Måndag morgon. Det er mest parlamentet og ulike statlige bygningar som brenn, men utviklinga i Libya har openbart fått eit mye meir dramatisk forløp enn i nabolanda. Hæren skyter ikkje berre med skarpt, men med mitraljøsar, rakettar er også meldt, og revolten er blitt til eit klassisk opprør, der sentrale byar i aust som Benghazi og Bayda skal vere under deira kontroll.
Dei som las torsdagens blogg kjenner mye igjen: Det er det austlige Libya, Cyrenaica, som kanskje nå er i opprørets hender. Men nå har det også spreidd seg til Tripolitania. Viktig her at ein av dei leiande stammane i vest, Warfallah, har slutta seg til oppreisten. Det libyiske samfunnet er fortsatt sterkt dominert av stammesolidaritet, og dette viser at det ikkje lenger er vest mot aust, sjøl om Cyrenaica har vore spydodden.
Vi nemnte også Sayf al-Islam, Qaddhafis nest eldste son, som snakka om reformar og demokratisk endring alt for fleire år sidan (han gjekk tilmed i eksil ei lita stund før han kom tilbake til faderhuset). Det er openbart ein bakgrunn for at det var han som kom på TV i går og lovte reformar, og minte libyarane om kva oljepengane har gjort for dei og kva dei kan gå glipp av. Kva betyr det? Vel, dette er gjetning, men la oss tippe: At faderen har sagt, "nå får du ein sjanse til å prøve din måte, gå på TV og lov dine reformar. Virker ikkje det, så prøver vi ein annan veg". Men det kjem nok ikkje til å virke, så langt vi ser.
Igjen er det hæren som er nøkkelen. Qaddhafi overlevde eit forsøk på kupp for noen år sidan, og dersom det fortsatt er kretsar der som vil ha han ut, så har dei sin gyldne sjanse nå. Omverda er iallfall ikkje noe problem for eventuelle kuppmakarar. Men, på den andre sida, dei har nettopp vist at dei er villig til å knuse opprøret i blod, og det er mulig å gjere det. Om Libya nå minner om noe, så er det Syria i 1982. Den gongen tok opprørarar også kontroll over ein større by, Hama, men vart knust då Assad-regimet sendte inn bombefly og tanks og bomba store delar av byen til småstein, med opprørarane i. Sidan har det vore stille i Syria. Det kan skje igjen, men Hama var ein by, Qaddhafi kunne kanskje kopiere det f.eks. i Bayda, men ikkje i heile Cyrenica, for ikkje å si Tripoli og andre sentrale byar i vest.
***
For folk i Bergensområdet: Litt i all hast har vi laga til eit opent møte der vi skal snakke om slike ting som har vore oppe her, "Kvar går Midtausten?". Nefissa Naguib fortel om sine opplevingar midt i kampen på Tahrir, og vi får korte innlegg om Egypt og Bahrain (Linda Kjosaas), Tunisia (Marit Tjomsland), Jemen (Eirik Hovden), og av underteikna. Torsdag førstkommande, 24.2, kl. 14 i SMI/Bergen Ressurssenter, Jekteviksbakken 31 ("Jus II")
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar