På snarvisitt i urolige Istanbul, ser eg at det også har skjedd interessante ting i nabolandet i aust, ny og uventa president. Eg går ut frå at i mellomtida har dagsmedia både komme seg gjennom stadium ein: ein reformist vann valet, og stadium to: valvinnaren er ingen reformist. Dermed kan vi gå vidare og reflektere på kva dette kan få å bety, vel vitande at det vil vi først få vite ettersom tida går.
Valet visar iallfall at demokratiet er ein merkelig plante. Ingen vil vel finne på å kalle Iran for noe demokrati, spesielt ikkje nå da alle unntatt dei mest håndplukka vart nekta å stille til val - det er jo kriteriet for eit fritt val at alle kan stille. Samtidig tapte dei tre vi rekna som regimets favorittar, og ein outsidar som i valkampen var overraskande kritisk vann. Det viser iallfall eit minimum av folkelig innverknad på resultatet.
Men kva betyr det i forhold den reelle makta i landet, som jo ikkje ligg hos presidenten, men hos rahbar, "Leiaren", ayatollah Khamene'i? Betyr det ein slag over nasen for han, ei feilberekning der han trudde Rohani ville bli eit moderat alibi som måtte tape? Eller er det ein snedig plan som viser at han egentlig er lei av alliansen med dei ultra-konservative og vil orientere seg inn mot sentrum? Begge delar er foreslått, men det siste virkar vel konspiratorisk, det ville bety at røystetellinga var heilt fiktiv og styrt ovenfrå. Det er det neppe, da hadde det vore meir effektivt å la ein ekte reformist få stille og så "tape". Heller er det slik at Rohani fell innanfor ramma av den typen politikar Khamane'i kan arbeide med. Han kunne foretrukke Jalili, eller Qalibaf, dei to favorittane, men Rohani var også akseptabel. Regimet set rammene, men lar velgarane - "demokratiet" - få noe innverknad innanfor desse rammene, som altså i år var på størrelsen med ein telefonkiosk.
Det betyr også at vi ikkje skal sette forhåpningane til Rohani alt for høgt, sjøl om han likevel blir ei klar endring frå den flamboyante og populistiske Ahmadinezhad. Rohani er ein pragmatikar og diplomat, med god erfaring med Vesten frå si studietid (jus og psykologi) i Skottland. At han også har teologisk utdanning, som hojjat al-islam og stod Khomeini nær er viktig, men han blir altså nå rekna som å nær kretsen til tidligare president Rafsanjani. Men han er langt meir neddempa i stil, og skal - ulikt Rafsanjani - ha eit godt personlig forhold til Khamene'i, noe som vil bli sentralt om han skal kunne påvirke politikken i landet.
Rohani overraska nok mange ved å gå såpass klart ut mot sensur, støtte til likestilling for kvinner og andre liberal-liknande synspunkt, som det blir spennande å sjå om han står ved. Dei politiske tyngdelovene i Iran er nok likevel slik at vi ikkje skal vente oss noen store endringar i samfunnspolitikken i landet. Etter å ha fått eit såpass klart votum frå folket, vil det nå vere viktigast for han å bygge eit solid godt forhold til Khamene'i og dei konservative som fortsatt styrer både i parlamentet og i dei religiøse organa. Mest trulig vil vi derfor høre mindre til regimekritikken, iallfall opent, framover. Noen valløfter vil han likevel kanskje måtte innfri, t.d. i forhold til dei politiske fangane i landet.
Viktigast er nok likevel utanrikspolitikken, der han lovde å gjere slutt på dei internasjonale saksjonsane som har fått ganske stor innverknad på iransk økonomi og dermed på folks dagligliv. Dette er trulig ein viktig grunn til at veljarane - også trulig mange som sist støtta Ahmadinezhad - snudde dei konservative ryggen og satsa på Rohani. Her må han levere, og det betyr naturligvis forhandlingar om atomstriden, forhandlingar han sjøl leidde før, og etter sigande nesten fekk i havn før Ahmadinezhad vann valet i 2005, avbraut forhandlingane og sparka Rohani. Nå kan dei tas opp att.
Men problemet er jo nå om han får lov til det. Han vil her stå mellom Scylla og Charybdis: På den eine sida er det vanskelig å tru at Khamene'i vil godta noe som kan oppfattas som avbikt og ei kritikk av regimet eller svakheit for Iran. På den andre sida er Vestmaktene, og særlig USA, generelt trege med å løfte sanksjonar når dei først er i gang, fordi det kan oppfattas som svakheit frå deira side; dei vil ha "seier". Til sammen gir det dårlige vilkår for diplomatiske mellomløysingar der ingen riktig veit kven som har vunne og tapt.
Men konflikten har vart lenge, og kan kanskje få lov til å døy. Syria er jo her det sentrale: Vesten vil forlange at Iran demper innblandinga si i Syria, ser dei det vil dei nok kunne finne løysingar på andre problem. Men er det egentlig presidenten som bestemmer kva slags politikk Iran har i Syria (t.d. når det gjeld evt. våpenstøtte til Assad)? Iran har mange maktsentra, fleire enn berre president og religiøs leiar, det kan vere andre grupper som arbeider på eiga hand, og som er mindre villig til å godta presidentens autoritet, i det minste om ikkje Khamene'i kjem heilt klart og tungt inn med støtte til ei avspenningsline, om altså Rohani presenterer ei slik. Ei slik klar stilling frå Khamene'i er slett ikkje opplagt, tvert imot ville det vere overraskande. Men nå var jo valresultatet i seg sjøl ei overrasking, så vi får vente og sjå.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar