lørdag 5. februar 2011

Egypt: Brorskapet

Laurdag, og vi ventar fortsatt på kven som blunkar først. Fredagens mønstring av store folkemengder har nok nøytralisert effekten av valden torsdag, og vist at regimet ikkje kan nå renske plassen utan store blodsutgytelsar som vil gi dei problem med omverda. Alternativet er å vente dei ut.

I dag kan dei mest aktuelle utviklingane vere enten (a) at underhandssamtaler fører til at Mubarak trekker seg før september, eller går over i ei overgangsrolle fram til da; visepresident Sulayman tar over som fungerande president og innleier forhandlingar med ElBaradei om valreformer. Dette er det USA ønsker, og vil framstå som ein seier for opprøret, sjøl om mange vil meine det ikkje er nok. Noen opposisjonsleiarar seier i dag dei har vore i slike samtaler, vi får sjå om det held stikk.
     Eller (b) at regimet sit urørlig, og fleire og fleire forlet Tahrir utover i kommande veke, og ingenting skjer. Mubarak sit til september, da Sulayman tar over; evt. at oppoisjonen godtar forhandlingar utan å få innfridd kravet om Mubaraks avgang. Det vil bli oppfatta som seier for regimet. Forskjellen mellom (a) og (b) treng ikkje vere stor, men kan likevel ha betydning for den politiske dynamikken i kva dei forhandlar om, og kor betydelige reformer dei kjem fram til (t.d. om NDPs rolle, oppløysing av parlamentet, evt. endringar i grunnlova, osv.) Det kan vere viktigare å følge med i desse "detaljane" enn i kva månad Mubarak reiser til feriehuset sitt i Sharm al-Sheikh.

Uansett, mot midten eller slutten av neste veke, vil vi trulig vite svaret på kven som har stirra den andre i senk.

I mellomtida kan vi studere litt på korleis responsen her heime vil bli, når konsekvensane synker inn. At Egypt er forandra, er opplagt, og ei viktig endring er at det Muslimske Brorskapet må få ei eller anna rolle.

Her vil det nok oppstå noe forvirring. Berre i haust var Brorskapet hovudskurken ein fjernsynsfilm, ein farlig organisasjon innretta på å erobre Europa for Sharia og undertrykking. Mange godtok den fortellinga, og bøker kom ut om Brorskapet som totalitær på linje med nazismen og det som verre er. Kommande måndag skal det vere ein debatt rundt dette temaet, "politikk og religion - en farlig kombinasjon?" i ein by på Austlandet. Men nå er plutselig det samme Brorskapet blitt ein del av heltane, dei som heroisk kjempar for demokrati på Tahrir-plassen, i Jemen og i Jordan.

Dette kan nok føre til meiningsbærarane kan bli lett tommelromske i hodet. Vi vil kanskje få høre både sjølmotseiande og lett komiske forsøk på å foreine det "gode" og det "onde" i ei samla, lett fordøyelig "korrekt" synsing, basert på moralsk reinheit meir enn logisk sammenheng og traurig faktabasis. Noen har alt komme ut med støtte til Mubarak, tross alt, "egyptarane ønsker ikkje dette kaoset", eller meir offisiøst at "vi må få ein rask overgang for å hindre radikale krefter å ta over" (dvs. ein overgang til fortsatt militærstyre, ikkje demokrati). Eller at ein meiner at Brorskapet "egentlig" ikkje deltar i opprøret, trass i at dei openbart gjer det, eller at dei andre er blitt lurt, Brorskapet støtter det berre taktisk i påvente av å kuppe makta. (Dette siste blir også hevda av noen i dei gamle opposisjonspartia, noe som viser faren for splitting.) Men alt dette er jo med å svekke støtten til Egypts heroiske folk, om ein altså ikkje meiner at Brorskapets millionar tilhengere ikkje er del av Egypts folk.

Så kva er Brorskapets rolle, god eller ond? Best er det nok å kople bort desse begrepa. Brorskapet er ei politisk retning, som noen vil vere samd i og andre usamd. Brorskapet har avdelingar eller inspirert rørsler i mange land, og desse har ganske ulik strategi, fordi dei har utvikla seg ulikt, og fordi forholda er ulike. I Jordan er demonstrasjonane i dag dominert av Brorskapet der, mens det i Egypt er altså del av ein allianse med mange andre typer politiske retningar.

Fokuserer vi på Egypt, er Brorskapet heilt tydelig eit parlamentarisk retta parti, som satsar heilt ut på å arbeide innanfor det rommet demokratiske institusjonar gir. Dei kjem ikkje til å avskaffe demokratiet, dei kjem ikkje til å forby andre parti, sjøl om dei skulle få fleirtalsmakta. Men dei vil endre lover og samfunnsformer i konservativ, islamsk og moralsk retning. Eit Egypt under Brorskapet vil verte annleis enn i dag. Kor mye annleis er ei anna sak; Mubarak-styret har også endra samfunnet i samme retning (for å grave grunnen under Brorskapet), men dei har på programmet å gjere samfunnet meir "moralsk" og derfor vil dei likevel vere nødt å gå vidare i denne retninga, det vere seg med kosmetiske eller reelle endringar (fullt forbud mot alkohol, sterkare kamp mot "blasfemi" e.l.). Dei vil ikkje innføre Shariaens straffelover, for det er politisk umulig og ville sikkert også sprenge kiler inn i Brorskapet sjøl. Men dei vil på ein eller annan måte styrke andre delar av shariaens innverknad i egyptisk lov, formelt eller reelt.

Men dette er dersom dei får makt. Fordi dei er politikarar, erkjenner også Brorskapet dei politiske tyngdelovene. Israel ligg der det ligg på Egypts grenser, og USA har den politikken den har. Brorskapet veit at Egypt ikkje kan klare seg utan dei milliardane med dollar som USA sprøyter inn. Dei kjem derfor ikkje til å søke makt åleine, sjøl om dei skulle bli det største partiet i val. Dei stiller ikkje presidentkandidat nå, og det vil ikkje undre meg om dei også seier dei vil berre stille i eit begrensa antall valkretsar i eit kommande parlamentsval. Det har dei gjort før, for ikkje å provosere regimet, og det kan dei gjere også seinare, for ikkje å provosere USA; og for å sikre alliansen med andre opposisjonsparti som fryktar å bli overskygga av Brorskapet.

Idag er linja til Brorskapet heilt klar: Dei ønsker innverknad, men ikkje direkte, kanskje ikkje ein gong som del av ei regjering om det er USAs minstekrav, men indirekte gjennom samarbeid med den øvrige opposisjonen. Så kan jo naturligvis den politiske dynamikken framover endre det, men dersom NDP fortsetter som parti etter "overgangen", noe som i dag virker mest trulig, vil det bidra til å halde opposisjonen samla, og MB vil finne sin plass der.

Kor stor folkelig støtte har dei? Mange vil ikkje ha dei, og spesielt mellom dei som snakkar engelsk og som journalistane møter! Turistindustrien er Egypts største, og der frykter dei kva som skjer med Brorskapet ved makta. Dei kristne koptarane har faktisk blitt forsvart av Brorskapet, men mange, kanskje dei fleste koptarar fryktar likevel partiet. Opinionsmålingar snakkar om "20 prosent og opp" som vil støtte MB. Men det er usikre tal, og ved eit val akkurat idag ville dei nok fått mye meir og blitt største parti sammen med NDP (om det også får stille opp), fordi dei to er dei einaste med eigentlig nasjonal organisasjon. Om noen år, når alternative rørsler (nasseristar, lokale parti, fagrørsler) kan få bygge seg opp, kan 25-35 pst. kanskje bli det "naturlige leiet" for MB.

I tillegg må vi også sjå på andre islamske parti som kan dukke opp. Wasat-partiet, som står MB nær men er meir moderat-liberalt på mange vis, kan trekke stemmer for dei som ønsker litt meir moral, men synes MB blir for bakstreversk, men kan også bli dratt inn att i eit legalisert MB - det vil også avhenge av dynamikken internt i MB. Det har mange ulike retningar, og ved siste partival var det dei meir tilbakehaldne "gamle" som trakk lengste strå, mens yngre og meir moderniserande leiarar vart satt på vent (eit namn å merke seg er Issam al-Arian). Opprøret nå, der dei unge kreftene som samarbeider best med den øvrige opposisjonen vann fram overfor dei meir skeptiske eldre, kan også endre dynamikken internt i partiet.

Anne Sofie Roald hadde i dag laurdag ein god kronikk om Brorskapets ulike retningar i Klassekampen, diverre er den ikkje på nett, men løp og kjøp.

***

Brorskapet stiller altså ikkje presidentkandidat til dette valet, om det blir nå eller september. Kven kjem til å bli Egypts neste leiart? Vil visepresident Sulayman vere regimets kandidat, eller vil dei stille opp ein mindre belasta person, t.d. hærsjefen Muhammad al-Tantawi? Kan ElBaradei stige opp frå å vere talsmann for ein samla opposisjon til å bli ein samlande figur for valet? Brorskapet peiker på han. Dei i opposisjonen (t.d. Tagamma'u) som frykter Brorskapets innverknad kan foretrekke han som ein sekulær og vest-orientert samlingspresident, men kan òg ønske å fremme sine eigne for å markere seg. Vi skal også halde auge med to namn, som begge har sterke ambisjonar:
       - Ayman Nour, som stilte mot Mubarak sist og vart fengsla for forsøket; han er den yngste av dei aktuelle (46 år), og har kred som opposisjonsleiar for partiet "al-Ghad" ("Morgondagen"), og vil nok gjerne gjenta forsøket. Men for mange er Ghad meir del av gårsdagen enn i morgon. Nour må reknas som liberalar og modernist.
      - Amr Moussa er overraskande nok nemnt av fleire på gata. Han er 74, tidligare utanriksminister og har dermed lang historie i det gamle regimet, men har tydelig sagt han vil stille. Han stilte på Tahrir i går, men har ikkje opent krevd Mubaraks avgang (ennå). Hans popularitet kjem dels av at Mubarak skauv han til sides som ein rival, men nok også at han blir oppfatta som ein faktor for relativ stabilitet, som også hæren vil kunne godta, i større grad enn dei som kjem "utanfrå". Kor store endringar Moussa da vil gå for, er ei anna sak. Keep watching.

4 kommentarer:

Anonym sa...

Veldig interessant innlegg:)

Anonym sa...

Fabelaktig formidling! Tenk om kommentatorene i media av og til hadde lyttet til ekspertisen, da kunne vi gått en ny opplysningstid i møte!

Utrolig spennende det som skjer i Egypt nå. Når opprørståken legger seg, gleder jeg meg til å lese mer konkret om mulige samfunnsendringer i kjølvannet av det hele.

Torgeir sa...

Jeg tror Amr Moussa er aktuell fordi han, på tross av at han tilhører regimet, som generalsekretær i den arabiske Ligaen, har presentert seg som langt mer kritisk til Israel enn det noen av de arabiske statslederne har vært villige til å følge opp med.

Min påstand er at Israels motvilje mot demokrati i Egypt ikke handler om frykt for verken islamisering eller terror, men om at et demokratisk Egypt ikke vil støtte Israels blokade av Gaza lenger, men i stedet tvert imot ta iniativ til et sterkere fellesarabisk press mot Israels folkerettsstridige anneksjonspolitikk.

Om en slik politikk blir leda av en person fra Brorskapet, som er usannsynlig, eller en person som Amr Moussa, er i utgangspunktet likegyldig for Israel. I dette finner vi også forklaringa på motviljen mot demokrati i Egypt og den arabiske verden generelt blant Israels sterkeste støttespillere, også her i Norge (http://www.vg.no/nyheter/innenriks/norsk-politikk/artikkel.php?artid=10021886).

Det hadde vært interessant om du ville kommentere den analysen jeg har gjort av hva som vil være Brorskapets sannsynlige utvikling i siste artikkel på bloggen min: http://globalgeopolitikk.blogspot.com

Knut S. sa...

Morosam parallel i din blogg til det Anti-Revolusjonære Partiet i Nederland. Eg har alltid synes det var moro med eit parti som i dag har som grunnlag "Ned med revolusjonen! Altså, den franske i 1789". Det var eit tap da dei forsvann inn i CDA på 1980-tallet.

Når det gjeld Brorskapets utvikling, er det sentrale nok at det er så stort og rommer så mange ulike lag at det er vanskelig å forutsi akkurat kva retning det kan gå. I "ekstrem" lei blir det ikkje, det er for breitt til det. Men det kan gå i meir tradisjonalistisk og konservativ retning, og nøye seg med å bremse på alle "liberale" forslag, eller det kan nærme seg ungdommen og dermed den liberale middelklassen meir, og kanskje også fagrørsle osv. Bjørn Olav Utvik peiker i si lesverdige bok "Islamist economics in Egypt" på at dei først og fremst ser Sør-Korea som økonomisk modell, altså kapitalisme og rask utvikling, men "ikkje-vestlig". Skulle det gå så vel at det blir opna rom for fagorganisering og sjølstendig arbeidarrørsle, kan dette trekke Brorskapet mot venstre politisk (som stor sosial rørsle), men det veit vi ikkje ennå.

Kva gjeld partia, er det islamske Arbeidarpartiet (Hizb al-'Amal) og Wasat sjøstendige islamske retningar, med sin eigen identitet. Brorskapet har samarbeidd valteknisk med 'Amal før, men også med det liberale Wafd. Målet for Brorskapet er heilt klart nå å kunne stille under eige namn og på eigne lister; å stille gjennom andre eller som uavhengige har dei gjort heile tida, så det vil ikkje virke som noe stort framskritt.