søndag 30. januar 2011

Egypt: president eller regime?

Daglige innlegg nå, men når ting skjer er det meir å kommentere.

Opprøret har nå vunne noe seire, spørsmålet er nå kva det kjem til å innebere.

- Det har vunne slaget om gatene. Statsmakta prøver ikkje å handheve portforbudet, politiet er trekt tilbake og erstatta med hæren som berre prøver å beskytte statlige bygningar og hindre plynding, ikkje hindre forsamlingar av protestar.

- Svært interessant er ein rapport frå Suez om at ikkje berre politiet, men også dei sivile statstilsette "er forsvunne frå kontora". Fredag var fridag, og mange heldt seg sikkert borte i frykt for å bli angrepe; det er nå hærens oppgåve å roe ned slik frykt. Men dersom statskontora faktisk ikkje kjem i drift att, kan det leie til at landet blir "uregjerlig", som betyr at opprøret har vunne. Så langt er likevel ikkje desse rapportane bekrefta. Meir trulig er det at politiet berre er trukke tilbake til sine kaserner for ikkje å provosere fram meir uro. Likevel, taktisk seier til opprøret.

- Mubarak har erkjent retten til å protestere, og at det må komme "forandring", sjøl om ingen trur på han. Heller ikkje skiftet av regjering lar noen seg imponere av; knapt noen brydde seg om den førre. Men utnemninga av visepresident, Umar Sulayman (Omer Sliman), er derimot viktig. 

Mange peiker på han som ein mulig ny leiar av landet, at Mubarak vil tre tilbake og overlate presidentvervet til han, evt. som overgang fram til det ordinære valet i november. Fleire peiker på at Sulayman er kjent som balansert og effektiv, og vil sjå dette som seieren for opprøret: Hovudkravet til protestane som vi ser på dei handskrivne plakatane er, "irhal", "reis", og "Nei til Mubarak". 

Om Mubarak da faktisk går av, vil det også opplagt vere ein stor seier, nok ein president må gå etter eit folkelig opprør. Det er ennå ikkje sikkert at det vil skje, men det er lettare å forestille seg det i dag enn for to-tre dagar sidan. Som sagt før, revolusjonar bygger seg opp over tid. Men vil dette, dersom det skjer, vere nok: betyr Mubaraks avgang (om den finn stad) at regimet har falt?

Da må ein sjå litt på situasjonen i Egypt dei siste par åra. Mubarak har hatt lange sjukeopphald i Tyskland og i Sharm al-Shaykh, og er ikkje den som har styrt butikken. Han er meir symbolet på det gamle regimet, og spørsmålet har vore: Når Mubarak dør (det har vore "når"), kven tar over? Kandidatane folk har snakka om har vore to: Sonen, Gamal Mubarak, og "hærens mann"; den samme Umar Sulayman. Ved gårsdagens utnemning er det rimelig klart at det spørsmålet er besvart: Gamal er ute, og Sulayman er inne. Berre det var ein klar seier for opprøret, og vil sende eit signal til mange andre presidentar som gjerne vil la sine sønner ta over (slik som familien Qadhafi i Libya): Dei klarte det med Assad i Syria, men kanskje det ikkje blir fleire.

Så Mubarak-slekta er ute når dagens president før eller seinare går ut. Men regimet er ikkje borte med det. Her må ein igjen peike på forskjellen mellom Tunisia og Egypt. I det første landet var korrupsjonen og nepotismen konsentrert rundt presidentens og hans kones familiar. Dette gjorde regimet der svært smalt, og sårbart. I Egypt snakker vi heller om ei sammensmelting, gjennom fleire tiår, mellom toppskiktet i hæren og eit korrupt og forbrytersk rikmannsvelde; hæren er blitt eit forretningstiltak, og for å få kontraktar og utføre kva som helst måtte ein vere del av denne klassen. Mubarak er berre symbolet, det er dette "militær-kommersielle komplekset" som har styrt Egypt. Og Sulayman og dei andre frå det gamle regimet er del av dette systemet. Det vil halde på sine privilegier og sine pengar, og så lenge hæren er samla, vil dei beskytte systemet. Å ofre Mubarak er ein liten pris; ja, kanskje det berre skyver fram eit personsskifte som uansett ville komme seinare i år eller neste år. Det viktige blir, ikkje berre kven som kjem i staden, men på kva måte.

Vi har sett på bilder i går at folket omfavner soldatene, og at noen av dei har beskytta protestantar mot politiet. Kan hæren bli delt, slik at lågare offiserer gjer kupp mot sine "business-generalar" og slutter seg til opprøret? Slike kupp er vel kanskje, må vi tru, noe dei sistnemnte har forutsett og tatt steg for å hindre. I dag seier rapportar at soldatane ikkje lenger lar protestantane klatre opp på panservognane, slik som i går, så kanskje det var berre ei villa opning for å "lette trykket" og oppnå tillit. At folk har slikt eit positivt inntrykk av hæren nå, er nok først og fremst fordi dei ikkje er politiet, og altså ikkje har prøvd å slå ned protesten, berre halde den innanfor akseptable rammer og stanser plydring og branner, noe også moderate protestantar er for.

Skal opprøret bety eit regimeskifte og verkelig utvikling mot demokrati i Egypt, må det derfor gå djupare og bli eit sosialt opprør. Politisk må det kreve djupare demokratiske endringar, der oppløysing av partiet NDP og nye valglover der alle parti stiller likt og kan vinne fleirtal, berre er eit minimumskrav. Spørsmålet om det Muslimske Brorskapet kan ein ikkje komme utanom, eit slikt demokratisk og sosialt skifte er ikkje tenkelig om ikkje Brorskapet får like rettar med andre parti. Og det har altså konsekvensar for korleis omverda (dvs. Israel og dei som setter kompasset sitt etter det) vil sjå på dette opprøret.

lørdag 29. januar 2011

Egypt, kvar går du?

Dramatisk døgn i går fredag, NDP brenn og regjeringa går. I dag held protestane fram. Vil regimet likevel falle, tok eg feil da eg på onsdag var skeptisk til at dette kunne hende?

Det vil jo vise seg framover. Men det er nok fortsatt grunn til å halde hodet litt kaldt. Motkreftene er sterke, så langt er det ingen tegn på hæren slår sprekker i si støtte til regimet. Held hæren stand, så må det til langt breiare, og ikkje minst langvarig protest. "Folk flest", iallfall mange av dei, vaklar nok mellom sympati for kravet om at Mubarak må gå og frykt for vald og plyndring. Det er klart eit problem for opprøret nettopp at det ikkje er samla om noe anna enn "forandring". Hadde dei hatt ein person, eller i det minste ein ideologi, å samle seg rundt, så hadde det vore lettare å mobilisere dei nå passive til at "dette er bedre enn det vi har", da ville dei kanskje også oversjå noen eksessar i ruteknusing og brannstifting som i dag kan skremme.

Så langt kan vi ikkje sjå noe slikt fokus. El-Baradei er ukjent for dei fleste, og helst middelklassens mann, om det. Dei sekulære partia er svake, og også leia av "gamle menn". Det er også det Muslimske Brorskapet, som likevel har ein organisasjon og kunne spreie protesten utover landet. Så langt har dei altså vore passive støttespillarar, delvis fordi dei - enn så lenge - nok eigentlig ikkje trur at dette opprøret kan vinne, men ungdommen pressar på for å få dei til å vere meir aktive. Gjer dei det, kan det styrke protesten. Men det kan også splitte den, mange i den sekulære opposisjonen frykter opplagt ein revolusjon leia av Brorskapet. Og ikkje minst vil det få Vesten og utlandet til å snu seg mot opprøret. Kva vil vel Israel meine om eit Egypt leia av Brorskapet, Hamas sin allierte, eller som del av ein styrande koalisjon? Kva vil i det heile Israel meine om eit meir demokratisk Egypt, som heilt sikkert vil bli meir Israel-fiendtlig? Og kva vil Israels haldning bety for USA sin?

Desverre, eg vil nok fortsatt i dag tru at dei kan ta det rimelig med ro. Om protestane klarer å halde oppe dampen og utvide seg, over ei veke eller to, kan ting endre seg, men vi er ikkje der ennå. Det som da blir meir interessant, er kva dette vil si for presidentvalet i haust. Vil opprøret føre til at noen i hæren antyder at Mubarak nok bør nyte sitt otium, og at dei dessutan bør finne ein yngre person, som ikkje heiter Mubarak til etternamn? Ein som med større truverde kan snakke om "forandring" og "ny giv", med noen reformer som gir nye grupper i middelklassen større økonomisk spillerom, samtidig som regimets grunnpillarer (dei sjølve, og den overklassen som tener på systemet idag) held fram som før? Det er ikkje utenkelig. Det vil passe dei herskande, det vil passe USA og Israel, og det kan vere nok til å passivisere middelklassen, med mindre dei opprørske i mellomtida har klart å stille på beina eit bedre, og realistisk alternativ.

- Det siste nå er at Umar Sulayman er utnemnt til visepresident. Han er sjef for etterretningspolitiet, og har vore nemnt før som "hærens alternativ" til Mubaraks son Gamal (som faren ønsker skal ta over når han ein gong skal gå). Men Sulayman, som er 71, er i den grad knytta til Mubaraks regime, at hæren nok må grave djupare om dei skal kunne finne noen til å markere ein "overgang i kontinuiteten". -

***

I skyggen av dette fekk Tunisia ny regjering i går, som var ein ny, og kanskje avgjerande seier for opprøret der. Som vi skreiv førre veke, forlangte fagrørsla UGTT at alle i Ben Ali-partiet skulle ut, bortsett frå statsministeren Mohammad Ghannouchi, og det vart innfridd i går. Den nye overgangsregjeringa er mest sammensett av teknokratar, og skal leie fram til valet om eit halvår. UGTT deltar ikkje, men støttar nå regjeringa. I gatene er det fortsatt dei som krev at Ghannouchi sjøl må gå, men noen rapporter seier at dei er eit mindretal, mens fleire feirer dette som ein seier.

Mens vi venter på islamistane i Ennahda, og kva rolle dei vil spille, er det dermed fagrørsla UGTT som er interessant. Ho har ei viktig rolle i Tunisias historie, og var i periodar dei som dreiv frigjeringskampen mot det franske styret, når nasjonalistpartiet til Bourguiba var undertrykt eller i eksil. Dei to var nær allierte, men etter frigjeringa tok partiet og Bourguiba styring med fagrørsla. UGTT fekk stor innverknad i den "sosialistiske perioden" frå 1961 til 1970, men på Bourguibas nåde. På 1980-tallet gjorde dei, heller svake, forsøk på å frigjere seg i samband med økonomiske nedgangstider og protestane som følgte. Men nå ser det altså ut som om dei har klart å rive seg laus og bli ei samlande og sterk opposisjonsrørsle.

Kor sterk, vil vise seg, og også kva slags politikk dei vil gå for, men dersom dei klarer å etablere seg som den dominerande krafta framover, kan ein tenke seg at ein fagrørsle-orientert og kanskje meir "sosialdemokratisk" pol kan komme til å bli eitt alternativ, mens eit moderat konservativ islam-orientert pol rundt Ennahda kan bli eit anna. Men det er igjen berre spådommar, den politiske utviklinga er komme alt for kort til at vi kan si kva som blir retningane framover. Det vil også vise seg om eit halvår er nok til å bygge samlande alternativ.

onsdag 26. januar 2011

Egypt neste?

Det rører på seg i Egypt, med demonstrasjonar ikkje berre i Kairo, men også i Alexandria, Mahalla, og andre byar. Kan Egypt komme til å følge etter Tunisia?

Yareet, seier egyptarane, hadde det enda vore slik. Nå skal ein aldri si aldri, men Egypt har hatt demonstrasjonar før. Berre for tre år sidan var det også opptøyer, igjen i byen Mahalla, med fleire drept, men utan at det førte til noe. Det skal meir til enn noen titusnar i gatene for å rokke regimet. Tahrir-plassen er nå sentrum for protestane, og avisene seier idag at politiet står tettpakka der. Utanfor sentrum går livet sin vante gang, rapporterer Le Monde. Den viktigaste opposisjonsrørsla, det Muslimske Brorskapet støttar protestane, men vil ikkje mobilisere opp sine folk, trulig for ikkje å provosere eller at protesten skal bli stempla som "islamistisk".

Ein grunn til at akkurat Egypt får opptøyene (sjøl om andre, særlig Algerie har hatt sine), er nok den kjensla av "fin de siècle", slutten på ein epoke som har rådd i landet i fleire år. President Mubarak er etter alle forlydenar sjuk og har kanskje ikkje lenge att, så alle venter på "kva skjer nå", vil vi få eit dynasti med sonen Gamal, eller vil "dinosaurane" i hæren putte inn ein annan av sine eigne. I denne stemninga er det ikkje lett å tenne eit håp om at protestar kan utløyse ei skikkelig endring, ein revolusjon, som i Tunisia.

Men Tunisia var vel egentlig ikkje ein revolusjon i den forstand at noen greip makta. Det var heller ein intern kollaps, det gamle regimet fall sammen utan at noen sto klar til å ta over; derfor veit vi heilt heller ikkje korleis det går der. Regimet i Egypt er gammalt, men det ser ikkje ut til å vere slikt eit korthus som i Tunisia. Kor mye støtte har faktisk regjeringspartiet NDP? Ikkje så mye som dei "får" i vala, det er klart, men vi skal ikkje utelukke at det faktisk kan ha noe oppslutning, ikkje minst om alternativet blir Brorskapet.

Alle revolusjonar bygger seg opp, og dersom protestbølga i Egypt klarer å halde det gåande over tid og vide seg ut i landet slik at regimet mister evna til å regjere, så kan ting begynne å skje. Men vi bør ikkje ta feiringa på forhånd. Kvart land har ulike vilkår, og grunnlaget for regimekollapsen i Tunisia treng ikkje gjenta seg i Egypt, er eg redd.

mandag 24. januar 2011

Kva betyr "religionskritikk"?

Enten det er snakk om islam eller kristendom, anten ein er for eller mot karikaturar, er alle einige om at "vi må jo ha religionskritkk". Men kva betyr det egentlig? For meg verker dette ordet uklart, fordi det vel dekker over "kritikk" som har heilt ulikt innhald og ulikt mål:

- Ein er kritikk av religionar generelt; alle religionar er falske fordi det ikkje finnes noen gud av noe slag: Kritikaren er ateist, og målet er å svekke eller avskaffe alle religionar.

- Eller det kan vere kritikk av ein annan religion enn eins eigen, fordi din er "falsk" og min er "rett": Kritikaren er truande, ein monoteist som tar på alvor "du skal ikkje ha andre gudar enn Meg" / "det fins ingen gud utan Gud". Målet er å svekke den kritiserte religionen.

- Eller ein kritikk av "urette" tolkingar av eins eigen religion; Gud har "eigentlig" meint noe anna, eller mi eiga tolking er av andre grunnar betre. Kritikaren er truande av samme religion, og målet er å gjere den kritiserte religionen bedre.

Kven av desse er det som er høgverdig og som vi "må" drive, og kva slags kritikk er det som gir meining? Den aggressive ateismen kan raskt komme i butt med religionsfridomen, for i denne ligg det ein toleranse for andres tru som er i strid med at "alle religionar bør avskaffas". Den som misjonerer for at "din gud er falsk fordi min er rett", står eigentlig også i samme båt: Begge to må naturligvis få hevde at alle gudar / denne eine guden ikkje finnes og er dessutan ein dårlig gud. Også den tolerante ikkje-truande vil jo helst vere einig i det. Men sidan trua sjeldan er basert på ei rasjonell avveging av fordelar og ulempar av ulike gudar, blir slike debattar oftast ikkje spesielt fruktbare.

Den siste varianten er meir interessant. Men her er spørsmålet på kva grunnlag ein kan føre ein slik "intern" kritikk for å forbetre innhaldet i religionen. Her vil den truande og den ikkje-truande skille lag; for den truande er Guds rolle sentral, religionens sanne vesen må vere det Gud har bestemt. Målet må derfor vere å avdekke denne sanne Gudsviljen. For den utanforsåande, ikkje-truande gir ikkje det målet noen meining: når Gud ikkje fins, så har han heller ikkje noen sann vilje. For den ikkje-kristne kan det derfor ikkje finnas noen "sann kristendom", for ikkje-muslimen ikkje noen "sann islam". For den kristne og muslimen er dette meiningsfulle begrep, om ikkje anna for den enkelte truande sjøl, kvar muslim må bestemme kva som er sann islam for han. Vi andre kan ikkje bestemme dette for oss sjøl eller andre.

Vi kan derimot delta i to andre typar samtale, eller kritikk, rundt ein religion som vi ikkje delar. Vi kan komme med ein normativ kritikk av konsekvensane av ein teologi, sett opp mot eit normativt grunnlag som vi har utanfor religionen (og Gud), slik som universelle normer om menneskerettar osv. Vi kan ikkje si om enkebrenning er "sann" eller "falsk" hinduisme, men vi kan si at enkebrenning er i strid dei normane vi sjøl, som menneske og samfunnsborgarar reknar som ufråvikelige. Dette er ikkje så mye ein religionskritikk som ein normkritikk; vi kritiserer dei normene som kjem til uttrykk (enkebrenning) uavhengig om dei er begrunna religiøst, kulturelt, politisk eller på anna vis.

Dessutan kan vi delta i ein logisk debatt om innhaldet i ein religion, uavhengig av normsystem, der vi kan bruke begrep som "sann" og "falsk", eller i det minste "rimelig" og "urimelig"; ikkje ut frå Guds vilje, men ut frå objektive kriterier som t.d. språk og logikk. Denne debatten kan vi dele med den truande, og langt på veg på samme måte som dei drøftar internt. Men mens den truande er underlagt eit ønske om å få det normative (det som er "sann tru" for han) og det logiske til å henge sammen, er den ikkje-truande fristilt frå dette ønsket, og kan godt komme fram til at det normativt riktige er ei ulogisk og urimelig tolking og omvendt.

Vi kan vise forskjellen med eit eksempel: Eit kinkig spørsmål i moderne islamtolking er Koranens vers 4:34, som m.a. seier om ulydige koner, at om ingenting anna nyttar, "wa'dribuhunna", "så [daraba] dei". I vanlig arabisk betyr dette verbet "slå". Korleis skal ein forstå det? Har ektemannen her Guds fullmakt til å denge kona? Dette strir openbart mot vårt normative grunnlag i vår tid, men også muslimske teologar har hatt problem med dette. Derfor har dei søkt etter utvegar.

Ein måte er å legge inn ei kvalifisering i teksta. Slik t.d. i Yusuf Alis mye brukte omsetting: "beat them (lightly)", evt. med tolking om at det er snakk om lette klaps med eit tørkle, ut frå ein profettradisjon. Men for det første er dette neppe godt nok, vi godtar heller ikkje retten til lette klaps, og dessutan står det i Koranverset rett fram "så slå dei" utan noen slik begrensing. Ein annan er å omsette til meir generelle termer om tukt, eller å påstå at dette ordet på arabisk har mange ulike tydingar, slik som "forlat, unnvik", og at vi må forstå ordet slik (sjå t.d. www.flw.ugent.be—bogaert4.htm, også Laleh Bakhtiars omsetting, "then go away from them"). Det har sin støtte i at dei fleste ord i arabisk er mangetydige og ofte betyr heilt motsatte ting. Men det er alltid ei grunnbetydning som er den normale meininga, og "daraba" er det heilt vanlige ordet for "slå".

Ein annan måte er å fri seg meir frå Koranens ordlyd. Meir radikale, særlig feministiske, teologar gjer det, og bruker tanken om "erstatning": Koranen har fleire sjølmotseiiande påbod eller tilrådingar, til dømes både positive og negative til å drikke vin. Den vanlige tolkinga er at Openbaringa skjedde over tid; Gud hadde ein bestemt vilje, men for å lette overgangen for dei første muslimane innførte han noen reglar i to omganger, så dei skulle gradvis få tilvenne seg det rette. Det verset som vart openbart sist er derfor det som gjeld og "erstattar" innhaldet i det eldre verset. Det, seier feministane, viser at islam og Gud har eit etisk grunnlag og ei retning som kan bli innført stegvis ut frå kva som var mulig i samtida. Når det gjeld kvinner, er Koranen heilt klar på at Gud ønsker å betre deira stilling i retning av fullt likeverd med mannen; det kan ein lese både ut av det som blir sagt om kvinner og dei konkrete påboda. Men på Profetens tid, da Koranen vart skrive ned, kunne ein ikkje komme lenger enn ein gjorde. Likevel må muslimane gå i retning av det som er Guds etiske ideal, og idag kan vi altså i mye større grad gjennomføre Hans vilje om likestilling enn på Muhammads tid.

Ein slik måte å forstå islam på bygger jo fortsatt på Koranen og "Guds eigentlige vilje", det er Gud som skal legge grunnen for muslimens liv. Men for dei fleste muslimar er det vanskelig å foreine det med ein tanke om at Koranen er Guds endelige ord, da burde det i det minste ha funnes eit eksplisitt utsagn som går i den retning i Koranen, og som vi idag ville kunne forstått på vår måte. Ei slik tolking forutset altså ikkje berre ei endring av oppfatninga av kvinner, men også av oppfatninga av Koranens plass i islam.

Kva vil så religionskritikk si her? For ein truande muslim er alle desse formene for kritikk av den tradisjonelle tolkinga av dette verset både mulig og "rett" for han sjøl. Han (eller ho) kan meine at verbet "daraba" må forståas som "forlat dei" i staden for "slå dei". Dersom det er rett for henne at det er dette Gud eigentlig har meint, så er det rett religion for henne, for det er den truande som bestemmer trua, og ikkje ordboka. Dersom ho meiner at Koranens bod må forståas i ei historisk og dynamisk ramme, som uttrykk for eit etisk grunnlag som i dag blir også uttrykt i dei universelle menneskerettane, ja så er det rett islam for henne. Men det kan vere falsk islam for andre, for så lenge det er snakk om den personlige trua om kva Gud har meint, og korleis dei truande skal leve ut si religiøse tru, så har ingen muslimar forrang framover andre (med mindre andre truande gir noen ein slik autoritet og forrang; men så vil det bli opp til dei som tenker annleis om dei vil legge seg under den autoriteten).

Uansett, denne debatten kan ikkje den ikkje-truande legge seg opp i, for den bygger på kva val den truande gjer i forhold til si eiga tru, og den treng ikkje vere logisk. Tvert om; dei mest sympatiske tolkingane, dei som fell sammen med vårt verdigrunnlag er ofte dei mest ulogiske, som at ordet "daraba" eigentlig betyr noe heilt anna enn det det openbart betyr, eller at Koranen ikkje eigentlig er det som muslimar har meint det er gjennom 1400 år. So be it, om det er det som må til for å gjere firkanten rund.

Alt vi kan gjere, er å klarlegge kva normgrunnlag vi meiner er rett, og som vi meiner alle bør dele anten dei er truande eller ei. Noen normer er uomgjengelige i det moderne samfunnet vi skal leve i (det vere seg det norske eller verdssamfunnet), andre er positive og ting vi vil kjempe for sjøl om vi godtar at alternativ finnes; det er ein annan debatt kva som er kva der. Men uansett, våre standpunkt og vår argumentasjon går her på normene, ikkje på religionen. Det er oss revnande likegyldig korleis dei truande eller andre kjem fram til å dele desse normene, vår interesse er at dei gjer det. Om dei omtolker tekstane språklig men beheld autoriteten som Guddommelig, om dei løyser opp autoriteten til dei heilage tekstene og ser på "etikken", eller om dei rett og slett gir dei universelle normene openlyst forrang foran kva Gud kan ha meint, det må dei sjøl få bestemme, så lenge resultatet blir noe vi kan leve med.

Derfor virker begrepet "religionskritikk" feil her. Det høres enten ut som om vi ikkje-truande skal gå inn i teologien og blande oss i kva som er "rett tru", evt. at vi skal meine at religionen ikkje kan forbetras uansett. Religionskritikk er openbart riktig namn på dei som vil bruke tida si på å bevise at gudar er oppspinn og religionar noe tøv, som kan vere intellektuelt morosamt, men kanskje ikkje samfunnsmessig nødvendig. Det som er nødvendig er noe anna, å snakke om kvinnerettar, om likestilling, demokrati; ikkje fordi det er rett teologi, men fordi det er rett.

Det er kritikken. Men så lenge desse tinga også blir drøfta innanfor religiøse termar og kva som står i heilage skrifter, må vi naturligvis også la oss informere om desse debattane, sjøl om vi altså ikkje kan ta normativt del i dei. Vi må kunne forstå både kvar dei truande kjem frå, og kvar dei går, for å begripe innhaldet i det dei seier. Alt for ofte blir, i "religionskritikkens" namn, store og merkbare steg i "riktig" retning oversett fordi dei ikkje stemmer med den teologien "vi" meiner er rett for dei truande. Vi kan nok ønske at det går fortare og lengre, men det er berre dei truande sjøl som kan føre den meiningsfulle religionskritikken av si eiga tru.

onsdag 19. januar 2011

Tunisia, ny vending?

Utviklinga har tatt eit dramatisk nytt drag i går, då den nye regjeringa begynner å falle frå kvarandre før den starta. "Gata", demonstrantane, forlanger at alle ministre med bakgrunn det avsatte regimets parti RCD må gå (dei har alle meldt seg ut av RCD, utan at det har hjulpe); fagforeninga UGTT (det var deira ministre som trakk seg) vil berre godta statministeren Muhammad Ghannouchi men ingen andre frå RCD, mens det største opposisjonspartiet PDP meiner at ein må godta ein overgangsperiode med noen ex-RCD-folk. Det spørs kor lenge det siste synspunktet held under presset frå demonstrasjonane; men problemet er vel at det ikkje er så forferdelig mange til rådvelde som ikkje har ei eller annan fortid i RCD. Å sette heilt urøynde folk inn til å styre eit land, er sjeldan god medisin; og sjøl om noen ropar på hæren, så har heller ikkje dei slik erfaring.

Rachid Ghannouchi er på veg tilbake, og islamistane i Ennahda trer nå fram, sjøl om dei formelt sett ikkje er lovlige ennå. Men det må statsministeren (ikkje ein slektning) heilt klart ordne, det vil ikkje bli akseptert at ikkje Ennahda og kommunistpartiet får stille til val. Så får vi sjå både kor sterke dei er - og evt. om dei kan profitere på svakheitar i den liberale sekulære fløyen - og kva slags mål dei stiller seg. Ut frå Ghannouchis utsegner tidligare kan vi vente oss at han vil, som Brorskapet lenger aust, ønske å profilere seg som eit konservativt, men strengt parlamentarisk og systeminternt parti, nær sagt uansett kor urolig situasjonen er. Men er Ennahda - og islamismen allmennt - i 2011 det samme som i 1987? Vil Ghannouchi bli utfordra av yngre og meir radikale som vi nå ikkje kjenner til? Vil Tunisias sekulære opposisjon vende seg mot Ennahda dersom dette skulle vise seg å bli den sterkaste utfordraren til dei gamle? Dei er iallfall heilt utan band til RCD. Det vil vise seg framover.

Ein detalj som historikaren i meg hektar seg opp i, forresten: Det står fleire stader, tilmed i Le Monde, at dette er første gongen ein folkelig protest (ein intifada er vel rett ord her) har kasta eit regime i den arabiske verda. Men er det sant? Ein ting er i førmoderne tid, da veit vi ofte at folkelige protestar fekk sultanar til å falle, sjøl om det da gjerne var vanskelig å skille mellom protest og væpna opprør - slik t.d. i Marokko i 1909 og mange gonger før. Men også i moderne tid? Kong Faruks fall kom da vitterlig etter folkelige protestar i 1952? Opptøyer i gatene i Khartoum i 1964 fekk Abbouds regime til å falle. Rett nok begge (og trulig også fleire tilsvarande) skifte kopla til militære; i Egypt altså dei frie offiseranes kupp, men vi veit ikkje enno korleis resultatet blir i Tunisia. Uansett, at folkelige protestar har vore kopla til / ført til regimers fall er vel neppe noe som er unikt i arabisk historie, eg spekulerer på om det er ein stereotypi om at arabarane er så "annleis" enn andre.

mandag 17. januar 2011

Tunisia - opnar slusene seg?

Så er da over femti år med sammenhengande styre i Tunisia over. Spørsmålet nå om "regimet", einmannsveldet som overlevde personskiftet frå Bourguiba til Ben Ali i 1987, nå også vil overleve og ein ny mann frå samme skikt vil ta over stafettpinnen. Problemet for ein demokratisk overgang er her, som i så mange tilfeller der eit langvarig autokratisk styre fell plutselig, at det er tynt med alternativ. Det finnes ein del mindre liberale og sosialdemokratisk orienterte parti, men dei fleste har bakgrunn i utbrudd frå Bourguiba/Ben Ali-partiet og derfor liten legitimitet, og ingen av dei har hatt muligheit til å bygge opp noen sterk organisasjon, enn si massebasis. Kan dei samarbeide, kan dei kanskje flyte på entusiasmen som finnes akkurat nå, men fell dei tilbake til intern person-krangel, vil dei ikkje kunne bygge noe alternativ.

Er det noen islamistisk fare? Tunisia idag ligner på på Tehran straks etter shahen reiste i februar 1979, der dei fleste trudde at liberale og radikale ville ta over, mens dei islamske kom inn frå sidelina. Men Tunisia er ikkje shahens Iran. Ennahda, islamistpartiet, har trulig korkje organisasjon eller (akkurat nå, iallfall) ei masseoppslutning som gjer at dei kan håpe å "ta over". Får dei stille til valg, vil dei sikkert få ein god del stemmer, men neppe meir enn dei sekulære partia. Tunisia er nok det mest sekulære (og også det økonomisk best utvikla) samfunnet i den arabiske verda, og ein kan ikkje sjå på landet som blåkopi av ein "arabisk modell" der islamistane står klar i kulissane.

Det samme gjeld håpa om Tunisia vil opne ei flodbølge av demokratisk opprør i Midtausten, og at autokratiske styre i Egypt, Syria osv. nå vil falle. Men Tunisia er nettopp annleis. Viktigast her er at sjøl om Tunisia var einmannsstyrt (diktatur, om ein vil), så var det ikkje noe militærdiktatur, men eit partidikatatur, der partiet forfall til å bli presidenten og hans familie. Dei militære har aldri vore noen maktbase for regimet, og akkurat i dag (måndag) ser hæren også ut til å halde seg nøytralt og støtte den konstitusjonelle leiinga (den midlertidige regjeringa). I Egypt, Syria, Jemen osv. bygger regima alle på ein eller annan måte på dei militære, og dei vil bestå - og ha maktmidlar - sjøl om eineherskaren forsvinn. Derfor er det nok ikkje rom for ein tilsvarande kollaps av regima i dei landa som det er i Tunisia. Og det veit også folket i dei landa, så det er nok fare for at det blir med små demonstrasjonar som vi nå ser f.eks. i Jordan.

onsdag 12. januar 2011

Ny blogg

Som eit innfall, har eg latt meg forlede til å lage ein blogg - sidan alle andre har det, så kvifor ikkje. Tanken er at eg her skal kunne skrive umiddelbare kommentarar om ting som rører seg i tida, og spesielt om Midtausten og islamske ting. Det skal da, som bloggar flest, vere personlige synspunkt og kommentarar, enten relevante eller irrelevante, enten fakta-informert eller rein synsing om ting eg har lite greie på. Eg må altså balansere mellom det faglige - det som eg bør kunne si med autoritet, slik eg ville si på ei forelesing - og det politiske - det som eg ikkje ville forlange at studentar skal måtte høre på, men som eg ville kunne si i eit avisinnlegg. Men eg skal likevel i prinsippet prøve å halde meg i nærheita av den delen av verda som eg arbeider med faglig, iallfall, så er det opp til lesaren kor mye ho vil legge i det.

Bloggar skal jo også vere tovegs kommunikasjon, med kommentarar. Diverre, når ein skriv om Midtausten er ikkje det så lett, ein må sette av meir tid enn eg har til rådvelde for å redigere det som måtte dukke opp. Derfor blir dette i utgangspunktet einvegs. Når eg finn meir ut av det tekniske, så kan ein kanskje prøve å finne ut vegar for redigert dialog, kanskje via Facebook?