onsdag 22. april 2015

Jemen, Qa'ida, IS: Territorie og stat?

Siste frå Jemen er altså at Saudi-Arabia med allierte har gitt opp bombeangrepa mot Houthi-styrkane. Kvifor er ikkje klart ennå, men New York Times melder at USA har lagt press på Saudi for dette, og ønskar ei forhandlingsløysing. Saudi har også lova Jemen stor midlar om dei får til ei forhandlingsløysing.

Under dekke av denne store konflikten mellom houthiar og Saudi, så er det ei heilt anna utvikling som har gått noe uforvarande forbi: For tre veker sidan tok styrkar frå al-Qa'ida (AQAP, som den lokale greina blir kalla på engelsk) over havnebyen Mukalla. Dei skal ha vore allierte med lokale stammestyrkar, mens andre stammar i området har fleire gonger prøvd å ta byen tilbake, men utan å lykkas. Tvert om har Qa'ida konsolidert seg ved også å ta styring med ei mindre oljehamn fem mil lenger aust, al-Shihr.

Kva er så spesielt med det, i det jemenske kaoset? Vel, i oppsummeringa mi over konflikten i Jemen for tre veker sidan, gjekk eg kjapt over Sør-Jemen, som om det var eit samla land. Det er det ikkje, også denne tidligare republikken er delt i (minst) tre ganske ulike regionar: For det første Aden, som er ein gammel havneby velkjent av sjøfolk og prega av britisk styre, så landområda rundt - viktigast er Abyan og Lahj, som også er prega av det britiske kolonistyret.


Aust for dette ligg det store området Hadramawt - som egentlig stikker nord om "Nord-Jemen" - som alltid har vore marginalt, i stor grad ørken eller ødemark. Det vil si, marginalt i forhold til Jemen, men eit viktig handelssentrum med intense nettverk over heile det indiske hav. Men det er ei anna historie. I forhold til konfliktane i det øvrige Jemen både nå og tidligare, har Hadramawt stort sett halde seg på fornem avstand og blanda seg så lite som mulig, og i stor grad også fått vere i fred. Til nå. For Mukalla er altså den største byen i Hadramawt, og den femte største i Jemen.

Det viser altså at Qa'ida har vore i stand til å styrke og spreie seg i Jemen. Deira base før har vore i Abyan, vest i sør-Jemen. Tidligare vart også anti-houthi-militsar i Marib lenger nord kopla til al-Qa'ida, men dei ser nå ut til primært å vere lokale stammar.

Jihadistiske territoriar
Men det at AQAP nå faktisk kontrollerer ein by av ein viss størrelse er påfallande, det har dei ikkje gjort før, og det er ganske nytt i Qa'ida i det heile (om vi ser bort frå Shabab i Somalia, som slutta seg til Qa'ida under kampen sin). Det er spørsmål om dette er ein strategi frå Qa'ida, som jo er i hard rivalisering med IS. Her kan nettopp spørsmål om territorium komme til å bli det viktigaste området for rivalisering, meir enn kven som kunne lage store spektakulære terrorangrep i Vesten, som jo ikkje IS har markert seg så sterkt på. I staden ber dei sympatisørar "komme for å bygge opp det ekte muslimske samfunnet" i Irak og Syia.

Om Qa'ida nå prøver å kontre dette med å lage sitt eige "idealsamfunn" i Jemen eller andre stader, gjenstår å sjå. Dei første rapportane frå Mukalla tyder eigentlig ikkje på det, dei ser ut til å ha overlatt til dei allierte lokale stammane å styre byen, og held sjøl ein låg profil og står for ytre forsvar. Men det samme sa dei første rapportane frå Mosul etter at IS tok den byen, så det kan vere ein overgang. Dersom Qa'ida-folka i Mukalla kjem frå stammar frå Abyan eller andre regionar, og det er det vel trulig dei gjer, vil dei nok bli oppfatta som fremmede i Hadramawt, ei "innflyttarplage" som vil styre over oss lokale, så dersom dei har langsiktige planar i området vil dei kanskje først rekruttere lokale tilhengarar som kan stå i kontakt med dei lokale.

Idealstat?
Dette bringer da opp kva denne evt. nye strategien frå jihadist-gruppene står for. Fleire forfattarar har lagt vekt på at vi må ta alvorlig dette med "stat" i IS sitt nå ganske omfattande og etablerte territorium, spesielt den italienske journalisten Loretta Napoleoni, som har skrive ei bok om dette. Hennar poeng er at IS nå må betraktas som ein fungerande, moderne stat uavhengig av deira unektelig barbariske ideologi og praksis. Dei har store inntekter, dei tar opp skatt av sine innbyggarar, dei fører rekneskap og opprettar statlige strukturar: deira prosjekt må reknas som nasjonsbygging rundt sitt kalifat, noe som er heilt ukjent i forhold til tidligare jihadist-grupper, og meir systematisk enn t.d. Taliban som jo også styrte ein stat, men etter stamme-modellen.

Dette blir følgt opp i ein artikkel av Andrew March og Mara Revkin i Foreign Affairs sist veke. Dei meiner IS ønsker å bygge ein rettsbasert stat. Vi må haste med å legge til: ikkje det vi normalt vil rekne som rett, menneskerettar, men ein religiøs rett, ein sharia-rett ut frå salafismens ideal om Profetens eksempel. Poenget deira er at IS tar dette alvorlig, og at deira hardhendte metodar ikkje er vilkårlig vald, men basert på rammer frå den klassiske shariaen. Den er da heilt fråkopla seinare jus, slik at for dei er t.d. slaveri ein uproblematisk juridisk kategori, sidan det var det på Profetens tid og seinare i middelalderen. Men slaveriet må haldas innanfor dei juridiske rammene som shariaen på den tid stilte opp.

Forfattarane vil derfor neppe godtas Napoleonis begrep "nasjons-bygging", sidan det ikkje er ein nasjonalstat, men eit faktisk kalifat IS prøver å bygge opp. Dei avviser derfor kodifisering av sharia-lovene sine, og overlet utlegning av desse til dommarane, altså "qadiens ijtihad", som det heiter teknisk. Dette er i parantes bemerka også offisiell jus i wahhabisk (saudisk) tenking, saudiane er ikkje bunde av hanbalisk lov slik det ofte blir sagt, dommarane kan fritt gå til openbaringskjeldene - men endar i realiteten nesten alltid på hanbali-skulens konklusjonar. Og IS har altså eit rettsapparat, i følge forfattarane: dei skiller på klassisk vis mellom shari'a-domstolar (qadi-domstolar) og statsdomstolar (mazalim) som styrer etter siyasa shar'iya, statens rett til å dømme i tråd med samfunnets velferd. Dei kan dømme ikkje berre dei sivile innbyggarane, også IS sine eigne soldatar kan straffas av desse domstolane for overgrep mot sivile. Også når det gjeld jord og territorium, så legg IS stor vekt på å bygge opp juridiske rammer for når dei tar over lokalt land, ut frå samme (før-moderne) shari'a-basis.

Dette, meiner forfattarane, er grunnlaget IS rekrutterer tilhengarar på: Eit klart, religiøst og velordna alternativ, modellen for det gode islamske samfunnet som alternativ til det rotlause livet rekruttane lever under i sine nåverande land.

Dette gir interessante innblikk i korleis IS tenker og presenterer seg, men det er fortsatt uklart i kva grad dette er idealisert propaganda og i kva grad dei faktisk prøver og er i stand til å realisere denne sharia-drømmen. Det er ikkje vanskelig å finne klare eksempel på IS-brutalitet som dei skryter av og propaganderar, som ikkje bygger på noen slags sharia-behandling, men er reint vilkårlig. Noen slike har også ført til indre strid mellom dei som tar sharia-tanken alvorlig, og dei meir brutale - mest tydelig hevndrapet på den jordanske piloten, som fleire i IS skal ha protestert på og blitt henretta av den grunn. I slike ueinigheiter ser det generelt ut til å vere dei brutale "opportunistane" som vinn og dei som tar ideologien alvorlig som tapar. Mange avhopparar fortel også om det dei føler som svik mot dei ideala som tiltrakk dei, og at ikkje minst brutale "fremmedkrigarar", mange av dei med kriminell bakgrunn, kjem i konflikt både med lokale folk, og med IS sin propaganda. Men samtidig må ein rekne med at denne propagandaen er tiltrekkande både på dei som kan tenke seg å reise, og dei som blir verande i "staten" og ikkje opplever slike svik. Derfor er det nok grunn til å ta dette alvorlig, ikkje berre avvise det som "middelaldersk barbari", men prøve å vise tvilarar kvifor det ikkje fungerer eller kan fungere, og kva som er det bedre alternativet.

søndag 19. april 2015

Islam og venstresida igjen

Først må vi uttrykke lettelse for at vår kollega Raymond Lidal, som tidligare har bidratt på denne bloggen, nå er sikkert ute av fangenskap. Han vil sikkert, når den tid kjem, kunne gi viktige bidrag til vår kunnskap om Jemen.

Så til dagens tema. Utanriksforskaren Atle Toje avlegg i ein gjestekommentar i Bergens Tidende i dag, "Vi som hatet Vesten", ein visitt til: "Hvorfor har så mange islameksperter politisk tilhørighet på den politiske venstresiden?" Han nemner to som viser "en manglende skepsis mot islamisme som har behov for å bli forklart". Ei litt kronglete formulering, men han meiner vel at islamforskarar burde vere skeptiske mot islamisme, og at ein må jakte på grunnar til at dei ikkje ser ut til å vere det.

Han går seinare over til å snakke om den politiske venstresida generelt og "norsk bistandstenkning" og forlater det akademiske. Men dette blir jo hevda med jamne mellomrom, spesielt frå det ein kan kalle islamkritiske kretsar, så det kan vere grunn til å reflektere litt over det.

Venstre- og høgreforsking?
Først dette med venstresida og islamforsking. Vi hører det i litt ulike avtapningar, også at norske samfunnsforskarar generelt og f.eks. norske journalistar, skal vere dominert av folk som stemmer til venstre. Eg har ikkje tatt noen gallup hos mine kollegaer, men legg til grunn at vi har folk både frå det politiske sentrum og til høgre mellom dei, sjøl om det nok kan vere truverdig at, som hos journalistar, så står venstresida sterkare enn høgresida. Spørsmålet - som Toje ser ut til å ta for gitt, overraskande for ein utanriksforskar - er om dette da betyr at vi er politikarar i vår forsking, at vår forsking og resultata av dei er dirigert av kvart vårt politiske ståstad, og ikkje omvendt eller at dei to livsområda er autonome frå kvarandre.

Dersom det er slik at det i det heile finnes forskarar frå sentrum eller høgresida i Norge, så ville vi da få ei politisk delt forsking: Dei på venstresida driv venstrepolitisk forsking, dei på høgresida driv høgrepolitisk. Det har eg vanskelig å få auge på hos dei som driv med islam og Midtausten. Når vi samtalar over kaffen, kan nok ulike politiske oppfatningar komme til uttrykk, men i vår forsking og publikasjonar virkar vi ganske samstemte. Det finnes unntak, Lars Gule er t.d. ein filosof som har markert ein klart alternativ ståstad. Men han reknar seg nok til venstresida, blir angripe i islamkritiske fora, og har stilt seg avvisande til den typen generell kritikk som Toje framfører mot fagmiljøet: Han klarer å skille mellom forskinga og dei politiske konklusjonane ein trekker av den.

Faglige og normative utsegner
Det samme ville eg gjere. Toje trekker fram at Sveriges utanriksminister skal ha sagt at sharia-lovenes straffer "har ingen ting med islam å gjøre". Dét ville vore ein oppsiktsvekkande påstand, som må i så fall reknas som ein forsnakkelse eller kunnskapsløyse. Men vi hører ofte frå muslimar at IS sin brutale praksis er i strid med islam. Dette er normative utsegner som må forståas som at "eg ønsker ikkje at islam skal inkludere den typen brutalitet". Men det er openbart ikkje noen faglig påstand, og det er opplagt at IS sin ideologi og praksis "har med islam å gjere". Det faglige ligg her i å motsi påstanden om at islam må vere slik, at det er ein uomgjengelig voldelig essens i islam, islam utan vold er ikkje islam. Det er ein faglig debatt om essensialisme og grensene for kva ein kan kalle "islam". Noen kollegaer kan formulere det meir normativt som at IS driver "misbruk" av islam, eg vil nøye meg med å si at det er bruk av islam. Her kan det ligge ein nyanse. Men eg ser ikkje noen venstre-høgre-dimensjon i den nyansen.

Liknande nyansar kan det vere i synet på t.d. den parlamentariske islamismen (Brorskaps-tradisjonen). Eg prøver nok sterkare å få fram at innhaldet i denne tradisjonen ikkje er liberal, men kjønna (skilte kvinne- og mannsroller), moralsk kritikk av liberale kulturformer osv., slik at dei ikkje kan settas likt europeiske kristendemokratar i politisk innhald, sjøl om dei har akseptert det parlamentariske systemet. Dette er det nok semje om mellom forskarane, men noen kan vektlegge det litt annleis i formidlinga, og prioritere å motvirke uempiriske skremselsbilder, noe som også er viktig å få fram - ikkje eit skille i forståing, men i vektlegging og formidling. Eg brukar sjøl ikkje begrepet "islamofobi", men forstår kva andre forskarar legg i det, og ser at slike overdrivent negative syn på islam faktisk finnes i samfunnet.

Globale motsetningar eller lokal empiri
Heng noe av dette sammen med politisk venstreside? Som sagt, eg kan ikkje sjå det i vår faktiske forsking. Men det er jo riktig t.d. at i ein generasjon, på 1970-tallet, så var det mange som fekk interesse for Midtausten på grunn av Palestina-spørsmålet (min eigen generasjon er noe eldre, og kom til området via Afrika). I Palestina-spørsmålet var det derfor lenge ein klar og lett forståelig forskjell mellom Midtausten-forskarar og det allmenne politiske miljøet. Men her har altså den allmenne politikken svingt i dei tiåra som har gått, slik at forskarane nok ikkje skiller seg så mye ut lenger. Og dette ser ikkje ut til å ha vesentlig betydning for synet på islamisme. Om det er ein slik rekrutteringssak til islamforsking i vår generasjon, kunne det kanskje vere forholdet til innvandrarane, og som vi veit går ikkje dette langs den tradisjonelle venstre-høgre-aksen, sjøl om det jo er eit høgre-element også her, som i Palestina-spørsmålet.

Det som skiller forskarane ut, er nok heller lokal empirisme, at vi tar utgangspunkt i situasjonen i området meir enn i store overgripande ideologiar.

Og her kan eg slutte meg heilt til Tojes kritikk av venstresida: Tanken om at det alltid er USA sin feil. Det er det ikkje - heller ikkje nødvendigvis USAs forteneste om det går bra. Det er ein sterk tendens for alle som primært tenker politisk, og ganske tydelig på venstresida, til å sjå lokale konfliktar gjennom globale brilleglas: Dersom USA er involvert, så er det dei som bestemmer alt som skjer - og det er følgelig deira feil når ting går skeis. (Og om dei ikkje er involvert, så er ein heller ikkje spesielt interessert i konflikten.) Store gobale makter har openbart betydning, men i ein lokal kontekst som dei oftast ikkje kontrollerer og som overstyrer resultatet. USAs vilje til inngrep bør heller sjåas på som ein ressurs som lokale krefter kan bruke som best dei kan. Det er ikkje alltid olje som ligg bak. Det er mye oftare maktkamp mellom lokale krefter som er det avgjerande. Dette er også ofte ein grunn til å vere skeptisk til utanlandsk inngriping i ein lokal konflikt: Deira evne til å påvirke det endelige resultatet er ofte langt mindre enn dei ambisjonane dei kjem med. 

Men her er det nettopp islam- og Midtaustensforskaranes perspektiv som kan leggas til grunn og forklare kva rammer politikarane realistisk kan ha.

fredag 27. mars 2015

Jemen: Ny krig, gammalt kaos?

Jemen har flytta frå "andre krigar i Midtausten" fram på førstesidene dei siste dagane, i og med at Saudi-Arabia har gripe inn med bombetokter. Men forvirringa er stor. For å prøve å passe det inn i etablerte mønster, blir konflikten kalla eit "shia-opprør", og Bergens Tidende snakkar i dag om at Houthiane trugar med å gjere Jemen til "en shia-muslimsk fiende", og at for sunniar er shiaene "ikke ekte muslimer". Men all respekt for korte deadlines osv, og med ordbruk eg ikkje ofte brukar: Dette er noe tøv. Ja, vi kan vel slå klart fast: Konflikten i Jemen har ingen ting med religion å gjere.

Som nyanserande fagmann må eg straks kvalifisere det utsagnet, "ingen ting" er eit sterkt uttrykk, og vi skal sjå på det religiøse under. Men som "hovudparole" står det seg bra.

Jemens mange delar
Vi har presentert Jemen før, men her ein kjapp rekapitulasjon av konfliktlinene i landet, for nye lesarar. Landet er ridd av mange ulike konfliktar, og for å forstå dei, må vi starte med det geografiske.
       1. Jemen er sammensatt av to heilt ulike land, det stammebaserterte Nord-Jemen, med San'a som hovudstad, og Sør-Jemen med Aden, som har ei heilt anna historie og m.a. var Midtaustens einaste kommunist-stat. Etter Sovjets fall vart Sør-Jemen tvungen inn i union med det større og sterkare Nord-Jemen i 1990.
       2. Nord-Jemen er delt i to på langs, mellom låglandet langs kysten, og det grøderike fjell- og høglandet bak. Det har i store delar av historia, og også i det siste hundreåret, vore høglandet som har dominert Nord-Jemen politisk.
Det zaydiske høglandet i ovalen
        3. Dette høglandet er svært tradisjonelt, og bygger fullstendig på stammar og stammelojalitet. Den stammen som dominerer høglandet, dominerer derfor Nord-Jemen, og dominerer da også nå det samla Jemen.

Høglandet - alle stammane der, og alle politikarar som har gått ut frå desse stammane og har styrt Jemen sidan 1918 - hører til zaydismen, som er ei mindre retning av shia-islam, heilt ulik den i Iran. Låglandet og Sør-Jemen er begge befolka av sunniar, og dei har også deltatt i politikken i Jemen, men dominansen har alltid vore hos stammar som hører til zaydismen. Det gjeld dei imamane som styrte fram til 1962, det gjeld republikken som kom etterpå, det gjeld den einerådige Ali Abdullah Salih som styrte frå 1978 fram 2012. Alle er zaydiar, og det er da også desse nye opprørarane, houthiane. Det er altså ikkje eit opprør av "shiaer" mot "sunniar", men ein maktkamp mellom ulike stammar som alle er zaydiar. Houthiane kallar seg nok for "Guds hjelparar" (Ansar Allah), men framstår mest med (ganske tomme) raddis-slagord mot USA og Israel. Dei er først og fremst ein stamme som vil ha meir makt enn dei hadde før.

Zaydisme og shi'ismen
Vi skreiv at zaydismen er "ei mindre retning" av shia-islam, ofte kalla "femarar". Dei er ikkje ei utbrytargruppe av den "tolvar-shiismen" som vi har i Iran, Irak og Libanon, zaydiane er eldre enn tolvarane. Dei skiller seg teologisk ganske klart frå dei, dei har m.a. ikkje tanken om ein gude-inspirert imam som er sjølve grunnprinsippet i "vanlig" shiisme. På dei fleste felt ligg dei nærmare sunnismen enn tolvar-shiismen, og det har vore fleire forsøk å integrere dei i sunni-islam, men dei har likevel fortsatt ein separat identitet, og det er det som betyr noe, det er eit identitetsmerke på stammane i nord-Jemen, meir enn ein teologisk basis.

Vi ser dette også i sammensettinga av det opposisjonspartiet som klarast bygger på religionen islam, Islah ("Reform"), som kan karakteriseras som eit islamistisk parti. Det er eigentlig ei svært sammensatt rørsle (også nobelprisvinnaren, den relativt liberale kvinneaktivisten Tawakkul Karman, har band til det), som spenner frå stammeleiarar til salafistar. Men sjøl om det er eit parti som setter religionen i sentrum, så omfattar det altså både zaydiar (leiaren er zaydi) og sunniar (derimellom den mest kjente ideologen).

Sør-Jemen er altså reint sunnisk, og etter sammenslåinga i 1990 vart skikken at sidan presidenten (heile tida Ali Salih) kom frå nord, så kom visepresidenten frå sør. Han er dermed sunni, men utan særlig makt før demonstrasjonane i 2011 tvang Salih til tre delvis til sides. For å gjere det enklast mulig, vart da visepresidenten, Abd Rabbuh Hadi, satt inn - og slik fekk faktisk Jemen sin første sunniske president. Men Hadi hadde ingen eigen maktbasis (sør er altfor svake, og vil helst ha tilbake sjølstendet), så det var den gamle konflikten mellom Salih (zaydi, militær, son hans styrer ein del av hæren) og Hashid-stammen (også zaydi, sivil, men har sin private hær) som heldt fram. Og så sprang altså Houthi-rørsla, basert i ein liten men gjenstridig stamme heilt i nord - også dei zaydiar, da - fram og tok kontroll over høglandet og dermed San'a. Bråket oppstod da dei begynte å avansere sørover ned i låglandet og tok byen Ta'izz førre veke. Ein ting er å bli styrt av sentralstaten i San'a, men desse stammekrigarane frå houthi-heita var trass alt for mye.

Så har opprørarane da gått vidare over grensa heilt inn i Sør-Jemen og står nå nær Aden. Men der er det inntil vidare uklart kven det er som slåss. For sentralt i den siste utviklinga er det at den gamle diktatoren, Ali Abdullah Salih, har i kulissane slutta seg til sine føre dette fiendar Houthiane. Det ser slik ut som om det kan vere delar av hæren som er lojal til Salih som slåss i sør, "på vegner av" den regjeringa Houthiane har satt opp i San'a. Sjøl om gamle Salih altså også er zaydi, så er hans støtte til Houthiane openbart rein opportunisme, ein forsøk på å komme tilbake til makta att - så vil det vise seg kven som er sterkast av dei to ulike allierte. Men dette kan iallfall vere med å forklare det forunderlige at denne i grunnen ganske vesle stammen frå grenslandet i nord har klart å ta styring over eit så stort område.

Opp i det heile har vi da Qa'ida, som har vore aktive i noen områder i sør-Jemen, som prøver - og kanskje klarer - å mobilisere til ein breiare motstand mot inntrengarane frå nord. IS påstår dei også er med, og stod bak moske-bombene i førre veke.

Saudi-Arabia blandar seg
I går torsdag vart så denne lokale konflikten plutselig internasjonal, ved at Saudi-Arabia sammen med ni andre land, mellom dei Egypt (og også USA), har begynt å bombe Houthi-områda og truar også med å sende inn soldatar. Det er ikkje første gong det skjer, jemenittane hugsar den bitre borgarkrigen 1962-68 der både egyptiske og saudiske troppar deltok, men da stod dei på kvar side (Saudi støtta den zaydiske - altså shiiske - imamen), nå er Egypt og Saudi samla - og objektivt også sammen med Qa'ida og IS da, alle er mot "shiaene".

Saudis forhold til Jemen har alltid vore at litt uro og ustabilitet er ein god ting, men ikkje for mye. Saudi vil først og fremst ha ro i sitt område, men ser på eit sterkt Jemen som ein mulig rival i regionen. Men det er jo Iran som er hovudfienden. Og Iran har altså gitt noe støtte til Houthiane, sjøl om vi ikkje veit kor mykje - mest trulig pengar og våpen, i tillegg til politisk støtte, nok til at Houthiane skal kunne bli ei torn i sida på Saudi. Begge snakkar om religion, sunni mot shia, men Iran har nok liten interesse i å støtte Houthianes zaydisme på religiøst grunnlag - Iran er jo faktisk opptatt av religion og teologi, og zaydismens avvik er så stort at dei ikkje har noen samkjensle i teologien. Men dei er altså ikkje sunniar, slik heller ikkje Assads alawiaer i Syria er - nok eit avvik frå "riktig" shiisme etter iransk syn, og det er jo kanskje bedre enn Saudis wahhabisme. Men det er maktspill og ønsket om å lage bråk for rivalen som betyr noe.

Og for ordens skuld, BT: sunniar oppfattar absolutt shiaene som "ekte muslimar", sjøl om dei har feilaktige meiningar. Sunnisk teologi seier at det ligg hos Gud på Dommedag å skille ut kven som er "ekte muslimar" eller ikkje. Shiismen er for dei avvik, kanskje synd, men ikkje vantru. Det er dei ekstreme gruppene som Qa'ida og IS som set likheitsteikn mellom avvik og vantru. Wahhabiane var også der på 1800-talet, men det er over hundre år sidan dei gjekk bort frå "vantru-stemplinga" (takfir).

Kva nå?
Det er vanskelig å tru at Saudi har krefter til å snu den militære utviklinga i Jemen, Saudi er ikkje USA. Egypt har meir militærmakt, men vil neppe sette inn avgjerande styrker i Jemen, deira eiga sikkerheit er ikkje berørt av bråket der. Det blir nok fortsatt bombing noe framover, men det sentrale er det politiske spillet: Vil Salih og hans stammestøtter nå gå opent ut i kamp på Houthianes side, og vil dei siste sleppe Salih til makta igjen, eller vil dei halde på ho sjøl? Autonomi-rørsla i sør har halde seg rolig, vil dei nå bli mobilisert mot ein invasjon nordfrå - og kor sterke er dei? Klarer Qa'ida å bli sentrum for ein breiare sunnisk (dvs. "sørlig") motvilje slik styrke seg? Har IS faktisk fått ein fot innanfor? Følg med i neste episode. Religion spiller jo altså ei rolle her, men ikkje som "teologi" (innhald), men som identitetsmerke for skillet nord-sør, stamme mot stamme, Saudi mot Iran. Skal ein sette ein merkelapp så kan ein bruke slike religiøse namn. Men zaydiar har vi altså både her og der.

mandag 23. februar 2015

Mordet på Banu Qurayza

Dei siste angrepa på jødar i Paris og København, i rekka av fleire den siste tida, har satt fokus på dei klare tegna på breiare anti-semittiske haldningar hos unge muslimar i Europa. Dei har openbart mange kjelder, men i Verdibørsen laurdag vart eg kalla inn til å drøfte den religiøse bakgrunnen for dette. Nå er jo ikkje eg religionshistorikar, berre vanlig historikar, så eg satte meg ned for å repetere litt om dette, korleis jødane blir sett på i islam, frå ulike kjelder eg hadde for handa. Som vanlig vart det jo ikkje tid til å komme inn på alt i radioinnslaget, og spesielt feide vi fort forbi den kanskje mest dramatiske episoden i dette, massakren på den jødiske stammen Banu Qurayza i år 7 (628 e.Kr.). Men den er kanskje verdt ein liten gjennomgang likevel, sidan det er såvidt viktig. Og også fordi eg vart litt overraska av det eg fann, for det ser ut som om det i dei muslimske kjeldene ikkje er Banu Qurayza som blir framstilt verst. Skurken i fortellinga er ein annan jødisk stamme, som fekk ein langt mildare skjebne.

Jødane i Medina
Det er viktig å hugse på at alle kjelder vi har til denne historia er muslimanes eigne krøniker. Vi har ingen uavhengige kjelder, og dei muslimske fortellingane vart skrivne ned rundt to hundre år seinare. Det er altså ei redigert fortelling, muslimanes sjøl-presentasjon av det heile, ikkje "slik det verkelig var", det har vi trulig ikkje noen muligheit til å kjenne. Det vi kan studere blir derfor i stor grad korleis muslimane, etter å ha etablert seg og religionen sin, ønskar å framstille sitt forhold til jødane i den tidlige perioden. Kjeldene er likevel uklare og motsetningsfulle på ein del detaljar, det styrkar inntrykket av at dette ennå ikkje er blitt ein heilt frisert og samstemt ortodoksi. Noen forskarar stiller spørsmål ved ganske viktige ting som kronologien i episodane. Vi kan likevel, som i det meste rundt Muhammads biografi, rekne med at hovudfortellinga er trulig historisk, sidan den vart hugsa og formidla vidare av så mange samtidige, mens omstenda og ikkje minst motivasjonen rundt det som skjedde er meir usikker, og vi må rekne med at ettertida her skreiv inn sine eigne fortolkingar i det som vi har fått overlevert.

Med denne kjeldekritikken, kan vi ta sjølve hovudpunkta slik vi får fortalt historia. Da Muhammad var nødt til å reise frå Mekka i 622 e.Kr., fekk han tilbod om å komme og bli "meklar" mellom dei heidenske stammane i Medina. Før han svarte ja, stilte han som krav at heidningane skulle omvende seg til islam, noe dei godtok. Dei einaste som vart fritatt frå det kravet, var dei jødiske stammane i Medina, dei tre største heitte Banū Qaynuqāʿ, Banū Naḍīr og Banū Qurayẓa. Dei var av "bokfolket", og fekk slik ein spesiell status i dei avtalane som vart gjort, kalla "Konstitusjonen i Medina". I utgangspunktet var Muhammad leiar berre for emigrantane som hadde følgt han frå Mekka, men etter kvart som han vann sigrar i den krigen som starta mellom hans gruppe og herskarane i Mekka, slutta fleire og fleire av dei nyomvende muslimske stammane i Medina seg også til han, slik at han vart til ein felles politisk leiar for byen. Jødane kunne derimot halde seg til konstitusjons-avtalen, og kunne etter den innta ei nøytral stilling mellom Muhammad og Mekka-leiarane.

Dette heldt altså ikkje lenge, og her må vi sikkert også trekke inn at jødanes religiøse leiarar, trulig til Muhammads overrasking, så klart avviste den nye bodskapen hans og skal ha gjort narr av at han hadde misforstått den jødiske trua. Politisk fekk likevel dei tre stammane kvar sin konflikt. Først ute var Banu Qaynuqa, den einaste av dei som budde inne i byen Medina. I følge kjeldene oppstod det ein krangel og drap etter at ein Qaynuqa gjorde narr av ei arabisk kvinne, kort tid etter muslimanes første store siger i slaget ved Badr i 624. Krangelen utarta, og Muhammad omringa stammen som overga seg utan kamp. Dei vart geleida ut av Medina med beskjed om ikkje å komme tilbake, og emigrerte samla til Syria, der dei slo seg ned (ein handfull konverterte til islam, og fekk bli). 

Sviket frå Banu Nadir
Neste akt gjaldt den største og rikaste jødiske stammen, Banu Nadir, og det er dei som får skurkestempelet i dei muslimske kjeldene. Dei var arrogante, også overfor dei andre jødane, spesielt Banu Qurayza. Dei nekta å betale full erstatning for drap ("blodpengar") til Qurayza, dei ville berre betale halv erstatning (slik det seinare vart for kvinner), fordi dei, Banu Nadir, var meir verdt enn dei andre. Qurayza heldt seg derfor heilt i ro da også Banu Nadir kom opp i krangel med Muhammad året etter, etter muslimanes nederlag i slaget ved Uhud (625). Nadir utfordra Muhammads leiarskap, også her i eit spørsmål om betaling av blodpengar. Leiaren deira, Huyayy ibn Akhtab, inviterte Muhammad til eit møte for å løyse konflikten, men på vegen til deira leir sør for Medina, fekk Muhammad melding om at det var ei felle og at Huyayy ville drepe han. Muhammad snudde om, og samla styrkane sine og gjekk til åtak på Nadir. Dei var overmanna, og også dei vart dermed utvist frå Medina. Dei fleste reiste til oasen Khaybar nord for Medina, som alt var bebodd av jødar, her tok dei raskt kontrollen. Dei allierte seg nå med Mekka, og deltok i planlegginga (men trulig ikkje gjennomføringa) av Mekka-folkets tredje angrep på Medina i 627, "slaget ved grøfta". 

Fortellinga om Huyayys svik og mordplanar - og vel også heile ideen om eit dialogmøte - er nok anekdotar for å rettferdiggjere at Nadir vart utvist. Det vi vel bør feste oss med at desse to jødiske og i beste fall nøytrale stammane vart fjerna frå Medina, og det er rimelig å sjå det som resultat av at Muhammad nå hadde fått grep om byen, både over emigrantar og lokale stammar, og ikkje lenger kunne godta grupper som utfordra hans kontroll i byen. Krigen mot Mekka raste fortsatt, og sjøl om jødane nok - også etter muslimske kjelder - heldt fast på nøytralitet og ikkje aktivt støtta fienden så lenge dei heldt til i Medina, var ikkje det godt nok, han måtte ha ryggen fri. 

Massakren
Det lovde dermed lite godt for den siste jødiske stammen, sjøl om dei altså ikkje hadde komme Nadir til unnsetning (slik Huyayy skal ha forventa). Dei stadfesta sin nøytralitet, og dei skal også ha hjulpe muslimane materielt og på annan måte ved slaget ved grøfta. Krønikene seier at Huyayy, nå på plass i Khaybar, kontakta dei og prøvde å vinne dei til si side. Qurayzas leiar, Ka'b, nekta å ta i mot han og sa han vil halde seg til avtalen sin med Muhammad. Men Huyayy insisterte, Muhammad var på veg mot nederlag, og dette var sjansen for å fri seg frå han. Langt om lenge gav Ka'b etter og reiv i stykker avtalen med Muhammad. Men dei lot seg lett avleie frå å gjere alvor av dette, og Qurayza deltok aldri i kamp mot muslimane. 

Ikkje desto mindre vart Muhammad mistenksom og frykta eit angrep innanfrå. Derfor marsjerte han mot leiren deira og beleira dei i ein månad. Dette var i april 627, dagen etter at Mekka-hæren hadde heva beleiringa. Til sist var Qurayza tvungne til å gi opp og ba om ei meklingsløysing. Dei vart einige om at ein av deira gamle allierte mellom Medina-muslimane skulle avgjere. Dei venta rimelig nok samme resultat som for dei to andre stammane, å bli forvist frå byen. I staden bestemte denne domsmannen at Qurayza hadde brutt løftet sitt, og derfor måtte miste livet. Det vart da utført, alle menn - tala svingar mellom 400 og 900 - vart drepne, og kvinner og barn seld i slaveri (noen vart seld til Khaybar). Dette var ikkje heilt slutten på jødane i Medina, det var fortsatt noen att - trulig mindre klanar som hadde avtalar med Muhammad - men med Qurayza var den siste større jødiske gruppa i byen borte.

Kjeldene legg stor vekt på forhandlingane rundt kapitulasjonen, og at det var meklingsmannen, ikkje Muhammad som beordra drapa. Noen historikarar peiker på at det ikkje var massakren i seg sjøl som var problemet for kjeldene - slike var ikkje uvanlige på den tid - men det at Qurayza var klientar av ein (nå muslimsk) Medina-stamme, Banu Aws. Det måtte derfor vere ein frå Aws som gav ordren, elles kunne stammesolidariteten sette dei i konflikt med Muhammad. Men det er likevel påfallande at kjeldene altså vil skape slik avstand mellom Muhammad og drapsordren, og kor svake forsøk dei gjer på å rettferdiggjere angrepet på Qurayza i det heile. Det er berre snakk om at Muhammad mistenkte dei for å slå lag med fienden, og kjeldene presenterer klart Huyayy og Banu Nadir som dei mest svikefulle, Qurayza lar seg berre motvillig presse - mens ein skulle tru at kjeldene i ettertid ville rettferdiggjort drapa ved å presentere Qurayza som dei verste av dei verste. Slike kjelder fantes også, det var andre variantar av historia som viser Qurayza-leiaren Ka'b som den mest aktive, og også snakkar om eit slag mellom Muhammad og ein allianse mellom Nadir og Qurayza året før. Men i den "ortodokse" fortellinga til krønikarane Ibn Ishaq og al-Waqidi har dette forsvunne og Qurayza er langt meir motvillige til å bryte med Muhammad.

Igjen kan ein nyare historikar peike på at massakren kan ha vore ein måte å vise styrke: Nadir hadde fått leve, og hadde deretter gått over til fienden. Det samme skulle ikkje skje med Qurayza. Dei og alle andre som, i denne tunge perioden for muslimane, måtte sveve i trua på at dei kunne trekke seg frå kampen, skulle vite at her var det ingen nåde. Men dei muslimske kjeldene kan jo ikkje gi Profeten slike opportunistiske motiv, dei gjer det iallfall ikkje.

Etterspel: Jødane i Khaybar
Kva så med Banu Nadir, dei som faktisk hadde slutta seg til Muhammads fiendar, og som sat i oasen Khaybar, 15 mil - noen dagsreiser - nord for Medina? Rundt eitt år seinare, i mai 628, vendte Muhammad også oppmerksomheita mot dei. Nå var han i ferd med å få overtak i Mekka-krigen, og hadde slutta ei våpenkvile med Mekka ved Hudaybiya. Han hadde heller ikkje nå, og trengte kanskje heller ikkje lenger, noen spesiell unnskyldning for å angripe Khaybar-oasen, ut over at Nadir altså dominerte den og var fiendtlig innstilt mot han (dei var ikkje del av Hudaybiya-avtalen). Dei fleste historikarane peiker rett og slett på dette som eit raid for krigsbytte, ikkje minst våpen som fantes i Khaybar og som Muhammad trengte. Iallfall overraska muslimane dei jødiske bøndene ute på markene. Jødane bad noen lokale arabiske stammar om hjelp, men desse svikta. Dei forsvarte seg deretter som dei kunne, men måtte igjen forskanse seg i borgene sine, og heldt seg der til mangel på mat og vatn tvang dei ut. Kampane, der leiande muslimar kunne utmerke seg (ifølge dei muslimske kjeldene, naturligvis!) varte vel ein månad, før jødane måtte gi opp og kapitulere.

Da skulle vi også forvente at desse, som hadde vist slik motstand, på samme måte vart drept for fote. Det skjedde ikkje, i staden erklærte Muhammad at dei skulle bli verande i Khaybar og halde fram med å dyrke jorda slik dei hadde gjort. Men nå skulle dei betale halvdelen av inntektene til muslimane, som overherrar. Muslimane var i all hovudsak anten byborgarar frå Mekka og Medina eller kom frå nomadestammar, og var ikkje interessert i å dyrke jorda. Det vart da ikkje gjort klart om bøndene fortsatt skulle ha eigedomsrett til jorda eller ikkje, men denne avgjerda fekk stor juridisk betydning seinare. Når muslimane seinare i erobringstida tok over jordbruksland og skattla bøndene, vart Muhammads ordning her ved Khaybar brukt som modell for det som skulle bli jusen bak leiglendings-systemet i seinare jordlover. Dette vart altså ikkje oppfatta som ei særordning for jødiske bønder, men for alle som seinare overgav seg til muslimane og fekk lov til å halde fram på jorda si mot å betale skatt eller jordleige. I tillegg tok muslimane naturligvis med seg alt dei kunne dra på, som krigsbytte.

Jødane fekk altså lov til å bli, og det vart ikkje endra etter at Mekka-krigen slutta med seier for Muhammad. Men tretten seinare, i 642 gjorde den andre kalifen Umar heilomvending. Han erklærte at jødar eller kristne ikkje lenger kunne bu i Arabia. Deretter vart både jødane i Khaybar, og dei kristne som budde i oasen Najran heilt i sør, forvist og sendt til Syria og Irak, der dei fekk erstatningsjord. For å forklare at han endra på Profetens vedtak, vart det hevda at Profeten på dødsleiet hadde skulda Khaybar-jødane for ulike brotsverk, og at tillatelsen om at dei skulle få bli berre var midlertidig - men det tok altså lang tid før noen hugsa dette påståtte profet-bordordet. Noen historikarar meiner at det var ny tilgang av slavar frå erobringane som gjorde at Umar heller ville ha slike (og billigare) til å dyrke jorda enn dei bøndene som budde der før. Men med dette vart altså dagens ordning om at berre muslimar kan opphalde seg i dette området rundt Mekka og Medina innført - sjøl om jødiske kjelder fortel at det fortsatt kunne vere jødar i kortare eller lengre tid i Khaybar. Men historia til dei jødiske (og kristne) stammane i Arabia var altså med dette over.

Anti-semittisme
Dei muslimske fortellingane om desse hendingane er naturligvis fulle av karakteristikkar av jødane som svikefulle og utruverdige, slik som Koranverset som seier at "jødane og heidningane er dei mest fiendtlige av alle overfor dei truande" (5:85), verre enn dei kristne, om "jødane, slike som lyttar til løgn" (5:45), og så vidare. Det er rimelig å lese dei som referansar til denne konflikten med dei tre stammane i Medina. Muslimane meiner naturligvis at Profeten handla rett i det han gjorde, og dei som ønskar å bygge ein religiøs anti-semittisk retorikk kan bruke desse Koranversa til angrep på jødar som jødar. Men da må dei naturligvis også oversjå eller bortforklare dei versa i Koranen som snakker positivt om jødar såvel som kristne, "dei som trur, jødar, sabearar og kristne, som trur på Gud og Dommens dag og gjer det gode, dei skal ikkje ha frykt eller sorg" (5:73) og tilsvarande. Ein kan altså lese teksta anti-semittisk slik at jødane er verre enn alle andre, eller som ei generell slutning av at når "min Gud", Muhammads gud, er sann, så må alle alternativ, mellom dei den jødiske, vere falske. Jødane var verre enn andre i det at dei motsette seg Muhammad i Medina, mens alle dei andre der til slutt aksepterte islam.

Det som er påfallande ved historia om dei tre stammane er altså at den på den eine sida er blodig med ein uhyrlig massakre på fleire hundre menn som hadde overgitt seg, men på den andre ikkje er systematisk uhyrlig, dei andre to jødiske stammane, og mellom dei den som etter denne historia var mest fiendtlig, vart ikkje handsama verre enn andre fiendar, ved å bli robba, måtte underkaste seg og siste instans forvist til eit anna land. Ein kan altså velge kva fortelling ein vil la vere dominerande.

fredag 9. januar 2015

Ytringar og religion

Åtaket på Charlie Hebdo onsdag kom som eit sjokk. Fire av Frankrikes mest kjente teiknarar er borte, namn som alle franskmenn var fortrulige med og enten var forarga over eller lo av, eller begge delar. Her heime har det også brakt fram att debatten om "karikaturane", ni år etterpå. Mange tar opp att tråden frå sist, med krav om unnskyldning for det som vart sagt sist, og gallupar over "bør norske aviser trykke karikaturane".

Men det er altså gått ni år, og konteksten rundt er i utgangspunktet annleis. Den gongen, midt i Bush sin krig i Irak, var det stor oppøsing i muslimske land mot karikaturane som eit "angrep på islam og muslimar", både hos meinigmann og mellom styresmakter som enten var unnfallande eller støtta protestane. I dag er det berre jihadistar av klaraste merke som støtter angrepet på Charlie Hebdo. Både islamistar og styresmakter fordømmer, ja tilmed Iran har offisielt fordømt angrepet. Konteksten i dag er IS, al-Qa'ida og deira kamp for ein jihad-stat, og her er skillelinene ganske annleis enn den gongen då det var Bush mot "muslimane" som var forklaringsmodellen for mange i regionen. Dette kan jo endre seg, om heile saka om "krenking av Profeten" igjen blir til eit hovudfokus, men så lenge fokuset er på at det her er snakk om ein terroraksjon mot journalistar, så vil sjølve "karikatur-spørsmålet" kunne bli ei sak som dominerer meir i media i Vesten enn mellom muslimane.

Det vil jo vise seg, og vi vil også etter kvart kanskje få vite om dette var ein aksjon dei to mistenkte brødrene i Paris hadde klekka ut på eiga hand, eller om det var meir organisert frå al-Qa'ida sentralt eller andre. Det vi veit i dag (fredag) kan peike i begge retningar. Det avgjer også om dette er del av ein trend (av mange små spontane aksjonar, som vi har sett nå dei siste månadene), eller om del av ein plan for eit større formål. Begge delar er urovekkande, men altså på ulikt vis. Innanfor det jihadistiske er kanskje meldingane frå Nigeria i det siste vel så urovekkande, at den vel så bisarre gruppa Boko Haram faktisk ser ut til å ha etablert seg som ein varig maktfaktor.

Ikkje Muhammad
Men til vi veit meir om det, kan vi jo gå litt inn i reprisesendingane på debatten frå 2006. NRK spurte i dag folket om "norske aviser bør trykke karikaturane". Spørsmålet er kanskje uklart, for det kan lesas på to vis: "bør aviser kunne trykke dei", og "bør aviser faktisk trykke dei". Svaret på det første må jo vere ja, for det går på ytringsfriheit - ingen (statsmakt) skal hindre aviser frå å trykke frimodige ytringar. Svaret på det andre må det derimot vere opp til redaktørane sjøl å vurdere, det kan bli ja eller nei ut frå dei kriterier som redaktøren stiller opp: kvalitet, nyheitsverdi, o.s.v. Akkurat i dag tenker ein gjerne på det som ei markering av solidaritet, "vi er alle Charlie" - men til vanlig er jo dei fleste aviser slett ikkje satireorgan "bête et méchant", som dei seier på fransk. Det går dermed under "nyheitsverdi" og symbolikk, markert ved at dei fleste som nå gjer det gjengir ein del forsider frå Charlie, utan omsetting av tekstane (som jo er på fransk, eit språk få lesarar beherskar godt). Bergens Tidende toppa det i dag ved å legge inn den siste forsida med satire over den høgreorienterte islamkritikaren Michel Houellebecq, med teksta at det "har utløst voldsom harme" mellom muslimar. Det trur eg knapt. (Her får eg da sjøl forklare teikninga: Houellebecq har akkurat gitt ut ei dyster bok om korleis muslimane vil ta over Frankrike, og at i 2022 får eit islamsk parti presidentvervet. Charlies kommentar: "Spåmannen Houllebecqs forutsigelsar: -I 2015 mister eg tennene mine. I 2022 kjem eg til å gjere Ramadan-faste."

Rettar og grenser
Men utanom denne spesielle situasjonen, er altså debatten om ytringsfriheita har grenser. Nei, seier mange - gjerne med stor patos; ja, seier andre. Dette kan diskuteras på mange plan, men om vi skal prøve å formulere, kan vi seie at det vi kallar menneskerettane (derimellom ytring) er absolutte i den forstand at dei ikkje bygger på andre prinsipp, dei er rettar i kraft av seg sjøl. Vi er ikkje for ytringsfriheit på grunn av ein kontekst (eit mål for noe anna), men fordi friheita i seg sjøl er grunnlaget for eit godt samfunn.  Men alle rettar har avgrensingar, fordi dei ulike menneskerettane kan komme i konflikt med kvarandre. Retten til liv er kanskje den ytterste menneskeretten, og dersom ytringsfriheita kan sette retten til andres liv i fare, kan vi godta å begrense ytringsfriheita (f.eks. sensur i krigstid). Ja, retten til liv er sjøl heller ikkje uavgrensa: Vi har og godtar verneplikt, der staten kan forlange at menn og kvinner risikerer og mister livet i krig, fordi soldatens rett til liv blir underordna andre rettar, som samfunnets rett til friheit og sjølstende, og forsåvidt alle andre behov vi har lagt til dei styresmaktene som (legitimt) har rett til å sende soldatar i krig. Også "lågare" rettar, som retten til skjerma privatliv, eller retten til verdigheit [mot injuriar], kan vi godta å overstyre den totale ytringsfriheita.

Spørsmålet her er dermed om religionsfriheit og ytringsfriheit er to rettar som kan komme i konflikt. Det kan dei openbart, som alle andre. Eit springande punkt her er kva "religionsfriheit" betyr. Sett bort frå kva som definerer ein "religion" (og kven som skal gjere det), er det spørsmål om retten også omfattar å praktisere religionen, og om kva slags begrensingar samfunnet kan legge på religionsutøving samfunnet meiner er uakseptabel (kyrkjeklokker, niqab, enkebrenning). For noen betyr det "friheit frå religion", altså sekularisme, som for dei fleste er det motsette av retten til å praktisere religion (utan å måtte skjule det). Andre, og dette er altså det springande punktet her, meiner det også betyr beskyttelse av religionane, da også frå hån Umiddelbart er det ingen sammenheng her, friheit og beskyttelse er to ulike begrep: du kan ha rett til å praktisere samtidig som eg har rett til å håne praksisen - så lenge hånen ikkje hindrar praksisen. Spørsmålet er altså om hånen er slik at den hindrar dei religiøse å praktisere sin religion slik samfunnet ønsker at dei bør kunne gjere det.

Da er vi over i den samfunnsmessige sammenhengen igjen: Kan satiriske eller andre angrep på religionen få ein slik art at det truar muslimar, som personar eller som utøvarar av sin religion? Det vi kallar ordinær religionskritikk (kva no det måtte vere) gjer ikkje det: Ingen ville vel meine at Øverlands tordentale mot kristendommen hindra dei kristne i å praktisere sin religion. Men om utsegner om muslimar (eller andre minoritetar, religiøse eller andre) får ein slik karakter, eller står i ein slik historisk sammenheng, at dei gjer det vanskelig eller umulig for desse minoritetane å leve i landet, eller å praktisere sin religion på ein normal og akseptabel måte, kan desse to rettane komme i konflikt. Da må ein vurdere dei samfunnsmessige sammenhengane, og konsekvensane av dei, for å sjå kva for ein av dei to stridane rettane som må vike. Det er ikkje noe fasitsvar på det - utover at det beste for samfunnet er at det ikkje oppstår slike konfliktar mellom religionar og folkegrupper at dette blir ei aktuell problemstilling.

torsdag 1. januar 2015

2015: Status

Nytt år, og tradisjonen tru ei oppsummering over kva som har skjedd i "vår" del av verda siste året og status ved årsskiftet.

Den arabiske vårens død?
I løpet av året er det vel blitt eit munnhell at den arabiske våren, den demokratiske revolusjonen eller kva ein skal kalle det, leid nederlag. Det hadde kanskje vore betre om dei ikkje hadde prøvd? Kaos, krig, massakrar og undertrykking vart resultatet. "Fremmedkrigar" er blitt årets nyord. Norge er nå med i ein ny krig i Midtausten, berre marginalt rett nok, men nordmenn kjemper på minst to, kanskje tre sider i Irak og Syria. Frå vondt til verre, er oppsummeringa.

Vel, noen lyspunkt finst det. Det landet der "våren" starta, Tunisia, har gjennomført både parlaments- og presidentval på ein fredelig og ordinær måte. Vala førte til maktskifte, alliansen mellom moderate islamistar og liberale vart avløyst av eit skarpare sekulært fleirtal. Noen er uroa over at "det gamle regimets menn", dei som styrte under Ben Ali også har flokka seg til det nye regjeringspartiet. At samme parti vann begge vala gir også noen uro for nytt eitpartistyre. Men så langt ser det rolig ut. Ikkje noe parti har reint fleirtal i parlamentet, og presidenten har - trass retorikken i valkampen - opna for samarbeid også med islamistane i al-Nahda, som er det nest største partiet. Det kan nok bli med talemåtane når det gjeld dette - veljarane ville nettopp ha Nahda bort frå makta, men heile stoda virker normal, slik ein venter at eit maktskifte og politisk usemje skal fungere. Ikkje alt er perfekt i det tunisiske demokratiet og samfunnet, men det er likevel gått så bra at vi må utrope det som ein suksess for den arabiske våren.

I Marokko sit fortsatt eit moderat islamistparti med statsminister, under kongens overoppsyn, nok eit resultat av våren. Nabolandet Algerie hadde ingen revolusjon, og der er det også ved det gamle. Den sittande presidenten er så gammal og sjuk etter eit slag at han ikkje viste seg i den siste presidentvalkampen, men vart likevel attvald på rein rutine. Militæret styrer som før, men det er iallfall rolig. Slik er det trass alt også i mange andre land i Midtausten, mange held seg ved det gamle. Men mange land har også gått feil veg, og vi må nok bruke ordet borgarkrig om fleire land enn for eit år sidan.

Libya: To parlament, to regjeringar
Ved siste årsskiftet hadde Libya ei regjering som var makteslaus, mens det var av og til trefningar mellom rivaliserande militsar. I år har vi to regjeringar som begge er makteslause, og kampen mellom militsane er blitt kontinuerlig, i det siste er også fly blitt satt inn denne borgarkrigen. 
        Raskt oppsummert: Etter krigen i 2011 vart det halde val til ei nasjonalforsamling som fekk namnet "Generalkongressen". Den skulle nedsette ein grunnlovskommisjon, det klarte den ikkje, og den hadde ingen reell innverknad på det som skjedde i landet. Dei ulike militsane som hadde kjempa sammen mot Qadhafi delte landet seg imellom, men vart rivalar. Det var to hovudproblem: Det eine var kven som skulle ha makta over Tripoli. Dei to største militsane, frå byane Zintan og Misurata sloss om kontrollen her. Det var rein maktkamp, men Misurata-militsen knytta band til ein fraksjon i generalkongressen, mellom dei noen islamistiske grupper, men Zintan profilerte seg meir og meir som anti-islamistisk. Dette vart mye meir tydelig etter militærkuppet i Egypt i juli 2013, sidan Zintan-alliansen dermed kunne søke støtte i Kairo for ein felles "kamp mot Det muslimske brorskapet". Brorskapet stod nok eigentlig ikkje så sterkt i Misurata-flokken, men denne ordbruken kom til å gå troll i ord. Misurata-gruppa har søkt meir og meir tydelig støtte i islamistiske grupper, i ein front dei kallar "Fajr Libiya", Libyas soloppgang. Dei skuldar på si side Zintan-gruppa for å knytte til seg tidligare Qadhafi-støtter.

I aust dreide det seg om to ting. For det første ønsker dei seg større sjølstende frå Tripoli, helst ein laus føderasjon der aust-delen (Cyrenaica) kan styre seg sjøl mest mulig. For det andre stod jihadistane mye sterkare her, spesielt i Benghazi, der radikale grupper som Ansar al-Shari'a dominerte byen. Motstandaren var ein eks-general, Khalifa Heftar, som oppretta ein stor-milits han kalte ein hær, og proklamerte seg som redningsmann mot islamismen. I det tok han med både Ansar og Brorskapet i Tripoli (som han påstod samarbeidde), og kunne dermed oppnå støtte hos sine militære kollegaer i Kairo. Men han er også sterk føderalist og vil lausrive Cyrenaica så langt mulig.

I sommar var det så val på dette makteslause parlamentet. Men sidan generalkongressen var så deskreditert, kalte dei den nye forsamlinga for "deputerforsamlinga". Vala var på personar, ikkje parti, men resultatet vart rekna som eit klart nederlag for Brorskapet. På bakken, derimot klarte deira allierte i Fajr Libiya endelig å kaste Zintan-gruppa ut frå Tripoli. Fleirtalet i den nyvalde deputerforsamlinga flykta derfor frå byen. I Benghazi var det jihadistane som styrte, så dei samla seg i ein liten by heilt i aust, Tobruk, og utnemnde regjeringa si der. Mindretalet (dei som støtta Brorskapet, m.a.) godtok ikkje dette, og erklærte at den gamle generalkongressen fortsatt gjaldt, med si eiga regjering. Tobruk-regjeringa har nå internasjonal støtte (sidan dei faktisk vant siste valet), men det som måtte vere av statsapparat og administrasjon sit i Tripoli, og blir styrt av regjeringa der. 

Tobruk-regjeringa har dermed lite å gå på (ein stor del av parlamentsmedlemmene har også reist heim). Dette gav Heftar ein sjanse, og han er nå blitt Tobruk-regjeringas beskyttar, og dei har utnemnt han til hærsjef - hans milits, som også har noen fly, er dermed blitt "Libyas hær". Men dette kom ikkje gratis, Heftar står fast på sine føderalistiske krav om sjølstyre for Cyrenaica, og regjeringa blir nødt til å lytte til det, sjøl om dei i prinsippet var sterkt mot tanken før dei søkte seg under hans vinger.

I dag er det altså mange maktsenter i Libya. Dei mest folkerika områda i vest er styrt av Fajr Libiya-militsen og Tripoli-regjeringa, men Zintan-gruppa har fortsatt styring i sine kjerneområder i nord-vest. Benghazi er i hovudsak kontrollert av jihadistar alliert med Ansar al-Shari'a, mens andre islamistar i den mindre byen Derna aust for Benghazi har slutta seg til IS. Det er uklart om Ansar også har gitt sin lojalitet til kalifatet IS, men så langt ser det ikkje ut til å ha skjedd - og vi veit heller ikkje om det er samarbeid, og i så fall kva slag, mellom desse tre islamist-retningane i Derna, Benghazi og Tripoli. Trulig er det kontaktar, men kvar vil styre seg sjøl. Så, i aust har vi altså Tobruk-regjeringa med Heftar-hæren, som også kjemper rundt Benghazi for å prøve å vinne byen tilbake. Nå altså med flybombing.

I "sør", som er det meste av Libya på kartet, ser det ut til å vere reine stammekrigar, både mellom etniske grupper (svarte Teda/Tebu, tuaregar og arabarar), og mellom stammar. Fleire oljeanlegg er råka. Dette ser ikkje ut til å vere knytt til den ideologiske maktkampen i nord, men reine interne strider om innverknad og kontroll over oasar og ørkenområde - slik vi hadde det før den libyiske staten oppstod i førre hundreår.

Egypt
Verknadane av kuppet i Egypt merkas altså i alle naboland, og da spesielt militærstyrets hat mot Det muslimske brorskapet. I Egypt er det nå tydelig at "det gamle regimet" er tilbake, med ny bemanning, men med samme politikk, sterk nasjonalisme, og undertrykking ikkje berre av all islamisme men også av andre opposisjonelle, spesielt er kritikk av dei militære ikkje tolerert. Det er fortsatt ei sjølstendig presse, men den arbeider under verre vilkår enn i Mubaraks siste år, og underlegger seg sjølsensur. Den viktigaste forskjellen er at, i motsetning til under Mubarak, er det likevel stor folkelig oppslutning rundt president Sisi, ikkje minst gjennom ei sterk nasjonalistisk bølge retta mot alle som er kritiske til utviklinga i Egypt. Brorskapet er fortsatt nede for telling, dei opne protestane har stilna bort. Deira sympatisørar er nok fortsatt til stades, men det er for farlig å komme opent fram med slike idear. Organisasjonen må trulig byggas opp att frå grunnen, og regimet vil gjere kva dei kan for å hindre det.
         Det har vore jamnlige bombeangrep i landet i protest, men mest på Sinai-halvøya, elles berre noen få mot politistasjonar og liknande. Det har ikkje vore noen stor opptrapping av dette det siste året. Enn så lenge har dermed regimet kontroll over situasjonen.

Palestina
Ved sida av Egypt sjøl, så er det nok Palestina som er mest berørt av maktskiftet i Egypt. Hamas står høgt på hatlista i Kairo, og dei står nå uten vener i arabarverda. Brorskapstyret i Egypt tok stilling mot Assad (og dermed Iran og Hizballah), og Hamas satsa på dei og braut banda til sine tidligare allierte i Syria og Iran. Nå prøver dei å bygge opp att brende bruer, men korkje Damaskus eller Tehran er villig til å gløyme så fort. Berre vesle Qatar er på deira sida, men dei er pressa av sine Brorskaps-fiendtlige naboar i Saudi og Emirata, og setter grenser for si støtte til Hamas.
         I sommar stod Hamas på eit politisk lågpunkt, og PLO var på nippet til å få dei til å gå med på eit samarbeid der PLO igjen skulle på innverknad i Gaza. Men så kom Israel med sin jamlig to-årige krig mot Gaza. Det førte som vi veit til stadig verre lidingar for folket i Gaza, som knapt har tid til å bygge opp før det blir bomba ned att, men politisk vart det ei pusteboble for Hamas. Sinnet til folk flest - og oppmerksomheita til verda rundt - fokuserte nå på Israel istaden for Hamas, som igjen kunne presentere seg som den faste motstandsrørsla mot Israel. PLO vart ståande i knipe igjen, og har igjen tapt oppslutning mellom palestinarane. Dei siste forsøka på å vinne fram diplomatisk har ikkje ført til noen endring her, og valet i Israel i vår kjem neppe til å føre til fleire løysingsforsøk. 

Jemen
Konflikten i Jemen har stått i skuggen av dei store stridane lenger nord, men også her har det skjedd overraskande ting siste året. I fjor dominerte den "nasjonale dialogen", der dei mange regionale kreftene som hadde vore i kampar sidan 2011 skulle finne fram til ei felles løysing. Ulike forslag, derimellom ein føderasjon, var på bordet. Men så, heilt plutselig, tok ei av desse brått over halve landet, dei litt mystiske Houthiane. Dei blir i media kalla "shia'er", noe som er rett - dei er zaydi-shia'er, slik noe under halvdelen av Jemen er det (særlig i nord og i høglanda, mens sør og kystområdet er sunnisk). Men det er ikkje så spesielt, zaydiar har alltid dominert Jemens politikk, også dei tidligare leiarane så vel som dei store stammane som stod mot dei, var zaydiar.
       Houthiane (oppkalt etter deira første leiar) har sterke radikale parolar mot USA og Israel, og snakkar også islam, men er først og fremst basert i ei stammerørsle i grenseområdet i nord, som ville ha sterkare innverknad for sin region, overfor styresmaktane i hovudstaden San'a. Det som skjedde i haust var at Houthiane, som hadde halde seg i sin region, plutselig marsjerte inn til San'a og tok styringa der, avsatte statsministeren og skauv dei andre stammene til sides. Dei har nå kontroll over det meste av nord-Jemen, og har også trengt seg inn i sunniske områder som Ibb og lenger sørover - ikkje minst har dei slik komme i direkte kontakt og konflikt med Qa'ida-grupper, som jo hatar all form for shi'isme, også zaydiane, og som hadde ein basis heilt sør i landet. Dei har slik vore i noen trefningar, mens dei øvrige politiske retningane prøver å finne ut av den nye maktbalansen og held seg avventande. Ikkje borgarkrig ennå, altså, men ein spent situasjon som kan gå i mange retningar. 

Irak og Syria
Og så til den store omveltinga i året som gjekk: Kalifatet. For eit år sidan skreiv vi at det var uklart kven av jihadist-rivalane, Nusra-fronten og ISIS som ville trekke det lengste strået. Nå har vi svaret. ISIS er blitt til IS, som igjen er blitt til "kalifatet", det er visst namnet dei helst vil bruke nå. Mange vil ikkje bruke forkortinga IS, fordi det "ikkje er islamsk og ikkje er noen stat". Reint bortsett frå at orda "islamsk stat" går igjen i alle alternativa (ISIS, ISIL, Da'ish), så er det ikkje sikkert argumentet er rett. Om det er islamsk eller ikkje kan vi la ligge til ein annan gong, men det virkar tydelig at dei prøver å bli ein stat, i ordets vanlige betydning. Rett nok ikkje med klare grenser - kalifatet skal ekspandere - men dei prøver å fylle fleire og fleire ordinære statsoppgåver: skaffe mat og ressursar til innbyggarane, administrere byane dei kontrollerer, ein hær har dei jo, og ein økonomi skaffar dei seg ved å selje olje og samle inn skattar. Det er ein skakkjørt "stat", dei som kjem på kanten med den får ofte kort prosess, men for dei som har levd med krig i mange år kan faktisk IS-staten opplevas som ein like bra stat som det dei har opplevd før. Dette tosidige: at noen blir fråstøtt og vil bort, mens andre aksepterer IS-styret som eit styre utan å dele deira ideologiske basis, er noe vi må ta inn over oss.

"Fremmedkrigarane", dei som kjem utanfrå av ideologiske grunnar har likevel ofte ein blanda bakgrunn, gjerne meir eller mindre små-kriminelle blanda med hyper-ideologiske skylappar, og kan nok ofte vere dei som skapar størst problem for IS internt (slik vestlige Qa'ida-idealistar lagde bråk for Taliban-stammefolk i Afghanistan på 1990-talet). Dei siste historiane om indre utreinskingar i IS kan vere tegn på slike spenningar, men det vil vise seg om leiarane klarer å få styr på sine rekruttar eller om vi kan begynne å sjå indre fragmentering. Det andre viktige punktet i Syria er også om rivalane, slik som Nusra og Ahrar Sham (i alliansen "Den islamske fronten") bestemmer seg for å slutte seg til IS mot den vestlige krigføringa, eller til slutt vender seg mot IS. I dag gjer dei begge delar (og det er uklart kor svekka dei før så sterke Ahrar Sham er etter kraftige angrep). I Irak dreier det også om kva dei "andre", altså dei sunniske stammane som er rivalar til IS, gjer. Det er lite håp om reell reform i Bagdad, og dei sunniske anti-IS-stammene blir meir og meir desillusjonert, og dermed passivisert. Mange lir store tap mot IS.

Berre hos kurdarane ser det ut til at dei har fått rydda litt opp i politikken. Også der var det eit problem at dei vest-vennlige peshmerga-soldatane vart tatt på senga av IS i sommar og mista glansen av å vere uovervinnelige. Det var i staden soldatar frå PKK frå tyrkisk Kurdistan som i første omgang redda vegen inn til dei beleira Sinjar-fjella. Men PKK kunne ikkje USA godta, sidan dei offisielt er merka "terroristar" (av omsyn til Tyrkia). Nå er dette blitt rydda opp, slik at det er peshmerga frå irakisk-kurdiske KDP som har kontrollen inn til Sinjar, og Tyrkia har også sterkt motstrebande gått med på at PKK-soldatar skulle få komme kurdiske Kobane i Syria til unnsetning. Men Tyrkia har store problem her, og mange skuldar Tyrkia for aktivt å sabotere den hjelpa til Kobane som alle, både i Vesten og kurdarane, håpar på. Men Tyrkia arbeider også (langsomt) med tanken om ei løysing på PKK-konflikten, og her kan det vere håp om eit håp. Kobane held iallfall fortsatt ut, og yazidiane i Sinjar ser ut til å vere redda, dei som kom seg unna IS-soldatane. Dette er iallfall to små lyspunkt i eit elles relativt mørkt område.

Året 2014 var altså eit ganske svart år for Midtausten, ein kan ikkje sjå det annleis. Kan ein vere håpefull for at 2015 blir bedre? Lyspunktet er altså Tunisia. Når det gjeld Egypt, ser regimet til å sitte trygt i salen, mens det nok er vel optimistisk å håpe på noen rask endring i positiv retning i IS-krigen, dei ser fortsatt ganske trygge og sjølsikre ut. Libya kan komme ut i full krig, kanskje tilmed utanlandsk innblanding som ikkje vil vere til noen nytte (sidan ein ikkje vil anerkjenne at dette er ein region-strid som må løysas slik at begge partar føler dei har fått noe, ikkje ein "vinnar tek alt"). Jemen kan tippe feil veg, og vi har ikkje nemnt at dødsfall av hhv. sultan og president kan føre til alvorlige politiske kriser både i Oman og i Algerie i året som kjem. Så nei, vi vil nok ha ting å skrive om i året som kjem også. 

lørdag 18. oktober 2014

Islam og krig og sånn

Ein kommentar, skriven av Halvor Tjønn i Dag og Tid (3.10), om sammenhengen mellom islam og væpna konfliktar i den muslimske verda, ser ut til å ha vekt litt merksemd, mellom anna med innslag i Verdibørsen i dag 18.10. Eg hadde vel ikkje tenkt å ta opp den debatten, folk må ha lov til å komme med friske ytringar utan at vi skal komme og slå dei i hodet med eit fasit-svar kvar gong. Men sidan det dreier seg om historie og forsøk på historiske forklaringar, kan det jo vere ein grunn til å reflektere litt over temaet, sidan det er openbart mange i det offentlige ordskiftet som stiller slik spørsmål.

Spørsmålsstillinga er altså: Har konfliktane vi ser i muslimske land i dag ein sammenheng med islam, kan religionen vere ein årsak til desse konfliktane?

Sammenhengar og årsaker
Sett med ein historikars auge så er naturligvis dette to ulike spørsmål. Ein sammenheng mellom to fenomen (religiøse idear / konflikt) betyr at det er eit samband av noko slag, utan at ein seier noe om retninga: det første kan ha ført til det andre, eller det andre til det første, eller begge kan vere resultat av ein tredje faktor. Ein årsak betyr at påvirkinga går ein veg: Årsaken fører til effekten, ikkje omvendt. 

At det er sammenheng med islamsk retorikk av ein særlig type (jihadisme) er openbart, det ligg jo i at dei som fører jihad meiner dette er ei religiøs handling. Sjøl om det store fleirtalet av muslimar avviser den tolkinga, er det religiøst for dei som utfører handlinga. Spørsmålet er om dette er ein årsak, slik at religionen islam i seg sjøl er ein faktor for å føre til konflikt og uro. 

Skal ein drive med slik overgripande historiske forklaringar, er det viktig kva ein vel å sammenligne med. Når ein sammenligner Norge/Europa med Midtausten, er det jo svært mange forskjellar, mellom dei da altså at vi har fredelig, stabilt demokrati, og vi er stort sett ikkje muslimar. I Midtausten er det for tida lite fred og demokrati, og muslimar er i fleirtal. Men utover er det jo også så mange andre forskjellar mellom Europa og Midtausten, kva gjeld økonomisk utvikling, sosial ulikheit, historie, og så vidare, som også kan spille inn, det er vanskelig analytisk å skille ut religionen åleine frå alle desse andre forskjellane.

Det hadde vore mye bedre å kunne sammenligne i eit "historisk laboratorium", der dei øvrige faktorane var stort sett like, og berre religionen skilte - da kunne vi sjå om det var noen samvariasjon. Og vi har jo slike laboratorium. Det beste er trulig kontinentet Afrika, særlig delen sør for Sahara som har ei ganske lik historie med sjølstende for rundt femti år sidan og med relativt lik sosial og økonomisk struktur mellom landa, men som deler seg tydelig i ein del befolka av muslimar (vest, nordaust og kysten i aust) og ein av kristne (sør og sentral-Afrika, kysten i vest). Ser vi da noen systematiske forskjellar kva gjeld krig, konflikt og demokrati, som går berre langs denne religionslina, uavhengig av andre faktorar?

I land med blanda religion har vi hatt slike konfliktar begrunna i religion: Sudan, Nigeria, RCA (men ikkje i Ghana, Kenya, Etiopia). Men vi også det opne såret Kongo, tjue års borgarkrig i Mosambik, Rwanda, og tilsvarande konfliktar ut frå manglande nasjonal samkjensle utan ein einaste muslim. Vi har stabilt politisk regime i muslimske Senegal, og vi har det i kristne land. Stordelen av landa har gått gjennom periodar med sivilt styre, vekslande med militærkupp, men det er umulig å sjå at det samvarierer med religion. Med andre ord: Det er altså ikkje noen systematisk sammenheng mellom kva religion landet har og politisk stabilitet og utvikling, ein sammenheng i noen tilfelle, men ikkje ein årsak. 

Asia har større sosial og økonomisk variasjon, så det er ikkje like lett å konkludere der, men bildet ser ut til å vere det samme: Indonesia, verdas største muslimske land, er nå eit fredelig demokrati (før under eit sekulært diktatur), Vietnam og Kambosja er ikkje-muslimske, og har vore rive av krig. Pakistan har sterke konfliktar knytta til religion, mens India - verdas fjerde største muslimske land, det er fleire muslimar i India enn i noe arabisk land - har det i liten grad, og iallfall ikkje drive av muslimane i landet. Så igjen, religion kan ikkje i seg vere årsaken til at noen land har konfliktar og andre ikkje. Men, naturligvis kan tolkinga av religionen drive konfliktar (det leier da til spørsmålet: kvifor har akkurat desse valt akkurat den tolkinga? Men det er eit anna og meir spissa spørsmål).

Nasjonalkjensle og religiøs tekst
Tjønn, for å komme tilbake til hans kommentar, peiker på to faktorar som kan begrunne den sammenhengen han meiner å sjå. Det eine er manglande nasjonsdanning, fordi muslimar har sterkare tilknytting til det muslimske fellesskapet, ummaen enn til nasjonen. Det andre er at islam, ulikt kristendom, legitimerer valdsbruk i si heilage tekst, og særlig da dei såkalla "sverdversa" (K9:5). 

Kva gjeld manglande nasjonsdanning, så virkar det openbart i Syria, Irak og Libya. Men det er interessant, for ein generasjon sidan var det mange som såg nasjonalismen som den drivande krafta for konfliktar i verda, altså det motsatte. (I P2 i dag nemnde Tjønn Ukraina som døme - men i Russland er det jo nettopp russisk nasjonalisme som driv konflikten). Uansett, her blir også bildet annleis om ein ser på laboratoriet Afrika, for heile Afrika vart jo til ved "strekar kolonimaktene tegna opp på kartet". Likevel ser vi faktisk aukande nasjonal identitet i dei fleste afrikanske land, ghanesarar og nigerianarar er meir og meir bevisste på at dei er akkurat det. 

Vi ser eigentlig det samme også i Midtausten, det eg iallfall vil kalle "patriotisme" for sitt land. Lettast er det kanskje sjå i Libanon, som vart kunstig delt frå Syria i 1920. Syrisk (altså pan-syrisk) nasjonalisme var lenge ein faktor i libanesisk politikk, ein patriotisme for Syria og avvising av libanesisk separatisme. Det er nå nesten heilt borte, kanskje frå rundt borgarkrigen i 1975, og dei syriske soldatane som okkuperte Libanon etter krigen vart heilt klart sett på som fremmende av stort sett alle libanesarar (sjøl om noen parti støtta seg politisk på storebror i Damaskus). Ein libanesisk nasjon er oppstått. 
         Eit vel så godt døme er islamistiske Hamas: Heilt fram til 1987 fokuserte det palestinske Muslimske brorskapet nettopp på ummaen, og avviste både militans og kampen for palestinsk sjølstende: Deira mål var å reise alle muslimar til rett religiøs praksis, ikkje kjempe mot Israel spesielt. Men under intifadaen i 1987 måtte dei, under press frå "gata", skifte linje, oppretta Hamas og endra seg til ei palestinsk nasjonalistisk rørsle i islamistisk drakt, mens ummaen vart satt på vent. Militans vart altså knytta til vendinga bort frå ummaen som ramme over til den palestinske nasjonen. Syrarar idag, uansett kven dei krigar mot og for, trur nok ikkje noe på at dei er det samme som irakarar - dei er inntrengarar. Egypt flommar i dag over av nasjonalisme og avvising av palestinarar, syrarar og andre flyktingar, for ikkje å snakke om dei vulgære "arabarane" frå Gulfen. Den globale ummaen er i beste fall eit fjernt ideal ("vi er alle i samme båt"), ikkje noe politisk prosjekt for den jamne muslim.

Når det gjeld Koranen, så er det ein velkjent debatt, der vi plar kalle denne tenkinga for "essensialisme", i dette tilfellet tanken om at ein tekst eller eit historisk føredømme må føre til at dei som reknar seg til religionen oppfører seg slik og slik. Dei fleste som studerer religion i historisk sammenheng vil nok sjå at det er tolkingane, ikkje teksten som er det viktige. Jihadistane seier "les Koranens ord!" Men det kan også dei som tolkar motsatt gjere, "les det og det verset som seier det motsette". Det blir opp til dei truande, enten kva vers dei sjøl meiner dei vil følge - eller kanskje viktigare - kva autoritet er det dei vil følge, altså kven meiner dei representerer den "riktige" islam (for dei). Og valget av autoritetar er openbart eit resultat av historiske og samfunnsmessige sammenhengar, som vi må studere og vurdere. Å lese Koranen med sine eigne briller og tru ein dermed har funne årsaken til kvifor politiske hendingar oppstår i samtid og framtid, ligg vel litt fjernt frå det vi kan kalle historisk metode.