.

Laurdag. Eg kom til hotellet utpå natta til laurdag, og etter frokost tenkte eg måtte jo sjå litt på stoda som det stod om i avisene når eg først var i nærheita. Alt var heilt fredelig og gatene fulle av folk på vanlig laurdagshandel. Litt geografi først, sidan det er sentralt for det som følger: Taksim, sentrum for protesten, er ein middels stor plass midt i det "moderne Istanbul", nord for sundet "Det gyldne horn" (oppe til høgre på kartet her. Det historiske området er sør for det Det gyldne horn). Geziparken ligg rett ved Taksim, og sørvest for dei går det ei lang og brei handle- og gågate, Istiklal-gata ned til "Tünel" (Istanbuls første undergrunn, frå 1875), på kartet ser ein det under ordet "Beyoglu". Her ved Tünel ligg det svenske konsulatet som husar forskingsinstitutet, og hotellet vi budde i like ved sidan av, i Istiklal-gata, halvannan km eller 10-15 minutts gange frå Taksim-plassen.
Eg gjekk altså opp til Taksim, som var opent og fredelig, på sjølve plassen var det ingenting. Det var også heilt opent og fritt inn til sjølve Gezi-parken, der protesten starta og fortsatt heldt fram. Gezi er ein "fransk" type park, altså med mye grusgangar og firkanta grønne flekkar i etasjar, ikkje ein "engelsk" park av typen bakkete grasplen. Der var det nå som ein marknadsplass, alle smågrupper hadde satt opp sine boder med materiell og standpunkt, transparenter mot Erdogan og regjeringspartiet AKP, det meste på tyrkisk, naturligvis, og derfor uforståelig for meg, men det eg fått omsett var relativt straite parolar mot maktmisbruk og undertrykking, "AKP bulldozer". På graset fullt opp av telt, det var vel eitpar tusen demonstrantar der da, og nesten like mange turistar og journalistar, alle intervjua alle, og om ikkje det var intervju, sto kameraene oppstilt til noen skulle ha bruk for dei. Sjøllaga restaurantar, helsestasjonar og anna i større telt for dei "fastbuande".
![]() |
Proletarar i alle land, forein dykk (tyrkisk og kurdisk) |

Ute i gata var det igjen normalt uteliv, så eg begynte å spasere oppover Istiklal for å sjå om det skjedde noe (tvers mot UDs reiseråd). Butikkar opne, kioskar selde döner og iskrem til barna, folk gjekk fram og tilbake. Men oppover gata såg eg noen med munnbind klart rundt halsen spasere hit og dit - så noen fleire, og smått om senn endra sammensettinga seg, fleire og fleire med munnbind og nå også noen få med plasthjelmer, færre familiar med barn. Vel hundre meter frå Taksim var dette nå tydelig ein demonstrasjon, jamnlig applaus for dei som strømma nedover, folk som var blitt jaga frå Gezi. Vel, dette var jo eigentlig ikkje min protest, så eg trakk meg tilbake - igjen så hadde eg jo lite nytte av det verbale. På hotellet igjen sjekka eg Twitter, og Richard Engel frå NBC rapporterte at politiet hadde rydda nedover Istiklal - altså der eg hadde vore - med vasskanonar, det må ha vore berre noen minutt etter at eg gjekk. Close shave, altså.

Kampane heldt også fram utover natta, eg hørte slagord runge ute i gata vidare, før det gav seg.

Søndag: Stille etter stormen, gatefeiarar spylte opp bosset etter kampen i går kveld. Opp gata var det ingen sperrar, før ein kom fram til Taksim-plassen, der politiets eigne ryddefolk var i gang, rolig med berre noen nysgjerrige (som meg). Ein liten flokk på baksida heldt motet oppe med slagord, men politiet brydde seg ikkje, dei slappa av i sidegatene med gæværa over skulderen. På ein grasplen bak Divan-hotellet låg noen demonstrantar uforstyrra og sov. Ikkje mye meir å rapportere, så eg forlot staden og gjekk over til å bli vanlig turist i gamlebyen sør for det gylne hornet, Sultanahmet som var heilt uberørt. Det nordiske møtet skulle starte med middag først om kvelden, avtalen var å møtas utanfor det svenske konsulatet. Men da eg skulle tilbake, gjekk det ingen trikkar i den retning, alle stansa ved Eminönü på sørsida av brua. No trams, no no. Elles var det heilt vanlig, folk rusla heim frå jobb, på brua stod fiskarane med sine lange stenger tett i tett som dei pleide (korleis klarer dei å hindre snøra å vikle seg saman?) Men på andre sida såg vi kvifor trikken stod: der stod noen hundre som tydeligvis venta på noe (AKPs varsla motdemonstrasjon?). Seljarane med sine boder ropte ut varene sine - ikkje iskrem og brente maiskolbar her, dei var bytta ut med kullfora munnbind og høge haugar med sirlig innpakka plasthjelmer. Så det var der hjelmane kom frå.
![]() |
Utanfor hotellet, det svenske konsulatet til venstre |
Måndag: Møtet var i det svenske konsulatet / instituttet (med anar tilbake til Karl XII) på svensk jord, så det gjekk greitt, som i går var det berre gatefeiarar og vanlig handel på morgonen. Men lunsjen rett over gata fekk vi beskjed om å avbryte, for nå vart området utanfor fylt opp av politi, og vi risikerte ikkje å komme over gata inn i konsulatet att. Dei viste seg likevel å vere berre der i bero, ingen fleire demonstrantar kom, så trass i litt spent stemning gjennomførte vi møtet om nordisk samarbeid i god orden. På kvelden var det heilt fredelig, vanlig kveldstrafikk. Eg ser media rapporterte om varsla streikar den dagen, men dei var tydelig ikkje omfattande, vi merka ikkje noe til dei.

Kva vidare? Følg med i avisene. Men kva kan eg konkludere frå min turisme? Eg gjorde jo ikkje noe forsøk på å knytte kontaktar eller gjere forskning, så det fremste er kanskje viktigheita av språk: utan tyrkiskkunnskap var det mye som gjekk meg hus forbi. Det eg såg bekrefta vel i og for seg inntrykket eg hadde frå før: Ein protest først og fremst mot den valdsbruken som politiet og styresmaktene hadde brukt i konflikten, altså protest mot reaksjonen på protesten. "AKP: bombarane av Roboski [ein kurdisk landsby, bomba i 2011], panser på Taksim, ødeleggar av forstadane". Mest unge og mellomklasse, masse ulike marxistiske smågrupper, men også eldre, openbart kemalistar.
Elles var eg jo berre i utkanten av det heile, men for det det er verdt: i denne poshe handlegata såg eg ikkje ei knust vindusrute, og ikkje eit einaste balltre eller anna slagvåpen hos protestantane. Nå var naturligvis butikkeigarane kjappe til å trekke ned stålgardinene foran butikkane, og vi veit at det vart satt fyr på bilar andre stader og at provokatørar frå ulikt hald skal ha prøvd yppe til vald, men eg såg ikkje noe slikt; når protesten var over tok dagliglivet og handelen seg opp utan noe merke frå det dramatiske noen timar før. Det verka rimelig som det er rapportert, at organisatorane klarte å unngå det meste av valdsbruk frå si side.
Så får vi seinare vurdere kva slags konsekvensar dette har fått, om det blir eit blaff, om det svekker eller styrkar Erdogan på sikt, og om det skapar varige sår i det tyrkiske samfunnet (som nok har vore gjennom harde tak før).