Lesarar av denne bloggen har vel oppsummert at eg er mellom skeptikarane til krigen i Libya, sjøl om eg har forståelse for argumentet om å berge sivile i Benghazi. "Tvisyn" er eit utmerka nynorsk ord, som vi alle burde bruke meir: Ikkje alt har klare svar, ikkje alle problem har gode løysingar.
Men det betyr ikkje at det ikkje går an å avvise ting som er urimelige. Både på tilhengar- og motstandarsida svirrar det begrep og konspirasjonsteoriar som ikkje heng på greip. Visstnok har noen (Janne Haaland-Matlary er nemnt) snakka om Qadhafis planar som "etnisk rensing". Det er jo berre kunnskapsløyse, skillelinene i konflikten går naturligvis ikkje etter etniske grenser.
På motstandarsida er det i ferd med å danne seg ein konspirasjonsteori om kva krigen "egentlig" dreier seg om, at det heile var planlagt lang tid i forvegen i Washington og London for å få kontroll over oljen i Libya. Som flittige lesarar også har merka seg, har olje knapt blitt nemnt på denne bloggen, litt på grunn av mangel på interesse frå mi side. Men først og fremst fordi at oljen er ein bifaktor her.
Klarast kom denne konspirasjonsteorien i fredagens leiar i Klassekampen (signert Bjørgulv Braanen). Eg har ofte vore samd i det han skriv om krigen, men her er han på ville vegar. Han noterer, ikkje urimelig, at NATOs mål nå er å styrte Qadhafi, og antar noe vi ikkje veit, at vestlig etterretning var inne i Libya alt før FN-vedtaket. Kanskje, kanskje ikkje. Men så skriv han at det er "en sannsynlig forklaring på hvorfor opprørerne i Libya tok til våpen, i motsetning til opposisjonen i Tunisia og Egypt. De visste at de hadde de vestlige stormaktene i ryggen." Når opprørarne ikkje godtar fredsplanane til Afrika-unionen, er det fordi dei handlar "i forståelse med" vestmaktene. Da FN-resolusjonen kom, "hadde vestlig etterretningstjeneste lenge arbeidet for et væpnet opprør i Libya".
Her eksisterte det altså alt før demokratirørsla kom i gang ein plan frå vestlig side om å styrte Qadhafi med makt, og opprørane var lite meir enn agentar for CIA for å sikre eit nytt regime. Dette blir også hevda av andre krigsmotstandarar, med samme ryggmarksrefleksen: Vesten vil få kontroll over den libyiske oljen. Men om ein tenker over det, føreset det altså ein historikk som må vere slik:
- Vestmaktene er misnøgd med Qadhafis oljepolitikk og vil derfor styrte han. Dei sender inn agentar for å førebu grunnen, og finn noen i Libya som dei førebur på å gjere væpna opprør.
- Så kjem opprøret i Tunisia og seinare Egypt. Det er fredelige demonstrasjonar, men det tener ikkje CIA. Derfor får dei sine medløparar til å utnytte dette heldige tilfellet (for opprøra i Egypt og Tunisia var vel ikkje insipirert av CIA? Berre det i Libya) til å sette sine planar ut i livet.
- Desse, det nåverande rådet i Benghazi, startar derfor eit væpna opprør fordi dei veit at det vil komme ein vestlig intervensjon som skal hjelpe dei til makta.
Dersom noen har følgt med i utviklinga fortløpande (og ikkje berre konstrurer den opp i ettertid), vil ein sjå kor urimelig denne historikken var. CIA måtte på den eine sida vere nærmast profetiske og vite at demokratirørsla ville ta av og lage "dekke" for sin Libya-operasjon. Men på den andre sida måtte dei vere fullstendig inkompetente dersom dei ikkje klarte å førebu "sine opprørarar" til å forsvare seg bedre enn dei gjer. At vi utanfor er blitt overraska over kor svake og lite førebudde opprørarne er militært, er så sin sak. Men dersom CIA hadde folk på bakken burde dei vel vite at desse var heilt ute av stand til å sette i verk CIAs skumle planar?
Men kanskje ikkje det var meininga. Kanskje dei berre skulle vere røykdekke, dei også: Dei skal berre gi unnskyldning for dei kommande amerikanske bakkestyrkane som så setter den egentlige planen, regimeskiftet i Libya, ut i verk.
Det er noen forklaringsproblem i denne, som i dei fleste konspirasjonsteoriar, når ein konfronterer dei med faktisk historie. Dersom det er slik, kvifor var USA så tilbakehaldande i startfasen? Berre ein avledningsmanøver? Kvifor trakk dei seg tilbake og overlot kampen til Frankrike og England, når det var openbart at bombekrigen slett ikkje var nok? Konspirasjon for å "gjere det nødvendig med bakkestyrkar" seinare? Kvar blir det av den nye leiaren, han som USA har førebudd skal ta over etter Qadhafi? Blir han halde i skjul til the Marines står i Tripoli og han kan avsløras som den kommande leiaren?
Nei, heller enn konspirasjonar er det "muddling through" som beskriver situasjonen, som så ofte elles. Oppøret har alle preg av å vere spontant, nettopp fordi dei er så utrente og udisiplinerte. Dei greip til våpen først og fremst fordi våpna låg foran dei, hæravdelingane rømte og lot våpenlagra stå ubeskytta. Opprørsrådet ser ut akkurat som det dei hevdar å vere, ei sammenraska gruppe av dei som var tilgjengelige da ordensmakta forsvann. Naturligvis har stormaktene sine motiv, som slett ikkje treng vere edle. Men det er oftare innanrikspolitikk (fransk sjølhevding, framtidige valkampar, behovet for å styrke EU-samhaldet, osv.) som bestemmer utanrikspolitikken. Skal ein jakte på rasjonalitet, må ein gjere det på eit heilt anna detaljplan enn "den store forklaringa" som ligg under alt.
Så kva med oljen, spiller ikkje den noen rolle? Jo, det er nok klart at "vi" er opptatt av Libya og Qadhafi fordi dei har olje. Det har hjulpe til å sette landet i fokus for interessa. Men det treng ikkje ha hatt mye eller noe å si for den konkrete politikken. Qadhafi har jo ført ein rasjonell og vestlig-vendt oljepolitikk. Libya har, som Norge, eit nasjonalt oljeselskap og tar, som Norge, ein rimelig stor del av inntektene ved utvinninga. Men det er heile tida vestlige oljeselskap som har utvunne oljen, omtrent på samme vilkår som i andre OPEC-land, og det er ingen grunn for vestmaktene korkje å vere misnøgd med Qadhafis oljepolitikk - det er jo derfor så mange vestlige leiarar har hylla Qadhafi, fram til i vår - eller at eit nytt regime vil ha noen vesentlig annleis politikk. Som oljeanalytikarar har sagt, så ville trulig det beste vestmaktene kunne gjort, frå eit oljesynspunkt, å sitte heilt stille og prøve å hindre opprøret som lagde avbrudd i produksjonen. (Ei slik oppsummering kan ein finne i siste nordisk Le Monde Diplomatique, distribuert sammen med Klassekampen.)
-- Andre ting som har skjedd: Obama har sammen med Sarkozy og Cameron altså skrive ein kronikk, som ikkje akkurat klargjer kva målet er: Ein skal ikkje fjerne Qadhafi med makt, men bombinga skal vare ved til han er borte. I vanlig språkbruk fell vel bombing inn under "maktbruk", men det er kanskje som Guardian skriv i sin leiar, at dei tre bygger på det katolske skillet mellom "ønska konsekvensar av sine handlingar" og "forutsette konsekvensar av sine handlingar". Men det er vel liten tvil om at Qadhafis fall også er ønska. Spørsmålet om hensikta med utspillet berre var diplomatisk, å motvirke inntrykket av usemje mellom dei tre, eller om USA ønsker å trappe si deltaking meir opp att. Det spørs også om det var meint å advare mot forhandlingsløysingar der Qadhafi kan få spille ei rolle. Her har jo Benghazi-rådet vore ganske klare uansett, og om noen finn klarer å finne den gyldne mellomløysinga som alle kan godta, kan den komme frå blå himmel. Så sjøl om kronikken er skarpare i tonen, er det ikkje klart om den betyr noe lineskifte frå dei tre.
Elles i Midtausten: I Syria peikte vi på Damaskus (og Aleppo) som vippepunktet: Så lenge dei to byane held seg i ro, sit regimet trygt. Vel, i går kom dei første demonstrasjonane i Damaskus sentrum, men inntil vidare ikkje store. Men demokratirørsla har halde seg aktiv i Syria i ei stund nå og ser ikkje ut til å bli svekka, noe som også kan vere teikn på vidare utvikling der.
Av interesse er det at det gamle regjeringspartiet i Egypt, NDP, nå er formelt oppløyst av ein domstol. Dermed er Egypt på line med Tunisia, som har gjort det samme. NDP såg ut til å kunne overleve og, gjennom å vere dei einaste ved sida av Brorskapet i å ha ein lokal struktur, også komme godt ut av det i haustens parlamentsval. Det er uklart om dette nå blir umulig, og Brorskapet (som står fast ved å berre stille i ca. ein tredel av stemmekretsane) dermed blir einaste etablerte parti, eller om NDP-strukturen vil kunne overleve under eit nytt namn (eit "Nye NDP" er alt stifta).
Eit anna viktig trekk som vi kanskje skal komme tilbake til, er veksande splitting mellom salafistar (med det meinast mest radikale jihadistar) og andre opposisjonskrefter, mellom dei "vanlige" islamistar. Mest urovekkande naturligvis drapet på den italienske Palestina-aktivisten Vittorio Arrigoni i Gaza utført av ei ekstrem jihad-gruppe ("Tawhid wa-jihad"), ei klar utfordring til Hamas-regjeringa og døme på at unge radikalarar er misnøgd med Hamas sin moderasjon. -- I Jordan har salafistar hatt sine eigne demonstrasjonar for sharia og mot kongen, i opposisjon til den breiare og meir moderate demokratirørsla, organisert ikkje minst av Brorskapet, som ikkje ber om kongens avgang. -- I Libya har Qa'ida-leiaren al-Zawahiri komme med oppmoding om å slåss både mot Qadhafi og mot NATO (dvs. opprørsrådet), og rådet i Benghazi helsar begeistra dette som bevis på at det ikkje finnes noen Qa'ida-link hos dei. Men andre islamistar fins det nok. -- Og i Egypt er det aukande spenning mellom salafistar og sufiar, etter at salafistiske grupper har angripe sufi-helligdommar. Men dette kan altså vere grunnlag for meir analyse etterkvart som vi ser korleis det utviklar seg.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar