskje måtte vente mens kampen om kva fullmakter den nyvalde faktisk skal ha blir avgjort.

søndag 20. mai 2012
Syria: Aleppo ned frå gjerdet?
Når spørsmålet har komme opp det siste året, "vil Assad-regimet falle, eller vil det vinne?", har svaret mitt ofte vore: Sjå mot Aleppo. Dersom det er rolig der, kan Assad sitte trygt. Spreier opprøret seg dit, har han problem.
Vel, etter over eit år ser det faktisk ut som om det er det som har skjedd. I denne nest største byen i landet, og økonomiske kraftsenteret, har det vore heilt stille og tydeligvis brei støtte til regimet, ulikt dei mindre byane rundt om. Middelklassen har enten støtta regimet, eller iallfall frykta alternativet, ei uklar framtid med internt stridande fraksjonar. Men i dei siste dagane har det løsna, utløyst igjen av regimets eigen brutalitet: Etter eit raid på universitetet i byen der fire studentar vart drept, gjekk fleire tusen ut i gatene i Aleppo i protest mot regimet, slik vi har sett så mange stader i landet, og responsen har vore den samme: regimet retta våpna mot demonstrantane. Det er ikkje rapportert om store tap, men når mange som gjekk i gatene sa dei egentlig støtta Assad og berre ville protestere mot valdsbruken, er det eit merkbart skifte.
Skal vi derfor stå ved det vi sa, at dette betyr Assad-regimet står i fare for å falle? Vel, får dette følger vidare, om vi ser ei opptrapping av demonstrasjonar og protestar også frå den velståande middelklassen som har vore nøytral eller regime-positiv, så kan ting endre seg. Men kanskje er det for seint; dette går egentlig i motsatt retning av det som ser ut til å festne seg som inntrykket i Syria: Regimet ser ut til å ha fått overtaket. Protestane, og valden, vil halde fram og kanskje lenge ennå, mange kan fortsatt miste livet. Men opprøret har mista initiativet og ser ikkje ut til å ha noen klar eller vellykka strategi for å presse styret frå makta.
Omskiftet var kanskje da Baba Amr, opprøraranes bydel i Homs, fall midt i mars. Der hadde opprørane hatt ein base, dei hadde relativt open tilgang til den libanesiske grensa like ved (sjøl om Libanon ikkje støtta opprøret), og dei hadde eit håp om å opprette ein frisone som dei kunne utvide og trekke andre til seg. Da Baba Amr fall, forsvann også dei andre styrkepunkta som opprøret hadde momentant.
Problemet deira har i stor grad vore at dei har vore så fragmentert. I utlandet har vi fokusert på eit organ, det Syriske Nasjonalrådet, og "den Frie Syriske Hæren" (begge basert i eksil i Tyrkia), men Nasjonalrådet var stadig utfordra av andre krefter innan opprøret (og skulda for å stå Det muslimske brorskapet for nære), medan den Frie hæren aldri var noen hær, berre eit begrep, eit namn som eit utal sjølstendige og tildels rivaliserande militsgrupper tok til seg, men utan å følge noen felles leiing.
Dei var også uenige om grunnleggande strategi, spesielt om fredelig eller væpna opprør, og om å be om internasjonal intervensjon eller ikkje. Etter kvart så tok den væpna lina meir og meir over, men for mange var det ei "dødsline", opprørane kunne ikkje vinne over regimets overlegne styrkar på eiga hand. Derfor førte denne væpna lina meir og meir til at ein måtte be om militær støtte frå andre land. Dette kom da ikkje på tale, delvis på grunn av erfaringane frå Libya-krigen, delvis av frykt for konsekvensane av kaos etter eit kanskje mislykka felttog à la Irak i Syria, var det aldri aktuell politikk frå dei store vestmaktene. I staden fekk vi "FN-sporet", til glede for vestlige liberale, med observatørar og tilmed ein norsk leiar på plass i Syria.
Dei kan nok ikkje gjere så mye frå eller til, dersom ikkje partane sjøl er villige til å legge ned våpena, dei er trass alt berre ein handfull og utan maktmiddel. Regimet tok derfor imot dei, og for styret ville dette dels vere for å tekkas omverda (ikkje minst Russland, som står på FN-sporet), dels eit håp om å få stadfesta at ting "er tilbake til det normale", at staten fortsatt / igjen har kontroll og autoritet i landet. Ut frå det kan dei rettferdiggjere vidare valdsbruk som "opprydding" etter "kriminelle". For opposisjonen utgjer FN-sporet eit langt meir vanskelig dilemma. Dei hadde håpa det kunne gi dei rom for "normal politisk aktivitet", altså rett til demonstrasjonar. Til ein viss grad gjorde det også det, men det rommet var lite, regimesoldatar har ikkje halde seg for gode til å mishandle demonstrantar rett foran augene til observatørar. Verre var det at ved gå inn i FN-sporet så må opprørarane slå over igjen frå den "væpna" til den "fredelige" linja. Det ville vere katastrofalt politisk om opprørane kom i konflikt med FN-folka, eller truga deira sikkerheit; det vil vere langt større belastning for dei enn for regimet å opent bryte med FNs krav om våpenkvile, fordi FN-observatørane til stor grad jo er der for å beskytte deira rettar. Men etter eit år med væpna opprør er det liten plass for at partane skal sette seg ned i fredelig dialog. Dette setter derfor opprørane delvis i ei strategisk klemme, som dei ikkje har noen gode svar på. Den "frie hæren" har ikkje full kontroll over sine, og fleire og fleire spenningar har oppstått innan den sivile opposisjonen, både Nasjonalrådets leiar Ghalioun og Rådet i seg sjøl blir utfordra frå ulike kantar.
I det siste har så valdsbruken tatt ei ny form, med fleire store eksplosjonar retta delvis mot FN-observatørane, delvis mot sivile (eller blanda sivile og militære) mål. Ei ukjent islamsk gruppe har tatt på seg ansvaret, utan at vi veit om det er reellt. Regimet skuldar på opprørarane, opprørane på regimet; ingen veit egentlig kven som står bak. Men det som nok er rimelig sikkert er at målet er å sabotere FN-sporet, å hindre ei mulig fredelig utvikling (som uansett var ganske fjern), og kanskje å gjere situasjonen så ille at omverda likevel finn det nødvendig å intervenere militært. Dei fleste teikna er nok på at det korkje er dei organiserte opprørarne eller regimet som står bak, men eigne grupper med sin eigen agenda. Ikkje akkurat al-Qa'ida - som mange peiker på i rein ryggmargsrefleks - men kanskje andre jihadistiske grupper, spesielt peiker dei som har erfaring med slike metodar frå Irak-krigen seg ut. Samtidig har konflikten spreidd seg til nabolandet Libanon, med kampar i den nordlige byen Tripoli, i hovudsak ut frå kjente sekteriske grenser, sunniar mot shiaer.
Dette vil uansett ikkje gjere løysinga noe lettare, men kanskje heller ikkje vanskeligare, sidan den er uansett like vanskelig å sjå som før. Skal opprøret kunne tene på dette nye sinnet i Aleppo, som kanskje kan reflektere at fleire som sat på gjerdet begynner å rette kritikken mot den overdrivne valdsbruken til regimet, så må dei vere i stand til å samle seg og presentere ein strategi som kan trekke desse "midt-på-vegen"-folka til seg. Dei må kunne dempe frykta for kaos, frykta for den radikale islamismen (som er rimelig vidspreidd i Syria) og for at "sunni-arabarane vil ta all makt til seg og hevne seg på alle andre", og vise at dei står for eit klart og fredelig alternativ som kan få økonomi og samfunn på fote att. Dét vil også omverda sette meir pris på. Men det kan ta tid før dei klarer å skape eit slikt overbevisande alternativ.

fredag 11. mai 2012
Egypt: Førvalstid
Det stundar mot presidentval i Egypt, og nesten kvar dag fører med seg nye omkast, kven veit kva meir som vil skje fram til første valomgang den 23. mai.
1. Utreinskinga
Men la oss ta hovudpunkta: Det stilte først 23 kandidatar, av dei kanskje halvparten kjente namn. Så kom det ein runde med utreinsking, på tre ulike grunnlag: Det første var at ein kandidat ikkje berre måtte ha egyptisk statsborgarskap, han kunne heller ikkje ha noe anna i tillegg (nei til dobbelt statsborgarskap); ja, ikkje berre han, men heller ikkje hans ektefelle eller foreldre kunne ha noe anna i tillegg til det egyptiske. Denne regelen, som vart innført i fjor og openbart var retta mot den sekulære ElBaradei (som til slutt ikkje stilte opp), ut frå påstandar om at han skulle vere svensk statsborgar!, vart overraskande brukt mot den salafistiske og svært populære kandidaten Hazem Abu Ismail, sidan hans nå avdøde mor visstnok skulle fått eit amerikansk pass da ho besøkte dattera der for noen år sidan. "Misbruk, falskneri", ropte Abu Ismails tilhengere, og raseriet over denne utestenginga fører fortsatt til uro i Kairo, i denne veka vart fleire drept i kampar mellom Abu Ismails tilhengarar og politiet. Det kan da også sjå ut som ein merkelig kriterium for å kunne bli president, kva foreldra har av ekstra pass, men regelen hadde folkelig og patriotisk støtte da den vart innført i fjor, og blir nok vanskelig å fjerne.
Den andre regelen heng derimot att frå Mubaraks tid og var vanskeligare å forsvare: Ein kandidat kunne ikkje ha ein dom bak seg. Sidan mange i opposisjonen har vore politiske fangar, skulle ein tru at deira "dommar" vart sletta etter revolusjonen, men slik var det ikkje. Eller kanskje. Noen fekk amnesti, men det var ikkje godt nok for valkommisjonen, og både den liberale og sekulære Ayman Nour og den fremste islamistkandidaten, Brorskapets Khairat al-Shatir vart utestengt på grunn av sine politiske fengselsopphald, og trass i at dommane deira var oppheva av andre instansar. Dette førte ikkje til så store opptøyer som Abu Ismails, fordi både dei liberale og Brorskapet hadde alternative kandidatar dei kunne overføre støtten sin til, mens Abu Ismail var den einaste salafisten som hadde stilt opp, så den retninga vart dermed utan kandidat.
Så var det eit tredje utspill frå det nyvalde parlamentet, som gjekk i motsatt retning: Dei som hadde gjort teneste under Mubarak dei siste ti åra måtte stengas ut. Det ramma ikkje frontkandidat Amr Moussa, for det er elleve år sidan han var utanriksminister, men fleire andre regimekandidatar, spesielt den siste statsministren Ahmad Shafiq (den langt meir populære ex-visepresidenten Umar Sulayman vart stengt ute fordi han hadde for få underskrifter, noe han godtok utan vidare). Men der satte valkommisjonen seg imot, så Shafiq fekk likevel stille. Få reknar likevel med at han får stor nok oppslutning til å gå vidare.
2. Kandidatane som stiller
Etter at ti kandidatar slik vart sjalta ut, gjenstår altså tretten, der fleire er relativt ukjente (fleire frå ulike liberale eller sosialistiske parti). Dei fremste som står att, og har sjanser om å gå vidare til andre valomgang den 17 juni (dei to fremste går vidare) er:
- Amr Moussa. Langt den mest kjente kandidaten frå før revolusjonen, balanserer han mellom å vere knytta til det gamle regimet og å bli godtatt som "revolusjonær". Det tok litt tid før han slutta seg til kravet om at Mubarak måtte gå i fjor vinter, men han stilte til slutt på Tahrir-plassen og vart omslutta som tilhengar av opprøret. Noen av dei revolusjonære godtar han, for andre representerer han for mye av det gamle. Han er klart den einaste av kandidatane som har styringserfaring, både som minister og internasjonalt som leiar av den Arabiske liga, og han har stor popularitet ute på landsbygda både sør og nord i Egypt - han er den typen politikar egyptarane er vand med kan styre landet, ein "notabel". Dette er hans styrke, men også hans svakheit i forhold dei som vil ha noe nytt.
- Abd al-Mun'im Abu 'l-Futuh. Dette er den mest spennande kandidaten, og derfor den mediene skriv mest om. Han leia den liberale retninga av Brorskapet, men vart kasta ut av leiinga i 2009, og vart ekskludert av organisasjonen i fjor da han erklærte han ville stille som president. Brorskapet er nå bittert imot han - ikkje så mye på grunn av politikken, sjøl om han er nå ennå tydeligare liberal enn han var som medlem, men fordi han braut med disiplinen. Det må straffas, og det skal mye til at Brorskapet vil godta Abu 'l-Futuh. Derfor blir det spennande kva dei seier om det blir han og Moussa som går vidare til andre omgang: Klarer dei å bite i seg sinnet og støtte den kandidaten som trass alt ligg dei nærast politisk, eller blir det "kven som helst utanom Abu 'l-Futuh"? Men Abu 'l-Futuh har overraska med den breie støtta han har fått, heilt frå konservative islamistar til dei mest markerte liberalane; spesielt merka ein seg at revolusjonshelten Wael Ghonim har støtta han. Abu 'l-Futuh var da også heilhjerta med i revolusjonen frå dag ein.
- Muhammad Mursi. Brorskapet var klar over at deira kandidat al-Shatir stod i fare, og nominerte for sikkerheits skuld to kandidatar, så Mursi er "reserven". Han er likevel ingen kven som helst, han er leiar av deira parti "Fridom og Rettferd", og var leiar for deira parlamentsgruppe i fem år, så han har politisk erfaring. Men han er langt frå så karismatisk som al-Shatir, og har politisk nå gått langt i konservativ retning for å fiske opp salafist-stemmer etter at deira kandidat forsvant. Meiningsmålingane - i den grad dei er til å stole på - tyder på at han styrker sin stilling, men han ser likevel ut til å ligge klart bak dei to før nemnde.
- Ahmad Shafiq var eit relativt ubeskrive blad før Mubarak gjorde han til statsminister kort før han gjekk av, og samlar først og fremst støtte blant dei som fortsatt ser tilbake til det gamle regimet, eller fryktar revolusjonen. Mange av desse vil nok likevel gå til Moussa, som har langt større sjanse, så Shafiq står i fare for å bli ein "also ran", om ikkje motstanden mot revolusjonen er større enn vi er klar over.
- Salim al-Awwa vil nok også ha problem med å komme opp i tosifra tall; han har ein profil omtrent som Abu 'l-Futuh; sentrumsorientert islamist, men gjekk ut av brorskapet for mange år sidan og var meir knytt til partiet al-Wasat (som nå støtter Abu 'l-Futuh), derfor har Brorskapet eit mindre anstrengt forhold til han, men han blir trulig overskygga av den meir karismatiske og populære Abu 'l-Futuh.
Dei andre kandidatane er i hovudsak sekulære og liberale: både nasseristane, sosialdemokratane og sosialistane har sine kandidatar framme. Dei er stort sett lite kjente og vil ha problem med å slå gjennom utanfor sine eigne kjernegrupper, men kan splitte den sekulære liberale røysteflokken i første valomgang.
3. Kven får stemmene?
Det blir gjort meiningsmålingar, men det er jo begrensa verdi i eit samfunn som det egyptiske (dei fleste er gjort over telefon, som det ikkje finnes så mange av ute i landsbyane...). Dei spriker da også, men eit allmennt inntrykk er nok at i første omgang er Moussa godt foran dei andre, fleire gir han rundt 40 pst. av stemmene. Abu 'l-Futuh ligg like stødig på plassen bak han, med rundt 20, mens Mursi, den tredje aktuelle kandidaten strevar med å komme over ti-tallet. Dei andre får i målingane opp til 3-4, men noen målingar gir Shafiq opp mot 10 prosent.
Dette er jo ganske andre tall enn i parlamentsvalet, der Brorskapet fekk 35 pst og salafistane rundt 25, og viser (om dei slår til) at vala i Egypt er personorientert meir enn ideologisk forankra. Folk trur at den og den er best egna til å leie landet, eller sitte i parlamentet, og da er det personligheita og ikkje nødvendigvis politikken som avgjer, iallfall for svært mange. Ingen av dei to første-kandidatane har jo partigrupper eller presise ideologiske retningar bak seg.
Det viser dermed også at Brorskapet, sjøl om dei kan openbart mobilisere opp store folkemassar, ikkje "eig" desse eller kan kommandere dei; det er fullt mulig å gå ut i gatene og demonstrere for Brorskapets krav, men likevel meine at ex-medlemmet Abu 'l-Futuh (eller kanskje tilmed den erfarne Moussa) er bedre eigna til å få gjennom desse krava, enn han som partiet deira har utpeikt. Tilmed noen tillitsvalde i Brorskapet har sagt det samme offentlig og støtta Abu 'l-Futuh som den mest realistiske kandidaten, nok eit tegn på sviktande disiplin.
Ennå meir interessant er salafistanes oppførsel. Dei er opplagt inga samla gruppe. Mange kjempar altså fortsatt for Abu Ismails kandidatur, og vil nok ikkje røyste på noen andre. Men Nur-partiet, som er det største salafistpartiet, var ikkje klart på Abu Ismails side ein gong da han var offisiell kandidat, partileiaren gjekk da ut med støtte til Brorskapets al-Shatir (mens nok dei fleste i partiet støtta Abu Ismail). Nå, etter utreinskinga, gjer dei derimot det stikk motsatte, og i staden for Mursi, som politisk altså har lagt seg nær opp til salafistanes hovudkrav, støttar dei den liberale islamisten Abu 'l-Futuh (som i eit svar til deira spørsmål stort sett repeterte sine primærstandpunkt at "det må vere fridom i religionen, både for salafistar og andre", men ikkje kvir seg for å nemne "sharia" frå tid til annan). Grunnen deira var at "Brorskapet bør ikkje få monopolisere all makt, både president og parlament", men det er kanskje ein meir praktisk tanke at det er bedre å støtte kandidaten som har sjanse om å vinne. Det samme seier for øvrig det ennå meir konservative al-Gama'at al-Islamiyya, også dei støttar Abu 'l-Futuh framfor Morsi.
Kven vil da vinne andre valomgang? Det er fortsatt spennande. Etter tallas tale, skulle nok pengane settas på Moussa. Får han 40 pst i første omgang, bør han kunne fange inn ytterligare ti prosent frå dei som fryktar alle islamistar, også det vennlige ansiktet til Abu 'l-Futuh. Men den eksponeringa som den siste da vil få, kan også gjere at han klarer å samle islamiststemmene rundt seg, som i tillegg til alle dei revolusjonære som ser på Moussa som "den gamle tids mann" kan bli nok til å vinne fram. Egypt vil utan tvil bli meir spennande med han som leiar, med Moussa kan vi nok lettare forutsi korleis politikken blir.
1. Utreinskinga
Men la oss ta hovudpunkta: Det stilte først 23 kandidatar, av dei kanskje halvparten kjente namn. Så kom det ein runde med utreinsking, på tre ulike grunnlag: Det første var at ein kandidat ikkje berre måtte ha egyptisk statsborgarskap, han kunne heller ikkje ha noe anna i tillegg (nei til dobbelt statsborgarskap); ja, ikkje berre han, men heller ikkje hans ektefelle eller foreldre kunne ha noe anna i tillegg til det egyptiske. Denne regelen, som vart innført i fjor og openbart var retta mot den sekulære ElBaradei (som til slutt ikkje stilte opp), ut frå påstandar om at han skulle vere svensk statsborgar!, vart overraskande brukt mot den salafistiske og svært populære kandidaten Hazem Abu Ismail, sidan hans nå avdøde mor visstnok skulle fått eit amerikansk pass da ho besøkte dattera der for noen år sidan. "Misbruk, falskneri", ropte Abu Ismails tilhengere, og raseriet over denne utestenginga fører fortsatt til uro i Kairo, i denne veka vart fleire drept i kampar mellom Abu Ismails tilhengarar og politiet. Det kan da også sjå ut som ein merkelig kriterium for å kunne bli president, kva foreldra har av ekstra pass, men regelen hadde folkelig og patriotisk støtte da den vart innført i fjor, og blir nok vanskelig å fjerne.
Den andre regelen heng derimot att frå Mubaraks tid og var vanskeligare å forsvare: Ein kandidat kunne ikkje ha ein dom bak seg. Sidan mange i opposisjonen har vore politiske fangar, skulle ein tru at deira "dommar" vart sletta etter revolusjonen, men slik var det ikkje. Eller kanskje. Noen fekk amnesti, men det var ikkje godt nok for valkommisjonen, og både den liberale og sekulære Ayman Nour og den fremste islamistkandidaten, Brorskapets Khairat al-Shatir vart utestengt på grunn av sine politiske fengselsopphald, og trass i at dommane deira var oppheva av andre instansar. Dette førte ikkje til så store opptøyer som Abu Ismails, fordi både dei liberale og Brorskapet hadde alternative kandidatar dei kunne overføre støtten sin til, mens Abu Ismail var den einaste salafisten som hadde stilt opp, så den retninga vart dermed utan kandidat.
Så var det eit tredje utspill frå det nyvalde parlamentet, som gjekk i motsatt retning: Dei som hadde gjort teneste under Mubarak dei siste ti åra måtte stengas ut. Det ramma ikkje frontkandidat Amr Moussa, for det er elleve år sidan han var utanriksminister, men fleire andre regimekandidatar, spesielt den siste statsministren Ahmad Shafiq (den langt meir populære ex-visepresidenten Umar Sulayman vart stengt ute fordi han hadde for få underskrifter, noe han godtok utan vidare). Men der satte valkommisjonen seg imot, så Shafiq fekk likevel stille. Få reknar likevel med at han får stor nok oppslutning til å gå vidare.
2. Kandidatane som stiller
Etter at ti kandidatar slik vart sjalta ut, gjenstår altså tretten, der fleire er relativt ukjente (fleire frå ulike liberale eller sosialistiske parti). Dei fremste som står att, og har sjanser om å gå vidare til andre valomgang den 17 juni (dei to fremste går vidare) er:
- Amr Moussa. Langt den mest kjente kandidaten frå før revolusjonen, balanserer han mellom å vere knytta til det gamle regimet og å bli godtatt som "revolusjonær". Det tok litt tid før han slutta seg til kravet om at Mubarak måtte gå i fjor vinter, men han stilte til slutt på Tahrir-plassen og vart omslutta som tilhengar av opprøret. Noen av dei revolusjonære godtar han, for andre representerer han for mye av det gamle. Han er klart den einaste av kandidatane som har styringserfaring, både som minister og internasjonalt som leiar av den Arabiske liga, og han har stor popularitet ute på landsbygda både sør og nord i Egypt - han er den typen politikar egyptarane er vand med kan styre landet, ein "notabel". Dette er hans styrke, men også hans svakheit i forhold dei som vil ha noe nytt.
- Abd al-Mun'im Abu 'l-Futuh. Dette er den mest spennande kandidaten, og derfor den mediene skriv mest om. Han leia den liberale retninga av Brorskapet, men vart kasta ut av leiinga i 2009, og vart ekskludert av organisasjonen i fjor da han erklærte han ville stille som president. Brorskapet er nå bittert imot han - ikkje så mye på grunn av politikken, sjøl om han er nå ennå tydeligare liberal enn han var som medlem, men fordi han braut med disiplinen. Det må straffas, og det skal mye til at Brorskapet vil godta Abu 'l-Futuh. Derfor blir det spennande kva dei seier om det blir han og Moussa som går vidare til andre omgang: Klarer dei å bite i seg sinnet og støtte den kandidaten som trass alt ligg dei nærast politisk, eller blir det "kven som helst utanom Abu 'l-Futuh"? Men Abu 'l-Futuh har overraska med den breie støtta han har fått, heilt frå konservative islamistar til dei mest markerte liberalane; spesielt merka ein seg at revolusjonshelten Wael Ghonim har støtta han. Abu 'l-Futuh var da også heilhjerta med i revolusjonen frå dag ein.
- Muhammad Mursi. Brorskapet var klar over at deira kandidat al-Shatir stod i fare, og nominerte for sikkerheits skuld to kandidatar, så Mursi er "reserven". Han er likevel ingen kven som helst, han er leiar av deira parti "Fridom og Rettferd", og var leiar for deira parlamentsgruppe i fem år, så han har politisk erfaring. Men han er langt frå så karismatisk som al-Shatir, og har politisk nå gått langt i konservativ retning for å fiske opp salafist-stemmer etter at deira kandidat forsvant. Meiningsmålingane - i den grad dei er til å stole på - tyder på at han styrker sin stilling, men han ser likevel ut til å ligge klart bak dei to før nemnde.- Ahmad Shafiq var eit relativt ubeskrive blad før Mubarak gjorde han til statsminister kort før han gjekk av, og samlar først og fremst støtte blant dei som fortsatt ser tilbake til det gamle regimet, eller fryktar revolusjonen. Mange av desse vil nok likevel gå til Moussa, som har langt større sjanse, så Shafiq står i fare for å bli ein "also ran", om ikkje motstanden mot revolusjonen er større enn vi er klar over.
- Salim al-Awwa vil nok også ha problem med å komme opp i tosifra tall; han har ein profil omtrent som Abu 'l-Futuh; sentrumsorientert islamist, men gjekk ut av brorskapet for mange år sidan og var meir knytt til partiet al-Wasat (som nå støtter Abu 'l-Futuh), derfor har Brorskapet eit mindre anstrengt forhold til han, men han blir trulig overskygga av den meir karismatiske og populære Abu 'l-Futuh.
Dei andre kandidatane er i hovudsak sekulære og liberale: både nasseristane, sosialdemokratane og sosialistane har sine kandidatar framme. Dei er stort sett lite kjente og vil ha problem med å slå gjennom utanfor sine eigne kjernegrupper, men kan splitte den sekulære liberale røysteflokken i første valomgang.
3. Kven får stemmene?
Det blir gjort meiningsmålingar, men det er jo begrensa verdi i eit samfunn som det egyptiske (dei fleste er gjort over telefon, som det ikkje finnes så mange av ute i landsbyane...). Dei spriker da også, men eit allmennt inntrykk er nok at i første omgang er Moussa godt foran dei andre, fleire gir han rundt 40 pst. av stemmene. Abu 'l-Futuh ligg like stødig på plassen bak han, med rundt 20, mens Mursi, den tredje aktuelle kandidaten strevar med å komme over ti-tallet. Dei andre får i målingane opp til 3-4, men noen målingar gir Shafiq opp mot 10 prosent.
Dette er jo ganske andre tall enn i parlamentsvalet, der Brorskapet fekk 35 pst og salafistane rundt 25, og viser (om dei slår til) at vala i Egypt er personorientert meir enn ideologisk forankra. Folk trur at den og den er best egna til å leie landet, eller sitte i parlamentet, og da er det personligheita og ikkje nødvendigvis politikken som avgjer, iallfall for svært mange. Ingen av dei to første-kandidatane har jo partigrupper eller presise ideologiske retningar bak seg.
Det viser dermed også at Brorskapet, sjøl om dei kan openbart mobilisere opp store folkemassar, ikkje "eig" desse eller kan kommandere dei; det er fullt mulig å gå ut i gatene og demonstrere for Brorskapets krav, men likevel meine at ex-medlemmet Abu 'l-Futuh (eller kanskje tilmed den erfarne Moussa) er bedre eigna til å få gjennom desse krava, enn han som partiet deira har utpeikt. Tilmed noen tillitsvalde i Brorskapet har sagt det samme offentlig og støtta Abu 'l-Futuh som den mest realistiske kandidaten, nok eit tegn på sviktande disiplin.
Ennå meir interessant er salafistanes oppførsel. Dei er opplagt inga samla gruppe. Mange kjempar altså fortsatt for Abu Ismails kandidatur, og vil nok ikkje røyste på noen andre. Men Nur-partiet, som er det største salafistpartiet, var ikkje klart på Abu Ismails side ein gong da han var offisiell kandidat, partileiaren gjekk da ut med støtte til Brorskapets al-Shatir (mens nok dei fleste i partiet støtta Abu Ismail). Nå, etter utreinskinga, gjer dei derimot det stikk motsatte, og i staden for Mursi, som politisk altså har lagt seg nær opp til salafistanes hovudkrav, støttar dei den liberale islamisten Abu 'l-Futuh (som i eit svar til deira spørsmål stort sett repeterte sine primærstandpunkt at "det må vere fridom i religionen, både for salafistar og andre", men ikkje kvir seg for å nemne "sharia" frå tid til annan). Grunnen deira var at "Brorskapet bør ikkje få monopolisere all makt, både president og parlament", men det er kanskje ein meir praktisk tanke at det er bedre å støtte kandidaten som har sjanse om å vinne. Det samme seier for øvrig det ennå meir konservative al-Gama'at al-Islamiyya, også dei støttar Abu 'l-Futuh framfor Morsi.
Kven vil da vinne andre valomgang? Det er fortsatt spennande. Etter tallas tale, skulle nok pengane settas på Moussa. Får han 40 pst i første omgang, bør han kunne fange inn ytterligare ti prosent frå dei som fryktar alle islamistar, også det vennlige ansiktet til Abu 'l-Futuh. Men den eksponeringa som den siste da vil få, kan også gjere at han klarer å samle islamiststemmene rundt seg, som i tillegg til alle dei revolusjonære som ser på Moussa som "den gamle tids mann" kan bli nok til å vinne fram. Egypt vil utan tvil bli meir spennande med han som leiar, med Moussa kan vi nok lettare forutsi korleis politikken blir.
Derfor heiar nok både dei militære, USA og Israel på Moussa, uansett kor radikal ordbruk han nå vil legge seg på. Men det er nok også rimelig at dei alle vil vere i stand til å avfinne seg med den andre kandidaten, om han skulle vinne. Dei militære har altså sagt dei trer tilbake når valet er over. Men "dra seg tilbake" kan bety så mangt. Og grunnlova som viser kor mye makt presidenten skal få, er ikkje klar. Kanskje dei tinga også vil avhenge av kven det er som trekk det lengste strået i presidentvalet. Spennande blir det iallfall i dei kommande to månadene.
Abonner på:
Innlegg (Atom)