Tysdag: To optimistiske ting.
For det første, i går sa eg: Følg med i kven som skal leie grunnlovskommisjonen. I dag melder avisa al-Masri al-yawm at juristen og historikaren Tariq al-Bishri er utnemnt til det. Det er dramatisk nytt: Bishri var ikkje berre involvert i den opposisjonelle Kifaya-rørsla i 2004. Han er også ein leiande tenkar i Wasat-partiet, dei som blir kalla "moderate islamistar". At ein så profilert opposisjonstenkar, som også er generelt respektert i samfunnet, får dette oppdraget, er svært positivt med tanke på reelle endringar. (Om han, jf. Islam without fear av Raymond Baker).
Det andre er naturligvis det sosiale opprøret som har breidd seg dei siste dagane; med streikar, okkupasjonar og krav om at korrupte direktørar og andre med sterke band til det gamle styret skal gå av. Dette vil ikkje samle heile opposisjonen, openbart, for dette er verkelig ein sosial interessekamp. Dersom dette brer om seg, så kan kanskje den politiske revolten tilmed breie om seg til å bli ein reell revolusjon. Vel, la oss ikkje bli for euforiske før vi ser omfanget av rørslene og kor uthaldande dei blir - men det har to i seg til å utfordre samfunnet like mye som den politiske oppreisten gjorde. Om det så berre fører til å skifte ut ein del av dei som har styrt investeringsmidlar i eigne lommer, er det i seg sjøl eit steg framover for målet om ein fungerande økonomi.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar