torsdag 24. januar 2013

Sahara: Tuaregane


Sentralt i dei siste vekas hendingar står tuaregane, dette Sahara-folket som starta opprøret i Mali det heile sprang ut av. Mange har vel sett turistbilder av dette stolte folket oppe på sine kamelar. Men kven er dei? Her kan vi kanskje få lov til å trekke fram historikaren i oss, og tegne det lange historiske bildet av denne folkegruppa som er det mest maleriske av "Saharas folk".

Kel Temajegh
Tuaregane hører til dei berber-talande folkegruppene i nord-Afrika. Dei fleste berberar i Marokko, Algerie og Libya er bufaste bønder, og deler seg opp i grupper/folkeslag om kabylar, shleuh, zenaga, osv., dei kallar seg sjøl Amazigh-folket. Tuaregane er altså dei sørligaste av dei, og spesialiserte seg på å vere kamel-nomadar gjennom dei sentrale delane av Sahara, i hovudsak i frå vest i Mali, gjennom Algerie (Ahaggar i sør, Ajjer mot Libya i aust) og så langt som til Air-fjella i Niger. Dei er oppdelt i fleire dialekt/språkgrupper, noen knytta til dei fjellområde i Sahara (Kel Ahaggar, Kel Ajjer, Kel Owey), andre trakk tidlig sørover til steppelandet, slik som Kel Gress i Niger, som gjennom århundra blanda seg med etnisk afrikanske grupper. "Tuareg" er avleidd frå det arabiske tawarik (ukjent opphav), sjøl kallar dei seg, alt etter sine dialektar for "Kel Temajegh, Kel Tamahaq, Kel Tamashek" og liknande ("dei som snakkar T.")

Tuaregane er også sosialt sterkt lagdelt, med eit aristokrati på topp som i prinsippet er dei einaste som kan eige kamelar og bære våpen, "frimenn" som skulle drive med geitehald i fjellområda, og faktiske eller frigitte slavar henta mellom dei svarte folkegruppene i sør (bella) som dyrka jord/hagar eigd av handelsmenne. Dette ideelle skillet mellom aristokratar og frie var ikkje alltid praktisert, men slavehaldet var reellt fram til franskmennene avskaffa det først på 1900-talet, og har lagt grunnen for historisk motstand mellom svarte og tuaregane, som med sin berber-bakgrunn blir klassifisert som "kvite" (på line med fåtalet av arabarar som også bur i regionen). 

Tuareg-samfunnet var statslaust. Dei hadde ein "sultan" (ameñokal) i kvart fjellområde, som hadde ei mest symbolsk rolle i balansen mellom dei fremste klanleiararane (ein klan vart kalla ei "tromme-gruppe", sidan tromma var symbolet på samhaldet). Vi veit ikkje når folket oppstod, iallfall etter at kamelane vart innført i Sahara tre-fire hundreår e.v.t., men vi hører først om dei frå 1300-talet, og det kan vere først da dei skiller seg klart ut frå dei øvrige berbergruppene i Sahara, med m.a. sitt mest typiske kjenneteikn: ansiktssløret. Ein aristokratisk (og egentlig alle frie) tuareg skal aldri vise munnen for fremmede. Turbanen (litham) var og er derfor ein umistelig del. Omtrent på samme tid vart dei muslimar, men heldt lenge på det matrilinære slektssystemet før dei gjekk over på islams patrilineære. 

I dag er det snakk om at opprørarane i Sahara blandar røveri og kriminell aktivitet med politikk. Det er egentlig ikkje noe nytt. Tuaregane var alltid utanfor det politiske systemet, både det nord og det sør for Sahara. Som frie "herrar av Sahara" dreiv dei med fredelig handel, men var like villige til å raide andres handelskaravanar for å skaffe seg utkomme. Den som ville ha fred, gjorde avtalar med den sterkaste tuaregleiaren langs ruta. Derfor var det også konfliktar, spesielt med handelsbaserte statar sør for Sahara. Når desse statane var sterke, dreiv dei tuaregane bort frå handelsrutene, når dei var svake, kunne den sterkaste trommegruppa gjennomføre si lov. Men gjerne i rivalisering med andre tuareg-grupper i ormådet. 

Men dei var altså også fredelige handelsmenn. I hovudoppgåva mi frå så lenge tilbake skildra eg korleis Kel Gress og Kel Owey i Niger utvikla ein svært profitabel "trekant-handel" i ørkenkanten på 1700- og 1800-talet: Dei hadde etablert seg i steppelandskapet som jordeigarar med store plantasjar der deira liveigne (slavar eller frigitte) dyrka hirse. Dette frakta dei til oasane i ørkenen, og bytta mot salt som vart drive ut der oppe, folket der (fastbuande frie afrikanarar) levde av denne handelen. Tuaregane frakta så saltet til marknader i sør i Nigeria, og selde med stor forteneste, som dei kunne leve av eller investere i meir jord. 

Dette systemet vart tildels utfordra på 1900-talet av europeisk salt og av frakt med lastebilar. Men begge delar var mye dyrare enn kameldrift og Sahara-salt. Det var tørkekatastrofane på 1980-talet som sende tuaregsamfunna i krise. Ørkenen er jo alltid tørr, men tuareganes økonomi var avhengige av handel med Sahel-folka, og når deira livsgrunnlag tørka inn så forsvann også tuareganes økonomi. Dei måtte selge eller slakte dyra sine. Det hadde dei måtta før, og komme seg igjen, men nå kom det fleire tørker etter kvarandre med så kort mellomrom at flokkene ikkje klarte å hente seg inn. Dei som eigde jord såg også at den tørka inn. Derfor trakk fleire og fleire tuaregar sørover mot Sahel. Dels kom dei i konflikt med dei svarte fastbuande, dels dreiv dei inn til byane i ørkenkanten, slik som Tamanrasset og Agadez, på jakt etter utkomme som ikkje fantes. Eit slumtilvære venta mange av dei som før hadde levd frie på kamelryggen. 

Dette er det som har destabilisert tuareg-samfunna i Sahara, og førte til opprøra i Mali og Niger på 1980- og 1990-talet, der tuaregane (og, lenger aust, også tedaene i Niger som hadde liknande problem) desperat søkte ei løysing på sine problem. Konflikten med dei eksisterande jordbrukar-samfunna, som var vel så mye ramma av tørken og som hugsa godt tuareganes historiske maktmisbruk, gjorde det ikkje lettare. Her ligg altså grunnen for krava om autonomi eller sjølstende: Dels ein nostalgisk lengsel tilbake til det gamle livet: "eg er fødd fri i ørkenen og slik vil eg døy", dels ein tru på at det er korrupsjonen og misbruket i nasjonalstatane som har hindra tuaregane i å kunne utvikle seg slik dei ønsker.

Ikkje alle tuaregar tenker slik, naturligvis. Mange vil sjå si framtid som del av Mali og Niger, og at ørkenlivet kan ikkje komme tilbake slik det var. Og vel og merke: Ikkje alle i "Azawad", nord-Mali er tuaregar! Om ein kastar eit blikk på kartet, ser ein eit grønt belte gjennom området. Det er elva Niger, og dei som bur langs elva (og sør for den) er jordbrukarar og fiskarar som korkje er tuaregar eller særlig velvillig stemt til dei. Det er området nord for elva Niger som er tuareg-land. I Gao og Timbuktu bur det tuaregar, men fleirtalet er av andre, afrikanske folkeslag. Ein må lenger nord, til Kidal, Agadez og andre byar i ørkenen for å finne overvekt av tuaregar (og også dei byane er nå blanda), og det kan bli eit tynt grunnlag for ein eigen stat. 



søndag 20. januar 2013

Sahara: Kvifor?

Mens vi, i skrivande stund, fortsatt venter på nytt om dei siste norske i Algerie, blir spørsmålet fortsatt stilt: Kvifor skjedde denne aksjonen? Kva var målet, kva var sammenhengen? Er det ein protest mot den franske innmarsjen i Mali berre ei veke før, eller har den vore planlagt i lang tid før dette?

Kanskje får vi aldri noe fullstendig svar på dette, kanskje er det ikkje noe samlande svar. Men det er trulig ingen motsetning mellom dei to, det var begge delar. Ved å sjå litt meir på personane og tidsrekkefølga, kan vi komme med noen hypotesar som kan foreslå noen element av svaret.

Fokuset er altså på personen Mukhtâr Abu 'l-Mukhtâr, eller Khâlid Abu 'l-Abbâs som han òg heiter. Da han kom tilbake til Algerie frå Afghanistan rundt 2000, slutta han seg til salafistgruppa GSPC (etter ein kort periode i den eldre GIA), som altså i 2007 skifta namn til "al-Qa'ida i det islamske Maghreb" (forkorta AQIM på engelsk, AQMI på fransk). Han viste seg her som ein dugande gerilja/terrorist-leiar, og fekk ansvar for Aqims "sørlige front", ikkje minst fordi han sjøl kom frå det sørlige Algerie, Mzab-området (som ser ut som "nord" på kartet, men er i le grand sud, Sahara-kanten, i algerisk oppfatning).

Styringsstrukturen i Aqim er uklar, og sikkert skiftande, men det ser ut til at Belmokhtar, som vi nå stavar namnet, kan ha vore ein av tre-fire leiande "emirar" i organisasjonen, som frå midten av 2000-talet spreidde sine aktivitetar over heile Sahara frå Mauritania i vest til Nigeria i aust. Belmokhtar baserte seg i Mali og Niger, med ei gruppe på kanskje eit par hundre mann, som alt da ser ut til å ha blitt kalla "al-Mulaththamin", dei som går med ørkenskjerf, slik vi omtalte i førre blogg.

Men denne geografiske spreiinga har også ført til fragmentering av organisasjonen, og det kom til rivalisering mellom Belmokhtar og andre leiarar i Aqim. Mot slutten av tiåret vart han derfor, etter det som er sagt, fråtatt fleire og fleire av sine "verv". Det blir nå sagt at dette skal ha vore fordi Belmokhtar var for pragmatisk og fokusert på å skaffe pengar - alle tok gislar, men han heldt dei i live og fekk løsepengar, mens rivalane like gjerne tok livet av dei av ideologiske grunnar. Vi veit ikkje kor mye hald det er i slike framstillingar, men det er iallfall klart at Belmokhtar enten frivillig eller etter press tok med seg sine Mulaththamin og danna si eiga gruppe, som han altså nå kalla Muwaqqa'un bi'l-dima', dei som skriv seg inn med blod. Dette skjedde i månadsskiftet november-desember i fjor.

Kva skulle han så gjere? Hans gruppe av trufaste var ganske liten. Han hadde knytt band til dei to andre jihadist-gruppene som nå styrte i "Det muslimske Azawad", det namnet dei gav på nord-Mali, og som nå var blitt Belmokhtars base og heimland; tuareggruppa Ansar al-Din (som kanskje er den sterkaste av dei tre, leia av den etablerte tuareg-opprøraren Iyad ag Ghali), og Mujao, ei gruppe dominert av folk frå Mauretania, Mali og andre vestafrikanske land. Men Belmokhtar hadde nok høgare ambisjonar enn som så. Han måtte derfor etablere seg, gjere ein stor aksjon som kunne markere at hans gruppe hadde styrke og slagkraft; så han kunne "forhandle frå styrke", enten han skulle slutte seg til Mujao (som noen meiner er planen) eller etablere seg sjøl som ein fjerde jihadist-front.

Dette er mest trulig bakgrunnen for aksjonen i In Amenas: Den skulle vere og var spektakulær: det var langt den største gisselaksjonen i Sahara på lang tid, om ikkje i det heile. Det var ein signatur-aksjon, den viste kva Mulaththamin / Muwaqqa'un bi'l-dima var god for. Denne aksjonen var faktisk den "signeringa" som namnet viser til. I så fall hadde det lite å si om den var "vellykka" (gislane vart bortført) eller mislykka (jihadistane vart drepne); poenget var berre kapasiteten til å gjennomføre noe som ingen andre i Aqim eller andre grupper hadde hatt evne til å tenke eller iallfall sette ut i livet.

Så kva med den franske innmarsjen førre veke, hadde den ingen ting med aksjonen å gjere? Jo, det er ikkje noen motsetning her. Alt da dei etablerte "republikken Azawad" i fjor visste aksjonistane at dette ville føre til internasjonal reaksjon. Rapportar frå Mali fortel at dei har brukt mye tid på å førebu seg på invasjon, lagt ut våpenlager, ja gravd ut store bunkerar ute i ørkenen, hamstra våpen og lagt slagplanar. Dei vart ikkje overraska over den franske innmarsjen, det var franskmennene som vart overraska over kor lett jihadistane klarte å forsvare seg, og faktisk avansere langt forbi den "raude lina" dei franske hadde stilt opp. Det var jo også jihadistane som utløyste innmarsjen, ved å ta byen Konna sør for den "våpenstillstandslina" som var etablert langs Malis smalaste belte.

Så vi kan godt rekne med at også aksjonen i In Amenas var førebudd med tanke på den kommande internasjonale intervensjonen - dei visste berre ikkje at franskmennene kom åleine, dei kan ha venta ein breiare internasjonal styrke. At dei slik kan ha hatt ein "utløysarknapp" som gjekk av da utlendingane var på plass, er ikkje utenkelig. Aksjonistane sa jo sjøl alt i sitt første kommunike på onsdag at dette var reaksjon på den franske intervensjonen (og Algeries støtte til denne), og alt i stiftingserklæreinga frå i desember i fjor var både "forsvaret for det muslimske Azawad", og at fienden var franskmenn og andre utlendingar som støtta Azawads fiendar peikt ut. Så her er det snakk om sammenfallande motiv på ulike nivå. 

Kva skjer nå med Belmokhtar, om han lever? Aksjonen var ikkje "økonomisk" vellykka, men markert seg har han fått gjort. Om det fører til at han igjen blir opptatt i det "gode selskap" (det onde selskap frå vår synsstad) av jihadistleiarar i Mali, vil jo vise seg. Men han blir neppe sett på som ein smålig sigarettsmuglar lenger. 

fredag 18. januar 2013

Sahara: Maskerte bandittar signerer med blod?

I skrivande stund sit vi og ventar på nytt frå dramaet ved In Amenas ('Ayn Aminâs). Mens vi ventar, kan vi prøve å nøste litt opp i noen filologiske flokar og deretter litt om bakgrunnen.

For det første, har det versert så mange namn på den gruppa som antas å stå bak, at noen spekulerer i om det er to eller fleire grupper. Eg skal ikkje signere i blod på det, men har ein mistanke om noe av det bygger på ein stavefeil, men at dette er to namn på samme gruppe. Så langt har eg klart å nøste i problemet:

Den første som rapporterer om gruppa, er den franske avisa Libération som den 8. desember i fjor meldte at dei hadde fått ein video om at Mokhtar Belmokthar hadde brutt med al-Qa'ida i Maghreb og danna ei eiga gruppe som dei kalla "Signataires par le sang", dei som signerer med blod. I seinare rapportar vart det gitt som omsetting på det arabiske muthalamin. Le Monde bruker fast denne skrivemåten, al-muthalamine, det vil si dei som signerer med blod.

Seinare så har eit anna namn versert på dei, i ulike former. NRK har lagt seg på "dei maskerte bandittane", andre variantar av "maskert" er også brukt. Det arabiske her er gitt som Katibat al-mulathamine. Dei to arabiske lignar jo svært på kvarandre, og dei to er også brukt om kvarandre som omsettingar i ulike aviser. Men "signerer med blod" og "maskerte bandittar", ganske ulikt. Kva er rett?

Heldigvis hadde den første Libération-artikkelen med den arabiske originalteksten til denne nye gruppas erklæring, desverre nesten uleselig teknisk. Og her står deira eigentlige namn tydelig: vi har oppretta ei fedyain-gruppe (katîba) vi har kalla Al-muwaqqa'ûn bi'l-dimâ'. Det kan ganske riktig omsettas med "dei som signerer med blod", men også "dei som straffar med blod" [transitivt] eller "dei som har registrert seg med blod". Det kan vere litt opp til den enkelte kva meining som treffer best, sjøl har eg ein mistanke om det siste, at det er ei sjøl-erklæring: vi har gitt blod for Saka.

Men uansett, dette har openbart blitt eit for komplisert namn i praktisk bruk, så dei har blitt kjent som Katibat al-mulaththamin. Den andre varianten, "muthalamine" er openbart ein trykkfeil, ein har bytta "th" og "l" (det ordet finnes ikkje, men rota går noe i retning av "tilskitna", neppe eit godt namn å ta). Mulaththamûn er derimot eit velkjent ord. Det betyr "den som bærer ein lithâm", som er det plagget tuaregar viklar rundt hodet og også foran nedre del av ansiktet - hos tuaregane er det menn som går "tilsløra", ikkje kvinnene. Ein nobel tuareg skal aldri vise munnen til andre enn slekta, så al-mulaththamûn er det klassiske arabiske namnet på tuaregane. Namnet betyr altså rett og slett "tuareg-brigaden" - men kan også vere "ørkenbuar-brigaden", sidan også andre i ørkenen ofte brukar tilsvarande lithâm som tuaregane. Noen skriv "turban-brigaden", som kanskje er det rettaste av dei namna som verserer desse dagane; men det er altså dei som går med "turbanen" som er i namnet.

Tuaregar eller jihadistar - eller begge delar?
Men er dette da ei tuareg-gruppe eller ei jihadist-gruppe? Her har det også vore ei forvirring det siste døgnet, kanskje fordi noen vil "beskytte" tuareg-folket frå denne kriminelle handlinga, og gjerne trekke fokuset vekk frå Mali og den franske innmarsjen og over mot Algerie, der aksjonen fann stad.

For å forstå (eller, meir forsiktig, nærme oss) den svært kompliserte situasjonen, må vi gå bort frå todelinga "tuareg-opprør" / "jihadist-terror". I denne regionen er alt blanda sammen, men på ulike måtar. Vi må heller snakke om to "dimensjonar", ein regional dimensjon der ørkenfolket vil ha meir autonomi, og ein religiøs-ideologisk dimensjon som fokuserer på jihad og shari'a. Dei ulike gruppene plasserer seg ulikt langs desse to dimensjonane. Vi får berre ta dei viktigaste:

Opprøret i Mali i fjor vart satt i gang av den "nasjonale frigjeringsrørsla for Azawad", MNLA. Azawad er egentlig eit mindre område nordvest for Timbuktu, men er valgt som namn på heile Tuareg-landet av dei som arbeider for autonomi. Dette kravet om sjølstyre for Azawad er altså toppen av "tuareg-opprøret", og dei fleste trekker iallfall tuaregområda i Niger og vanligvis også Algerie inn i dette, eit kjempesvært men nesten folketomt territorium. I første omgang er det likevel nord-Mali som er fokus, og dei oppretta straks "Republikken Azawad" i den halvdelen av Mali som dei tok styring med.

MNLA er reint sekulært, men fekk "støtte" frå ulike salafist- og jihadistgrupper. Mens MNLA var nøgd med sitt Azawad slik det var og heilt uinteressert i det sørlige Mali, ville salafistane spreie sin bodskap overalt, og bygge nord på "sin" Shar'ia. Det kom derfor raskt til kampar mellom dei to, og MNLA tapte og vart pressa ut. Dermed var "tuareg-opprøret" kidnappa av salafistane.

Den mest kjente av dei er naturligvis "al-Qa'ida i islamsk Maghreb" (Aqim), som tidligare heitte GSPC og var ei reint algerisk gruppe, altså utan noe Sahara-fokus. Men dei militære i Algerie vann kampane mot dei midt på 2000-talet, så dei forflytta seg sørover og begynte å alliere seg med stammar eller bandar i Mali, Niger og andre land; Aqim ga ideologien, tuaregane og dei andre som gjekk sammen gav slagkraft og lokalkunnskap. Dette var altså noen tuareg-grupper, ikkje tuareg-opprøret i seg sjøl.

Samtidig oppstod det andre meir eller mindre reine salafistgrupper av tuaregar, som altså var både for tuareganes interesser og for salafi jihad. Den største, og trulig den viktigaste i nord-Mali i dag er Ansar al-Din (Ansar Eddine o.l.), leia av Iyad ag Ghali, den mest kjente leiaren av opprøret. Ei anna gruppe som også er basert i nord-Mali er Mujao, Rørsla for tawhid (Guds einheit) og jihad i Vest-Afrika. Dei er etnisk sammensett, men med stort innslag av afrikanarar, altså folk frå sør frå ørkenen, leiaren er likevel ein "kvit" mauretaniar,  Hamada Ould Mohamed Kheirou.

Så kva så med Belmokhtar og hans gruppe? Han er heller ingen tuareg, han er født i Ghardaia i nordenden av Sahara, mens tuaregane bur på sørsida. Denne byen er eit sentrum for (andre) berberar, men har også fått mange arabiske innbyggarar. Eg har ikkje sett noen stad om Belmokhtar er arabar eller berber, men sidan han jo er sunni, så er det mest trulig han kjem frå dei arabiske delane av byen; berberane der er i hovudsak ibadi-muslimar. Likevel var nok Belmokhtar kjent med den berberiske dimensjonen, og han fekk hovudansvar for "den sørlige divisjonen" i Aqim. Da dei vart pressa ut av Algerie, etablerte han sin base i tuareg-områda, og har m.a. gifta seg inn i fleire viktige tuareg-klanar. Basen for hans gruppe er rundt Gao, dominert av Mujao, og mye tydar på at han er i ferd med å nærme seg desse, som han har samarbeidd med (dersom han altså nå har overlevd).

Hans gruppe er altså ingen rein tuareg-gruppe, og han omtalar den sjøl i si erklæring som sammensett av "muhajirin wa-ansar". Den som kjenner sine islamske referanser ser at det betyr "dei som har komme tilreisande og dei som bur på staden", altså både lokale (tuaregar og andre) og utlendingar. Han omtalar sitt interesseområde som "det muslimske Azawad", det "fremste eksempelet", og fokuserer på denne nye statsdanninga. Han avviser likevel autonomi-tanken, "å splitte det muslimske samfunnet geografisk og etnisk", og har openbart ambisjonar utover, han vender seg til "vårt folk" i Algerie og Egypt og "våre brødre" i Libya og andre land. Men hovudmålet nå er likevel å forsvare det muslimske Azawad frå dei fiendtlige naboane "som har vestmaktene bak seg". Om vi har lov til å spekulere litt, kan det siste peike på eit grunnlag for dagens aksjon, som jo har vore planlagt over noe tid; det er eit resultat av Mali-konflikten og i påvente av den utanlandske aksjonen dei var sikker på ville komme, men dei forventa kanskje like gjerne ei større vestlig innblanding, à la Libya, heller enn den reint franske som kom. Derfor vart aksjonen planlagt mot eit breiare internasjonalt anlegg heller mot eit reint fransk, som ein kanskje heller kunne venta. Men det er reine spekulasjonar, det kan også vere heilt andre grunnar (nærheit til Libya-grensa) som gjorde at dette vart plukka ut.

Uansett: Gruppa er Mali-basert, men med rekruttering og bakgrunn utover det; deira mål er ikkje tuareg-autonomi, men sharia i deira avtapping. Tuareg-preget i opprøret er tydelig, men dei "representerer" naturligvis korkje tuaregane som folk eller tuareganes ønske om sjølstyre - MNLA har nå tilbudt Mali-regjeringa si støtte, dersom dei nå er villige til å snakke om (sekulært) sjølstyre.

tirsdag 1. januar 2013

2013: Status

Nytt år, og tid for oppsummeringar. I den seinare tida har det meste av oppmerksomheita vore retta mot Syria og Egypt, av gode grunnar. Men den "arabiske våren" gjekk vidare. Korleis er det gått i dei andre landa i regionen, har "våren måtte vike for vinteren", som mange seier? Har protestbølga løpt ut i sanden, førte opprøret ikkje til noen bedring? Svaret blir kanskje tja; litt ja og litt nei. La oss sjå korleis det ser ut akkurat nå i noen land.

Jemen
Ved sida av Syria og Libya var det i Jemen våren var mest væpna, ein periode på grensa av borgarkrig med opprør både i nord og sør. For eit år sidan var det fortsatt uklart om gamle president Ali Abdullah Salih ville gå eller om det ville bli full krig mellom hans tilhengarar i hæren og dei avdelingane og stammene som støtta (eit eller fleire av) opprøra. I løpet av året trakk han seg altså tilbake, og overlot roret (etter ein avtale med opposisjonen) til visepresidenten Abd Rabbuh Hadi, som så vart vald til president utan motkandidat. 

Spørsmålet var om Hadi berre var ein stråmann for Salih som så ville styre frå kulissane. Viktig her var at at sønnene til Salih, spesielt hans påtenkte etterfølgar Ahmad, fortsatt kontrollerte ein viktig del av den Salih-lojale hæren, og beheldt sin maktposisjon. Men Hadi har i grunnen overraska ved å ta fleire sjølstendige steg som svekkar Salih-familien, spesielt ei omorganisering av hæren som flytta både Ahmad Salih, men også opposisjonsgeneralen Ali Mohsin, bort frå maktsenteret (men utan å fjerne dei heilt). Begge godtok dette, men rivaliseringa er ikkje over. Gamle-presidenten vil også spille ei rolle, han har latt seg utpeike til leiar for sitt parti GCC, og ønsker å fortsatt delta fullt ut i Jemens politikk, men nå frå ei opposisjonsrolle. Spillet fortsetter altså, vi får sjå kven som trekk det lengste strået. Både i nord, men spesielt i sør, held dei væpna opprøra fram, dei Qa'ida-tilslutta gruppene vann fleire lokale sigrar, men er visst nå trengt ein del tilbake i den seinare tida. 

Libya
Det siste året har vore prega av forsøk på å finne grunnlag for det nye statsstyret. Desse forsøka har ikkje vore heilt vellykka, men heller ikkje heilt mislykka. Mest påfallande er det at den store helten frå opprørskrigen, Nasjonalrådets leiar Mustafa Abdeljalil, nylig vart arrestert og satt under tiltale mistenkt for medverknad i attentatet på hans dåverande "forsvarsminister", Abd al-Fattah Younis i juli 2011. Drapet på Younis har forsura forholda mellom opprørsgruppene heilt sidan frigjeringa, og det er spesielt Younis's stamme, Obeida, som krev hevn. 

Dei positive teikna er vellykka gjennomføring av val på lovgivande nasjonalforsamling, ikkje fullt så vellykka utpeiking av regjering (fleire forsøk stranda). Fleire "ideologiske" parti stilte til val, men i hovudsak var det enkeltpersonar utan klar ideologi som vart valde på personlig rennomé, og det er alt for tidlig å bruke valet som meiningsmåling på t.d. kva rolle islamiske eller islamistiske retningar vil få i det nye Libya. Dette var eit første steg, og det har ikkje brutt sammen enda, som er positivt, men det er ikkje klart om dette peiker vegen fram for Libya. 

På den andre sida har heller ikkje det annonserte sammenbruddet mellom dei mange militsane funne stad ennå, sjøl om desse fortsatt er fullt væpna, og er nok dei som har reell makt i størstedelen av landet, meir enn regjeringa. Det har vore sammenstøytar mellom rivaliserande militsar, bombeangrep og attentatforsøk skjer ganske jevnlig, men dei er likevel etter måten få og ikkje øydeleggande for landet. Det katastrofale angrepet på det amerikanske konsultatet i Benghazi i september gjorde mye for å legge demper på militsanes sjølhevding. Det var noe ganske uvanlig som skjedde da sivilsamfunnet i byen faktisk tvang den ganske sterke salafistiske militsen Ansar al-Sharia (som fekk skulda for angrepet, trulig iallfall delvis med rette) ut av byen, og seinare til å bli oppløyst i Libya. Seinare har salafistgruppene dempa seg noe, men det har vore nye angrep på kulturtiltak som salafistane ikkje liker. Salafistgruppene er nok relativt fåtallige, men kanskje veksande. Men, som vi såg i Benghazi kan dei altså komme på kant med lokal patriotisme, og da vil dei tape. Mest spennande er nok å sjå på kva som vil skje i Misrata, der lokalpatriotismen er på bristepunktet, men der også ulike salafistgrupper har vore mest aktive med sine aksjonar.

Tunisia
Slike salafistgrupper har også prega motsetningane i Tunisia, der alliansen som oppstod mellom dei moderate islamistane i al-Nahda og dei liberale og sosialistane fortsatt held, men blir meir og meir tynnslitt. Dei liberale klagar over at Nahda misbruker makta si (dei sit med regjeringsmakta, mens persidenten er sosialist) og mistenker dei for å ønske monopolmakt - eit ekko av klagemåla i Egypt - og også at dei er for slepphendte med salafistane, ja kanskje er i bunn og grunn einige med dei.

Salafistane i Tunisia og Libya er ei utfordring for dei som kategoriserer islamistar. Etter at vi (verda rundt) klarte å skille mellom "moderate islamistar" (som Brorskapet og Nahda) og "salafistar", måtte vi begynne å dele denne siste gruppa ennå meir. Først mellom "jihadistar" (som ville gjere opprør mot statsmakta) og "apolitiske" ("quietists" på engelsk, dei som berre ville drive indre moralsk oppbygging og heller støtta statsmakta). Så begynte noen av dei "apolitiske" likevel å delta i parlamentarisk politikk, først i Kuwait og Sudan, men mest tydelig i Egypt i fjor. Dei vart altså "politiske men anti-jihadistiske" og fortsatt med svært konservativt politisk program. I Egypt spiller dei ei viktig politisk rolle, men ikkje i Tunisia, der ingen slike deltar i parlamentarisk arbeid - trulig fordi dei kunne operere "apolitisk" under det gamle styret i Egypt, men ikkje i Tunisia, dei hadde ingen etablert base. 

I Tunisia fekk vi til synes ein ny type, som var aktivistisk, ikkje "kvietistisk" men heller ikkje jihadistiske, dei samla ikkje våpen eller ville styrte styret, men dei ville tvinge gjennom sitt program med direkte aksjon, som å angripe "umoralske kvinner" på gata, knuse musikk-instrument, angripe kinoar og så vidare. Slike aksjonar er i islamsk tradisjon kjent som "hisba" (å sørge for at moralen blir overhalde), og har alltid vore kontroversielt, kanskje vi kunne kalle desse islamistane for "hisbistar" (eit nyord presentert her for første gong - og kanskje for siste?). I Saudi-Arabia og Iran finnes eit halv-offisielt "religiøst politi" som gjer det samme, men ikkje i andre muslimske land; desse hisba-salafistane vil på eiga hand påtvinge moralen på folk. Denne Ansar al-Sharia, eit namn som går igjen i fleire land (og kan dele ideologi, men kanskje ikkje organisasjon) er knytta til ein slik tradisjon. Men i Libya hadde dei altså våpen, og likna igrunnen vel så mye på ein revolusjonær jihadist-organisasjon i spe. Så er dette ein eigen undertype, eller er det berre grupper som vil bli jihadistiske? Mange jihad-grupper starta jo med slike lokale aksjonar før det vart revolusjonære (t.d. Gama'a Islamiya i sør-Egypt på 1970-talet). Tida vil vise. 

Problemet for Nahda-regjeringa i Tunisia er altså dei heller ikkje ser ut til å vite korleis dei skal takle desse salafistane. På den eine sida ser dei ut til å tru at dette berre er eit kortvarig fenomen, som dei helst vil dysse ned og la dø ut av seg sjøl, t.d. ved å komme med utsagn om at "vi er jo alle på samme side", noe som jo uroar dei liberale. Dels ved å prøve å slå til med makt, men utan stort hell. Det vil nok avhenge også av om salafistane vil gå for samarbeid med dei meir moderate islamistane, slik som i Egypt, eller om dei vil slå om til å bli ei revolusjonær jihad-gruppe med kamp mot staten og dermed mot Nahda.

Marokko
Det tredje Maghreb-landet, som fekk milde endringar etter våren, Marokko, har mest vore prega av at den historiske islamist-leiaren Abd al-Salam Yasin døydde i desember. Islamistane i Marokko er delt i to; eit meir "moderat" parti, PJD som aksepterer kongen som "dei truandes leiar" og nå leiar regjeringa, og eit opposisjonsparti, Adl wa-Ihsan, som ikkje anerkjenner dette for kongen. Det er minstekravet for å kunne delta i offisiell politikk, så Adl wa-Ihsan har alltid stått utanfor det gode selskap, men var drivkrafta i protestane under våren - for øvrig i samarbeid med sekulære krefter. Yasin, som i si tid vart satt i sinnsjukehus for å kunne ha nekta for at kongen var "muslimanes leiar", var ein uvanlig islamistleiar ikkje minst på grunn av sin bakgrunn i sufismen, islamsk mystikk, som islamistar generelt kritiserer og salafistar hatar. I Marokko, derimot, er sufismen så sterk (den dominierer også "offisiell politikk") at det akkurat her ikkje var noen motsetning mellom dei to.

Spørsmålet er kva som skjer med det sterkt personlig styrte partiet hans når han er borte. Dotter hans, Nadia Yasin, hadde ei klar røyst som talsmann for faren, men det er uklart om partiet, Marokko, og islamismen der er komme så langt at ho kan spille ei personlig leiarrolle. Partiet har andre leiarar som kan gjere seg gjeldande, men om styrken til partiet overleverer Yasin vil vise seg.  

Irak
Det er feiring i Irak for tida; ikkje så mye for at det snart er ti år sidan krigen som for at det er eitt år sidan amerikanarane offisielt forlot landet. Også her er det ein "tja"-haldning til om det går framover eller bakover. Det er stadig bomber i landet, berre i går vart fleire tital drept, men den store borgarkrigen mellom sunniar og shiaer frå midt på 2000-tallet er over. Igjen, uklar stabilitet, eller ustabil maktbalanse. Sidan det nye styret kom til makta har regjeringa vore leia av shiaer, og i dei seinare åra av Nuri al-Maliki, som mange skuldar dels for å skyve sunniar og kurdarar til sides og lage ein rein shia-stat (med Iran som støtte bak), andre, også shiaer klager over at han ser ut til å samle seg personlig makt, kanskje med ein liten diktator i magen. 

Dette kom i fokus tidlig i 2012, var da Maliki satte sin eigen visepresident, ein sunni, under tiltale og fekk han seinare dømt in absentia for å planlegge opprør - ein tiltale mange såg som politisk. Visepresidenten rømte til "utlandet", det vil si til irakisk Kurdistan - teknisk sett ein del av Irak, men da Maliki forlangte han "utlevert" nekta den kurdiske regjeringa dette, som om dette var to ulike land (visepresidenten reiste seinere i eksil til Tyrkia). Dette tydeliggjorde for mange både Malikis vilje til å sentralisere makta til seg sjøl, men også kor langt den kurdiske "eininga" var komme bort frå å vere ein integrert del av Irak. 

Presidentvervet i Irak, som er symbolsk, har vore hos den aldrande kurdiske leiaren Jalal al-Talabani. Han er nå svært sjuk, og "kva skjer etter"-diskusjonane har starta. Kurdarane insisterer på det må bli ein ny kurdar som president, for å halde oppe balansen i styret, sunniane meiner det er deira tur, sidan dei ikkje har noen maktperson, mens fleire trur Maliki vil utnevne ein av sine nære shiiske allierte. 

Sunniane er stadig taparane i dette spillet, og i det seinare har det vore jamnlige protestar i dei sunni-dominerte vestlige provinsane i Irak (særlig Anbar). Noen av dei har begynt å kreve at dei også skal bli ein autonom, sunnisk provins, etter mønster frå kurdaranes småstat, og kanskje seinare sjølstendig, kven veit? Men, på samme måten som med krava om shiisk autonomi i sør tidligare, så er problemet at sunniar og shiaer lever sammenblanda i store delar av landet (ulikt kurdarane, som er geografisk ganske samla). Vil sunniane "gi frå seg" dei mange sunniane som bur i Bagdad og andre delar utanfor vest-Irak? Vil shiaene gjere det samme for sine grupper utanfor sør-Irak? Dei som bur i blanda områder er lite begeistra for desse tankane. 


2012 har vore eit år med store politiske endringar i Egypt, stadig villare krig i Syria - vi skal komme tilbake til begge - mens resten av regionen har vore prega av overgangar, ein har pusta ut etter det store proteståret 2011, og prøvd å finne beina under seg i den nye verda. Utanfor Syria har det ikkje vore det store sammenbruddet noen stad, men heller ei samling med noen tegn som peiker i positiv, stabiliserande retning, og noen som peiker i motsatt lei mot fortsatt eller aukande uro. Vi får følge med og sjå kva tendens som får overhand. 

mandag 17. desember 2012

Egypt: Islamsk grunnlov?

Første omgang i grunnlovsrøystinga er over, med ja-fleirtal i Kairo. Omtalen av denne grunnlova har variert kraftig, frå å befeste eit islamsk styre, til knapt å vere forskjellig frå den gamle. Det er da nok også måten som den vart banka gjennom meir enn innhaldet som har ført til protestane. Men, om vi ser på teksten, i kva grad er islams plass i grunnlova endra?

Vi kan lettast prøve å sjå på kva punktar som har ført til størst debatt. Denne grunnlova bygger i hovudsak på den førre grunnlova frå 1971 (med seinare endringar), som igjen bygger på eldre grunnlovstekster, og så vidare bakover til 1920-talet. Størst fokus er derfor på dei paragrafane som er blitt endra. Debatten her har naturligvis gått på mange forskjellige element, ikkje berre dei religiøse, slik som t.d. kva statsmakt som skal ha størst vekt, presidenten (som i Frankrike og USA) eller parlamentet (som i Norge og Tyskland); på sensur og ytringsfridom, og så vidare. Men la oss her fokusere på dei paragrafane som nemner islams rolle. Det er ikkje så mange, men dei er sterkt i fokus.

Paragraf 2: Sharia uendra
Den sentrale paragrafen her har sidan 1971 vore grunnlovas paragraf 2, som lydde:
Islam er statens religion og arabisk det offisielle språket. Prinsippa i den islamske Shari'aen er hovudkjelda til lovgivinga.
Formuleringa vart angrepe frå begge kantar; sekularistar ville ha bort referansane til religionen (eller heile paragrafen), dei kristne ville ha inn eit tillegg som nemnde deira rettar alt her, mens salafistane ville endre "prinsippa" til "reglane". Alle desse endringane vart avvist i kommisjonen, og paragrafen vart ståande uendra i utkastet til ny lov.

Paragraf 3: Kristne og jødar
For minoritetane er det komme inn ein ny paragraf:
Dei juridiske prinsippa (mabâdi' sharâ'î) til dei egyptiske kristne og jødar er hovudkjelda for lovgiving for deira lover for personlig status [dvs. familielova], religiøse forhold og valet av deira åndelige leiarar.
Dette reflekterer status idag, at kristne (og jødar) har sine eigne familielover, men er jo mislikt av sekularistar som ønsker religionsfrie lover. Som kjent trakk den koptiske kyrkja seg frå grunnlovskommisjonen, men ser kanskje velvillig på at deira lovgivande rolle overfor dei kristne her er slått fast.

Paragraf 4: al-Azhar som lovtolkar
Langt meir kontroversiell er den nye paragraf 4, som svarer på eit sentralt spørsmål etter §2: Kven er det som bestemmer kva som er "prinsippa" i Shari'aen? Før gav dette seg sjøl: Det var ei oppgåve for grunnlovsdomstolen; det er jo naturligvis det dei er til for, å tolke grunnlova. Denne paragraf 2 har nemlig aldri, sidan den kom i 1971, noen gong ført til at noen egyptisk lov er blitt endra, paragrafen har aldri hatt noen effekt. Det betyr ikkje at den har vore sovande; domstolen har behandla fleire lover mot §2, men (forutan først å slå fast at den ikkje hadde tilbakevirkande kraft), tolka "prinsipp" til å bety allminnelige rettsprinsipp som rettferd og velferd i si mest generelle form, og aldri funne noe lovforslag som har stridd mot desse.

Den nye paragrafen flyttar denne tolkingsretten ut av rettssystemet og til ein religiøs autoritet: til Azhar-universitetet, som er rekna som den mest autoritative teologiske institusjonen i den sunni-islamske verda. Paragrafen lyder slik:
Al-Azhar er ein overgripande og uavhengig islamsk institusjon, som sjøl styrer alle sine saker, med ansvar for å spreie kunnskap og vitskap om islam og det arabiske språket i Egypt og i verda [utanfor]. Synet til kollegiet av høgre lærde ved Azhar skal bli tatt i spørsmål forbunde med den islamske Shari'aen [yu'akhadh ra'y hay'at kubbâr al-'ulamâ' bi'l-Azhar al-sharîf fî 'l-shu'ûn al-muta'allaqa bi'l-Sharî'a al-islâmiyya].

Også Azhars representant trakk seg frå kommisjonen, men neppe over denne paragrafen. Kritikarane reagerer sterkt på at jurdiske spørsmål skal avgjeras utanfor det juridiske systemet, av ein uavhengig institusjon. Det var salafistane som kom med dette forslaget, og altså fekk Brorskapet med seg på det. Det pussige er jo kvifor salafistane skulle peike akkurat på Azhar, som jo er sterkt anti-salafistisk i sine islam-tolkingar. Heilt sidan Nasser har Azhar vore rekna for å vere "statens propaganda-arm i det islamske", og har stort sett alltid støtte det som statsmakta har bedt om, det vere seg fred med Israel (eller krig, når det passa), åtak på islamistar, eller anna. (Staten har også eit anna tilsvarande "statlig tolkingsapparat", Dâr al-iftâ', eller fatwa-rådet; som ikkje er nemnt her. Det er interessant, og tyder på at dette, som ofte har rekruttert leiarar til Azhar, nå er blitt irrelevant).

Svaret ligg trulig i andre del av paragrafen (etter ein del om at staten skal finansiere Azhar):
Shaykh al-Azhar [rektor] er uavhengig og kan ikkje avsettas. Lova for måten å velge han mellom medlemmene i kollegiet av høgre lærde blir fastsatt. 
Dette gjer Azhar meir sjølstendig frå staten, sjøl om det ennå ikkje er fastsatt om rektor skal utpeikas av regjeringa eller av rådet av Azhar's lærde, så legg dei fleste til grunn at det siste blir realiteten. Han sit uansett på livstid, kva han enn måtte meine og lovtolkingar han måtte komme med. Dette kan koplas med meldingar om aukande motsetningar mellom dei lærde der, og at det skal vere sterke grupper som sympatiserer med salafistane som har latt høre frå seg. Spesielt Brorskapet kan jo også legge til grunn at det er dei som iallfall nå er "staten" og blir dei som skal utpeike Azhars rektor - om dei da held fram med å sitte med regjeringsmakt.

Paragraf 219
Para 4 seier berre at Azhars meining skal "høras", ikkje korleis den skal behandle saker. Men i tillegg vart det, mot slutten av lova, satt til ein paragraf som presiserer korleis ein skal tolke Shari'aen i §2. Denne er svært tung, skrive i teologisk og ikkje juridisk språk (ulikt resten av lova), og ser ut til å vere resultat av kompromiss mellom dei som ville ha ei stram lovtolking og dei som vil la det stå meir opent. For å trenge gjennom til innhaldet, må vi derfor først gå den arabiske opphavsteksten (og her brukar eg fulle diakritika, som eg håpar blir leselig for alle):
Mabādiʾ al-Sharīʿa al-islāmiyya tashmal adillatahā al-kulliyya, wa-qawāʿidahā al-uṣūliyya wa'l-fiqhiyya, wa-maṣādirahā al-muʿtabara fī madhāhib ahl al-sunna wa'l-jamāʿa. 
I omsettinga til Masri al-yawm gir dei denne formuleringa til engelsk:
"The principles of Islamic Sharia include general evidence, foundational rules, rules of jurisprudence, and credible sources accepted in Sunni doctrines and by the larger community."

Det fører oss ikkje så mye lenger i forståing av dei tekniske begrepa tatt frå islamsk jus. Vi får heller sette opp ei ordliste:
- adilla  (frå dalīl) er "indikasjonar", eller bevis for at ei tolking er rett, normalt eit argument funne i openbaringsteksta
- kullī er total, allmenn. Første element i tolkinga som juristane (Azhar) skal gjere, er altså å etablere dei allmenne indikasjonane i Koranen og sunnaen på det spørsmålet som er oppe: "Prinsippa i den islamske Shari'aen omfattar [lovas] allmenne bevisgrunnlag [i Koranen og Sunnaen], ..."

- qawāʿid betyr "fundament", den basisen som ligg under eit hus eller ein ide (ja, det er fleirtal av qāʿida).  I jusen blir det brukt om dei allment abstraherte prinsippa som ligg under lovsystemet totalt, av typen "ei handling må vurderas ut frå sin intensjon".
- uṣūl betyr også prinsipp, men her meinas det "metode". Islamsk jus er delt i to, uṣūl al-fiqh (juridisk metode, prinsippa for lovtolking) og furūʿ al-fiqh (juridisk innhald, dei konkrete lovreglane og utleiinga av dei). Her brukar dei uṣūlī og fiqhī som begrepspar i staden for uṣūlī og farʿī (furūʿī), men det går trulig på samme todelinga: Etter å ha etablert Openbaringsteksta skal ein altså gå til grunnprinsippa i islamsk jus, i metode og innhald, "... dei metodiske og juridiske grunnreglane hennar, ...". Dette kan jo gå i mange retningar, så derfor da den siste og viktigaste delen:

"og kjeldene til ho slik dei er anerkjent i lovskulane til "sunnaens og samfunnets folk".
Det siste uttrykket viser ganske klart til sunnismen; altså ei utestenging av shi'iske tolkingar. Dette er symbolsk, og koplas til det vi tidligare har omtalt som veksande anti-shi'isme i Egypt. Juridisk har det lite å si, sidan shi'ismen ikkje er til stades i Egypt, og shi'isk jus i stor grad liknar på sunnisk i sine fire lovskular. Det som er påfallande er at teksten her nemner dei sunniske lovskulane, men ikkje rangerer dei. Det er altså ingen direkte styring for juristane, så lenge dei finn ei tolking som kan rettferdiggjeras på ein eller annan måte i ein sunnisk lovskule. Reint teknisk er det altså ikkje reglane til lovskulen som får autoritet, men dei kjeldene (masâdir) til lova som lovskulane godtar. Dette kan lesas til å peike på dei reint allmenne rettsprinsippa (som "samfunnsnytten", maslaha, som blir anerkjent som masdar), men det kan også, ved at lovskulene er nemnt, bli brukt i meir konkrete og avgrensande betydning av tolkingar anerkjent som "etablert jus" i lovskulane.

I seg sjøl er altså ikkje dette så dramatisk; mange andre muslimske land presiserer også dei islamske lovskulane som "rettskjelder", og gjerne med klarare rangering enn her. Tolka opent har sekulære lovgivarar nesten alltid klart å finne ei tolking av ein eller annan lovskule som støttar det dei har villa gjennomføre. Men det er nytt i moderne egyptisk rett; sjøl om familielova har bygd på shari'a-reglane, har autoriteten alltid vore staten og det verdslige rettsapparatet. Denne paragrafen, og spesielt siste setninga, gjer det derfor mye vanskeligare å komme med dei ganske almenne fortolkingane om at "alt som er godt og rettferdig er Shari'a og OK", som grunnlovsdomstolen før la til grunn. Nå må det, dersom konkrete lover faktisk blir forelagt Azhar, argumenteras langt klarare på ein islamsk lov-faglig grunn for kvifor lova er akseptabel. Koplar vi dette til ein tanke om eit sjølstendig Azhar meir dominert av konservativ lovtolking, kan vi godt forstå at dette vekker uro hos liberale og sekulære krefter. 

Familien og religionsfridom
Eitpar andre paragrafar reflekterer også religiøse tankar. I paragraf 10 står det, "Familien er grunnlaget for samfunnet og er basert på religion, moral og fedrelandstru", i følgande paragraf 11, "Staten skal ... fremme eit høgt utdanningsnivå i religiøse og patriotiske verdiar, vitskaplig tenking, arabisk kultur, og folkets historiske og kulturelle arv". Begge desse kjem frå 1971-lova, som også hadde ein eigen paragraf om religiøs utdanning som nå er tatt bort. 
Det var stor strid om ein paragraf om kvinnerettar, der det var lagt til "så sant det ikkje er i strid med Shari'aen", men denne passusen var også avskrift frå 1971-lova. Resultatet vart iallfall at heile den paragrafen vart tatt, både kvinnerettar (omtalt annan stad) og sharia-reservasjonen.

Paragrafar 43-46 dreier seg om fridom for tru, tanke, oppfatningar, informasjon og skapande verksemd (sensur blir t.d. forbudt i fredstid). Her er komme inn ein paragraf 44, som går indirekte på islam:
Å fornærme eller fornedre alle religiøse sendebod og profetar er forbudt. 
Dette fører altså blasfemi inn i grunnlova, men medfører neppe stor forskjell frå praksis i dag. Som ein kan vente, er berre dei tre "abrahamiske" (samâwiyya) religionane beskytta. 

Islamsk stat?
Desse paragrafane, som er dei einaste som nemner "islam", "shari'a" eller "religion" er i seg sjøl ikkje nok til å seie at den nye grunnlova gjer Egypt til ein islamsk stat, og at det er Shari'aen som nå blir lov i Egypt. Det blir den ikkje, sjøl om det er akkurat det salafistar (og brorskapsfolk?) har ropt i demonstrasjonane. "Islamiseringa" av Egypt, om det blir noen, vil komme gjennom konkrete lover og vedtak som styresmaktene kan sette i verk - dei treng ikkje noen ny grunnlov for å forby alkohol og stenge nattklubbar. Det som det er snakk om i §2 og §219 er jo ankemuligheiter mot lover som ei seinare liberal statsmakt ville ønske å sette i verk. Her kunne domstolane stenge dei ned (men gjorde det ikkje), mens det nå blir Azhar-leiinga som kan gjere det. 

Det er heilt klart eit steg i feil retning, om ein ønskar at Egypt skal gå mot dei liberale verdiar vi hos oss reknar som naturlige, men vi veit ikkje heilt kva den konkrete effekten vil bli. Det vil heilt sikkert bli eit stridsspørsmål seinare å prøve å fjerne §219, eller modifisere den - den er jo nå så teknisk at berre islam-juristar sikkert kan forstå kva det skal bety. Å fjerne sjølve ordet "Shari'a" eller "islam" frå grunnlova er neppe politisk mulig, men utan §4 og §219 og spesielt den siste setninga der blir det øvrige relativt symbolsk. 

Det er derfor grunn til å sjå nøye på dei debattane som vil komme, og i kva grad det opnas for modifisering av denne spesielle paragrafen i lova.

mandag 10. desember 2012

Syria: samling eller deling?

Regjeringa har i dag erkjent den nye opposisjonsalliansen, "Nasjonalkoalisjonen for syriske revolusjonære og opposisjonsgrupper", som den legitime representanten for det syriske folket, slik også fleire andre vestlige land har gjort i dei siste vekene. Er dette for tidlig, eller er det nå på tide å erkjenne at det er her Syrias framtid ligg?

Samlinga i denne Nasjonalkoalisjonen kom som eit resultat av sterkt press frå det internasjonale samfunnet, både frå Vesten og frå Gulfen - dei to viktigaste aktørane på opposisjonen si side - for å få til ei breiare samling enn det gamle Nasjonalrådet. Det nye organet strekker nok også klart breiare, og har fått tilslutning frå fleire militsar som ikkje ville vite av Nasjonalrådet. Det har fått ein leiar, ein moderat religiøs lærd med godt rennomé, som ser ut til å ha god legitimitet inne i landet. Men det er nok likevel spørsmål om ikkje samlinga er blitt til "ovanfrå", fordi omverda forlangte det, og ikkje "innanfrå" opposisjonen sjøl. Den viktigaste grunnen opprørarane har til å følge dei ønska omverda kom med, er naturligvis eit desperat behov for internasjonal materiell støtte, og spesielt våpen som dei treng for å kjempe mot regimet. Da kan dei ete kamelar av ulik størrelse for å få det til. Men det betyr ikkje at dei motsetningane som låg til grunn før er borte, dei er berre i beste fall satt til sides for nå.

Slik har det alt begynt å knake i denne Nasjonalkoalisjonen, ikkje minst har det gamle Nasjonalrådet vore misnøgd med at dei fekk for liten representasjon i det nye. Men dei vart langt på veg lagt døde i internasjonalt diplomati da Hilary Clinton slo handa av dei, og dei er relativt lite populære mellom dei aktive opprørarane inne i landet. Enn så lenge kan nok derfor den samla fronten haldas oppe.

Viktigare er det om Nasjonalkoalisjonen faktisk klarar å opprette noen autoritet over dei mange militsane som er i kamp. Det er ikkje opplagt, fordi dette fortsatt er ein politisk front basert i utlandet. Dei har nylig snakka om å prøve opprette ei felles militær leiing, men det gjorde også Nasjonalrådet fleire gonger, utan at det kom noe ut av det, og det er ikkje nok å få støtteerklæringar frå den "Frie Syriske Hæren", som altså fortsatt ikkje er noen samstyrt hær, men ei rad militisar og opprørsgrupper. Først når vi ser at Koalisjonen lager ein felles militær strategi, og dei aktive militsane faktisk følger denne strategien fordi dei underlegger seg ei felles leiing, og ikkje berre fordi dei har lyst den dagen, så kan vi si at Koalisjonen reellt representerer ei samla opprørsleiing. Vi er klart ikkje der nå.

Frigjorte områder
Når det er sagt, så er det også klart at utviklinga på bakken går opprøraranes veg. Det er relativt betydelige område, særlig i nord, som nå ser ut til å stå permanent under opprøraranes kontroll, altså tilnærmar seg "frigjorte områder". Det som trugar dei, er luftangrep som dei ikkje kan verge seg mot, så det som militært vil gjere den store forskjellen her, er nok effektivt luftvern i desse områda. Men elles ser dei ikkje ut til å trenge frykte offensivar på bakken frå regimet. Det er klart ei endring frå tilfellet for noen månader sidan, da det var meir ein geriljakrig også i nord, der opprørane tok noen område "om natta" men måtte vike når regimet satt inn motkreftene.

I andre delar av landet har regimet enten rimelig god kontroll (særlig i nordvest), eller områda er omstridt på bakken, der regimet held alle dei større byane, mens opprørane held noen mindre byar, landsbyar og (over kortare eller lenger tid) landområdet mellom byane. Det er altså område av Syria der det ikkje er aktive kampar, men overalt pregar krigen landet, ved at økonomi og infrastruktur er i ferd med å bryte sammen.

Kurdarar og salafistar
I dei områda der regimet er borte, kan andre motsetningar begynne å spille inn. Nå er det spesielt forholdet mellom kurdarane og (resten av) opprørane som mest spent. Det har vore ganske harde sammenstøytar mellom kurdiske opprørsgrupper og arabiske, og opprørsleiinga er ikkje sikker på kva side desse kurdarane står på. Kurdarane er naturligvis delt, mange deltar i det felles opprøret, men andre blir skulda for å stå på regimets side ved å slåss mot FSA. Rettare er nok at dei prøver å halde avstand til begge to for å skaffe seg mest mulig rom for eit kurdisk autonomt område. Her spiller kurdiske grupper i begge nabolanda, Tyrkia og Irakisk Kurdistan, klart ei rolle, og gjer dette til eit regionalt problem vel så mye som eit lokalt nord-syrisk. Vi har også sett at kristne bydelar eller område har på samme måte oppretta eigne (små og svake) militsar for å prøve å verge seg mot begge partar, både mot regimet og mot opprørane, og halde dei begge ute frå sitt område. Med vekslande taktikk og vekslande hell.

I tillegg har vi også dei salafistiske eller andre radikale islamistiske grupper som blir uglesett av dei vestlige maktene, og også rivaliserer med dei liberale. Men her er det glidande overgangar som gjer det vanskelig å få oversikt. Av dei reine jihadistgruppene er Jabhat al-Nusra den mest kjente og etablerte, og er blitt knytta til "Den islamske staten i Irak", ein jihadist-koalisjon der al-Qaida i Irak er ein viktig del, dei har tatt på seg ansvaret for ulike bombeangrep i Damaskus og andre byar, men også avretting av tilfangetatte regimesoldatar. Openbart er dei heilt uspiselige for liberale i Syria og utanfor, og Nasjonalkoalisjonen har markert seg klart frå dei. Men ikkje alle er samde i det. Nusra har, ulikt Qai'da/Irak, unngått å angripe rivaliserande grupper, og noen andre opprørsgrupper ser dei som slagkraftige, kanskje nødvendige, allierte meir enn som motstandarar. Andre grupper som blir rekna som salafistar får klart også våpenstøtte frå Qatar, noe som bekymrar spesielt USA som helst ikkje ser at avanserte våpen kjem på mulig avveg i framtida (dei peiker spesielt på det som skjer i Mali nå, der våpen Qatar ga til libyiske grupper er komme i hendene på opprørane i nord-Mali). Det er mulig at leiinga diplomatisk og i utlandet, overfor donorane, trekker klare grenser mellom "gode" og "dårlige" opprørsgrupper, grenser som kan vere meir flytande på bakken i Syria. Men det kan også vere at slike, eller andre, forskjellar tvert om kan vekse seg meir påtrengande ettersom regimet svekkas og blir ein mindre farlig trussel.

Regimet som milits
Enn så lenge er likevel Assad-regimet hovudfienden, og er naturligvis ei dominerande kraft. I lufta har dei heilt herredømme, og også i tungt artilleri, som dei brukar med stor brutalitet. Håpet om at dei skal kunne komme på offensiven igjen må nok bli svakare også i dei kretsar, men dei har styrke nok til å halde ut lenge, ikkje minst fordi dei naturligvis har reell støtte i viktige delar av Syria, ikkje minst mellom alawiar og andre folkegrupper som fryktar opprørarane. Desse folkegruppene kjem ikkje til å forsvinne. Dersom opprørarane klarer sitt diplomatiske arbeid og t.d. får materiell som kan nøytralisere regimets luftvåpen, så kan vi komme til ein situasjon der regimet i staden for å vere den store samlande fienden, blir ein milits mellom mange, som kjemper like bittert for "sine" folkegrupper, som den nåverande opprørsfronten kjemper for sine. Det er kanskje eit vel så sannsynlig neste steg som ein "libyisk" utgang der regimet plutselig kollapsar på noen dagar, og kan bli, for å si det slik, ein ganske utfordrande situasjon.

Vi er langt unna den situasjonen ennå, den lange og vonde kampen der frontane sliter kvarandre ned ser ut til å vare lenge ennå. Men situasjonen ser ut til å vise at samtidig som vi heilt klart ser teikn til i det minste lokal og taktisk samordning mellom militsgrupper som reknar seg til FSA, så er det også klare og farlige teikn til fragmentering. Det kan da føre i to retningar: enten at opprørane, eller ei retning av dei, får hegemoniet i kampen og klarer å samle seg og enten nedkjempe eller forhandle seg fram til overtak over smågrupper i utkantane. Eller ei ytterligare fragmentering der Syria blir kamparena for eit sammensurium av militsar, der det blir vanskelig å skille frå kvarandre dei som opphavlig stod for og dei som stod mot Assad-styret. Uansett, det er i Syria og ikkje på den diplomatiske arenaen i Doha at dette vil bli avgjort.

fredag 7. desember 2012

Egypt: Frå krise til kva?

Utviklinga i Egypt den siste veka har opplagt vore foruroligande, og når begge sider har hatt dødsofre, kan det vere vanskelig å finne den middelvegen som er nødvendig om det gryande demokrati skal få vakse vidare.

Dette er ikkje repetisjon av revolusjonen i fjor, sidan det da var det eit ganske samla folk (eller iallfall samla aktivistar) som stod mot eit gammalt og tilstivna styre. Nå er det to ulike delar av folket, som begge kan påstå seg ein massebasis - det har dei begge vist i demonstrasjonane - som står på kvar si side, og det dei kjemper om er eit nytt og uferdig demokrati.

Begge sidene seier dei fryktar eit kupp som vil stenge vegen for demokrati: Protestantane fryktar at islamistane vil ta all makt og hindre opposisjon å arbeide, eit nytt (og verre) styre av Mubarak-slaget. Islamistane fryktar at demonstrasjonane er frå det gamle Mubarak-styret som vil sabotere det demokratiske framskrittet som vart gjort i fjor. Begge har trulig litt rett, men mest feil.

Kva kjemper dei om?

På eit nivå er dette rein maktkamp. Ingen av sidene er vant til å arbeide i eit etablert demokrati, der ein opposisjon kan rekne med at om dei tapar eitt val, så har dei rimelig sjanse til å vinne det neste om fire eller fem år, så er det deira tur. Derfor blir det lett dramatisk "det er nå eller aldri", og alle partar vil rake til seg mest mulig makt, eller redusere motpartens makt, nå, mens alt flyter og dei har sjansen. Frykta ser ut til å vere det dominerande i denne kampen: Om vi ikkje hindrer "dei andre" i sitt prosjekt nå, så vil vi miste all sjanse om politisk deltaking.

Opposisjonsalliansen har faktisk noen innslag av gamle Mubarak-tilhengarar, og støtter seg ikkje minst på dei delane av statsapparatet som heng igjen frå det gamle, som delar av rettsvesenet der mange heilt klart ønsker å motarbeide islamistane uansett. Det blir ein ujamn allianse med dei liberale som stod i spissen for revolusjonen i fjor, arm i arm med dei samme islamistane mot Mubarak. Men det ser ut som om også mange av dei liberale nå ikkje vil akseptere at islamistane, Brorskapet og salafistane faktisk vann dei to vala som har vore, og har demokratisk legitimitet. Å trekke fram fjorårets slagord om "ned med systemet" virkar mot si hensikt, når det faktisk var eit demokratisk system som har ført det nåverande styret til makta. Presidenten, Mursi, er i dag einaste utøvande makt, men det er jo fordi parlamentet vart oppløyst av det samme rettsvesenet, og med ein ganske teknisk og tvilsom begrunnelse (om ein kunne bruke partilister ved enkeltmannsvala). I dette parlamentsvalet vann jo islamistane ennå større fleirtal enn i presidentvalet, og så langt ein kan sjå på ein heilt fair måte. Det er ikkje rimelig å ville avskaffe systemet fordi ein ikkje vann vala. Tvert om burde det vore i deira interesse å få fortgang i grunnlovsprosessen, slik at nye val blir haldne, for alt tyder på at Brorskapet vil da gå ytterligare tilbake og opposisjonen få sin sjanse. Ved nå å sette heile overgangsprosessen i fare og kanskje risikere eit nytt militærkupp setter dei si eiga framtid på spill.

Presidenten og Brorskapet har openbart også sitt ansvar for den krisa som vi nå ser. Valseieren gir dei rett til å sette sitt preg på styret, ingen kan forlange at eit parti som vinn eit val skal vere nødt til å sette berre dei tapande partias program i verk. Men det er også rett og viktig som opposisjonen seier, at ei grunnlov stiller i ein annan kategori enn vanlige lover; den skal vare utover eit enkelt parlament eller valperiode, og må ha legitimitet frå meir enn berre eit kortvarig fleirtal: det må bygge på ein konsensus av flest mulig i samfunnet. Til sjuande og sist må det voteras mellom formuleringar, men i arbeidet må ein søke samarbeid. Det gjeld frå begge sider, i dei vanskelige punkta om islams rolle i grunnlova må både dei sekulære og religiøse komme fram til formuleringar som begge kan godta. Det har ein ikkje klart her, og det ser ut som om Brorskapet har lagt større vekt på å komme til semje mellom seg sjøl om dei meir religiøse salafistane (der mange jo egentlig ikkje anerkjenner korkje demokratiet eller grunnlova), enn mellom seg og dei langt fleire sentrumsorienterte og liberale. Dette er ein del av grunnen til at arbeidet i kommisjonen braut sammen og mange trakk seg (om enn dei kan ha gjort det for lett og for tidlig). Når representanten for al-Azhar trekker seg frå kommisjonen fordi grunnlova er for strengt religiøs, er det eit dårlig tegn.

Styret det siste året har også tatt noen urovekkande grep mot opposisjonelle medier, noen er trukke for retten, andre forsøkt motarbeidd av statlige tiltak. Dette har vore få og sporadiske tilfeller, og kan føras opp på overmot og mangel på modenheit i ein ny maktsituasjon, men det har openbart gitt grunn til uro for dei i den liberale leiren som kjenner slike tiltak alt for godt frå det gamle styret.

Men spesielt har Mursi vore alt for uvillig til å arbeide for konsensus nå i den nåverande krisa. Å ville presse gjennom ei folkerøysting på grunnlova berre etter to veker, og utan at alternativa er klarlagt og teksten i stor grad ikkje kjent av velgarane, tyder ikkje på kompromissvilje. Noen av dei omstridde dekreta kan forsvaras som å komme sabotasje frå det gamle styret i forkjøpet, men dei gjekk openbart langt utover det. Med dei protestane som kom ikkje berre frå opposisjonen, men langt inn i hans eige parti, burde han komme dei i møte ved å trekke eller modifisere det som vekte mest oppsikt, spesielt at alle hans vedtak var urørlige av domstolane, noe som lett førte til kritikk om forsøk på allmakt. At han i staden i praksis står hardt på, og spesielt at Brorskapet har gått til voldelig konfrontasjon med opposisjonen, er hans ansvar og kan også føre til at krisa får ein meir dramatisk slutt enn den burde ha fått.

Det kan fortsatt roas ned, og vi må håpe dette er meir vokstersmerter for demokratiet enn ei for tidlig dødskrampe. Men aukande vold gjer det vanskeligare å finne fram til det kompromisset som er nødvendig. Utspillet ligg nok hos presidenten, å utsette folkerøystinga, ta ein ny runde på kontroversielle paragrafar i grunnlovsframlegget - slik det har komme framlegg om - og å legge til sides iallfall noen av hans "allmakts-dekret", vil vere nødvendig. Så må opposisjonen komme i dialog og erkjenne at presidenten faktisk er president og har fullmakter.

Det er krefter som arbeider for slike mellomløysingar. Wasat-partiet, eit liberalt islamistisk parti som står i opposisjon til Brorskapet, argumenterer for grunnlovsløysingar, den tidligare presidentkandidaten Abu 'l-Futuh og hans "Sterkt Egypt"-parti arbeider for at dekreta må bort utan at presidenten må gå, slik dei ytterliggåande på opposisjonen krev, og det er andre. Men dei som har makta, og det er Brorskapet, må ta dei avgjerande stega mot ein felles plattform, elles er det diverre vanskelig å sjå ei god løysing på denne krisa.