Torsdag morgon, og vi er igang igjen. Så langt på formiddagen varierer meldingane mellom tre og sju drepte i dag, og det blir skutt med skarpt, protestantane svarer med steiner.
Mest interessant er ei melding frå Guardian om at hæren har rydda ei gangbru som pro-Mubarak-folka brukte til å kaste steinar mot protestantane. Kanskje det er bakgrunnen for NRK-meldinga om at "hæren har begynt å arrestere", som eg ikkje finn i andre medier (ennå).
Men det fokuserer på det uklare med Hærens rolle. Noen kommentatorar setter sin lit til at Hæren skal stille seg mellom regimet og opposisjonen, og at eit kupp kan leie til fredelig demokratisk overgang. Men det rimer dårlig med det innsynet at hæren er regimet. Alle dei leiande personane regimet har militær bakgrunn, det vere seg frå flyvåpenet (Mubaraks bakgrunn) eller andre våpengreiner. Som nemnt før, utgjer det "militær-kommersielle komplekset" det systemet som hindrar både demokrati og økonomisk utvikling generelt i landet.
Samtidig er det vanskelig å bli klok på hærens standpunkt i dagens Tahrir-kampar. Ein dag støtter dei nærmast opprøret, "vi vil ikkje skyte på folket". Når pøbelen (for å bruke tabloid-ordet) kjem, stiller dei seg likegyldig til kampane, så lenge den ikkje kjem inn på deira område, Museet som dei bevoktar. Så kjører dei inn lastebilar og vogner for å skille dei stridande og dermed beskytte demonstrantane (men også pro-Mubarak-folk klyver nå opp på tanks og kastar stein derfrå). Kort etter trekker dei vognene tilbake, og lar kampane fortsette, nå frå begge sider. I dag skal dei altså ha gripe inn mot noen pro-Mubarak-folk, men skal også ha latt andre av dei sleppe fram mot Tahrir.
Svart ligg kanskje i to utsagn rapportert frå ein offiser som var på Tahrir: til ein demonstrant som trygla dei om å gripe inn, "Dei [pro-Mubarak] er jo også egyptarar, skal vi skyte på egyptarar?", og "Vi har ikkje fått noen ordrer". At soldatane agerer forvirrande og på etterskott kjem tydeligvis av at dei får forvirrande og uinformerte ordrar frå sentralt hald. Og at dei handlar på ordre, ikkje etter personlig sympati eller antipati frå den enkelte offiser eller soldat. Ordren frå sentralt hald ser altså fortsatt ut til å vere nøytral (gå aktivt imellom eller passiv til sides), men beskytte museet og andre sentrale bygningar.
Dersom pøbelen er organisert av regimet, som alt tyder på (mest trulig partiet NDP, med støtte frå sikkerheitspolitiet), og hæren også er regimet og tar ordrer frå høgt oppe, kvifor er dei eine så aktiv og dei andre så tilbakehalden? Kanskje kjem det av hærens struktur. Det har mange avdelingar, presidentens livgarde som trulig er svært Mubarak-lojal, grensepoliti som er kjent for å ha lett omgang med batongar og stokkeslag, og ein ståande hær der rundt to tredelar er vernepliktige, etter dei siste (litt gamle) talla eg har sett.
Det ser ut som om det er dei siste, mest vernepliktige som nå er satt i Kairo. Og dei er trulig eit dårlig instrument til å skyte på sivile, det vere seg eine eller andre vegen. Dei følger ordre, men toppleiinga kan ikkje vite sikkert kva slags ordrer dei vil følge - deira sjølbevisstheit er at dei skal forsvare Egypt mot farar utanfrå, dei er ikkje politisk skolert (til å støtte regimet). Så dei hæravdelingane som nå står der, er nok valgt, enten fordi dei var dei som stod til rådvelde, eller bevisst fordi å roe ned situasjonen, i håp om at demonstrasjonane døydde bort etter som regimet kom med konsesjonar. (At pøbelen slo til straks det var klart at Mubaraks siste tale ikkje hjalp, var nok ikkje tilfeldig.) Var gårsdagens og dagens kampar eit teikn på at regimet ville begynne å sette hardt mot hardt og renske ut protesten, må vi sjå spesielt etter om dagens khaki-kledde hæravdelingar blir trukke tilbake og erstatta med andre avdelingar i hæren som er bedre tilpassa ei slik rolle. Enn så lenge ser det ut til at det er nøytraliteten som rår.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar