I skrivande stund sit vi og ventar på nytt frå dramaet ved In Amenas ('Ayn Aminâs). Mens vi ventar, kan vi prøve å nøste litt opp i noen filologiske flokar og deretter litt om bakgrunnen.
For det første, har det versert så mange namn på den gruppa som antas å stå bak, at noen spekulerer i om det er to eller fleire grupper. Eg skal ikkje signere i blod på det, men har ein mistanke om noe av det bygger på ein stavefeil, men at dette er to namn på samme gruppe. Så langt har eg klart å nøste i problemet:
Den første som rapporterer om gruppa, er den franske avisa Libération som den 8. desember i fjor meldte at dei hadde fått ein video om at Mokhtar Belmokthar hadde brutt med al-Qa'ida i Maghreb og danna ei eiga gruppe som dei kalla "Signataires par le sang", dei som signerer med blod. I seinare rapportar vart det gitt som omsetting på det arabiske muthalamin. Le Monde bruker fast denne skrivemåten, al-muthalamine, det vil si dei som signerer med blod.
Seinare så har eit anna namn versert på dei, i ulike former. NRK har lagt seg på "dei maskerte bandittane", andre variantar av "maskert" er også brukt. Det arabiske her er gitt som Katibat al-mulathamine. Dei to arabiske lignar jo svært på kvarandre, og dei to er også brukt om kvarandre som omsettingar i ulike aviser. Men "signerer med blod" og "maskerte bandittar", ganske ulikt. Kva er rett?
Heldigvis hadde den første Libération-artikkelen med den arabiske originalteksten til denne nye gruppas erklæring, desverre nesten uleselig teknisk. Og her står deira eigentlige namn tydelig: vi har oppretta ei fedyain-gruppe (katîba) vi har kalla Al-muwaqqa'ûn bi'l-dimâ'. Det kan ganske riktig omsettas med "dei som signerer med blod", men også "dei som straffar med blod" [transitivt] eller "dei som har registrert seg med blod". Det kan vere litt opp til den enkelte kva meining som treffer best, sjøl har eg ein mistanke om det siste, at det er ei sjøl-erklæring: vi har gitt blod for Saka.
Men uansett, dette har openbart blitt eit for komplisert namn i praktisk bruk, så dei har blitt kjent som Katibat al-mulaththamin. Den andre varianten, "muthalamine" er openbart ein trykkfeil, ein har bytta "th" og "l" (det ordet finnes ikkje, men rota går noe i retning av "tilskitna", neppe eit godt namn å ta). Mulaththamûn er derimot eit velkjent ord. Det betyr "den som bærer ein lithâm", som er det plagget tuaregar viklar rundt hodet og også foran nedre del av ansiktet - hos tuaregane er det menn som går "tilsløra", ikkje kvinnene. Ein nobel tuareg skal aldri vise munnen til andre enn slekta, så al-mulaththamûn er det klassiske arabiske namnet på tuaregane. Namnet betyr altså rett og slett "tuareg-brigaden" - men kan også vere "ørkenbuar-brigaden", sidan også andre i ørkenen ofte brukar tilsvarande lithâm som tuaregane. Noen skriv "turban-brigaden", som kanskje er det rettaste av dei namna som verserer desse dagane; men det er altså dei som går med "turbanen" som er i namnet.
Tuaregar eller jihadistar - eller begge delar?
Men er dette da ei tuareg-gruppe eller ei jihadist-gruppe? Her har det også vore ei forvirring det siste døgnet, kanskje fordi noen vil "beskytte" tuareg-folket frå denne kriminelle handlinga, og gjerne trekke fokuset vekk frå Mali og den franske innmarsjen og over mot Algerie, der aksjonen fann stad.
For å forstå (eller, meir forsiktig, nærme oss) den svært kompliserte situasjonen, må vi gå bort frå todelinga "tuareg-opprør" / "jihadist-terror". I denne regionen er alt blanda sammen, men på ulike måtar. Vi må heller snakke om to "dimensjonar", ein regional dimensjon der ørkenfolket vil ha meir autonomi, og ein religiøs-ideologisk dimensjon som fokuserer på jihad og shari'a. Dei ulike gruppene plasserer seg ulikt langs desse to dimensjonane. Vi får berre ta dei viktigaste:
Opprøret i Mali i fjor vart satt i gang av den "nasjonale frigjeringsrørsla for Azawad", MNLA. Azawad er egentlig eit mindre område nordvest for Timbuktu, men er valgt som namn på heile Tuareg-landet av dei som arbeider for autonomi. Dette kravet om sjølstyre for Azawad er altså toppen av "tuareg-opprøret", og dei fleste trekker iallfall tuaregområda i Niger og vanligvis også Algerie inn i dette, eit kjempesvært men nesten folketomt territorium. I første omgang er det likevel nord-Mali som er fokus, og dei oppretta straks "Republikken Azawad" i den halvdelen av Mali som dei tok styring med.
MNLA er reint sekulært, men fekk "støtte" frå ulike salafist- og jihadistgrupper. Mens MNLA var nøgd med sitt Azawad slik det var og heilt uinteressert i det sørlige Mali, ville salafistane spreie sin bodskap overalt, og bygge nord på "sin" Shar'ia. Det kom derfor raskt til kampar mellom dei to, og MNLA tapte og vart pressa ut. Dermed var "tuareg-opprøret" kidnappa av salafistane.
Den mest kjente av dei er naturligvis "al-Qa'ida i islamsk Maghreb" (Aqim), som tidligare heitte GSPC og var ei reint algerisk gruppe, altså utan noe Sahara-fokus. Men dei militære i Algerie vann kampane mot dei midt på 2000-talet, så dei forflytta seg sørover og begynte å alliere seg med stammar eller bandar i Mali, Niger og andre land; Aqim ga ideologien, tuaregane og dei andre som gjekk sammen gav slagkraft og lokalkunnskap. Dette var altså noen tuareg-grupper, ikkje tuareg-opprøret i seg sjøl.
Samtidig oppstod det andre meir eller mindre reine salafistgrupper av tuaregar, som altså var både for tuareganes interesser og for salafi jihad. Den største, og trulig den viktigaste i nord-Mali i dag er Ansar al-Din (Ansar Eddine o.l.), leia av Iyad ag Ghali, den mest kjente leiaren av opprøret. Ei anna gruppe som også er basert i nord-Mali er Mujao, Rørsla for tawhid (Guds einheit) og jihad i Vest-Afrika. Dei er etnisk sammensett, men med stort innslag av afrikanarar, altså folk frå sør frå ørkenen, leiaren er likevel ein "kvit" mauretaniar, Hamada Ould Mohamed Kheirou.
Så kva så med Belmokhtar og hans gruppe? Han er heller ingen tuareg, han er født i Ghardaia i nordenden av Sahara, mens tuaregane bur på sørsida. Denne byen er eit sentrum for (andre) berberar, men har også fått mange arabiske innbyggarar. Eg har ikkje sett noen stad om Belmokhtar er arabar eller berber, men sidan han jo er sunni, så er det mest trulig han kjem frå dei arabiske delane av byen; berberane der er i hovudsak ibadi-muslimar. Likevel var nok Belmokhtar kjent med den berberiske dimensjonen, og han fekk hovudansvar for "den sørlige divisjonen" i Aqim. Da dei vart pressa ut av Algerie, etablerte han sin base i tuareg-områda, og har m.a. gifta seg inn i fleire viktige tuareg-klanar. Basen for hans gruppe er rundt Gao, dominert av Mujao, og mye tydar på at han er i ferd med å nærme seg desse, som han har samarbeidd med (dersom han altså nå har overlevd).
Hans gruppe er altså ingen rein tuareg-gruppe, og han omtalar den sjøl i si erklæring som sammensett av "muhajirin wa-ansar". Den som kjenner sine islamske referanser ser at det betyr "dei som har komme tilreisande og dei som bur på staden", altså både lokale (tuaregar og andre) og utlendingar. Han omtalar sitt interesseområde som "det muslimske Azawad", det "fremste eksempelet", og fokuserer på denne nye statsdanninga. Han avviser likevel autonomi-tanken, "å splitte det muslimske samfunnet geografisk og etnisk", og har openbart ambisjonar utover, han vender seg til "vårt folk" i Algerie og Egypt og "våre brødre" i Libya og andre land. Men hovudmålet nå er likevel å forsvare det muslimske Azawad frå dei fiendtlige naboane "som har vestmaktene bak seg". Om vi har lov til å spekulere litt, kan det siste peike på eit grunnlag for dagens aksjon, som jo har vore planlagt over noe tid; det er eit resultat av Mali-konflikten og i påvente av den utanlandske aksjonen dei var sikker på ville komme, men dei forventa kanskje like gjerne ei større vestlig innblanding, à la Libya, heller enn den reint franske som kom. Derfor vart aksjonen planlagt mot eit breiare internasjonalt anlegg heller mot eit reint fransk, som ein kanskje heller kunne venta. Men det er reine spekulasjonar, det kan også vere heilt andre grunnar (nærheit til Libya-grensa) som gjorde at dette vart plukka ut.
Uansett: Gruppa er Mali-basert, men med rekruttering og bakgrunn utover det; deira mål er ikkje tuareg-autonomi, men sharia i deira avtapping. Tuareg-preget i opprøret er tydelig, men dei "representerer" naturligvis korkje tuaregane som folk eller tuareganes ønske om sjølstyre - MNLA har nå tilbudt Mali-regjeringa si støtte, dersom dei nå er villige til å snakke om (sekulært) sjølstyre.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar