fredag 25. februar 2011

Demokratibølge eller nasjonale revoltar?

[Her er eit innlegg eg heldt på eit opent møte om "Kva skjer i Midtausten?" ved Senter for Midtaustenstudiar / BRC i går, 24. februar:]

Demokratibølge eller nasjonale revoltar?

Svaret på tittelspørsmålet er vel opplagt: Det er begge delar. Dei ulike protestane i dei arabiske landa er openbart insipirert av suksessen i nabolanda, og resultat av ein liknande situasjon med autoritært styre. Revolten har spreidd seg i ei relativt lik gruppe mennesker, det vi kallar “Facebook-generasjonen”, men røttene til denne felles-arabiske utviklinga går egentlig lenger tilbake, til oppkomsten av dei panarabiske avisene på 1980-tallet, og naturligvis Jazira og andre TV-kanalar deretter.
        Nå er dette rett nok ikkje nytt, Nasser brukte også panarabiske etermedier som radio-kanalen Sawt al-thawra på 1950-tallet til spreie sin arabiske nasjonalisme. Også det hadde stor betydning for ideologisk utvikling i nabolanda.
        I dagens situasjon er det eit poeng kven som har tilgang til desse nye mediene, og at idespreiinga vart kopla til ein økonomisk nedgang for desse gruppene. Altså ikkje berre generell arbeidsløyse, men aukande arbeidsløyse og andre økonomiske problem hos dei unge utdanna gruppene som håpte på noe bedre, altså ei kopling mellom økonomiske og politiske ambisjonar.

Dette er felles, og har gått frå land til land. Men det har gitt ulikt utslag; i noen land, som Egypt, vekte det store massar som openbart ikkje alle har Facebook-profil, men som har latt seg mobilisere når noe først starta. Det vekte ein ressonsans der, mens det i andre land har vore mindre ressonans. Demonstrasjonar har det vore overalt, men i noen land har det vore noen tusen eller kanskje hundrer, mens altså i Egypt snakker ein om fleire hundretusnar og kanskje “millionar”. Størrelsen forteller oss noe; det er opplagt forskjell på å mobilisere 10-20.000 og ein halv million: det siste har truffe ein nerve det første ikkje har. Men kanskje viktigare enn antallet er uthaldenheita; den eine millionen i Kairo var viktig, men at samme antallet kom igjen og igjen var det som fekk det til å tippe over: villigheita til ikkje å gi opp, ikkje berre frå den harde kjernen, men frå desse store massane. Dette var nøkkelen til sukssessen, og oppstod altså i noen land, ikkje (ennå) i andre.
  
Og da kjem ein til det lokale. Men først ein ting som er felles for dei fire landa som har blitt primært ramma: Tunisia, Egypt, Jemen og Libya: Noen av dei er militærstyrte, andre er som Tunisia sivile; noen meir repressive, som Libya, andre er mindre. Men det dei har til felles er at desse hadde dei eldste regimeleiarane i Midtausten. Ikkje dei mest eller minst repressive: Syria er klart meir repressivt enn Egypt, mens Libya meir undertrykkande enn Syria. Regimet i Syria er gammalt, frå 1970, men leiaren har ikkje sitte lenge, berre ti år.
        Dette kan vere ein nøkkel, det skapte ein desperasjon om at nok er nok i dei landa som har meir enn 25 år på baken. Kanskje også faren for det dynastiske; regimet klarte altså i Syria å overføre frå far til son, og i alle dei fire hadde leiaren familie i bakhald. I to av dei, Tunisia og Egypt, var det kjent eller antatt at leiaren var så sjuk at han snart måtte skiftas ut; og altså da kanskje med ein familiemedlem.

Her kan ein altså dra inn begrepet korrektive militærkupp. I eit demokrati skiftar ein styrar jamnlig i valg, i militærdiktatur skiftar ein styrar med meir ujamne mellomrom ved nye korrigerande militærkupp. Dette var det typiske i Afrika på 1960-80-tallet; dei fleste kuppmakarar vart sjøl kuppa etter 5-10 år (noen satt lenger). Kupp som enten førte til sivilt styre, slik som i Sudan i 1986, eller at det nye militære vart sittande, men iallfall ei endring. I våre fire land kom det aldri noen slike korrektive militærkupp, regimet berre sat og sat og sat, og så skulle det fortsette i enda ein generasjon: dette vil ingen ende ta. Dette kan ha vore ein grunn til at protestane har fokusert så eintydig på personane, Ben Ali, Mubarak og Qaddhafi, meir enn på regimet eller militæret (rett nok parolar mot al-nizam i Egypt), og at protestane vart utløyst akkurat her.
        
Så har vi det reint nasjonale, som openbart har lagt grunnen for revolten i kvart land, lokale omstende. Men la meg også berre her notere ein ting som er påfallande. Noen kommentarorar har lagt merke til at protesten har vorte individualisert, at det ikkje har vore snakk om kollektive størrelser som det “arabiske”, eller den “islamske umma”, men om det universelle og individuelle, med samme type retorikk som i Europa. Det er interessant, og viser klart effekten frå Jazira og debattane der, som jo nettopp har vore dominert av den typen begrepsbruk. Velkjent også frå opposisjonens felles kamp i Egypt gjennom fleire år for reformer osv.
        Men det er noe anna som også slår meg, det er den sterke nasjonale patosen som er brukt, og da nasjonal for det enkelte landet: det tunisiske, det egyptiske: Vår egyptiske hær vil aldri skyte på egyptarane. Han der er egyptar, kan du skyte på han? Og på motsatt side, dei andre er utanlandske agentar. I Libya nå er det komme så langt at regimets soldatar berre blir kalla “fremmede leigesoldatar”, afrikanarar osv., når det er snakk om regimelojale grupper som openbart ikkje alle er utlendingar; dei har jo slått ned opprør like blodig før (og det har da faktisk også den egyptiske hæren, i tidligare tider). Men det danner seg altså ein mytologi på at “nasjonen står samla, det er utenkelig at ein libyar kan skyte på ein annan, det må vere folk utanfrå som snakkar fransk eller anna ikkje-arabisk”. Det har da ført til angrep på sakesløse afrikanarar, men også på tunisiarar, faktisk, i vestlige delar av Libya. Desverre er ikkje det noe heilt nytt, rasistiske angrep på afrikanarar har det vore også før i seinare år i Libya. Men iallfall, det understreker kanskje det “moderne” og iallfall europiske, i vektlegginga av dagens statseiningar som nasjonale fellesskap, trass i at det f.eks. i Libya kanskje ikkje egentlig finnes noe slikt fellesskap. Akkurat kor sterk libyisk nasjonal einskap er, vil vise seg om regimet faktisk fell der, og noe nytt må byggas noe opp frå scratch.

Dette med lokale forhold er jo komme klart fram også i forskjellen mellom monarki og republikk, der protestane i monarkia stort sett ikkje  har gått på “vekk med personen”, tvert imot lojalitet mot kongen både i Jordan og Marokko, men med krav om konkrete systemendringar, som konstitusjonal­isme. Kanskje det er ein grunn til at protestane der er mindre i omfang, sjøl om det jo er telt frå 30.000 og opp i Marokko. Bahrain utgjer her eit særtilfelle, med sine langt meir dramatiske hendingar, men her er det heilt opplagt det spesielle med den store shia-majoriteten som pregar protesten, sjøl om også  her er dei “nasjonale”, “Ikkje sunni, ikkje shia, men bahraini”.

Libya-konflikten er jo prega av nasjonale særeigenheiter, og det har vore spesielt for ein historikar å sjå kva rolle det historiske bakteppet, organiseringa av landet under kongedømmet og tidligare, nå har for å kunne forstå betydninga av det som skjer. Gamle namn som Cyrenaica og Tripolitania dukker opp igjen, og noen nevner tilmed Sanusiane og deira betydning. Men skal vi peike framover, meiner eg altså at det viktige nå er å sjå på kva skjer i nummer-to-byane i vest, som Misurata, Zawiya, Sabratha, Syrte osv, og sjå om denne revolten i aust kan utvide seg til å bli nasjonal, i betydning få like stor styrke i vest som i aust. Dels fordi det viser om regimet faktisk er i ferd med å rakne, eller om det kan klare å kue opprøret. Vi må jo hugse at det ikkje er umulig, Qaddhafi har slått ned opprør før, med like store tapstall som i dag, og det har fungert. Men ikkje i så stor breidde som i dag.
        Men det seier også noe om framtida, dersom Qaddhafi-regimet faktisk fell – noe som altså ikkje er sikkert, men som eg nok likevel nå reknar som det mest trulige utfallet; han har ganske bratt oppoverbakke for både å få kontroll over Tripolitania, og så deretter gjenerobre eit Cyrenaica som ser til å begynne å organisere seg og væpne seg, med fleire truverdige rapportar om hæravdelingar som støtter opprøret. Ikkje umulig for Qaddhafi å vinne tilbake, men vanskelig.
        Men om han altså fell, så blir det viktig om dette berre blir fortenesta til cyrenaikarane eller om Tripolitania klarer å organisere ein så sterk motstand at dei kan også kreve sin del av æra. Libya kjem, trass i retorikken, ikkje til å vere eit samla land etter Qaddhafi. Men det må vere eit land som føler at dei har ein felles skjebne vidare, og ikkje der kvar provins synes at dei har kjempa kvar for seg og derfor må tenke på seg sjøl i det nye samfunnet som skal oppstå. Den viktigaste og einaste rikdommen i Libya, oljen, er felles, og eit føderalt Libya er vanskelig å forestille seg som eit fungerande system. Det eksisterer ikkje noe sivilsamfunn, og tendensane til xenofobi er ikkje positive.
        Mange, også eg, peiker på stammeleiarar og tradisjonelle strukturar, men mange av dei er kompromitterte enten mot kongedømmet, som var eit korrupt system, eller for å ha samarbeidd med Qaddhafi. Dei kan kanskje bli ein overgang, men det vil kreve ein rask modningsprosess i det sivile samfunn for at eit nytt og moderne Libya skal bli velfungerande. På den andre sida, det er det einaste av opprørslanda (ved sida av Bahrain) som har ein betydelig oljeøkonomi og store inntekter, så dei har forutsetningar, og dei vil heilt klart også vere mye meir i omverda, les olje-konsumentanes, fokus enn mange av dei andre som kanskje mister medieinteressen straks blodet er tørka opp.

(Innlegg halde 24.2.2011 ved Senter for Midtaustenstudiar / Bergen Ressursenter for for Internasjonal Utvikling)

onsdag 23. februar 2011

Libya: Eit splitta land

Her er ein kronikk med litt historisk bakgrunn på aust og vest i Libya. Den skal komme på papir i morgon:


"Eit splitta land"


Av nytt i løpet av dagen, har sikkert fleire fått med seg (og det kjem vel i nyheitene) at fleire journalistar nå har komme inn i Cyrenaica og bekrefter at regionen, også landsbygda (dvs. vegane dei har reist) ser ut til å vere "frigjort", altså styrt av opprøret. Folk der går elles til sine vanlige syslar. Det er oppretta noe som kallar seg ei regjering "for heile Libya", men det er ikkje klart kven dei er eller kor mye dei representerer. 

I vest veit vi altså mindre, men Tripoli ser ut til å vere under regimets kontroll i dag. Ein journalist sa regimet hadde sendt rapport om at dei hadde "gjenerobra fleire byar", men den einaste som var namngitt var Sabrata, som ligg vest for Tripoli. Om så er, så hadde dei altså mista kontrollen der før. Men eg har ikkje sett dette rapportert i noen medier eg har foran meg.

Journalistane i aust har møtt offiserar / hærstyrker som seier dei har desertert, det er ikkje vidare meldingar om noe liknande i vest.

Men mye av dette blir jo oppdatert i nyheitene, så ein får berre følge med.

tirsdag 22. februar 2011

Libya er ikkje Marokko

Tysdag kveld. Dei som har følgt med i ettermiddag, har fått med seg vintage Qaddhafi, sjøl om han nøyde seg med ein time denne gongen. Men kva, om noe, betyr det?

Underliggande for både fader Mu'ammar og sønn Sayf al-Islams talar, er at dei først og fremst oppfattar dette som eit regionalt opprør frå Cyrenaica (Barqa), den austlige landsdelen. Derfor går reformane dei begge snakkar om på regionalt sjølstyre, noen rykte sa han vil foreslå ei føderal inndeling av Libya i tre regionar, slik det var under kongdømmet. Det kom ikkje (heldigvis, det var inga god løysing), i staden noe usammenhengande om at "alle delar av Libya er fritt, [byen] Misruata er fri, Ajdabiyya er fri, om de vil gå for dykk sjøl, så ver så god". Det vart til at dei kunne danne eigne folkekomitear, desse makteslause "allmøtene" som Libya formelt er organisert gjennom. Libyarane veit at dette ikkje har noen betydning.

Kjent er jo også "korleis kan eg gå av, eg har ingen stilling, eg er ikkje president. Hadde eg vore president, hadde eg gått av. Men eg har ingen rolle". Libya er jo ikkje republikk, men ein "massestat" (jamahiriyya, ikkje jumhuriyya), og Qaddhafi blir presentert som "al-akh qa'id al-thawra", broder leiar av revolusjonen. Ikkje president eller statsleiar. Dette har vi også hørt mange gonger.

Så denne talen fortalte oss ikkje nytt, utover oppfordringa om dei som støttar han å gå ut i gatene og gjenerobre det tapte, noe mange oppfattar som ein trussel om borgarkrig.

Så kvar står vi i kveld? På eit punkt har han rett; Libya er i så langt delt. Cyrenaica er tapt, det vil si at hær og politi har forsvunne (noen få desertert) og overlatt byane til opprøret. Le Monde snakker om iallfall ti byar i aust under opprørsstyre, forutan Benghazi og Bayda også havnebyen Derna og Tobruk skal vere falt. Egyptisk grensepoliti seier at dei libyiske grensepostane er forlatt. Dette regionale er viktig, spesielt dersom opprøret her klarer å væpne seg.

I vest veit vi mindre om kva som skjer utanfor Tripoli, der regimet såg ut til å ha skaffa seg eit pusterom i dag gjennom gårsdagens flyangrep. Noen rapportar fortel at politi har forsvunne også i andre byar som Zawia i vest (der utlendingar skal ha blitt angripe) og Sirte, det siste er seinare avkrefta. I kveld er det igjen snakk om skuddveksling i Tripoli. Opprøret har opplagt spreidd seg hit, men regimet biter seg fast. Er dette lokalisert til Tripoli, så kan dei klare å konsolidere seg og så prøve å vinne tilbake Cyrenaica. Men dersom hær og politi har begynt å gi opp også i småbyane i vest, er det vanskelig å sjå ein farande veg for regimet.

Libya er ikkje Tunisia og Egypt, gjentok Sayf al-Islam. Det er heller ikkje Marokko. I forgårs gjekk opp til 30.000 fredelig i tog i marokkanske byar med krav om reformar, utan at ein politimann blanda seg inn. Også her, som i Egypt, var det moderate islamistar ('Adl wa-ihsan, også dei "tolerert") som gjekk sammen med kommunistar og sekulære. Dei krevde ikkje kongens avgang, men krava var radikale nok etter marokkanske mål; at kongen skulle gi frå seg det meste av styringsretten og langt på veg bli ein konstitusjonell monark. Dette er langt inne på tema som elles har vore tabu å diskutere i Marokkos elles ganske opne politiske debatt, og det er også heilt uakseptabelt for kongen å gå med på. I går snappa derfor pisken til, forsøket på nye daglige demonstrasjonar vart stansa myndig av politiet. Opposisjonen tar det derfor litt piano, og vil heller gå for færre og større samlingar, om ei veke eller så. Så får vi sjå om den mjuke lina, så heilt annleis enn i dei fleste andre arabiske land, vil halde fram, eller om kongen synes at ein gong var nok. Uansett, tittelen på innlegget blir nok rett: Protestar i eit autoritært styre med rom for kritikk og debatt (Marokko) er noe anna enn protestar i eit autoritært styre utan noe slikt rom (Libya).

mandag 21. februar 2011

Libya brenner

Måndag morgon. Det er mest parlamentet og ulike statlige bygningar som brenn, men utviklinga i Libya har openbart fått eit mye meir dramatisk forløp enn i nabolanda. Hæren skyter ikkje berre med skarpt, men med mitraljøsar, rakettar er også meldt, og revolten er blitt til eit klassisk opprør, der sentrale byar i aust som Benghazi og Bayda skal vere under deira kontroll.

Dei som las torsdagens blogg kjenner mye igjen: Det er det austlige Libya, Cyrenaica, som kanskje nå er i opprørets hender. Men nå har det også spreidd seg til Tripolitania. Viktig her at ein av dei leiande stammane i vest, Warfallah, har slutta seg til oppreisten. Det libyiske samfunnet er fortsatt sterkt dominert av stammesolidaritet, og dette viser at det ikkje lenger er vest mot aust, sjøl om Cyrenaica har vore spydodden.

Vi nemnte også Sayf al-Islam, Qaddhafis nest eldste son, som snakka om reformar og demokratisk endring alt for fleire år sidan (han gjekk tilmed i eksil ei lita stund før han kom tilbake til faderhuset). Det er openbart ein bakgrunn for at det var han som kom på TV i går og lovte reformar, og minte libyarane om kva oljepengane har gjort for dei og kva dei kan gå glipp av. Kva betyr det? Vel, dette er gjetning, men la oss tippe: At faderen har sagt, "nå får du ein sjanse til å prøve din måte, gå på TV og lov dine reformar. Virker ikkje det, så prøver vi ein annan veg". Men det kjem nok ikkje til å virke, så langt vi ser.

Igjen er det hæren som er nøkkelen. Qaddhafi overlevde eit forsøk på kupp for noen år sidan, og dersom det fortsatt er kretsar der som vil ha han ut, så har dei sin gyldne sjanse nå. Omverda er iallfall ikkje noe problem for eventuelle kuppmakarar. Men, på den andre sida, dei har nettopp vist at dei er villig til å knuse opprøret i blod, og det er mulig å gjere det. Om Libya nå minner om noe, så er det Syria i 1982. Den gongen tok opprørarar også kontroll over ein større by, Hama, men vart knust då Assad-regimet sendte inn bombefly og tanks og bomba store delar av byen til småstein, med opprørarane i. Sidan har det vore stille i Syria. Det kan skje igjen, men Hama var ein by, Qaddhafi kunne kanskje kopiere det f.eks. i Bayda, men ikkje i heile Cyrenica, for ikkje å si Tripoli og andre sentrale byar i vest.

***

For folk i Bergensområdet: Litt i all hast har vi laga til eit opent møte der vi skal snakke om slike ting som har vore oppe her, "Kvar går Midtausten?". Nefissa Naguib fortel om sine opplevingar midt i kampen på Tahrir, og vi får korte innlegg om Egypt og Bahrain (Linda Kjosaas), Tunisia (Marit Tjomsland), Jemen (Eirik Hovden), og av underteikna. Torsdag førstkommande, 24.2, kl. 14 i SMI/Bergen Ressurssenter, Jekteviksbakken 31 ("Jus II")

lørdag 19. februar 2011

Egypt: Skilleliner

Som venta, har euforien i norske media over demokratiets seier raskt blitt følgt av uro over kva rolle islam nå kjem til å spille. Dei tre meiningsbærande avisene Morgenbladet, Klassekampen og Dag og Tid har alle sist veke hatt oppslag eller kronikkar som advarar mot Brorskapet og "nå kjem sharia". I Morgenbladet var det bildebruken som satte tonen, eit stort forsidebilde med ei kvinne i saudisk niqab (slike fantes nok på Tahrir, men det er altså typisk for salafismen, ei retning ganske distinkt frå Brorskapet), og eit halvsides bilde med ein plakat "ana talib al-shahada", utlagt "jeg søker martyriet". Kanskje det er rett, eg ville lest det som "eg vil ha ein attest", men kva slags attest? Iallfall, var det noe som ikkje var på Tahrir, så var det sjølmordsbombarar.

I Klassekampen var det Walid Kubaisi som meinte det fins eit komplott der USA favoriserer Brorskapet over dei sekulære demokratane og at vi må boikotte demokratiet, mens kollega Terje Tvedt i det stadig meir islamkritiske Dag og Tid legg til grunn at Brorskapet vil avskaffe demokratiet og innføre sharia og teokratisk styre straks dei berre får muligheita. Kva er vel tjue år i det lange perspektivet?

Som i klimadebatten er ein slik debatt mellom "professorar" gjerne slik at dei som forskar på temaet (der klimaendring, her islam) er samstemte på eit grunnlag, mens dei som forskar på andre ting ofte vil "utfordre enigheten" ved å si det motsatte. Slik vil altså dei fleste, om ikkje alle, som faktisk arbeider med islam understreke variasjon, dynamikk, kontekst, og kanskje at det ikkje er "islam" som bestemmer politiske standpunkt, mens dei som arbeider med andre ting gjerne har ei absolutt oppfatning om ein uforanderlig og grunnleggande "indre natur" som vil og må komme til overflata, når berre konteksten blir skrapa bort.

I den første gruppa kan vi også rekne kollega Lars Gule. Dei som har følgt noe med, vil kanskje vite at Gule og eg har i årevis har vore i rykande debattar nettopp om essensialisme mot kontekst, men i dagens Dag og Tid gir han eit tilsvar til Tvedt som eg nesten fullstendig kan slutte meg til, der nettopp poenget er at Brorskapet ikkje er statisk og uendra, men vil og må ta farge av det samfunnet dei lever i.
          Han kritiserer også implisitt, i motsatt retning, dei kollegaene som nærmast ser Brorskapet som eit egyptisk KrF à la Inger Lise Hansen; i dei siste åra er det dei "gamle", moralsk-konservative kreftene som har vunne fram internt i rørsla, over dei meir moderniserande. Dette er også korrekt, sjøl om Gule kanskje er litt vel pessmistisk i at dei grunnleggande konservative oppfatningane hos folk flest vil tvinge eit demokratisk MB i den retning heller i den reformistiske. Folks "grunnleggande oppfatningar" skiftar raskare enn vi trur (når vi snakkar i eit generasjonsperspektiv), og Brorskapet vil i eit meir demokratisk samfunn også bli påvirka av ein politisk dialog som foregår i eit liberalt sivilsamfunn. Som vi har sett hos ungdommen i MB, i kontakt med bloggverda. Dei vil nok alltid vere meir moralsk-konservative enn andre parti, men dei kan godt komme til å utvikle seg til å bli mindre konservative enn i dag.

Men Gule har rett i at dette kan slå begge vegar, alt ettersom korleis samfunnet blir sjåande ut. Og, som vi har påpeikt før, vi vil heilt sikkert komme til å sjå illiberale haldningar frå Brorskapet og deira støtter, både når det gjeld kultur/sensur, homofili og seksualitet, og synet på kvinner i familien. Det er kanskje på det siste området det vil bli sterkast kulturkamp, men denne vil heilt klart gå i eit språk og på områder som virkar fjernt for oss. For å kunne forstå kva debatten går i, og korleis standpunkta er, vil kunnskap om kontekst (og dermed om islamsk språkbruk og referanser) komme til å bli nødvendig. Da vil det bli viktigare å sjå forskjell på essensialisme og språkbruksanalyse.

Eit interessant døme er spørsmålet om politiske rettar for minoritetane, som også Gule nemner. Det er velkjent at muslimar og kristne beskytta kvarandre på Tahrir, og i gårsdagens store tale av al-Qaradawi på Tahrir (som fortener eit eige innlegg), gjorde han eit poeng av å inkludere "O muslimar og koptarar" i dei han snakka til. På den andre sida reisas spørsmålet om ein kristen, eller ei kvinne, kan vere president i Egypt.

Det er to synspunkt her, og så langt vi kan sjå finnes begge innan Brorskapet.
Det eine er at den egyptiske identiteten er ein muslimsk identitet. Kristne og andre har sin plass i denne, men på islams tolerante grunnlag. Staten må likevel vere muslimsk (men ikkje nødvendigvis "islamsk", altså religiøs). Det setter noen rammer som er bestemt av den muslimske statsoppfatninga. Ei av dei er at statsoverhodet må vere muslim og mann.
    Det andre er at egyptarane har to identitetar, ein religiøs som er muslim (eller kristen), og ein nasjonal, som er knytta til landet og historia til Egypt og er ikkje religiøst avgrensa. Det muslimske er viktig, fordi fleirtalet er muslimar og det gjer at eit moralsk samfunn må bygge på den religionen (sidan moral er bygd på religion). Men statsstyret er knytta til den nasjonale identiteten, og derfor treng ikkje islams reglar om statsleiarens valgbarheit ha relevans. Alle har lik stemmerett, og da må alle ha lik rett til å bli vald.
    Fram til nå har ikkje dette vore noe tema fordi Brorskapet jo ikkje har vore i nærheiten av innverknad på slike ting og derfor ikkje trong velge mellom desse teoretiske synspunkta. Det blir heller ikkje relevant i denne runden med grunnlovsreform (der berre sju paragrafar skal revideras). Men framover kan dette bli eit debattema som kan vise noen grenseliner.

(Kvifor ikkje kristne og kvinner? Litt ulikt, men i begge tilfeller bygger det på hadith, det om kvinner at Profeten skal ha sagt om ein persisk fiende som valgte kvinnelig shah, "Eit samfunn går til grunne som har ei kvinne som leiar". Når ein tar det bokstavlig, betyr det altså at statsleiaren ikkje kan vere kvinne, men gjerne statsminister og alle andre høge ombod. For begge, at statsleiaren = kalifen også skal vere samfunnets bønneleiar, og korkje ei kvinne eller ein kristen kan leie muslimske menn i bønn.)

torsdag 17. februar 2011

Libya

Eg fekk ein telefon frå ein NRK-journalist i går, om at eg visst var spesialist på Libya? Eg var nok litt brå då eg svara "nei" på det, at min spesialkompetanse der stansar i 1859, for han la på ganske raskt og lovde at han skulle få sletta den innførselen i NRKs database. Litt synd, vi skal jo stå til rådvelde for media, eg ville berre ikkje bli spurt på direkten om oljeprisen eller slikt der eg ville bli svar skyldig.

Men la oss prøve litt her, i det meir uformelle mediet, kva veit vi om Libya som kan vere lokal kontekst for dei pågåande protestane? Det som har skjedd er altså;
- "Fleire hundre" til "fleire tusen" demonstrantar i den neststørste byen Benghazi med krav om demokrati, etter arrestasjonen av ein menneskrettsadvokat.
- Protestar med dødelig utfall også i byen al-Bayda sør-aust for Benghazi.
- Mindre pro-Qaddhafi-demonstrasjonar i hovudstaden Tripoli.

Kontekst:
(a) Libya er geografisk og i folk delt i to klare delar, det meir folkerike Tripolitania i vest, og det karrige Cyrenaica i aust med Benghazi som største by. Det gamle kongdømmet fram til 1969 var bygd på stammeelitane i Cyrenaica, og i den grad det er noen monarkistisk opposisjon, har den basis her. Denne er nok liten, men Qaddhafi har klart hatt regionen under særlig oppsyn og kontroll.
Det er også i Benghazi vi har sett tendensar til islamistisk opposisjon, spesielt frå studentar som protesterte på 1990-tallet. Desse vart raskt knust, og vi veit ikkje om denne opposisjonen har overlevd. Dagens protestar ser ut til å komme frå samme twitter- og facebook-generasjon som Tunisia og Egypt, og primært med eit politisk krav om demokrati. Likevel kan det ikkje vere tilfeldig at det er i Benghazi, og ikkje som i dei andre landa, i hovudstaden, at protestane har oppstått. Det har altså element av regional protest.

(b) Libya er, som vi veit, oljerikt sjøl etter prisfall og finanskrise. Det er naturligvis korrupsjon og oppsamling på toppen her som elles, men Qaddhafi har gjennom heile sin 40-årige periode også visst å spreie rikdommen utover landets seks millionar innbyggarar. Landet har ein "rentenist-økonomi", det er lite reell nyskaping (mindre enn i Gulf-landa), men den jamne libyar veit at han har det bedre enn naboane på grunn av desse tilskotta frå staten (når det har vore seriøs uro, har det jamnt komme i oljekriser, da regimet ikkje har hatt pengar å dele ut). Staten kontrollerer all økonomi, og det er likevel betydelig arbeidsløyse (opp mot 30 prosent). Dette kan gi grunnlag for sosial uro i kopling til dagens politiske uro, men i dag veit vi ikkje om større folkegrupper vil ta sjansen på slutte seg til desse ungdomsprotestane, eller halde seg i ro for ikkje å risikere det dei har.

(c ) Som i Egypt, Jemen og Syria har militærstyret også planar om å bli eit familiedynasti. Men i motsetning til Egypt og Syria, er det - iallfall på overflata - tendensar til motsetnader mellom arvingane. Ein av Qaddhafis sønner er mest kjent for å lage skandalar i Sveits, ein annan for å vere sikkerheitssjef med hard hand, men den som har vore mest i media er den dresskledde Sayf al-Islam, som har lagt an eit "demokratisk" image, seier han nektar å gå inn i styret med mindre det kjem demokratiske reformar, vil modernisere og avbyråkratisere økonomien, og reiser verda rundt som meglar i ulike konfliktar. Dette kan vere skuebrød, eller det kan representere tendensar til usemje, alt under Qaddhafis faderlige overoppsyn. Dersom "politisk modernisering" skal bety å avskaffe Libyas eksentriske "masse-styre" (som fortsatt er styresettet, "folkekomitear" utan makt mens Qaddhafi bestemmer), så vil det trulig ikkje komme før fader Mu'ammar er borte. Blir det reell oppreist, som i Tunisia og Egypt, vil openbart heile familien Qaddhafi ryke. Men om så ikkje skjer, kan dette bli ein veg mot å "normalisere" Libya, men nok fortsatt som eit autokratisk og paternalistisk styre. Som i dei andre landa, avheng utviklinga av kvar hæren går. Den er i dag tett integrert i Qaddhafis regime, og har nok meir makt enn dei gir inntrykk av.

tirsdag 15. februar 2011

Egypt: Breiare opprør

Tysdag: To optimistiske ting.

For det første, i går sa eg: Følg med i kven som skal leie grunnlovskommisjonen. I dag melder avisa al-Masri al-yawm at juristen og historikaren Tariq al-Bishri er utnemnt til det. Det er dramatisk nytt: Bishri var ikkje berre involvert i den opposisjonelle Kifaya-rørsla i 2004. Han er også ein leiande tenkar i Wasat-partiet, dei som blir kalla "moderate islamistar". At ein så profilert opposisjonstenkar, som også er generelt respektert i samfunnet, får dette oppdraget, er svært positivt med tanke på reelle endringar. (Om han, jf. Islam without fear av Raymond Baker).

Det andre er naturligvis det sosiale opprøret som har breidd seg dei siste dagane; med streikar, okkupasjonar og krav om at korrupte direktørar og andre med sterke band til det gamle styret skal gå av. Dette vil ikkje samle heile opposisjonen, openbart, for dette er verkelig ein sosial interessekamp. Dersom dette brer om seg, så kan kanskje den politiske revolten tilmed breie om seg til å bli ein reell revolusjon. Vel, la oss ikkje bli for euforiske før vi ser omfanget av rørslene og kor uthaldande dei blir - men det har to i seg til å utfordre samfunnet like mye som den politiske oppreisten gjorde. Om det så berre fører til å skifte ut ein del av dei som har styrt investeringsmidlar i eigne lommer, er det i seg sjøl eit steg framover for målet om ein fungerande økonomi.

mandag 14. februar 2011

Egypt: the state of the revolt

Tre dager er gått, og ettertanken har begynt å sette inn: Kva er egentlig oppnådd, og korleis går vegen vidare?

La oss ta det steg for steg:
Mubaraks avgang var den store seieren ikkje fordi han forsvann (det har lenge vore klart han måtte, av alder og helse), men måten han gjekk, pressa av opprøret. Han er p.t. ikkje erstatta av noen arvtaker, hærsjef Tantawi leiar miiltærrådet, men utan noe personfokus på seg.
 -- Men, ingen frå opposisjonen er blitt involvert i styret eller førebuingane til valet. Hæren vil gjere alt sjøl. Det har vore kontakt, også med dei unge Facebook-leiarane, og opposisjonen seier dei stoler på hæren. Likevel, dette kortare veg enn dei er komme i Tunisia. Dersom det er slik at hæren er regimet, så er det blitt deira oppgåve å avskaffe seg sjøl.
 -- Viktig å sjå etter: Vil noen frå hærleiinga stille som kandidat til presidentvalet? Som "upolitisk" eller for eit "reformert" NPD?

Parlamentet er oppløyst. Det er positivt, og markerer det klaraste bruddet med fortida utover Mubaraks eigen sorti. Men Mubaraks regjering blir sittande. På den andre sida, så er altså noen av dei sittande regjeringsmedlemmene satt under undersøking for korrupsjon.
 -- Viktig å sjå etter: Om, og kor mange, av desse blir tvunge til å gå, og kvifor. Fleire av dei mest korrupte frå Mubaraks tid forsvann alt under opprøret, som Ahmed Izz. Blir desse kasta som får til ulvane, eller går det breitt nok til at det sender eit signal om eit reellt oppgjer med korrupsjonen?

Grunnlova er satt til sides. Det gir muligheit til å gjere grunnleggande endringar i ho, ikkje berre dei to-tre paragrafane Mubarak lovte å endre. Kanskje det var nødvendig av formelle grunnar å gjere det slik, for å få fortgang i arbeidet, men det er lovande.
  -- Men, det blir meldt i dag om ein tidsplan der eit nytt framlegg skal leggas fram alt om ti dagar. Det tydar ikkje på at ein har tatt seg tid til noen stor revisjon. At det nye framlegget skal ut til folkerøysting er i seg sjøl positivt, men her vil det jo berre bli snakk om for eller mot det endringsframlegget som blir presentert.
Viktig å sjå etter: Kva slags endringar blir foreslått, naturligvis, men før vi kjem så langt: Kven blir utpeikt til å gjere denne revisjonen? Det skal vere ein ny, ennå ikkje oppnemnt kommisjon, men kven skal sitte der? Får noen frå opposisjonen lov til å delta?

Og altså, kva rolle skal det gamle regimepartiet NDP få? Den siste partileiaren som Mubarak utnemnde trakk seg like før sjefen på fredag. Skal vi få ei "reform-leiing" som skal gjere minimale utrenskingar men la partiets rolle som "statsparti" vere urørt, eller skal NDP oppløysas? Det er vanskelig å tenke seg seriøs politisk reform utan at NDP strukturar ute i landet blir brutt ned. Men om regimet ønsker å overleve i "reformert" form, er det gjennom NDP dei vil kunne gjere det, i eit nytt meir "sivilt" og "parlamentarisk" politisk system.

Alt dette blir signal på om regimet vil halde fram med å innfri reformkrav med "dråpeteller", der dei tre punkta over er tre store dråpar som var det som måtte til for å opne Tahrir for biltrafikken. Da må opprøret må ut på gatene igjen for kvar vesle forbedring. - Eller om det var ein propp er losna, og dei som nå styrer har innsett at ei meir grunnleggande politisk endring er nødvendig for å få samfunnet i gjenge igjen.

Eg hører nok til dei som tvilar på at eit regime frivillig avskaffar seg sjøl, men det har vore ein dynamikk i opprøret i Egypt som heilt klart har overraska også meg, og dersom Tahrir-samfunnet føler at deira "revolusjon er blitt stolen" vil dei heilt sikkert komme ut på gatene igjen for å forsvare det dei oppnådde. Det er ikkje over ennå.

fredag 11. februar 2011

Egypt: - og gleden

Så skjedde det, Tahrir og heile Egypt eksploderer i glede. Mubaraks løfter å bli sittande til the bitter end var ikkje meir å høre på enn hans andre løfter.

Men kva skjedde? Vel, om vi går ut frå den hypotesen vi foreslo i dag formiddag, kan vi kanskje tenke oss at ei slik utvikling: I går lagde hærens og regimets leiarar eit manus for kva presidenten skal si, at han skal overlate den reelle makta til visepresidenten, utan direkte å gå av. Men, kanskje på grunn av reaksjonen ute i gatene, forandra Mubarak manuset og gøymte hovudpoenget bort i "eg fortsetter". Umiddelbart, i går kveld og i dag tidlig, godtok dei noe forvirra kollegaene dette, men etter å ha klara tankane, kom dei fram til at dei måtte tilbake til den strategien dei hadde lagt opp.

Men sidan Mubarak ikkje hadde følgt opplegget, vart vegen annleis: Nå måtte han gå heilt av, ikkje berre tre til sides. Tap for han. Men det fekk også vidare konsekvensar. Så lenge han vart sittande formelt, kunne visepresidenten Sulayman ta styringa. Men når han gjekk heilt av, så mister også visepresidenten sin rolle. I staden har vi faktisk fått eit militærkupp; det er Militærrådet som har makta, ikkje Sulayman.

Grunnen til det er grunnlova, som seier at når presidenten går av, så er det ikkje visepresidenten, men parlamentsleiaren som tar over. Denne, Fathi Surur, er like, om ikkje ennå meir hata enn Mubarak, og at han skulle organisere valet var ikkje tenkelig. Derfor måtte grunnlova settes til sides: Kupp, iallfall formelt sett (det er jo heile tida militæret som har stått bak).

Kva nå? Militærrådet er styrt av forsvarsminister Muhammad Hussayn Tantawi, som er mindre upopulær enn dei andre. Han kan ta styringa sjøl, eller han kan be visepresident Sulayman om å fungere som president. Sidan det var Sulayman som annonserte Mubaraks avgang, er det siste ikkje umulig. Vi får sjå.

Men det viktige er nå korleis dei går vidare framover mot valet, som fortsatt vel skal haldas i september. Inviterer det nye styret opposisjonen til nå meir reelle drøftingar, eller vil dei nøyas med dei "reformane" som Mubarak annonserte, og hans utplukka juristkommisjon? Kva gjer Tahrir i morgon og overimorgon, feirer dei frå seg og går heim, eller presser dei på for vidare endringar? Klarer deira "talsmenn" å representere opprøret inn i samtaler, eller vil dei bli oppfatta som "oppkjøpte" om dei går inn i samtaler?

Hovudspørsmålet er altså om Tahrir og det nye styret blir samde om kva som skjedde idag, revolusjon, personskifte, eller noe imellom.

Egypt: Skuffelsen

Yes! Han går! Han går! Han... nei, vent, kva var det han sa?

Dramatiske vendingar. Men det er klart at regimet knapt kunne handtert gårsdagen på ein dårligare måte enn dei gjorde, ved først å spenne forventningane om skifte, og så kom det ingenting. Det måtte utløse det raseriet som bryter ut i dag.

Men kva var det som skjedde? Det var opplagt meir enn berre rykter, med hærleiingas mystiske "Kommunike nr. 1" om at dei nå tar ansvar for Egypt, med statsministeren som seier at Mubarak ikkje vil vere ved makta i morgon, og CIAs direktør som seier det samme - da må han jo ha hatt ganske gode kjelder.

Noen konspiratorikarar seier at dette var avtalt spel, at Mubarak ville provosere fram reaksjonen, for så å kunne knuse opprøret i vold. Dét er lite trulig, da ville det vere lite lurt å provosere opp til ein massedemonstrasjon som dei ikkje vil kunne hanskas med. Andre meiner optimistisk at dette berre er ei mistyding: Mubaraks tale innheldt faktisk løfte om å tre til sides, men talen vart så mye redigert og kutta ned at denne passusen vart gjort uforståelig. Da vil nok den redaktøren måtte sjå seg om etter ny jobb ...

Hendingane avslører nok ulike oppfatningar innan regimet / hæren. Men vi må halde tunga litt rett i munnen, og merke oss detaljane: Ingen av dei tidlige utsegnene sa at Mubarak skulle gå av. Dei sa at han skulle tre til sides, og "ikkje vere i kontroll". Når hurraropa starta på Tahrir, kom informasjonsministeren ut rundt ein time før talen og sa (korrekt) at Mubarak ikkje kom til å gå av, og da Reuters lekka innhaldet i talen noen minutt på forhånd, var passusen at Mubarak skulle overføre makta til Sulayman. I den endelige talen vart det altså berre til at "noen fullmakter" skulle overføras.

Da har vi eit mulig hendingsforløp: "Regimet", dvs. hærleiing, NDP-leiing, osv. blir enige om ei slik "mellomløysing" som har vore nemnt før, der Mubarak blir formelt sittande som president ut perioden, men overlater den reelle styringa av landet til sin visepresident Sulayman. Så blir dette lekka, og både Tahrir og omverda oppfattar dette som at opprøret har vunne, Mubarak skal (heilt) bort. Når Mubarak så hører reaksjonen, reagerer han og formulerer talen sin deretter: Han er ein soldat, han er ikkje slått, han vil ikkje akseptere noe nederlag. I talen står fortsatt det dei var blitt einige om tidligare på dagen, men i ei bisetning i slutten av talen, og heilt upresist kva slags makt som blir overført. Dermed forsvinn heile "mellomløysinga", begge partar står ennå meir steilt på sitt enn dei gjorde dagen før.

Kva er effekten? Kjempedemonstrasjonar, naturligvis. Radikalisering, kanskje: Spontant begynte ein del å gå frå Tahrir dei to mila opp til presidentpalasset i Heliopolis i natt, der står den presidentlojale garden og har trua med å skyte med skarpt, men få har komme fram og det har ikkje komme til sammenstøt ennå i dag tidlig. Demonstrasjonsleiinga vil heilt klart unngå voldsbruk dei vil tape.

Eit anna er om gårsdagens opplegg faktisk skulle ha eit konkret innhald, at dette reelt var Mubaraks svanesang, og at Sulayman kjem til å ta over det konkrete opplegget, "i namnet til presidenten". Mubarak kan ikkje forlate Kairo utan at det blir sett som flukt, men det kan vere Sulayman som framover kjem til å føre ordet. Egyptisk TV antyda at det som Mubarak ikkje kunne overføre, var å signere grunnlovsendringar og utnemne regjeringar, men altså kanskje alt anna kan gå over. Politisk vil likevel dette ikkje ha stor betydning, fordi det er symbolet, imaget av Mubarak ved makta som da likevel er urørt, og som kampen dreier seg om. Og i dei euforiske timane i går ettermiddag, kom også korrekt reaksjonen frå, iallfall mange, demonstrantar, "Mubarak, Sulyaman, samme tingen". Dette inntrykket vil klart styrke seg framover, om Sulayman snakkar for presidenten: da vil opprøret bli protest mot dei begge, og alle som kjem frå samme bakgrunnen.

Viktigare på kort sikt er at "samtalane" som starta tidligare i veka nå er døde. Det er politisk umulig for noen opposisjonsparti eller personar nå å gå i dialog med regimet, når frontane har hardna slik dei har, og Sulaymans patetiske "gå heim, gå på jobb" i natt, utan å snakke meir om samtalene, tyder også på at dei innser det. Regimet kjem til å fokusere berre på dei "uavhengige" juristkommisjonane som skal gå gjennom dei seks begrensa endringane i grunnlova som gjeld val (ikkje "vallova" som eg skreiv i eit tidligare innlegg), men desse er oppnemnt av Mubarak og rekna som regimelojale, så opposisjonen har ingen tiltru til desse. Dermed står vi der, tilbake på stadiet vi var for ei veke sida, og vi må ha noen rundar til før vi ser kven som trekker det lengste strået. Regimet har iallfall gjort ein god ting for demokratirørsla: Dei har gitt dei ammunisjon til å halde mobiliseringa og sinnet oppe ei god stund ennå. Den tidsplanen vi før la om at ei løysing måtte komme på eitpar veker elles ville revolten døy bort, den må vi forlenge ei god stund til. La oss sjå kva som skjer.

he

torsdag 10. februar 2011

Egypt og smitteeffekten

Stillingskrigen held fram i Egypt, det mest interessante nye er opposisjonens strategi med punktstreikar i ulike byar avvekslande med stormønstringar i Kairo og andre byar på enkeltdagar. Rundt 20.000 fabrikkarbeidarar var ute, ifølge Jazeera, dessutan legar og advokatar. Interessant å sjå om det er nok til å endre dynamikken i konflikten.

Men i mellomtida kan vi sjå oss litt rundt på dei andre landa. Her er det både ein openbar smitteeffekt, og lokale forhold som avgjer. Både i Marokko og Jordan forsikrar opposisjonelle at dei er svært nøgd med kongen, men vil ha skifte i regjeringa. I Jordan har det derimot komme kritikk mot dronninga, uvanlig nok. Det ser ut til å gå på skillet i Jordan mellom den halvdelen som er av palestinsk opphav (mellom dei dronning Rania) og dei som kjem frå dei "gamle familiane" med basis i beduinstammar aust for Jordan-elva. Det har vore uro mellom dei siste i seinare tid og frykt for at kongehuset vil svekke deira stilling i samfunnet. I tillegg så har vi altså hatt demonstrasjonar frå det Muslimske Brorskapet i Jordan, og her var parolen openlyst "Islam huwa al-hall", Islam er løysinga, mens denne var bannlyst i Kairo. Det uroa kongen nok til at han har tatt noen opposisjonelle inn i regjeringa, mellom dei ein islamist og noen frå venstresida. Men den politiske opposisjonen (iallfall utover Brorskapet), er svakt organisert i Jordan, og det er mulig at beduinanes kritikk er meir urovekkande enn demonstrasjonane i gatene.

Noe av den samme splittinga ser vi i Jemen. Igjen er det ulike protestar på heilt ulikt grunnlag som lager problem for styret: Separatistar (tradisjonelt venstreorienterte, men egentlig stammebaserte) i det gamle Sør-Jemen; stammeopprør frå zaydiske grupper i nord, og ei meir islamistisk orientert reformrørsle, Islah, i hovudstaden (og i tillegg al-Qa'ida, som ingen av desse er spesielt involvert med). Det er denne tredje, Islah, som har stått for demonstrasjonane. Det er ei relativt sterk rørsle med betydelig politisk innverknad. Men om den og dei to andre opposisjonsretningane svekker kvarandre så president Salih kan spille dei mot kvarandre, eller om dei kan samla (men ikkje foreint) bli så destabliserande at Salih får større problem, må ein studere nærmare for å avgjere. (Sjå elles kronikk av Anne Bang og Eirik Hovden om Jemen)

Så langt er det blitt med desse. Studentar i Sudan har demonstrert, men der har dei sine eigne problem i eit land i oppløysing, og det ser ikkje så langt ut som om demonstrasjonane har tent noen stor eld. I Syria regna protestrørsla bort i vinterregnet - under sikkerheitspolitiets vakne oppsyn. I Iran slåss regjering og opposisjon om kven som er mest Tahrir-vennlige og bruker saka i sine interne strider, og palestinarane har store problem med å bestemme om dei er for eller mot Mubarak. Skal noen av desse landa ta fyr, må det komme lokale motsetningar og muligheiter som kan utløyse protestar på deira eige grunnlag, ikkje berre "demokratiets vind". Demokrati har arabarar alltid vore for, men det var det å komme rundt dei tinga som har sperra, og fortsatt sperrer, demokratirørsler frå å vinne fram.
A few thousand were out on strike (about
of
also
of

tirsdag 8. februar 2011

Egypt: Forhandlingar

Måndag kveld, og ting roar seg ned. Jazeera begynner å vise noe anna enn bilder frå Tahrir, og NRK melder at "trafikk-kaoset er tilbake". Slik det pleier, altså. Som venta, har det tynnas ut på Tahrir, og forhandlingar, eller samtalar er i gang. Butikkane opnar, og Kairo og Egypt begynner å puste ut att. 

Så kven tener på det? Kven blunka først? Det er ikkje heilt klart ennå. Så langt er posisjonane uforandra. Regimet tilbyr ingen ting anna enn dei alt har sagt, at vallova kan endras, spesielt på dei to punkta at uavhengige kan stille som kandidatar og at presidenten ikkje kan gjenvelgas ubegrensa. Opposisjonen forlangar omfattande revisjon av grunnlova før vala, og at det må komme ei samlingsregjering. Sulayman avviser fortsatt demokratiet, "egyptarane er ikkje modne", slik dei ikkje var før heller. Men slik er det med forhandlingar, utover er posisjonane urørlige heilt til ein offentliggjer kompromisset. 

Meir kinkig kan vere at ikkje heile opposisjonen er med i samtalane. Det er, forutan Brorskapet, dei to "gamle" partia Wafd (liberale) og Tagamma'u (sosialistar) som deltar, i tillegg til "Komiteen av rådgivarar" som oppstod under opprøret. ElBaradei, som Brorskapet peikte på som felles talsperson deltar ikkje, og heller ikkje Ayman Nours Ghad; begge nektar å samtale før Mubarak har gått. Dermed er uklart om samtalepartane representerer ein samla motstand. Men for Brorskapet er det naturligvis historisk å bli invitert, og dei scora eit viktig poeng der. Bli likevel ikkje overraska om dei trekker seg frå samtalane om litt, når dette poenget er hanka inn. Enten det, eller at Baradei og dei andre blir trekt med; det gir lite meining for Brorskapet å go it alone sammen med sine erkerivaler Tagamma'u, og dei treng heile opprørsstyrken for å oppnå vidare reformar.

Kva med at dagliglivet tar til att? Det er få igjen på Tahrir nå. Det svekker naturligvis presset på regimet, og det er rimelig at det vil prøve å trekke ut tida, dess lenger det går, dess lettare blir det å avspise opposisjonen med det - ikkje ubetydelige - dei har oppnådd så langt. Ei "fornying" av regimet, men ikkje regimets fall. Med løfter som naturligvis kan forskyvas ut i fjern framtid når det kjem til stykket, det har egyptarar og andre arabarar sett så mange gonger før. 
 
Men protestantane har på den andre sida vist at dei kan relativt lett tromme sammen den halve millionen eller så dei treng for å stanse Kairo. Det er deira ris bak speilet. Er det nok til å skremme regimet til å gi reelle reformar? Eller var massemobiliseringa så fokusert på personen Mubarak at den løyser seg opp hvis det viser seg at Mubarak sit urikkelig som ein sfinx i palasset sitt til september? Klarer dei å halde protestane oppe dersom regimet kjører på med Sulayman eller ein annan general som "fornyar" i eit val? Klarer opposisjonen å forbli samla dersom dei får eit halvgodt kompromiss som gir dei etablerte "gamle" partia bedre arbeidsvilkår, men lar regimets grunnpilarer forbli urørt? 
 
Vel, igjen, vi får sjå det an. Kanskje dei som kjempa på Tahrir er så herda av det dei har vore igjennom at dei reiser seg igjen om resultatet ikkje blir godt nok. Egypt er nok forandra, men det vil nok bli nødvendig å minne dei på det igjen.

lørdag 5. februar 2011

Egypt: Brorskapet

Laurdag, og vi ventar fortsatt på kven som blunkar først. Fredagens mønstring av store folkemengder har nok nøytralisert effekten av valden torsdag, og vist at regimet ikkje kan nå renske plassen utan store blodsutgytelsar som vil gi dei problem med omverda. Alternativet er å vente dei ut.

I dag kan dei mest aktuelle utviklingane vere enten (a) at underhandssamtaler fører til at Mubarak trekker seg før september, eller går over i ei overgangsrolle fram til da; visepresident Sulayman tar over som fungerande president og innleier forhandlingar med ElBaradei om valreformer. Dette er det USA ønsker, og vil framstå som ein seier for opprøret, sjøl om mange vil meine det ikkje er nok. Noen opposisjonsleiarar seier i dag dei har vore i slike samtaler, vi får sjå om det held stikk.
     Eller (b) at regimet sit urørlig, og fleire og fleire forlet Tahrir utover i kommande veke, og ingenting skjer. Mubarak sit til september, da Sulayman tar over; evt. at oppoisjonen godtar forhandlingar utan å få innfridd kravet om Mubaraks avgang. Det vil bli oppfatta som seier for regimet. Forskjellen mellom (a) og (b) treng ikkje vere stor, men kan likevel ha betydning for den politiske dynamikken i kva dei forhandlar om, og kor betydelige reformer dei kjem fram til (t.d. om NDPs rolle, oppløysing av parlamentet, evt. endringar i grunnlova, osv.) Det kan vere viktigare å følge med i desse "detaljane" enn i kva månad Mubarak reiser til feriehuset sitt i Sharm al-Sheikh.

Uansett, mot midten eller slutten av neste veke, vil vi trulig vite svaret på kven som har stirra den andre i senk.

I mellomtida kan vi studere litt på korleis responsen her heime vil bli, når konsekvensane synker inn. At Egypt er forandra, er opplagt, og ei viktig endring er at det Muslimske Brorskapet må få ei eller anna rolle.

Her vil det nok oppstå noe forvirring. Berre i haust var Brorskapet hovudskurken ein fjernsynsfilm, ein farlig organisasjon innretta på å erobre Europa for Sharia og undertrykking. Mange godtok den fortellinga, og bøker kom ut om Brorskapet som totalitær på linje med nazismen og det som verre er. Kommande måndag skal det vere ein debatt rundt dette temaet, "politikk og religion - en farlig kombinasjon?" i ein by på Austlandet. Men nå er plutselig det samme Brorskapet blitt ein del av heltane, dei som heroisk kjempar for demokrati på Tahrir-plassen, i Jemen og i Jordan.

Dette kan nok føre til meiningsbærarane kan bli lett tommelromske i hodet. Vi vil kanskje få høre både sjølmotseiande og lett komiske forsøk på å foreine det "gode" og det "onde" i ei samla, lett fordøyelig "korrekt" synsing, basert på moralsk reinheit meir enn logisk sammenheng og traurig faktabasis. Noen har alt komme ut med støtte til Mubarak, tross alt, "egyptarane ønsker ikkje dette kaoset", eller meir offisiøst at "vi må få ein rask overgang for å hindre radikale krefter å ta over" (dvs. ein overgang til fortsatt militærstyre, ikkje demokrati). Eller at ein meiner at Brorskapet "egentlig" ikkje deltar i opprøret, trass i at dei openbart gjer det, eller at dei andre er blitt lurt, Brorskapet støtter det berre taktisk i påvente av å kuppe makta. (Dette siste blir også hevda av noen i dei gamle opposisjonspartia, noe som viser faren for splitting.) Men alt dette er jo med å svekke støtten til Egypts heroiske folk, om ein altså ikkje meiner at Brorskapets millionar tilhengere ikkje er del av Egypts folk.

Så kva er Brorskapets rolle, god eller ond? Best er det nok å kople bort desse begrepa. Brorskapet er ei politisk retning, som noen vil vere samd i og andre usamd. Brorskapet har avdelingar eller inspirert rørsler i mange land, og desse har ganske ulik strategi, fordi dei har utvikla seg ulikt, og fordi forholda er ulike. I Jordan er demonstrasjonane i dag dominert av Brorskapet der, mens det i Egypt er altså del av ein allianse med mange andre typer politiske retningar.

Fokuserer vi på Egypt, er Brorskapet heilt tydelig eit parlamentarisk retta parti, som satsar heilt ut på å arbeide innanfor det rommet demokratiske institusjonar gir. Dei kjem ikkje til å avskaffe demokratiet, dei kjem ikkje til å forby andre parti, sjøl om dei skulle få fleirtalsmakta. Men dei vil endre lover og samfunnsformer i konservativ, islamsk og moralsk retning. Eit Egypt under Brorskapet vil verte annleis enn i dag. Kor mye annleis er ei anna sak; Mubarak-styret har også endra samfunnet i samme retning (for å grave grunnen under Brorskapet), men dei har på programmet å gjere samfunnet meir "moralsk" og derfor vil dei likevel vere nødt å gå vidare i denne retninga, det vere seg med kosmetiske eller reelle endringar (fullt forbud mot alkohol, sterkare kamp mot "blasfemi" e.l.). Dei vil ikkje innføre Shariaens straffelover, for det er politisk umulig og ville sikkert også sprenge kiler inn i Brorskapet sjøl. Men dei vil på ein eller annan måte styrke andre delar av shariaens innverknad i egyptisk lov, formelt eller reelt.

Men dette er dersom dei får makt. Fordi dei er politikarar, erkjenner også Brorskapet dei politiske tyngdelovene. Israel ligg der det ligg på Egypts grenser, og USA har den politikken den har. Brorskapet veit at Egypt ikkje kan klare seg utan dei milliardane med dollar som USA sprøyter inn. Dei kjem derfor ikkje til å søke makt åleine, sjøl om dei skulle bli det største partiet i val. Dei stiller ikkje presidentkandidat nå, og det vil ikkje undre meg om dei også seier dei vil berre stille i eit begrensa antall valkretsar i eit kommande parlamentsval. Det har dei gjort før, for ikkje å provosere regimet, og det kan dei gjere også seinare, for ikkje å provosere USA; og for å sikre alliansen med andre opposisjonsparti som fryktar å bli overskygga av Brorskapet.

Idag er linja til Brorskapet heilt klar: Dei ønsker innverknad, men ikkje direkte, kanskje ikkje ein gong som del av ei regjering om det er USAs minstekrav, men indirekte gjennom samarbeid med den øvrige opposisjonen. Så kan jo naturligvis den politiske dynamikken framover endre det, men dersom NDP fortsetter som parti etter "overgangen", noe som i dag virker mest trulig, vil det bidra til å halde opposisjonen samla, og MB vil finne sin plass der.

Kor stor folkelig støtte har dei? Mange vil ikkje ha dei, og spesielt mellom dei som snakkar engelsk og som journalistane møter! Turistindustrien er Egypts største, og der frykter dei kva som skjer med Brorskapet ved makta. Dei kristne koptarane har faktisk blitt forsvart av Brorskapet, men mange, kanskje dei fleste koptarar fryktar likevel partiet. Opinionsmålingar snakkar om "20 prosent og opp" som vil støtte MB. Men det er usikre tal, og ved eit val akkurat idag ville dei nok fått mye meir og blitt største parti sammen med NDP (om det også får stille opp), fordi dei to er dei einaste med eigentlig nasjonal organisasjon. Om noen år, når alternative rørsler (nasseristar, lokale parti, fagrørsler) kan få bygge seg opp, kan 25-35 pst. kanskje bli det "naturlige leiet" for MB.

I tillegg må vi også sjå på andre islamske parti som kan dukke opp. Wasat-partiet, som står MB nær men er meir moderat-liberalt på mange vis, kan trekke stemmer for dei som ønsker litt meir moral, men synes MB blir for bakstreversk, men kan også bli dratt inn att i eit legalisert MB - det vil også avhenge av dynamikken internt i MB. Det har mange ulike retningar, og ved siste partival var det dei meir tilbakehaldne "gamle" som trakk lengste strå, mens yngre og meir moderniserande leiarar vart satt på vent (eit namn å merke seg er Issam al-Arian). Opprøret nå, der dei unge kreftene som samarbeider best med den øvrige opposisjonen vann fram overfor dei meir skeptiske eldre, kan også endre dynamikken internt i partiet.

Anne Sofie Roald hadde i dag laurdag ein god kronikk om Brorskapets ulike retningar i Klassekampen, diverre er den ikkje på nett, men løp og kjøp.

***

Brorskapet stiller altså ikkje presidentkandidat til dette valet, om det blir nå eller september. Kven kjem til å bli Egypts neste leiart? Vil visepresident Sulayman vere regimets kandidat, eller vil dei stille opp ein mindre belasta person, t.d. hærsjefen Muhammad al-Tantawi? Kan ElBaradei stige opp frå å vere talsmann for ein samla opposisjon til å bli ein samlande figur for valet? Brorskapet peiker på han. Dei i opposisjonen (t.d. Tagamma'u) som frykter Brorskapets innverknad kan foretrekke han som ein sekulær og vest-orientert samlingspresident, men kan òg ønske å fremme sine eigne for å markere seg. Vi skal også halde auge med to namn, som begge har sterke ambisjonar:
       - Ayman Nour, som stilte mot Mubarak sist og vart fengsla for forsøket; han er den yngste av dei aktuelle (46 år), og har kred som opposisjonsleiar for partiet "al-Ghad" ("Morgondagen"), og vil nok gjerne gjenta forsøket. Men for mange er Ghad meir del av gårsdagen enn i morgon. Nour må reknas som liberalar og modernist.
      - Amr Moussa er overraskande nok nemnt av fleire på gata. Han er 74, tidligare utanriksminister og har dermed lang historie i det gamle regimet, men har tydelig sagt han vil stille. Han stilte på Tahrir i går, men har ikkje opent krevd Mubaraks avgang (ennå). Hans popularitet kjem dels av at Mubarak skauv han til sides som ein rival, men nok også at han blir oppfatta som ein faktor for relativ stabilitet, som også hæren vil kunne godta, i større grad enn dei som kjem "utanfrå". Kor store endringar Moussa da vil gå for, er ei anna sak. Keep watching.

torsdag 3. februar 2011

Egypt: Hæren

Torsdag morgon, og vi er igang igjen. Så langt på formiddagen varierer meldingane mellom tre og sju drepte i dag, og det blir skutt med skarpt, protestantane svarer med steiner.

Mest interessant er ei melding frå Guardian om at hæren har rydda ei gangbru som pro-Mubarak-folka brukte til å kaste steinar mot protestantane. Kanskje det er bakgrunnen for NRK-meldinga om at "hæren har begynt å arrestere", som eg ikkje finn i andre medier (ennå).

Men det fokuserer på det uklare med Hærens rolle. Noen kommentatorar setter sin lit til at Hæren skal stille seg mellom regimet og opposisjonen, og at eit kupp kan leie til fredelig demokratisk overgang. Men det rimer dårlig med det innsynet at hæren er regimet. Alle dei leiande personane regimet har militær bakgrunn, det vere seg frå flyvåpenet (Mubaraks bakgrunn) eller andre våpengreiner. Som nemnt før, utgjer det "militær-kommersielle komplekset" det systemet som hindrar både demokrati og økonomisk utvikling generelt i landet.

Samtidig er det vanskelig å bli klok på hærens standpunkt i dagens Tahrir-kampar. Ein dag støtter dei nærmast opprøret, "vi vil ikkje skyte på folket". Når pøbelen (for å bruke tabloid-ordet) kjem, stiller dei seg likegyldig til kampane, så lenge den ikkje kjem inn på deira område, Museet som dei bevoktar. Så kjører dei inn lastebilar og vogner for å skille dei stridande og dermed beskytte demonstrantane (men også pro-Mubarak-folk klyver nå opp på tanks og kastar stein derfrå). Kort etter trekker dei vognene tilbake, og lar kampane fortsette, nå frå begge sider. I dag skal dei altså ha gripe inn mot noen pro-Mubarak-folk, men skal også ha latt andre av dei sleppe fram mot Tahrir.

Svart ligg kanskje i to utsagn rapportert frå ein offiser som var på Tahrir: til ein demonstrant som trygla dei om å gripe inn, "Dei [pro-Mubarak] er jo også egyptarar, skal vi skyte på egyptarar?", og "Vi har ikkje fått noen ordrer". At soldatane agerer forvirrande og på etterskott kjem tydeligvis av at dei får forvirrande og uinformerte ordrar frå sentralt hald. Og at dei handlar på ordre, ikkje etter personlig sympati eller antipati frå den enkelte offiser eller soldat. Ordren frå sentralt hald ser altså fortsatt ut til å vere nøytral (gå aktivt imellom eller passiv til sides), men beskytte museet og andre sentrale bygningar.

Dersom pøbelen er organisert av regimet, som alt tyder på (mest trulig partiet NDP, med støtte frå sikkerheitspolitiet), og hæren også er regimet og tar ordrer frå høgt oppe, kvifor er dei eine så aktiv og dei andre så tilbakehalden? Kanskje kjem det av hærens struktur. Det har mange avdelingar, presidentens livgarde som trulig er svært Mubarak-lojal, grensepoliti som er kjent for å ha lett omgang med batongar og stokkeslag, og ein ståande hær der rundt to tredelar er vernepliktige, etter dei siste (litt gamle) talla eg har sett.

Det ser ut som om det er dei siste, mest vernepliktige som nå er satt i Kairo. Og dei er trulig eit dårlig instrument til å skyte på sivile, det vere seg eine eller andre vegen. Dei følger ordre, men toppleiinga kan ikkje vite sikkert kva slags ordrer dei vil følge - deira sjølbevisstheit er at dei skal forsvare Egypt mot farar utanfrå, dei er ikkje politisk skolert (til å støtte regimet). Så dei hæravdelingane som nå står der, er nok valgt, enten fordi dei var dei som stod til rådvelde, eller bevisst fordi å roe ned situasjonen, i håp om at demonstrasjonane døydde bort etter som regimet kom med konsesjonar. (At pøbelen slo til straks det var klart at Mubaraks siste tale ikkje hjalp, var nok ikkje tilfeldig.) Var gårsdagens og dagens kampar eit teikn på at regimet ville begynne å sette hardt mot hardt og renske ut protesten, må vi sjå spesielt etter om dagens khaki-kledde hæravdelingar blir trukke tilbake og erstatta med andre avdelingar i hæren som er bedre tilpassa ei slik rolle. Enn så lenge ser det ut til at det er nøytraliteten som rår.

onsdag 2. februar 2011

Egypt: kven blunkar først?

Den store aksjonsdagen er over, og Mubarak har svart ved å melde sin avgang - i september. Det hjelper lite, det var venta lenge før opprøret at han kunne trekke seg da. Forskjellen er måten det nå skjer på, som ein konsesjon til opprøret i staden for å legge vervet over til sin handplukka kandidat.

I talen sin snakka Mubarak elles om "reformar", som også USA legg vekt på. Han trakk fram to paragrafar i vallova som kan endras; den eine er den som krev at kandidaten må vere medlem i eit parti - som hindra ElBaradei i å stille - den andre som gir ubegrensa tilgang til attval på presidenten. Dette kan sjåas som ein invitt til ElBaradai (al-Barāda‘ī, som han eigentlig heiter, men vi får vel bli vant til "el-barra-dei") personlig, men i så fall har det ikkje lykkas, opposisjonen vil fortsatt ikkje forhandle om ikkje Mubarak går av umiddelbart.
        
I går begynte pro-Mubarak-krefter å slåss med protestantar i Alexandria og Port-Said, i dag har ei gruppe på noen hundre gått til angrep på dei omlag tre gonger så mange som er samla på Tahrir-plassen. Hæren held seg tilbake, men skal ha advart Mubarak-tilhengarane om ikkje å gå for langt. Soldatane vil halde seg nøytrale, enn så lenge. Likevel begynner nok frykten for kaos å bli ein sterkare mulig alliert for det sittande regimet enn den tidligare frykten for politi og undertrykking.

Det kan dermed sjå ut som ein stirre-kamp mellom opprøret og regimet, den som blunkar først har tapt. Opprøret held framleis fast på Tahrir-plassen og andre sentra og venter på at Mubarak skal gi seg. Om ikkje dagens mot-demonstrasjon er starten på ein større offensiv - noe som kan vere ein usikker strategi dagen etter at fleire hundretusnar stod på Tahrir - så kan det virke som om regimet, altså hæren, lar begge grupper halde på innan begrensa rammer, men gjer elles minst mulig og håpar at demonstrantane vil gi seg og dra heim.

For dette kan ikkje vare evig. Butikkane er stengt, og hyllene er tomme, iallfall i storbyane; varer blir ikkje transportert og  det sivile livet står på vent. Det kan vare kanskje ei veke til, kanskje mindre, kanskje meir, men før eller seinare må noen gi opp å berre "halde fortet, vente og sjå", ei løysing må komme.

Kva slags løysing, får vi da sjå. Men skal vi driste oss på noen hypotetiske utviklingar, så kan vi gjette litt i kor sannsynlige dei er.

- Eit er ei "tunsisk løysing"; Mubarak trekker seg umiddelbart, og alle i det gamle regimet flykter til utlandet, opposisjonen rykker inn i tomrommet og lager eit nytt Egypt. At Mubarak trekker seg straks à la Ben Ali, er nok fortsatt godt mulig. Men for at "alle" flyktar eller trekker seg, må det nok meir til.

- Motsatt er at opprøret tynnas ut, det blir færre og færre på Tahrir, utan at dei har oppnådd meir enn nå. Mange er kanskje fornøyd med Mubaraks annonserte avgang til hausten, andre ser altså med uro på at dagliglivet er blitt rykka opp, og vil ha politiet tilbake. Dagens motangrep mens det var relativt få på plassen, kan vere eit forsøk på å raske opp ei slik utvikling, skremme delar av demonstrantane og isolere den harde kjerna slik at den lettare kan bli slått ned. Men med hundretusnar i går har opposisjonen eit stort potensiale sjøl om dei meir tviksomme fell frå. Protestantane har i den siste veka berre blitt fleire, ikkje færre, og dei har også fått blod på tann, ved dei konsesjonane regimet har måtte gi. Den som er på frammarsj trekker til seg fleire enn dei som fell frå.

- Regimet setter hardt mot hardt, hær og politi blir satt inn for å rydde Tahrir, med dei midlar dei har til rådvelde. Det kan vere mulig, men igjen vanskelig å tenke seg dersom protestantane klarer å halde oppe like stor støtte som dei har hatt dei siste dagane. For hard valdsbruk kan også skape problem overfor USA. Så demonstrantane kan trulig redusere faren for dette dersom dei klarer å stå mot dagens (og kommande) mot-demonstrasjonar og igjen mobilisere opp den samme folkemengden som klarte å vinne over politiet i førre veke.

- Revolusjonære demonstrantar prøver å angripe presidentpalasset (som ligg i Heliopolis, fleire kilometer nord for Kairo sentrum) eller andre maktsentra, hæren forsvarer og det kjem til kamper. Ingenting tyder på opprøret har slike element idag, og demonstrasjonsleiinga vil opplagt prøve å stagge evt. slike forsøk. Men ein langvarig stillstand kan føre til splitting av opprøret i meir radikale og moderate. Mulig på sikt, men ikkje direkte forutskuelig idag.

- Hæren deler seg, dei som nå "ikkje vil skyte på folket" og er strikt nøytrale, vender seg mot den toppleiinga som er djupt integrert i regimet, enten i eit kupp eller intern kampar mellom delar av dei væpna styrkane (t.d. våpengrein mot våpengrein). Heller ingen ting tyder på slik splitting. Tvert om, hærens fraternisering og nøytralitet er akkurat den samme over heile landet, hæren virker vere disiplinert og i dette å ha handle på ordre som må ha komme frå høgaste hald. Også dagens passivitet frå dei samme avdelingane tyder på at hæren heile tida har fulgt ordre, det er ingen tegn til at hæravdelingar utfordrar sine eigne overordna. Det er mange ulike greiner av dei væpna styrkene i Egypt, men utanfrå kan vi ikkje sjå særlig teikn til splitting mellom dei.

- Opposisjonsleiinga rundt ElBaradei og regimet rundt Umar Sulayman kjem sammen til forhandlingar, og lager ein avtale der Mubarak går av ein gong mellom idag og september, vi får ei ny overgangsregjering der opposisjon og regjeringspartiet NDP begge er med, og ein forhandlar om vidare reformer i valsystem (og kanskje andre samfunnsfelt). Dette vil i utgangspunktet også bli sett som ein seier for regimet, sidan dei har tilbydd forhandlingar og opposisjonen har sagt nei, men om det innebærer Mubaraks raskare avgang, kan det likevel bli akseptert. Om det blir slike forhandlingar (og dette er nok ei realistisk løysing, kanskje om ei veke eller så), så kjem resultatet av opprøret mye til å handle om kva dei forhandlar om, og kva dei kjem fram til. Viktige poeng blir da:

-- Kva rolle skal regimepartiet NDP ha? Noen demonstrantar vil opplagt ha også her ei "tunisisk løysing" med at NDP skal oppløysas eller forbys. Det ville bety full seier for dei, og er lite trulig i eit kompromiss. Men NDP er så integrert i maktsystemet at om det ikkje skjer noen endringar, også på kort sikt fram mot valet i haust, så vil alt lett falle tilbake til det gamle. Kvar hen ei mellomløysing konkret blir liggande, vil vise i kva grad opprøret vil ha varig verknad på systemet i Egypt.

-- Skal alle parti, også Brorskapet og kommunistane, bli legalisert på line med andre? Her er jo omverda og USA ein støttespillar for regimets skepsis, men samtidig vil ikkje ei løysing ha folkelig legitimitet om ikkje Brorskapet får formell legalisering av noe slag.

-- Sjølve valsystemet må naturligvis reformeras, det er det som har latt NDP og Mubarak halde legalt på makta. Men korleis skal ein sikre seg mot valfusk? Er internasjonale observatørar nok? Må opposisjonen inn i sjølve statsapparatet, i organiseringa av vala, for å sikre det?

-- Korleis blir det med sensuren? Kanskje er det eit punkt regimet har minst problem med å gi etter på; pressa er relativt fri som det er, men dei stengsla som finnes må trulig også bort. Det kan skape problem overfor den tradisjonelle religiøse eliten, for al-Azhar - dei religiøse - har også sensurmyndigheit. Skal deira rett til det bort? Dei sekulære vil opplagt ønske det, for å bli kvitt all sensur. Er Brorskapet samd i det? Det kan bli interessant, om dette blir eit tema.

-- Og naturligvis det langsiktige, om korleis hærleiinga skal kunne rivas laus frå den økonomiske eliten, altså bort med korrupsjon, byråkratisk kontroll, og alle dei andre djupareliggande årsakene til opprøret og motviljen mot styret gjennom mange år. Det gav grobunn til opprøret, men kan ei forhandlingsløysing komme noe vidare med å løyse dei problema? Det er det store spørsmålet.

Vel, dette er gjetningar og spådommar, som kan vere uaktuelle i morgon eller neste veke. Men det kan vere noe å sjå etter, mens vi ser på hendingane som utfaldar seg dag til dag.

---

Eg har nå som eit forsøk opna denne bloggen for kommentarar, som eg håpar blir saklige; og eg håpar også at god nettikette tilseier at ein underteiknar med namn og epostadresse. Om det blir for mye "nettstøy" får vi heller revurdere det seinare, men altså: legg gjerne igjen eigne synspunkt på det som blir lagt fram.