Egypt er tilbake i fokus i dag, forsvarsministeren advarer om at samfunnet kan bryte sammen. Er det vi ser nå repetisjon av opprøret for to år sidan, er det eit framhald av det, eller er det noe heilt anna?
Svaret er nok litt av alle tre. Først er det viktig å poengtere forskjellane mellom da og nå. Den gong var dei politisk aktive nesten unisont samla mot styret, sjøl om det nok var ein del Mubarak-sympati mellom dei som ikkje var i gatene, var det også hos dei ei dominerande støtte til endring. I dag er bildet mye meir uklart: Dei politisk aktive er delt ganske midt i to, med islamistar og Brorskap på ei side, og sekulære og liberale på den andre med støtte til demonstrantane. Men mange, kanskje dei fleste av demonstrantane er ikkje nødvendigvis med dei liberale. Mange som slåss i gatene er mot alle "politikarar", enten det er på den eine eller andre kanten, opposisjonen har også skuffa gjennom si maktesløyse. Mange slåss nå med heilt andre perspektiv.
Mangande økonomisk bedring
Noe av dette låg alt i det første opprøret, og vi var vel inne på det alt den gong: Det vart tent umulig høge håp om at maktskiftet skulle føre til at "eg og min familie skal få det bedre": det var Mubarak og hans folk sin feil at det var fattigdom, økonomisk krise og arbeidsløyse. Og så er det gått to år, og ingen ting er blitt bedre, det er heller blitt verre; revolusjonen førte jo i seg sjøl til økonomisk oppbremsing. Så det nye styret er verre enn det førre! Eller iallfall like ille, derfor hører vi at "Morsi har forspilt sin sjanse", "han berre fører vidare Mubaraks politikk", osv.
På eit sett er dette rett: Brorskapet var ikkje revolusjonære i betydning å ville innføre sosialisme eller grunnleggande endringar i økonomisk politikk, ut over å ville "moralisere" det økonomiske og å få driv i produksjonen (om deira økonomiske politikk, sjå Bjørn Olav Utviks utmerka bok om dette). På kort sikt var det derfor ingen grunn til å tru at dei skulle f.eks. si nei til IMFs krav om "opprydding", det vil si, som vanlig for IMF, å kutte subsidiar, devaluere det egyptiske pundet, og sette Egypt på ein hestekur. Det har dei gått med på, og som alle slike tiltak rammar det livsvilkåra til vanlig folk, og den sosialistiske opposisjonen naturligvis er imot. Men det er jo ei politisk usemje mellom to liner. Sett "nedanfrå" kan altså dette sjå ut som ein sosial oppreist mot eit sosio-økonomisk system der Mubarak, Mursi, IMF, ja det meste av den globale kapitalismen står sammen. Ut frå ein sosialistisk revolusjonær tanke er dette aspektet naturligvis oppmuntrande og oppildnande: Den "permanente revolusjonen" på mars (dei som kan sin Trotski, ser parallellen: å "hoppe over" det borgarlig-liberale stadiet på vegen mot full sosialisme). Og det har heilt klart vore slike element av ekte sosial oppreist i opprøret siden 2011, ikkje minst på arbeidsplassane og mellom det som finnes av industriarbeidarar i Egypt.
Kven har ansvar for konflikten?
Men sjøl om misnøya med den økonomiske situasjonen nok er utbreidd, betyr ikkje det at "folk flest" nødvendigvis støttar desse demonstrasjonane. Ein ting er at islamistane har ein god del genuin støtte. Men meir utbreidd er nok at folk er trøtt av bråket, redd "ultras" - dei fotballsupportarane som var spydspiss i opprøret for to år sidan, og også i dag, men ikkje nødvendigvis treng ha så mye politisk ballast eller retning, berre blir trukke mot "action". Mye av opprøret virkar mållaust, bortsett frå at (den unektelig folkevalde) "Mursi må gå". Mange ser nok at, heller enn behovet for ein sosialistisk revolusjon, er det uroa som hindrar dei i å skaffe seg eit utkomme, ikkje minst, men ikkje berre dei som arbeider i turistindustrien. Og mange legg det meste av skulda for bråket på opprørarane. Når journalistar derfor intervjuar dei som er i gatene om kva dei meiner, er det derfor ikkje sikkert at det er like representativt for folkemeininga som det var for to år sidan.
Nå er nok ikkje regjeringa og Brorskapet skuldfrie for at det er komme så langt. Opposisjonen har ikkje feil i at Brorskapet har hoppa bukk over behovet for konsensus i denne overgangsfasen, og har vore meir oppsatt på å befeste makta si. Det gjeld ikkje minst Mursi som til tider har vore halstarrig, ikkje minst når det gjeld prosessen fram mot grunnlovsrøystinga. Denne manglande dialogen opnar for fare for at militæret grip inn, sjøl om det ennå virker lite trulig; dagens hærleiing ser fortsatt ut til å foretrekke ei meir tilbaketrukke rolle. Men Mursi opnar slik for frykta for ein allianse mellom regjeringa og hæren, mot opposisjonen, som ikkje gjer det lettare å få til dialog.
Men det finnes fortsatt dialogkrefter, spesielt hos dei "liberale islamistane" som Wasat-partiet og den tidligare presidentkandidaten Abu 'l-Futuh (mens salafistane naturligvis ber regimet om å slå hardt til). Det beste ville vere om dei klarer å bygge bru mellom regimet og den politiske opposisjonen, og at dei liberale ser at det ikkje tener dei til nytte å bruke ultras for å tvinge regimet til konsesjonar. Vi kan derfor i det minste håpe at denne voldelige konfrontasjonen vil døy bort om ikkje lenge, og i beste fall bli erstatta av eit arbeid for å bygge institusjonar demokratiet kan vekse innanfor.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar