Demokratibølge eller nasjonale revoltar?
Svaret på tittelspørsmålet er vel opplagt: Det er begge delar. Dei ulike protestane i dei arabiske landa er openbart insipirert av suksessen i nabolanda, og resultat av ein liknande situasjon med autoritært styre. Revolten har spreidd seg i ei relativt lik gruppe mennesker, det vi kallar “Facebook-generasjonen”, men røttene til denne felles-arabiske utviklinga går egentlig lenger tilbake, til oppkomsten av dei panarabiske avisene på 1980-tallet, og naturligvis Jazira og andre TV-kanalar deretter.
Nå er dette rett nok ikkje nytt, Nasser brukte også panarabiske etermedier som radio-kanalen Sawt al-thawra på 1950-tallet til spreie sin arabiske nasjonalisme. Også det hadde stor betydning for ideologisk utvikling i nabolanda.
I dagens situasjon er det eit poeng kven som har tilgang til desse nye mediene, og at idespreiinga vart kopla til ein økonomisk nedgang for desse gruppene. Altså ikkje berre generell arbeidsløyse, men aukande arbeidsløyse og andre økonomiske problem hos dei unge utdanna gruppene som håpte på noe bedre, altså ei kopling mellom økonomiske og politiske ambisjonar.
Dette er felles, og har gått frå land til land. Men det har gitt ulikt utslag; i noen land, som Egypt, vekte det store massar som openbart ikkje alle har Facebook-profil, men som har latt seg mobilisere når noe først starta. Det vekte ein ressonsans der, mens det i andre land har vore mindre ressonans. Demonstrasjonar har det vore overalt, men i noen land har det vore noen tusen eller kanskje hundrer, mens altså i Egypt snakker ein om fleire hundretusnar og kanskje “millionar”. Størrelsen forteller oss noe; det er opplagt forskjell på å mobilisere 10-20.000 og ein halv million: det siste har truffe ein nerve det første ikkje har. Men kanskje viktigare enn antallet er uthaldenheita; den eine millionen i Kairo var viktig, men at samme antallet kom igjen og igjen var det som fekk det til å tippe over: villigheita til ikkje å gi opp, ikkje berre frå den harde kjernen, men frå desse store massane. Dette var nøkkelen til sukssessen, og oppstod altså i noen land, ikkje (ennå) i andre.
Og da kjem ein til det lokale. Men først ein ting som er felles for dei fire landa som har blitt primært ramma: Tunisia, Egypt, Jemen og Libya: Noen av dei er militærstyrte, andre er som Tunisia sivile; noen meir repressive, som Libya, andre er mindre. Men det dei har til felles er at desse hadde dei eldste regimeleiarane i Midtausten. Ikkje dei mest eller minst repressive: Syria er klart meir repressivt enn Egypt, mens Libya meir undertrykkande enn Syria. Regimet i Syria er gammalt, frå 1970, men leiaren har ikkje sitte lenge, berre ti år.
Dette kan vere ein nøkkel, det skapte ein desperasjon om at nok er nok i dei landa som har meir enn 25 år på baken. Kanskje også faren for det dynastiske; regimet klarte altså i Syria å overføre frå far til son, og i alle dei fire hadde leiaren familie i bakhald. I to av dei, Tunisia og Egypt, var det kjent eller antatt at leiaren var så sjuk at han snart måtte skiftas ut; og altså da kanskje med ein familiemedlem.
Her kan ein altså dra inn begrepet korrektive militærkupp. I eit demokrati skiftar ein styrar jamnlig i valg, i militærdiktatur skiftar ein styrar med meir ujamne mellomrom ved nye korrigerande militærkupp. Dette var det typiske i Afrika på 1960-80-tallet; dei fleste kuppmakarar vart sjøl kuppa etter 5-10 år (noen satt lenger). Kupp som enten førte til sivilt styre, slik som i Sudan i 1986, eller at det nye militære vart sittande, men iallfall ei endring. I våre fire land kom det aldri noen slike korrektive militærkupp, regimet berre sat og sat og sat, og så skulle det fortsette i enda ein generasjon: dette vil ingen ende ta. Dette kan ha vore ein grunn til at protestane har fokusert så eintydig på personane, Ben Ali, Mubarak og Qaddhafi, meir enn på regimet eller militæret (rett nok parolar mot al-nizam i Egypt), og at protestane vart utløyst akkurat her.
Så har vi det reint nasjonale, som openbart har lagt grunnen for revolten i kvart land, lokale omstende. Men la meg også berre her notere ein ting som er påfallande. Noen kommentarorar har lagt merke til at protesten har vorte individualisert, at det ikkje har vore snakk om kollektive størrelser som det “arabiske”, eller den “islamske umma”, men om det universelle og individuelle, med samme type retorikk som i Europa. Det er interessant, og viser klart effekten frå Jazira og debattane der, som jo nettopp har vore dominert av den typen begrepsbruk. Velkjent også frå opposisjonens felles kamp i Egypt gjennom fleire år for reformer osv.
Men det er noe anna som også slår meg, det er den sterke nasjonale patosen som er brukt, og da nasjonal for det enkelte landet: det tunisiske, det egyptiske: Vår egyptiske hær vil aldri skyte på egyptarane. Han der er egyptar, kan du skyte på han? Og på motsatt side, dei andre er utanlandske agentar. I Libya nå er det komme så langt at regimets soldatar berre blir kalla “fremmede leigesoldatar”, afrikanarar osv., når det er snakk om regimelojale grupper som openbart ikkje alle er utlendingar; dei har jo slått ned opprør like blodig før (og det har da faktisk også den egyptiske hæren, i tidligare tider). Men det danner seg altså ein mytologi på at “nasjonen står samla, det er utenkelig at ein libyar kan skyte på ein annan, det må vere folk utanfrå som snakkar fransk eller anna ikkje-arabisk”. Det har da ført til angrep på sakesløse afrikanarar, men også på tunisiarar, faktisk, i vestlige delar av Libya. Desverre er ikkje det noe heilt nytt, rasistiske angrep på afrikanarar har det vore også før i seinare år i Libya. Men iallfall, det understreker kanskje det “moderne” og iallfall europiske, i vektlegginga av dagens statseiningar som nasjonale fellesskap, trass i at det f.eks. i Libya kanskje ikkje egentlig finnes noe slikt fellesskap. Akkurat kor sterk libyisk nasjonal einskap er, vil vise seg om regimet faktisk fell der, og noe nytt må byggas noe opp frå scratch.
Dette med lokale forhold er jo komme klart fram også i forskjellen mellom monarki og republikk, der protestane i monarkia stort sett ikkje har gått på “vekk med personen”, tvert imot lojalitet mot kongen både i Jordan og Marokko, men med krav om konkrete systemendringar, som konstitusjonalisme. Kanskje det er ein grunn til at protestane der er mindre i omfang, sjøl om det jo er telt frå 30.000 og opp i Marokko. Bahrain utgjer her eit særtilfelle, med sine langt meir dramatiske hendingar, men her er det heilt opplagt det spesielle med den store shia-majoriteten som pregar protesten, sjøl om også her er dei “nasjonale”, “Ikkje sunni, ikkje shia, men bahraini”.
Libya-konflikten er jo prega av nasjonale særeigenheiter, og det har vore spesielt for ein historikar å sjå kva rolle det historiske bakteppet, organiseringa av landet under kongedømmet og tidligare, nå har for å kunne forstå betydninga av det som skjer. Gamle namn som Cyrenaica og Tripolitania dukker opp igjen, og noen nevner tilmed Sanusiane og deira betydning. Men skal vi peike framover, meiner eg altså at det viktige nå er å sjå på kva skjer i nummer-to-byane i vest, som Misurata, Zawiya, Sabratha, Syrte osv, og sjå om denne revolten i aust kan utvide seg til å bli nasjonal, i betydning få like stor styrke i vest som i aust. Dels fordi det viser om regimet faktisk er i ferd med å rakne, eller om det kan klare å kue opprøret. Vi må jo hugse at det ikkje er umulig, Qaddhafi har slått ned opprør før, med like store tapstall som i dag, og det har fungert. Men ikkje i så stor breidde som i dag.
Men det seier også noe om framtida, dersom Qaddhafi-regimet faktisk fell – noe som altså ikkje er sikkert, men som eg nok likevel nå reknar som det mest trulige utfallet; han har ganske bratt oppoverbakke for både å få kontroll over Tripolitania, og så deretter gjenerobre eit Cyrenaica som ser til å begynne å organisere seg og væpne seg, med fleire truverdige rapportar om hæravdelingar som støtter opprøret. Ikkje umulig for Qaddhafi å vinne tilbake, men vanskelig.
Men om han altså fell, så blir det viktig om dette berre blir fortenesta til cyrenaikarane eller om Tripolitania klarer å organisere ein så sterk motstand at dei kan også kreve sin del av æra. Libya kjem, trass i retorikken, ikkje til å vere eit samla land etter Qaddhafi. Men det må vere eit land som føler at dei har ein felles skjebne vidare, og ikkje der kvar provins synes at dei har kjempa kvar for seg og derfor må tenke på seg sjøl i det nye samfunnet som skal oppstå. Den viktigaste og einaste rikdommen i Libya, oljen, er felles, og eit føderalt Libya er vanskelig å forestille seg som eit fungerande system. Det eksisterer ikkje noe sivilsamfunn, og tendensane til xenofobi er ikkje positive.
Mange, også eg, peiker på stammeleiarar og tradisjonelle strukturar, men mange av dei er kompromitterte enten mot kongedømmet, som var eit korrupt system, eller for å ha samarbeidd med Qaddhafi. Dei kan kanskje bli ein overgang, men det vil kreve ein rask modningsprosess i det sivile samfunn for at eit nytt og moderne Libya skal bli velfungerande. På den andre sida, det er det einaste av opprørslanda (ved sida av Bahrain) som har ein betydelig oljeøkonomi og store inntekter, så dei har forutsetningar, og dei vil heilt klart også vere mye meir i omverda, les olje-konsumentanes, fokus enn mange av dei andre som kanskje mister medieinteressen straks blodet er tørka opp.
(Innlegg halde 24.2.2011 ved Senter for Midtaustenstudiar / Bergen Ressursenter for for Internasjonal Utvikling)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar