fredag 11. juli 2014

Gaza: Be kind rewind?

Ved eit tilfelle, mens eg rydda opp i gamle notat i sommarstilla, kom eg over merknader til konflikten i Gaza i november 2012. Samtidig kom det meldingar om ein ny konflikt i samme området. Dei to er så like at det ikkje berre er dejà vu, men direkte vanskelig å halde frå kvarandre kva som var forløpet den gongen og nå.

I skrivande stund er vi fortsatt på eit stadium der Hamas sender rakettar det dei kan inn over Israel, mens Israel svarar med bombar og rakettar mot det dei hevdar er Hamas-mål i Gaza, men som openbart også drep sivile. Dette har altså skjedd før, og for utviklinga vidare har vi to mulige tidligare modellar vi kan sjå etter:
           Enten krigen i desember 2008-januar 2009, da Israel sendte inn bakkestyrkar, med resultat ca. 1500 drepne palestinarar og 13 israelarar. Den konflikten varte i rundt tre veker, og vart avslutta med ei einsidig våpenkvile frå Israel, som vart følgt opp av Hamas.
            Eller konflikten i november 2012, da Israel nøyde seg med å bruke luftvåpen og rakettar i ein konflikt som varte litt over ei veke, med resultat vel 130 drepne palestinarar og seks israelarar.

Så langt har konflikten, som har vart i rundt fem dagar, større likheit med 2012, i skrivande stund skal palestinske tap ligge på rundt 80, utan noen israelske tap så langt. Oppmarsjen til denne konflikten har heller ikkje vore så skarp som i 2008, og det er fortsatt grunn til å håpe at det blir nokolunde med dette, altså at ein unngår ein bakkeinvasjon som vil føre til langt større tap, på begge sider men i hovudsak mellom palestinske sivile.

Fleire har påpeikt at desse stadig gjentatte konfliktane mot Gaza er ulogiske, og kan ikkje føre til noe anna enn at kvar part ønsker å hevne det motparten har gjort, i ein krangel om "kven som begynte", som om det gjaldt eit slagsmål i ein skulegard, som Le Monde skreiv på leiarplass i går. For Israel må det vere openbart at dei ikkje kan "knekke" Hamas med eller utan invasjon, berre svekke dei midlertidig. Om to år er dei tilbake der dei var og må ta ein ny konflikt. Og Hamas veit jo at deira rakettar ikkje utgjer noen reell militær fare for fienden, ikkje minst fordi dei aller fleste som kjem inn mot bebudde eller strategiske mål blir skotne ned av Israels ganske effektive "Iron Dome" anti-rakettsystem, rett nok til ein prislapp på $90.000 per rakett. Men Israel står nok i den prisen - det er verre med Hamas, som etter å ha brutt med både Syria og Iran over borgarkrigen i Syria, kanskje nå bruker opp det meste av arsenalet sitt med små sjansar om snarlig påfyll, og til ingen militær nytte. 

Men det er jo alltid ein logikk som ligg bak, sjøl om det kan vere ein forvirra og motstridande logikk. Kva element er det som har ført til denne brå konflikten?

På palestinsk side er det trulig mest markering. Israel oppfatta drapet på dei tre israelske ungdommane i Hebron som ei krigshandling, og reagerte med både å drepe fleire palestinarar på Vestbreidda under jakta, og å bombe mål i Gaza. Hevndrapet på den palestinske ungdommen vart derimot oppfatta som ei vanlig kriminalsak, og etter palestinsk oppfatning forsøkt dyssa ned, med stor folkelig oppøsing som resultat. Sidan israelarane kopla dette til Hamas, såg dei trulig det som nødvendig å "markere seg" ved å skyte rakettar mot Israel, for å vise palestinarane at dei reagerte på fiendens provokasjonar.

På israelsk side var det eit meir openbart motiv: Sist søndag gjekk regjeringa egentlig i oppløysing, fordi det høgreorienterte partiet Yisrael Beiteinu (med utanriksminister Libermann) sa dei trakk seg i protest mot at Netanyahu ikkje slo hardare til mot Hamas i Gaza. Dagen etter begynte Netanyahu å slå hardare til mot Hamas i Gaza, og Libermann sitt enn så lenge fortsatt i regjeringa og skaffar fleirtal. Det er rimelig å sjå ein sammenheng her.

Men utover det så føler Israel seg trua av den nye samarbeidet, eller i det minste avspenninga, mellom Hamas og PLO på palestinsk side. Denne nye tonen (som nok kjem med tenners gnissel og utan noen garanti om lang levetid), er openbart også eit resultat av Hamas sin svekka posisjon etter skiftet i kurs i Egypt etter kuppet der. Dei satsa på ein hest som forsvann i tom luft, og prøver fortvila å finne tilbake til gamle venner, men Damaskus er opptatt med andre ting, og tar det neppe vennlig opp at Hamas svikta (og gjekk over til opprørsvennlige Qatar) da det stod på som verst. Så Hamas, låst inne på alle kantar, med eit fiendtlig Egypt og ei befolking som i stadig større grad bebreider Hamas for manglande evne til å løyse dagliglivets problem, har lite anna å gjere enn å bite i det sure eplet. Korleis skulle dei kunne gjenvinne noe politisk støtte heime og ute? Jo, ved igjen å bli både offer (for Israels bombar) og "spydspiss", den einaste som kan og vil påføre fienden noen slag, altså igjen bli Motstandsrørsla med stor M. I denne konflikten som nå går vil dei ta tap, Israel har openbart evner til faktisk å ramme Hamas sine militære ressursar, men dei kan vinne politisk. 

Dermed kan både Israel og Hamas vere tent med auka konfliktnivå: Ved å få Hamas igjen til å fokusere på sin militære kamp, kan Israel klare å drive ein ny kile mellom dei og det forhandlingsvillige PLO (som treng eit minimum av samarbeid med Israel for å kunne styre i sitt område i Vestbreidda), og Hamas tener politisk på at folk igjen kan forbinde dei med motstandsvilje og sumud, og ikkje med kaos og fattigdom i eit dagligliv som blir stadig meir umulig. Nå er det Israels skuld, og ikkje Hamas sin, at ting bryter sammen. 

Men, får vi håpe, desse politiske motiva treng ikkje meir enn denne markeringa på "2012-nivå", utveksling av rakettar og israelsk demonstrasjon av si overlegenheit (og reduksjon av Hamas si kampkraft, om enn midlertidig). Å trappe det opp til "2008-nivå"; altså bakkeinvasjon vil neppe gi meir politisk uttelling, men kan føre til langt større tap og skader enn vi har sett til nå. Så vi kan vere optimistar og tru at denne konflikten vil gå over etter ei veke eller kanskje to, når begge partar har "fått sitt", og gjerne som i 2012 gjennom forhandlingar med Egypt og kanskje USA, som begge har tilbudt seg, som mellommenn. 

onsdag 9. juli 2014

Kalifatet

Etter at "kalif Ibrahim" erklærte at "kalifatet er komme tilbake", har media kasta seg over dette begrepet og historia til det. I denne fjerde, og kanskje i denne omgang siste, historiske refleksjonen over hendingane i Irak, kan vi oppsummere litt korleis dette ordet er blitt brukt. For dei som har tatt innføring i Midtausten-historie, blir det litt repetisjon, men det kan vere greitt å få det samla.

Kva betyr det?
Ordet kalif, arabisk khalifa, kjem frå eit verb for å "følge etter", og betyr slik "etterfølger" etter profeten Muhammad, men kan også ha meining "å stå i staden for", altså "representant". Verbet khalafa er dagligspråk, "eg følgte etter han inn i huset", og mens khalifa stort sett viser til vår "kalif", herskar, så kan det også brukas meir nøytralt om ein mellomleiar, altså "stadfortredar", i ein religiøs organisasjon, slik har mange sufi-brorskap ein eller mange khalifaer, som da berre betyr at vedkommande leiar ei grein av brorskapet. Men den vanligaste bruken er jo den vi kjenner, som vår kalif.

Kor lenge varte kalifatet i historia?
Her finn ein mange variantar i dagens kjappe "fakta-rubrikkar" i avisene: frå 630 til 1250, eller til 1517, eller til 1924, fritt val. Alle desse kan vere "rett" eller "feil"; alt etter som kva ein legg i det. Vi bør derfor sjå det litt i faser, sidan uttrykket vart brukt på ulik måte opp gjennom tidene.

Første fase: kalifen som reell herskar over eit samla muslimsk rike
Dette var den første og opprinnelige betydninga av ordet: Pofeten Muhammad var ved sin død i 632 politisk leiar for ein stat i full ekspansjon. Dei leiande i samfunnet utnemnte raskt ein av hans medarbeidarar til khalifa for å ta over styringa av denne nye staten. Etter kvart vart skillet mellom religiøs og politisk autoritet også ganske klart: Kalifen hadde arva Profetens rolle som statsleiar, men ikkje hans teologiske autoritet: Kalifen skulle ikkje bli noen pave som fastsatte teologien, det gjorde dei lærde uavhengig av han.
       Kalifatet gjekk gjennom fleire dynastiskifte, og hovudstaden flytte seg frå Medina over Kufa og Damaskus til Bagdad, men sjølve institusjonen var den samme: Det var éitt samla muslimsk rike, og kalifen var herskaren over dette. Rett nok var det stadig opprør, og i utkantane av riket (særlig Nordafrika og al-Andalus, dagens Spania) reiv utgrupper seg fri frå kalifens autoritet, men prinsippet om eitt rike og ein kalif heldt stand, heilt til indre rivningar gjorde at både einskapen i riket og kalifens makt gjekk i oppløysing. Slutten kom i 936, då kalifen gav frå seg makta i Bagdad til ein general som ikkje hadde ambisjon om å styre meir enn nærområdet i det sentrale Irak. Resten av den muslimske verda var oppdelt i sjølstendige muslimske småstatar, som kvar var styrt av ein sultan. 

Andre fase: kalifen som formelt, men ikkje reellt overhode
Sultan betyr berre herskar, det vere seg over eit stort eller lite område. Mens det i teorien berre kunne vere ein kalif i verda, kunne mange sultanar herske ved sidan av kvar andre. Dei var eigenrådige, og erobra kvarandres byar og riker med stort gjennomtrekk. Men sidan deira legitimitet berre var fysisk makt, søkte dei fleste støtte ved å skrive til kalifen, som fortsatt satt makteslaus i sitt palass i Bagdad, og be om at han skulle "utnemne" dei til sin mann i det området dei styrte. Det gjorde kalifen, så hadde også han ein funksjon, det hadde ikkje gjort noen forskjell om han hadde nekta. Slik kunne ein fiksjon om at kalifen fortsatt spilte ei rolle over eit muslimsk rike bli oppretthalde. Men det var berre i ein kort periode på 1100-talet at ein aktiv kalif prøvde å tilta seg reell politisk makt igjen, og da berre i Irak rundt Bagdad. Perioden da vi fortsatt hadde ein kalif som var allmennt anerkjent som del av det gamle abbaside-dynastiet men utan makt, varte slik frå 936 fram til Bagdad vart rasert av dei heidenske mongolane i 1256.

Tredje fase: kalifen som formell figur i Kairo, berre for Egypt
Då mongolane herja, var det berre Egypt, da styrt av dei såkalla "mamluk-sultanane" som stod i mot og forsvarte islam. Der dukka det opp ein mann som påstod seg å vere slektning av den siste abbaside-kalifen, og dermed rette arvtakaren til kalif-vervet. Det passa sultanen godt, og han installerte denne fyren som kalif i Kairo, med samme oppgåve som før: å formelt utnemne sultanen som "sin tenar". Dette var altså eit framhald av rolla frå Bagdad, men med den forskjellen at ingen utanfor Egypt godtok denne "kalifen" som arving av Bagdad-kalifen, han var ikkje lenger noen "universell leiar" for alle sultanar i den muslimske verda, berre lokalt for mamluk-herskarane. 

Fjerde fase: mange "kalifar" men utan innhald
Dermed var tittelen kalif blitt "ledig på markedet", og fleire sultanar begynte å ta i bruk tittelen på seg sjøl rundt om. Dette hadde skjedd alt på 900-talet: Dei sjølstendige herskarane i al-Andalus hadde i den første tida berre kalla seg emir (kommandant) for ikkje å rokke ved ideen om eit samla islamsk rike. Men i 929 gjorde dei seg heilt sjølstendige ved å erklære seg for eit kalifat. Andre i Nordafrika følgte opp med samme tittel, og etter kvart kom det også fleire kalifar både i India (moghulane) og andre stader.
        Men innhaldet i tittelen var nå blitt utvaska, og den mista snart den betydninga den hadde hatt som arving og etterfølgar av Profeten. Kalifen i Kairo mista fleire og fleire av privilegia sine, og dei mange ulike kalifane rundt brukte nå tittelen berre som eit honnørord blant mange når dei ramsa opp alle sine bragder (den osmanske sultanen i Istanbul var m.a. også "romersk keisar"), det var sultan som nå var den viktige tittelen som viste at dei styrte, og da berre over sitt eige område, ikkje meir. Nå kunne det altså godt vere mange kalifar ved sida av kvarandre, kvar i sin stat.
       Slik vart også osman-sultanen alt på 1300-talet kalt "kalif" som ein tom ærestittel som dei ikkje la noe vekt på. Då dei i 1517 tok Kairo og fann "kalifen" som mamlukane hadde sittande der tok dei han  til fange, sette han i fengsel i Istanbul og avskaffa i realiteten hans embete. Det var altså ingen overføring av formell eller reell legitimitet frå denne skygge-kalifen til den osmanske sultanen - den opprinnelige meininga hadde på den tid blitt irrelevant og forsvann heilt med dette. 

Femte fase: Den osmanske sultanen vekker tittelen til live
Først 250 år seinare dukkar ideen om ein samla kalif opp igjen. Og nå er det den osmanske sultanen som pussar støv av den, med seg sjøl i rolla. Vi ser tittelen begynner å dukke opp i osmansk diplomati seint på 1700-talet, men sterkast i siste del av 1800-talet. Dei meiner at dei heile tida jo har vore "kalifar" - samtidig som keisar og prins og så mye anna - men dei påstod også at ein tidligare sultans mor hadde nedstamma frå dei "ekte" abbaside-kalifane i Bagdad, og at dei dermed også hadde stamtavla i orden. Hensikta var å kreve på autoritet ikkje berre over sitt eige store område, men at dei nå kunne, i kraft av kalif, snakke på vegner av alle verdas muslimar.
             Samtidig dukkar ein teori opp, trulig lånt frå europeisk konstitusjonell tenking, om eit skille mellom ei verdslig makt - som låg i sultan-tittelen, og ei åndelig makt, som da skulle ligge i kalif-tittelen. Dette har ingen bakgrunn i reell historie, som nemnt var den tidlige kalifen nettopp ein politisk leiar utan religiøs autoritet, men nå sa den osmanske sultanen at han som sultan styrte over sin eigen stat, men som kalif var han leiar for muslimane også i alle andre land. Slik gjekk kalif-tittelen frå å vere ein gløymt og innhaldslaus ærestittel til å bli eit separat embete, atskilt frå sultan-vervet men samla i samme person.

Sjette og siste fase: Den osmanske kalifens fall
På 1800-talet var dette kravet først og fremst brukt diplomatisk overfor europearane, og med eit visst hell: Då Austerrike t.d. erobra Bosnia i 1878, fekk sultanen likevel behalde "religiøs autoritet" over muslimane der i kraft av "kalif", det samme skjedde i noen koloniar. Men mye meir realitet enn dette og som argument i sultanens mislykka forsøk på ei "pan-islamistisk" reising, var det ikkje. 
        Slutten kom da også kort tid etter, da det osmanske riket fall sammen etter første verdskrig. Atatürk skilte likevel også mellom dei to embeta: Mens sultanen vart avsatt som sultan i 1922, vart kalifatet avskaffa ved tyrkisk vedtak først i februar 1924.
       Sjøl om dette "kalifatet" altså berre var lokalt osmansk, og knapt hadde eksistert i to generasjonar, førte likevel sjølve idéen om at "kalifatet" nå var borte til uro også hos muslimar langt utanfor deira område, "evig eies kun det tapte", om det så var for tusen år sidan. Fleire forslag om å la muslimske kongar eller leiarar ta over tittelen kalif, førte likevel ikkje fram. Men det var altså eit svært kortvarig kalifat som her forsvann, å trekke dette tilbake til profeten Muhammads tid er like rimelig som å seie at Romarriket varte fram til 1806 (da det "heilage romerske riket" vart til keisarriket Austerrike) eller heilt til første verdskrigen, sidan den osmanske sultanen jo også hadde påstått seg å arve tittelen "romersk keisar" frå bysantinarane.

Ny fase i vår tid?
I islamistisk propaganda har begrepet kalif ofte spilt ei rolle, men ganske vag. Også parlamentarisk orienterte islamistar, som Det muslimske brorskapet, kan til tider snakke om "kalifatet" som ein slags framtidig ideal-tilstand, sjøl om dei også samtidig snakkar om moderne republikkar bygd på folkesuverenitet. Dette siste er altså ei uklarheit, kanskje bevisst, kanskje uttrykk for ulike retningar innanfor desse gruppene, men mest trulig rett og slett at dei ikkje har utvikla noen klar statsteori. For dei fleste er derfor "kalifatet" ikkje noe presist mål eller styringsform, men berre eit symbolsk og retorisk begrep for ein tilstand der religiøs moral har avgjerande innverknad i samfunnet, og spesielt: der den islamske verda står samla på ein eller annan måte.
        Slik har også al-Qa'ida og meir radikale grupper brukt begrepet, men dei legg naturligvis langt meir strenge oppfatningar, dei ville ikkje lefle med "folkesuverenitet"; for dei er det Guds styre (hakimiyya, eit moderne begrep) som skal ligge bak. Men ikkje meir konkret enn det. Berre éi gruppe, Hizb al-Tahrir, som oppstod i Palestina og Egypt på 1940-talet, fokuserte på dette og sa at samlinga av alle muslimar i eit felles kalifat måtte komme først, før all annan kamp for islamsk styre. Denne gruppa har slik vakla mellom å vere fredelig (ingen jihad før kalifatet er på plass), og noen stader å lefle med meire militante metodar.
        Så altså nå da IS, som hermed påstår at nå er kalifatet her: ved at alle andre "ekte" muslimar aksepterer deira kalif Ibrahim. Sjøl om dei snakkar om 1924, så er det naturligvis den første fasen etter Profeten dei tenker på, med kalifen som reell og eineveldig herskar, men der andre jihadist-leiarar kan få arbeide vidare på eiga hand, om dei berre godtar Ibrahim som sin over-herre. Det er eit høgt spel. Noen grupper har slutta seg til dette, og begynner å kalle seg for "IS i det og det området", men fleire av dei viktigare jihadist-gruppene har fordømt IS, fordi dei seier at forholda ennå ikkje er komme så langt at dette er rett: Ein kan ikkje kalle seg for "kalif" berre fordi ein tatt styring med eit mindre område i to land. Samlinga av muslimane til eitt rike ligg ennå langt fram i tida, ser også dei. Så dei vil avvise dette kravet.

Idéen om ein mektig kalif som styrer over eit stort og utvikla muslimsk rike er eit sterkt retorisk verkemiddel. Men ser vi på historia, så har det altså i størstedelen av tida - faktisk spesielt også i den såkalla "arabiske gullalderen" mellom 900 og 1200 - vore ein fiksjon. Slik vil det nok også forbli, og dei fleste muslimar, radikale som moderate, ser nok også at kalifatets tid ikkje er nå.

onsdag 2. juli 2014

Irak: Kalifar og sufiar til sammen?

Den smule debatt vi har starta om rette namnet på opprørarne i Irak er ISIS eller Isil, vart altså raskt forelda, nesten før vi kom i gang. Nå er dei korkje det eine eller andre, men berre al-Dawla al-islamiyya, eller "Den islamske staten". Som da må forkortas med IS. Dette namnet er iallfall for oss litt eldre alt forbunde med Internasjonale Sosialistar, ei trotskist-gruppe som vel også kjempar for ein verdsrevolusjon for sine idear, om enn med heilt andre middel. Og utan sammenlikning for øvrig...

Men altså, det har vore mye snakk om at IS nå har proklamert kalifatet, den store muslimske fellesstaten, med deira leiar al-Baghdadi som kalif under sitt rette namn, kalif Ibrahim. Alle ekte muslimar må underlegge seg han, seier dei. Det vil nok verdas muslimar stort sett ikkje gjere. Media har store dagar med dette, kalifatet frå 600-talet er tilbake, statsgrensene står for fall, Sykes-Picots inndeling av Midtausten i moderne statar er oppløyst etter 98 år, og så vidare. Slik er det jo ikkje. Statsgrensene ligg trygt, enn så lenge. Det vi har er eit opprør som har spreidd seg frå eitt land over grensa til nabolandet, og det er ikkje så historisk i seg sjøl. Men er denne erklæringa om kalifatet da berre eit slag i lufta, vil det ha noen betydning i det heile?

Tja. Det kjem litt an på. Utanfor opprørsrekkene har det nok ikkje noen særlig effekt. Men spørsmålet er kva det vil få å seie innanfor desse sirklane.

Det store spørsmålet er kven det eigentlig er som kjempar i Irak, og kva slags dynamikk som kampane har skapt. Vi veit at ISIS aldri var så mannsterke, iallfall ikkje nok til å ta så store områder dei nå har. Hovuddelen av dei som slåss må komme frå allierte grupper, og vi har noen indikasjonar på kven det er, sjøl om vi jo ikkje kjenner så mange detaljar. Men vi kan grovt dele dei i to (sjøl om også desse nok flyt sammen i stor grad). Den eine er lokale arabiske (sunniske) stammar i regionen, spesielt Anbar-provinsen i nord-vest. Desse stammane har i skiftande alliansar dels slåss mot amerikanarane, dels alliert seg med desse mot Qa'ida-opprørane da dei gjekk over styr. Nå er det regjeringa til Maliki, og sentralstyret i Bagdad i det heile, som dei kjempar mot, og har gått i felles front med ISIS.

Den andre komponenten, som nok også er knytta til stammeband eller lokale lojalitetar, er restar etter Saddams styre og styrkar. Det mest kjente namnet her Izzat Ibrahim al-Duri, som var minister og ei tid svigerfar til Saddams son Uday, og kjent for sitt raude hår og mustasje. Og nå blir det interessant, for den gruppa han har leia heilt sidan Saddams fall, heiter Jaysh Rijal al-Tariqa al-Naqshbandiyya, "Hæren til Naqshbandiyya-ordenens menn". Og det heiter den fordi Duri sjøl og mange av hans menn er medlemmer i Naqshbandiyya-ordenen, som står sterkt i regionen. Og kva er vel dette, om ikkje ein sufi-orden? Ja, ein sufi-orden som gjerne blir rekna med til den samme "ny-sufismen" som dei nordafrikanske brorskapa vi her i Bergen har forska så mye på? Her er det mye moro og interessant. Vi kan - og noen vil heilt sikkert - skrive ei bok om dette. Eg må halde meg i skinnet, så det får vi komme tilbake til i andre sammenhengar.

For vårt formål her, la oss berre ta hovudpunkta. Ein sufi-orden er altså ein folkelig, organisert, mystikar-tradisjon i islam. Det er ikkje ei eiga trusretning eller teologi, men ein annleis praksis, ein måte å leve islam på. Sufismen er gammal, den er fredelig, og den er i følge salafistar og islamistar av ymse slag fylt av overtru og langt ifrå ekte islam, sidan sufismen legg stor vekt på heilage menn og rituale som ikkje er nemnt korkje i Koranen eller sunnaen (her er sufiane ueinige) og derfor er ureint slagg som er blitt blanda inn i trua. Sufismen er derfor ikkje god islam i følge salafistar som ISIS. Så dei er ikkje gode venner.

Naqshbandi-ordenen stammar frå middelalderen, men fekk ei oppfrisking tidlig på 1800-talet, og vann stor oppslutning frå Balkan og Tyrkia, over Syria og Irak til Sentralasia. Som andre ordnar er den i hovudsak upolitisk, men Naqshbandi-leiarar har også til tider organisert ulike opprør, slik m.a. i Kaukasus frå shaykh Shamil fram til 1920-åra. I Tyrkia overlevde ordenen under Atatürks sufi-forbod, og fleire moderne leiarar, slik som president Turgut Özal var aktive medlemmer av ordenen. I Damaskus i Syria er den utbreidd hos intellektuelle og religiøse leiarar, og var der knytt til reformistrørsler (m.a. for tanzimat) frå sist på 1800-talet. Det er altså ein svært variert og vidspreidd orden, og sjøl om den er organisert, er den ikkje sentralstyrt kva gjeld det sosiale og politiske lokale leiarar vel å ta del i. Her, i det nordlige Irak, ser den først og fremst ut til å ha vore knytt til lokale stammeleiarar, og -medlemmer, mellom dei fleire Ba’th-folk.

Dette blir dermed litt uklart, for Ba’th er ei sekulær nasjonalistisk rørsle, og det er vanskelig å tru at sufi-mystikken lar seg lett blande med ba’th-sosialismen. Det er mest trulig heller ein indirekte sammenheng, der stamme- og regiontilhørigheit er den sammenbindande faktoren: Folk frå dette området av Irak slutta seg til Ba’th, og folk herfrå hadde bakgrunn i Naqshbandi-sufismen, utan å trekke ideologiske band mellom dei to tinga. Men dette må det forskas på...

Det som er viktig her, er jo at sjøl om denne ”Naqshbandi-hæren” er ganske vag når det gjeld ideologi, og ba’thismen vart tømt for ide-innhald i Saddams siste tiår - og stammeband bygger ikkje på religion - så er ISIS ekstremt ideologiske og opptatt av rett tru. At dei andre sluttar seg til den som har den sterkaste krafta, er greitt nok. Men at ISIS skulle vatne ut ideologien sin for å ta hensyn til noen alliansepartnarar virkar mindre trulig. Så her er det sprengstoff på gang.

Vi er ikkje dei einaste som har oppdaga dette. Men noen av stammeleiarane som nå slåss sammen med IS(IS), berre blæs av det. Dette er berre ein taktisk allianse, og det er vi som er tyngda og står for kampen, seier dei. ISIS er OK og gode soldatar, dei har ikkje gjort oss noe, men ikkje bry dykk så mye om dei. Om dei yppar seg og blir eit problem, så skal vi lett ta hand om dei.

Dette kunne vore annleis. Det finnes naturligvis stamme- og slektsband over den syrisk-irakiske grensa. Hadde ISIS vore sterkt integrert i stammestrukturen, kunne vi faktisk ha tenkt oss at deira nye "stat" kunne organisere stammar på tvers av statsgrensa, og slik danne grunnlag for ei slik ny statsdanning som media skriv om. Men her må vi ta med at ISIS, sjøl om dei internt er samordna og samkjørt, har ei heilt ulik historie i dei to landa. I Irak, har dei under namna al-Qa'ida og ISI slåss i ti år nå, og har skaffa seg fiendar, men også venner - alliansen vi ser i dag er openbart resultat av ti års kampfellesskap mot Bagdad-styret (og USA bak dei). I Syria er dei resultat av ei splitting med resten av Qa'dia, og dei har bevisst fått alle andre grupper og stammar mot seg. Ein stor front av opprørarar, mange av dei salafistar som ISIS sjøl i ideologi, slåss nå i open krig mot ISIS. Så i Syria står dei heilt åleine, og kan ikkje bygge noen slik større allianse: Også ISIS si politiske rolle følger statsgrensa, uansett kva dei sjøl seier.

I så fall, har ikkje ”kalifatet” så stor betydning. Men så er det spørsmål om dynamikken, da. ISIS frontar openbart opprøret utover, men også innover: Dei, det ekte, indre ISIS; har faktisk stor kamperfaring og er gode til å slåss, men ikkje minst fekk dei ei kraftig vitamininnsprøyting med dei amerikanske våpna regjeringsstyrkane let etter seg i Mosul. Amerikanske Humvees gjorde heile forskjellen då ISIS nå brøyta seg gjennom den syriske Eufrat-dalen, og deira rivalar i Nusra-fronten, måtte berre strekke våpen og ”slutte seg til” den nye maktfaktoren. Enn så lenge har dette ikkje fått betydning i andre delar av Syria. Men det er ingen ting som rekrutterer slik som suksess, og inntrykket av at ISIS (IS, nå da) stormar gjennom heile Midtausten gjer at dei kan tippe balansen - det som var pragmatisk allierte kan bli vekt ideologisk og ta til seg ideologien til IS (det var det som skjedde med Haqqani-gruppene i Afghanistan). Dei kan slik komme til å  sjå "kalifen", ikkje sine eigne stammeleiarar, som den dei kjemper for, og dermed kan det vere fare for at troll går i ord: ved å presentere opprøret i Irak som eit reint IS-opprør kan ein skape eit inntrykk berre IS sjøl tener på. 

Her kjem da også den interne betydninga av tittelen "kalif" opp. Qa'ida brukte det aldri: Dei rekna Afghanistan som eit "islamisk emirat", ein lågare tittel (emir betyr kommandant) som vart gitt til Talibans leiar Mulla Muhammad Umar, så Bin Laden rekna formelt Mulla Umar som sitt "islamske overhode", sjøl om det berre var formelt. Ved å gjere krav på kalif-tittelen, stiller "kalif Ibrahim" alle andre jihadistar overfor eit val: Enten godta ei (formell) underordning av sitt "kalifat", eller å bryte banda og erklære Ibrahim og IS for vranglærarar. Han kan vinne noe oppslutning på dette, nettopp fordi han ser ut til å vere ein vinnar på slagmarka, men det er eit høgt spel også internt.

Så, korleis går det i dei nyvunne områda i Irak? Litt forskjellig, etter dei få rapportane som er komme til nå. I Mosul vart det sagt at ISIS erobra byen, men så berre fortsatte vidare på sin sigersferd sørover, og overlot Mosul til andre allierte. Dei ”som ikkje hadde skjegg”, altså ikkje-salafistar, tok over administrasjonen av byen, og ingen middelalderske reglar er blitt påtvungne noen, sa noen rapportar. Frå andre erobra byar har vi derimot hørt det motsatte, med innføring av harde religiøse reglar og henretting av rivalar frå andre grupper og av sivile. Det kan nok vere her vi bør følge med kva som skjer: kva for ein av desse to måtane å styre områda på kjem til å vinne fram? Held alliansen, eller vil det bli intern rivalisering og strider, og kven er da sterkast, det velutrusta IS, eller dei lokalt forankra stammane?

Det er altså mulig å vere pessimistisk, og tru at IS sin framgang vil skape ein dynamikk der deira samfunssyn vinn større oppslutning. At dei klarar å bite seg fast både oppe i Eufrat-dalen (Syria) og lenger nede i dalen (Irak nord for Bagdad). Men vel så trulig er det at dette ikkje kan halde. Den ideologiske spenninga er for stor. IS kan nok ikkje la vere å prøve å påtvinge sitt samfunnssyn på sine strategiske allierte, og mest trulig vil dei, eller iallfall mange av dei, avvise dette, og så får vi sjå kva følger det kan få. Og kva med Naqshbandi-hæren? Kor lenge kan IS tåle å kjempe sammen med noen som har eit namn dei reknar som det skire kjetteri?

lørdag 28. juni 2014

Om ISIS og korantolking

Eit lite islamologisk sidespor, forresten, sidan vi snakkar om ISIS og den slags. Lars Gule skreiv om dei i Klassekampen nylig (26.6), at dei islamske lovene [han meiner vel openbaringsteksta, lovene blir jo tolka i domstolen] har ”alltid blitt tolket, og Isil [ISIS] mener deres tolking er den eneste rette”. Dette er ikkje feil, men litt upresist, og kan gi grunnlag for ein liten kommentar.

Det er rett at vi, som står utanfor, ser at Openbaringa, også Koranen, nødvendigvis må gjennomgå ei tolking, og ikkje minst ei lesing, altså å gi orda og setningane ei meining. Dette er ikkje uvesentlig i Koranen, sidan språket som den er skriven på, arabisk, i stor grad er skapt gjennom Koranen, og Koranen på sett og vis kom før språket, og ikkje språket før teksta. Naturligvis hadde Muhammad og folket i Arabia eit talespråk før Koranen, men knapt noe skriftspråk, og når Koranen vart nedskriven og teologien rundt utvikla eit hundreår seinare, var mange av orda i Koran-teksten blitt ukjente for den tidas arabarar. Dei måtte derfor bestemme (teologisk) kva ordet betydde i Koranens sammenheng først, og så vart ordet deretter tatt inn i standard arabisk skriftspråk i den betydninga deretter.

Eit godt døme på dette er ordet riba. Det blir omtalt som noe negativt i Koranen, ei form for salg som Gud har forbudt. Men ordet var elles ukjent for 700-talets arabarar, så kva var det som Gud hadde forbudt? Vel, ordet kan henge sammen med ein ordstamme, raba, som betydde ”å vekse” eller ”å bli meire”. Samtidig var det ein vanlig skepsis mot at noen krevde ågerrenter, altså nytta lånarens pengebehov til å forlange urimelig høg rente for eit pengelån. Det var derfor rimelig å knytte dei to sammen, å meine at i Mekka-dialekta (slik Gud brukte arabisk) måtte riba ha vore eit lokalt begrep for ågerrente. Derfor måtte ordet bety dette, og slik har det gått inn i det arabiske språket til denne dag, riba betyr ågerrente. Juridisk har dette seinare blitt utvida til å omfatte all slags rente, uavhengig av størrelsen på renta, men det er ei anna historie, poenget her er at ei slik lesing av teksten, og å gi orda ei meiningsfull betydning, er logisk uomgjengelig for å begripe ein tekst - anten ein nå vil bruke tolking til å la bodordet mot riba bety at eikvar rente på lån er forbudt eller berre den umoralsk høge ågerrenta.

Så det meiner vi logisk. Men salafistar, som ISIS men også mange i den fredelige varianten, er ikkje samd. Dei meiner ikkje at ”vår tolking er den einaste rette”, men at ”det trengs inga tolking”. Koranen er heva over menneskelig tolking, den har ei openbar meining som er klar for alle som berre les teksten utan ”teologiske skylappar”. Det er grunnlaget deira for å seie at deira tru er den einaste rette, fordi det er berre dei som les teksten slik Gud har gitt den, alle andre les den gjennom sine ”tolkingar” som forvrir teksten i andre retningar enn Gud openbart ville. Dette høres jo ut som ein openbar tilsnikelse av rettru, men det er opplagt at eit slikt argument slår godt: Ikkje hør på oss, ikkje hør på dei andre: berre les teksten, så ser de jo sjøl at dette vi gjer er det som står der og som Gud har sagt.

Nå er ikkje salafistane dei einaste som har hevda dette for sitt syn opp gjennom tidene. I middelalderen fantes det ei retning innan islamsk lov, Zahiriyya, som sa det samme: ”zahir” betyr Koranens og sunnaens utvendige (altså ikkje-fortolka) tekst, som dei meinte måtte komme i staden for tolkingane juristane i dei ulike ”lovskulane” hadde utvikla da dei gjorde openbaringsteksten om til ei handterbar og systematisk lov. Men zahiriyya var meir ein ideologisk ståstad enn praktisk jus, når deira største jurist Ibn Hazm (d. 1064) utvikla praktiske lovreglar var dei til forveksling lik den vanlige jusen, han berre argumenterte annleis for reglane.

Også i sufismen, den mystikken salafiane hatar (sidan han ikkje er omtalt i Koranen, men er ein folkelig truspraksis), fins liknande idear: Den som har eit ”opent hjarte” treng ikkje utvendig fortolking, men vil av Gud bli inspirert til å forstå den eigentlige meininga av orda ved berre å lese teksta (slik sufien Ahmad b. Idris, d. 1837). Interessant finn vi noe liknande hos han som jihadistane (men ikkje alle andre salafistar) verkelig setter høgt, Sayyid Qutb (d. 1966). Han hadde også ei oppfatning om at det var berre éi rett tyding, den som ein fekk ved å lese koran-teksten direkte, og at tolking var unødvendig - det er her ISIS og liknande har henta den oppfatninga. Men når ein les Qutb, ser ein at heller ikkje han seier noe om korleis lesaren faktisk kjem fram til denne ”openbare tydinga” i ei motsetningsfull tekst, det skal ikkje vere gjennom feilbarlige menneskelige mellommenn. Også han virkar som å ha ein nær mystisk ide om at den ekte og reine truande vil komme fram til den eigentlige meininga spontant, kanskje inspirert av Gud. Dette er noe av det som fekk Qutb-historikaren Olivier Carré kalle han for ”islamistisk mystikar”, og også at meir skriftnære salafistar seinare avviste ideane til Qutb, som jo ikkje var spesielt lærd i islamsk teologi og jus.

Slik dekker jihadistane og ISIS si oppfatning om at ”det er berre å lese den reine teksta” over eit problem som meir reflekterte teologar raskt oppdagar. I realiteten blir det, som Gule litt vel kortfatta oppsummerer, at ”vår tolking” er den einaste, men altså under eit dekke av at ”vår tolking” ikkje er vår tolking i det heile, men Guds uforfalska ord. Derfor blir den teologiske debatten om tafsir (koran-tolking) er nødvendig eller ikkje viktig i andre muslimars møte med jihadistisk islam-teori.

onsdag 25. juni 2014

Syria og Irak: Nye grenser, gamle grenser

Store endringar i Midtausten for tida, noen presenterer det som historisk: nye grenser er på veg, dei gamle linene som Sykes og Picot trakk opp i 1916 hører snart fortida til! Nå, dei gjer nok kanskje ikkje det så fort, men at både Syria og Irak står oppe i ei krise der samhaldet innan landa blir satt på prøve, er nok klart.

Nå som sommaren elles legg seg, kan det kanskje vere eit pusterom for å komme tilbake litt til noe av dette etter kvart. Men la oss først legge ut på ein liten historisk ekspedisjon til regionen. Og la problemstillinga vere konkret og enkel: Denne gruppa som har tatt pusten frå alle ved å storme fram nedover Eufrat, kva skal vi kalle den på norsk: ISIL, som norske aviser ser ut til å ha vedtatt, eller ISIS, som nå er mest vanlig på engelsk? Og kva har det med historia å gjere?

La oss ta det punktvis, for dette kan bli komplisert. Denne avleggaren av al-Qa'ida kalte seg først for al-Dawla al-islamiyya fi'l-Iraq, Den islamske staten i Irak. Da dei rykka inn i det syriske opprøret for to år sidan, utvida dei følgelig namnet sitt til al-Dawla al-islamiyya fi'l-Iraq wa'l-Sham. På arabisk blir det forkorta til Da'ish, etter forbokstavane - for øvrig ganske uvanlig for arabisk, dette å lage slike forkortingar.

Problemet var når ein skulle omsette dette til europeisk. Den første versjonen var grei, ISI. Men då dei la til tillegget, vart det forvirrande: For kva er dette al-Sham, som dei nå inkluderte i sin "stat"? Her må vi inn med litt historisk geografi, for sjøl om Sham (ofte stava Cham med latinske bokstavar, som i det kjente turisthotellet Cham Palace) er fortsatt i bruk i Syria, er det først og fremst eit eldre arabisk namn på regionen.

Vi må heilt tilbake til dei gamle grekarane, som var dei som byrja kalle området inst i Middelhavet for "Suria". Dette namnet går trulig ennå lenger tilbake, til oldtidsbyen Ashshur og riket Assyria i det øvre Mesopotamia, som rett nok ligg i nord-vest-Irak i dag. Då Romarriket erobra området inst i Middelhavet, gav dei provinsen dette namnet Syria. Slik kom det også inn i Bibelen og Juleevangeliet, der vi hugsar at Kvirinius var "landshovding i Syria" (Luk. 2:1). Han var dermed også overhode for Nasaret og Jerusalem, som altså begge hørte inn under provinsen Syria.

For arabarane var denne regionen i nord, og dei kalte det derfor "landet i nord", al-Shimal, som over tid vart forkorta til al-Sham (mens det i sør var al-Yaman, vårt Jemen. Dei to orda blir elles også brukt om hhv. venstre og høgre, altså nord og sør når ein står med ansiktet mot soloppgangen).

Hos romarane var provinsen "Syria" i hovudsak det som romarane styrte mellom Egypt og Anatolia (dagens Tyrkia). Arabarane overtok dette omgrepet, men prøvde å definere det betre. Slik var det klassisk avgrensa til å vere området om lag frå Taurus-fjella (heilt sør i Tyrkia) i nord til Gaza i sør, og frå Middelhavet i vest til ørkenen i sør-aust, og til Eufrat i nordvest. Som ein ser av kartet, er dette området altså både større og mindre enn dagens republikk Syria: Det går lenger sørover, men inkluderer ikkje den øvre delen av Mesopotamia (Eufrat-dalen) som er med i dagens republikk. Dét området hadde sitt eige namn, al-Jazira (eitt av mange område med det namnet, det betyr "øya", altså med elve-vatn på begge sider. TV-stasjonen har namnet sitt frå ei anna "øy", den arabiske halvøya).

Dette var eit geografisk namn, ikkje eit politisk eller adminstrativt, av og til var det samla, av og til delt i fleire små sultandømmer eller bystatar. På vestlige språk bruker vi "Syria" om det, og snakkar om Egypt, Syria og Irak som dei tre store regionane i det arabiske aust.

Kjem vi til det osmanske riket som styrte her frå 1516 til 1918, så snudde dei om på dei administrative einingane sine mange gonger. Som oftast var likevel heile Syria / al-Sham rekna som ein større region eller provins, velayet, som tok namn sitt frå hovudstaden, Damaskus.

Så kjem da det som skapar forvirringa: Oppdelinga av Midtausten etter det osmanske rikets fall. Der delte altså dei to diplomatane Sykes og Picot området langs ein bestemt breddegrad, fransk i nord og britisk i sør. Dette var ei heilt ny inndeling, ukjent tidligare. Etter litt forvirring arva da den biten som hadde storbyen Damaskus i seg, namnet til den gamle provinsen, men nå i europeisk / fransk avtapning, Syria (eller Syrie, på fransk). Libanon vart også skilt ut, men mange arabistar der motsette seg dette, dei såg seg som syrarar, og stifta det syriske nasjonalistpartiet som altså ville gjenforeine det historiske Syria. Skiftande regime i Damaskus hadde og har også ein særlig omtanke for Libanon av samme grunn. Sør for grensa, i det britiske området, var det likevel mindre slike tendensar, ein eigen palestinsk nasjonalisme vaks fram i staden.

Men etter kvart så har altså dette festa seg, og "Syria" kom etter kvart til å bety området til republikken Syria slik det vart. Slik vart også det gamle namnet al-Sham, som fortsatt vart brukt både i turist- og andre sammenhengar, knytta til "Syria" i moderne forstand, det referer i dag til republikken Syria slik vi kjenner den.

Det vil si - eg sa jo at dette var komplisert - i daglig, folkelig arabisk betyr det oftast hovudstaden i Syria. Når ein i Aleppo eller Homs seier at ein "reise til al-Sham", så meiner ein at ein skal til Damaskus. Land og hovudstad er ofte synonyme i arabisk ("Misr" betyr både Kairo og Egypt, og Alger/Algerie og Tunis/Tunisia har jo også formelt samme namn på arabisk). Men når al-Sham blir brukt for turistar og som malerisk namn på eit større land, er det (dagens) Syria som normalt er meint - at det før omfatta dagens Palestina, Jordan og Israel er gløymt.

Og for å gjere forvirringa total: Snakkar dei syrisk i Syria? På engelsk, kanskje (syrisk dialekt iallfall), men ikkje på norsk. Iallfall ikkje for folk med klassisk filologisk bakgrunn. For, mens folket i  oldtidas Assyria snakka akkadisk, så utvikla det seg seinare (frå arameisk) eit oldtidsspråk som blir kalla Syriac på engelsk, men syrisch på tysk, og derfor også syrisk på norsk. Men dette vart altså aldri brukt i Syria, men i delar av det som i dag er Irak, der også assyriske kristne er eit eige kyrkjesamfunn, mange av dei flyktningar i Sverige, og dei brukar dette som sitt liturgiske språk. Og det har da ingen ting å gjere med talespråket i Syria, som er den syriske dialekta av arabisk...

Ja, og så var det altså Levanten, da. Det er openbart eit reint europeisk namn ("soloppgangens land") og vart normalt brukt synonymt med Syria i orientalismens tid frå 1600-talet og framover. Kanskje er det lånt frå det arabiske Mashreq, landet der sola går opp, som er heile det aust-arabiske området - av det er det litt forvirring om "Levanten" også omfattar Irak. Det var alltid eit meir malerisk, aldri noe presist begrep. I vår tid blir det mest brukt arkeologisk, men det har hatt ein spesiell funksjon: ein måte å omtale eit område som omfattar både Israel, Palestina og Jordan utan å trå noen politisk på tærne (særlig "The Southern Levant" har openbart den funksjonen). Men før i dag har det ikkje vore i vanlig bruk om dei moderne statane. Når noen vil snakke om "det gamle Syria" før 1918, så bruker noen "Stor-Syria", men dette antyder ein ambisjon om å gjere Syria "større" enn i dag, som kanskje er rett når det gjeld Libanon, men ikkje Palestina/Jordan, her er det liten revansjisme på historia å spore.

Så kvifor "ISIL", som avisene seier? Noen journalistar har openbart ikkje forstått denne historia, som jo også er ganske komplisert. Dei har meint at ISIx's "al-Sham" må bety noe anna enn Syria, og så har dei gravd fram det gamle franske namnet, som dei så må forklare kvar gong. Nå er jo ISIS ein ganske ytterliggåande jihadistisk organisasjon, og det kan godt vere at dei faktisk vil utvide aksjonane sine til både Jordan og Libanon, og for den del andre delar av verda også, om dei vil arve al-Qa'idas globale ambisjonar (i dag er dei nok opptatt med Irak og Syria). Men når dei valde namnet al-Sham, så er det rett og slett fordi dei ikkje ville godta eit fransk-opphavlig namn på landet. Slik dei omtalar sitt nåverande aksjonsområde, er det tydelig at dei snakkar om Syria og Irak, i dagens betydning av namna. At dei er mest aktive i det området av Syria som faktisk ikkje var del av middelalderens al-Sham, altså Eufrat-dalen (al-Jazira den gong), blir derfor ikkje noe paradoks. Det franske namnet "Levanten" ville dei iallfall ikkje ta i med ei tang.

Så norske medier bør nok følge det som er blitt standard også på engelsk, det er ganske enkelt og rett fram "Irak og Syria", og vi treng ikkje noen lange historiske forklaringar på orda: ISIS.

fredag 21. mars 2014

Israel: Kva legg ein i orda

Dansen rundt samtalar om samtalar mellom Israel, palestinarane, og USA er i gang igjen, og i mangel av forhandlingar om realitetar, så diskuterer ein orda som ein skal bruke. Men orda kan også dekke realitetar, det kjem berre an på kven som bestemmer kva orda skal bety.

Kva er ein arabar?
Det eine gjeld dei som vart verande att og ikkje flykta da Israel vart oppretta i 1948, dei "israelske arabarane". Men er dei det, altså arabarar? Tre grupper vart i løpet av 1950-åra skilt ut frå dei andre, med eigne rettar: drusarane, tsjerkessarane og beduinane. Tsjerkessarane er ei relativt lita gruppe som hadde flykta frå Russland i tsar-tida, dei snakkar sitt eige språk. Men dei to andre er arabisk-talande; beduinane vart skilt ut fordi dei ikkje var bufaste, mens drusarane kan oppfattast som ei meir eller mindre isolert etnisk gruppe - sjøl om det i prinsippet berre er religionen som skiller dei frå (andre) arabarar. 

Men nå har Knesset nettopp gjort religionen til ein definisjons-faktor, ved også å skille ut den langt større gruppa av arabiske kristne som ein eigen kategori på line med drusarar og beduinar. "Dei er jo ikkje arabarar, slike som motarbeider Israel", sa forslagstillaren frå det høgreorienterte regjeringspartiet Yisrael Beitunu. "Arabar" blir altså reservert for dei som korkje er drusarar, beduinar, eller kristne: muslimane. Dette er jo ein ny språkbruk. Det vel kanskje heller ikkje opplagt at det er i israelaranes interesser slik nær sagt å påtvinge ein religiøs identitet på denne langt større gruppa av arabisk-talande statsborgarar. 

I første omgang har ikkje denne definisjonen så stor konkret betydning, men mange ser det i sammenheng med ei anna stor sak dei siste vekene: verneplikta. Det har vore hard strid om dei ortodokse jødane (haredim) skal få behalde det fritaket dei i dag har frå militær verneplikt. Arabarne er også fritatt frå verneplikt, altså dei som var definert som arabarar: drusarar, tsjerkessarar og beduinar har hatt verneplikt sidan 1950-talet, og "arabarar" av anna slag har også hatt muligheit til å verve seg frivillig - det opnar mange dører i Israel å ha kort på at ein har avtent verneplikt. Men det har ikkje vore noen plikt for arabarane. Det blir det heller ikkje nå for desse nye "av-arabiserte" kristne - vedtaket gir dei berre eigen identitet og separat representasjon i valde organ - men mange fryktar at det er det som er på trappene, at som omdefinerte ikkje-arabarar vil også dei måtte ta del i det dei oppfattar som ein okkupasjonshær overfor sine landsmenn på Vestbreidda. 

Kva er ein jødisk stat?
Meir blest har det israelske kravet om at palestinarane skal anerkjenne Israel som jødisk stat fått. Dette har også forvirra mange, NRK har omtalt det som eit krav om at palestinarane "skal anerkjenne Israel", men det gjorde dei jo i Oslo-avtalen i 1993? USAs John Kerry har også irritert seg over at israelarane insisterer så mye på det, uttrykket "jødisk stat", eller "ein stat for jødane" har jo vore brukt mange gonger om Israel, kvifor vere så sta på denne ordlyden?

Svaret ligg altså i kva ein legg i det. Ein ting går nettopp på statusen til dei ikkje-jødiske gruppene i landet, arabarar i ulik betydning og andre minoritetar. Ved å erkjenne ein særlig jødisk natur ved Israel, vil PLO da akseptere at desse ikkje er del av den nasjonale fellesskapen, at det er noe spesielt jødisk ved staten som desse israelske, men ikkje-jødiske statsborgararne står utanom. 

Men det kunne nok Abbas ha akseptert, om det var berre det. Kjernen ligg nok ein annan stad. Vi kan trulig sjå det i eit utsagn frå Israels forsvarsminister Ya'alon. Han er pessimist for fredsløysing, men seier det er opp til palestinarane å "anerkjenne Israels rett til å eksistere som ein nasjonalstat for det jødiske folket, da er det slutt på konflikten og slutt på krava". Det er dei siste tre orda som er det sentrale: Ved å anerkjenne Israel som nasjonalstaten til det jødiske folket, heile det jødiske folket, erkjenner ein også at dette landet heile tida har vore jødanes heim, og at dei alltid hadde rett til landet. Det dei gjorde i 1948 var berre å ta sitt eige land tilbake. Palestinarane var fremmede som måtte reise. Med andre ord, ein må anerkjenne Israels standpunkt i konflikten. Alle krav om erstatning for dei tapa palestinarane har lidd fell bort, og alt israelsk ansvar for å finne løysingar for konflikten. Det er "krava" som det blir slutt på. Ein aksept av Israel som "jødisk stat", utlagt som "nasjonalstat for det jødiske folket", avsluttar konflikten ved at palestinarane seier seg einig i at Israel har hatt rett heile tida - det markerer slutten på forhandlingane (det er ikkje meir å forhandle om), ikkje starten på dei. 

I dette dukkar stadig palestinske tankar om ei ny "einstatsløysing", ein felles stat for jødar og palestinarar opp. Det siste er at Tareq Abbas, sonen til den palestinske presidenten, har gått inn for dette og faren har fortalt som sine diskusjonar om dette. Nå er nok ei slik løysing berre ein draum, iallfall om ein meiner ein stat med like rettar for israelarar og palestinarar, der dei siste ville snart vere i fleirtal. Nesten ingen israelarar vil godta å dele landet sitt med folk som dei knapt tør snakke med på gata, og den palestinske nasjonale leiarskapen står også milevidt frå slike draumar. Men i alle fall er dette fokuset på "Israel som jødisk stat" og inndelinga av innbyggarane etter religiøse skiller tydelige tegn på at ei slik statsbygging basert på inviduell likheit utan omsyn til etnisk og religiøs bakgrunn ikkje er det som ligg i den synlige horisonten. 

onsdag 1. januar 2014

2014: Status

Sammen med nyttårskonserten kan vi halde fram tradisjonen med å oppsummere stoda i Midtausten på årets første dag. 2013 var eit år med store omkastingar, og dei fleste av dei til det verre, vil nok mange meine, sjøl om eitt og anna lyspunkt kan ein også finne.

Egypt
Det er naturligvis den store omveltinga i Egypt i sommar som fanga størst oppmerksomheit, og også har hatt størst ringvirkningar. Mens ein i 2011 hadde den store euforien rundt dei folkelige demonstrasjonane som førte til revolusjonære skifte iallfall i Egypt, Tunisia og Libya, var 2012 det året da mange oppdaga at dette folkelige opprøret først og fremst førte den politiske islamismen til makta, spesielt i forma til det Muslimske Brorskapet og deira søsterparti. 

I 2013, derimot, såg det ut som om dette berre var kortvarig: Islamismen hadde fått sin sjanse, og feila. Det var først og fremst i Egypt at det ganske mislykka styret til president Muhammad Mursi frå Brorskapet vart feid til sides av store landsomfattande protestdemonstrasjonar, etterfølgt av eit militærkupp. Men dette førte i sin tur til at også dei andre landa der islamistar hadde fått regjeringsmakt, som i Tunisia og Marokko, så kom desse regjeringane under sterkt press frå liberale krefter som ville ha dei ut av regjeringskontora. Vinn og forsvinn? La oss ta temperaturen akkurat nå ved årsskiftet.

Ingen kan si heilt sikkert kva situasjonen er for det Muslimske Brorskapet i Egypt i dag. Det er utsatt for ei undertrykking utan like sidan Nassers tid på 1950-talet. Perioden med "toleranse" under Sadat og Mubarak er forbi, nå blir både leiarar og mellomleiarar arrestert i stor skala, og vi kan komme til å sjå dei første dødsdommane i året som kjem. Brorskapet prøver å stå imot gjennom tidvise demonstrasjonar, men dei blir slått hardt ned og blir færre og mindre ettersom tida går. Men vi veit ikkje korleis det står til med den millionen medlemmer dei hadde på grunnplanet landet over. Noen har nok skifta side i skuffelse over Mursis styre, men dei fleste er kanskje heller gått i hi. Det er ikkje berre ordensmakta som nå slår ned på islamistane, det er også stor folkelig motvilje mot dei. I dei fleste landsbyar og byar var folk flest delt i to eller fleire grupper, for og imot islamistane. Nå er det dei mot som har overtaket, også lokalt. 

Men brorskapsfolka er der, og styret kan ikkje arrestere ein million. Det er derfor trulig at dei trufaste fortsatt utgjer ein basis som kan mobiliseras når berre organisasjonen er bygd opp att. I dag er nok Brorskapets organisasjon brutt ned. Den var alltid strengt hierarkisk, og når topp- og mellomnivået nå er i fengsel og ikkje kan gi ordre, er organisasjonen lamma. Den kan byggas opp att, det er fortsatt noen leiarar på frifot, men det vil ta noen tid før dei kjem tilbake.

Spørsmålet er da kven som står bak den veksande terroraktiviteten i Egypt. Styresmaktene seier naturligvis "Brorskapet", men det har dei alltid sagt også når det er opplagt desse ikkje var involvert, og det er andre jihadistiske smågrupper som har tatt på seg ansvaret nå. Faren er berre om desse kan rekruttere tidligare Brorskapsfolk som blir radikalisert av undertrykkinga og frigjer seg frå dei leiarane som fortsatt vil satse på fredelig masseaksjon heller enn valdelige enkeltangrep. 

Brorskapets framtid er altså uklar, bortsett frå at dei ikkje vil forsvinne. Uklart er det også kva slags natur det nye styret har. Det vart helsa frå mange kantar, også i utlandet, som ein "garantist" for ei demokratisk utvikling mot Brorskapets påståtte misbruk, men utover hausten er det blitt meir og meir tydelig at dette er eit militærstyre, ganske likt det som vi hadde under Sadat og Mubarak. Da hadde vi jo også parlaments- og presidentval, men vi visste resultatet på forhånd. Nå vil dei framskynde presidentvalet til våren, og det ser ut til at militærleiaren, nåverande forsvarsminister Abd al-Fattah al-Sisi, vil stille og vinne ein klar seier. Han er også reellt populær, slik at det ikkje sikkert det trengs valfusk for at han skal seire, når den store veljarmassa til Brorskapet er skjalta ut (dei vil ganske sikkert boikotte dette valet, sidan dei jo alt har sin president, Mursi). 

Sisi framstår som den "sterke leiaren" mange ønskar, i arven etter Nasser og Sadat. Men samtidig ser vi at han slår ned, ikkje berre på islamistar, men også liberale og venstreorienterte og alle andre som protesterer eller kritiserer hans styre - fleire slike har fått lange fengelsstraffar. Eit vidare spørsmål er dermed kor stort rom det "sivile samfunnet" - demokratiets basis - vil få. Vil han gå tilbake til Sadats og Mubaraks kontrollerte politikk, eller vil han la det stå oppe eit rom for reell opposisjon frå dei liberale? Og kva med dei "andre islamistane", salafistane, som nå er delt mellom dei som deler skjebne med Brorskapet, og dei som iallfall inntil vidare støttar Sisi og derfor får vere aktive? Vil dei bli til ein "lojal islamsk opposisjon" som støttar militærstyrets vedtak og gir det religiøs legitimitet? Eller blir dei pressa ut? Vi vil sjå dei første tegna alt om to veker, da den nye grunnlova skal ut til folkerøysting - med like lita tid til informasjon og offentlig debatt som da Mursi pressa gjennom førre grunnlov for akkurat eitt år sidan. 


Tunisia
Brorskapets søsterparti i Tunisia, al-Nahda (Ennahda), tok ei klokare line enn dei i Egypt og klarte få til ein koalisjon med to liberale venstreorienterte parti (som har presidenten). Men mange liberalarar i Tunisia hatar islamistane og vil ha dei bort, og brekkstanga har her vore ei aukande politisk uro fremma av salafistar som ikkje vil delta i demokratiet og tar til snikmord i staden. Regjeringa fekk skulda, og har bøygd seg og gått av, men samarbeidet mellom dei tre partia har halde. Tunisia står derfor fortsatt i ein vanskelig politisk situasjon, og konflikten mellom "les éradicateurs", dei som vil ha alle islamistar bort frå politisk makt uansett, og dei som vil anerkjenne den veljarmassen Nahda faktisk har i ei eller annan form for samarbeid, vil trulig fortsatt gjere det vanskelig å bygge eit stabilt politisk system. Også innan Nahda er det spenningar, og ikkje alle er like positive til kompromisspolitikken som leiinga ser ut til å vere. 


Libya
I Libya har det vel berre gått frå vondt til verre. Problemet med militsane som dominerer landet og hindrar den ordinære statsmakta frå vekse fram, har vore tydelig sidan 2011, men er blitt meir klart siste året. For eit år sidan kunne vi fortsatt si at dette var "farlig, men det har ikkje komme til direkte kampar mellom militsane ennå". Det har vi fått nå, både i Tripoli og andre stader har vi fått ganske jamnlige trefningar mellom ulike militsgrupper om kven som skal styre kva bydel. I Benghazi er det nå daglige attentat, bombeangrep, bortføringar. 

Og nesten verre var det som skjedde i haust i Tripoli, da den store og ganske arrogante Misrata-militsen (frå byen Misrata lenger aust) vart pressa ut av byen etter ei større trefning der mange sivile vart drepne. Medier rapporterer at i det tomrommet som oppstod etter dei, så var det ikkje regulært politi eller statsmakt som rykka inn, men små og mindre væpna grupper, det vil si reine kriminelle gjenger. Statsmakta i Libya er nesten fråverande, og den får det ikkje bedre av den langvarige blokaden av oljeterminalane som militsgrupper i aust har stått for. Oljeproduksjonen i Libya var lite ramma av krigen, og kom ganske raskt opp mot førkrigsnivå. Men i dag er kranene nesten tomme, eksporten er berre på ein brøkdel av det normale nivået. Og Libya har aldri hatt andre ressursar enn olje. Ingen eksport, ingen pengar til å bygge staten opp att på.

Heilt på slutten av året, dukka forresten Libya opp i amerikansk innanrikspolitikk igjen. Rundt presidentvalet der i fjor var det ein stor kontrovers om Obama hadde "underslått" at angrepet på det amerikanske konsultatet 11.9 det året var ein planlagt Qa'ida-aksjon som CIA (dvs. Obama) ikkje hadde oppdaga. I haust hadde m.a. CBS 60 Minutes ein reportasje som gjentok dette - og førte til skandale da det viste seg at deira kilde var ein løgnar. Like før nyttår kom så New York Times med ein større reportasje som sa det motsatte, og bekrefta vel det vi i all beskjedenheit sa heilt frå starten: at dette var ein kombinasjon av ein spontan protest mot denne amerikanske film-snutten "Innocence of Muslims", og eit halvferdig planlagt angrep på konsulatet, ikkje frå Qa'ida, som ikkje fantes i Libya då, men av ei lokal jihadist-gruppe, Ansar al-Shari'a - med støtte, peiker NYT på, frå fleire andre militsar som i prinsippet skulle støtte og beskytte amerikanarane. 

Syria
I Syria er det jo også få lyspunkt, og midt i krigen ser vi noe av det samme der som i Libya: At "motstandsfronten" viser seg å ikkje vere ein front, men ei samling ulike militsar som nå etterkvart kjemper mot kvarandre like mye som dei kjemper mot Assad-regimet. For eit år sidan var det fortsatt mulig å sjå den "Frie Syriske Armeen" som den leiande motstandskrafta, med politiske band til den Syriske nasjonalkoalisjonen som "representant for det syriske folket", som vel fortsatt er Norges offisielle haldning. Men det er nå ganske klart at FSA berre er ei av mange krefter, og at den er svakare enn dei islamistiske konkurrentane, ikkje minst fordi FSA er meir oppsplitta i lokale smågrupper, mens spesielt jihadistane har ei samla og ganske effektiv leiing. 

Vi kan ganske tydelig snakke om tre ulike grupper i motstanden:
          - For det første altså FSA, som er svært heterogen politisk, med liberalarar, avhopparar frå Assads side, moderate islamistar (mellom dei Brorskapet i Syria), men først og fremst mange lokale grupper samla rundt kvar sin leiar, men stort sett med ingen eller vag ideologi.
        - Deretter organiserte islamistar utanfor Qa'ida, nå samla i den "Islamske Fronten". Noen av dei samarbeider med FSA, men stort sett ikkje med den politiske "nasjonalkoalisjonen". Noen av dei er moderate islamistar, dei fleste er nok salafistar av ulikt slag - men dei er klare motstandarar av, eller rivalar med Qa'ida-gruppene:
        - Desse er altså nå dei klart viktigaste av Qa'idas nasjonale avleggarar, men er delt i to: den "lokale syriske" Nusra-fronten, og den "irakisk-styrte" ISIS ("Den islamske staten i Irak og al-Sham [Syria]). Begge er formelt lojale til Qa'idas leiar Zawahiri, men ingen av dei følger hans ordre om å bilegge den innbyrdes striden. Begge er relativt rabiate, men ISIS er rekna som meir rabiat enn Nusra, og har som første punkt å innføre si form for "islamsk styre" i dei områda dei kontroller, framfor å slåss mot Assad (som dei også gjer). Men begge to er sterke, slagkraftige, godt utrusta, og kontrollerer kvar sine område i nord og aust. 

Resultatet er naturligvis at Assad er styrka, eller iallfall ikkje svekka, av året som gjekk. Sjøl den store blunderen hans med å bruke gass i angrepet på Ghouta ved Damaskus i august (ein blunder så stor at noen trudde det var ein provokasjon frå opprørarane), vendte seg til hans fordel da USA i staden for å intervenere fann sammen med Russland i ei diplomatisk løysing. Assad måtte gi frå seg gassen, men det var ein liten pris for å få eit diplomatisk pusterom. Bra for han, men det må også reknas som eit av lyspunkta frå året som gjekk at vi fekk fjerna (eller i det minste sterkt redusert) desse gassvåpna frå krigen, sjøl om dei naturligvis spilte liten rolle i det store blodbadet som fortsatt foregår. På slagmarka er det små endringar i det siste året, men Assad sit nok politisk tryggare i dag enn han gjorde for eit år sidan, og mye av grunnen er aukande skepsis frå USA til å støtte eit opprør der Qa'ida og andre radikale islamistar spiller ei stor rolle. Assad hadde ikkje rett da han hevda dette i 2011, men det har langt på veg gått troll i ord. 

I januar er det planlagt ein fredskonferanse i Geneve, men det bør ein ikkje ha for store forventningar til, for ingen av partane i Syria tenker på å grave ned noen stridsøks. At Russland og USA begynner å snakke sammen, er positivt, men dei må i neste omgang få sine regionale partnarar, Iran og Saudi-Arabia/Qatar med på notane, og der er det ikkje komme så langt. 

Iran
Til slutt berre det siste lyspunktet: Presidentvalet i Iran, og starten på eit tøvær med USA. Vi veit ikkje kor langt det kjem, for det møter sterk motstand i begge land, både hos konservative i Iran og i Kongressen i USA. Særlig det siste er viktig, for målet for Irans reelle leiar Khamene'i er openbart å få fjerna USAs økonomiske boikott. Obama, som er for dialog, kan fjerne litt av den, men dei viktigaste tiltaka er styrt av Kongressen, og der er det sterk motstand mot all "svakheit" overfor "fienden" Iran. Og bakom synger naturligvis Netanyahu og Israel, som fryktar eit slikt tøvær mellom USA og Iran over alt, og vil gjere alt dei kan for å sabotere det (om dei ikkje klarer sitt fremste mål, eit amerikansk angrep på Iran). Og i Kongressen kan dei gjere ganske mye. 

Så mye har gått gale, lyspunkta er få og kan slukne bort. Vi får vel likevel skrive det opp på kontoen "ting tar tid". Mye av problema kjem av at dei store endringane som starta i 2011 fortsatt gir effekt, det tar kort tid å revolusjonært rive ned "det gamle styret", men det kan ta mange år å bygge opp det nye, og mens ein ryddar er det meir rotete enn nokosinne. Håpet må derfor vere på lengre sikt.