I dei pågåande protestane i Istanbul og Tyrkia elles den siste veka, har kommentatorane krangla om dette er ei fortsetting av "den arabiske våren", eller om det er noe heilt anna enn den arabiske protestbølga. Skillet går openbart på at "våren" var ein protest for demokrati og mot diktatorar, mens den tyrkiske leiaren Erdogan heilt klart har vunne demokratiske val, det siste i 2011 med jamnt 50 prosent av røystene, eit svært høgt tal i eit reellt fleirpartistyre.
Eg spekulerer på om det ikkje kan vere bedre å sammenligne Taksim-protesten med det som har skjedd etter den arabiske våren, altså dei fortsatte protestane som vi har sett det siste året i Egypt og Tunisia, protestar som har retta seg mot dei nye makthavarane som kom i kjølvannet av revolusjonane. Her kan vi finne fleire likheitstrekk:
Misnøye med valde leiarar
Makthavarane har klart demokratisk legitimitet: Det er avhalde val, og trass i murring frå opposisjon i noen av landa, så har det vore liten tvil om at vala var i hovudsak skikkelig gjennomført, med ulike alternativ, og det er også liten tvil om at makthavarane representerer ei brei folkemeining, enten dei i dag ville ha fleirtal eller ikkje. Ordbruken "makta mot folket" er altså ikkje rett i noen av tilfella, om ein med folket meiner eit samstemt folkefleirtal.
Kritikken har i staden gått på måten makthavarane har forvalta dette demokratiske fleirtalet: At i staden for å finne samlande løysingar, har dei drive splittingar inn i landet og favorisert sitt syn eller sine grupper på urimelig vis: Ja, Erdogan har 50 prosent, men han må også hugse på dei andre 50 prosent, som demonstrantane seier det. Det går også på forholdet mellom partia og staten, det som i Egypt kallas "ikhwansiering", eller "brorskapisering", at regjeringspartiet plasserer sine folk inn i statsfunksjonar som burde vere heva over politikken, slik at staten blir dominert av Brorskapet. Det samme gjeld media, partiet prøver å styre dei uavhengige media ved å plassere sine folk der, eller legge lokk på reell kritikk av staten.
Er dette ein rimelig kritikk? Det må ein nesten finne ut med konkrete undersøkingar, både ja og nei er mulig. Vi kjenner jo igjen samme type kritikk av "Arbeidarpartistaten" her i vårt land, eller "ARK", ein kritikk som venstresida kjenner som urimelig, mens høgresida meiner den er reell: Det kan altså avhenge av politisk ståstad korleis ein vurderer forholdet mellom den utøvande politiske makta og det uavhengige statsapparatet. Men det er opplagt at i land som Egypt og Tunisia var det før revolusjonen nesten ikkje noe slikt skille: Tunisia hadde t.d. lenge ikkje kommunestyre, det var dei lokale avdelingane av regjeringspartiet som administrerte kommunane. I Egypt, styrt av dei militære, var regjeringspartiet nær ein utvekst av staten. Når dette nå skal endras, er det derfor opplagt ei utfordring å bestemme nøyaktig kvar balansen skal ligge - ikkje minst fordi det ikkje finnes noen felles idealmodell, vi veit jo at t.d. i USA er mange av dei vi reknar som statsfunksjonærar (politisjefar osv.) demokratisk valde, gjerne på partilister.
I Tyrkia er situasjonen annleis, dei har hatt fleirpartistat og skiftande regjeringar i over seksti år, og den viktigaste statsmakta hæren - som lenge var nær knytt til rettsapparatet - stod utanom partia og vokta nidkjært over dei. Men problemet stat og sivilsamfunn er likefullt eit problem her, med den sterkt autoritære statsmakta dei trass sine demokratiske tradisjonar har hatt, både overfor kurdarane, naturligvis - her kan ein knapt kalle det eit demokrati - men også over pressa. Vi må her også tenke på arven frå 1970-åra, då militante og valdelige kampar mellom geriljagrupper frå ytre venstre og ytre høgre satte heile landet i fare, noe som for mange rettferdiggjorde at hæren greip inn og stramma grepet overfor sivilsamfunnet.
Sekularisme og faren for islamisme
Eit anna fellestrekk er jo at makthavarane hører til meir eller mindre samme politiske retning, den moderate islamismen. AKP i Tyrkia bruker jo ikkje det ordet, fordi islamisme er forbudt i Tyrkia, og dei er nok også klart mindre "islamistiske" enn dei i Egypt og Tunisia, ikkje minst fordi det er eit reint politisk parti og ikkje på samme måte vakse ut av ei stor sosial rørsle. Men AKP blir jo ofte brukt som modell for Egypts Muslimske Brorskap og Tunisias Nahda-parti, riktignok gjerne som retorisk poeng, eit vest-vennlig motstykke til det anti-vestlige Iran motstandarane skremmer med, likevel kan vi sjå dei som ulike delar av samme familie.
Dei blir altså utfordra av sekularistar og liberale, som kjem frå litt ulik ståstad: Alle tre land har hatt i prinsippet hatt sekulære styrer fram til i dag, men Mubarak-styret i Egypt var sterkt sosialt konservativt og gjekk langt i å gi reelle konsesjonar til islamske straumdrag, både i lovverk og i praktisering (hijab kunne vere forbudt på universiteta, samtidig som 1001 Natt vart sensurert av moralske grunnar). Tunisia var like autoritært, men langt meir liberalt i forhold til sekularitet og skille religion og styresett, mens Tyrkia altså var og er autoritært sekulært, der religiøse ovringar av ulik type ofte var og er forbudt.
I alle tre landa har regjeringane gjort små steg i retning av å gi religion, moral eller islam større plass. Innhaldet er forskjellig: I Egypt dreide det seg om shariaens plass i lovverket, eit stort spørsmål, i Tyrkia om å forby sal av alkohol i butikk etter kl. 22, eit svært lite spørsmål. Begge delar har da altså vore med å utløyse store protestrørsler. Det er klart ikkje tiltaka i seg sjøl, men retninga som har vore problemet: Gir du djevelen veslefingeren, tar han heile handa. Stansar vi ikkje dette nå, så har vi full sharia om kort tid.
Det dreier seg derfor igjen om tillit. Dei som protesterer manglar grunnleggande tillit til makthavarane: Dei er ikkje diktatorar eller radikale islamistar i dag, kanskje, men vi er redd dei kan bli det. Dette er jo naturligvis også ein mistillit til det politiske systemet: Vi har hatt val, men vi trur ikkje at vi kan klare å stanse denne utviklinga vi fryktar gjennom kommande val: vi må fjerne leiarane ved direkte aksjon, i gatene. Makthavaren, presidenten eller statsministeren må gå, ikkje etter det og det valet, men nå, som resultat av våre protestar. Elles så er diktaturet her.
Mangel på reelle alternativ
Kvifor trur dei ikkje på maktskifte ved val, ikkje i noen av landa har jo det sittande styret gjort noe som helst som tyder på at dei ikkje planlegg ordinære kommande val eller at dei skulle nekte å gå til sides om dei tapar vala? I to av dei står fortsatt eit sekularistisk militærvesen som garantist mot eit slikt maktkupp frå ei islamistisk regjering; sjøl om hæren har trukke seg tilbake frå aktiv politikk både i Egypt og Tyrkia, er deira sekulære innretning og vilje til å forsvare dette ubestridt.
Problemet er heller politisk: AKP har vunne val etter val, fordi dei har hatt ein effektiv politikk som klart har ført til framskritt økonomisk og sosialt for mange grupper i landet. Men først og fremst har dei vunne vala fordi det ikkje har eksistert noe truverdig alternativ. Da dei vann første gong i 2002, hadde tyrkisk politikk i eitpar tiår vore dominert av parti som alle saman var så tilskitna av korrupsjon, vanstyre, personkrangel, ja reint mafiøst bandittvesen (partileiarar og bandeleiarar samarbeidde nært) at veljarane feide dei alle ut. På dei ti åra som har gått, har opposisjonen ikkje klart å komme seg over dette og samle seg til noe som kan gi veljarane eit alternativ å tru på.
I Egypt og Tunisia har på samme måte dei sekulære partia ikkje vore i stand til å samle seg om noe anna og bedre enn at dei er mot Brorskapet og Nahda, også her er dei i beste fall elitefenomen prega som andre elitegrupper av nærsynt krangel og personlige motsetningar. Hadde dei liberale kreftene kunne stått sammen om ein politikk som tilbaud eit truverdig alternativ til folk flest, så hadde dei nok både i Tunisia og i Egypt hatt gode sjansar til å vinne i ordinære val, som dei altså har all grunn til å rekne med vil finne stad. Når folk går til gatene, er det kanskje mye i frustrasjon over at dei ikkje ser fram til å ha noe slikt alternativ ved urnene. Men det er da knapt makthavarane sin feil, men heller mangelen på modning i den liberale leiren.
Dette gjer jo at regjeringane i dei tre landa ikkje treng føle seg alvorlig trua politisk av opptøyene, sidan dei berre retter seg mot makta, men ikkje har noen alternativ leiing som dei kan vere for og som kunne true regjeringspartia. Men naturligvis fører kaoset som opprøra drar med seg til ein politisk kostnad: Det blottstilller problem - i Tyrkia både Erdogans veksande autoritarianisme innanfor AKP-systemet (ser han seg som ein ny Atatürk? Indre kamp i AKP?) og maktapparatets brutalitet, i Egypt og Tunisia dei nye styresmaktenes manglande samarbeids-, og kanskje også regjeringsevne - som i sin tur vil svekke deira autoritet og muligheit til å gjennomføre politikken sin. Dersom det nåverande styrets basis forvitrar utan at det er noe alternativ som kan ta over, kan det vere uheldig for utviklinga i dei tre landa.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar