fredag 29. april 2011

Qaradawi igjen

Den islamske teologen Yusuf al-Qaradawi er framme i mediene her heime igjen. Han skal visstnok komme på besøk, og både nettaviser, politikarar frå Kr.F. og Framskrittspartiet, og andre Israel-venner kaster seg frampå for å advare, slik dei har gjort det før, "dødssjeiken" kallar dei han.

Det må nok vere forvirrande for mange, sidan Qaradawi jo som oftast blir framstilt ein moderat og liberal teolog, kan det vere samme mann dei snakkar om? Det er også litt underlig at dette, som nok har preg av å vere ein kampanje, fokuserer så sterkt akkurat på han; det må jo vere mange langt meir harde og "farlige" islamske teologar som svirrar rundt ganske uforstyrra. Kanskje det rett og slett er fordi han er så kjent, så "radaren" fangar han opp. Det er jo noe av det samme med Tariq Ramadan, som også både er kjent som ganske liberal, men samtidig blir utsatt for samme type kampanje. Om det er fordi dei er kjente, eller fordi dei er liberale, at "grensa for kva vi kan tillate" må gås opp, kunne jo vere interessant å vite.

Men kven er så denne Qaradawi, og er han "farligare enn bin Laden", slik Walid al-Kubaisi seier? Han er altså klassisk teolog utdanna ved al-Azhar, og har levd i frivillig eksil i Qatar i ein mannsalder. Han er knytt til det Muslimske Brorskapet utan å vere medlem, og blir ofte kopla til den mest liberale retninga der, Wasatiyya, igjen utan å ha noen formell tilknytting. Hans ry kjem først og fremst frå det teologiske rådgivingsprogrammet hans på al-Jazira, "Sharia og livet", men også frå hans rolle som inspirator for det "europeiske fatwarådet" som spesielt tar opp spørsmål knytta til muslimar i utlegd, og for den store islamske internettsida Islam.online (han har sin eigen webside i tillegg). Ut frå dette, og frå hans mange bøker, er det godt mulig å skaffe seg eit bedre bilde av kva han står for, og kva muslimar ser i han, enn dei enkelt-sitata som media og motstandarar fokuserer på.

Noe av motstanden er nok likevel knytta rett og slett til at han er ein kjent muslimsk teolog, og det er heilt rimelig her å dra inn begrepet "islamofobi", alt islamsk er ekkelt og farlig. Det er derfor Kubaisi seier han er "farligare enn bin Laden", nettopp fordi han gir islam eit "vennlig ansikt" som dekker det djevelske som islamkritikarane meiner nødvendigvis ligg under. Bin Laden seier iallfall opent ut kva han meiner. Slike haldningar smakar litt av paranoia, så la oss heller prøve å sjå om dei stygge sitata og "liberalismen" kan logisk foreinas.

For det første kjem det an på kva ein forventar seg. Qaradawi er islamist, ingen tvil om det, og han er dermed ingen liberalar. Men han er ein liberal islamist, og det er noe anna: Innanfor den tradisjonen som vil ha (konservativ) moralisme og religiøs praksis som grunnlag for samfunnet, hører han til dei som vil fornye og utvikle den islamske bodskapen for å tilpasse den til vår tid. Han er klart prega av si teologiske utdanning, og dermed meir konservativ (legg meir vekt på klassiske synspunkt) enn andre innanfor Wasatiyya-tendensen, men likevel klart mellom dei som vil trekke Brorskaps-tradisjonen i meir moderne retning. Eit typisk døme på det er hijab-debatten i Frankrike: Han meinte at det er ei plikt for muslimske kvinner å gå med hijab (tradisjonelt syn), men meiner at det er andre hensyn som veg høgare enn klesdrakt: Om valet for franske jenter er å gå med hijab eller få utdanning, så må dei velge det siste og heller ta av seg hijaben dersom det er uunngåelig (tilpassing). Han skryt ofte av sine døtre som utdannar seg i naturvitskaplige fag i England og siktar mot karrierer i sine fag, noe ein konservativ teolog ville teie dønn stilt om.

Han er likevel ikkje så liberal som Ramadan, som vi nemnte over: Qaradawi, som har sine røtter i klassisk teologi, meiner at muslimar i Europa må kunne avvike frå "vanlige" islamske normer for å tilpasse seg (såkalla "mindretalls-teologi", fiqh al-aqalliyat). Ramadan, som er vakse opp i Europa og er filosof, ikkje teolog, avviser at praksisen i Midtausten skal vere noe mønster som dei i Europa unntaksvis kan få fritak for. Han meiner at europiske muslimar må europeisere islam, altså endre sjølve tolkinga av religionen ut frå den situasjonen dei, som ekte og fullverdige europeiske borgarar, men også muslimar. Dette går langt utover det Qaradawi er villig til. Men begge står naturligvis i diamentral motsetning til konservative og spesielt salafistar, som nettopp avviser alle former for tilpasning og seier at muslimar må gjere akkurat det dei alltid har gjort / det Profeten gjorde, og heller stenge seg inne frå det vantru samfunnet rundt, om det er nødvendig.

Mye av angrepa i kampanjen mot Qaradawi går på politikk, og da spesielt på Israel-spørsmålet. Qaradawi har klart ønska å bruke si stilling politisk, og kjem med voldsomme angrep på Israel. Det er t.d. rett at han aksepterer sjølmordsaksjonar der, som "dei svakes våpen". (Men ikkje generelt, han støtta USAs rett til å forsvare seg mot 11. september-angrepa, og støtta dermed også indirekte USAs invasjon i Afghanistan samme året. Men ikkje Irak.) Å kalle han anti-semitt og jødehatar er derimot neppe rimelig. Rettare er vel at hans haldning til jødane ligg ganske i den breie middelvegen av islamske teologar: På den eine sida gjentar han den klassiske haldninga om at jødar og kristne har rett til si tru og til å bu i det muslimske samfunnet og skal forsvaras av muslimane, i tråd med tanken om "bokfolka". På den andre rettar han edder og galle mot Israel og kva dei har gjort mot palestinarane. Eit tilsvarande skille mellom "jødar" (for) og "Israel" (mot) finn vi jo hos Israel-kritikarar i Norge og Europa. Men for oss i Europa er det heilt grunnleggande, ja eit minstemål for å kunne ytre oss, at vi held dette skillet så sylskarpt at det ikkje kan fattas den minste mistanke om at vi koplar "jødar" som folk til "israelarane". Det er rett å seie at i Midtausten er ikkje dette skillet så klart, korkje mellom folk flest eller i den offentlige debatten; ein seier "jødane" når ein meiner Israel, og at uskuldige lokale jødar får skulda for Israels politikk er desverre ein del av det moderne Midtaustens historie, og grunn til at så mange reiste til Israel, spesielt etter 1956 og 1967. Også for Qaradawi glipper nok dette skillet når han snakker om Israel, og dermed kjem han med utsagn som ikkje vil vere tillatelig i vestlig debatt, og som her blir tolka som signal på noe langt verre enn det kanskje er. Han har rett og slett ikkje fått den Holocaust-vaksina som vi i Europa har.

Andre utsagn, som den at "ektemenn kan slå sine koner" nektar han for å ha sagt eller meint, eller at dette er lausrevne utsagn frå bøker han skreiv på 1960-tallet. Han har nok heilt klart gjennomgått ei utvikling i sitt lange liv, og den teologien vi finn i bøkene han skreiv dei første tiåra sine (og som fortsatt blir spreidd og lest) er nok langt mindre moderniserande enn det han vil stå for i dag. I noen grad har det også med aukande autoritet å gjere, mye av desse tidlige utsagna gjentar berre det som var ubestridt teologi den gongen (her eit utsagn i Koranen) som han då enten ikkje ville, eller ikkje hadde autoritet til, å utfordre.

Så bråket rundt Qaradawi er nok først og fremst medieskapt og fremma av politikarar. Han representerer ikkje noen høgredreiing hos norske muslimar, tvert om, i forhold til dei fleste autoritetar representerar hans egentlige budskap (ikkje det VG presenterer) nok eit framskritt mot integrasjon. Det som måtte finnas av salafistar her i landet vil desverre nok heller ikkje høre på det han måtte si, men om det er noen vaklande hos dei som vil legge øre til den erfarne teologen, så ville det berre vere av det gode.

torsdag 21. april 2011

Egypt: salafistane

Eit av dei tildels uventa, og urovekkande, skifta i egyptisk politikk etter revolusjonen, er den nye aktiviteten til dei salafistiske gruppene i landet. Dei er brått blitt meir aggressive og har vore i ei rekke sammenstøytar med nesten alle andre politiske krefter dei siste vekene. Det gjenstår å sjå om dei vil bli eit marginalt fenomen eller om dei vil få betydning for den politiske utviklinga i landet.

"Salafisme" er eit begrep som er brukt om mange ulike retningar i moderne islam. Men i dagens politiske sammenheng betegner det stort sett to retningar som er samde i ei strengt konservativ tolking av islam, og som avviser dagens muslimske samfunn som fylt av "vantru". Dei fleste av dei meiner at Openbaringa ikkje kan og skal "tolkas", men at deira forståing av ho er ei "direkte lesing" av teksen. Ho kan følgelig ikkje diskuteras, det ville vere å forhandle med Gud om Hans vilje. Dei er derfor skarpe motstandarar av andre islamistiske grupper, slik som det Muslimske Brorskapet, som nettopp står for ei "nyfortolking" av dei islamske kjeldene for å gjere dei anvendbare i det moderne samfunnet.

I det daglige er salafiane oftast gjenkjennelige i si "uniform" av klesdrakt som skal minne om den dei første muslimane gjekk med: kvit kjortel over kvite bukser for menn, gjerne med kalott på hodet og langt eller kort skjegg; for kvinner ansiktssløret niqab, og gjerne også slør for augene og hanskar.  Det finnes likevel fleire ulike retningar og grupper mellom det vi kallar "salafistar". Det har gått på forholdet til politikk. Ei retning, som gjerne heller blir kalla "jihadistar" eller "takfiristar" (dei som kallar andre muslimar for vantru), går inn for å knuse den "vantru" staten med vald, gjennom revolusjonær jihad.
        Ei anna retning, som vi kan kalle "da'wistar" [eit nyord skapt her] avviser dette, fordi dei meiner den moralske oppbygginga av samfunnet må komme før den islamske staten: Det store fleirtalet av muslimane må først slutte seg til den "korrekte" islamske livsførselen før ei maktovertaking kan skje, elles vil staten nødvendigvis forbli korrumpert. Dei fokuserer derfor på da'wa ("invitasjon til islam", vi kan omsette det med "indremisjon") mellom andre muslimar, for å få dei til å slutte seg til deira "profet-baserte" praksis, og elles prøver dei å redusere kontakten med omverda mest mulig.

Nå ser det ut som om desse to retningane har begynt å nærme seg kvarandre i tolking. Den aktive jihadismen, som på 1990-tallet nærast låg i borgarkrig mot sikkerheitsstyrkane med stadige trefningar, vart på slutten av tiåret nedkjempa militært. Dei overlevande reiste enten i eksil (der mange av dei utgjorde kjerna i al-Qa'ida), eller vart fengsla. Mellom desse siste skjedde det utover på 2000-tallet eit "lineskifte". Mange av leiarane tok avstand frå tidligare valdelig aktivitet, og slutta seg til tanken om at ein måtte arbeide fredelig med da'wa. På slutten av tiåret har fleire av dei blitt satt fri, og ser ut til å organisert seg rundt eit fredelig, men fortsatt salafistisk program. Slik har dei leiande jihad-organisasjonane, som al-Gama'at al-islamiyya, nå gjenoppstått og ønsker å delta i den fredelige politiske aktiviteten i dag. Fleire av deira leiarar er også på veg tilbake frå eksil.

På den andre sida har mange av dei "da'wistiske" salafiane, dei som heile tida har fordømt politikken og sagt nei både til demokrati og alle former for politisk aktivitet, nå skifta meining. Fleire av dei har annonsert at dei vil stifte eigne salafistiske parti, dei vil stille til presidentval og delta i det som skjer. Dei er fortsatt kritiske til demokratiet, men vil likevel kjempe om stemmer. Dette skaper litt forvirring i våre definisjonar, sidan vi har nettopp hatt det apolitiske som definisjon på denne "da'wa-orienterte" salafismen. Det må vi altså nå revidere, også dei vil drive politikk slik som Brorskapet, men med ei anna og meir konservativ islamsk tolking (sjøl om det nok også finnes "moderate" salafistiske krefter innan Brorskapet, det blir interessant å sjå om vi får ei omgruppering her).

Dette er i seg sjøl ikkje så bekymringsfullt, det er rimelig å tru at desse salafistane har heller lita oppslutning i velgermassen og berre vil utgjere eit krydder i debatten (om vi gjetter litt fritt ut frå utbreiinga av "uniforma" i gatebildet, står salafismen kanskje for rundt 5 prosent av dei røystande, litt meir eller mindre ut frå omstenda).

Det som derimot bekymrar er dei stadige rapportane om valdelige sammenstøytar mellom salafistar og andre grupper, spesielt gjennom dei siste tre vekene. Her er noen, rapportert i egyptisk presse:
- Mars: Rapport om 15 drepte i kampar mellom salafiar og kristne i landsby sør for Kairo. Utløysar var eit ekteskap mellom koptisk mann og muslimsk kvinne. Tilsvarande konflikt i Muqattam i Kairo førte til 10 drepte.
- Salafiar prøver med makt å stenge ein butikk i Fayyum som sel alkohol.
- Koptisk senter i Kairo stengt etter salafistiske protestar
- 26. mars: Konfrontasjon mellom salafistar og sekularistar i Alexandria (ein religiøst konservativ by)
- 30. mars: Ein salafi-orientert bonde skal ha drept sin nabo fordi han ikkje stod opp til morgonbønna.
- 1. april: Salafiar spreier plakatar mot muslimske og kristne kvinner som ikkje går "sømmelig kledd". Ubekrefta påstandar om at dei har angrepe kvinner.
- 4. april: Salafiar setter fyr på ein sufi-heilagdom i Minufiya-provinsen nord for Kairo.
- Kairo universitet avlyser eit tale av ein salafi-leiar, fordi dei fryktar slåsskampar mellom salafiar og Brorskaps-studentar.
- 9. april: Etter fleire salafi-angrep på sufi-heilagdommar, dannar sufiar sjølforsvarsgrupper rundt slike. Det vesle shi'a-samfunnet i Egypt slutter seg til sufianes protestar, og skuldar på saudisk innblanding.
- 19.4: Store protestar leia av salafiar i provinsen Qena sør i Egypt mot at ein kristen (som også var politikar under Mubarak) blir utnemnt til ny guvernør. Førre guvernør var også kristen, dette er ein provins med eit stort koptisk samfunn. Brorskapet advarer mot demonstrasjonar, men dei fører til at guvernøren trekker seg.
- 21.4: Sammenstøt i Minya, sør for Kairo, mellom kristne og muslimar, to drept.

Vi ser altså at konfliktane går i ulike delar av landet, og at dei set salafiar opp mot nesten alle, også Brorskapet, og naturligvis sekulære og liberale krefter. Viktige å merke seg er:
     - Den gamle konflikten mellom dei "skrift-bundne" salafiane og sufi-mystikken. Sufismen i Egypt har vore strikt apolitisk og kontrollert av Azhar og av regimet, men har openbart vid folkelig oppslutning. Gjennom fleire hundreår har konservative teologar kritisert sufiane spesielt for ein ting: At dei gjer gravene til sine heilage menn til heilagdommar, og at "forbønn" hos desse helgnane er del av folketrua. Dette meiner salafiane er overtru og fleirguderi, og dei angriper derfor og prøver å øydelegge desse heilagdommane. At sufiane nå vil organisere seg sjøl til forsvar, og dermed indirekte går inn i ein politisk konflikt, er interessant ut frå deira djupe feste hos folk flest. På landsbygda har valet ofte vore om ein var "islamist" (brorskap eller salafi) eller "sufi", så denne motsetninga er velkjent lokalt. Men korleis vil det spille seg ut nasjonalt? Kva side tar Brorskapet?

- Forholdet til koptarane. Minnet om massakren i Alexandria i julehelga er sterkt og kan nok overskygge dei hyggelige bilda frå Tahrir om "kristen, muslim, vi står sammen". Salafiane står ikkje sammen. Er dette vi nå ser eit forsøk frå dei på å antenne ein valdelig konflikt mot koptarane (slik som på 1990-tallet, det var i det jihadismen var mest aktiv, til dels med støtte frå politiet), så kan det bli farlig. Det er slett ikkje sikkert at alle som lar seg mobilisere mot koptarar er salafistar, dette kan spille på breiare motvilje mot kristne i samfunnet, og kan føre til ei uheldig sjøl-isolering mellom koptarane. Som vi hugsar, var Alexandria-massakren begrunna i historia om to koptiske kvinner som enten konverterte eller ikkje konverterte til islam (for å oppnå skilsmisse, lovlig berre for muslimar), og som enten konverterte eller ikkje konverterte tilbake, og som enten blir eller ikkje blir haldne innestengt i eit koptisk kloster. Denne saka har mobilisert breitt, og ser fortsatt ut til å ha sprengkraft. I mellomtida melder egyptiske aviser at koptarar står i kø foran dei kanadiske og amerikanske ambassadane for å få visum ut av Egypt.

lørdag 16. april 2011

Libya: Konspirasjonsteoriar

Lesarar av denne bloggen har vel oppsummert at eg er mellom skeptikarane til krigen i Libya, sjøl om eg har forståelse for argumentet om å berge sivile i Benghazi. "Tvisyn" er eit utmerka nynorsk ord, som vi alle burde bruke meir: Ikkje alt har klare svar, ikkje alle problem har gode løysingar.

Men det betyr ikkje at det ikkje går an å avvise ting som er urimelige. Både på tilhengar- og motstandarsida svirrar det begrep og konspirasjonsteoriar som ikkje heng på greip. Visstnok har noen (Janne Haaland-Matlary er nemnt) snakka om Qadhafis planar som "etnisk rensing". Det er jo berre kunnskapsløyse, skillelinene i konflikten går naturligvis ikkje etter etniske grenser.

På motstandarsida er det i ferd med å danne seg ein konspirasjonsteori om kva krigen "egentlig" dreier seg om, at det heile var planlagt lang tid i forvegen i Washington og London for å få kontroll over oljen i Libya. Som flittige lesarar også har merka seg, har olje knapt blitt nemnt på denne bloggen, litt på grunn av mangel på interesse frå mi side. Men først og fremst fordi at oljen er ein bifaktor her.

Klarast kom denne konspirasjonsteorien i fredagens leiar i Klassekampen (signert Bjørgulv Braanen). Eg har ofte vore samd i det han skriv om krigen, men her er han på ville vegar. Han noterer, ikkje urimelig, at NATOs mål nå er å styrte Qadhafi, og antar noe vi ikkje veit, at vestlig etterretning var inne i Libya alt før FN-vedtaket. Kanskje, kanskje ikkje. Men så skriv han at det er "en sannsynlig forklaring på hvorfor opprørerne i Libya tok til våpen, i motsetning til opposisjonen i Tunisia og Egypt. De visste at de hadde de vestlige stormaktene i ryggen." Når opprørarne ikkje godtar fredsplanane til Afrika-unionen, er det fordi dei handlar "i forståelse med" vestmaktene. Da FN-resolusjonen kom, "hadde vestlig etterretningstjeneste lenge arbeidet for et væpnet opprør i Libya".

Her eksisterte det altså alt før demokratirørsla kom i gang ein plan frå vestlig side om å styrte Qadhafi med makt, og opprørane var lite meir enn agentar for CIA for å sikre eit nytt regime. Dette blir også hevda av andre krigsmotstandarar, med samme ryggmarksrefleksen: Vesten vil få kontroll over den libyiske oljen. Men om ein tenker over det, føreset det altså ein historikk som må vere slik:
- Vestmaktene er misnøgd med Qadhafis oljepolitikk og vil derfor styrte han. Dei sender inn agentar for å førebu grunnen, og finn noen i Libya som dei førebur på å gjere væpna opprør.
- Så kjem opprøret i Tunisia og seinare Egypt. Det er fredelige demonstrasjonar, men det tener ikkje CIA. Derfor får dei sine medløparar til å utnytte dette heldige tilfellet (for opprøra i Egypt og Tunisia var vel ikkje insipirert av CIA? Berre det i Libya) til å sette sine planar ut i livet.
- Desse, det nåverande rådet i Benghazi, startar derfor eit væpna opprør fordi dei veit at det vil komme ein vestlig intervensjon som skal hjelpe dei til makta.

Dersom noen har følgt med i utviklinga fortløpande (og ikkje berre konstrurer den opp i ettertid), vil ein sjå kor urimelig denne historikken var. CIA måtte på den eine sida vere nærmast profetiske og vite at demokratirørsla ville ta av og lage "dekke" for sin Libya-operasjon. Men på den andre sida måtte dei vere fullstendig inkompetente dersom dei ikkje klarte å førebu "sine opprørarar" til å forsvare seg bedre enn dei gjer. At vi utanfor er blitt overraska over kor svake og lite førebudde opprørarne er militært, er så sin sak. Men dersom CIA hadde folk på bakken burde dei vel vite at desse var heilt ute av stand til å sette i verk CIAs skumle planar?

Men kanskje ikkje det var meininga. Kanskje dei berre skulle vere røykdekke, dei også: Dei skal berre gi unnskyldning for dei kommande amerikanske bakkestyrkane som så setter den egentlige planen, regimeskiftet i Libya, ut i verk.

Det er noen forklaringsproblem i denne, som i dei fleste konspirasjonsteoriar, når ein konfronterer dei med faktisk historie. Dersom det er slik, kvifor var USA så tilbakehaldande i startfasen? Berre ein avledningsmanøver? Kvifor trakk dei seg tilbake og overlot kampen til Frankrike og England, når det var openbart at bombekrigen slett ikkje var nok? Konspirasjon for å "gjere det nødvendig med bakkestyrkar" seinare? Kvar blir det av den nye leiaren, han som USA har førebudd skal ta over etter Qadhafi? Blir han halde i skjul til the Marines står i Tripoli og han kan avsløras som den kommande leiaren?

Nei, heller enn konspirasjonar er det "muddling through" som beskriver situasjonen, som så ofte elles. Oppøret har alle preg av å vere spontant, nettopp fordi dei er så utrente og udisiplinerte. Dei greip til våpen først og fremst fordi våpna låg foran dei, hæravdelingane rømte og lot våpenlagra stå ubeskytta. Opprørsrådet ser ut akkurat som det dei hevdar å vere, ei sammenraska gruppe av dei som var tilgjengelige da ordensmakta forsvann. Naturligvis har stormaktene sine motiv, som slett ikkje treng vere edle. Men det er oftare innanrikspolitikk (fransk sjølhevding, framtidige valkampar, behovet for å styrke EU-samhaldet, osv.) som bestemmer utanrikspolitikken. Skal ein jakte på rasjonalitet, må ein gjere det på eit heilt anna detaljplan enn "den store forklaringa" som ligg under alt.

Så kva med oljen, spiller ikkje den noen rolle? Jo, det er nok klart at "vi" er opptatt av Libya og Qadhafi fordi dei har olje. Det har hjulpe til å sette landet i fokus for interessa. Men det treng ikkje ha hatt mye eller noe å si for den konkrete politikken. Qadhafi har jo ført ein rasjonell og vestlig-vendt oljepolitikk. Libya har, som Norge, eit nasjonalt oljeselskap og tar, som Norge, ein rimelig stor del av inntektene ved utvinninga. Men det er heile tida vestlige oljeselskap som har utvunne oljen, omtrent på samme vilkår som i andre OPEC-land, og det er ingen grunn for vestmaktene korkje å vere misnøgd med Qadhafis oljepolitikk - det er jo derfor så mange vestlige leiarar har hylla Qadhafi, fram til i vår - eller at eit nytt regime vil ha noen vesentlig annleis politikk. Som oljeanalytikarar har sagt, så ville trulig det beste vestmaktene kunne gjort, frå eit oljesynspunkt, å sitte heilt stille og prøve å hindre opprøret som lagde avbrudd i produksjonen. (Ei slik oppsummering kan ein finne i siste nordisk Le Monde Diplomatique, distribuert sammen med Klassekampen.)

-- Andre ting som har skjedd: Obama har sammen med Sarkozy og Cameron altså skrive ein kronikk, som ikkje akkurat klargjer kva målet er: Ein skal ikkje fjerne Qadhafi med makt, men bombinga skal vare ved til han er borte. I vanlig språkbruk fell vel bombing inn under "maktbruk", men det er kanskje som Guardian skriv i sin leiar, at dei tre bygger på det katolske skillet mellom "ønska konsekvensar av sine handlingar" og "forutsette konsekvensar av sine handlingar". Men det er vel liten tvil om at Qadhafis fall også er ønska. Spørsmålet om hensikta med utspillet berre var diplomatisk, å motvirke inntrykket av usemje mellom dei tre, eller om USA ønsker å trappe si deltaking meir opp att. Det spørs også om det var meint å advare mot forhandlingsløysingar der Qadhafi kan få spille ei rolle. Her har jo Benghazi-rådet vore ganske klare uansett, og om noen finn klarer å finne den gyldne mellomløysinga som alle kan godta, kan den komme frå blå himmel. Så sjøl om kronikken er skarpare i tonen, er det ikkje klart om den betyr noe lineskifte frå dei tre.

Elles i Midtausten: I Syria peikte vi på Damaskus (og Aleppo) som vippepunktet: Så lenge dei to byane held seg i ro, sit regimet trygt. Vel, i går kom dei første demonstrasjonane i Damaskus sentrum, men inntil vidare ikkje store. Men demokratirørsla har halde seg aktiv i Syria i ei stund nå og ser ikkje ut til å bli svekka, noe som også kan vere teikn på vidare utvikling der.

Av interesse er det at det gamle regjeringspartiet i Egypt, NDP, nå er formelt oppløyst av ein domstol. Dermed er Egypt på line med Tunisia, som har gjort det samme. NDP såg ut til å kunne overleve og, gjennom å vere dei einaste ved sida av Brorskapet i å ha ein lokal struktur, også komme godt ut av det i haustens parlamentsval. Det er uklart om dette nå blir umulig, og Brorskapet (som står fast ved å berre stille i ca. ein tredel av stemmekretsane) dermed blir einaste etablerte parti, eller om NDP-strukturen vil kunne overleve under eit nytt namn (eit "Nye NDP" er alt stifta).

Eit anna viktig trekk som vi kanskje skal komme tilbake til, er veksande splitting mellom salafistar (med det meinast mest radikale jihadistar) og andre opposisjonskrefter, mellom dei "vanlige" islamistar. Mest urovekkande naturligvis drapet på den italienske Palestina-aktivisten Vittorio Arrigoni i Gaza utført av ei ekstrem jihad-gruppe ("Tawhid wa-jihad"), ei klar utfordring til Hamas-regjeringa og døme på at unge radikalarar er misnøgd med Hamas sin moderasjon. -- I Jordan har salafistar hatt sine eigne demonstrasjonar for sharia og mot kongen, i opposisjon til den breiare og meir moderate demokratirørsla, organisert ikkje minst av Brorskapet, som ikkje ber om kongens avgang. -- I Libya har Qa'ida-leiaren al-Zawahiri komme med oppmoding om å slåss både mot Qadhafi og mot NATO (dvs. opprørsrådet), og rådet i Benghazi helsar begeistra dette som bevis på at det ikkje finnes noen Qa'ida-link hos dei. Men andre islamistar fins det nok. -- Og i Egypt er det aukande spenning mellom salafistar og sufiar, etter at salafistiske grupper har angripe sufi-helligdommar. Men dette kan altså vere grunnlag for meir analyse etterkvart som vi ser korleis det utviklar seg.

torsdag 14. april 2011

Libya: Debatt om framtida

I går, onsdag, heldt SV eit debattmøte om Libya på ein liten kafe på Grünerløkka i Oslo, og eg var invitert over for å halde ei kort innleiing på "6-8 minutt", før dei ulike posisjonane om SV-vedtaket fauk på kvarandre. Her er ei lett redigert utgåve av innleiinga:


Spørsmålsstillingane i invitasjon er om Norge er i ferd med å bli part ein regulær borgarkrig? Og kva må til for ei politisk løysing?

Svart på det første går litt på definisjonen av “borgarkrig”, vi er jo openbart del av ein konflikt mellom to innanlandske partar som fører det vi må kalle krig mot kvarandre. Men viktigare enn kva ord ein bruker er kanskje å sjå på kva slags konfliktliner som vi kan sjå i landet.

- Regionale: Det er jo openbart nå ei fysisk ei deling mellom aust og vest, langs ørkenvegen inst i Syrte-bukta. Opprøret starta først i aust, og har breiast basis der. Men det er påfallande kor fort det breidde seg til vest, i alle byar kom det til demonstasjonar og opprør. Så det er ein regional komponent i at Cyrenaica (aust-Libya) er meir solid anti-regime [men ikkje ein etnisk konflikt, som eg vart bedt om å svare på; det er jo ikkje noe etnisk skille mellom aust og vest]. Men det er feil å sjå på opprøret som grunnleggande regionalt, eller at vi kan tenke oss ei regional deling av eit opprørsk aust og eit Qadhafi-lojalt vest langs dagens frontline (ei "våpenstillstandsline") som ei varig løysing.

- Stammemessig: Spørsmålet om stammar er mye omtalt, ikkje minst som ei mulig ramme for Libya etter Qadhafi. Det er også rett at stammar er ein grunnleggande kategori i Libya. Ei undersøking om identitet utført på 1990-tallet mellom studentar - ei ganske "moderne" og utdanna gruppe - viste at rundt 90 prosent av dei kjente seg som ein del av ein stamme, og var komfortabel med det, om enn i ulik grad.* Dette er jo heilt ulikt det vi vil finne f.eks. i Egypt, der "stamme" vil vere ein ukjent kategori for dei fleste. Men ein må sjå meir kva det betyr å vere stammemedlem. Ein må unngå ein stereotypi av ein stamme der ein sjeik sit i teltet sitt og sender ut ordrar til stammemedlemmene sine om at nå skal vi støtte Qadhafi og nå skal vi støtte opprørarane. Stammane varierer enormt i storleik, frå dei store konføderasjonane til små grupper eller undergrupper, og eit hierarki mellom "sterke" og "svake" stammar spillar også inn.
        Vi må også sjå på Qadhafis politikk overfor stammane. I startfasen ville han bekjempe denne "gammeldagse" samfunnsordenen, men kom etter noen år i sin "universelle teori" til å bake stammane inn som naturlige samfunnselement, på line med nasjonen og så vidare. Han prøvde derfor å organisere dei inn i sitt nye politiske system med "direkte demokrati", og ikkje minst prøvde han å bruke samhaldet i stammane til å kontrollere avvik: det var del av "god stammemoral" å angi dissenterande meiningar og mulig opposisjon til styresmaktene, slik at stammefellesskapet vart "reint". Kva dette forsøket på å bruke stammesystemet i regimets politiske system vil få å si i eit post-Qadhafi-samfunn, kan vi ikkje vite ennå. Kanskje har det fungert til å bygge støttet for Qadhafi-styret, kanskje fører det til delegitimering av dei stammeleiarane som har latt seg bruke, og kanskje av stammebanda i det heile.
         Vi bør nok slik primært sjå stammane ikkje som autoritetsstrukturar, men som solidaritetsgrupper. Ein kjenner automatisk samkjensle med og støtter sine feller. Det er også viktig å sjå i kva grad ressursar (pengar eller makt) har blitt distribuert langs desse solidaritetslinene, og slik har skapt ein lojalitet som egentlig har fulgt ressursane, men som altså da sammenfaller med stammeband.

- Har Qadhafi reell støtte? Det er naturligvis umulig å vite, fordi det avheng av variablar som vi ikkje kjenner tyngda av: Libyarane har nok ei kjensle av at dei har det økonomisk bedre enn naboane, fordi oljepengar er blitt brukt i samfunnet. Det kan nok også vere ei kjensle av nasjonal stoltheit, Qadhafi har gitt Libya ein plass i verda. Og, som i alle konfliktar, fins hos mange eit ønske om å unngå uro, og det kan vere dei som "skakar båten", opprørane, som får skulda for uroa. Mot dette fins andre variablar, spesielt den direkte følelsen av undertrykking. Kven det er som har fått slektningar eller venner arrestert, torturert eller drept, eller som sjøl har blitt ramma av eit uforsiktig utsagn. Det vil heilt klart, på tvers av samfunnslag, finnes reelle kjensler om frykt. Om det er det eine, dei positive, eller det andre, dei negative tinga som veg tyngst, kan gå heilt ned på individ og familieplan, der noen genuint støttar Qadhafi utan å vere "kjøpt og betalt" mens kanskje naboen hatar han og hans regime. I ein krigssituasjon er det umulig å vite, og naturligvis vil krigen i seg sjøl endre folks haldningar. Men spontaniteten i opprøret i dei første dagane er vel likevel beste indikasjonen på at misnøyen er utbreidd, og kanskje dominerer i dei fleste delane i landet.

- Islamismen får eg ikkje tid til å snakke om på mine 6-8 minutt. Men det var altså ramme for motstand mot Qadhafi på 1990-tallet, spesielt i aust, den vart slått ned, men overlevde og er klart ein komponent i opprøret, men så vidt vi ser heilt ut lojal og integrert i den breiare opprørsrørsla der den ikkje dominerer.

- Kva må til for ei løysing?
Ja, det er jo det vanskelige spørsmålet, der eg heldigvis kan ta på meg rolla med berre å peike på problema og la de andre prøve å finne svara. Vi ser jo i dag forskjellige forsøk på forhandlingar, frå Afrika-unionen, frå Tyrkia, og andre. Men problemet er regimets smale basis. I Egypt, Syria og Jemen var presidenten berre ein mellom fleire generalar, og dei andre i makteliten kan i ein pressa situasjon ofre presidenten for ei mellomløysing. Så langt vi kan sjå, fins det ikkje noen slik alternativ militær autoritet i Libya. Qadhafi har klart å fjerne alle som kunne verte rivalar, slik at regimet faktisk består av hans familie. Dermed, i mangel av eit kupp som fjernar Qadhafi-familien, må ei løysing svare på hovudspørsmålet: skal familien ha ei rolle, eller ikkje? Det kan i praksis bli eit spørsmål om kapitulasjon; den som gir seg her, har tapt krigen.
      Opprørarane vil oppfatte det som eit nederlag å tillate at noen av Qadhafiane, det vere seg far eller ein av sønnene, får sitte i ei overgangsstilling. Dei har, trulig med god grunn, ikkje noen som helst tiltru til kva familien måtte love av reformar og overgangar: Qadhafis styre er jo i teorien super demokratisk, det har gått frå republikk til direkte demokrati og mange reformar av ulikt slag. Men uansett styreform har realiteten alltid vore den samme: det er sjefen, Qadhafi, som bestemmer over liv og død, og slik vil det vere så lenge han er i Tripoli, uansett kva slags reformar og "løysingar" som kjem fram i ulike forslag.
      Familien - og i Tripoli ser det ut til at det er berre ulike medlemmer av Qadhafi-familien som er aktørar - vil ikkje godta ei løysing som medfører at dei skal reise. Dei har ingen ting å vinne på det, og dei er slett ikkje i ein så desperat situasjon at dei behøver kaste inn handkleet, tvert imot er dei jo på offensiven militært nå, dei har tilpassa sin militære strategi, og opprørane og bombeflya klarer berre såvidt å hindre dei i å avansere austover.
      Derfor er det vanskelig å sjå for seg ei løysing gjennom forhandlingar før det er skjedd noe på bakken. Men på bakken er heller ingen av partane trulig i stand til noe grunnleggande gjennombrudd, før evt. dei utanlandske styrkane gjer ei dramatisk endring av sin strategi; enten å gå offensivt fram, kaste FN-vedtaket på båten og gå inn med så store styrkar at dei sjøl fjerner Qadhafi - og dermed får ansvaret for å bygge opp att eit nytt Libya, med fare for kaos og ny anti-vestlig motstand - eller å trekke seg tilbake, la Qadhafi reellt sett vinne ved å stanse si krigføring og gå inn på ein fredsavtale dei ikkje da vil ha makt til å handheve. Begge delar resultat med uante og negative konsekvensar.

* Frå Amal Obeidi, Political culture in Libya, London 2001

mandag 11. april 2011

Frankrike: Niqabforbud

Så skjer det litt i vår del av verda også; i Frankrike er det altså frå i går forbudt å bære niqab eller andre former for klesdrakt som dekker til ansiktet, på offentlig stad. Det er det første landet som forbyr dette, men Belgia og andre har hatt oppe liknande forslag.

Politiet er skeptisk, fordi dei meiner det blir umulig å handheve forbudet. Dei har ikkje rett til å fjerne ansiktsslør med makt, men dei som blir "tatt" risikerer ei bot på ca. 1200 kr. Ein mann som tvinger andre til å bære niqab kan få langt høgare bot, opp mot 250.000 kr.


Nå er ikkje problemet dramatisk stort i Frankrike, ein reknar med at kanskje to tusen kvinner i landet brukar niqab. Akkurat i dag er det fleire, det har vore demonstrasjonar både foran Notre Dame og i provinsbyar, der muslimar har tatt på seg ansiktsslør i protest mot eit angrep på "deira identitet som muslimar". Fleire er arrestert, ikkje på grunn av plagget, men fordi dei ikkje hadde spurt om lov til å demonstrere.

Dette har jo vore oppe i Norge også, ikkje i den dramatiske franske forma med forbud på offentlig stad, men i bestemte sammenhengar, som i skulen og liknande. Nordmenn flest rister vel litt på hodet av dei frenetiske franske forsøka på å påtvinge sekularisme med makt, men spørsmålet reiser seg jo også hos oss: Kva skal vi meine om niqab?

Over: Niqab (ansiktsslør, her frå Jemen). Under hijab (hode og hals tildekt, ansikt fri).

Sentralt er forskjellen på hijab (tildekking av håret) og niqab (tildekking av ansiktet). For dei fleste muslimar er det ein grunnleggande forskjell her: svært mange går med hijab, svært få går med niqab. Mange oppfattar hijab som påkrevd for muslimske kvinner, sjøl om det ikkje er nemnt i Koranen, anna enn i allmenne ordelag om å kle seg sømmelig. Men ein kan finne hadith (tradisjonar etter Profeten) som er tydeligare på at håret bør dekkas til. Sentralt her er ein tradisjon der Profeten blir spurt om kva ei kvinne bør skjule, og han peikte på hendene og ansiktet og sa "alt utan dette og dette". Med andre ord, ein bør dekke til håret, men ikkje ansikt og hender. Mange muhajjabat (dei som går med hijab) meiner dette beviser at niqab er teologisk feil, i strid med Profetens ord om "ikkje dette". Men tradisjonell teologi vil vel seie at niqab er tillatt, men ikkje nødvendig.


Men det er også tolkingar av versa som hevdar det motsette, at ansiktet skal tildekkas. Som vi veit, er slike tolkingar knytta til dei retningane som blir kalla "salafistar". Det er ikkje fullstendig sammenfall mellom niqab-bruk og salafi-tolking, men langt på veg blir klesdrakta rekna som ein "uniform" for dei som går inn for ei strikt tolking (og som ofte ikkje reknar dette som "tolking" men som "direkte lesing" av teksta, trass i at det altså er eit mindretalssyn).

For oss utanfor blir da det teoretiske problemet: Korleis kan vi si at å bruke hijab er ein del av den religionsfriheita vi vil forsvare, mens niqab ikkje er det, når begge delar blir forsvart av kvar sine grupper med teologiske argument? Kan vi gå inn i teologien og seie at denne tolkinga er rett og logisk og den andre er feil og ulogisk? Eller må vi godta niqab fordi det er religiøst begrunna av dei som bærer det?

Ei konsekvent religions-tolerant haldning vil måtte si ja til det siste, niqab er OK. Men så veit vi at i mange situasjonar er det ikkje OK å skjule ansiktet. For oss i opplæringsverket er eksamen ein slik situasjon da vi nesten bør vite kven som sit der, og både i undervisning og andre sammenhengar er det problematisk å ikkje kunne identifisere den ein samhandlar med. Noen seier tolerant at jo, det går så bra i praksis om ein legg godviljen til, men det er ei rimelig innvending at i mange situasjonar er det eit problem.

Det prinsippielle svaret må vere derfor at på samme måte som andre menneskerettar, er heller ikkje retten til religionsutøving absolutt. Det finnes i det heile svært få absolutte rettar som kan stå over alt anna. Derfor må retten til religiøse praksisar finne seg i å bli balansert opp mot andre. Ein må altså kunne akseptere slike praksisar, som niqab-bruk, kontekstuelt: Det er ikkje noe samfunnet bør legge seg opp i så lenge det ikkje strir mot andre rettar eller samfunnsbehov (toleranse), men samfunnet har rett til å gripe inn når det faktisk strir mot slike andre i ein slik grad at det andre må vinne (det samme gjeld forsåvidt også ytringsfriheit og andre rettar, som vi alle godtar når vi tenker over konkrete tilfeller). Her må det også kunne telle med kor representativ praksisen er: Samfunnet må ha rett til å legge mindre til rette for ein praksis som skaper store problem for andre, dersom den er uvanlig eller ekstrem (i lite bruk) enn ein praksis som er representativ og vanlig i store grupper, og det medfører liten tilpassing for samfunnet rundt. For å halde oss i skuleverket: Det er urimelig å forlange fjerning av hijab for å forsikre seg mot juksing med høretelefonar (stor gruppe, og langt hår har ikkje vore eit praktisk problem før), mens det derimot er rimelig at ikkje oppretter eit stort identifiseringsapparat for å tilpasse seg den eine eller dei to i byen som brukar niqab, når dette skaper vektige problem for undervisninga.

Altså at det konteksuelle må vege sammen med det prinsippielle. Denne pragmatiske haldninga vil naturligvis også ha effekt for i kva grad vi gjer dette til eit problem: Som så mye anna, treng ein ikkje lage reglar for å løyse eit problem før det faktisk er der. Så lenge bruken er så marginal at det ikkje merkas i samfunnet (2000 i heile Frankrike) er det liten grunn til å lage eit større lovverk rundt det. Men dersom det blir ein slik situasjon, må det vere rimelig å gjere ei slik avveging slik at ein kan tillate, eller forby, bruken av slike plagg alt ut frå dei konkrete sammenhengane det er snakk om og kva konsekvensar det eine eller det andre får i praksis.

torsdag 7. april 2011

Libya: fleire spørsmål

Det har ikkje vore så stor utvikling siste veka, fronten ligg rimelig fast inst i Syrte-bukta. USA har trappa ned bombetokta til fordel for Europa, mens vi har fått bedre rapportar frå den omringa byen Misurata i vest-Libya etter at eit tyrkisk skip klarte å komme inn og evakuere såra sist søndag. Det er der fortsatt skyting frå tanks og artilleri, men det er først og fremst snikskyttarar på hustaka som skaper frykt og tvingar folk til å halde seg innandørs. Det tyder på at korkje opprørane (som skyt tilbake med sine handvåpen) eller regimet har kontroll over dei sentrale delane av byen. Vi har også fått litt oversyn over falne, frå sjukehus i Misurata blir det anslått at kanskje rundt eitt tusen er drept der sidan opprøret starta.

På hovudfronten ved Brega, er det mangel på disiplin og kommandostruktur mellom opprørane som pregar stoda, til dei vestlige alliertes store fortviling: Dersom ein krig må vinnas på bakken, korleis skal dei kunne håpe eller tru at desse overivrige villstyringane som knapt kan peike rakettane rett veg og nektar ta noe slags ordre, skal kunne vinne sjøl over ein svekka Qadhafi-hær? Det er ikkje berre snakk om å sende inn våpen, men å gjere entusiastane om til ein hær, og det vil ta tid, lang tid. "Lojalistane" til regimet sit nå i ro bak sine liner ("Om Qadhafi ville, kunne han ha vore her om fire timar" sukka ein opprørsleiar i Ajdabiyya i går), men kor lenge vil dei vente og la motstandarane få lov til å bygge seg opp i fred og ro?

Det går tilbake til det som kanskje blir ettertankens hovudspørsmål, var det rett å gjere opprør? Dette er eit spørsmål som venstresida her heime har begynt å stille seg, i konflikten mellom dei som støttar FN-resolusjonen og den allierte innsatsen (inkl. hovuddelen av SV) og den fredsrørsla som ikkje støttar "krigen mot Libya". Venstresida er klart i eit dilemma her, det er tydelig at det gamle fredspartiet har problem med "sin første krig" - den første krigen Norge har gått inn i med SV i regjering - trass i at FN står bak. Partiet prøver derfor å tolke FN-vedtaket stramt og utelukkar at det skal bety regimeskifte, og er forsåvidt her på line med det øvrige politiske miljøet i Norge (bortsett frå FpU): Qadhafi-regimet må fjernas, men av libyarane sjøl. Men så er det altså vanskelig å sjå korleis libyarane skal klare det på eiga hand. Om dei ikkje greier det, så har ein to muligheiter til å nå målet: Enten eit kupp eller intern oppsplitting i Tripoli, eller forhandlingar der Qadhafi går frivillig. Håpet om eit internt kupp er nettopp det, eit håp som er tynt å bruke som strategi for krigen. Forhandlingar blir derfor svaret ein grip til, og det er også antikrigsrørslas svar: Ein må snakke sammen (men utan bombar og krigføring).

Det er, som vi har sett i nyheitene, ei mengde forskjellige forslag og delegasjonar, halvoffisielle, uoffisielle eller rett ut imaginære, om forhandlingar og samtalar, typisk utspill frå ein av partane som blir avvist utan vidare av den andre. Slik er det i alle krigar, og dei som vi hører om er oftast dei som ikkje har realistisk basis: Det er dei som vi ikkje hører om og som dukkar opp som troll i aske når dei er ferdige som kan føre fram. Slike samtalar foregår kanskje alt i det skjulte. Men spørsmålet er jo nettopp kva ei slik løysing skulle bestå i. Hovudproblemet er igjen Qadhafi-regimets smale basis, konsentrert om hans person og familie. I Egypt kunne ein general frå det gamle regimet erstatte ein annan (Mubarak), i Jemen er det høgst mulig at det samme skjer. Men i Libya fins det neppe noen annan slik general. Qadhafi har klart å fjerne alle mulige rivalar som kunne stått for ei slik mellomløysing. Derfor blir problemet: Skal ha dra eller skal han ikkje dra? Frå Tripolis side vil dei einaste som har makta der si: Vi kan forhandle om alt, bortsett frå at vi (familien Qadhafi) fortsatt skal ha ei rolle. Å gi opp det ville vere ein kapitulasjon, og vi treng ikkje kapitulere, vi kontrollerer godt over halve landet og kan vente på at dei i aust før eller seinare må gi seg. Opprørarane vil si: Vi kan forhandle om alt, bortsett frå at familien må bort. Held dei fram - det vere seg far eller son - betyr det berre at regimet fortsetter. Det er utenkelig at opprøret skal ende i at Qadhafi blir sittande.

Mellom desse to posisjonane er det vanskelig å tenke seg ei mellomløysing. Og trulig må det til ei ganske markert endring av maktbalansen før ein av dei gir etter og altså de facto kapitulerer. Kjem det etterlengta kuppet innanfrå så kan det skje, løper ein av partane tom for forsyningar og ressursar, kan det tippe balansen, men militært på bakken er det vanskelig nå å sjå kva som skal få løyst dette skårfestet. Utan altså at dei utanlandske styrkane kastar FN-kortet og fjerner Qadhafi sjøl, men så er dei altså bunde opp til å finne ei løysing for samfunnet etterpå. Og når dei knapt stolar nok på "opprørsrådet" til at dei vil utstyre dei med våpen til å slåss mot Qadhafi, er det vanskelig å sjå at dei vil berre forlate Libyas kyster og la det samme rådet ordne seg på eiga hand etterpå.

Så derfor altså, om vi argumenterer bakover: Vestens ansvar for post-Qadhafi-styret er ein konsekvens av at/om dei set inn bakkestyrkar. <-- Vestlige bakkestyrkar følger av at opprørane ikkje klarer jobben åleine. <-- "Jobben" vart vestmaktenes sak gjennom FN-vedtaket 1973. <-- FN-vedtaket kom fordi Qadhafi trua med massedrap i Benghazi. <-- Qadhafi trua med massedrap fordi demokrati-rørsla gjorde væpna opprør og prøvde å styrte Qadhafi militært. Så blir spørsmålet: burde dei gjort opprør? Dei var openbart ikkje i stand til å gjennomføre det, det ser i ettertid ut som reint overmot. Kvifor var dei ikkje berre snille og demonstrerte fredelig som i Egypt og Tunis og dei andre arabiske landa?

Dette spørsmålet blir stilt av noen innan antikrigsrørsla. Det smaker nok litt av etterpåklokskap. Men det er verdt likevel, som ein historisk eksersis, å ta alvorlig. Vi bør derfor rekapitulere litt kva som skjedde dei første dagane av det libyiske opprøret, for det starta jo fredelig, som i dei andre landa. Det var eit "Facebook-initiativ" som løp ut den 15-16. februar om å demonstrere for demokrati den 17. Dette fekk stor oppslutnad i byen al-Bayda, men også i andre byar i aust, også Zintan i Jabal Nafusa i vest vart nemnt [eg summerer opp dette frå reportasjane i Le Monde dei dagane det gjaldt]. Tripoli var rolig fram til den 19. Kor mange som deltok står ikkje i den avisa, men det vart skutt med skarpt mot demonstrantane, Human Rights Watch meldte om 24 drepte alt den 17. Tre dagar etter vart talet på drepte opp trulig minst 300, HRW meldte om 233 drept berre i Tripoli, 60 i Benghazi den 20. Dette ser, så langt eg finn frå Monde, ut til å vere dagen opprøret vart militært, ved at ei avdeling i Benghazi deserte og gjekk til angrep ein militærbarakke. Sivile plyndra militærlager som var blitt forlatt (det er naturligvis der dei fortsatt hentar sine våpen frå). Eg skal ikkje utelukke at slike spontane plyndringar skjedde før, men det ser ut til å vere 20. og 21.2 at den libyiske rørsla vendte seg definitivt opp i ei anna retning enn sine arabiske naboar og vart eit væpna opprør.

Altså minst 300 drepte før demonstrantane sjøl tok til våpen. Var det "rimelig provokasjon" for å handle annleis enn i Tunisia og Egypt? I alle arabiske land er det blitt skutt mot demonstrantar, i alle landa er det noen drepte, tilmed i elles fredelige Oman. Tapstalla i Egypt er nettopp offentliggjort, og går opp i noe over 800 i alt, i dei verste dagane i Kairo var det over 100 drepte. I Libya skjedde dette over ein eller to dagar, og i mange byar samtidig. Tallet er høgare enn i dei andre landa, men ikkje i ein annan storleiksorden. Kunne dei nådd fram med å godta desse tapa, tilpasse demonstrasjonsstrategien og prøve å halde ut som i andre land?

Det er kanskje umulig å svare på det utan å vere der. Men det kan ligge noe i måten regimet reagerte. Påstanden om at demonstrantane vart bomba av jagerfly er sterkt omstridt, russiske kjelder meiner å bevise at det ikkje skjedde (dvs. dei snakker om eitt bestemt angrep som var mot eit ammunisjonslager, ikkje sivile). Om eit slikt bombetokt fann stad vart det ikkje gjentatt, men berre ryktet kan ha skapt panikk. Det som derimot vart rapportert desse første dagane (altså før opprørane tok til våpen), er at helikopter vart satt inn. Noen seier dei frakta inn soldatar som så skaut frå bakken, andre at det vart skutt med maskingevær mot folkemengda frå helikopteret. Om dette skjedde, er det heilt klart ein intensitet i undertrykkinga som vi ikkje såg i dei andre landa.

Det andre poenget er forventningane om at eit langvarig, fredelig opprør som i Egypt ville i det heile kunne vere mulig. Var det tenkelig at Qadhafi skulle gå eller la seg affisere av at ei folkemengde, uansett kor stor, slo seg ned på ein plass i Tripoli, og langt mindre i Benghazi? Kor lenge ville dei fått bli sittande der? Var det mulig å få hundretusnar libyarar til å stille opp med den responsen alle rekna med ville ramme dei? Det er altså i så fall forhistoria, det regimet som libyarane har levd under, som gjorde at eit fredelig demonstrasjonsrørsle vart oppfatta som sjølmord (fysisk såvel som overført) av dei som stod for det, og at den "tunisiske vegen" var stengt.

Var opprøret overmot? Ja, det er tydelig at det var. Men det er tydelig . Det er vanskelig, særlig for dei på venstresida, å si i etterkant at det er feil å gjere forsøk på revolusjon når dei feiler. Spørsmålet er heller i kva grad omverda bør rake kastanjane ut av elden for ein revolusjon som ikkje hadde to i seg til å vinne sjøl; eller om det er moralsk forsvarlig å "sitte stille" og kjølig observere at revolusjonen blir knust i blod. I det ligg mye av dilemmaet om ein "humanitær intervensjon" der "verdenssamfunnet" tar på seg eit ansvar som det trulig ikkje er i stand til å bære, om vi ser ut frå tidligare forsøk.