Som eit innfall, har eg latt meg forlede til å lage ein blogg - sidan alle andre har det, så kvifor ikkje. Tanken er at eg her skal kunne skrive umiddelbare kommentarar om ting som rører seg i tida, og spesielt om Midtausten og islamske ting. Det skal da, som bloggar flest, vere personlige synspunkt og kommentarar, enten relevante eller irrelevante, enten fakta-informert eller rein synsing om ting eg har lite greie på. Eg må altså balansere mellom det faglige - det som eg bør kunne si med autoritet, slik eg ville si på ei forelesing - og det politiske - det som eg ikkje ville forlange at studentar skal måtte høre på, men som eg ville kunne si i eit avisinnlegg. Men eg skal likevel i prinsippet prøve å halde meg i nærheita av den delen av verda som eg arbeider med faglig, iallfall, så er det opp til lesaren kor mye ho vil legge i det.
Bloggar skal jo også vere tovegs kommunikasjon, med kommentarar. Diverre, når ein skriv om Midtausten er ikkje det så lett, ein må sette av meir tid enn eg har til rådvelde for å redigere det som måtte dukke opp. Derfor blir dette i utgangspunktet einvegs. Når eg finn meir ut av det tekniske, så kan ein kanskje prøve å finne ut vegar for redigert dialog, kanskje via Facebook?
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar