fredag 9. januar 2015

Ytringar og religion

Åtaket på Charlie Hebdo onsdag kom som eit sjokk. Fire av Frankrikes mest kjente teiknarar er borte, namn som alle franskmenn var fortrulige med og enten var forarga over eller lo av, eller begge delar. Her heime har det også brakt fram att debatten om "karikaturane", ni år etterpå. Mange tar opp att tråden frå sist, med krav om unnskyldning for det som vart sagt sist, og gallupar over "bør norske aviser trykke karikaturane".

Men det er altså gått ni år, og konteksten rundt er i utgangspunktet annleis. Den gongen, midt i Bush sin krig i Irak, var det stor oppøsing i muslimske land mot karikaturane som eit "angrep på islam og muslimar", både hos meinigmann og mellom styresmakter som enten var unnfallande eller støtta protestane. I dag er det berre jihadistar av klaraste merke som støtter angrepet på Charlie Hebdo. Både islamistar og styresmakter fordømmer, ja tilmed Iran har offisielt fordømt angrepet. Konteksten i dag er IS, al-Qa'ida og deira kamp for ein jihad-stat, og her er skillelinene ganske annleis enn den gongen då det var Bush mot "muslimane" som var forklaringsmodellen for mange i regionen. Dette kan jo endre seg, om heile saka om "krenking av Profeten" igjen blir til eit hovudfokus, men så lenge fokuset er på at det her er snakk om ein terroraksjon mot journalistar, så vil sjølve "karikatur-spørsmålet" kunne bli ei sak som dominerer meir i media i Vesten enn mellom muslimane.

Det vil jo vise seg, og vi vil også etter kvart kanskje få vite om dette var ein aksjon dei to mistenkte brødrene i Paris hadde klekka ut på eiga hand, eller om det var meir organisert frå al-Qa'ida sentralt eller andre. Det vi veit i dag (fredag) kan peike i begge retningar. Det avgjer også om dette er del av ein trend (av mange små spontane aksjonar, som vi har sett nå dei siste månadene), eller om del av ein plan for eit større formål. Begge delar er urovekkande, men altså på ulikt vis. Innanfor det jihadistiske er kanskje meldingane frå Nigeria i det siste vel så urovekkande, at den vel så bisarre gruppa Boko Haram faktisk ser ut til å ha etablert seg som ein varig maktfaktor.

Ikkje Muhammad
Men til vi veit meir om det, kan vi jo gå litt inn i reprisesendingane på debatten frå 2006. NRK spurte i dag folket om "norske aviser bør trykke karikaturane". Spørsmålet er kanskje uklart, for det kan lesas på to vis: "bør aviser kunne trykke dei", og "bør aviser faktisk trykke dei". Svaret på det første må jo vere ja, for det går på ytringsfriheit - ingen (statsmakt) skal hindre aviser frå å trykke frimodige ytringar. Svaret på det andre må det derimot vere opp til redaktørane sjøl å vurdere, det kan bli ja eller nei ut frå dei kriterier som redaktøren stiller opp: kvalitet, nyheitsverdi, o.s.v. Akkurat i dag tenker ein gjerne på det som ei markering av solidaritet, "vi er alle Charlie" - men til vanlig er jo dei fleste aviser slett ikkje satireorgan "bête et méchant", som dei seier på fransk. Det går dermed under "nyheitsverdi" og symbolikk, markert ved at dei fleste som nå gjer det gjengir ein del forsider frå Charlie, utan omsetting av tekstane (som jo er på fransk, eit språk få lesarar beherskar godt). Bergens Tidende toppa det i dag ved å legge inn den siste forsida med satire over den høgreorienterte islamkritikaren Michel Houellebecq, med teksta at det "har utløst voldsom harme" mellom muslimar. Det trur eg knapt. (Her får eg da sjøl forklare teikninga: Houellebecq har akkurat gitt ut ei dyster bok om korleis muslimane vil ta over Frankrike, og at i 2022 får eit islamsk parti presidentvervet. Charlies kommentar: "Spåmannen Houllebecqs forutsigelsar: -I 2015 mister eg tennene mine. I 2022 kjem eg til å gjere Ramadan-faste."

Rettar og grenser
Men utanom denne spesielle situasjonen, er altså debatten om ytringsfriheita har grenser. Nei, seier mange - gjerne med stor patos; ja, seier andre. Dette kan diskuteras på mange plan, men om vi skal prøve å formulere, kan vi seie at det vi kallar menneskerettane (derimellom ytring) er absolutte i den forstand at dei ikkje bygger på andre prinsipp, dei er rettar i kraft av seg sjøl. Vi er ikkje for ytringsfriheit på grunn av ein kontekst (eit mål for noe anna), men fordi friheita i seg sjøl er grunnlaget for eit godt samfunn.  Men alle rettar har avgrensingar, fordi dei ulike menneskerettane kan komme i konflikt med kvarandre. Retten til liv er kanskje den ytterste menneskeretten, og dersom ytringsfriheita kan sette retten til andres liv i fare, kan vi godta å begrense ytringsfriheita (f.eks. sensur i krigstid). Ja, retten til liv er sjøl heller ikkje uavgrensa: Vi har og godtar verneplikt, der staten kan forlange at menn og kvinner risikerer og mister livet i krig, fordi soldatens rett til liv blir underordna andre rettar, som samfunnets rett til friheit og sjølstende, og forsåvidt alle andre behov vi har lagt til dei styresmaktene som (legitimt) har rett til å sende soldatar i krig. Også "lågare" rettar, som retten til skjerma privatliv, eller retten til verdigheit [mot injuriar], kan vi godta å overstyre den totale ytringsfriheita.

Spørsmålet her er dermed om religionsfriheit og ytringsfriheit er to rettar som kan komme i konflikt. Det kan dei openbart, som alle andre. Eit springande punkt her er kva "religionsfriheit" betyr. Sett bort frå kva som definerer ein "religion" (og kven som skal gjere det), er det spørsmål om retten også omfattar å praktisere religionen, og om kva slags begrensingar samfunnet kan legge på religionsutøving samfunnet meiner er uakseptabel (kyrkjeklokker, niqab, enkebrenning). For noen betyr det "friheit frå religion", altså sekularisme, som for dei fleste er det motsette av retten til å praktisere religion (utan å måtte skjule det). Andre, og dette er altså det springande punktet her, meiner det også betyr beskyttelse av religionane, da også frå hån Umiddelbart er det ingen sammenheng her, friheit og beskyttelse er to ulike begrep: du kan ha rett til å praktisere samtidig som eg har rett til å håne praksisen - så lenge hånen ikkje hindrar praksisen. Spørsmålet er altså om hånen er slik at den hindrar dei religiøse å praktisere sin religion slik samfunnet ønsker at dei bør kunne gjere det.

Da er vi over i den samfunnsmessige sammenhengen igjen: Kan satiriske eller andre angrep på religionen få ein slik art at det truar muslimar, som personar eller som utøvarar av sin religion? Det vi kallar ordinær religionskritikk (kva no det måtte vere) gjer ikkje det: Ingen ville vel meine at Øverlands tordentale mot kristendommen hindra dei kristne i å praktisere sin religion. Men om utsegner om muslimar (eller andre minoritetar, religiøse eller andre) får ein slik karakter, eller står i ein slik historisk sammenheng, at dei gjer det vanskelig eller umulig for desse minoritetane å leve i landet, eller å praktisere sin religion på ein normal og akseptabel måte, kan desse to rettane komme i konflikt. Da må ein vurdere dei samfunnsmessige sammenhengane, og konsekvensane av dei, for å sjå kva for ein av dei to stridane rettane som må vike. Det er ikkje noe fasitsvar på det - utover at det beste for samfunnet er at det ikkje oppstår slike konfliktar mellom religionar og folkegrupper at dette blir ei aktuell problemstilling.

torsdag 1. januar 2015

2015: Status

Nytt år, og tradisjonen tru ei oppsummering over kva som har skjedd i "vår" del av verda siste året og status ved årsskiftet.

Den arabiske vårens død?
I løpet av året er det vel blitt eit munnhell at den arabiske våren, den demokratiske revolusjonen eller kva ein skal kalle det, leid nederlag. Det hadde kanskje vore betre om dei ikkje hadde prøvd? Kaos, krig, massakrar og undertrykking vart resultatet. "Fremmedkrigar" er blitt årets nyord. Norge er nå med i ein ny krig i Midtausten, berre marginalt rett nok, men nordmenn kjemper på minst to, kanskje tre sider i Irak og Syria. Frå vondt til verre, er oppsummeringa.

Vel, noen lyspunkt finst det. Det landet der "våren" starta, Tunisia, har gjennomført både parlaments- og presidentval på ein fredelig og ordinær måte. Vala førte til maktskifte, alliansen mellom moderate islamistar og liberale vart avløyst av eit skarpare sekulært fleirtal. Noen er uroa over at "det gamle regimets menn", dei som styrte under Ben Ali også har flokka seg til det nye regjeringspartiet. At samme parti vann begge vala gir også noen uro for nytt eitpartistyre. Men så langt ser det rolig ut. Ikkje noe parti har reint fleirtal i parlamentet, og presidenten har - trass retorikken i valkampen - opna for samarbeid også med islamistane i al-Nahda, som er det nest største partiet. Det kan nok bli med talemåtane når det gjeld dette - veljarane ville nettopp ha Nahda bort frå makta, men heile stoda virker normal, slik ein venter at eit maktskifte og politisk usemje skal fungere. Ikkje alt er perfekt i det tunisiske demokratiet og samfunnet, men det er likevel gått så bra at vi må utrope det som ein suksess for den arabiske våren.

I Marokko sit fortsatt eit moderat islamistparti med statsminister, under kongens overoppsyn, nok eit resultat av våren. Nabolandet Algerie hadde ingen revolusjon, og der er det også ved det gamle. Den sittande presidenten er så gammal og sjuk etter eit slag at han ikkje viste seg i den siste presidentvalkampen, men vart likevel attvald på rein rutine. Militæret styrer som før, men det er iallfall rolig. Slik er det trass alt også i mange andre land i Midtausten, mange held seg ved det gamle. Men mange land har også gått feil veg, og vi må nok bruke ordet borgarkrig om fleire land enn for eit år sidan.

Libya: To parlament, to regjeringar
Ved siste årsskiftet hadde Libya ei regjering som var makteslaus, mens det var av og til trefningar mellom rivaliserande militsar. I år har vi to regjeringar som begge er makteslause, og kampen mellom militsane er blitt kontinuerlig, i det siste er også fly blitt satt inn denne borgarkrigen. 
        Raskt oppsummert: Etter krigen i 2011 vart det halde val til ei nasjonalforsamling som fekk namnet "Generalkongressen". Den skulle nedsette ein grunnlovskommisjon, det klarte den ikkje, og den hadde ingen reell innverknad på det som skjedde i landet. Dei ulike militsane som hadde kjempa sammen mot Qadhafi delte landet seg imellom, men vart rivalar. Det var to hovudproblem: Det eine var kven som skulle ha makta over Tripoli. Dei to største militsane, frå byane Zintan og Misurata sloss om kontrollen her. Det var rein maktkamp, men Misurata-militsen knytta band til ein fraksjon i generalkongressen, mellom dei noen islamistiske grupper, men Zintan profilerte seg meir og meir som anti-islamistisk. Dette vart mye meir tydelig etter militærkuppet i Egypt i juli 2013, sidan Zintan-alliansen dermed kunne søke støtte i Kairo for ein felles "kamp mot Det muslimske brorskapet". Brorskapet stod nok eigentlig ikkje så sterkt i Misurata-flokken, men denne ordbruken kom til å gå troll i ord. Misurata-gruppa har søkt meir og meir tydelig støtte i islamistiske grupper, i ein front dei kallar "Fajr Libiya", Libyas soloppgang. Dei skuldar på si side Zintan-gruppa for å knytte til seg tidligare Qadhafi-støtter.

I aust dreide det seg om to ting. For det første ønsker dei seg større sjølstende frå Tripoli, helst ein laus føderasjon der aust-delen (Cyrenaica) kan styre seg sjøl mest mulig. For det andre stod jihadistane mye sterkare her, spesielt i Benghazi, der radikale grupper som Ansar al-Shari'a dominerte byen. Motstandaren var ein eks-general, Khalifa Heftar, som oppretta ein stor-milits han kalte ein hær, og proklamerte seg som redningsmann mot islamismen. I det tok han med både Ansar og Brorskapet i Tripoli (som han påstod samarbeidde), og kunne dermed oppnå støtte hos sine militære kollegaer i Kairo. Men han er også sterk føderalist og vil lausrive Cyrenaica så langt mulig.

I sommar var det så val på dette makteslause parlamentet. Men sidan generalkongressen var så deskreditert, kalte dei den nye forsamlinga for "deputerforsamlinga". Vala var på personar, ikkje parti, men resultatet vart rekna som eit klart nederlag for Brorskapet. På bakken, derimot klarte deira allierte i Fajr Libiya endelig å kaste Zintan-gruppa ut frå Tripoli. Fleirtalet i den nyvalde deputerforsamlinga flykta derfor frå byen. I Benghazi var det jihadistane som styrte, så dei samla seg i ein liten by heilt i aust, Tobruk, og utnemnde regjeringa si der. Mindretalet (dei som støtta Brorskapet, m.a.) godtok ikkje dette, og erklærte at den gamle generalkongressen fortsatt gjaldt, med si eiga regjering. Tobruk-regjeringa har nå internasjonal støtte (sidan dei faktisk vant siste valet), men det som måtte vere av statsapparat og administrasjon sit i Tripoli, og blir styrt av regjeringa der. 

Tobruk-regjeringa har dermed lite å gå på (ein stor del av parlamentsmedlemmene har også reist heim). Dette gav Heftar ein sjanse, og han er nå blitt Tobruk-regjeringas beskyttar, og dei har utnemnt han til hærsjef - hans milits, som også har noen fly, er dermed blitt "Libyas hær". Men dette kom ikkje gratis, Heftar står fast på sine føderalistiske krav om sjølstyre for Cyrenaica, og regjeringa blir nødt til å lytte til det, sjøl om dei i prinsippet var sterkt mot tanken før dei søkte seg under hans vinger.

I dag er det altså mange maktsenter i Libya. Dei mest folkerika områda i vest er styrt av Fajr Libiya-militsen og Tripoli-regjeringa, men Zintan-gruppa har fortsatt styring i sine kjerneområder i nord-vest. Benghazi er i hovudsak kontrollert av jihadistar alliert med Ansar al-Shari'a, mens andre islamistar i den mindre byen Derna aust for Benghazi har slutta seg til IS. Det er uklart om Ansar også har gitt sin lojalitet til kalifatet IS, men så langt ser det ikkje ut til å ha skjedd - og vi veit heller ikkje om det er samarbeid, og i så fall kva slag, mellom desse tre islamist-retningane i Derna, Benghazi og Tripoli. Trulig er det kontaktar, men kvar vil styre seg sjøl. Så, i aust har vi altså Tobruk-regjeringa med Heftar-hæren, som også kjemper rundt Benghazi for å prøve å vinne byen tilbake. Nå altså med flybombing.

I "sør", som er det meste av Libya på kartet, ser det ut til å vere reine stammekrigar, både mellom etniske grupper (svarte Teda/Tebu, tuaregar og arabarar), og mellom stammar. Fleire oljeanlegg er råka. Dette ser ikkje ut til å vere knytt til den ideologiske maktkampen i nord, men reine interne strider om innverknad og kontroll over oasar og ørkenområde - slik vi hadde det før den libyiske staten oppstod i førre hundreår.

Egypt
Verknadane av kuppet i Egypt merkas altså i alle naboland, og da spesielt militærstyrets hat mot Det muslimske brorskapet. I Egypt er det nå tydelig at "det gamle regimet" er tilbake, med ny bemanning, men med samme politikk, sterk nasjonalisme, og undertrykking ikkje berre av all islamisme men også av andre opposisjonelle, spesielt er kritikk av dei militære ikkje tolerert. Det er fortsatt ei sjølstendig presse, men den arbeider under verre vilkår enn i Mubaraks siste år, og underlegger seg sjølsensur. Den viktigaste forskjellen er at, i motsetning til under Mubarak, er det likevel stor folkelig oppslutning rundt president Sisi, ikkje minst gjennom ei sterk nasjonalistisk bølge retta mot alle som er kritiske til utviklinga i Egypt. Brorskapet er fortsatt nede for telling, dei opne protestane har stilna bort. Deira sympatisørar er nok fortsatt til stades, men det er for farlig å komme opent fram med slike idear. Organisasjonen må trulig byggas opp att frå grunnen, og regimet vil gjere kva dei kan for å hindre det.
         Det har vore jamnlige bombeangrep i landet i protest, men mest på Sinai-halvøya, elles berre noen få mot politistasjonar og liknande. Det har ikkje vore noen stor opptrapping av dette det siste året. Enn så lenge har dermed regimet kontroll over situasjonen.

Palestina
Ved sida av Egypt sjøl, så er det nok Palestina som er mest berørt av maktskiftet i Egypt. Hamas står høgt på hatlista i Kairo, og dei står nå uten vener i arabarverda. Brorskapstyret i Egypt tok stilling mot Assad (og dermed Iran og Hizballah), og Hamas satsa på dei og braut banda til sine tidligare allierte i Syria og Iran. Nå prøver dei å bygge opp att brende bruer, men korkje Damaskus eller Tehran er villig til å gløyme så fort. Berre vesle Qatar er på deira sida, men dei er pressa av sine Brorskaps-fiendtlige naboar i Saudi og Emirata, og setter grenser for si støtte til Hamas.
         I sommar stod Hamas på eit politisk lågpunkt, og PLO var på nippet til å få dei til å gå med på eit samarbeid der PLO igjen skulle på innverknad i Gaza. Men så kom Israel med sin jamlig to-årige krig mot Gaza. Det førte som vi veit til stadig verre lidingar for folket i Gaza, som knapt har tid til å bygge opp før det blir bomba ned att, men politisk vart det ei pusteboble for Hamas. Sinnet til folk flest - og oppmerksomheita til verda rundt - fokuserte nå på Israel istaden for Hamas, som igjen kunne presentere seg som den faste motstandsrørsla mot Israel. PLO vart ståande i knipe igjen, og har igjen tapt oppslutning mellom palestinarane. Dei siste forsøka på å vinne fram diplomatisk har ikkje ført til noen endring her, og valet i Israel i vår kjem neppe til å føre til fleire løysingsforsøk. 

Jemen
Konflikten i Jemen har stått i skuggen av dei store stridane lenger nord, men også her har det skjedd overraskande ting siste året. I fjor dominerte den "nasjonale dialogen", der dei mange regionale kreftene som hadde vore i kampar sidan 2011 skulle finne fram til ei felles løysing. Ulike forslag, derimellom ein føderasjon, var på bordet. Men så, heilt plutselig, tok ei av desse brått over halve landet, dei litt mystiske Houthiane. Dei blir i media kalla "shia'er", noe som er rett - dei er zaydi-shia'er, slik noe under halvdelen av Jemen er det (særlig i nord og i høglanda, mens sør og kystområdet er sunnisk). Men det er ikkje så spesielt, zaydiar har alltid dominert Jemens politikk, også dei tidligare leiarane så vel som dei store stammane som stod mot dei, var zaydiar.
       Houthiane (oppkalt etter deira første leiar) har sterke radikale parolar mot USA og Israel, og snakkar også islam, men er først og fremst basert i ei stammerørsle i grenseområdet i nord, som ville ha sterkare innverknad for sin region, overfor styresmaktane i hovudstaden San'a. Det som skjedde i haust var at Houthiane, som hadde halde seg i sin region, plutselig marsjerte inn til San'a og tok styringa der, avsatte statsministeren og skauv dei andre stammene til sides. Dei har nå kontroll over det meste av nord-Jemen, og har også trengt seg inn i sunniske områder som Ibb og lenger sørover - ikkje minst har dei slik komme i direkte kontakt og konflikt med Qa'ida-grupper, som jo hatar all form for shi'isme, også zaydiane, og som hadde ein basis heilt sør i landet. Dei har slik vore i noen trefningar, mens dei øvrige politiske retningane prøver å finne ut av den nye maktbalansen og held seg avventande. Ikkje borgarkrig ennå, altså, men ein spent situasjon som kan gå i mange retningar. 

Irak og Syria
Og så til den store omveltinga i året som gjekk: Kalifatet. For eit år sidan skreiv vi at det var uklart kven av jihadist-rivalane, Nusra-fronten og ISIS som ville trekke det lengste strået. Nå har vi svaret. ISIS er blitt til IS, som igjen er blitt til "kalifatet", det er visst namnet dei helst vil bruke nå. Mange vil ikkje bruke forkortinga IS, fordi det "ikkje er islamsk og ikkje er noen stat". Reint bortsett frå at orda "islamsk stat" går igjen i alle alternativa (ISIS, ISIL, Da'ish), så er det ikkje sikkert argumentet er rett. Om det er islamsk eller ikkje kan vi la ligge til ein annan gong, men det virkar tydelig at dei prøver å bli ein stat, i ordets vanlige betydning. Rett nok ikkje med klare grenser - kalifatet skal ekspandere - men dei prøver å fylle fleire og fleire ordinære statsoppgåver: skaffe mat og ressursar til innbyggarane, administrere byane dei kontrollerer, ein hær har dei jo, og ein økonomi skaffar dei seg ved å selje olje og samle inn skattar. Det er ein skakkjørt "stat", dei som kjem på kanten med den får ofte kort prosess, men for dei som har levd med krig i mange år kan faktisk IS-staten opplevas som ein like bra stat som det dei har opplevd før. Dette tosidige: at noen blir fråstøtt og vil bort, mens andre aksepterer IS-styret som eit styre utan å dele deira ideologiske basis, er noe vi må ta inn over oss.

"Fremmedkrigarane", dei som kjem utanfrå av ideologiske grunnar har likevel ofte ein blanda bakgrunn, gjerne meir eller mindre små-kriminelle blanda med hyper-ideologiske skylappar, og kan nok ofte vere dei som skapar størst problem for IS internt (slik vestlige Qa'ida-idealistar lagde bråk for Taliban-stammefolk i Afghanistan på 1990-talet). Dei siste historiane om indre utreinskingar i IS kan vere tegn på slike spenningar, men det vil vise seg om leiarane klarer å få styr på sine rekruttar eller om vi kan begynne å sjå indre fragmentering. Det andre viktige punktet i Syria er også om rivalane, slik som Nusra og Ahrar Sham (i alliansen "Den islamske fronten") bestemmer seg for å slutte seg til IS mot den vestlige krigføringa, eller til slutt vender seg mot IS. I dag gjer dei begge delar (og det er uklart kor svekka dei før så sterke Ahrar Sham er etter kraftige angrep). I Irak dreier det også om kva dei "andre", altså dei sunniske stammane som er rivalar til IS, gjer. Det er lite håp om reell reform i Bagdad, og dei sunniske anti-IS-stammene blir meir og meir desillusjonert, og dermed passivisert. Mange lir store tap mot IS.

Berre hos kurdarane ser det ut til at dei har fått rydda litt opp i politikken. Også der var det eit problem at dei vest-vennlige peshmerga-soldatane vart tatt på senga av IS i sommar og mista glansen av å vere uovervinnelige. Det var i staden soldatar frå PKK frå tyrkisk Kurdistan som i første omgang redda vegen inn til dei beleira Sinjar-fjella. Men PKK kunne ikkje USA godta, sidan dei offisielt er merka "terroristar" (av omsyn til Tyrkia). Nå er dette blitt rydda opp, slik at det er peshmerga frå irakisk-kurdiske KDP som har kontrollen inn til Sinjar, og Tyrkia har også sterkt motstrebande gått med på at PKK-soldatar skulle få komme kurdiske Kobane i Syria til unnsetning. Men Tyrkia har store problem her, og mange skuldar Tyrkia for aktivt å sabotere den hjelpa til Kobane som alle, både i Vesten og kurdarane, håpar på. Men Tyrkia arbeider også (langsomt) med tanken om ei løysing på PKK-konflikten, og her kan det vere håp om eit håp. Kobane held iallfall fortsatt ut, og yazidiane i Sinjar ser ut til å vere redda, dei som kom seg unna IS-soldatane. Dette er iallfall to små lyspunkt i eit elles relativt mørkt område.

Året 2014 var altså eit ganske svart år for Midtausten, ein kan ikkje sjå det annleis. Kan ein vere håpefull for at 2015 blir bedre? Lyspunktet er altså Tunisia. Når det gjeld Egypt, ser regimet til å sitte trygt i salen, mens det nok er vel optimistisk å håpe på noen rask endring i positiv retning i IS-krigen, dei ser fortsatt ganske trygge og sjølsikre ut. Libya kan komme ut i full krig, kanskje tilmed utanlandsk innblanding som ikkje vil vere til noen nytte (sidan ein ikkje vil anerkjenne at dette er ein region-strid som må løysas slik at begge partar føler dei har fått noe, ikkje ein "vinnar tek alt"). Jemen kan tippe feil veg, og vi har ikkje nemnt at dødsfall av hhv. sultan og president kan føre til alvorlige politiske kriser både i Oman og i Algerie i året som kjem. Så nei, vi vil nok ha ting å skrive om i året som kjem også. 

lørdag 18. oktober 2014

Islam og krig og sånn

Ein kommentar, skriven av Halvor Tjønn i Dag og Tid (3.10), om sammenhengen mellom islam og væpna konfliktar i den muslimske verda, ser ut til å ha vekt litt merksemd, mellom anna med innslag i Verdibørsen i dag 18.10. Eg hadde vel ikkje tenkt å ta opp den debatten, folk må ha lov til å komme med friske ytringar utan at vi skal komme og slå dei i hodet med eit fasit-svar kvar gong. Men sidan det dreier seg om historie og forsøk på historiske forklaringar, kan det jo vere ein grunn til å reflektere litt over temaet, sidan det er openbart mange i det offentlige ordskiftet som stiller slik spørsmål.

Spørsmålsstillinga er altså: Har konfliktane vi ser i muslimske land i dag ein sammenheng med islam, kan religionen vere ein årsak til desse konfliktane?

Sammenhengar og årsaker
Sett med ein historikars auge så er naturligvis dette to ulike spørsmål. Ein sammenheng mellom to fenomen (religiøse idear / konflikt) betyr at det er eit samband av noko slag, utan at ein seier noe om retninga: det første kan ha ført til det andre, eller det andre til det første, eller begge kan vere resultat av ein tredje faktor. Ein årsak betyr at påvirkinga går ein veg: Årsaken fører til effekten, ikkje omvendt. 

At det er sammenheng med islamsk retorikk av ein særlig type (jihadisme) er openbart, det ligg jo i at dei som fører jihad meiner dette er ei religiøs handling. Sjøl om det store fleirtalet av muslimar avviser den tolkinga, er det religiøst for dei som utfører handlinga. Spørsmålet er om dette er ein årsak, slik at religionen islam i seg sjøl er ein faktor for å føre til konflikt og uro. 

Skal ein drive med slik overgripande historiske forklaringar, er det viktig kva ein vel å sammenligne med. Når ein sammenligner Norge/Europa med Midtausten, er det jo svært mange forskjellar, mellom dei da altså at vi har fredelig, stabilt demokrati, og vi er stort sett ikkje muslimar. I Midtausten er det for tida lite fred og demokrati, og muslimar er i fleirtal. Men utover er det jo også så mange andre forskjellar mellom Europa og Midtausten, kva gjeld økonomisk utvikling, sosial ulikheit, historie, og så vidare, som også kan spille inn, det er vanskelig analytisk å skille ut religionen åleine frå alle desse andre forskjellane.

Det hadde vore mye bedre å kunne sammenligne i eit "historisk laboratorium", der dei øvrige faktorane var stort sett like, og berre religionen skilte - da kunne vi sjå om det var noen samvariasjon. Og vi har jo slike laboratorium. Det beste er trulig kontinentet Afrika, særlig delen sør for Sahara som har ei ganske lik historie med sjølstende for rundt femti år sidan og med relativt lik sosial og økonomisk struktur mellom landa, men som deler seg tydelig i ein del befolka av muslimar (vest, nordaust og kysten i aust) og ein av kristne (sør og sentral-Afrika, kysten i vest). Ser vi da noen systematiske forskjellar kva gjeld krig, konflikt og demokrati, som går berre langs denne religionslina, uavhengig av andre faktorar?

I land med blanda religion har vi hatt slike konfliktar begrunna i religion: Sudan, Nigeria, RCA (men ikkje i Ghana, Kenya, Etiopia). Men vi også det opne såret Kongo, tjue års borgarkrig i Mosambik, Rwanda, og tilsvarande konfliktar ut frå manglande nasjonal samkjensle utan ein einaste muslim. Vi har stabilt politisk regime i muslimske Senegal, og vi har det i kristne land. Stordelen av landa har gått gjennom periodar med sivilt styre, vekslande med militærkupp, men det er umulig å sjå at det samvarierer med religion. Med andre ord: Det er altså ikkje noen systematisk sammenheng mellom kva religion landet har og politisk stabilitet og utvikling, ein sammenheng i noen tilfelle, men ikkje ein årsak

Asia har større sosial og økonomisk variasjon, så det er ikkje like lett å konkludere der, men bildet ser ut til å vere det samme: Indonesia, verdas største muslimske land, er nå eit fredelig demokrati (før under eit sekulært diktatur), Vietnam og Kambosja er ikkje-muslimske, og har vore rive av krig. Pakistan har sterke konfliktar knytta til religion, mens India - verdas fjerde største muslimske land, det er fleire muslimar i India enn i noe arabisk land - har det i liten grad, og iallfall ikkje drive av muslimane i landet. Så igjen, religion kan ikkje i seg vere årsaken til at noen land har konfliktar og andre ikkje. Men, naturligvis kan tolkinga av religionen drive konfliktar (det leier da til spørsmålet: kvifor har akkurat desse valt akkurat den tolkinga? Men det er eit anna og meir spissa spørsmål).

Nasjonalkjensle og religiøs tekst
Tjønn, for å komme tilbake til hans kommentar, peiker på to faktorar som kan begrunne den sammenhengen han meiner å sjå. Det eine er manglande nasjonsdanning, fordi muslimar har sterkare tilknytting til det muslimske fellesskapet, ummaen enn til nasjonen. Det andre er at islam, ulikt kristendom, legitimerer valdsbruk i si heilage tekst, og særlig da dei såkalla "sverdversa" (K9:5). 

Kva gjeld manglande nasjonsdanning, så virkar det openbart i Syria, Irak og Libya. Men det er interessant, for ein generasjon sidan var det mange som såg nasjonalismen som den drivande krafta for konfliktar i verda, altså det motsatte. (I P2 i dag nemnde Tjønn Ukraina som døme - men i Russland er det jo nettopp russisk nasjonalisme som driv konflikten). Uansett, her blir også bildet annleis om ein ser på laboratoriet Afrika, for heile Afrika vart jo til ved "strekar kolonimaktene tegna opp på kartet". Likevel ser vi faktisk aukande nasjonal identitet i dei fleste afrikanske land, ghanesarar og nigerianarar er meir og meir bevisste på at dei er akkurat det. 

Vi ser eigentlig det samme også i Midtausten, det eg iallfall vil kalle "patriotisme" for sitt land. Lettast er det kanskje sjå i Libanon, som vart kunstig delt frå Syria i 1920. Syrisk (altså pan-syrisk) nasjonalisme var lenge ein faktor i libanesisk politikk, ein patriotisme for Syria og avvising av libanesisk separatisme. Det er nå nesten heilt borte, kanskje frå rundt borgarkrigen i 1975, og dei syriske soldatane som okkuperte Libanon etter krigen vart heilt klart sett på som fremmende av stort sett alle libanesarar (sjøl om noen parti støtta seg politisk på storebror i Damaskus). Ein libanesisk nasjon er oppstått. 
         Eit vel så godt døme er islamistiske Hamas: Heilt fram til 1987 fokuserte det palestinske Muslimske brorskapet nettopp på ummaen, og avviste både militans og kampen for palestinsk sjølstende: Deira mål var å reise alle muslimar til rett religiøs praksis, ikkje kjempe mot Israel spesielt. Men under intifadaen i 1987 måtte dei, under press frå "gata", skifte linje, oppretta Hamas og endra seg til ei palestinsk nasjonalistisk rørsle i islamistisk drakt, mens ummaen vart satt på vent. Militans vart altså knytta til vendinga bort frå ummaen som ramme over til den palestinske nasjonen. Syrarar idag, uansett kven dei krigar mot og for, trur nok ikkje noe på at dei er det samme som irakarar - dei er inntrengarar. Egypt flommar i dag over av nasjonalisme og avvising av palestinarar, syrarar og andre flyktingar, for ikkje å snakke om dei vulgære "arabarane" frå Gulfen. Den globale ummaen er i beste fall eit fjernt ideal ("vi er alle i samme båt"), ikkje noe politisk prosjekt for den jamne muslim.

Når det gjeld Koranen, så er det ein velkjent debatt, der vi plar kalle denne tenkinga for "essensialisme", i dette tilfellet tanken om at ein tekst eller eit historisk føredømme føre til at dei som reknar seg til religionen oppfører seg slik og slik. Dei fleste som studerer religion i historisk sammenheng vil nok sjå at det er tolkingane, ikkje teksten som er det viktige. Jihadistane seier "les Koranens ord!" Men det kan også dei som tolkar motsatt gjere, "les det og det verset som seier det motsette". Det blir opp til dei truande, enten kva vers dei sjøl meiner dei vil følge - eller kanskje viktigare - kva autoritet er det dei vil følge, altså kven meiner dei representerer den "riktige" islam (for dei). Og valget av autoritetar er openbart eit resultat av historiske og samfunnsmessige sammenhengar, som vi må studere og vurdere. Å lese Koranen med sine eigne briller og tru ein dermed har funne årsaken til kvifor politiske hendingar oppstår i samtid og framtid, ligg vel litt fjernt frå det vi kan kalle historisk metode. 

onsdag 24. september 2014

Syria: Ny krig, nye problem

Mye som skjedde i går, noe uventa og noe som kanskje kastar lengre skygger. USA starta bombinga av Syria mye raskare enn forventa, og dei bomba tildels andre plassar og andre grupper enn venta. Begge delar er forståelig, men det er ikkje sikkert det gjer oppgåva lettare.

Dette har hendt:
Tysdag utvida altså USA sine bombeangrep til også å omfatte Syria, slik dei hadde annonsert dei ville gjere. Men det var uventa at desse ikkje var fokusert berre på IS og deira "hovudkvarter" i Raqqa, nord-aust i Syria. Rundt halvdelen av dei amerikanske bombene vart sluppe i eit heilt anna område, vest for Aleppo i nord-vest, og skal ifølge amerikanarane ha hatt ei anna, til nå ukjent, gruppe kalla "Khurasan" som mål. Det ser også ut som om Nusra-frontens områder vart truffe, og dei har i dag meldt at ein av leiarane deira, al-Turki, vart drept i dei amerikanske angrepa.

Alle desse er jihadistiske grupper involvert i terror, og om det er som amerikanarane seier at Khurasan-gruppa hadde ferdige planar om angrep mot amerikanske eller europeiske mål, så er det ingen grunn til å bli overraska over at amerikanarane nytta høvet til å slå til mot den trusselen. Ikkje desto mindre kan det vere med å gjere hovudoppgåva, å bekjempe IS og trusselen deira, vanskeligare. Vi bør derfor sjå tysdagens angrep som to ulike operasjonar, den mot Aleppo-regionen og "Khurasan" / al-Nusra på den eine sida, og den mot Raqqa-området og IS på den andre.

Den nye trusselen, "Khurasan"
Vi veit ikkje så mye meir enn det amerikanarane sjøl har opplyst om denne til nå ukjente gruppa. Men går vi ut frå det dei seier, så er det altså nok ein avleggar av al-Qa'ida. Det er litt uklart om dei har brutt med den "offisielle" Qa'ida-greina i Syria, Nusra-fronten, eller om det berre er ei arbeidsdeling mellom dei - det siste virkar mest trulig, og det er også uklart om Khurasan har eigne basar eller om det var Nusra sine som vart bomba tysdag, men Nusra vart iallfall også ramma.

Uansett, Khursan har altså ikkje noe med IS å gjere, etter at IS / ISIS braut med al-Qa'ida i fjor og starta den ekspansjonen vi har nå sett. Mens både IS og Nusra-fronten har fokusert på den "nære kampen", å slåss mot lokale fiendar og/eller bygge ein "stat" der, så skal denne Khurasan-gruppa - som vi ikkje veit korkje kor stor den er - ha fortsatt med det "gamle" Qa'idas fokus på den "fjerne kampen", mot USA og Vesten, altså terror i våre verdsdelar. Derfor oppfattar USA dei som meir farlige for seg enn den langt meir slagkraftige IS, som held seg i Irak og Syria.

Det er vel og bra, og altså lett forståelig for oss som bur i Vesten. Problemet er korleis dette ter seg i det syriske perspektivet. For her er det stor forskjell på IS og dei andre jihadistane: Mens IS legg under seg og slåss mot dei andre opprørsgruppene like mye som mot Assad, så rettar Nusra-fronten våpna sine berre mot Assad, og unngår kamp mot dei andre opprørane, til tider kan dei tilmed samarbeide. Nusra blir derfor i stor grad respektert som ein del av kampen, mens IS blir oppfatta som bitter fiende av dei andre opprørsgruppene.

Når USA derfor har fokuset sitt mot IS og ikkje Assad, og så utvider dette til anti-Assad-rørsla Nusra, så blir det oppfatta av mange i Syria som at USA berre slåss for seg sjøl, ikkje for deira sak. I tre år, og med 170.000 drepte syrarar, så har USA og dei andre i Vesten nekta å blande seg inn i kampen, fordi det var så komplisert. , som USA sjøl kan vere trua, da er det ikkje så vanskelig lenger.

Derfor er skepsisen mellom syriske opprørarar større når dei ser korleis USA gjennomfører dette, sjøl om det jo er dette, større vestlig og amerikansk engasjement i Syria, dei heile tida har bedt om.

Fronten mot IS: Vi veit kven vi bombar mot, men kven bombar vi for?
Dette kan vi også sjå reflektert i kven som deltar. Reellt sett er jo dette eit amerikansk foretak, det er dei som stiller med slagkrafta, og spesielt på syrisk side, der europearane er meir tilbakeholdne. Men det har vore viktig for USA å snakke om ein "brei koalisjon" med andre arabiske land, rett nok ikkje akkurat noen demokratiske paragon; Saudi-Arabia, Emirata, Qatar - men man tager hva man haver. Diplomatisk kan ein bruke det. Men desse var berre med på angrepa i nord-aust, mot IS og Raqqa. Dei deltok ikkje i angrepa i nord-vest, mot Nusra, dette var ein rein amerikansk operasjon, ut frå amerikanske sikkerheitsbehov. Her ser vi alt at koalisjonen har noen spenningar. Mission creep er alt i fullt sving, måla utvidas og omformuleras frå dag til dag, og kor lenge heng dei lokale allierte på?

Men som mange har påpeikt, sett nå at USA klarer å bombe IS frå kartet i Raqqa-området - kva så? Noen må jo da ta over området. Men kven? Det er jo ingen bakkestyrkar som står på USAs side, iallfall ikkje her - dei nærmaste måtte vere den Frie Syriske Hæren, som Obama tidligare håna, og som altså er kanskje den svakaste av opprørsgruppene og knapt eksisterer i følge noen observatørar. Men dei er uansett langt borte, i Idlib og andre områder i nord-vest. Dei einaste som kan nå fram og dra nytte på bakken av USAs bomber, det er regjeringsstyrkane, altså Assad. USA nektar for å samarbeide med Assad, men dei har iallfall informert syriske styresmakter om at bombeflya er på veg - men så slengt på røret for å unngå å høre at Assad-folka svarar "OK".

Kva gjeld Assad-styret, så er det nesten blitt oversett at Israel samme dag skaut ned eit syrisk fly som hadde forvilla seg, openbart ved feilnavigering, over grensa på Golan. Det er første gong på tredve år, men viser iallfall at Israel ikkje har lyst på nokon oppmjukning overfor Assad, uansett kva USA kan bli tvungen til.

Det som var den største opprørsalliansen utanom Nusra/IS, er dei som vart kalla den "Islamske Fronten", som har hatt backing frå Saudi og Qatar (visstnok frå begge to, men da trulig til ulike grupper innan alliansen). Dei blir kalla salafistar, altså konservative islamistar, og vil ikkje vite av samarbeid med USA og Vesten, men er altså også bitre fiendar av IS. Det er likevel også ei ganske amorf gruppe, og vi veit heller ikkje kor sterke dei er idag, og kva deira agenda og målsetting nå er, utover å bekjempe Assad. Det er ikkje sikkert dette vil vise seg å vere grupper som er så behagelige å ha på si side, men det kan altså vere at ein ikkje har så mange val, når ein ("den store koalisjonen") nå først har vada inn i denne syriske labyrinten.

torsdag 18. september 2014

Ein seks-punktsplan mot IS

Både norske og andre politikarar er i villreide om kva dei skal gjere mot IS. Krig, ikkje krig; norsk bidrag, ikkje norsk bidrag? Vi forskarar er vage og seier at det er komplisert og ein må passe seg - som er rett. Men, i ånda om å vere til nytte og gi klare svar: Her er eit forslag i seks punkt for å bekjempe IS:


1. IS må bekjempas militært, men det kan ikkje vere USA som tar den kampen. Heller ikkje andre arabiske land som Saudi-Arabia eller Egypt, det må vere irakiske styrkar. Det kan ikkje vere ”dei fremmende som vil påtvinge oss sitt styre”.


2. Det irakiske militæret i dag er for svakt, og dei er uakseptable i nord fordi dei eigentlig er ei samling shi’a-militsar i statlig uniform. Kurdiske peshmerga er naturlige i forsvar av dei kurdisk-befolka områda, men det må heller ikkje bli ein krig mellom kurdarar mot sunni-arabarar i dei sunni-arabiske områda. Sidan vi ikkje har noe ikkje-sekterisk militære i Irak i dag, må ein derfor satse på sunniske militære krefter. Og berre ei slik kraft er synlig nå: dei sunniske stammane i nord og nord-vest (herunder rekna andre sunniske grupper, dei fleste også knytt til stammar på ein eller annan måte).


3. Desse stammane må derfor settas i stand til å ta kampen mot IS, politisk og militært. Dei må gjerne få militær støtte, også frå vestlig luftvåpen, så lenge denne er ”lett på labben”, altså tilstrekkelig til å svekke IS, men ikkje stor nok til å gi inntrykk av ein ”utanlandsk invasjon”. IS ser overmektige ut i dag, mye fordi dei ikkje har møtt noen sterk profesjonell motstand. Dei fann avanserte våpen i Mosul, men har også brukt av dei, og har trulig ikkje evne til å erstatte dei etter tap i kamp.

Trulig skal det derfor ikkje så enormt sterk eldkraft til for å snu det inntrykket - ein treng ikkje heile USAs militærmakt. Det ville også betre inntrykket om det var eit anna land enn USA, kanskje eit ikkje-vestlig land, som tok dette ansvaret frå lufta, men det må vere kreftene på bakken, stammane, som tydelig står i spissen mens dei utanlandske støttar dei. Den avgjerande kampen må uansett føras på bakken, og ein må bygge ein strategi som fungerer utan at utanlandske bakkestyrkar seinare må settas inn for å "berge stumpane".


4. For å få det til, og for å kunne mobilisere vanlige sunniar mot IS, må det på plass ei politisk løysing dei kan tru på. Det må ikkje skapas det inntrykket mellom sunniar at utlendingane kjem for å påtvinge sunniane det shi’a-dominerte regimet som dei gjer opprør mot. For det må det til meir enn denne nye samlingsregjeringa av oppbrukte politikarar. Det må vere eit løfte som sunniane kan tru på, at dei - som varig minoritet - vil kunne ha styring over sin kvardag. Ideen om eit samla, ikkje-sekterisk Irak bør ein ikkje gi slepp på, eit oppdelt Irak er eit svakt land, men såra etter shi’a/sunni-konflikten på 2000-tallet sit trulig for djupt til at sunniane vil ha tru på felles-irakiske løysingar. Bagdad er fortsatt ein delt by, der sunniar og shi’iar knapt kan trygt bevege seg i den ”andres” bydelar. Derfor er nok ei eller annan form for autonomi for dei sunniske områda i nord og nordvest det einaste som kan få dei sunniske stammeleiarane til å slutte opp om ein kamp mot IS. Dei må få eit løfte om dette som er så solid at dei fester tillit til det.


5. USA må kunne snakke med Iran. Utspillet for ei slik politisk løysing ligg altså i Bagdad, og der har Iran stor, kanskje avgjerande innverknad. USA og Iran treng ikkje bli allierte, men dei må vere på talefot og trekke i samme retning i Bagdad. USA må overhøre protestane frå Israel og kunne handtere sin eigen kongress, og dei iranske leiarane må forstå at dei ikkje kan bruke IS-trusselen til å presse USA til å godta Assad-regimet i Syria. Også Saudi-Arabia, Tyrkia og Qatar må velge: er det viktigast for dei å halde fram krangelen med Iran, eller er det viktigast nå å bekjempe IS, og dermed smile pent til Iran så lenge det varar?


6. Irak må tvinge IS ut av Irak og tilbake til Syria, og så stenge grensa. Å bekjempe IS i Syria er ei heilt anna skål, og der har eg ikkje noen grei sekspunkts-plan (ennå. Det vil gå på å svekke IS der og styrke mulige motkrefter, kven nå det kunne vere i det landet). Denne kampanjen her kan derfor ikkje ha som mål å knuse IS totalt, men å svekke dei ved i det minste få dei ut av Irak. Det ville i seg sjøl vere eit stort framskritt, og om Irak da står meir samla og stabilt etter ein felles irakisk kamp mot IS, ville det vere ennå meir positivt. Så står ein betre rusta til å ta neste steg, i Syria deretter.

Dette er ein plan. Den er mulig, mange av elementa er på plass. Fleire sunniske stammar kjemper alt mot IS, men utan å akseptere Bagdad-regimet (og kjemper dermed kvar for seg), fleire oppdagar og reagerer mot IS sitt hardstyre. Bagdad-regjeringa vil nok protestere mot autonomi, men fleire der ser at dette nok må til, og dei har jo uansett ikkje kontroll i nord nå (og ein del shi’aer ser heller ikkje noen grunn til å bry seg med dei oppe i nord). Dei viktigaste problema er nok i punkt 5, det internasjonale: Dersom USA og dei utanlandske tar førarrolla, kan dei store regionale motsetningane komme i vegen for det samarbeidet som må til for å bekjempe IS. Og storstilt retorikk om å ”knuse IS overalt der dei er” må ikkje komme i vegen for meir realistiske delmål, om denne utviklinga skal gå rett.

Norge? Det er ingen forskjell på Norge og andre vestlige land her. Men Norge blir berre involvert dersom dette blir ein stor internasjonal operasjon, og om det blir eit slik stort internasjonalt oppbud, vil det bli det dominerande, og inntrykket skapas lokalt om at Vesten igjen skal påtvinge si løysing. Derfor bør vestlig deltaking ikkje vere større enn det som akkurat skal til for å svekke IS nok til at dei lokale kreftene får overtaket. Så derfor bør Norge, som andre i den store internasjonale koalisjonen, halde seg tilbake. Vi kan gi støtte, men frå ein beskjeden og tilbaketrukken plass, og utan norske soldatar.

mandag 25. august 2014

Libya: Mot todeling?

I skyggen av dramatikken lenger aust, har det også vore uro og ting som skjer i Libya dei siste vekene, og spesielt nå i og før helga har det komme til ei krise. Det har lenge vore snakk om at "Libya kan bli delt opp i to", eg har prøvd å si at det er litt meir innvikla enn som så, men det som har skjedd nå dei siste dagane gjer at vi kanskje bør sjå nærare på det spørsmålet.

Nasjonale konfliktliner, konflikt i vest og konflikt i aust
Til nå har eg, når eg skal prøve å forklare konfliktane, ganske forenkla sagt dei går langs tre ulike konfliktaksar:

Staten og militsane
For det første har vi forskjellen mellom sentralstaten og militsane. Krigen i 2011 etterlot seg eit tomrom, både politisk og kva gjeld statlige institusjonar, sidan begge var så knytta til Qadhafis person som var borte. Det nye statsapparatet måtte langt på veg skapas frå grunnen, og det var naturligvis heller ikkje parti eller politiske retningar, sjøl om noen ansatsar til parti fantes (mellom dei Det muslimske brorskapet, som hadde overvintra hos meiningsfellar i Egypt).
       Dette var fokusert i ein vald Generalkongress, som var dels sammensatt av "parti-grupper", men mest av enkeltpersonar utan partitilknytting. Forenkla delte ein dei opp i noen knytta til Brorskapet, og ein motpol som fekk merkelappen "liberal" - dei to var omlag like sterke, og kongressen degenrerte meir og meir til ein person- og klikk-krangel mellom dei to, der ingen fekk endelig overtak.

Denne begynnande sentralstaten hadde liten autoritet rundt om i landet, her var det militsane som rådde. Desse var, sa eg, ikkje eigentlig i opprør mot staten - det var feil å kalle dei opprørssoldatar, dei fleste av dei hadde gode kontaktar i ein eller fleire av klikkane i Tripoli, og mange av dei (også slike som kriga mot kvarandre) hadde fått formell status av å vere "del av den libyiske hæren" eller politiet, men tok altså ikkje imot ordre frå noen i staten, berre frå sine eigne leiarar. Dei oppfatta berre sentralstaten i Tripoli, med sin generalkongress og departement, som irrelevant. Kvar milits kjempa for sine eigne lokale interesser. Lenge var det berre mindre knuffing og noen trefningar, men frå i sommar utvikla kampane mellom dei største av dei seg til noe langt alvorligare. Men her skilte vest-Libya (Tripolitania) og aust-Libya (Cyrenaica) seg frå kvarandre. Det var ikkje samme konflikten i aust og vest, og heller ikkje samme type, slik ein del medier forenkla det til.

Vest: Kampen om Tripoli
Den mest folkerike delen av landet heiter "Tripolitania", for der ligg hovudstaden Tripoli. Den var  i krigen under Qadhafis kontroll, og derfor var det ingen stor motstandsmilits der (men fleire små). Tripoli vart derfor ein premie som dei to største regionale militsane i Tripolitania, dei frå den store kystbyen Misurata aust for hovudstaden, og dei frå den mindre byen Zintan oppe i Jabal Nafusa-fjella lenger sør kjempa om. Dei kontrollerte kvar sin del av Tripoli. I sommar kom dei i hard kamp om flyplassen sør for byen, som var halden av Zintan-gruppa.

Denne konflikten var i sin grunn ein rein regional kamp mellom to byar. Under krigen hadde ikkje noen av dei hatt noen spesiell ideologi, korkje religiøs eller på annan måte, anna enn at begge meinte dei hadde lidd mest for frigjeringa og fortente belønning for det, spesielt var Misurata klar på at, med Tripoli ute av spill, så var dei Libyas verkelige krumtapp (slik ambisjonar har også Misurata tidligare hatt). Men dei skaffa seg altså kvar sine allierte i det politiske livet, og Misurata oppnådde kontakt med noen knytta til Brorskapet, mens Zintan hadde allierte i den "liberale" fløyen.

Aust: Islam i sentrum
Annleis var det i aust. Her var det også ein maktkamp, men den var mye klarare prega av religiøs politikk. Cyrenaica hadde bedre bakgrunn for religiøs mobililsering, her hadde islamistiske geriljagrupper halde til i 1990-åra, og spesielt i byen Derna heilt i aust hadde konservative salafistar tidlig tatt kontroll og har det fortsatt, med eit klart religøst styre. Storbyen Benghazi er derimot langt meir sammensatt, slik Tripoli er det. Etter krigen dukka ennå meir radikale islamistgrupper oppe, mange ulike, men Ansar al-Sharia er den mest kjente, ikkje minst etter at dei vart knytta til drapet på den amerikanske ambassadøren i 2012 (fleire grupper var visstnok også involvert). Dei vart deretter kjeppjaga frå byen av befolkinga, som i stor grad var takksam til USA for hjelpa mot Qadhafi, og løyste seg opp, men kom seinare sterkt tilbake og vart til ein viktig milits i dette området.

Mot dei dukka det opp ein tidligare general, Khalifa Heftar, som ville "reinske ut islamismen" frå Libya, etter mønster av (og med sterk sympati hos) den nye egyptiske leiaren al-Sisi. Han samla derfor ein "hær" mot Ansar al-Sharia, men også mot Brorskapet, som han skulda for å stå i ledtog med Ansar (slik Sisi også påstår at det egyptiske Brorskapet "eigentlig" er jihadistisk). Heftars forhold til sentralregjeringa var ganske uklar. Fleire frå den gamle hæren slutta seg til han, også dei som var lojale til den nye regjeringa, og han hadde klart sympati hos noen. Men det var ingen offisiell backing eller band mellom hans hær og regjeringa, og det at han heilt klart også kjempa for Cyrenaicas særinteresser  og ville tvinge fram ei føderal løysing eller kanskje sjølstende for Aust-Libya, var sterkt i strid med gjeldande syn i Tripoli. Heftars hær var derfor også ein sjølstyrt milits som dei andre - men hos han, som hos Ansar, så var det altså rolla til islam og islamisme som var det sentrale. Nå påstod Zintan-militsen i vest at dei "støtta" Heftar og hadde kontakt med han, men reell samordning virka det ikkje som det var. Derfor var forklaringsmåten at striden i vest var om regional maktbalanse innan Tripolitania, den i aust var om religion og islamisme, med sjølstyre for Aust-Libya som bakteppe.

Blir kartet nyteikna?
Men så har det skjedd ting som tyder på at denne tredelinga ikkje held lenger som forklaring. Iallfall er det tegn som tyder på at troll kan gå i ord. Men det er fortsatt ganske kaotisk, så enn så lenge får vi kalle det ein stemningsrapport.

Frå eitt til to makteslause sentralstyrer
Det første er nyvalet til folkeforsamlinga i juni. Generalkongressen hadde  ikkje klart å skaffe på beina ei ny grunnlov, men det var likevel på tide med nye val. Men sidan namnet deira var blitt forbunde med maktesløyse og krangel, vart namet endra til "deputerforsamlinga", og partilistene vart avskaffa, nå var det berre "partilause" enkeltpersonar som skulle veljas. Resultatet vart, så langt ein kunne telle opp, at Brorskapets fløy vart noe svekka mot dei liberale, sjøl om dette vart aldri heilt avklart.

For forsamlinga har aldri møttes samla i plenum. På grunn av kampane ved flyplassen, vedtok dei ikkje å møtas i Tripoli, men i Cyrenaica. Men der var det også kampar i Benghazi. I staden skulle dei møtas i byen Tobruk heilt mot grensa til Egypt, ein by som er kontrollert av Heftars styrkar. Vel tre firedelar av forsamlinga reiste dit. Men ein del av medlemmene, særlig dei som sympatiserte med Brorskapet, nekta, sidan lova seier at forsamlinga skal møtas i Tripoli. Dei kalte derfor sammen restane av den gamle Generalkongressen, den som skulle ha blitt erstatta, og erklærte at dei fortsatt er den legale folkeforsamlinga i Libya. Slik er altså Libya nå blitt delt i to, med to parlament som begge gjer krav på å vere det lovlige statsstyret i Libya, eitt i vest og eitt i aust. Det i Tobruk har støtte av å vere sist vald, men det som måtte vere av statsadministrasjon er jo fortsatt i Tripoli. Det er også uklart i kva grad forsamlinga i Tobruk nå har stilt seg under Heftars beskyttelse, og utgjer ein "mot-stat" sammen med hans styrkar - og kva betydning det har for ambisjonen om lausriving av Cyrenaica, som omlag alle, også "liberale", i Tripolitania er sterkt i mot.

Den regionale kampen blir religiøs
Samtidig ser det ut til at milits-kampane i vest også har fått ein klarare religiøs karakter. Også her er det ganske forvirrande, og uklart kor mye som er propaganda: I dag er det klart ein fordel å kunne stemple motstandaren som "islamist" og "terrorist", spesielt om ein vil ha sympati hos Egypt. Der er dei spesielt opptatt av å stemple Brorskapet som jihadistisk og i ledtok med Qa'ida, IS, Ansar, ting vi veit ikkje stemmer i Egypt og vi ikkje kan sjå andre stader heller. Også i Libya har leiaren av Ansar gjentatt den vanlige remsa om at dei som prøver demokratiets veg og stiller opp til val, altså les Brorskapet, er fråfalne og fiendar.
        Men samtidig så har leiarar i Misurata-militsen sagt at Ansar al-Sharia er OK, gode soldatar og vi vil gjerne samarbeide med dei, og militsleiarar med påståtte band til Brorskapet har vore i Benghazi og kan ha hatt kontakt med Ansar, som nå ser ut til å vokse seg ganske mektig og kontrollerer ein stor del, kanskje det meste, av Benghazi. Brorskapet sjøl seier at dei ikkje støtter noen av militsane (berre Generalforsamlinga), men det er altså ennå ikkje klart korleis skillelinene går her: Om Brorskapet i Libya faktisk prøver å nærme seg jihadistane (noe som vil vere overraskande, i lys av retorikken derfrå), om Misurata-militsen flyter ideologisk og forlater ein vag sympati for Brorskapet til fordel for dei meir slagkraftige jihadistane, eller om dette berre er lause uttaler som ikkje har noen realitet "på bakken". Kanskje vi vil få bedre forståing for dette om noen dagar, ettersom utviklinga held fram.

Akkurat nå er altså stoda slik at Misurata-militsen har klart å kaste Zintan-gruppa ut av flyplassen og vann dette slaget. Dét kan endre seg militært, Zintan-gruppa har vel ikkje tenkt å gå noen stad.
       Men om det er slik at det blir ei eller annan slags samling i Tripoli på noe slags islamistisk basis mellom Generalkongressen og ein Misurata-milits som får militært overtak i byen, mens den liberale staten styrer frå aust, da er Libya snudd på hodet. For om det har vore noen grobotn for islamistisk styre i Libya (som kan diskuteras), så er det i Cyrenaica - der den "liberale staten" sit i ei lita lomme i Tobruk med sterke islamistar mellom seg og resten av landet - mens Tripoli og Tripolitania har vore bastionen for sekulært styre. Kva skjer vidare? Følg med.


søndag 17. august 2014

Irak: IS, sunniar og vestlig inngrep

Vestlige styrkar er igjen i aksjon i Irak, for i følge David Cameron å bekjempe ein avskyelig ideologi. Reint bortsett frå at ein ikkje kan bombe ein ideologi, berre dei som står for den, er nok likevel denne aksjonen langt mindre kontroversiell enn sist gong USA og England gjekk inn i Irak i 2003. Ulikt den gong er det ein akutt situasjon, forferdelige scener og fortellingar som kjem frå området, og om det er mulig for oss å hjelpe til med å stanse forfølginga og massakrane så vil dei fleste sjå det som både rett og nødvendig.

Spørsmålet er da berre om det er mulig, eller rettare, kva som er mulig å gjere med militære middel. Dei fleste politikarar som uttalar seg, og spesielt små land som Norge, understrekar i slike høve at "konflikten kan ikkje løysas med militære middel, berre med politiske" (evt. diplomatiske, men det er lite grunnlag for diplomati med IS). Men akkurat kva slags politiske middel som skal nyttas, eller konkrete initiativ for å bruke dei, er det gjerne vanskeligare å få auge på. Dette opnar for spørsmålet om kva som er grensa mellom muligheitene til "militære middel" og "politiske middel" i konfliktar som den vi nå ser.

Arven frå Sykes-Picot
Ei anna problemstilling som reiser seg mellom dei som snakkar om Midtausten nå, er at "grensene i Midtausten fell" og at "arven frå Sykes-Picot-avtalen i 1916" (som trakk opp desse grensene) er borte. Det gler jo ein historikarar at namnet på denne avtalen nå blir gjentatt så mange gonger, så hugsar kanskje studentane den bedre til neste eksamen. Men (reint bortsett frå at grensene ikkje heilt følger Sykes/Picot sine kart, det skjedde ein del mellom 1916 og grensene vart fastlagt ca. 1920-22), så har vi tidligare her avvist dette og sagt at "grenslinene ligg nok trygt". Spørsmålet er såleis om vi her var for konservative, om det er slik at IS faktisk kan danne sin eigen sunniske stat på tvers av den gamle grensa mellom Syria og Irak, ein stat som vi kanskje da kunne kalle "Mesopotamia", sidan den i hovudsak følger dei to elvene Tigris og Eufrat gjennom dei to landa.

Kva er grunnlaget for IS? 
Svara på dei to spørsmåla heng sammen, og knytter seg til det empiriske (fakta-baserte) spørsmålet: Kva er grunnlaget for IS i dag? Vi har to mulige svar eller hypotesar på dette. Det eine er det bildet som vi har fått i presse og kommentarar så langt: At IS er ein ekstrem og fanatisk organisasjon bygd på ein sterk salafistisk ideologi, med eit stort og vesentlig innslag av utanlandske jihadistar, og at styrken deira kjem frå pengar vunne ved kriminalitet og utanlandsk støtte, og frå avanserte våpen dei fann då dei erobra Mosul. Alså at IS er ei rørsle utanfrå i dei områda dei held, ein ekstern og globalt innretta organisasjon som like gjerne kunne flytte området sitt til eit anna land.
        Den andre hypotesen er at IS er uttrykk for eit lokalt sunni-opprør, at dei spring ut av dei sunniane som før dominerte Irak, men som etter invasjonen i 2003 vart satt til sides av det stadig meir sekteriske shia-styret i Bagdad og følte seg spesielt undertrykt av dei shi'iske soldatane og styresmaktene som vart sendt nordover til sunni-områda. Altså at dette er eit internt opprør knytta til særlige forutsetningar og historia til Irak i det siste tiåret, ikkje noe som kunne gjenoppstå på samme måten andre stadar.

Desse to hypotesane ekskluderer ikkje kvarandre, det kan vere begge delar, og det er ganske klart at det er begge delar, på ein eller annan måte. Ideologien og praksisen til IS i områda deira er krystallklar og vist både av deira propaganda og av rapportane derfrå: Dei er ekstreme, og dei er eksterne: Det er ikkje som Taliban, som i stor grad bygde på gammal stammemoral, IS bryter med lokale religiøse og kulturelle skikkar til fordel for sin eigen ideologi, ikkje minst når dei har rive moskear og minnesmerke som folk i området har hatt høg vørdnad for, men som ikkje stemmer med IS sin skriftlige dogmatikk. Dét er ikkje noko lokalt sunniopprør, det er eksterne idear satt ut i brutal praksis, brutal også overfor sunniar.

Det fører til dei forferdelige historiane vi hører, men på lengre sikt er det likevel mindre farlig. For ei slik reint ekstern rørsle vil ikkje kunne overleve på lang sikt. IS sin "stat", om den berre er basert på tilreisande ekstremistar, kan aldri bli noen etablert stat eller skiple dei eksisterande grensene i området. Ein stat må ha slike ting som ein styringsstruktur, ein økonomi, eit folk. Dei to første kan nok IS-kalifatet stille på beina, men dei treng også det tredje, eit befolkingsgrunnlag. Eit fremmedstyre kan undertrykke eit fjernt folk (kolonimakt, naboland, minoritetar), men vi har aldri sett noe fremmedstyre som ikkje har hatt basis i eit heimland noen stad, reine "fremmedlegionærar" på eiga hand. Nazistane hadde Tyskland, kommunistane Russland. Utan noen slik basis vil dei kunne forbli ein milits, ein gerilja eller opprørsgruppe, men som "stat" vil dei ikkje vare lenger enn våpna held.

Men den raske framgangen til IS viser at dei må ha ein breiare basis, det antatte talet på 10-15 000 krigarar er for lite for å ta og halde dette langstrakte området dei styrar. Derfor har dei ein lokal støtte av noe slag, av noen som kjem i tillegg til desse ti tusen "eigentlige" jihadistane. Spørsmålet er kva slag. Og det veit vi ennå lite om, sidan historiane om brutal framferd overskygger korleis folket lokalt, sunniane i nord-Irak, faktisk ser på dei.

IS og sunniane i Irak
Vi kan teoretisk forstå dette paradokset på to måtar: Anten kan vi, som det er blitt rapportert tidligare og vi også har skrive her, sjå på dette som ein taktisk allianse mellom to (eller fleire) grupper: På den eine sida IS, med propaganda, pengar, våpen og dedikerte krigarar. På den andre lokale sunni-krefter som ikkje deler IS sin ideologi, men kjemper ved sida av dei mot Bagdad-styret. Vi har nemnt noen av dei: "sufi-soldatane" i Naqshbandi-hæren, gamle sekulære Ba'th-tilhengarar, lokale stammer. Igjen er dette eit "positivt" bilde, for i så fall bygger denne alliansen på ei tidsinnstilt bombe: IS sin agressive salafisme vil ikkje kunne gå lenge sammen med sufisme eller sekulær Ba'thisme: Før eller seinare må IS ta eit "oppgjer med dei vantru" i eigne rekker (på samme måte, om vi vil ta ein historisk parallell, at det var forutbestemt at Hitler måtte før eller seinare bryte den "naturstridige" pakta med Stalin og angripe Sovjet), og da vil det heile rakne.

Vi har faktisk sett slike tendensar: Harde kampar mellom lokale stammer og IS i Deir ez-Zor i Syria, også trefningar i Irak. Men vi har diverre også ein annan mulig hypotese: At IS klarer å vinne dei lokale sunniane over til sin ideologi, slik at vi får ei sammensmelting av det eksterne fanatiske IS og det eldre sekulære, sufi-orienterte eller stammebaserte sunni-opprøret. Ei slik ideologisering av eit stamme- eller regionalt opprør er desverre heller ikkje ukjent i historia (slik t.d. sammensmeltinga av wahhabisme og stammesamfunn i saudi-arabisk historie). Det vil heilt klart vere motkrefter mot ei slik utvikling, ikkje minst mellom tradisjonalistar i området, men ein langvarig konflikt der IS blir ståande som "forsvarar" av deira område og av "sunnismen" kan forsterke ei slik utvikling. Og i så fall kan det oppstå, det folkegrunnlaget som kan gjere dette til ein varig, om ikkje fullverdig stat så kanskje ein mini "de facto-stat" som Transnjester, Nagorno-Karabakh og Abkhazia (eller Kosovo for den del).

Dette veit vi ikkje nok om ennå, men det har stor betydning for kva slags militær respons som har sjanse om å lykkas. For ei ekstern rørsle som "IS som fremmedkrigarar" kan ein fjerne militært: Tapar dei kampen vil dei forsvinne, og ein kan bygge politisk på dei sunni-befolkinga som er att, om ein berre klarar å få Bagdad-styret til å fungere. Men om det er sunni-befolkinga i Irak som godtar IS som sine soldatar og kjemper med dei, så vil den befolkinga vere att etter at kampane er over, dei vil ikkje forsvinne. Da vil det bli ein fare for at fremmed innblanding igjen blir ein magnet for styrka motstand ("IS er kanskje ille, men ikkje så ille som dei som bombar oss"), og ein forverrar situasjonen politisk i staden for å gjere han bedre.

Det kan slik vere grunn til å vere ganske fokusert i det militære inngrepet: Å sørge for å lette den umiddelbare situasjonen for flyktningane som er sperra inne og dermed svekke IS sin militære kraft, kanskje sette kurdarane i stand til å motsette seg ein invasjon frå IS-styrkar, men ikkje korkje ha eller målbere noen intensjon om å "knuse" IS med militære middel, så lenge det er fare for at dei lokale sunniane vil bli, eller kjem til å kjenne seg til å vere, dei som vert ramma.