Politiet er skeptisk, fordi dei meiner det blir umulig å handheve forbudet. Dei har ikkje rett til å fjerne ansiktsslør med makt, men dei som blir "tatt" risikerer ei bot på ca. 1200 kr. Ein mann som tvinger andre til å bære niqab kan få langt høgare bot, opp mot 250.000 kr.
Nå er ikkje problemet dramatisk stort i Frankrike, ein reknar med at kanskje to tusen kvinner i landet brukar niqab. Akkurat i dag er det fleire, det har vore demonstrasjonar både foran Notre Dame og i provinsbyar, der muslimar har tatt på seg ansiktsslør i protest mot eit angrep på "deira identitet som muslimar". Fleire er arrestert, ikkje på grunn av plagget, men fordi dei ikkje hadde spurt om lov til å demonstrere.
Dette har jo vore oppe i Norge også, ikkje i den dramatiske franske forma med forbud på offentlig stad, men i bestemte sammenhengar, som i skulen og liknande. Nordmenn flest rister vel litt på hodet av dei frenetiske franske forsøka på å påtvinge sekularisme med makt, men spørsmålet reiser seg jo også hos oss: Kva skal vi meine om niqab?
Sentralt er forskjellen på hijab (tildekking av håret) og niqab (tildekking av ansiktet). For dei fleste muslimar er det ein grunnleggande forskjell her: svært mange går med hijab, svært få går med niqab. Mange oppfattar hijab som påkrevd for muslimske kvinner, sjøl om det ikkje er nemnt i Koranen, anna enn i allmenne ordelag om å kle seg sømmelig. Men ein kan finne hadith (tradisjonar etter Profeten) som er tydeligare på at håret bør dekkas til. Sentralt her er ein tradisjon der Profeten blir spurt om kva ei kvinne bør skjule, og han peikte på hendene og ansiktet og sa "alt utan dette og dette". Med andre ord, ein bør dekke til håret, men ikkje ansikt og hender. Mange muhajjabat (dei som går med hijab) meiner dette beviser at niqab er teologisk feil, i strid med Profetens ord om "ikkje dette". Men tradisjonell teologi vil vel seie at niqab er tillatt, men ikkje nødvendig.
Men det er også tolkingar av versa som hevdar det motsette, at ansiktet skal tildekkas. Som vi veit, er slike tolkingar knytta til dei retningane som blir kalla "salafistar". Det er ikkje fullstendig sammenfall mellom niqab-bruk og salafi-tolking, men langt på veg blir klesdrakta rekna som ein "uniform" for dei som går inn for ei strikt tolking (og som ofte ikkje reknar dette som "tolking" men som "direkte lesing" av teksta, trass i at det altså er eit mindretalssyn).
For oss utanfor blir da det teoretiske problemet: Korleis kan vi si at å bruke hijab er ein del av den religionsfriheita vi vil forsvare, mens niqab ikkje er det, når begge delar blir forsvart av kvar sine grupper med teologiske argument? Kan vi gå inn i teologien og seie at denne tolkinga er rett og logisk og den andre er feil og ulogisk? Eller må vi godta niqab fordi det er religiøst begrunna av dei som bærer det?
Ei konsekvent religions-tolerant haldning vil måtte si ja til det siste, niqab er OK. Men så veit vi at i mange situasjonar er det ikkje OK å skjule ansiktet. For oss i opplæringsverket er eksamen ein slik situasjon da vi nesten bør vite kven som sit der, og både i undervisning og andre sammenhengar er det problematisk å ikkje kunne identifisere den ein samhandlar med. Noen seier tolerant at jo, det går så bra i praksis om ein legg godviljen til, men det er ei rimelig innvending at i mange situasjonar er det eit problem.
Det prinsippielle svaret må vere derfor at på samme måte som andre menneskerettar, er heller ikkje retten til religionsutøving absolutt. Det finnes i det heile svært få absolutte rettar som kan stå over alt anna. Derfor må retten til religiøse praksisar finne seg i å bli balansert opp mot andre. Ein må altså kunne akseptere slike praksisar, som niqab-bruk, kontekstuelt: Det er ikkje noe samfunnet bør legge seg opp i så lenge det ikkje strir mot andre rettar eller samfunnsbehov (toleranse), men samfunnet har rett til å gripe inn når det faktisk strir mot slike andre i ein slik grad at det andre må vinne (det samme gjeld forsåvidt også ytringsfriheit og andre rettar, som vi alle godtar når vi tenker over konkrete tilfeller). Her må det også kunne telle med kor representativ praksisen er: Samfunnet må ha rett til å legge mindre til rette for ein praksis som skaper store problem for andre, dersom den er uvanlig eller ekstrem (i lite bruk) enn ein praksis som er representativ og vanlig i store grupper, og det medfører liten tilpassing for samfunnet rundt. For å halde oss i skuleverket: Det er urimelig å forlange fjerning av hijab for å forsikre seg mot juksing med høretelefonar (stor gruppe, og langt hår har ikkje vore eit praktisk problem før), mens det derimot er rimelig at ikkje oppretter eit stort identifiseringsapparat for å tilpasse seg den eine eller dei to i byen som brukar niqab, når dette skaper vektige problem for undervisninga.
Altså at det konteksuelle må vege sammen med det prinsippielle. Denne pragmatiske haldninga vil naturligvis også ha effekt for i kva grad vi gjer dette til eit problem: Som så mye anna, treng ein ikkje lage reglar for å løyse eit problem før det faktisk er der. Så lenge bruken er så marginal at det ikkje merkas i samfunnet (2000 i heile Frankrike) er det liten grunn til å lage eit større lovverk rundt det. Men dersom det blir ein slik situasjon, må det vere rimelig å gjere ei slik avveging slik at ein kan tillate, eller forby, bruken av slike plagg alt ut frå dei konkrete sammenhengane det er snakk om og kva konsekvensar det eine eller det andre får i praksis.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar