torsdag 17. februar 2011

Libya

Eg fekk ein telefon frå ein NRK-journalist i går, om at eg visst var spesialist på Libya? Eg var nok litt brå då eg svara "nei" på det, at min spesialkompetanse der stansar i 1859, for han la på ganske raskt og lovde at han skulle få sletta den innførselen i NRKs database. Litt synd, vi skal jo stå til rådvelde for media, eg ville berre ikkje bli spurt på direkten om oljeprisen eller slikt der eg ville bli svar skyldig.

Men la oss prøve litt her, i det meir uformelle mediet, kva veit vi om Libya som kan vere lokal kontekst for dei pågåande protestane? Det som har skjedd er altså;
- "Fleire hundre" til "fleire tusen" demonstrantar i den neststørste byen Benghazi med krav om demokrati, etter arrestasjonen av ein menneskrettsadvokat.
- Protestar med dødelig utfall også i byen al-Bayda sør-aust for Benghazi.
- Mindre pro-Qaddhafi-demonstrasjonar i hovudstaden Tripoli.

Kontekst:
(a) Libya er geografisk og i folk delt i to klare delar, det meir folkerike Tripolitania i vest, og det karrige Cyrenaica i aust med Benghazi som største by. Det gamle kongdømmet fram til 1969 var bygd på stammeelitane i Cyrenaica, og i den grad det er noen monarkistisk opposisjon, har den basis her. Denne er nok liten, men Qaddhafi har klart hatt regionen under særlig oppsyn og kontroll.
Det er også i Benghazi vi har sett tendensar til islamistisk opposisjon, spesielt frå studentar som protesterte på 1990-tallet. Desse vart raskt knust, og vi veit ikkje om denne opposisjonen har overlevd. Dagens protestar ser ut til å komme frå samme twitter- og facebook-generasjon som Tunisia og Egypt, og primært med eit politisk krav om demokrati. Likevel kan det ikkje vere tilfeldig at det er i Benghazi, og ikkje som i dei andre landa, i hovudstaden, at protestane har oppstått. Det har altså element av regional protest.

(b) Libya er, som vi veit, oljerikt sjøl etter prisfall og finanskrise. Det er naturligvis korrupsjon og oppsamling på toppen her som elles, men Qaddhafi har gjennom heile sin 40-årige periode også visst å spreie rikdommen utover landets seks millionar innbyggarar. Landet har ein "rentenist-økonomi", det er lite reell nyskaping (mindre enn i Gulf-landa), men den jamne libyar veit at han har det bedre enn naboane på grunn av desse tilskotta frå staten (når det har vore seriøs uro, har det jamnt komme i oljekriser, da regimet ikkje har hatt pengar å dele ut). Staten kontrollerer all økonomi, og det er likevel betydelig arbeidsløyse (opp mot 30 prosent). Dette kan gi grunnlag for sosial uro i kopling til dagens politiske uro, men i dag veit vi ikkje om større folkegrupper vil ta sjansen på slutte seg til desse ungdomsprotestane, eller halde seg i ro for ikkje å risikere det dei har.

(c ) Som i Egypt, Jemen og Syria har militærstyret også planar om å bli eit familiedynasti. Men i motsetning til Egypt og Syria, er det - iallfall på overflata - tendensar til motsetnader mellom arvingane. Ein av Qaddhafis sønner er mest kjent for å lage skandalar i Sveits, ein annan for å vere sikkerheitssjef med hard hand, men den som har vore mest i media er den dresskledde Sayf al-Islam, som har lagt an eit "demokratisk" image, seier han nektar å gå inn i styret med mindre det kjem demokratiske reformar, vil modernisere og avbyråkratisere økonomien, og reiser verda rundt som meglar i ulike konfliktar. Dette kan vere skuebrød, eller det kan representere tendensar til usemje, alt under Qaddhafis faderlige overoppsyn. Dersom "politisk modernisering" skal bety å avskaffe Libyas eksentriske "masse-styre" (som fortsatt er styresettet, "folkekomitear" utan makt mens Qaddhafi bestemmer), så vil det trulig ikkje komme før fader Mu'ammar er borte. Blir det reell oppreist, som i Tunisia og Egypt, vil openbart heile familien Qaddhafi ryke. Men om så ikkje skjer, kan dette bli ein veg mot å "normalisere" Libya, men nok fortsatt som eit autokratisk og paternalistisk styre. Som i dei andre landa, avheng utviklinga av kvar hæren går. Den er i dag tett integrert i Qaddhafis regime, og har nok meir makt enn dei gir inntrykk av.

1 kommentar:

Anonym sa...

Nok et givende innlegg, fortsett slik. Hadde óg vært interessant å lest om noe fra ditt spesialfelt, hva enn som måtte falle deg inn. Men regner med du allerede har dekket en del gjennom ''Ei verd bygd på Islam''

For øvrig en veldig interessant blogg å følge:)