onsdag 2. februar 2011

Egypt: kven blunkar først?

Den store aksjonsdagen er over, og Mubarak har svart ved å melde sin avgang - i september. Det hjelper lite, det var venta lenge før opprøret at han kunne trekke seg da. Forskjellen er måten det nå skjer på, som ein konsesjon til opprøret i staden for å legge vervet over til sin handplukka kandidat.

I talen sin snakka Mubarak elles om "reformar", som også USA legg vekt på. Han trakk fram to paragrafar i vallova som kan endras; den eine er den som krev at kandidaten må vere medlem i eit parti - som hindra ElBaradei i å stille - den andre som gir ubegrensa tilgang til attval på presidenten. Dette kan sjåas som ein invitt til ElBaradai (al-Barāda‘ī, som han eigentlig heiter, men vi får vel bli vant til "el-barra-dei") personlig, men i så fall har det ikkje lykkas, opposisjonen vil fortsatt ikkje forhandle om ikkje Mubarak går av umiddelbart.
        
I går begynte pro-Mubarak-krefter å slåss med protestantar i Alexandria og Port-Said, i dag har ei gruppe på noen hundre gått til angrep på dei omlag tre gonger så mange som er samla på Tahrir-plassen. Hæren held seg tilbake, men skal ha advart Mubarak-tilhengarane om ikkje å gå for langt. Soldatane vil halde seg nøytrale, enn så lenge. Likevel begynner nok frykten for kaos å bli ein sterkare mulig alliert for det sittande regimet enn den tidligare frykten for politi og undertrykking.

Det kan dermed sjå ut som ein stirre-kamp mellom opprøret og regimet, den som blunkar først har tapt. Opprøret held framleis fast på Tahrir-plassen og andre sentra og venter på at Mubarak skal gi seg. Om ikkje dagens mot-demonstrasjon er starten på ein større offensiv - noe som kan vere ein usikker strategi dagen etter at fleire hundretusnar stod på Tahrir - så kan det virke som om regimet, altså hæren, lar begge grupper halde på innan begrensa rammer, men gjer elles minst mulig og håpar at demonstrantane vil gi seg og dra heim.

For dette kan ikkje vare evig. Butikkane er stengt, og hyllene er tomme, iallfall i storbyane; varer blir ikkje transportert og  det sivile livet står på vent. Det kan vare kanskje ei veke til, kanskje mindre, kanskje meir, men før eller seinare må noen gi opp å berre "halde fortet, vente og sjå", ei løysing må komme.

Kva slags løysing, får vi da sjå. Men skal vi driste oss på noen hypotetiske utviklingar, så kan vi gjette litt i kor sannsynlige dei er.

- Eit er ei "tunsisk løysing"; Mubarak trekker seg umiddelbart, og alle i det gamle regimet flykter til utlandet, opposisjonen rykker inn i tomrommet og lager eit nytt Egypt. At Mubarak trekker seg straks à la Ben Ali, er nok fortsatt godt mulig. Men for at "alle" flyktar eller trekker seg, må det nok meir til.

- Motsatt er at opprøret tynnas ut, det blir færre og færre på Tahrir, utan at dei har oppnådd meir enn nå. Mange er kanskje fornøyd med Mubaraks annonserte avgang til hausten, andre ser altså med uro på at dagliglivet er blitt rykka opp, og vil ha politiet tilbake. Dagens motangrep mens det var relativt få på plassen, kan vere eit forsøk på å raske opp ei slik utvikling, skremme delar av demonstrantane og isolere den harde kjerna slik at den lettare kan bli slått ned. Men med hundretusnar i går har opposisjonen eit stort potensiale sjøl om dei meir tviksomme fell frå. Protestantane har i den siste veka berre blitt fleire, ikkje færre, og dei har også fått blod på tann, ved dei konsesjonane regimet har måtte gi. Den som er på frammarsj trekker til seg fleire enn dei som fell frå.

- Regimet setter hardt mot hardt, hær og politi blir satt inn for å rydde Tahrir, med dei midlar dei har til rådvelde. Det kan vere mulig, men igjen vanskelig å tenke seg dersom protestantane klarer å halde oppe like stor støtte som dei har hatt dei siste dagane. For hard valdsbruk kan også skape problem overfor USA. Så demonstrantane kan trulig redusere faren for dette dersom dei klarer å stå mot dagens (og kommande) mot-demonstrasjonar og igjen mobilisere opp den samme folkemengden som klarte å vinne over politiet i førre veke.

- Revolusjonære demonstrantar prøver å angripe presidentpalasset (som ligg i Heliopolis, fleire kilometer nord for Kairo sentrum) eller andre maktsentra, hæren forsvarer og det kjem til kamper. Ingenting tyder på opprøret har slike element idag, og demonstrasjonsleiinga vil opplagt prøve å stagge evt. slike forsøk. Men ein langvarig stillstand kan føre til splitting av opprøret i meir radikale og moderate. Mulig på sikt, men ikkje direkte forutskuelig idag.

- Hæren deler seg, dei som nå "ikkje vil skyte på folket" og er strikt nøytrale, vender seg mot den toppleiinga som er djupt integrert i regimet, enten i eit kupp eller intern kampar mellom delar av dei væpna styrkane (t.d. våpengrein mot våpengrein). Heller ingen ting tyder på slik splitting. Tvert om, hærens fraternisering og nøytralitet er akkurat den samme over heile landet, hæren virker vere disiplinert og i dette å ha handle på ordre som må ha komme frå høgaste hald. Også dagens passivitet frå dei samme avdelingane tyder på at hæren heile tida har fulgt ordre, det er ingen tegn til at hæravdelingar utfordrar sine eigne overordna. Det er mange ulike greiner av dei væpna styrkene i Egypt, men utanfrå kan vi ikkje sjå særlig teikn til splitting mellom dei.

- Opposisjonsleiinga rundt ElBaradei og regimet rundt Umar Sulayman kjem sammen til forhandlingar, og lager ein avtale der Mubarak går av ein gong mellom idag og september, vi får ei ny overgangsregjering der opposisjon og regjeringspartiet NDP begge er med, og ein forhandlar om vidare reformer i valsystem (og kanskje andre samfunnsfelt). Dette vil i utgangspunktet også bli sett som ein seier for regimet, sidan dei har tilbydd forhandlingar og opposisjonen har sagt nei, men om det innebærer Mubaraks raskare avgang, kan det likevel bli akseptert. Om det blir slike forhandlingar (og dette er nok ei realistisk løysing, kanskje om ei veke eller så), så kjem resultatet av opprøret mye til å handle om kva dei forhandlar om, og kva dei kjem fram til. Viktige poeng blir da:

-- Kva rolle skal regimepartiet NDP ha? Noen demonstrantar vil opplagt ha også her ei "tunisisk løysing" med at NDP skal oppløysas eller forbys. Det ville bety full seier for dei, og er lite trulig i eit kompromiss. Men NDP er så integrert i maktsystemet at om det ikkje skjer noen endringar, også på kort sikt fram mot valet i haust, så vil alt lett falle tilbake til det gamle. Kvar hen ei mellomløysing konkret blir liggande, vil vise i kva grad opprøret vil ha varig verknad på systemet i Egypt.

-- Skal alle parti, også Brorskapet og kommunistane, bli legalisert på line med andre? Her er jo omverda og USA ein støttespillar for regimets skepsis, men samtidig vil ikkje ei løysing ha folkelig legitimitet om ikkje Brorskapet får formell legalisering av noe slag.

-- Sjølve valsystemet må naturligvis reformeras, det er det som har latt NDP og Mubarak halde legalt på makta. Men korleis skal ein sikre seg mot valfusk? Er internasjonale observatørar nok? Må opposisjonen inn i sjølve statsapparatet, i organiseringa av vala, for å sikre det?

-- Korleis blir det med sensuren? Kanskje er det eit punkt regimet har minst problem med å gi etter på; pressa er relativt fri som det er, men dei stengsla som finnes må trulig også bort. Det kan skape problem overfor den tradisjonelle religiøse eliten, for al-Azhar - dei religiøse - har også sensurmyndigheit. Skal deira rett til det bort? Dei sekulære vil opplagt ønske det, for å bli kvitt all sensur. Er Brorskapet samd i det? Det kan bli interessant, om dette blir eit tema.

-- Og naturligvis det langsiktige, om korleis hærleiinga skal kunne rivas laus frå den økonomiske eliten, altså bort med korrupsjon, byråkratisk kontroll, og alle dei andre djupareliggande årsakene til opprøret og motviljen mot styret gjennom mange år. Det gav grobunn til opprøret, men kan ei forhandlingsløysing komme noe vidare med å løyse dei problema? Det er det store spørsmålet.

Vel, dette er gjetningar og spådommar, som kan vere uaktuelle i morgon eller neste veke. Men det kan vere noe å sjå etter, mens vi ser på hendingane som utfaldar seg dag til dag.

---

Eg har nå som eit forsøk opna denne bloggen for kommentarar, som eg håpar blir saklige; og eg håpar også at god nettikette tilseier at ein underteiknar med namn og epostadresse. Om det blir for mye "nettstøy" får vi heller revurdere det seinare, men altså: legg gjerne igjen eigne synspunkt på det som blir lagt fram.

1 kommentar:

Nicolai L. Haarr sa...

Meget interessant blogg Knut!

Kjekt å kunne lese vurderinger og tanker om spennende og aktuelle hendelser. Ikke minst når det er et ”kjent fjes” fra auditoriene ved UiB.
Spennende lesning å ha på siden av det vanlige pensum!

Nicolai L. Haarr (student ved UiB)
NHaarr@Yahoo.co.uk